47 Sannelege segjer eg dykker,
han skal setja honom yver all sin
Eigedom.
48 Men dersom den vonde
Tenaren vilde segja i sit Hjarta:
Min Herre drygjer med aa koma.
49 Og han tek til aa slaa
Medtenararne, men aa eta og
drikka med Drikkarom,
50 so skal Herren til den
Tenaren koma ein Dag, som han
ikkje ventar, og ein Time, som
han ikkje veit,
51 og han skal hogga honom
i tvo og giva honom sin Lut
imillom Skrymtarom; der skal det
vera Graat og Tanngnistring."
1 „Daa skal Himmelriket liknast
med tie Møyar, som tok sine Lampor
og gjekk ut til Møtes med
Brudgumen.
2 Men fem av deim var kloke
og fem daarlege.
3 Og daa dei daarlege tok
sine Lampor, tok dei ikkje Olje
med seg.
4 Men dei kloke tok Olje i
sine Kannor saman med sine
Lampor.
5 Men daa Brudgumen drygde,
vart dei alle trøytte og sovnade.
6 Men midt paa Natti høyrdest
eit Rop: Sjaa Brudgumen kjem,
gange ut til Møtes med honom!
7 Daa vaknade alle dei
Møyarne og stellte sine Lampor til.
8 Men dei daarlege sagde til
dei kloke: Give oss av Oljen dykkar,
for Lamporna vaare slokna!
9 Men dei kloke svarade og
sagde:- Nei, det vilde ikkje verta
nog til oss og dykker; men gange
helder til Kaupmennerne og kaupe
til dykker sjølve.
10 Men daa dei gjekk burt
og skulde kaupa, kom Brudgumen,
og dei, som var reiduge, gjekk med
honom inn til Brudlaupet, og
Dyrri vart atterlest.
11 Men sidan kom og dei
andre Møyarne og sagde: Herre,
Herre, lat upp aat oss.
12 Men han svarade og sagde:
Sannelege segjer eg dykker: Eg
kjenner dykker ikkje.
13 Vake difyre; for de vita
ikkje Dagen og ikkje Timen, naar
Menneskjesonen kjem!
14 For det er likasom ein
Mann, som vilde fara utanlands
og kallade sine eigne Tenarar til
seg og yvergav deim sin Eigedom.
15 Og ein gav han fem Pund
og ein tvo og ein eit, kvar etter hans
Dug, og so foor han utanlands.
16 Men han, som fekk fem
Pund, gjekk burt og kaupslog med
deim og vann fem andre Pund.
17 Likast og han, som fekk
tvo; han vann og andre tvo.
18 Men han, som fekk det
eine, gjekk burt og grov det ned
i Jordi og gjøymde sin Herres
Pengar.
19 Men lang Tid deretter
kjem Herren til desse Tenarar
heim og krev Reikneskap av deim.