Side:Nye testamente (1889).djvu/49

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

kvat stal vera Teiknet paa di Tilkoma og paa Heimsens Ende?"
4 Og Jesus svarade og sagde til deim: „Sjaa til, at Ingen daarar dykker!
5 For det skal koma Mange i mitt Namn og segja: Eg er Kristus, og dei skulo daara Mange.
6 Men de skulo faa høyra Herstrid og Tidender um Herstrid; men sjaa til, at de ikkje reddast; for dette maa altsamman koma; men Enden er ikkje endaa.
7 For Folk skal reisa seg imot Folk og Rike imot Rike; og der skal verta Hunger og Landfarsotter og Jordskjelv paa den eine Staden etter den andre.
8 Men alt dette er Upphavet til dei harde Riderne.
9 Daa skulo dei yvergiva dykker til Trengslor og slaa dykker i Hel, og de skulo verta hatade av alle Folkeslag fyre mitt Namns Skuld.
10 Og daa skulo Mange verta avstygde, og dei skulo forraada kvarandre og hata kvarandre.
11 Og mange falske Profetar skulo koma upp og daara Mange.
12 Og med di Uretten vert mangfald, skal Kjærleiken kolna hjaa Mange.
13 Men den, som held ut til Enden, han stal verta frelst.
14 Og dette Evangeliet um Riket skal verta forkynt i heile Mannheimen til Vitne fyre alle Folkeslag, og daa skal Enden koma.
15 Difyre naar de sjaa den Styggja av Øydelegging, som er umtalad av Profeten Daniel, standande paa den heilage Staden (den som les det, leggje Merkje til det),
16 daa maa dei, som ero i Judea, fly til Fjells.
17 Og den, som er paa Taket, stige ikkje ned til aa taka nokot utor sitt Hus.
18 Og den, som er ute paa Marki, vende ikkje heimatter til aa taka Klede sine.
19 Men usæle dei, som ero med Born, og dei, som giva Brjost i dei Dagom,
20 Men bede, at dykkar Flugt ikkje maa falla um Vettern elder paa Kviledagen;
21 for daa skal det verta so stor ei Trengfla, som ikkje heve voret ifraa Heimsens Upphav og til denne Dag og helder ikkje skal verta.
22 Og um ikkje dei Dagarne vart avkortade, so vart inkje Kjøt frelst; men fyre dei Utvalde skulo dei Dagarne verta avkortade.
23 Og um nokon daa segjer til dytter: Sjaa her er Kristus, elder der, so tru ikkje!
24 For der skal koma upp falske Kristar og falske Profetar, og dei skulo gjera store Teikn og Under, til aa daara endaa dei Utvalde, um det var moglegt.
25 Sjaa, eg heve sagt dykker det fyre aat.
26 Um dei daa segja til dykker: Sjaa, han er i Øydemarki, so gange ikkje der ut!