Side:Nye testamente (1889).djvu/43

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

til det: „Heretter skal det ikkje veksa Alde paa deg i all Æva!" Og strakst visnade Treet. —
20 Og daa Læresveinarne saag det, undrade dei seg og sagde: „Korleides visnade Fikentreet strakst?"
21 Men Jesus svarade og sagde til deim: „Sannelege segjer eg dykker: Dersom de hava Tru og ikkje tvila, daa skulo de ikkje berre kunna gjera dette med Fikentreet, men um de og segja til dette Berget: Lyft deg upp og kasta deg i Havet, skal det ganga fo.
22 Og alt det, som de beda um i Bøni, berre tru, so skulo de faa det."
23 Og daa han kom i Templet, gjekk Øvsteprestarne og dei Eldste fyre Folket til honom, medan han lærde, og dei sagde: „Av kvat Magt gjerer du dette, og kven gav deg denne Magti?"
24 Men Jesus sagde til deim : „Eg vil og spyrja dykker um ein Ting; dersom de segja meg det, so skal eg segja dykker, av kvat Magt eg gjerer dette.
25 Johannes’ Daup, kvar var den ifraa? av Himmelen? elder av Menneskjor?" Men dei tenkte med seg sjølve og sagde: „Um me segja: Av Himmelen, daa vil han segja til oss: Kvi trudde de honom daa ikkje?
26 Men segja me: Av Menneskjor, so ero me redde fyre Folket; for allesaman halda Johannes fyre ein Profet."
27 Og dei svarade Jesus og sagde: „Me vita det ikkje". Og han sagde til deim: „So segjer helder ikkje eg dykker, av kvat Magt eg gjerer dette.
28 Men kvat tykkja de? det var ein Mann, som hadde tvo Søner, og han gjekk til den fyrste og fagde: Son, gakk og arbeid i Dag i Vingarden min!
29 Men han svarade og sagde : Eg vil ikkje; men sidan angrade han det og gjekk.
30 Og han gjekk til den andre og sagde litaeins. Men han svarede og sagde: Herre, eg vil, og han gjekk ikkje.
31 Kven av dei tvo gjorde sin Faders Vilje?" Dei segja til honom: „Den fyrste". Jesus segjer til deim: „Sannelege segjer eg dykker, at Tollmennerne og Skjøkjorna ganga fyre dykker inn i Guds Rike.
32 For Johannes kom til dykker paa Rettferds Veg, og de trudde honom ikkje; Tollmennerne og Skjøkjorna trudde honom; men endaa de saag det, angrade de ikkje paa det sidan, so de kunde trutt honom.
33 Høyre no ein annan Liknad: Det var ei Menneskja, som var Husbonde; han plantade ein Vingard og sette Gjerde umkring honom og grov ei Vinpersa i honom og bygde eit Taarn og leigde honom burt til Vingardsmenner og foor utanlands.
34 Men daa det leid til