17 Og Jesus gjekk upp til
Jerusalem og tok dei tolv
Læresveinarne avsides paa Vegen og
sagde til deim:
18 „Sjaa, me ganga upp til
Jerusalem, og Menneskjesonen skal
verta yvergjeven til Øvsteprestarne
og dei Skriftlærde, og dei skulo
døma honom til Dauden,
19 og yvergiva honom til
Heidningarne til aa verta spottad
og hudflengd og krossfest, og den
tridje Dagen skal han standa upp
atter." —
20 Daa kom Moder til
Sebedæus-Sønerne til honom med
Sonom sine, fall paa Kne og bad
honom um nokot.
21 Men han sagde til henne:
„Kvat vil du?" Ho segjer til
honom: „Seg, at desse tvo
Sønerne mine maa sitja ein paa den
høgre og ein paa den vinstre Sida
aat deg i ditt Rike".
22 Men Jesus svarade og
sagde: „De vita ikkje, kvat de beda
um; kunna de drikka den Skaal,
som eg skal drikka, og verta døypte
med den Daup, som eg vert døypt
med?" Dei segja til honom: „Me
kunna."
23 Og han segjer til deim:
„Vist skulo de drikka Staali mi
og verta døypte med den Daup,
som eg vert døypt med; men det
aa sitja paa høgre og vinstre Sida
aat meg, det stend ikkje til meg
aa giva andre enn deim, som det
er lagat av min Fader."
24 Men daa dei tie høyrde
det, vart dei harme paa dei tvo
Brøderne.
25 Men Jesus kallade deim
til seg og sagde: „De vita, at dei,
som styra Folki, valda yver deim,
og Stormennerne bruka Herrevelde
yver deim;
26 men so skal det ikkje vera
imillom dykker; men den, som vil
verta stor imillom dytter, han skal
vera Tenaren dyttar,
27 Og den, som vil vera den
fyrste imillom dykker, han skal vera
Trælen dyttar,
28 likasom Menneskjesonen
ikkje kom til det aa hava Tenar,
men til aa vera Tenar og giva sitt
Liv til Løysepening fyre mange."
29 Og daa dei gjekk ut ifraa
Jeriko, fylgde myket Folk med
honom.
30 Og sjaa, daa tvo Blinde,
som sat ved Vegen, høyrde, at
Jesus kom, ropte dei og sagde:
„Miskunna oss, Herre Davids
Son!“
31 Men Folket trugade deim,
at dei skulde tegja; men dei ropte
meir og sagde: „Miskunna oss,
Herre, Davids Son!"
32 Og Jesus stadnade, kallade
paa deim og sagde: „Katt vilja
de, at eg skal gjera ved dykker?"
33 Dei segja til honom:
„Herre, at Augo vaare maa verta
opnade!"
34 Men Jesus ynkadest og
rørde ved Augo deira, og strakst
fekk Augo deira atter Syni, og
dei fylgde honom.