seg med ei onnor, han driv Hor;
og den, som gifter seg med ei,
som er fraaskild, han driv Hor."
10 Læresveinarne hans segjer
til honom: „Stend Saki soleides
imillom Mann og Kona, so er det
ikkje godt aa gifta seg."
11 Men han sagde til deim:
„Ikkje alle kunna fata denne Tale,
men dei, som det er gjevet.
12 For der finst Gjeldingar,
fødde slike av Moders Liv; og
der finst Gjeldingar, som ero
gjeldade av Menneskjor; og der finst
Gjeldingar, som hava gjeldat seg
sjølve fyre Himmelrikets Skuld.
Den, som kann fata det, han
fate det!"
13 Daa vart det ført
Smaaborn til honom, at han skulde
leggja Henderna paa deim og beda;
men Læresveinarne trugade deim.
14 Men Jesus sagde: „Lat
vera Smaaborni, og hindre deim
ikkje fraa aa koma til meg; for
Himmelriket høyrer slike til."
15 Og han lagde Henderna
paa deim og gjekk der ifraa.
16 Og sjaa: Ein kom fram og
sagde til honom: „Gode Meister!
Kvat godt skal eg gjera, at eg kann
hava evelegt Liv?"
17 Men han sagde til honom :
„Kvi kallar du meg god? Ingen
er god utan ein, det er Gud. Men
vil du ganga inn til Livet, so hald
Bodordi!"
18 Han segjer til honom:
„Kvat Bodord?" Men Jesus
sagde: „Dette: du skal ikkje slaa
i Hel, du skal ikkje driva Hor,
du skal ikkje stela, du skal ikkje
bera falsk Vitne.
19 Heidra Fader din og Moder
di, og elska Nesten din som deg
sjølv!"
20 Den unge Mann segjer
til honom: „Alt dette heve eg
haldet ifraa eg var ung. Kvat
vantar meg enno?"
21 Jesus sagde til honom:
„Vil du vera fullkomen, so gakk
avstad og sel alt det, du eig, og
giv dei Fatike, so skal du hava
ein Skatt i Himmelen, og kom og
fylg meg!"
22 Men daa den unge Mann
høyrde desse Ordi, gjekk han uglad
burt, avdi han hadde myket Gods.
23 Men Jesus sagde til
Læresveinarne sine: „Sannelege segjer
eg dykker, at det vil vera vondt
fyre ein Riking aa koma inn i
Himmelriket.
24 Og atter segjer eg dykker:
det er lettare fyre ein Kamel aa
ganga igjenom eit Naalauga enn
fyre ein Riking aa koma inn i
Guds Rike."
25 Men daa Lærefveinarne
hans høyrde det, vart dei storlege
forferde og sagde: „Kven kann daa
verta frelst?"
26 Men Jesus saag paa deim
og sagde til deim: „Fyre
Menneskjor er det umoglegt, men fyre
Gud er alt moglegt."
27 Daa svarade Petrus og
sagde til honom: „Sjaa, me hava