Side:Nye testamente (1889).djvu/334

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest


16de Kapitlet.

 Men eg bed um dykkar Godvilje fyre Føde, Syster vaar, som er Tenestekvinna fyre Kyrkjelyden i Kenkrea,
2 at de maa taka vel ved henne i Herren, som det sømer dei Heilage, og stydja henne med Alt, som ho treng til av dykker; for ho heve og voret til Studnad fyre Mange, og fyre meg sjølv med.
3 Helse Priskilla og Akvilas, mine Medverkarar i Kristo Jesu,
4 som hava vaagat sitt eiget Liv fyre mitt, — som ikkje berre eg takkar, men og alle Kyrkjelydar av Heidningom;
5 og helse Kyrkjelyden i deira Hus. Helse Epænetus, min Elskade, som er Fyrstegrøda av Akaja fyre Kristus.
6 Helse Maria, som heve arbeidt myket fyre oss.
7 Helse Andronikus og Junias, mine Skyldfolk og Medfangar, som ero namngjetne millom Apostlom, som og fyrr meg ero komne til Kristus.
8 Helse Amplias, min Elskade i Herren.
9 Helse Urbanus, vaar Medverkar i Kristo, og Stakys, min Elskade.
10 Helse Apelles, den Velrøynde i Kristo. Helse deim, som høyra til Aristobulus’ Hus.
11 Helse Herodion, Skyldingen min. Helse deim, av Narkissus’ Hus, som ero i Herren.
12 Helse Tryfæna og Tryfosa, som hava arbeidt i Herren. Helse Persis, den Elskade, som heve arbeidt myket i Herren.
13 Helse Rufus, den Utvalde i Herren, og hans og mi Moder.
14 Helse Asynkritus, Flegon, Hermas, Patrobas, Hermes og Brøderne hjaa deim.
15 Helse Filologus og Julia, Nereus og Syster hans og Olympas og alle dei Heilage hjaa deim.
16 Helse kvarandre med ein heilag Kyss. Kristi Kyrkjelydar helsa dykker.
17 Men eg aaminner dykker, Brøder, um aa gjæta paa deim, som valda Tvidrætte og Avstyggingar imot den Lærdomen, som de hava lært, og halde dykker fraa deim!
18 For slike tena ikkje vaar Herre Jesus Kristus, men sin eigen Buk, og med smjugande Ord og smeikjande Tale daara dei Hjarto paa dei Godtrugne.
19 For Ordet um dykkar Lydna er komet utyver til Alle; difyre gled eg meg yver dykker; men eg ynskjer, at de skulo vera vise til det Gode, men reine fyre det Vonde.
20 Men den Gud, som giv Freden, skal braadt knysja Satan under Føterne dykkar. Vaar