Side:Nye testamente (1889).djvu/329

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

oss, um me hava Profetgaava, bruka henne i Samhøve med vaar Tru;
7 elder um me hava ei Tenesta, so lat oss taka Vare paa Tenesta; elder um Ein er Lærar, paa Lærdomen;
8 elder um Ein er Fyreteljar, paa Fyretola; den, som etlar ut, gjere det i god Tru; den, som er Fyrestandar, vere det med Umhug; den, som er Fyrestandar, vere det med Umhug; den, som gjerer Miskunn, gjere det med Blidlæte!
9 Kjærleiken vere utan Fals, styggjest ved det Vonde, halde fast ved det Gode!
10 Vere venelskne med kvarandre i Broderkjærleike; kvar søkje aa vera fremst i Vyrdnad fyre kvarandre!
11 Vere ikkje kjølne i dykkar Ihuge, vere brennande i Anden, tene Herren!
12 Vere glade i Voni, toluge i Trengsla, trottuge i Bøni!
13 Syne Samhug med dei Heilage i deira Trong; vere gjerna gjestmlide!
14 Velsigne deim, som forfylgja dykker; velsigne og banne ikkje!
15 Gledje dykker med dei Glade, og graate med dei Graatande!
16 Vere samlynde med kvarandre; traa ikkje etter det Høge, men halde dykker gjerna til det Laage; verte ikkje sjølvkloke!
17 Give ikkje Nokon Vondt fyre Vondt; leggje Vinn paa Godt fyre alle Manns Aasyn!
18 So framt det er moglegt, so halde Fred med alle Menneskjor, der som det stend til dykker!
19 Hemne dykker ikkje sjølve, mine Elskade! men give Vreiden Umrøme; for det er skrivet: „Hemnen høyrer meg til; eg vil gjera Heimgjeld, segjer Herren.“
20 Dersom daa Fienden din hungrar so giv honom aa eta; dersom han tyrster, so giv honom aa drikka; for naar du gjerer det, hopar du gloande Kol paa Hovudet hans.
21 Lat ikkje det Vonde yvervinna deg; men yvervinn det Vonde med det Gode!

13de Kapitlet.

 Kvar Menneskja vere dei fyresette Styremagter lydug! for der er ikkje Styremagt utan av Gud; men dei Styremagter, som ero, dei ero skipade av Gud;
2 so at den, som set seg imot Styremagti, han stend Guds Skipnad imot; men dei, som standa imot, skulo faa sin Dom.
3 For dei Styrande ero ikkje til Rædsla fyre gode Gjerningar, men fyre vonde. Vil du daa ikkje ræddast fyre Styre-