Side:Nye testamente (1889).djvu/320

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest
10


2 For den gifte Kvinna er bundi ved Logi til Mannen, alt medan han liver; men dersom Mannen døyr, er ho løyst fraa Logi um Mannen.
3 Difyre skal ho kallast Horkona, um ho giftest med ein annan Mann, medan Mannen hennar liver; men dersom Mannen døyr, er ho fri fraa Logi, so ho ikkje skal vera Horkona, um ho giftest med ein annan Mann.
4 Soleides, mine Brøder, døydde de og fraa Logi med Kristi Likam, at de skulde tilhøyra ein Annan, det er: honom, som er uppvekt fraa dei Daude, at me kunde bera Frukt fyre Gud.
5 For daa me var i Kjøtet, verkade dei synduge Lyster, som vart vekte ved Logi, i vaare Limer, so me bar Frukt fyre Dauden;
6 men no ero me løyste fraa Logi, daa me ero avdøydde fraa den, som me var fangade under, at me skulo tena paa eit nytt Lag i Anden, og ikkje paa det gamle Lag i Bokstaven.
7 Kvat skulo med daa segja? er Logi Synd? Langt derifraa! Men eg kjende ikkje Syndi utan Logi; for eg kjende ikkje Lysti, dersom Logi ikkje hadde sagt: „Du skal ikkje lysta!“
8 Men Syndi tok Tilleiding av Bodordet, og verkade allskyns Lyst i meg; for utan Log er Syndi daud.
9 Eg livde eitid utan Log; men daa Bodordet kom, livnade Syndi upp,
10 men eg døydde, og Bodordet, som var gjevet til Liv, det røyndest med til Daude;
11 for Syndi tok Tilleiding av Bodordet og daarade og drap med ved det.
12 So er daa Logi heilag, og Bodordet heilagt og rettferdigt og godt.
13 Er daa det Gode vortet meg til Daude? Langt derifraa! men Syndi er det, at ho skulde syna seg som Synd, av di ho ved det Gode volde meg Daude, at Syndi skulde verta storlege syndug ved Bodordet.
14 For me vita, at Logi er andeleg, men eg er kjøtleg, seld under Syndi.
15 For det, eg gjerer, veit eg ikkje av; for ikkje det, som eg vil, gjerer eg; men det, som eg hatar, det gjerer eg.
16 Men gjerer eg det, som eg ikkje vil, so vitnar eg med Logi, at ho er god.
17 Men no gjerer ikkje eg det lenger, men Syndi, som bur i meg.
18 For eg veit, at i meg, det er i mit Kjøt, bur inkje Godt; for det aa vilja stend i mi Magt, men aa utføra det Gode vinn eg ikkje.
19 For det Gode, som eg