Side:Nye testamente (1889).djvu/319

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

Kristo, so tru me, at me og skulo liva med honom,
9 av di me vita, at sidan Kristus er uppvekt fraa dei Daude, døyr han ikkje meir; Dauden heve ikkje lenger Vald yver honom.
10 For det, at han døydde, det døydde han ein Gong fyre Syndi; men det, at han liver, det liver han fyre Gud.
11 Soleides skulo de og rekna dykker som daude fyre Syndi, men livande fyre Gud i Kristo Jesu vaar Herre.
12 Difyre skal ikkje Syndi valda i dykkar daudelege Likam, so de lyda henne i dei likamleges Lyster.
13 Og give ikkje Limerne dykkar under Syndi til Vaapen fyre Urettferd; men give dykker sjølve under Gud, so som upplivnade av daudom, og Limerne dykkar under Gud til Vaapen fyre Rettferd.
14 For Syndi skal ikkje valda yver dykker, av di de ero ikkje under Logi, men under Naaden.
15 Kvat so? Skulo me synda, sidan me ikkje ero under Logi, men under Naaden? Langt derifraa!
16 Vita de ikkje, at naar de giva dykker under Nokon som Tenarar til Lydnad, so ero de og Tenarar under den, som de lyda, anten det so er under Syndi til Daude, elder under Lydnaden til Rettferd?
17 Men Gud vere Takk, at de, som var Tenarar under Syndi, ero no av Hjartat vortne lyduge mot den Lærdomsform, som de ero yverførde til!
18 Men sidan de ero frigjorde fraa Syndi, ero de vortne Tenarar under Rettferdi.
19 Eg talar paa Menneskjevis fyre dykkar Kjøts Vesaldom. For liksom de gav Limerne dykkar til Tenarar under Ureinska og Urettferdi til Urettferd, so skulo de no giva Limerne dykkar til Tenarar under Rettferdi til Helging.
20 For daa de var Tenarar under Syndi, va de frie fraa Rettferdi.
21 Kvat Frukt hadde de so den Tid? Slike Ting, som de no skjemmast ved; for Endelykten paa deim er Dauden.
22 Men no, de ero frigjorde fraa Syndi og vortne Guds Tenarar, hava de dykkar Frukt til Helging, og Endelykten er ævelegt Liv.
23 For den Løn, som Syndi giv, er Dauden, men Guds Naadegaava er ævelegt Liv i Kristo Jesu vaar Herre.

7de Kapitlet.

 Elder vita de ikkje, Brøder, (for eg talar til slike, som kjenna Logi), at Logi heve Vald yver Menneskja, so lenge ho liver?