Side:Nye testamente (1889).djvu/27

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

i Liknadar; for sjaa-ande sjaa dei ikkje, og høyrande høyra dei ikkje og skyna helder ikkje.
14 Og paa deim vert Efaias’ Spaadom uppfyllt, den som segjer: Med Høyrsla skulo de høyra og slettikkje styna; og sjaa-ande skulo de sjaa og slettikkje skilja.
15 For Hjartat i dette Folket heve vortet hardt, og dei ero tunghøyrde paa Øyrom, og dei hava latet atter Augo sine, so at dei ikkje skulo sjaa med Augom og høyra med Øyrom og skyna med Hjartom og umvende seg, og eg saa lækja deim.
16 Men sæle ero dykker Augo, at dei sjaa, og dykkar Oyro, at dei høyra.
17 For sannelege segjer eg dykker, at mange Profetar og Rettferdige lengtade etter aa sjaa det, som de sjaa, og saag det ikkje, og etter aa høyra det, som de høyra, og høyrde det ikkje.
18 So høyre daa de Liknaden um Saamannen:
19 Naar nokon høyrer Ordet um Riket og ikkje finnar det, so kjem den Vonde og raner det, som er saatt i Hjartat hans. Dette er den, som er saadd ved Vegen.
20 Men den, som er saadd paa Steingrunn, det er den, som høyrer Ordet og strakst tek imot det med Gleda.
21 Men ikkje heve han Rot i seg, men stend berre til ei Tid; men naar Trengsla elder Forfylging kjem paa fyre Ordet Skuld,sfo styggjest han strakst ifraa.
22 Men den, som er saadd imillom Klunger, er den, som høyrer Ordet, og Umsuti fyre denne Verdi og Tillokkingi av Rikdomen kjøver Ordet, og det vert grødelauft.
23 Men den, som er saadd i god Jord, er den, som høyrer Ordet og skynar det, som og ber Grøda; og ein ber hundrad Foll, ein seksti Foll, og ein tretti Foll."
24 Ein annan Liknad sette han fram fyre deim og sagde: „Himmelriket likjest paa ei Menneskja, som saadde godt Seede i Aakren sin.
25 Men daa Folket sov, kom hans Fiende og saadde Svimling i Aakren imellem Kveiten og gjekk burt.
26 Men daa Grødet voks upp og skaut Aks, daa synte Svimlingen feg med.
27 Men Tenararne til Husbonden kom og sagde til honom: Herre, saadde du ikkje godt Seede i Aakren din? Kvar heve han daa Svimlingen ifraa?
28 Men han sagde til deim: Ein Fiendsmann heve gjort dette. Men Tenararne sagde til honom: Vil du daa, at me skulo ganga og ryskja honom upp?
29 Men han sagde: Nei, so de ikkje med honom skulo riva Kveiten upp med Rotom, naar de ryskja upp Svimlingen.
30 Late deim baade tvo veksa upp saman til Skurden; og i