Side:Nye testamente (1889).djvu/23

Fra Wikikilden
Denne siden er korrekturlest

av Tollmenner og Syndarar. Og Visdomen er rettferdiggjord av sine Born."
20 Daa tok han til aa lasta dei Byarne, der hans fleste kraftige Verk var gjorde, avdi dei ikkje hadde umvendt feg:
21 „Usæl du Korasin! usæl du Betsaida! For var dei kraftige Verk gjorde i Tyrus og Sidon, som ero gjorde i dykker, so hadde dei lengje sidan umvendt seg i Sekk og Oska.
22 Men eg segjer dykker: Det skal ganga Tyrus og Sidon tollegare enn dykker paa Domedag.
23 Og du Kapernaum, som er upphøgd til Himmelen, du skal verta nedstøytt heilt til Helheimen; for var dei kraftige Verk gjorde i Sodoma, som ero gjorde i deg, so vilde det hava stadet til denne Dag.
24 Men eg segjer dykker: Det skal ganga Sodoms Land tollegare enn deg paa Domedag."
25 Ved denne Tidi tok Jesus til Ords og sagde: „Eg lovar deg, Fader, Herre yver Himmelen og Jordi, at du løynde dette fyre dei Vise og Kloke, men openberrade det fyre dei Umyndige!
26 Ja Fader, soleides var det tekkjelegt fyre deg.
27 Alle Ting ero meg yvergjevne av min Fader; og Ingen kjenner Sonen utan Faderen, og Ingen kjenner Faderen utan Sonen og den, som Sonen vil openberra det.
28 Kome til meg alle, som ero mødde og tyngde, og eg skal giva dytter Kvild.
29 Take mitt Ok paa dykker og lære av meg, for eg er hugmild og audmjuk av Hjartat, og de skulo finna Kvild fyre Saalom dyttar.
30 For mitt Ok er gagnelegt, og mi Byrda er lett."

12te Kapitlet.


1 Ved den Tidi gjekk Jesus paa ein Kviledag igjenom ein Aaker; men Læresveinarne hans var hungrige og tok til aa gnu Aks og eta.
2 Men daa Farifcearne saag det, sagde dei til honom: „Sjaa. Læresveinarne dine gjera det, som dei ikkje hava Lov til aa gjera paa Kviledagen!"
3 Men han sagde til deim: „hava de daa ikkje leset um det, som David gjorde, da han var hungrig, han og dei, som var med honom?
4 korleides han gjekk inn i Guds Hus og aat Synebraudi, som han ikkje hadde Lov til aa eta, og helder ikkje dei, som var med honom, utan berre Prestarne?
5 Elder hava de ikkje leset i Logi, at Prestarne paa Kviledagen i Templet vanhelga Kviledagen, og ero saklause?
6 Men eg segjer dykker, at her er den, som er større enn Templet.
7 Men hadde de kjent, kvat det er: Eg heve Hug til Miskunn