1 Og daa han saag Folket,
gjekk han uppaa Berget. Og daa
han hadde sett seg ned, kom
Læresveinarne hans til honom;
2 og han opnade sin Munn,
lærde deim og sagde:
3 „Sæle ero dei Fatike i
Anden; for deira er Himmelriket;
4 Sæle ero dei, som byrja;
for dei skulo verta trøystade.
5 Sæle ero dei Hugmilde; for
dei skulo erva Jordi.
6 Sæle ero dei, som hungra
og tyrsta etter Rettferd; for dei
skulo verta mettade. —
7 Sæle ero dei Miskunnsame ;
for dei skulo faa Miskunn.
8 Sæle ero dei, som ero reine
i Hjartat; for dei skul sjaa Gud.
9 Sæle ero dei Fredsame, for
dei skulo verta kallade Guds Born.
10 Sæle ero dei, som ero
forfylgde fyre Rettferd Skuld; for
deira er Himmelriket.
11 Sæle ero de, naar dei
spotta dykker og forfylgja dykker,
og segja det, som vondt er, um
dykker fyre mi Skuld og ljuga det.
12 Gledje dykker og fegnast!
for Løni dykker er stor i Himlom;
for soleides hava dei forfylgt
Profetarne, som var fyrr dykker.
13 De ero Saltet aat Jordi;
men um Saltet vert dauvt, kvat
skal det verta saltat med? Til
ingen Ting duger det meir, utan
til aa verta utkastat og nedtrakkat
av Folk.
14 De ero Ljoset aat Verdi;
ein By, som ligg uppaa Berg, kann
ikkje dyljast.
14 Ikkje tendra dei eit Ljos
og settja det under Skjeppa, men
i Staten; og det lyser fyre alle
deim, som ero i Huset.
16 Late soleides dykkar Ljos
skina fyre Menneskjom, so at dei
maa sjaa dykkar gode Verk og
heidra dyttar Fader i Himlom.
17 De maa ikkje tenkja, at
eg er komen til aa avlysa Logi
elder Profetarne ; eg er ikkje komen
til aa avlysa, men til nn uppfylla.
18 For sannelege segjer eg
dykker, at til dess Himmelen og
Jordi forgangast, stal ikkje ein
Bokstav elder ein einaste Tyttel
av Logi forgangast, til dess alt
saman hender seg.
19 Difyre, den som bryt eit
av desse minste Bodordom og lærer
Menneskjom soleides, han skal verta
kallad den minste i Himmelriket;
men den, som gjerer og lærer
deretter, han skal verta kallad stor i
Himmelriket.
20 For eg segjer dykker, at
um ikkje dykker Retferd vert større
enn Rettferdi til dei Skriftlærde
og Farisæarom, daa koma de slett
ikkje inn i Himmelriket.
21 De hava høyrt, at det er
sagt til dei Gamle: du skal ikkje
slaa i Hel; men den, som slær i
Hel, han skal vera sakad fyre
Domen.
22 Men eg segjer dykker, at
kvar den, som er vreid paa sin
Side:Nye testamente (1889).djvu/10
Denne siden er korrekturlest