Hopp til innhold

Paa eit annat Sjaa

Fra Wikikilden
Alb. Cammermeyer (s. 188191).

Paa eit annat Sjaa.


Mange kalla denne Tid ei Tid for Kjøt: eg synes derimot, det er ei Tid for Aand, og eg finn i alle desse Utstillingar eller Sjaa eit Merke paa dette. Alt dette Stræv etter at finna ut gode Reidskap og Jorddyrkningsmaatar og gode Matlagningar, kort, alt dette, som kjem fram i alle desse Sjaa: Fiskesjaa og Fesjaa og Matsjaa og Blomstersjaa, alt dette stend i det næraste Samband med den nyare Naturvitenskap og visar, at Folk taka til at tenkja meir en dei gjorde i gamle Dagar. Folk tenkte vel daa og; for Folk maa altid tenkja liksovel som dei maa eta; men dei hengde liksom meir sine Tankar up i den tome Luft, en me gjera. Me draga Tankar ut af Naturen liksom Brennevinsbrennaren syrper og klaarar Spiritus ut af Eple og Korn. Det er af Livets Rokshovud me spinna Tanketraaden, medan dei Gamle meir snudde dette om og liksom spann Livet og Naturen ut af den nakne Tanken. Og dette er og Skilnaden millom den eldre og den nyare Philosophi. Alle desse Sjaa hava soleids sine djupe Røter. Det er dei store Tankar dei ganga ut ifraa, liksom denne Gasen her fraa Chemien.

Det laag tidt i den gamle Tru at gjera Jorde til eit Helvite for at koma til Paradis. Me derimot tru, at me fyrst maa gjera denne Jord til eit Paradis her, før me kunna koma til Paradiset der uppe.

Dei Gamle trude, at Mennesket var slikteit framifraa Ting, at alting sveiv i Dans kring det, jamvel Sol og Stjernor, ja dei trudde endaa, at sjølve Gudane komo ned og skridde for det.

Me hava derimot lært at vera mindre sjølvgode og kravsfulle, og me meina at denne Tru er rette Maaten at adla os paa. Me sjaa vel, at me ero dei finaste og beste Skapningar af Naturen, og at me soleids liksom ero Odelsmannen til Garden. Men endaa gløyma me aldri vaare Medskapningar; for me finna, at der er sama Naturen i deim som i os, berre at Naturen vaar liksom stend lenger uppe mot Himilen paa Stigen i Skapningsrekkja.

Derfor ero me baade so mannamilde (humane) og dyremilde. Og idet me soleids liksom stiga ned til Dyret, so er det ikke for at draga os ned til det, men for at lyfta det up liksom til os. Naar me læra Dyrenaturen at kjenna, gjera me os den fyrst nyttig. Me hava no paa denne Hestetemjaren seet, at me maa kjenna Hestenaturen før me kunna læra Hesten up og faa rette Nytten af honom. Og me sjaa at Hestenaturen er meir lik vaar eigen, en Mange før trudde.

Hesten vil, liksom me, fyrst og framst hava Rettferd.

Her er komen mangein god Mann langvegs fraa til dette Sjaa og til dette Lag. Sjaaet var godt, men Laget var laakt.

Det er Synd om alle desse gode Menn, at dei skulde faa solitet. Der draup ikke myket Feitt af vaare store Menn.

Mange af os setja meir til en dei fortena; dei fortæra meir en dei avla, eta meir en dei faa til at gro. Derfor er dei ei Trong hjaa mange til at skapa nokot. Den eine avlar Fugl, den andre Fisk, den eine bryt up eit Jordstykke, den andre dyrker Kaalhagen. Den eine føder up Mønsterdyr, den andre tenker ut gode Reidskap, og so skapa me nokot Alle og likjest honom, som skapte os Allesaman.

Ja, Bønder og Landmenn af alle Slags, de kunna fara heimatter med den fulle Tru, at Universitet og Regjering, og daa mest Kyrkjedepartementet ero likso myket gripne af desse Fesjaatankar som me Andre. Eg kan tala af Røynd eller Erfaring i dette Stykke. Eg sikte eit litet skarve Stipendium paa sytti Daler eller slikt nokot for at fara ikring, mest i Valders og Sogn, og studere Landsmaalet, og leitad etter det, som eg kallad den spraaklige Generalnevner. Eg var, og daa mest for dette gode Uttrykk, rædd for at faa Stipendiet med sit Ansvar. Men, det var ein annan som fekk det, og det ein, som eg baade i Alder og Kunskap maatte standa langt over.

Men han vilde til Bergenskanten for at undersøkja Torskehandel og annat Torskestell, medan eg berre vilde læra vaart Tungemaal nærare at kjenna, og dette var for Universitetet og Kyrkja af mindre Vigt en nokot, som stod i Samband med alle slike Ustillingar og daa mest med det Bergenske Fiskesjaa. Eg maa derfor tru, at dette er eit godt Exempel paa at Landsens aandelige Formenn fullt vel hava tekjet up i seg Nyttestanken i vaar Tid, og at det er so gode Fesjaafolk, som nokon Mann kan ynskja seg. Det er Menn med Matideer.