Hopp til innhold

Paa Stav

Fra Wikikilden
Alb. Cammermeyer (s. 6073).

Paa Stav.


Her er mange Folk og Hestar ikring meg no, og det er vandt at vita, kven som i sit Slag er best; for det er godt altsaman. Her er Adelskap baade hjaa Folk og Hestar, og skal eg døma etter Utsynet, so er Hesteadelen betre. Det forstend seg, Folket i Gudbrandsdalen er eit framifraa fagert Folk, helst Kvendfolket, so det berre er desse faae Adelsætter eg meinar, naar eg talar mindre fagnande. Det maa vel vera so, at desse i lang Tid hava gift seg inbyrdes, naar dei sjaa mindre godt ut en dei Uadelege. Det er med dette som med Korn og annan Sæd: Naar dei saa af det sama Fræet lenge paa sama Aakren og Garden, so minkar Vokstren og ugjeres. Men naar du flyter det til ein annan Gard og helst til eit annat Bygdarlag, so er det liksom det skulde livna upatter og vera tidlegare ute Haust og Vaars. So tru idetmindste Folk i mi Fødebygd.

„Det er Mangt me sjaa men ikki gaa“ (merkja os) verdt det sagt. Me sjaa, at her er Adelskap i mange Hesteætter, og me sjaa likeins i daglegt Lag, at Fader og Moder og heile Ætt maa vera klok og sterk og velbygd, skal Afkomen falla god. Men me forstaa ikke denne Samanheng i Naturen. Og dette kan og vera det sama, naar me kjenna den rette Vegen til Adelskap med Folk og Fe og alt, som gror paa Guds grøne Jord; for Naturlæra visar os, at det er likeins med Alt fraa det mindste Straa til det største Tre og fraa det vesle Kryp til det store Menneske. Og det er dette, som eg synes er det største ved alle desse nye Sjaa eller Utstellingar af al Slags Fe — i Amerika likeins af Smaaborn — det nemlig, at det opnar vaare Augo for denne store Naturlog. Og dette maa draga etter seg, at her kjem gildare Folk etter os; for det visar, at det er eit Sjølvdraap, ei Synd mot vaar heile Slekt, at gifta seg med veike, sjuke eller dumme Folk. Stand, Stilling og Rikdom narrar desverre Mangein til denne store Synd i dette vaart kunstige Samfundsliv. Men, me maa tru, at Folk med denne sin betre Kunskap meir og meir vilja slutta med denne Krig mot eiget Kjøt og Blod. Men Folk tola ikke so store Sanningar med ein Gong, likso litet som dei tola eit sterkt Ljos, naar dei hava setet i Myrkret. Og derfor skal eg koma in paa Hestane atter.

De høyrde Lindeqvist tala om all den Elsk og Omsorg, som Verdsens beste Hestefolk, nemlig Araberne hadde for sine makalause Hestar. Af dette var mangt at læra, og der var myket i det af det Slag, som verdt kallad „Poesi,“ meir en i heile lange Bøker paa vanlege Vers. Og eg vil her draga fram enno eit Vers af denne arabiske „Poesien“, som vist Lindeqvist kjenner likso godt til som eg, for det om han ikke drog det fram. Ein Mann kan ikke røkkja alting han helder.

No ja, de vita det, at Hesten i Elsken sin vistnok er ein Mohamedan og Mormon, og soleids ikke nokot Mønster til Etterlikning i den Vegen; men de vita og, at den gilde Hesten i nokre Aar liksom dreg Kjensel paa Moder og Datter, so han ikke vil hava nokot med deim. Daarlege Hestar vita de derimot vanta denne Kjenskap og Blygsemd. Og no kjem denne arabiske Soga. Det var nemlig ein Mønsterhest — Navnet kan eg no ikke lenger minnast — som vardt sett paa Prøve og førd til si endaa fagre og spræke Moder, som han, vel at merkja, ikke hadde livt saman med fraa han var ein Fole, so det var litet rimelegt, at han skulde kjenna hena atter. Men, Allah er stor, segjer Araberen, han vilde ikke hava nokot med Mor si at gjera. So vardt han bunden om Augom med eit Plagg, og liksom førd paa Villstraa millom andre, og daa gjorde han det. So vardt Bindet løyst fraa Augom hans, og daa han so saag sit Mistak, legger han afstad som fjukande Fuglen og sette lukt utover ein Fjellhamar.

Hesten er vistnok ein Tyrk i sin Elsk; men sovidt me kjenna til det, so heve han væl so store huslege Dygder som han, idetmindste synes desse tvo Mønsterhestar at hava det, desse som Staten held her burt i Heimdale kver med sine seksti utvalde Konor og Born, om eg fær Lov til at bruka desse menneskelege Ord. Mærrer og Fyl ero mest for stygge Ord for ei slik Husstand. Der gjerer Naturen inkje til Upligt, og han passar paa den heile store „Familie“ so gløggt, at ingen fær koma ifraa og ingen til. Han rysker ned i Grase tvo tri Bit, og so kastar han Hovudet up og seer seg ikring, og legger til Vegs, naar han seer, at nokon af hans vil ut or Laget eller nokon Fremind vil in i det. Og det er Gut, som kan læra deim Folkeskikk! Kom ikke der imillom Bork og Tre! Og „Familierne“ verdt sjeldan eller aldri ihopblandad, om dei ero i sama Dalføret. Kver heve nok med sine og „respecterar“ andres. Men verdt han tekjen ifraa denne Familie, so er det Hjord utan Hyrding.

Om Folk skulde vera so ufornuftige at prøva paa at setja daarlege „Makkere“ for slikei Husstand, so vilde det aldri bera til: Ikke kunde dei forsvara Huset og ikke heller hadde dei desse andre Dygder, som de vita der maa til, naar Laget skal vera eit Mønster. Det maa vera Karar af fyrste Rangen. Daarlegdomen er seg lik baade hjaa Folk og Fe.

Det er sagt det skal henda, at han med Framfoten legger Folungen i Nakken, naar denne ikke orkar at fylgja med Mo’r si. De vita, at Folen kan ganga utruleg langt sama Dagen han er fødd, og naar han soleids ikke kan vera med paa ei maateleg Ferd, so seer Faderen, at Naturen maa vera mislykkad, at det er eit Vamenne, som ikke bør liva til Plage for seg sjølv og Tyngsel for andre. Eg vil ikke gjeva dette nokon „Characteer“, men berre minna om det, at vaare gamle Forfedrar nokotsonær gjorde det sama. Me lesa nemlig om, at dei „sette ut“ dei Smaaborn, som dei ikke syntes burde liva. Anten no Hesten lærde dette i denne gamle Tid, eller han lærde det af andre halvville eller ville Folkeferder, som enno gjera det sama, eller det er eit „Naturinstinct“ det skal eg alt lata vera usagt, for eg veit det ’kje vist.

Ja, Hestevitet er stort. Det vøre ikke lett at granska det ut, og eg vil her berre minna om, at Hesten er so kjennespak. Naar han heve seet nokot, so kjenner han det betre atter en nokon af os gjera. Det lærde eg so tidt, daa eg foor til Fjells med Hesten. Han fann Vegen, naar den var fokjen atter om Vintren; og naar eg ikke viste Vedrilen so var det berre at lata Hesten ganga, so fann han fram. Kver Kroken og Afvegen kjende han atter, men ikke eg. Det vilde vera utrulegt at fortelja om det, daa han førde meg fram til Folk, naar eg korkje viste att’ eller fram, om so eg hadde faret Vegen mange fleire Gonger en han. Han luktar liksom den rette Stevningsleid over Fjell og Fly. Han er som me lesa om Indianeren med dette. Derfor verdt det og altid sagt til Mannen, som ikke Vegen veit: „Lat Hesten styra seg sjølv, so styrer han deg og!“

At Hesten heve det Laget, at han ikke kan snu, naar han heve sett seg ei Stevningsleid i Hovde, er kjennt nok. Han er ikke fullkomen han heller. Men det er ikke om hans Afkortar eg talar idag.

Det er inkje Under, at Araberne og vaart Fjellfolk kunna tala om Hesten som eit Menneske, seint og tidlegt, Dag og Kveld og heile Aaret.

Daa eg var ung og litet viste minnest eg, at eg lo aat ’n gamle Jon Upstoga, som rødde soso med ein Normann, der var:

— Liver gamle Borka paa Berge enno?

— Nei, ho braut af seg Foten ifjor, ein Dag ho kom af Støyle med ei Klyv.

— Aa nei Herregud, gjorde ho det!

— Aa ja, ho var alt so til Aars, at Enden maatte koma paa den eine eller andre Maaten.

— Ja, ja, me maa Alle døy. Men, ho heve mangein gild Son etter seg. Det var ei Almærr af Velten. Og daa Husbonden var so klok, at der altid var ein gild Fader, so kjenner eg ikke berre den eine Sonen hennes, han som no stend paa Groven, som hadde eit Lyte. Han knippar litt imillom, og det heve han fraa Far sin.

Ja ja godt Folk, de læ liksom eg gjorde; men det er i Grunnen nokso aalvorsamt, idetmindste er det naturlegt. Folk liva for det, dei hava livt af; og det, som var deires giv, hava dei stødt i Tanken og paa Tunga, helst naar dei stiga paa Alder. Og Hesten er daa vel meir værd at liva for en somange andre Ting, som Folk handla og vandla med? Det er vel so, at me faa eit Lag etter Yrket vaart, og at der vil hanga nokot af Handverket ved os. I England vil dei soleids hava lagt Merke til, at Folk, som handla med Papegøier, jamvel faa krumvorne Nasar etter Fuglen sin, og at Oksehandlarar bli helder breide augnamillom. Dette maa no vel Ingen taka so like etter Ordet, men meir etter Tanken, og daa kan det vel henda, at gløgge Folk sjaa paa Mannen liksom ei Likning til det, som er hans Livsgjerning. Men naar no vondt skal vera, takke meg daa Gud for ein liten Hestesnev istadenfor Sneven af mangt annat f. Ex. af eit Gjeldsbrev. Traavkjøyraren er ikke altid fin, men ei Vekselsjæl vilde vera verre. Og soleids kunde me ganga gjenom alle Handteringar, dersom me trudde stort paa det, og her var Tid til det, som det ikke er. Eg vilde berre kasta ut dette til Ettertanke, og liksom minna dikkon paa, at de ikke maa liva somyket for det Eine, at de gløyma det Andre. Me maa fyrst og fremst vera Folk; og om Hesten er aldri so gjæv og gild, so er det ikke værdt, at me for hans Skuld leggja os til Hestevanar.

Om det no er likso gamalt som alle Haugar, at me faa eit Lag etter det, me elska, so er det med dette, som eg no sagde om vaart ytre Yrke, at me kunna halda os frie for at faa ei Likning af det, naar me agta os og sjaa at det er nokot vondt, som me ero iferd med at paavenja os. Me kunna derfor etter Ordspraaket „elska det, som føder og klæder os“. Me maa jamvel elska den Jord, som me dyrka. Det verdt Lettekorn det du fær, dersom du ikke elskar Aakren din og ferer fint med den. Derfor maa me elska Hesten og tala med honom som eit Menneske, skal han faa den rette Trivnad og gjeva os Lykke. Alle gamle Folk hava vyrdt Hesten og vanvyrdt den, som foor stygt med honom.

Eg maa her koma ihug eit Stev fraa mi Fødebygd til ein Hesteplagare.

Ute so stende Hesten din,
han er baade vesal og vaate:
Men du site inne i Drykkjestoga,
og er baade glad og kaate.

Det var stygt syntes Folk, at Eigaren sat inne og livde væl, og at Hesten hans stod ute og leid vondt. Og dette sama synes vist alle de, som no høyra meg.

Daa eg var liten, vardt det ofte sagt til meg: „Ver god med Hesten, Barnet mit; for han kjem fyrst paa Domedagen og klagar deg for si harde Medferd“. Hesten vardt af dei gamle tenkt mest som eit Menneske med Mannarett og ofte liksom Bjørnen med ti Manns Styrke eg tolv Manns Vit. Og „han er so fager og klok, at han maa vera skapt til annat en Slæp og Træl“. Ja, dette er sannt. Flogvitet synes at gneista utor Augom hans; og kunde han tala, maatte der i hans Ord vera Eld og Glod. Og so den Sprett og Spenn i kver Sen og Sege og Led og Ledamot! Der er Mønsterformer at sjaa og Ynde og Adel i den heile Holdning. Magte er so stor, at ho maa ut, og derfor dansa dei og kara med Framfoten og frøsa gjenom dei utblaasne Nasaborer. Det smittar at sjaa slikt, og det er inkje Under, at Hesten altid heve voret eit Mønster til Likning for Diktaren. Stridshesten vardt reiknad mest jamgod med Stridsmannen i agande Stordom. Og som Stridsmannen fylgjer han Stridens Gang og lyder Trumma og Halvmaanen; og naar han heve tent ut og hender til at koma atter aat Legret, so verdt han gripen af dei gamle Minne og steller seg in i Slaglina med dei Unge.

Homer synger om, at den grekiske Kjempa og Halvguden Achilles hadde tvo Hestar. Den eine het Xanthos og den andre Balios. Daa hans Ven Patroclos var fallen og han skulde ut til Hevn og strida mot Hector, bad han desse Hestane sine fraa si Stridsvogn der han stod i sin glimande Hærbunad, at dei skulde draga honom heim atter fraa Striden heil og helsad. Han var sjølv ein Son af Havgydja Thetis, som han altid kjærde seg for i sin Motgang, og det er vel truleg for dette, at han smeiker for Hestane sine ved at minna paa deires store Moder. Han talar — fritt oversett — so til deim:

Xanthos og Balios! de, so navngjetne Fyl af Podarge!
Lat meg no sjaa, at framleides de er dei Gutar de plaga,
so de i Kveld paa ei sigrande Ferd meg heimatter draga!
Hestane skaka paa Maan og Manke og rista Topduskane
framfyre Augom for at løyna sine Taarer,
og Xanthos „den traavande Hesten under
Hyvret“ kastar Hovudet att’ mot Bogen og svarar sorgmodigt:
Enno ein Gong deg so sigrande kan me heimatter draga;
men til di Feigd, du usliteleg Mann, no snart maa deg laga.
Ikke for dette du hata os maa: me vilja din Fagnad.
Nei den almegtige Gud kjem det fraa; og so er din Lagnad.

Dette var i den Tid, som de vist Alle hava høyrt om, daa alle Dyr kunde tala. Men so miste dei Mælet, det eine etter det andre; for i vaare gamle Eddadikt, sjaa me, at Fuglar endaa tala. Det stend soleids i eit Dikt der, som heiter Riksmaal:

„Kvad daa Kraaka
paa Kvist ho sat“
— — — — —

Hesten derimot synes alt daa at hava mist Mælet sit, men synes ellers at vera like klok. Me lesa nemlig der i eit Dikt, som heiter Helgakvida eller Helgas Sorg over Sigurd Faavnesbane, Mannen sin, at Grane, Hesten hans Sigurd, ikke vilde traava gjenom ein Eldsloge, naar han ikke kjende ’n Sigurd paa Ryggen sin, og at han blodutte kom springande paa Thinget, daa Sigurd var drepen. Gudrun gjekk graatande til Grane og vilde faa Greide paa Draapet og tala med honom; for han var den einaste, som forstod hennes Sorg og samsytte med hena. Og so stend der:

„Gret daa Grane
og gjøymde sit Hovud i Grase“.

Men han gat ingenting, so me af dette kunna draga ut, at Hesten alt daa var vorden maallaus, som han no er.

Her heve voret mange Hestar sidan, som heto Grane.

„Laup paa Lende
spring paa Svenge:
Grane berer os baade“,

verdt det kvedet.

Og me hava ein Feleslaatt, som heiter Granaslaatten. Det var nemlig i Digerdauden, at Folk anten vaaro burtdøydde eller so pestskræmde, at dei ikke kunde faa alle Lik til Kyrkja, og so drog daa Grane deim dit sjølvstyrd. Og Slaatten det er denne Gangtonen hans.

Skal eg fortelja so uplyste Folk, som her er ikring meg, at me maa tyda alt dette meir etter si Meining en etter sine likeframme Ord? I den barnlege Tanke flyter Alt saman med os, den livande liksovel som den livlause Natur. Alt fær Liv og verdt os sjølv likt. Kven minnest ikke, at han jamvel rødde med harda Steinen, daa han var liten, og slog den, naar han hadde støytt si Taa paa den? Likeins gjorde dei vaksne Folk i eldre Dagar, daa eit Folk liksom var i si Barndomstid; og enno vil det vera so med den barnslege og gode Aalmugen. Og dette Samliv med Naturen, denne Samsorg og Samglede med den, kunna me enno hava, for det om me hava lært nokot meir og taka det i aandeleg Meining. Det er so godt og so fagert dette, at den Mann, som ikke kan gjera det, han er ikke som han bør vera. Han er snusklok og turtenkt, og han saag aldri den store Samanheng i Livet. Han er med eit Ord raa. Med meg er det so, at di eldre eg verdt og di meir eg lærer, di meir finn eg atter denne Barndomen min og talar og samlider og samgledar meg med alt som livande er, og daa helst med eit so edelt Dyr som Hesten.

Om eg sjølv skal segja det, so heve det gjengjet meg i dette Stykke som den heile Folketenkning, ettersom det leid og skreid frametter i Tidarlaupet. I Folkebarndomen var Hesten — eg nevner no honom for alle Dyr og den heile Natur — først var han, segjer eg, liksom jamgod med Folk og Eit med deim. Dette verdt i Kunstmaalet kallad den „naive“ og „mythiske“ Tid. So lærde Folk meir, og so vardt Skilnaden gjord millom Folk og Fe, og Folk sette seg so haagt, at der liksom ingen Elsk og Vyrdnad vardt atter for Hesten. Han vardt eit Dyr i den verste Meining af dette Ord. Dette vardt kallad Uplysning og endaa Religion! Og me sjaa jamvel enno ofte, at Folk, som tru seg gudelige fram ifraa Andre, tala med Foragt og eit hardt Hjerta om alt, som heiter Dyr og ikke er Menneske. Eg minnest just slik ein Mann, og han skulde liksom heita boklærd attaat, som spottande sagde om vaar Brotbolk af 1842: — „so, Hesten er og eit Retssubject no“! De vita nemlig at der er sett Straf for Dyreplaging. Men so kom denne nyare Tid, som ganske rigtig heve gjort Hesten til eit „Retssubject“, idet den livande kjende Samanhengen i Naturen og saag at Mannen ikke heve somyket framifraa Hesten, som dei eldre halvuplyste Folk trudde. Og dette Syn for Samanhengen og Samlivet i Naturen verdt finare og finare ettersom Vitenskapen gjeng frametter, og Folk betre og betre sjaa Guds gode Tanke i den heile Skapnad. Idet Folk bli meir mannamilde (humane), maa dei og bli meir dyremilde. Og det er vist, at den som ikke er dyremild, han er heller ikke mannamild. Desse tvo Ting hanga ihop. Verdsens Folkeferder finna derfor igjenom sin større Uplysning liksom atter Barnedomen fin. Og de, gode Døler, som enno sitja atter med myket godt af den gamle Tankemaaten, de hava i dette Nokot, som dei lærdaste og beste Menn i denne nyare Tid paa ein annan Veg en de ero komne til. De have setet stille og ervt det, og dei hava liksom gravet seg igjenom Middelaldrens Sandhaugar ned til det, for atter at bera det up i ljose Dagen. Elske derfor Hestane dikkos og møte fram med deim til Gagn for sjølve dikkon og heile Landet.

Live dei gudbrandsdalske Hestar!