Paa Fesjaa
Paa Fesjaa.
- Godt Folk!
For alt det Gilde, som her no er ikring meg! Her er Naut og Svin og Reidskap til Jordbruk og Smør og Ost og Kaalhovud, og Gjentor og Gutar og „Herrar“ og „Damer“ og alt det gildaste som til er, og væl so det. Det er so eg mest ikke veit det, eg skal tala om; for det burde vera om alle desse framsynde Saker, naar Alt var som det skulde vera.
Det er ei næringsdrivande Tid dette. Matsansen er stor, og det kan turvas til; for Livets Armod er endaa større. I gamle Dagar slost Folk om Maten, og dei gjera det vel enno, om so paa ein finare Maate. Men Stortanken i denne Tid er likevel, at Folk skulle arbeide for den. Arbeidets Adelskap er no komet til Retten sin og det so fullstendigt, at me draga paa Smilebandet aat all annan Adelskap.
No gjelder det om, at gjera alting betre en før. Det var vel likeins til alle Tider, men sovidt eg kan sjaa, so er likevel denne Tid ei større Forbetringstid en nokotsin før; ja det gjeng endaa sovidt, at me fuske Vaarherre i Handverket med at skapa betre Dyreslag en her før var. Desse Upskrifter om „Racekrossing“ og „Inavel“ og „Utavel“ ero no reint i Velten, og det stend berre tilbake, at Folk bruka desse Forskrifter paa seg sjølve, so me snart kunna sjaa likso godt Folk som Fe. Eg skynar meg vel ikke stort paa det, men dette trur eg er den største Tanken i alle desse Fesjaa; for til daglegt Bruk trur eg ikke, at Nytten er so stor, som det verdt talad om. Det er greidt, at det er eit og annat, me kunna læra ved deim baade i Buferd og Budraatt; men den som veit litet Gran, han veit det i Grunnen altsaman i Fyrevegen, og det, som det gjelder paa er, om han finn, at det svarar Reikning at bruka det; for dette maa til i Lengde. Men desse kunstige og inførde Feslag trivas ikke rett her, og dei ero so dyre, at det nok aldri svarar seg. Men, det er eit Forsøk, og det lærer Folk at tenkja seg om i si Livsgjerning, og det opnar vaart Auga for Naturens Tanke og Samanheng. Det er altso til Nyttes, om just ikke til den sama Marknadsnytte som i England, med alle sine store Byar og Fabrik og Baasføding. Her hava me godt Beite, og der Fjellbeitet er stort, nyttar det ikke eingong at føra Strid mot Sulteføding. Den maa til der, og med Maate so i Vaarknipen skader den ikke stort heller. Her lærer Landsens Lagnad os eit annat Stell en i England, som det meste af dette Væsen er komet ifraa. Det er liksom med alle desse Landbruksskolar. Den Nytten, som desse gjera likefram, draga dei klokaste Folk, eg kjenner, i Tvil. Folk var ikke so galne i gamle Dagar korkje til at stella sit Fe eller dyrka si Jord eller koka sin Mat, som desse nye Matstellarar tru. Men derfor kan dette Nye og det Gamle hava godt af at koma ihop og læra af kverandre. Eg vil hava deim baade tvo. Engelskmannen er ein stor Matmann, og han skaper Kjøtmaskiner liksom Dampmaskiner. Folk verdt no somange, og daa dei alle eta liksomyket som før, so gjelder det at fabrikere Mat, Kjøt, Fisk, Østers og alt som etande er. Det gjeng godt, verdt det sagt, og me ero likeins uppe i desse Skapelsens Dagar. „Den Maten, den Maten!“ verdt det sagt. „Den Føda, den Føda, den arme Føda!“ Det kunde nok vera Naud paa at faa Matskaparar, helst her, der me i dette kalvorne Bergland hava meir Aand en Mat, so det inkje Under er, at Matmannen her er i so stor Ære. Og om eg so song ein Gong:
og lat so meg faa skapa Aand
og fylgja Hugen min.
Med det i Kapp me skapa paa,
og so me skal paa Slutten sjaa,
kven d’er som Siger vinn“,
so heve eg like stor Sans for Maten; for eg heve prøvad den Ting at vera solten.
Ja, det er underleg med den Maten. Me lika den fælt so godt allesaman; men det er liksom me ikke lika at tala stort om den likevel. Det er liksom med some andre Naturkrav. Tala me om deim, som me sjeldan gjera, so er det med ein under-Tone af Skjemt. Sitterstrengen paa Hardangerfela klunkar i eit annat Ljod en Slaatten paa Storstrengen. Det er vaar „ideale Natur“, som her kjem fram. Me grava ned i Molde og vilja lenger up. Og me koma vel og dit eingong.
Eit reindukad Bord med Diskar og Glas og Vinflasker og Upsetningar og alt glimande blankt, er eit af dei fagraste Syn, du skal sjaa. Men ikke eingong om dette tala me og syngja med fullt Aalvor. Det heng ihop med Maten, maa vita, og den verdt skoten for Tankens Glugg. Eg kom eingong til eit slikt Fesjaa, der Dagsvisa var i ein Slags Salmestil, og Amtmannen lagde ut i ein Prestetone vaar Armod og det gamle Slarv og den store Tanken i dette nyare Matstræv. Eg drog meg ifraa og heldt meg der burt med Buskapen, for at koma i betre Selskap. Denne Amtmannen, som talad om Maten i Messestilen, vardt Olafsriddare sama Hausten for „medborgerlige Fortjenester“ og „Ophjelping af Landets Næringsveie“, og her er Tale om at faa honom til Statsraad. — Men, men, me ero Alle nøydde til at gjera mangt, som me ikke lika. Det er vaart Kald i Livet, og det maa Ingen svikta, før han fær nokot annat, om han so er aldri so ulykkeleg. Det gjelder derfor, at me finna den Traad, som binder vaart Yrke til Tanken, til „Ideen;“ for der er slikein Traad, om det so er paa den ringaste Gjerning. Lat meg i nokre Exempel sjaa, hosi me kunna finna denne, og eg vil daa begynde med deg, Nautemann, og fortelja, hosi eg bar meg aat, daa eg var liksom du; for det heve eg voret, og eg tregar ikke paa det.
No ja, eg gjætte Kyre om Vaaren og braut Lauv og fann det lengste Graset til hena. Ho stod og drunde og saag up til meg, og eg saag tidt, at Taarine trillad or dei forunderlege Augom, som dei gamle Grekarar toko til Likning paa Augom i den store Gudsfrua, Juno. „Den kuøygde Here“, synger Homer ofte. Eg rødde med hena, og ho forstod meg so godt, og naar eg paa Gap løynde meg burt, so kunde ho rauta etter meg, so det ljomad i Nutom. Og so sleikte ho meg i Hovde, naar eg mjolkad, so eg var, som eg skulde vera komen ut fraa den beste „Frisøren“. Eg leid vondt og eg var glad med hena, og naar ho bar om Vintren, so vardt der Jol i Huse, og eg var seint og tidlegt i Fjose for at sjaa til og klappa den fine reine Kalven hennes.
„Du er eit Naut“, segjer Folk, og det verdt kallad eit Skjellsord. No ja, Kyre heve vel sine Grillor og er ikke altid so klok, men jamen veit ho meir en mata seg, den Megga. Der er ellers gode og daarlege Hovud blandt Naut liksom blandt Folk, og underleg nok, dei beste Hovud mjolka mindst. „Det gjeng fraa Juvre og til Hovde“ verdt det sagt. Eg veit soleids eingong me hadde ei Kyr, ho het endaa Gullros, som var eit reint Geni. Ho sprang Grinde eller lyfte den up med Horne. Ho smøygde seg or Bande og lyfte Dyrnine af Hengsle, og ho var allestad framme og viste altid at draga seg tilbake, so Folk trudde, at det var andre, som hadde gjort det. Men, der var snart ikke Mjolksdropen i hena. Ho gjekk reint som eit Gjeldnaut og vardt ikke feit heller. Det var ei Udygde, og ho vardt og slagtad, daa ho hadde havt den fjorde Kalven. Daa lærde eg fyrst, at eit Naut ikke bør vera for klokt heller. Det er med dette, som ein Statsraad nokot ufint, men sannt om seg sjølv sagde: „Eg vil ikke hava Genier i mit Departement men daglege Skytsmærrer“. Og desse kom og i hans Tid lengst fram. Truleg gjera dei det enno.
Paa denne Maaten, livde eg med Buskapen og lærde af den. Og eg trur, at den lærde af meg og. Eg studerad Nautenaturen, og lærde ved dette Studium min eigen Natur betre at kjenna, og eg fann Sambandet millom Yrket mit og Mannatanken. Eg var Menneske paa sama Tid, som eg var ein god „Røgter“ og fekk den beste Afdraatt. Nautet skynar og somyket, at det ikke gjev sine gode Gaavor til det daarlege Hovud og det vonde Hjarta. Det er uplysande her at merkja seg, at dei beste Thelemarksky mest koma fraa gode Husmannsfolk: for der er Kalven og Kviga og den vaksne Ku meir liksom ein Medlem af Familien en paa den større Garden og hjaa „finare Folk.“
Og so du Grisemann, som møter fram idag med alle dine Rullepylsor af Svin, du heve og ei vid Mark for dit Studium. Grisen er ein forunderleg Kar. „Der er inkje godt i honom, fyr han kjem paa Fatet“, verdt det sagt. Men dette er ikke sannt for den Mann, som kan tenkja. Grisen er vel vrong, det er sannt, og der stend ein Surgust af honom. Men, han er ein stor Logiker, og han kjem til sine Utdrag eller Slutningar med ubøygjande Samanheng. Han likjest i dette Engelskmannen og alle trongtenkte eller bornerte Folk. Min Omgang i Ungdomen med Grisen kom meg til den største Nytten, daa eg skulde studere tysk Philosophi. Det var den sama blinde Samanheng i Slutningsrekka utan Syn for aandfulle Invendingar i Oversetningen. Men, Skam far’ i det, Grisen er ikke utan Skjemt, og det er faae Skapningar, eg kan læ so godt aat. Det kan ingenting vera so uventad, som naar han stundom tverkastar seg og nyser og gruffar og gryntar, og so stend atter og gloor liksom tankefull. Det me kalla Galtestøkken, svarar netup til „panisk Skræk“. Og so slik ein Spaamann som han er! Me vaaro altid visse paa annat Veder, naar han „bar til Bøles“ eller gjekk med Straa og Rusk i Munnen til Huset sit. Han gjekk ruven, so du skulde tru, han maa vera „nervøs“. Han er ein stor „Meteorolog eller Luftkjennare, og det er ingen annan en han, som kan sjaa Vinden, verdt det sagt, og Byron segjer det sama: (ask the pig who sees the wind). Og so for eit Syn eg fekk for Mannanaturen, daa eg eingong eg skulde leida Grisen paa Støylen, fann ut, at eg maatte binda Bandet i Bakfoten hans og draga tilbake for at faa honom til at ganga fram! Han er vrong den Karen, so du maa taka det paatverke.
Det skal Ingen forarge seg over, at eg talar om at læra af Grisen. Me kunna jamvel læra af so laake Dyr som Snigilen og Krabben. Og det er netup den største Tanken i den Grein af Naturvitenskapen, som dregst med slike Dyr, at me i desse einkle Skapningar so greidt sjaa Livstraaden baade den aandelege og likamlege; for denne verdt liksom meir kringspunnen i dei hægre og meir utviklad Skapningar, so me ikke so lett sjaa den. Og di lenger me koma upigjenom Skapningsrekka, di verre verdt det at greida Livet ut. I Mennesket, som er so samansett og fint, vilde dette vera mest raadlaust, dersom me ikke liksom kunde forfylgja Livstraaden up igjenom, alt til den med alle sine Greiner kom in i os. Af denne Grunn er det og, at det er so lærerikt at leggja Merke til Barnet, der alt endaa er meir einfaldt. Det er med alt dette, liksom det er lettare at faa Greide paa Gangverket i den grøvre Stoguklokka en i det fine og meir kunstige Spindelur.
Eg ventar derfor no, at de med meg skulle draga stor Lærdom af Sugga fraa Morast. Ja, ho førde eit sannt Vikingliv med sine mange Ungar, som ho kvert Aar hadde etter seg. Ho var helder smaat fødd heime, so ho maatte ut i Viking. Der var ikke det Hol, som ho ikke fann, og ho sveivde af Hempor og lyfte Dyrnar af Hengslom med Tranten sin, og altid hadde ho ein Bakveg, so ho smatt undan, om Manngarden vardt sett paa’a. Ho stelte tidt some af Ungane sine liksom paa Vakt, og ho sprang over Stokk og Stein og Grind og Gjerde og altid der, som Folk var mindst. Det var eit „strategisk Geni“. Men mager var ho, so eg saag her som før med Nautet, at Grisen heller ikke maa vera for klok. Det er Tanken med honom at faa Flesk, og den Updragelse, som gjeng ut paa at skjerpa hans Forstand, er skakk og skjeiv. Han skal faa somyket Mat han, at han siter paa Huk og dreger Bakbulen etter seg, og sviv ikring paa Solen sin, verdt „hukegjødd“, som det heiter. Men Sugga paa Morast leid vondt, og var derfor „intelligent“ men mager. Ein Poet skulde hava det som ho, men ikke eit Svin; for han skal gjeva Tankar, han.
Og paa sama Tid som Grisen var eit „Studium“, so var eg ikke mindre god med honom for det. Grisen kan vera fin, naar han er liten, og eg heve leset om, at spanske Damer af den beste Adel i Selskap hava ein liten kvit Grisunge med seg i eit Silketyrklæd liksom til Fangbikkja. Anten no dette er sannt eller ei, so er Veslegris so finn og rein og skjemtefull, at han er den beste Barnaleika. Han ugjeres, naar han verdt større liksom somange andre Dyr. Me hadde altid ein Husgris heime, og slikt som han pustad i Oska, og alle dei Kunster, han gjorde, og slikt som han kastad paa Nakken og godgrylte, skal eg aldri gløyma. Han voks til og maatte ut i Huset sit, men han vardt altid kjæld for, og daa han skulde slagtas, hadde ingen af os Hjartelag til rett at vera med. Der kom altid ein Mann, som ikke kjende honom. Og der var Flesk, so det braanad som Sukker i Munnen. Slikt Flesk heve eg aldri kjent sidan.
Paa denne Maate seer du, Grisemannen min, at du kan faa gode Svin og endaa vera eit Menneske, som seter dit Yrke i Samband med Ideen.
Ja Tanken, „Ideen“, heng som eit Band ned fraa Himilen med Kvister paa seg ikring til den mindste Livsgjerning. Og det er denne du skal finna i Alt det, du gjerer, og knyta det fast til denne Traaden, forat det kan dragas up fraa Jorde af den store Haand. Som nokot uplysande i denne Samanheng vil eg fortelja om ein Skræddare in i Byen. Han er no nokot til Aars, og det var vel ikring tretti Aar sidan han lærde si Kunst. Han sagde, at den Kjolen, som er vel skoren etter ein Mønsterkrop, passar til alle vaksne Folk, naar Skilnaden ikke er altfor urimeleg stor. Og det maa etter Tanken vera so, at der er eit Mønstermaal, ein Tversum for Alt, om det synes aldri so ulikt. Og dette fann han ut i sit Yrke, og kver Mann skal i sit finna det sama, naar han forstend at tenkja. Der er med eit Kunstord eit Ideal i alle Ting, jamvel for Naut og Svin og Kaalhovud, og eit Ideal for ein Plog ligg nær for Tanken. Finn desse Idealer, du Næringsdrivande, og du er ein stor Mann i sit Slag, og naar du er stor i det, som høyrer til ein Næringsveg, so er du rik med det sama. Matstrævet bitalar seg „contant“. Det liver ikke paa Borg som Andarlivet.
Denne sama Skræddaren hadde lært ei Slags Gjerd paa Klædom, som han fann var den beste. Men Moden er omskifteleg og mest af alt i Klædebunaden. Denne Skræddaren vilde imidlertid ikke fara etter alle dei urimelege Moder — for urimelege vita me dei kunna vera — Han sagde som so; alle desse Lommer og Kragar og Knappar og Border og side og stutte Liv osv. ero meiningslause, og eg vil ikke nedværdige mi Kunst og Mønstersaks til slike Grillor. Ein Mann, om han er aldri so liten, skal ikke gjera seg til Tenare for Folks Daarskap.
Dette var ideelt, ikke sannt? Men, Livet er ikke altid so. Skræddaren, som sat godt i det, miste sine „Kunder“, den eine etter den andre. Det var mange af desse, som totte vondt om honom og bad, at han, som kunde so godt, vilde laga seg etter Folks Krav. Men han stod paa sit Mønster. Og tilslutt hadde han ikke fleire en nie tie „Kunder“ atter, som fann seg i at Folk flirde aat deires Klædebunad for at halda paa den Mannen, som dei vel stundom smilte aat, men som dei likevel maatte vyrda; og dei skaut saman og gjekk i Borgen for hans Gjeld, daa han gjorde Upbod; for han er ein so ærleg Mann — den eine Dygd fylgjer den andre — at det skar honom i Hjarta, at han ikke kunde bitala kver Mann sit. Men hans Kone skilde seg fraa honom, for ho var ikke so ideal, men sagde, at han maatte vera galen. Og det var ikke so godt for hena heller. Ho laut laga til Maten og staa nærast dei smaae Barnamunnane, og derfor skal Ingen taka hena det illt up, om ho sagde til Mannen sin som ei klok Kone eingong til meg, som og heve mine „Ideer:“ ¹„Ja, ja, dette kan vera godt nok, men sjaa, om du kan leggja det i Gryta!“ Men no maa Skræddarkona trega sin Utrugnad; for no kjem han seg. Klædebunaden etter hans Mønster kjem no fram atter, og han, som gjekk paa Dampkjøken i somange Aar og stridde so for Tanken sin, han heve no den Glede attaat at sjaa sine tvo Søner koma til Manns; for Faderen lærde deim sine Grunnsetningar og det laag liksom i Blodet at vera ideelle.
Eg heve so stor Sans for det „practiske“ Livs Krav, at eg ikke vil stella fram denne Mannen som Mønster for alle Næringsdrivande. Me ero tidt nøydde til at slaa af paa vaare Mønstertankar og „tuta blandt dei Ulvar, me bu“. Men du kan likevel draga deg denne Skræddaren til Ettertanke og taka etter honom, somyket du orkar at bruka og gjenomføra i Livet, og naar du gjerer dette, so er du inne paa det, som skal adla di Livsgjerning. Det er ikke nok at segja med Skorsteinsfeiaren: „Det er svart, men det er ein blank Skilling at tena;“ for dette er at gjera Skillingen til Husbond og Maaten at tena den paa til Træl. Det er at segja, at „alle Vegjer ero like gode, som føra til Pungen“, og eg tarv ikke fortelja denne uplyste Forsamling Tanken i dette.
Eg heve gjort mange Ting i mine Dagar, som gjorde meg skamfull, Gud naa’s, men ingenting verre en dette: Det var ein Kveld paa ein „Restauration“ i Christiania, eg trefte saman med ein Kambmakare, som var nokot leid og liksom kry af si Velstand. Eg tagde meg lenge; men tilslutt slog eg paa Kambar og dei Villdyr, som desse koma i Kast med; og Mannen vardt som slegjen paa Kjæften og gjekk ut. Men eg var verre faren, der eg atter sat; og heimatter gjekk eg med mine Nasar i ein Klut, for det at eg, som daa skal heitas ein uplyst Mann, skulde hengja meg i ein Manns Yrke, reint ut hava Standsfordomar, og ikke vita, at det er Mannen som adlar Verket og ikke Verket Mannen. Eg burde hava komet ihug daa, som eg baketter gjorde, at eg tidt heve havt meir aandfulle Samtaler med Folk i Graakufta en med mangein boklærd Mann. Det nyttar nemlig ingenting at lesa for den, som ikke heve Hovud til det. Han kan læra og læra, og bli so lærd, at det mest ingen Ende er paa det; men han verdt like tom paa sjølvtenkte Tankar. Og det er fyrst desse, som hava nokot Værd i Tankelivet og gjera Mannen til eit Menneske; for med Andres Tankar er han berre ei Maskine. Om du derfor kostar aldri somyket paa slike Folk, so er det Saud i sama Skinn, og der er og dette Ord om desse: „Det verdt aldri Folk af Grisen“.
Med alt det me ero paa Fesjaa, so enda me med det, at det er Mannen, som er Hovudsake og ikke det Yrke, som slumpar til at vera hans Livsgjerning. Til all Lykke er det so; for Mangein kjenner vist med seg, at han ikke er komen dit, han skulde. Me leita Alle etter vaart Livskald, me liksom skjelva og diddra i Likning med Magnetnaale for at finna det sanne Nord. Eg leitad slikt til eg var in paa fyrti Aar, eg. Det er derfor godt, at der finnst ein Utveg for os, om me hava tekjet mist, og denne er, at me adla vaar Livsgjerning, om den er aldri somyket imot vaart Ynske, og at me soleids liksom gjenløysa os. Derfor kan du, som alar Fe og maa grava i Makk og Mold vera likso god som sjølve Presten, naar du ellers er det i Hug og Dug.