Oskelabben og Asnet
Oskelabben og Asnet.
So var det og ein Gong ein Mann som hadde tri Søner. So døydde baade han og Moder deira, og dei tvo eldste Gutarne toko alt det, der var og beid og fannst, og leto Oskelabben vera atter einsamall med nokre smaae turkade Braudmolar til eta paa.
So toko dei ut, desse tvo Brøderne, og vilde av og tena. So komo dei paa ei stor Slett og der lagde dei seg til sova. Daa kom det til deim ei eldende gomoll Kjering, — ho var so gomoll, at ho gjekk tvihendes paa ein Stav og riste og skalv, so ho ristest mest sund —, og ho bad um ho maatte faa ein Matbite med deim, — ho hadde ’kje smakat Mat paa eitt hundrad Aar, sagde ho.
„Ja heve du bidat so lenge, so kann du bida sidan og,“ sagde dei, „me hava ’kje meir en me turva sjølve: d’er ’kje visst ko lang Veg me kann koma til gjera.“
„Ja det er væl so det,“ sagde ho.
Um eit litet Bil komo dei til ein Kongsgard. So funno dei Kongen heime og spurde um dei kunde faa Tenest hjaa honom.
„Kvat kann de gjera daa?“ sagde Kongen.
„Nokot so nær, kvat helst Kongen set oss,“ sagde dei.
„Eg er so sutfull og illa faren,“ sagde han, „eg heve mist alle mine tri Døtter, den Dag dei skulde standa Brud. Eg bryr meg litet um Folk, men de kunna nog faa vera.“ So vaaro dei der ei lang Rid.
So samnade Oskelabben i Hop dei Braudmolarne, der var atter, og tok ut, han og. So kom han paa ei stor Slett og lagde seg til kvila. Daa kom det ei eldende gomoll Kjering til honom, — ho var so gomoll, ho gjekk tvikrokutt paa ein Stav, og skuddrade og skalv, so ho gjekk mest sund.
„Vil du gjeva meg eit Grand Mat med deg,“ sagde ho, — „eg er so solti, eg heve ’kje smakat Matbiten paa eitt hundrad Aar.“
„Ja heve du bidat so lenge, so er det ’kje for tidlegt, du fær nokot litet aa liva av daa, gamle Mor!“
„Og etter di at du kallade meg „gamle Mor,“ so skal eg visst gjera deg eit Morsstykke atter.“
„Men eg heve so ring Mat, eg veit ikkje korso du kann eta’n?“
„Jau, det er det same; naar du gjev meg det, so gjerer du det av eit godt Hjarta.“
So aat ho, og so sat han og kvilte. So gaadde han eit Bilæte, som hekk upp-i ei Graan, og det kleiv han upp og tok ned. Daa sagde den gamle Kjeringi det: „Det skal du ’kje hava nokot med,“ sa ’ho, „for det er Bilætet av den yngste Kongsdotteri, og no kjem du aat same Garden, som Brøderne dine, so gaa dei, at du heve det, og so ganga dei og kvisa fyre Kongen og segja det, at du heve Bilætet av den yngste Dotteri hans, og at du heve sagt, du kann henta henne atter, naar du vil, men at du er rang og inkje vil, — og det er paa den Maaten, at dei vilja faa gjort Ende paa deg. Du skal aldri hava nokot med det, du kjem berre i Uheppa; lyd du meg!“ sagde ho.
Men han tykte det var so vænt, han kunde ’kje umbera det, annat laut hava det med seg.
„Ja du fær so gjera, men du tregar daa paa det,“ sagde ho.
So kom han til Kongsgarden og fann Kongen ute i Tunet.
„Kann eg faa Tenest hjaa deg i Dag?“ sagde han ved Kongen.
„Ja kvat kann du gjera?“ sagde Kongen.
„Eg kann stjorna Hestarne,“ sagde han.
„Ja slik ein treng eg,“ sagde Kongen.
So stjornade han Hestarne, og dei vordo so feite, at det var so det glansade av kvart Haaret; og han vardt godt likad av alle deim der var, og Brøderne hans vordo hatade av alle deim der var og beid. So vaaro dei no so sinnade paa honom fyre detta og vilde sitja um honom og tyna honom, fyre alt det dei visste. No gaadde dei at han hadde detta Bilætet, — og det hadde han uppaa Stalltrevet —, som han gjekk og glodde paa kvar Dag. Daa sagde dei det til Kongen:
„Denne Hestestjornaren som du heve fenget deg, han heve eit Bilæte av den yngste Dotteri di, og han heve sagt at han kunde føra henne heim atter, um han vilde; men han vil inkje,“ sagde dei.
So spurde Kongen Oskelabben um det var sant, detta. Nei han visste ’kje um nokot Slag, anten um Dotter hans elder korso ho var lagad, men han hadde funnet detta paa Vegen i ei Graan.
„Lat meg sjaa det!“ sagde Kongen.
So kjende han atter Dotter si med same han saag det. „Det er det same,“ sagde han, „du skal faa meg Dotter mi heim atter, kvar du tek henne! — for henne held eg kjærast og ho var mest med meg, og eg ser det lukkast og trivst so godt fyre deg, al Ting; kunde du henta meg henne atter, skal du faa henne til Kona og Helvti av mitt Land og Helvti av mitt Rike.“
So vardt Guten so illa faren yver detta, at det var syndlegt, — greet og illa leet —, og Brøderne hans gjorde berre gliste og logo aat honom. Daa kom han i Hug den gamle Kjeringi, og so vilde han ganga til henne atter og spyrja seg fyre, korso han skulde fara. Naar han daa kom paa den store Sletti, møtte han Kjeringi atter. „Kvat er du græt fyre og er so sutfull yver idag?“ sagde ho.
„Eg græt fyre di, at Brøderne mine hava sagt til Kongen, at eg kann henta Dotter hans atter, um eg vilde; og no drep han meg, gjerer eg det inkje,“ sagde han.
„Ja eg sagde det til deg; kvi lydde du ’kje meg?“ sagde ho.
„Jau, men eg tykte det var so vænt, eg kunde ’kje umbera det,“ sagde han.
„Ja no fær du ganga til Kongen atter,“ sagde ho, „og bidja um Nista og ein god Peningpung og Hest og Sadel og tolv Ukseskrottar og tolv Hesteskrottar og tolv Griseskrottar og tolv Hestehuder og tolv Tunnor Tjøra og tolv Tylvter med Hestskosaum, og det fær du med same du krev det. So skal eg fylgja med deg eit Stykke paa Veg, eg,“ sa ’ho.
So gjekk han heim til Kongen atter og bad um alt detta. Den gamle Kjeringi fylgde med.
Daa han so hadde fenget det han tyktest turva, toko dei ut atter og foro langt og lenge. So komo dei til eit skymelege stort Flog-Fjell, som dei visste seg ingi Raad til aa sleppa upp-i. So kom der ein Ravn. „Tak denne Guten og lyft honom av upp-aa Fjellet, du!“ sagde ho til Ravnen. „Ja set deg paa Ryggen min!“ sagde Ravnen. So gaadde ikkje Guten aat, fyrr han var upp-aa høgste Fjellet, og der gjekk det og valtrade ein Trollunge, som hadde vinglat seg burt. So tok han denne Trollungen og hadde med seg og kom til ein Risegard med honom. Daa vardt Risen so glad fyre di han hadde komet atter med Ungen hans, og spurde kvat han vilde hava i Løn. No hadde Kjeringi fortalt Guten fyrr, at so skulde skje, og hadde sagt honom, at han maatte ’kje taka nokot fint og gildt i Løn, men taka det gamle Asnet, som stod att-um Dyri i Stallen. — Ja, han vilde helst hava ein Hest, sagde Guten. — So tok Risen honom ned i Stallen: der stod so mange og gilde Hestar, at det var ’kje med nokot Horv; men so kagade Guten att-ikring Dyri, der stod eit litet graatt Asen:
„Det vil eg hava,“ sagde Guten, „det er Maaten fyre meg.“
„Ja han laug fyre deg, den som sagde deg det,“ sagde Risen.
So hekk der so fullt med Sadlar og Beitsl, som vaaro so gljupe og gilde, — det glein med Gull og Glimesteinar etter kvar den Reimi; men Guten tok eit Skarve-Sadelreid, det ringaste han fann: „det er Maaten etter Hesten,“ sagde han.
„Ja eg er traud til lata deg detta alt saman,“ sagde Risen, „men naar eg heve lovat det, so fær du væl faa det.“
So sadlade Guten Asnet og sette seg paa og reid avstad. Daa han kom nokot paa Vegen, tok Asnet til aa tala. „Du heve ein lang og vanskeleg Veg aa taka paa, du,“ sagde det, „men eg skal hjelpa deg til, so godt eg kann.“ So reid dei yver Berg og djupe Dalar, yver Fjell og Finne, lengstom og lenge.
„Ser du nokot, at det lyser langt burte?“ sagde Asnet. „Nei eg ser visst inkje nokot lysa,“ sagde Guten. So kvilte dei og so rido dei atter lengstom og lenge. „Ser du nokot, at det lyser no?“ sagde Asnet. „Ja eg tykjest sjaa ein Ljoske langt burte, men det er berre so myket eg øygner det.“ „Ja det er Messingborgi som den eldste Kongsdotteri bur i.“ So kvilte dei og so toko dei ut atter, yver Heidar. „Ser du nokor Lysa no?“ sagde Asnet. „Ja det lyser so, at eg tykjer vondt glosa paa det,“ sa Guten. „Ja no ero me ved Messingborgi daa,“ sagde Asnet; „og her standa tvo Einhyrningar utanfyre og dei ero so vonde og fæle, at dei vilja drepa kvat dei sjaa, og dei ero Vakti fyre Messingborgi.“ „Eg fæler fyre at eg verd rædd, eg, no,“ sagde Guten. „Aa nei, inkje rædd!“ sagde Asnet; „du heve væl dei tolv Ukseskrottarne og dei tolv Hestehuderna og dei tolv Tjøretunnorna; so fær du slaa i Venda seks Tjøretunnor og breida utyver seks Hestehuder og leggja tvo Ukseskrottar paa kvaar Hudi, so koma dei imot deg, som dei vilde eta deg upp, so skal du segja det: „De skulo faa Mat av meg, vilja de hjelpa meg igjenom Berget: so skulo de faa tolv Ukseskrottar;“ so verda dei blide paa deg. Og med dei eta, set du Eld paa Tjøra.“
Ja Guten so gjorde, gav Einhyrningarne denne Maten, og dei vordo glade og fegne og lovade aa hjelpa, og so aato dei upp Ukseskrottarne, so fort dei kunde. So hadde han sett Eld paa Tjøra, med dei aato, og Einhyrningarne fyre inn igjenom Berget og sporade avstad, so Guten hadde si arme Naud med aa fylgja, og Tjørerøykjen fylgde med inn igjenom, og den Stæken tolte dei inkje: med same dei komo igjenom Berget, so dotto dei daude baade. Daa sagde Asnet: „No fær du ganga av inn i Messinghuset og spyrja um Risen er heime idag. Men det er han ikkje, han er ute og veidar. Med same du kjem inn, heng der eit stort Sverd med eit Horn jamsides, attanfyre Dyri; so skal du drikka tri Vendor av Hornet og so lyfta ned Sverdet, og det lyt du hava med deg, baade Hornet og Sverdet. So skal du standa der litet Grand, so kjem der ein Rise med try Hovud og segjer det: „Hu, hu, her stækjer kristet Manneblod!“ „Ja kann henda,“ skal du segja, „men du tarv ’kje blaasa i Nosi fyre di: du skal ’kje lenge hava vondt av di,“ segjer du. So tek du Sverdet og høgg av honom Hovudet.“
Detta var det Asnet sagde. Guten so gjorde, hogde av Risen alle try Hovud i eitt Hogg, og kastade deim av aat ein Ormegard, og der vordo dei uppetne paa eit litet Bil. So drap han Risen.
Daa vardt Kongsdotteri so glad: „No heve du frelst meg, no vil du væl hava meg,“ sagde ho.
„Ja, naar eg kjem tilbaka, skal eg sjaa,“ sagde han.
Kom no Guten ut atter til Asnet med Hornet og Sverdet.
„Du var lenge,“ sagde Asnet.
„Eg kunde ’kje snøggare vera,“ sagde Guten.
„Set deg no paa Ryggen min!“ sagde Asnet.
So toko dei ut atter, yver Berg og djupe Dalar, yver Fjell og Finne. „Ser du nokot, det lyser langt burte?“ sagde Asnet. „Nei langt ifraa.“ So kvilte dei ei liti Rid, og so bar det avstad atter, so kaldlege langt. „Ser du nokot lyser no?“ sagde Asnet. „Ja no tykjest eg sjaa som eit Vederljos langt burte, men det er so langt, det er berre so vidt eg ser det,“ sagde han. „Ja det er Sylvborgi, som den andre Kongsdotteri bur i, det.“ So kvilte dei og so toko dei ut atter, yver Heidar. „Ser du nokor Lysa no?“ sagde Asnet. „Ja no lyser det so at eg kann illa skoda paa det,“ sagde han. „Ja no ero me ved Sylvborgi daa,“ sagde det, „og her liggja tvo Drakar fyre Vakt, og dei koma imot deg, som dei vilde eta deg upp, — men du maa ’kje vera rædd; du skal støyta i Venda dei andre seks Tjøretunnorna og slaa ned-i dei tolv Tylvterna med Hestskosaum og breida ut-yver dei andre seks Hestehuderna og leggja tvo Hesteskrottar paa kvar Hudi; so falla dei yver denne Maten, og med same set du Eld paa Tjøra, so brenn det upp baade Drakar og alt saman, og so døy dei av Stæken av Jarnet.“
So gjekk det, liksom Asnet hadde sagt. Naar han hadde gjort Ende paa Drakarne, gjekk Guten av inn i Sylvborgi: sat der ei væn Møy paa Bordet og saumade.
„Er Risen heime idag?“ sagde Guten.
„Nei, men han kjem snart atter,“ sagde Gjenta, „og daa drep han deg.“
„Aa det trur eg aldri,“ sagde Guten.
So var det eit litet Renn, so kom der ein Rise med seks Hovud og burade og beljade og var so vond, at det var so det riste i heile Sylvborgi.
„Kvat er det for ein Vesalgut, som gjeng heran?“ sagde han.
„Det tarv du ’kje syta fyre, du skal ’kje lenge hava vondt av di: eg skal snart drepa deg, eg,“ sagde Guten. Dermed tok han Sverdet i baadom Hondom og hogde av alle seks Hovudi i eitt Hogg og slengde det av aat ein Ormegard, Hovud og alt saman, og der vardt det uppetet paa eit handsnutt Bil.
„Ja no heve du frelst meg,“ sagde Kongsdotteri, „no vil du væl hava meg, og no eig du alt det du ser.“
„Ja det kann henda,“ naar eg kjem tilbaka,“ sagde Guten.
Kom no han atter til Asnet. „Du var lenge,“ sagde det. „Ja det kann væl so vera,“ sagde Guten. „Set deg no paa Ryggen min!“ sagde Asnet. So reid dei yver Berg og djupe Dalar, yver Fjell og Finne. „Ser du nokot det lyser langt burte?“ sagde Asnet. Nei han saag inkje. So kvilte dei ei liti Stund og so foro dei atter langt og lenge. „Ser du nokot det lyser no?“ sagde Asnet. „Eg tykjest sjaa som ei Stjørna langt burte, men det er so langt, det er berre so myket eg ser det,“ sagde han. „Ja det er Gullborgi, som den yngste Kongsdotteri bur i,“ sagde det. So kvilte dei nokot lenge og so toko dei ut atter, yver Heidar, langt og lenge. „Ser du nokor Lysa no?“ sagde Asnet. „Ja det lyser so, at det set i Augo mine, so eg kann ’kje glo,“ sagde han. „Ja no ero me ved Gullborgi daa,“ sagde det; „og her liggja tvo Lindarormar til Vakt utanfyre, og dei hava leget og sovet i hundrad Aar. Og no maa du bera fram alle Griseskrottarne og leggja i ein Haug, og so koma dei, og so ero dei so vonde at, med same dei vakna, grava dei Dottarne utor Augom sinom: det er so Fillorna fjuka. Men du maa ’kje vera rædd: du spring ifraa, til dei hava etet seg mette; so verda dei tyde og blide paa deg. Og no er det Middags Leite, og nett no heve Risen teket ut, so kjem han atter Midnættes Tider, og naar han er burte, ligg Kongsdotteri og søv, og du kjem inn og ser henne, men du fær ’kje tala med henne, av di ho søv: ho er fortrollad med Dvaledrykkjer. Men ho er so væn, at du maa leggja deg jamsides henne og skoda paa henne. Men ligg du lenger en til inn imot Midnaatt, so kjem her ein Rise med nie Hovud og drep baade deg og henne, — so er det ute med alt saman.“ Nei det skulde han inkje, sagde han.
So gjorde Guten liksom Asnet hadde sagt, gav Lindarormom Griseskrottarne og kom fram um og inn i Gullborgi: der laag Kongsdotteri i Kvila; ho var endaa myket vænare en Bilætet og so raudleitt og fager, at han laut leggja seg jamsides henne i Kvila. Der laag han daa alt til inn imot Midnaatt, so vaknade han og ho og.
„Ja no maa du nøyta deg upp,“ sagde ho, „no kjem her ein Rise med nie Hovud, so vond og fæl, at det dunar og skranglar i kvar Veggjeriva her. So maa du standa ferdug attanfyre Dyri og drikka tri Vendor av Hornet ditt, so verd du so sterk, at du kann sveiva Sverdet att og fram paa Litlefinger, som du hadde eit Halmstraa.“
So kom Risen so tevende vond, at det var so det singlade i kvar Naglen i Gullborgi.
„Kvat er det for ein Sæling, som kjem heran i mitt Hus og vil taka mi væna Brud?“ sagde han.
„Det tarv du ’kje syta fyre: du skal ’kje lenge hava vondt av di,“ sagde Guten.
So tok han og sveivde Sverdet og hogde av honom alle nie Hovudi i eitt Hogg. Daa var han so trøytt, at han tyktest vilja siga ned.
„Ja du maa taka ut atter, so fort du kann,“ sagde Kongsdotteri, „for eg kann ’kje vera med no; eg vil fyrst samla i Hop alt det her finnst og er her. Men eg skal gjeva deg eit Merke paa at eg skal koma etter til Vaaren.“
So klypte ho eit Spjeld ut-or Kjolen sin, som han skulde stappa i Luma si. So maatte han ut atter til Asnet, so fort han kunde, elder og foor det ifraa honom. Naar han kom daa ut atter, var Asnet so vondt, at det var nær, det vilde faret ifraa honom og inkje vilde visst av honom meir; men so sagde han, han kunde ’kje vera fyrr ferdug, og bad det maatte ’kje vera vond paa honom. „Set deg no paa Ryggen min!“ sagde det. So var det ikkje eit handsnutt Bil, so vaaro dei i Kongsgarden atter. So sette han Asnet inn i Stallen og stjornade og gav det godt.
„Kvat skal eg gjera deg fyre di at du heve gjort meg so myket godt?“ sagde han.
„Det gode eg fær av deg,“ sagde det, „det er at du kjem til svelta meg mest i Hel, so eg kjem til aa detta aa Kne.“
„Nei tru eg kann tenkja det?“ sagde han.
So kom Guten inn paa Kongsgarden atter og Kongen vardt glad og tok væl imot honom. Dei tvo Døtterna vaaro komne fyrr og dei kjende honom atter, men dei brydde seg ikkje nokot um honom, men heldo seg med Per og Paal, — og slett ikkje brydde han seg um deim. Og Kongen maatte han vera med kvar Dag, han maatte ikkje vera ut-or Augom hans, og han ventade saart paa den yngste Dotter si, at ho skulde koma, — for Oskelabben sagde, han hadde frelst henne —, men ho var ikkje bui til koma fyrr til Vaaren.
So kom no Vaaren, og so var det ein Dag Guten og Kongen gingo i Hagen og reikade. Daa saago dei eit stort stautt Skip koma siglande inn fraa Havet og stemna inn imot Kongsgarden. So kom det Bod fraa Skipet heim til Kongsgarden, at han skulde koma ned og møta, han som hadde frelst den yngste Kongsdotteri. Og so toko dei paa Skipet ein stor Fugg med raudt Klæde og kastade av Skipet, og det viplade seg beint til Kongsgarden, i ein Vev. Daa spurde Kongen, kven vilde ganga ned og møta.
„Eg gjeng, eg,“ sagde Per, „d’er eg som heve frelst henne.“
Per gjekk. Daa han kom ned aat Skipet, so møtte Kongsdotteri, og ho bar ein liten Gutunge paa Armen, som leikade seg med eit Gulleple.
„Kann detta vera Fader din, detta?“ sagde ho til Barnet.
„Nei, Fader krak ’kje som ein Ostemakk, han,“ sagde Barnet.
So sende dei Per heim atter og bad, at han vilde koma den rette.
So gjekk Paal, — foor likeins med honom.
Daa sagde Kongen det til Oskelabben: „Ja no fær du ganga; men maa eg og vera med?“
So toko Oskelabben og Kongen ut, og so gingo dei etter Klædesfuggen, liksom dei hadde gjenget etter ein annan Veg, og dei andre hadde aldri tort stiga paa honom.
„Der er Far min, der er Far min,“ sagde Gutungen og kryade seg so i Fanget og sagde det: „eg vil ned og møte’n!“
So kom ho imot og dei helsade paa kvarandre, og ho kjende atter Fader sin, og han Dotter si.
„Er du viss paa, at det var du som frelste meg?“ sagde ho til Oskelabben.
„Ja eg tykjest do det vera,“ sagde han.
„Du heve væl det Spjeldet i Luma di, som eg klypte ut or Kjolen, daa du foor fraa meg i Gullborgi?“ sagde ho daa.
Ja det hadde han, — og det maatade inn-mot og var same Stykket. So fylgde dei med til Kongsgarden alle saman. So spurde Kongsdotteri Gutungen:
„Kvat skulo me gjera med dei tvo Brøderne til Far din, som heve loget so styggt?“
„Me skulo rista tri breida Reimar bak og tri breida Reimar framme og straa med Salt og Eimyrja og kasta dei aat Ormegarden,“ sagde han; — so vardt gjort, og dei livde berre eit litet Bil, so var det Ende paa deim.
Oskelabben burt i Stallen, — der laag Asnet aa Kneom i Benken og var mest kvitt, — han hadde reint gløymt det. So vardt han so illa ved, han visste ikkje korso han skulde fara aat.
„Betre meg! kor heve eg faret med deg! Kvat skal eg no gjeva deg til aa faa deg i Stand atter?“
„Du heve væl Sverdet?“
„Ja.“
„Hogg av meg Hovudet, og gakk tri Vendor andsøles imillom Luterne!“
Detta tykte han var vondt, men han gjorde det, og daa stod der tvo Prinsar so væne, — dei hadde aldri seet Maken til Vænleike. So toko dei kvaar si Kongsdotter, og so aatte dei alle dei Borgerna og Riki som Risarne hadde teket og so myket Gull og Sylv, at det var ingen Ende paa. Og so vilde dei hava alting i Hop og so drukko dei eit trifaldt Gjestebod so stort og sterkt, som der aldri heve voret Gjestebod; og eg var med og inkje fekk: so sette eg meg av upp-aa Skaapi og vilde sova, so staup eg av ned i ein stor Strydunge, so kom Folket heim atter fraa Kyrkja og vilde skjota yver Brudi, so vilde dei taka ein Strydott, so trivo dei meg og skuto meg her hit, so sit eg her og raddar og fortel.