Om Stil
Om Stil.
Eg er ikke blind for Nytten af en lærd Stil: den agar eller imponerar mangein Lesare; for han trur, at det maa vera grovt til lærde Menn, som skriva so eit lærdt Spraak. So skriver Futen og Skrivaren, og so skriver Professoren og sjølve Kongsraaden. Det er vel so, at der liksovel skal Uplæring til at skriva daarlegt som godt, men ellers maa der ei Slags Naturgaava til at skriva likso tungt som han, likso philosophisk som han, og likso seigt som han. Og naar ein Mann er fødd med denne Gaava, so er det vist ingenting i Vegen for, at han liksovel som vaare Autoriteter i Regjering, Storthing og Universitet kunde skriva so langt og tungt og uklaart, at Ingen, som ikke var nøydd til det, kunde lesa honom utan at faa Bitaling for det.
Det er underlegt med det: kver Stand og Stilling heve sit Spraak. Der er, som me alle vita, eit „Tjovespraak“, eit „Tatermaal“ osv. Den, som heve nokot Kjenskap til desse „Spraak“, vil snart kjenna Mannen paa Mælet. Det theologiske og juridiske Spraak kan du soleids ikke lett taka imist paa, liksolitet paa det philosophiske Tatermaal. Og mange Historiskrivarar hava likeins i den nyare Tid lagt seg til ei „historisk Phraseologi“. Den lærde Philologen kjenner du snart paa hans Ciceronianske Vendingar, med hans lange Inleidningar til stutte Tankar f. Ex., eller store Trapper til smaae Hus. Mathematikeren kjenner du snart paa det, at han gjeng utvordes up og ned og hit og burt (Qvantitetsbestemmelser). Han Peer f. Ex. skal ikke opna Munnen, utan at du kjenner Mannen paa den mathematiske Tunga. Jamvel han Paal kan ikke skriva eller tala stort utan at det juridiske og advocatoriske Spraak kjem fram. Tateren er ute. Det er med alt dette liksom naar du høyrer ein gammal Skomakare segja „dørne“. Det er „durchnähen“ det skal vera, so du skynar, at hans Kunst er komen fraa Tyskland, og at Mannen er Skomakare.
Det er sagt, at vera eit Merke paa ein vel uplærd og slipad Mann, at du ikke skal sjaa og høyra, hot han er for nokot. Han er Alting og Ingenting, ettersom du teker det til. Han kan snu seg og tala med Forstand og Kjenskap om alt det, som ein uplyst Mann bør vita, men ikke sting det fram, anten han er Jurist, Præst osv. eller ei. Alle smaae Fagsmenn hava gjengjet up i denne heilstøypte Mann liksom Brøker i sin Generalnevnar. Sosnart du i aalmenn Samtale høyrer eller seer, at Handelsmannen, den Militære, Juristen, Presten, Philosophen, Literaten eller Poeten osv. sting seg fram, so er du liksom ikke lenger i godt Selskap. Du kjenner, at du anten talar med eit Narr eller med eit daarlegt Hovud, som ikke heve smeltad til frisk aalmenn Livsnæring Lærdomen sin. I beste Fall talar du med ein Mann utan Tact.
Slikt er det med Stilen; for den, er det sagt, er Mannen sjølv. Eg talar her ikke om alle desse serskilde Stilar, men om ein literær Stil, som aleine er ein Borgare i Bokriget og berer Nationens Spraak og aandelege Liv fram mot sit Maal. For denne Stil er Domarstilen og Prestestilen og alle dei andre Taterstilar liksom Basuner i det store Orgelet hans. Dei glimta fram i Samspilet, men so dei liksom renna burt og den store Tonen vardt tilbake. Vil du derimot gjeva Stilen ei skjemtefull Vending, so kan du f. Ex. lata ein af desse Taterstilar stinga seg fram i si Narrekappe. For at lyfta seg up til ein slik aalmenn Stil er det ikke nok at vera Konge over alle desse Departementer. Det hender tidt, at den Mann, som kan uvanleg mange Ting, er ein Daudstokk og verdt hangande i den Grein, som han kjenner best, og skriver, om han f. Ex. er eit „Departementsgeni“, i Departementsstilen, so at du, om han f. Ex. skriver utan Navn ein Avisartikkel, straks kjenner Tateren. Det skal Oversigt til og grundigt Kjenskap til Spraaket, og fyrst og fremst det gode Hovud eller rettare den gode Magen, som kan smelta all den mangmykne Næring til den aalmenne Mannamaten. Alle Flokar mea greidas ut og alle Knutar løysas. Alt maa fyrst liksom vera piskad ut i Skum og so afklaarad. Naar so den rette Tanken er der, kjem altid det rette Ordet for den, som er Herre over Tungemaalet, og det maa Skribenten vera, likso fullt som Maalaren maa kunna bruka sin Pensel og Jorddyrkaren Plog og Spade.
Men, der verdt kravt meir en alt dette til at skapa den literære Stil. Der skal ein Kunstsans til, eit Øyra for spraakleg Musik, om just ikke so fint som til at gjera gode Vers, so likevel ein Sans for Velklang. Med dette kan du skriva ein livlaus Stil utan Tatervæsen; men for at gjeva Stilen Liv og Mannsmerke, maa du vera ein Mann, eit Flognæme eller Talent og eit Flogvit eller Geni. Lærdomen, Spraaket, Tanken maa faa Flaum og Flod; det maa renna som samsmeltad Malm og verda støypt i di Mønsterform og faa tilslut, som det stend skrivet: Herrens Insegl paa Panna si.
Det er dette, som Schiller kallar den fagre Stilen (die schöne Diction). Paa Trappe nedanfor stend den lærde Stilen (die wissenschaftliche Diction), der Tatervæsenet er i full Flor. Fagsmannen er der med al sin Graastein i Magen, naar me sjaa honom som Stilist og Skribent. Og lenger nede eller lenger uppe, om du vil, idetmindste som det fyrste, er den folkelige Stil, Sagastilen (die populære Diction) som utan at vita det talar greidt og yndefullt, men med alt trongsynt eller borneret.
Du seer her Stilens Trappestige: fyrst er du Barn, so verdt du Tater og so endeleg ein Mann. Det fleste Folk koma ikke lenger en up i Taterklassen, og naar so desse af ein eller annan Grunn vaaga seg til at stiga ned i den lægste Classe, so hava dei mist det barnslige og verda barnagtige eller puerile. Exempel er her nok af ikring os.
Den som er Barn, han kan føra ein folkeleg Stil, og likeins den som heve gjengjet gjenom Taterskapet; men Tateren sjølv kan aldri gjera det. Den fagre Stilen er ein Slags utvidkad og foredlad Sagastil.
Liksom Tanken er endelaus, so er Spraaket; og den sama Sanning kan faa sit Uttryk paa likso endelaust mange Maatar, som alle kunna vera like gode og staa i staden for kverandre. Var det ikke so, vilde me verda sitjande inne med bein- og steingjengne Formler, som paa Slutten maatte drepa alt Tankeliv. „Men, eg kan ikke upgjeva Tankens Stringents“ segjer Mønstertateren, naar han siter der fast med sine Klumpar og „Græske Fiskebein“ i Halsen.
For denne Mannen vilde Tanken koma burt med den „Phrase“, som han fyrst lærde den i. Han er liksom den Skoleguten, som ikke lenger kan prova sin Sats i Mathematiken, naar der verdt sett in andre Bokstavar en dei, som stod i Læreboke, eller naar dei verda sette i eit annat Samband. Den arme Gutungen heve nemlig ingen Tanke, maa vita, om den mathematiske Setningen; men han heve lært nokot utanaat, og solenge det ikke verdt rørt med eller omkomplad, gjeng alt godt.
Og so er her ein Stil, som korkje er ein fager eller folkelig eller just nokon Taterstil heller. Det er ein, som eg vil kalla „Conversations-Stilen“, fordi den er liksom ei Samtale eller „Conversation“ millom lærde (og like lærde) Folk. Daa bruka me nemlig ofte Kunstord fraa alle Verdsens Kantar og liksom halvkvedne Visor, alt for i største Fart at laupa up og ned den størst mogelege Tankestige. Det er lett og hendigt at bruka dette Frimurerspraak eller Telegrafstil, eller hot du no vil kalla det. Men dette er ingen Stil. Det er ikke eingong nokot Tungemaal, men eit Slags Fingerspraak, eller om du so vil, eit Minespil.
Eg brukar tidt dette Spraaket so millom ¹⁴„Utvalde“. Og det var eingong ein af desse, som under ei slik Samtale om dette velsignad Maalstræv trudde, at han rett skulde knipa meg, idet han sagde: „Ja, ja, dette er altsaman godt og vel, men du talar ikke no, som du skriver.“
„Nei, det trur eg vel,“ svarad eg, „dette er ingen literær Stil, men liksom ein Telegraf millom Folk, som forstaa halvkvedne Visor og eit Vink eller Augnakast. Det vilde ganga kvert Tungemaal under ei slik Tankens Galopade som naar du svint spannar paa deg for trange Klæde. Det brakar og rivnar i kver Saumen. Inkje Verdsens Spraak er slikt, ikke eingong det Engelske, naar det mest er mettad med sine grekiske og latinske Ord. Nei, min Herre, me maa kjenna til det, som verdt kallad Spraak og Stil, og naar me kjenna til dette, so samblanda me aldri dette vaart Samtalespraak med den Ting. Det er so lettvinnt at tala som no her, og for Folk med nokotsonær sama Kunskap og aandelege Underbygning er det godt nok; men me forveksla det aldri med eit Tungemaal, hadde eg nær sagt.“
Denne Slags Stilen sjaa me ellers nok af, naar det rett skal vera fint. Og Folk, som ofte sidan læra seg til at skriva godt, begynde tidt med den; og Andre om ellers skrive tolelegt, enda likso tidt med den. Du seer denne Stilen mest brukad i Kritikker. Den er lett. Du kan halvt sovande skriva „guddommeligt“; men du uplyser Ingen; for den, som forstend denne Stilen, han veit det i Grunnen Alt i Fyrevegen, endaa det kanske stundom kan verka vekkjande paa honom og. Men for den, som ikke veit det Alt i Fyrevegen, er det naturligvis eit: Mene, mene, tekel ufarsin.