Hopp til innhold

Om Sæterstell og Bygdarstrid

Fra Wikikilden
Alb. Cammermeyer (s. 200205).

Om Sæterstell og Bygdarstrid.


Sæterstellet er etter Maaten liksom Husstellet heime, so du kan paa Reinsleiken i Bygde heime faa ein Tanke om Sæterlivet. Ved at fara gjenom Landet vil du snart merkja deg, at Reinsleiken og fint Stell er størst i Øysterdalen og daa mest up i Storelvedalen, der Folk hava dei største Skogane og dei største Eigendomar liggja samlad paa faae Hender. Der vil du finna den beste Blanding af Byskik og gammalt Landsstell, med ein national Fargning paa det heile, som visar, at den nye og den gamle Tanken heve skapt seg ei Form, som i den gode Meining maa kallas national. Dei Bygdarlag, som du vil finna i denne Vegen standa nærast Øysterdalen, ero so godt som heile Gudbrandsdalen. Etter desse tvo Dalføre er det vandt at vita den Bygd, som kjem nærast i Reinsleike og fint Husstell. Eg nevner inkje her det store Flatland, for det heve litet eller inkje Sæterbruk. Af Dalføre sunnanfjells kjem truleg Valders og Numedal nærast etter desse tvo nevnde. Innherad er ei Flatbygd og soleids er Sæterstellet der ikke at samanlikna med det i dei mindre Bygder og Dalføre, endaa det stend under Sæterstellet i Øyster- og Gudbrandsdalen, men over det i Valders og dei andre Dalar. Det er ellers ikke so greidt at draga nokor grann Grensa imillom Stellet paa den og den Staden; for Grensa flyter so lett over i den andre, og det gode Grannaskap breider seg ei Stykke ut over det laake. Du vil soleids sjaa, at det gode Sæterstell i Gudbrandsdalen er tekjet nokot etter paa hi Sida Fjelle, baade i Fortundalen og i Lærdal. Det synes mindre at hava verkad paa Valders.

Den gudbrandsdalske Sæter er i eit og alt som ei fin Stogu heime i Dalen berre mindre og med Golv og reintvegne Vegger og Seng og Kopp og Kjerald so kvite, at dei skina. Der kan den mest kræsne Bymannen baade sitja og sova og eta, medan han paa Valdersstødlen berre kan njota med full Trygd „eit Egg, eit Eple og ei Not (Nød)“, afdi desse Ting verda fluste, so det ureine gjeng af med Skalet. Der er no ellers ikke so galet paa Stødlen i Valders helder; for Mjolke stend for det meste i eit Kot for seg sjølv, so Røyk og annat Stygt ikke kjem til den. I dette Stykke stend Sæterstellet i Valders over det gamle i mange Thelemorks-Dalar og Vest-Fjordar, der Mjolkehjelden tidt er ende up under Taket over Sænge og midt i verste Røyken.

Her kan det merkjast at Navnet „Sæter“ er berre uplandskt, medan „Stødel“ (udt. Støyl) brukas jamvel i Valders og ellers sud- og vestover; og Navnet „Sæterbud“ verdt brukad der Ordet Sæter er, medan „Sel“ verdt brukad der dei fara „til Støyls“. I Sverika fara dei til „Fæbodarna“.

Ein stor Grunn til det, at Stellet paa Vaage-Sætrane f. Ex. er so myket finare en det burt i Valders er den Ting, at Vaageværingen gjev up Fodret sit om Vintren til Sæters istadenfor at kjøyra det heim, og soleids er Sætre hans liksom ein Lut af sjølve Garden, der Folk og Fe bu mange Vikor om Vintren. Dei driva Feet til Sæters seinhøystes og so heimatter ved Jolatider, eller naar Fodret er upgjevet, og det kan vera ettersom Sætervollen er stor til. Dette er og Grunnen til, at der paa mange Gardar i Gudbrandsdalen er „Karmannbudeigjor“, liksom i Schweitz; for Gjentune kunna ikke so godt halda ut det harde Vintervedr der tilfjells. Desse „Karmannbudeigjor“ gjeva og eit annat Sving paa Sæterstellet og skura og halda alting so paa Tipp og Taa, at det er som du skulde koma in i det beste Hotel. I Valders derimot er Kona paa Garden med alle Smaaborn til Støyls, og so kan kver vita, at det verdt Hus af, naar no dei med den vesle Grisungen pusta i Oska og dansa kringom paa Jordgolvet. Dette er den gamle Skikken overalt so nær som i desse tvo austlege Dalane, der Kona paa Garden med alle dei Smaae vistnok ofte er til Sæters, men so er der tvo tri Rum i Huset, og der er ellers so vel stelt, at alt gjeng reint og fint til.

Paa some Sætrer mest i Gudbrandsdalen taka dei til at hava Lærarar fraa Schweitz i Ystning og desse gode Døla-Hovud læra seg snart til at taka etter, so me snart faa so god Ost, som det er mogelegt etter Beitet vaart. Eg heve ellers høyrt overalt, at dei ikke lika desse Schweitzerar berre til dette eine, nemlig Ysting. Dei hava det ikke so reinslegt og stella paa langt nær ikke so godt med Buskapen; men det er sparsame Folk, so dei altid leggja seg up ein Skilling. Dette er og nokot af dette nyare og hægre Matstrævet, som er meir velmeint en visgjort, sovidt eg heve funnet det ut ved at tala med Folk, som eg maatte tru paa.

Det er baade Skam og Skade, at der ikke skal vera so godt Sæterstell i dei vestlegare Dalføre som i desse Austdalar. Der er frodigare og betre Beite der lenger Vest, afdi der fell meir Regn. Men desse Bygder maa faa større Sans for husleg Hugnad og trivlegt Stell, før dette kan koma so langt som up til Sætrom. Det vantar ikke Vestmannen paa Vit. Han er javnan eit betre Hovud en Austmannen, men meir vanebunden.

Ein af Grunnane til, at dei vestlegare Dalføre ikke hava lært meir af dei austlegare i Sæterstell som i annan husleg „Cultur“ er den Strid og Aabryskap, som det fraa eldgamal Tid heve voret millom somange, ja dei fleste, af Landsens Bygdarlag. Grannen til slik Bygdarstrid taa fraa fyrst af hava voret den, at det var serskilde Folkeferder eller Fylkingar, som komo in og sette seg ned kver i sine Dalføre. Professor Munch i sit „Norske Folks Historie“ 1ste Bind legg dette godt ut, sovidt som det er mogelegt at faa Greide paa det. Og naar du vandrar omkring i Landet, vil du snart merkja deg ein Tverskilnad millom mange Bygdarlag med Afbrigd i Maal og Klædebunad og Husstell og liksom eit annat Folkeslag med annat Huglynde og Skapnad, f. Ex. vestanfor Langesundsfjorden, millom øvre og nedre Thelemork ved Flaabygd og over Anbjøndalen millom Seljord og Hjartdal, so ned mot Mynningane af Numedal og Hallingdal og ved Hyljeraste millom Land og Valders, og so paa Fjellet millom Gudbrandsdalen og Valders. I kver Bygd er der Segner om Slagsmaal og Grensestrider millom slike Grannafolk, og paa ingen Stad heve eg høyrt dette verre og nyare en millom Valders og Gudbrandsdalen, der me hava slike „romantiske Historier“ som om „Riddarspranget“, og der dei jamvel berre for gode tretti Aar sidan møttes mannsterke paa ein af Vinsterisane og slost om Fiskeretten i dette mest makalause Fiskevatnet. Gudbrandsdølen tapad, segjer Valdrisen, om han var mest dubbelt so mannsterk. Der skal enno vera „Invalider“ etter Slaget paa some Garder. Men der fallt nok ingen, endaa dei stungo og slogo med Isvetkjor og Staurar. — Det var den gode gamle Procesmaaten med Aastadssaker. Der var nok Stevning og Thing daa og, men Kniven var i Bakhaand som Hægsteretsdomaren. Det var liksom det enno er Rike og Rike imillom med „Diplomati“ og „Congresser“ og so som ultima ratio eller sidste Retsgrunn, riflad Kanoner og Bakladningsgeværer. Me skulle ikke læ aat desse gamle Bygdarfolk. Det er likeins enno, men berre i ein større Stil.

Det er utrulegt for eit Nationalhat der kan vera millom slike Bygder, og det rike Tungemaalet heve god Raad paa stingande Slengord til kverandre. Eg veit soleids det var ein Valdris, som eingong sagde — — „Eg er daa eit Menneske, og ingen Døl.“