Olav fær prøva mangt
Utseende
Det norske Samlaget, (s. 14–17).
Olav fær prøva mangt.
Til Kjøbenhavn eg laut, som sagt,
so var det i min Lagnad lagt,
for so i Kongens Bod det heet.
Men dei, som heima sat, dei greet.
so var det i min Lagnad lagt,
for so i Kongens Bod det heet.
Men dei, som heima sat, dei greet.
Men mest greet Anne, arme Møy.
Eg trudde plent ho skulde døy.
Me var trulovat nettupp daa.
Og ut eg laut so langt ifraa!
Eg trudde plent ho skulde døy.
Me var trulovat nettupp daa.
Og ut eg laut so langt ifraa!
Me unge tvo, me lovad heitt,
at me sku’ vera liksom eitt.
Og so fyr Gud me ærlegt svor,
at me sku’ trugne halda Ord.
at me sku’ vera liksom eitt.
Og so fyr Gud me ærlegt svor,
at me sku’ trugne halda Ord.
Men eg vardt burte mange Aar.
Og Tidi lækjer alle Saar.
Eg sende Bod og Bod ho gav,
Men sidst eg fann, ho dovnad av.
Og Tidi lækjer alle Saar.
Eg sende Bod og Bod ho gav,
Men sidst eg fann, ho dovnad av.
Det kom ein Gut med større Gard.
Og trugad vardt ho av sin Far.
Det Bodskap var mitt fyrste Slag.
Eg trudde det var Domedag.
Og trugad vardt ho av sin Far.
Det Bodskap var mitt fyrste Slag.
Eg trudde det var Domedag.
Eg gjekk og hatad kvar og ein
og flaug som Troll i Berg og Stein.
Eg ingen saag i Hugen glad;
eg minnest enno det eg kvad:
og flaug som Troll i Berg og Stein.
Eg ingen saag i Hugen glad;
eg minnest enno det eg kvad:
„Her er so tungt fyr Mann og Møy
i dette Liv so sjukt og saart.
Me slita stridt, fyrr me faa døy
og sleppa dette Livet vaart.
Ja, Livet er ein Klagesong,
og Ljoset sloknar fyr vaar Fot.
Her er slik Armod, Naud og Trong,
at Blodet spring fraa Naglarot.
i dette Liv so sjukt og saart.
Me slita stridt, fyrr me faa døy
og sleppa dette Livet vaart.
Ja, Livet er ein Klagesong,
og Ljoset sloknar fyr vaar Fot.
Her er slik Armod, Naud og Trong,
at Blodet spring fraa Naglarot.
Dei ljose Stunder i vaar Sorg,
naar Livet liksom lyser klaart,
me taka Himilen paa Borg.
Men me faa svida fyr det saart.
Det spring fraa Smil til Auga vaatt,
der Lik kjem inn i Brudlaups Lag;
og Notti kjem med graatt i graatt,
og svarte Sky med Toreslag.
naar Livet liksom lyser klaart,
me taka Himilen paa Borg.
Men me faa svida fyr det saart.
Det spring fraa Smil til Auga vaatt,
der Lik kjem inn i Brudlaups Lag;
og Notti kjem med graatt i graatt,
og svarte Sky med Toreslag.
So ilt det heile Livet læt
og sveiper seg i svarte Sut.
Det er, som Jord og Himil græt
og lengtar etter Løysning ut.
Kvar Drope Dogg er som ei Taar.
Me takka maa, me Kjelda fann,
so me faa dogga Sorgi vaar,
og med i alt me graata kann.
og sveiper seg i svarte Sut.
Det er, som Jord og Himil græt
og lengtar etter Løysning ut.
Kvar Drope Dogg er som ei Taar.
Me takka maa, me Kjelda fann,
so me faa dogga Sorgi vaar,
og med i alt me graata kann.
Ein Krig det heile Livet er:
Kvar river aat seg olm og yr
og spenner, høgg og sting og slær,
og biter som eit annat Dyr.
Ein eta vil den andre upp
og svelgja alt, han veit og kann.
Det gjeng paa Plunder hovudstup
fraa Makk i Mold og upp til Mann.
Kvar river aat seg olm og yr
og spenner, høgg og sting og slær,
og biter som eit annat Dyr.
Ein eta vil den andre upp
og svelgja alt, han veit og kann.
Det gjeng paa Plunder hovudstup
fraa Makk i Mold og upp til Mann.
Det er slikt Bit og Slit, at du
kann missa baade Vit og Sans,
naar du skal leika deg og snu
i denne ville Drauga-Dans.
So upp og ned og paa og av
me storma denne Dansen lang,
til dess paa Slutt den opne Grav
oss teker i sitt svarte Fang.“
kann missa baade Vit og Sans,
naar du skal leika deg og snu
i denne ville Drauga-Dans.
So upp og ned og paa og av
me storma denne Dansen lang,
til dess paa Slutt den opne Grav
oss teker i sitt svarte Fang.“