O. J. Høyems bondehjelpar i ny mynt, mål og vegt/3

Fra Wikikilden

Alle tal er gjort av eittale. Tala ifrå 1 til 10 har særeigne grunnamn; og det er let gjort å lære, kor mange eittal kvart av desse 10 ordom peiker på. Men ugjerande vart det å lære eit særeigjed gmnnamn for kvart einaste tal i reknerikje. For no å ha klårt oversyn over alle optænkjelege tal og lel berre fåe heilt nye talnamn, så har folk lært å samle til ti såleids:

10 einarar til 1 tiar,
10 tiarar til 1 hundr,
10 hundr til 1 tusen,
10 tusen til 1 titusen,
10 titusen til 1 hundrtusen,
10 hundrtusen til 1 tusentusen ell. 1 million,
10 millionar til 1 timillion,
10 timillionar til 1 hundrmillion,
10 hundrmillionar til 1 tusenmillion ell. 1 milliard osv.

Slike samlingar på ti, som: 1 tiar, 1 hundr, 1 tusen osv. kalles større eller høgre einheiter.

Kvart tal kan skrivas med siffer eller „tal“. Dette har folk lært av arabarom; og den konsta er til uhorveleg letting. Men det er og ifrå dem vi har lært å læsa tala rangsøles, som vi tildels bruke ænno. Berre vi segje 15, så tæk vi først fram femma og tia (ten)[1] etteråt; ten er nemleg namnet på ti; læs vi 65, så segje vi likeins einarane (5) først og tiarane (6) sidan.

Ved al tallæsning gjeld det om å andse vel på talroma; for kvart rom gjer talet 10 gangar større mot vinstre leiden, altså 10 gangar mindre mot høgerleiden. I 55 er då den vinstre femma 10 gangar større i værd æn den høgre. — Vil du ha oversyn over eit stort tal, så fæster du først auga på det sifret, som står længst til høgre leiden. Dette er einaren og står på einarrome.

t. d: 6 billion
2 hundrtusenmillion
3 titusenmillion
4 tusenmillion
5 hundrmillion
6 timillion
7 million
7 hundrtusen
8 titusen
9 tusen
1 hundr
3 tiar
3 einar

Skriv eg 13 eittor slik: 1111111111111, så har eg 13 einheiter; og kvar vinstre grannen er då 10 gangar større æn den høgre sidemannen sin; altså er kvar høgre sideman berre tidelen av sin vinstre granne.

Medan 1 einar er tidelen av 1 tiar, så er han hundrdelen av 1 hundr og tusendelen av 1 tusen osv.

Skriv eg ei høgre einheit med tal, så fyller eg alle dei lægre einheitroma med nollar, så at eg kan sjå, kvad eittalet gjeld for: t. d. 1000000 (ɔ: 1 million).

+ d. e.: og; ÷ d. e. fråtekjed; × d. e.: gång; : eller ) ( d. e.: delt i deler; = d. e.: er.

1000 = 10 × 100; 100 =¹/₁₀ av 1000.
100 = 10 × 100; 10 =¹/₁₀ av 100.
10 = 10 × 100; 1 =¹/₁₀ av 10.
1 = ¹/₁₀ av 10 + ¹/₁₀₀ av 100 + ¹/₁₀₀₀ av 1000 osv.

  1. I tysk kalles ti: tsén, i engelsk både : ten, tin og ti, altså i grttnnen det same som vårt: -ten og ti.