O. J. Høyems bondehjelpar i ny mynt, mål og vegt/2

Fra Wikikilden

Det lever på jorden ikring 4 millionar menneskjor, som segje: „deka, hekto[1], kilo“, når dei meine 10, 100, 1000, og ein 110 millionar, som segje:„ desi, senti, milli[2]“, når dei meine: tidels, hundrdels, tusendels. Dei 4 er græske, og dei 110 er latinske folk, som både to er av same folkætten, nemleg den romanske, og bur på dei 3 halvøyom i sørevropa, i Frankrike og søramerika.

Men så lever det på jorden over 160 andre millionar, som har heimstaderne sine alt ifrå alpebergom i Sveis og op til nordishave og ifrå austbreiddom av bottenhave i evropa til Kalifornien ved stillehave i nordamerika. Alle desse er og av same ætten, nemleg den gjeirmanske; elles heite dei nordmænner, svenskar, danskar, tykskarar, sveisarar, hollændingar, belgiamænner, englændingar, færøyingar, islændingar og nordamerikanerar. Dei bur og mykjed godt i andre storlottar av jorden og styre einard i australien og over store land både i afrika og asien.

Denne gjeirmanske folkfærda står som den første i verden, når det gjeld oplysning; ho er og længst framkomed i folkfridom og folkeleg sædhevd og kan, i einingskap med seg sjølv, godt råde over alle andre folkslag på jorden.

Men når desse 160 millionarne meine: 1, 10, 100, 1000 og ¹/₁₀, ¹/₁₀₀, ¹/₁₀₀₀, så segje dei alle på det nærmaste: ein, ti, hundr, tusen og likså: tidel, hundrdel, tusendel. Det er såleids berre fjas og fjuntror til eigja skam og plage, når denne store, „jordstyrande“ ætta går utom heimen sin etter slike namn som dei ovannæmnte; hennar eigne er likså stutte og letsagte, og det, som våttar mest, dei forklare seg sjølv for eigarom sine; men dette gjer hine framande aldri, då dei ikkje har ei einaste ordrot på den gjeirmanske folktungon. Dei må defor læras som ein tom ordlyd og al sin dag brukas som ein tom lyd. Sjå berre no på spesieordet, som vi hadde i 60 år, utan at folk visste det grand om, kvad det eigentleg vilde segje; og sjå på tusen andre ord, som det er likeins med!

Det høvde os defor best å halde op med ny intaking av vilframande ord; vi har rundeleg rikt ordforråd sjølv, såleids og no for nyt mål, vegt og mynt og for rekningen etter desse. Når såg vi, at romanfolkja tok op gjeirmanske ord, fordi om dei fik nye tankar og opfinningar ifrå nordgrannom sine i evropa og amerika? Hertil kjem no det, at det er ugjerande for gjeirmanom å bruke framandorda ret, segje dem ret; defor bli dei vonom før reint vanskapte og det så stærkt, at ingen korkje i nord eller sør vil kjennas ved desse krøplingom. Hør berre åt, så held du med meg! Og denne gata vil det og gå med deka, hekto, kilo, osv. Bonden, som kjem med komeli for komedie, reperere og repetere ja retirere for reparere, eksere for eksersere, akkedere for akkordere, boletta for épålettar, pantlær for bangdolier, selativ for sedativ, kabbelere for rekapitulere, pønse for pangse, remeli for remedium, marsjon for konfirmasjon osv. osv., han vil og snarleg koma med kjele, kjel, hækte, hækt, dekke (dokko), desse, sente, (sant), mælle osv., ja kvem veit, ænog med „millom“ osv! Og så bli han då æt etter æt til låt-og-løgje og spot for dei meire optæmte byfolk og målkunnige. Men dette er her ingja trang til. Det må væra rundeleg nok, at alle verdsens folk måle, veg og rekne like stort og dele einheita på same sættet, om dei ikkje skal plage kvarandre til å bable fram dei ømse mål- og vegtstorleikerne med framande folktungor og dermed stå som apekattor seg sin-imillom og som mismætarar av fædrom og av deres og sine eigne tungemål. Ein slik ein tanke leidde engelskmannen til å kalle 100 ℔ikkje sentner, men „1 hundrvegt“ og til å kalle 1 „libra“ og 1 „denarius“ beint fram: 1 pund og 1 penning (penni), om han æn merkjad namna med L (libra) og d (denarius), liksom eg merkjer potta med 1 (liter). Det vil visseleg også vækkje både latter og vreide hos vårt landsfolk, når det må til med ordelag, som desse: ein hæktar står og arbeider på ein hektar! ɔ: den norske hæktaren dænger den græske hektaren med græve!

At kjøpmannen i brevveksling med folk utanfor dei gjeirmanske landmerkja tildels måtte bruke andre talnamn (liksom reint framandt språk al med seg), det vart ei sak for seg. Om så han måtte skrive både arabisk og kjinesisk, kvad kom det dei 160 millionom ved i deres daglege lag og i samkvem seg sin i millom!

Nidaros, 5te september 1876.

O. J. H.

  1. av: hekaton.
  2. av: desem, sentum, mille.