Hopp til innhold

Nyare Stev

Fra Wikikilden
LauvduskarDet norske SamlagetI. II (s. 2124).

Nyare Stev.


Aa vil du hava meg til aa kveda,
det skal eg gjera med største Gleda;
og eg skal kveda so vænt fyr deg,
at du skal gløyma deg sjølv og meg.

Og mina Visor dei er so snaale,
som Borken traavar paa Isen haale;
og mina Visor dei gjer’ ein Sleng,
som litle Guten paa Skeisor gjeng.




Lat koma alle fraa Fjell og Dalar,
lat koma alle som Bymaal tala!
Dei vardt ’kje gaadde, der du kom inn:
ein ser ’kje Stjernonn, der Soli skin.

D’er faafengt øyda sitt Korn paa Gagli:
ho vil ’kje sitja paa dinom Vagli;
d’er faafengt øyda din Ros paa meg,
det munar inkje, det segj’eg deg.




Mi Ungdoms-Gleda hev reint burtsvivet,
eg veit ’kje kvar ho hev etter blivet.
Mi Ungdoms-Gleda hev faret fort,
som Skodd fyr Vind og som Dogg fyr Sol.

Og Ungdoms-Gleda er liksom Draumen:
ho fylgjer med oss som Stokk i Straumen.
Naar Flaumen stadnar, er Skjutsen endt:
so kann og Gleda til Sorg bi vendt.




I denne Verdi so myket vantar,
og Suti møter paa alle Kantar,
og Suti gjenger stødt jamsids med,
som Skidgard fylgjer ein Aalmannveg.

Og liksom Lauvet um Hausten bleiknar,
det store Modet med Tidi veiknar;
som Lauvet bleiknar og fell til Jord,
so folnar Fysna og store Ord.




Paa Loftet Guten han laag i Tankar,
so tykt’ han Gjenta paa Dyri bankad,
so reis han upp og vild’ slepp’a inn:
daa han saag til, var det ingen Ting.

„Naar eg sovnar og naar eg vaknar,
so er det Gjenta mi som eg saknar;
kvar eg gjenger og kvar eg ser,
so leikar Gjenta i Hugen her.

No hev eg voret i alle Dalar
og skodat Gjentonn i alle Gardar;
no hev eg voret baad’ Aust og Vest,
no veit eg væl, kven eg likar best.“

Den litla Gjenta ho sat i Draumann,
ho drøymd’, at Skraddaren sat og saumad:
han sat og saumad paa Brudarplagg,
ho skuld’ ha Brudlaup den same Dag.

„Guten min han er nyst uppvaksen,
han finnst ’kje finar paa Kyrkjebakken,
han finnst ’kje finar paa denne Jord
under klaare Himmel og blanka Sol.

Og naar eg kjemer paa Kyrkjebakken,
so spyr dei meg, kven som eiger Blakken;
daa svarar eg, som eg var i Draum:
den eiger Blakken som held i Taum.

Og naar eg høyrer, den Guten talar,
tykj’ eg det song uti Berg og Dalar;
og naar eg høyrer, den Guten kved,
tykj’ eg det syng uti Tre og Ved.“




Og tidt og trutt hev eg til deg gjenget,
og aldri Nei hev eg av deg fenget;
og stundom gjenget, og stundom rott,
— aa ja vassat Fossann so mangei Nott.

Og alting gløymest no burt med Tidi,
men aldri gløymest det eg hev lidet:
fyr alt i Verdi kan givast Raad,
men Ungdoms Kjærleike aukar paa.

Den Gjentehugen han er so slengen,
dei aldri hugleggja nokon Drengen;
nei dei hev Ingen i Hjarta kjær,
men ein Slarve-Huge til nokon kvær.

Og sume Drengjer med Friing fara:
det kjem den Dag, dei fyr det maa svara;
det kjem den Dag og det kjem den Tid,
dei vil ha’ usagde Ordi si.




Den litle Guten reid utmed Strandi
og Gjenta etter med Hosebandi:
„Min snilde Gut, aa du bida meg!
Dei Hosebandi deim giv eg deg!“

Han leest ’kje gaa, — han var av dei beste —
— men det var Guten til styra Hesten:
han sette Nosi si end’ i Sky,
so reid han av i eit Søyledy.

„Rett so!“ sa’ Guten, sat att’ i Bakken,
„no løyp hann sjølvstyrt den vesle Blakken,“ —
no tek hann av paa ei gali Leid,
det var fulla betre, du laglegt reid.




Aa mine Visor dei er so mange,
som Heggjeblomarne drys i Fange:
saa hev det voret i al si Tid,
dess meir dei kved deim, dess meir der bid.
Fraa Robygdelaget og Telemarki.