Me skal koma, um inkje so braadt
Utseende
Me skal koma, um inkje so braadt.
1. Dei vil altid klaga og kyta,
at me ganga so seint og so smaatt;
men eg tenkjer, dei tarv inkje syta:
me skal koma, um inkje so braadt.
at me ganga so seint og so smaatt;
men eg tenkjer, dei tarv inkje syta:
me skal koma, um inkje so braadt.
2. Ja, det flyt inkje fram, so det dunar,
(som no ingen kann undrast uppaa);
men det munar daa jamt, ja det munar,
so det stundom er Hugnad aa sjaa.
(som no ingen kann undrast uppaa);
men det munar daa jamt, ja det munar,
so det stundom er Hugnad aa sjaa.
3. Lat det ganga fram, lad det siga!
Berre eitt eg ynskjer og bed:
at me inkje so høgt maatte stiga,
at me gløyma vaar Fedra-Sed.
Berre eitt eg ynskjer og bed:
at me inkje so høgt maatte stiga,
at me gløyma vaar Fedra-Sed.
4. Lat os inkje Forfederne gløyma
under alt, som me venda og snu;
for dei gav oss ein Arv til aa gjøyma,
han er større, en mange vil tru.
under alt, som me venda og snu;
for dei gav oss ein Arv til aa gjøyma,
han er større, en mange vil tru.
5. Lat det merkast i meir en i Ordi,
at me halda den Arven i Stand,
at, naar Federne sjaa att’ paa Jordi,
dei kan kjenna sitt Folk og sit Land.
Or „Ervingen.“
at me halda den Arven i Stand,
at, naar Federne sjaa att’ paa Jordi,
dei kan kjenna sitt Folk og sit Land.
Or „Ervingen.“