Hopp til innhold

Lenda

Fra Wikikilden
Alb. Cammermeyer (s. 253256).

Dei store Valders- og Vinsterflyer — Flotter og Flæe, som det og lenger Vest heiter — eller Fjellsletter, dei liggja der paa Fjellet millom Gudbrandsdalen og Valders. Derifraa seer du godt nordvest til Mugnaknippet millom dei store Fjellvatten Bygdin og Gjendin. Du er som paa eit Hav og seer liksom Taarn og Tindar stinga up Vest i Land. Det var der up med Bygdin, daa eg laag der vederfast her eit Aaret inne i den Steinhytta so stor som ein Bakarovn, at eg høyrde Fekaren, Ole, fortelja om


Lenda.

Sjaa no skal du høyra om Lenda fraa Land,
og om hennes fagraste Folen.
Sosannt som eg segjer, af Soga er sann
kver einaste Mutten og Molen.

Ho Lenda med Son sin til Beites vardt send
til Fjells fraa det skogutte Traset.
Og godt ho deruppe kring Sætrom var kjend,
og fann seg det finaste Graset.

Men Lenda ho viste, at turrare var
Kver Blomen der nede paa Hjeldom.
So lenger og lenger med hena det bar
der up mot dei fælande Fjellom.

I Slagregn paa Flotter og Flæe og Fly,
naar Drivskodd i Krullar seg ringad,
daa stod ho mot Vedret for Son sin til Ly,
og vermd ’n med Halsen og Bringa.

So kom ho til Bygdin, so foor ho mot Vest,
der Bræa til Høgre seg krinsar.
Og der kan tru der er Beite for Hest
med Graset so feitt, at det glinsar.

Med Folen ho foor, og paa Vollar ho laag.
Og fælande feitnad den Fyrkja.
Og up ifraa Bakken mot Bergom ho saag
til Tindar som Taarnet paa Kyrkja.

Fraa Lidar ho foor der ho beitte som best:
— Kven veit hot ho hadde i Hausen!
Ho stevnde afstad, og so kom ho der Vest
der in under Galdeberg-Knausen.

Men Ulykka var, ho til Høgre ei tok
der framme paa Stronde ved Bekken.
For upover Berget legg Vegen ein Krok.
Og soleids ho sat som i Sekken.

Den Kvelven er fin, og slikt Lygne for Vind!
Og der er vel Beite kan hende!
Men Fjellet og Fjorden dei stengja deg in,
so Vegen er berre atende.

Ho beitte i Bakken. Men fann so tilsidst,
at Graset tok der til at enda.
So stod ho og sturde. D’er Galskap men vist,
at Hesten han aldri kan venda.

Ho stod der og tenkte og saag seg ikring.
So steig ho til Svoms burt i Bylgja.
Og Folen flaug etter, det skrøpeleg Ting!
Du veit at han Mo’r si laut fylgja.

Ho svamm so det fyste, for Hesten er slik,
han Vatten ei vyrder og vandar.
Men midt burt i Berget der ligger ei Vik,
og der ho med Folen sin landar.

I Vatnet var kaldt denne Stubben ho svamm.
Det var so det svidde det gjorde.
Tilbake ho kan ei, og lengere fram
det var som ho heller ei torde.

Dei aato solenge der fandtes eit Straa,
og svart dei ikringom seg snøydde.
Men Folen var Barnet, og Sulten drog paa,
so der ifraa Mo’r si han døydde.

At kvila paa Vegen gjev Styrke i Bein;
og kan du, so bør du det gjera.
Men standa i Faaren som hoggen i Stein
det er fulla raadlaus at vera.

So kom der ein Baat i den djupaste Naud,
og svint in i Svingen han smurde.
So frelste dei Lenda, som nær paa var daud,
og stod over Son sin og sturde.

Det er so du sjølv kan som Lenda bli stur,
naar dette du dreg deg til Minnes.
Men er det ’kje grovt med den Hestenatur,
som soleids skal vera til Sinnes?

Han stend til han stuvende svelter ihel,
og vantar paa Vit til at venda.
Og det er so sannt, som eg dette fortel,
at tidt det i Fjellom kan henda.

Han gjenger seg fast, og han aldri kan snu.
Og Motgang hans Tanke ei mognar.
Han skifter ei Meining, som Folk skulde tru.
Han brester, men aldri han bognar.




Slik sjeldan er Gjeite; det veit eg so plent:
Ho er liksom vittig og braadtenkt,
og aandfull, so tidt ho er „inconsekvent“,
og snur naar ho seer det er faafengt.