Hopp til innhold

Kor vart det av jola?

Fra Wikikilden
Mons Litleré (s. 1).

Kor vart det av jola?

Barneforteljing

av

Rasmus Løland.


Bergen.

Utgjevet av Mons Litleré.

1894.

Frampaa ein haug uppyver grendi stod tri smaagutar og huja, song og saag nedyver. Dei høyrde heime paa den øvste garden i grannelage, Skartveit. Garden laag uppfor ein haug, so ein ingen stad kunde sjaa; men herfraa kunde ein sjaa heile grendi, vatne nedanfor og langt, langt nedetter dalen mest aat kyrkja. Og i kveld var der no noko aa sjaa etter og. Det var sjølve jolekvelden. Nedetter alle gardaine hadde dei hengt kornband aat fuglarne paa høge staurar; upp og ned paa alle vegjer og paa det islagde vatne foor der kjøyrarar i fjukande fart; smaaungar tulla som svarte nøster millom husi nedpaa gardarne; hjaa skulemeistaren nedpaa Moen blakra eit flagg, og her og der byrja dei alt aa skjota inn jola. Der kom som spruter av eld og glod

— so var det daudstillt eit lil — so byrja det aa dura og rulla i alle fjelli dalen rundt, til det døydde av langt, langt burti Lidfjelli. Hurra —! Dei tri gutarne, Hallvard, Jørn og Andres, hoppa ende upp og skraala for kvart skote, svinga med toppluerne sine.

Og slik ei god jol som det teikna til og i aar! Himlen var klaar og blank, so ein snaudt kunde sjaa ein skyfloke. I alle vegjer var der fine snøbrauter, so ein gjerne kunde aka paa kjelke radt herfraa og ned aat vatne; og so var det maaneskin um kveldarne og mest likso ljost som um dagare. Var ikkje dette gode jolemerkje, so var det aldri verdt aa tru paa jolemerkje meir.

Umframt alt dette hadde Hallvard, Jørn og Andres fengje seg nye blaa bukser og huer til jol og nye gule, fine huskor Og so var dei fri skulen no radt til yver nyaar eit bil. Dei hadde. kje eingong fengje leksor, som var til aa snakka um. Berre ein snupp av sentenserne. Og so hadde dei fengje steikt kvar si fin rund jolekaka i bakaromnen

— attaat all den andre gode jolematen.

Det var uraad — dei kunde ikkje staa rolege elder tia still ein einaste augneblink, daa dei tenkte paa alt dette.

Men tru dei ikkje snart vilde byrja med joleskjotingi heruppe og no? Torbjørn og Svein, tenestegutarne, hadde so vist lova aa koma her med børsorne; men dei var endaa ikkje aa sjaa.

Sku' dei springa heim aa sjaa, kva dei hika etter, dei sein-krakkarne? ropa han Jørn.

»Dei alverdsens sein-krakkarne!« sa han Andres, likso karslegt.

»Dei skarve-krakkarne!« sa han Jørn. Dei var brør, Jørn og Andres, og høyrde til i nedre-stova, medan Hallvard var fraa ovste-stova. — Dei sette avstad, dei tvo; men han Hallvard vart standande etter. Han vilde helder venta, til dei kom, og so hadde han noko aa sjaa etter nedi vegjerne endaa, han. Han hadde ein vaksen bror, som dei venta heim i kveld. Han var paa landbruksskule i nærleiken av byen. Han far hadde kjøyrt nedyver vatne tidleg i dag for aa ta imot han, og no maatte dei vel snart vera ventandes. Tru det ikkje var dei, som kom der nedpaa isen no — der kom ein kjøyrar med slik fart.

Jau sjaa no krøkte han paa land og uppetter vegen aat grendi. Hjarta tok radt til aa banka av gleda i bringa hans. Tenk han Morten koma! Korleis tru han saag ut no, han hadde vore burte so lengje? Og so det han hadde lova aa kjøpa til jol aat honom

.. Daa han var heime tidleg i sumar, hadde han fortalt um nokre rare, raude steinty-soldaterar, han hadde seti eit kraambudvindauga i byen, og lova aa kjøpa ein sovoren aat han til jol. Og ein aat han Laurits, litlebroren og, forstend seg. Ho mor hadde des- utan nemt det i siste breve til han, so han sikkert kom med dei no. Korleis tru han var, soldateren — ja begge?

Dette hadde han undra seg paa i vikevis, og han Laurits med. Stundom hadde dei trutt, at dei hadde sablar liksom den morske Napoleon paa buda- veggen, stundom ikkje sablar. Stundom at dei saag ut liksom dei tyske soldatararne paa veggen burti grannestova — stundom hadde dei snupt ikkje visst, kva dei skulde tru. Men no nerma den store vissa seg! Alt det andre gilde til jol var ikkje aa rekna mot dette, lell.

Og det hadde han framum baade Jørn og Andres. Dei hadde kje nokon bror i vente, dei. Du, dei sku verta forbina, daa dei i morgon fek sjaa soldateren — ja Laurits sin og.

Det gjek seinare med kjøyraren dernede, etter han var komen av isen. Men det bar uppyver, uppyver — krøkte ikkje inn paa nokon gard. Der kunde ikkje vera tvil.

Han kunde ikkje venta paa skjotararne lenger. Han foor i ein fjukande fart heimyver for aa fortelja, kva han hadde set.

Ho mor var uti kjøken og stellte med eitkvart, daa han ropa andpusten inn. Ja ja, — det var vel so, sa ho. Men kunde han ikkje ha tid til aa bera eit fong ved inn aat omnen fyrr dei kom? sa ho. Dei hadde so mykje aa gjera, ho og gjentorne.

Hallvard saag nettupp 'tenestegutarne og Jørn og Andres koma med børsor, so han i grunnen hadde skam liti tid han og. Men um jolaftan kunde han no ikkje forvel seia nei helder. Han sette avstad aat vedskjole i ein skrubbfart. Men no er det ikkje altid sagt, at skrubbfart er den beste maaten aa koma fram paa. Han snofla i koll i dørstokken og slog seg naseblod. Greet? Aa langt ifraa ikkje — i kveld. Men det var so mykje, at han laut inn aat stova, og setja seg roleg, til det stansa.

Soleis vart der endeleg ein liten stans paa farten hans i kveld; og best som han sat slik, kom hesten med lass og tvo menn etter framunder vindauga.

»Der er dei!«  ropa han Laurits. Han foor paa sprange ut, og fyrr Hallvard fek omraa seg til aa koma etter, høyrde han den vaksne broren snakka uti gongen. Inn kom han, høg og med skinnhua paa hovude; etter kom faren og Laurits. Morten helsa paa mori og systrarne, som sat burtved vindauga; dei baud han velkomen, og han var alt komen til aa setja seg burtved omnen — daa fyrsta fek han auga paa Hallvard, som kika fram or omnkroi.

»Nei sjaa . . er det Hallvard? Er du komen so radt i kroi i kveld?« sa han og lo. Dei andre lo og, sonære som Hallvard; han slog augo ned, raudna og svara sovidt dei kunde hoyra det.

Systrarne tok so til aa spyrja etter um reisi og nytt fraa byen, medan ho mor fek det annsamt med aa finna joleøl aat han Morten og koka kaffi. Eit bil etter kom han Torbjørn, tenesteguten, inn i døri og bad nokon vera med og bera den store kufferten av sleden og inn i gongen. Han far sjølv gjek, og trast etter gjek han Morten ut i gongen og vilde ta upp nokre klær, som var nedpakka i kufferten.

Han Laurits hadde imedan fare. ut og inn mange gonger med mykje staak; men han Hallvard stod endaa still bakved omnen. Han Morten var onnorleis, enn han hadde tenkt seg. Han var vorten so underleg stor og fin og mannsleg sidan i fjor, totte han

— radt stormannsleg. Han hadde fengje skjegg paa yvermunnen og sagde mange ord, som han, Hallvard, ikkje skyna skikkeleg. Han kjende seg med eit so liten og bljug framfor denne bro- ren, at han snaudt torde opna sin munn — dihelder fara ut og inn som fyrr i kveld.

Men han Morten var no bror hans, likevel — kor stormannsleg han so var. Og um andre joledagen, daa det vart preik, skulde han faa kjøyra til kyrkja saman med denne broren, so alle saag det! Daa sku' dei faa sjaa, Jøm og Andres! — du slapp for, at dei hadde ein slik bror. Aa, her fanst ingen, som hadde ein so gild og fin bror! Han visste kje kven det sku' vera. Han høgna av byrgskap, der han stod, og vart radt varm gjenom bringa.

Men korleis var det no med den rare soldateren? Det var alt ei heil lang stund, sidan han Morten kom; men endaa hadde han ikkje nemt eit ord um noko sovore. Men no, daa han opna kufferten —! Hallvard kjende seg hardt freista til aa gaa ut i gongen og sjaa, men vaaga ikkje — det kunde sjaa so nasevist ut. Daa gjek ho mor i døri og lét kje skikkeleg att etter seg; — Hallvard var burti dørglytten. Han augna noko glimande raudt nede millom hin rapen i kufferten. Kanskje det var . .? Men so vart døri skubba att.

Han Morten kom inn att. Hjarta banka i guten; men nei, broren kom kje med noko elder nemde eit ord um soldaterar no helder. Han berre skjenta litt med han; tok so til aa snakka med dei andre att. — Han sku no vel aldri ha gløymt altsaman? Hallvard tok radt til aa verta ille ved. Spyrja? Nei, det var so skamlegt. Og ikkje hadde han Laurits vit til aa slaa det paa snakk helder.

Just som han stod og grunna paa dette, kom faren i døri og spurde Morten, um han ikkje vilde vera med aat fjose og sjaa, kor mykje den brune stuten hadde vakse sidan sist. Jau, Morten gjek, og Laurits fylgde etter. Hallvard vilde og vera med, men laut finne hua si fyrst, og det tok tid; han hadde slengt henne ned og nord, daa han turka naseblode. Endeleg foor han ut gongen; men der stansa han endaa ein gong — han kom til aa sjaa paa kufferten burtved veggen. Der stod han so stor og myrk . . tru der var noko nytt i han elder ikkje? Tenk um han kunde faa letta paa laake ein augne blink og sjaa! Lyke- len stod i; og kvinfolki var og gjengne aat fjose no, so ingen kunde sjaa det — . .

Han hadde alt hondi paa laaset men vart so uviss og reiste seg att. Sku' no broren elder einkvar koma yver han! Og endaa um ingen plent saag det; han hugsa, kor brennande sinna han sjølv vart, eingong han Laurits hadde nasa ned i skrine hans.

Han kjende seg løynleg skjemd. gjek aat døri og saag ut gjenom det litle vindauga ved sida av. Nei, der fanst ikkje eit liv uti tune. Det kunde altso ikkje vera spelegt. Og han sku' no i alverdi ikkje gjera noko vondt helder. . . Kufferten og det raude drog, drog att; han tok til aa finna, at det i grunnen ikkje var det slag moro i heile jolekvelden, naar han maatte gaa i denne plaagande uvissa; — han hadde tilslutt fengje laake upp, dirrande av hastverk.

Det fyrste han saag var det ljoseraude. Men det var ikkje soldaterarne; berre eit papir. Og kva der hellest var, var ikkje so greidt aa skila; det hadde alt skymra ikkje so lite. Han kjende seg fram, trefte berre bøker og sovore. Soldaterarne maatte liggja nedunder, so sant —; og naar han hadde vaaga seg so langt, var det fælande leidt aa ikkje faa vissa. Han lagde bøkerne varsamt upp i eine enden av kufferten; trefte so ei blank flaska, som han sette upp ved sida av dei. So fek han tak i ein pakke med papir ikring og liksom noko hardt, rundt inni — gud det laut sikkert vera dei, sol—. Men kva —? Nettupp i same blinken totte han han høyrde fotstig utanfor, lurande fotstig — og her hadde han ruska upp so mykje! Som brende av eid og glod grytte han det ned att og sleppte ned laake. Der lyddest ein smell med det same, ein uskyneleg hard smell — so tok det til aa singla inni kufferten, sikla og dropa . . renna Aa flaska, flaska — no hugsa han! Han hadde gløymt aa setja henne ned att — laake maate ha støytt mot henne!

Der drog seg ei tung, kald rædsla yver han, radt ned i tærne. Flaska sund — korleis kunde det so gå i skjol, at han hadde nasa i kufferten? Og korleis vilde det gaa med bøkerne og alt, naar væta rann utyver derinne? Han tenkte fyrst aa venta, til der kom einkvar, so dei kunde berga, fyrr det var forseint; men no kom der ingen. Der var daudstillt utanfor, og daa han gjek burt i vindauga, var der ingen aa sjaa helder. Det hadde kanskje berre vore hunden, som tasla fram-um; elder kanskje berre noko han hadde tenkt og inbilla seg? Han vart standande og berre svelgde eit bil; so fek han ein bergande tanke. Korleis kunde dei vita, at plent han, hadde gjort dette naar ingen hadde høyrt han? Han kunde leggja alt vel til rette att og springa og gjøyma seg; so kunde dei tru, at flaska vart slegi sund, eikorleis daa dei flytte paa kufferten.

I ei hondevending fek han upp laake og gjorde som tenkt; — det fek ikkje hjelpa, um væta gjorde skade. So lurde han seg som ein tjuv ut og burtetter paa nedre sida av stova; der- fraa upp paa baksida av alle husi og uppetter bakkarne; stansa ikkje, fyrr han var komen radt uppum brote, so han ikkje saag heim. fraa dette! Han pusta ut og gjek Huff godt at han kom so vel att og fram. Der var ikkje folk aa sjaa nokon stad, og det lika han best og.

Ja men var det no so full-trygt likevel? — Um dei no skulde koma til aa undrast, spyrja —? Det var ikkje so lett aa vera fulltrygg for sovore. —

Han stræva alt han orka med aa jaga otten burt, men kunde endaa ikkje faa fraa seg ein vond agg for bryste. Maanen skjein fint og blankt uppetter alle bakkarne og fjelli; men han saag det snaudt. Og den rare soldaten og joli, altsaman var bleikna reint burt for denne usæle flaska. At han ikkje hadde passa seg — passa seg for heile kuf- ferten! Hadde det ikkje skilt plent det same, um han hadde late venta litt etter denne jolegaava? — —

Graaten vilde upp i halsen, men han svelgde 'n med magt. Naar det ikkje var spelegt — —! Det tok til aa verta kalleg kaldt a der og hipa; fingrarne valna og stivna. Men det fek ikkje hjelpa. laut halda ut, til alle var innkomne se kveikt. So kunde han seia, at hadde vore med Jørn og Andres ka uppi bakkarne. Kven i verdi so tru noko illt um honom, naar ag han hadde vore ute heile tidi?

Han hoppa upp i brauti for aa seg for froste. Tru det ikkje —? Nei han maatte gjera seg il. Men naar han no venta, til en av bjørkegreini der var komen it den prikken i snøen. — —


nne i stova var der kveikt i ljos t heilt bil sidan, og alle var inne ser som han Hallvard. Dei tok aa undrast, kor han foor, og ut og ropa etter han, daa han eg kom — blaafrosen og med hua ver augo. »Kor hev du vore so lengje?« spurde mori.

Hallvard fortalde lygni um akingi uppi bakkarne med laagt mæle og smaug burtaat omnen.

»Du er so bleik, tykkjer eg; kanskje jolebukken og nissen hev skræmt deg? spurde han Morten og lo.

»Stakkars Hallvard, du skulde ikkje vera ute so lengje; men verm deg no, so skal du faa byta um klædi,« sa ho mor blidt. Ho hadde just klædt paa han Laurits, og han foor glad og hoppande burtyver golve. Han hadde ei ny hua, som han var so fælande glad i. Han synte henne til alle, hivde henne under lofte og tok henne att. Dette vilde han ha Hallvard og med paa; men han vart sitjande der han sat, liten og still. Han hadde venta so lengje som raad var deruppe og tilslutt kjent seg mest fulltrygg. Men daa han kom inn i det blanke ljose og saag broren — uroi i kneledarne var komi att, um han hadde vore ute aldri so mykje. Det var so underlegt so lengje det var i vente. Og at det var i vente endaa, var snart aa skyna. Ingen nemde eit bidugt ord um nokor ulukka; og hadde han Morten vore i kuffferten, so maatte han vel ha kome inn med soldaterarne; men dei var ikkje aa sjaa. Han vaaga ikkje aa sjaa broren i augo for aldri det.

Ho mor var komi med vatn og hjelpte han til aa vaska seg og byta klæde som altid um jolekvelden. Det sveid som eld og verkte i fingretopparne, etterkvart som dei tina upp; men han brydde seg um ingenting. Han leet mori stella som ho vilde og murtagde.

Men kanskje dei usæle jolegaavorne kunde verta gøymde til i morgon, og ulukka helder ikkje verta sedd fyrr daa? Han tok radt til aa vona paa dette og kjende seg mykje lettare att; for daa kunde han vera ute. Men nettupp i same stundi — gudhjelpe oss for vrangskap! — i same stundi hadde han Laurits hugsa det. Han kom burt og kviskra til henne mor, um broren var komen med noko fint til jol.

»Me fær no sjaa!« kviskra ho attende og smilte til dei beggje. Laurits lo sjæleglad, hoppa upp. Hallvard stræva og med aa sjaa glad ut, men kjende sjølv, kor vesalt han fek det til. Gjev han helder aldri i sit liv hadde fengje lov paa nokon soldat — aldri!

Faren og Morten hadde sote og røda um altslag; men no skyna nok han Morten og kviskringi. Han smilte til Laurits og gjek ut i gongen.

Hallvard byrja aa kjenna som vatn i knei. Men kva var dette for krjupeskap — dei hadde daa set, at han var ute! Han beit saman tennerne og gjorde seg hard. No knirka laase derute . . So var der stillt lengje, lengje . . vitlaust lengje. Hallvard fek slik ei vond kjøva for bryste. Men dei visste daa for alt vondt, at han hadde ..

Endeleg tok det til aa rusla uti gongen att; — so kom han Morten i døri og bad henne mor koma ut litt. Ho gjek, og trast byrja der ei svær snakking og klaging: aa nei, aa nei daa!

Kva var det? — han Laurits foor ut og so han far og. Systrarne og Torbjørn var uti kjøken, so Hallvard vart standande radt aaleine etter. Uff kva sa dei? ... ja, men naar han hadde vore ute heile tidi! Han prøvde aa gjera seg arg og knytte næven.

Men der fek han ein uhugleg tanke: det saag kanskje mistenkjelegt ut, at han stod slik og skulka og ikkje kom ut og saag! Han tok seg svint. saman og smaug ut.

Han Morten laag paa kne framfor kufferten med eit ljos. Og skaden var nok ikkje so liten. Paa ein stol laag nokre fine boker, som det var kome kallege flekkar paa. »Men tru det ikkje kan ha vore, daa me sette kufferten inn her?« sa han far forbina.

»Nei — flaskorne var alle heile, daa eg tok upp klædi i kveld, sa han Morten — han var bleik.

Men kunde ein ikkje ha flutt paa 'n sidan og støytt for hardt eikorleis? Sidan? han hadde sta' heilt urørd sidan. Og so saag det ut til, at bøkerne her ogso var medruska sidan i kveld, sa han Morten laagt.

Nei, det maatte vera einkvar, som hadde vore nedi! sa ho mor; — det lyddest som dei alt hadde snakka lengje um dette.

Ja, han kunde kje godt skyna anna. Men det var underlegt det og, sa han Morten.

For kven i verdi —? sa ho mor. Han Torbjørn var kanskje sli etter brennevin, der det fanst; men han hadde vore burti fjose og ute mest heile tidi . . Dette visste dei alle. Dei stod berre og tagde og undra seg. Han far saag fraa den eine til den andre; augo hans stansa sistpaa ved han Hallvard; og der vart dei hangande. Hallvard byrja med ein gong aa heitna under desse augo; men aa gaa orvegen for dei vaaga han ikkje helder.

Jau han laut sistpaa gaa burt i skuggen — — daa kom han far og tok honom i nakken.

»Korleis er det du ser ut? Det sku' no vel aldri vera du, som hev vore nedi her og gjort vondt?« spurde han.

Eg var ute heile tidi. . maa vera han Torbjørn! ropa han Hallvard; men der var noko so underlegt ved mæle hans, at dei allesaman stokk upp og saag paa han.

»Han Torbjørn? kvifor skulde du staa her so raud og hiren naar det var han? spurde han far.

»Men skulde kje sovore paa han, stakkar, naar han hev vore ute!" sa ho mor.

Han var iminsto inne, daa dei gjek ut, sa han far, og underleg hadde han vore heile kvelden.

Han tok og drog honom fram i ljose.

Hallvard orka ingenting aa seia lenger. Det susa for øyro hans, dirra for augo. Han kjende det nytta kje aa kava imot lenger, og aa staa slik var verre enn det verste. Han sette i aa tuta og higsta. Men han vilde kje gjort det — uhu, uhu! — vilde berre sjaa, um der var soldaterar og kom so i skade — uhu—u—u! Han hivde seg radt ned paa golve.

Der vart eit heilt uppstyr. Gjentorne og Torbjørn kom farande fraa kjøken; han Laurits gjøymde seg vit- skræmd under troppi; mor og Morten var reint forstøkte; men han far var raud av sinne.

»Er det slikt me skal høyra um deg paa sjølve jolekvelden? — gaa etter eit ris, Torbjørn!« ropa han og lyfte guten upp. Men daa trodde han Morten fram og bad honom lata vera med det. Det var no ikkje med vilje gjort, sa han, og so var det jol og. Ho mor sa det same, sidan det var jol. Daa slepte faren honom — for denne gangen, sa han. Men provde han paa slikt ein gong til!

Dei gjek inn att. Hallvard vilde smjuga ut og gjoyma seg av; men han far treiv han i armen og sette han paa ein krakk i omnskroi, so det sokk etter. Han gret endaa, so bryste vilde sprengjast; men so trødde han far i golve. og baud han tia, og han laut lyda, sovidt han orka. — —

En times tid etter sat Hallvard endaa i omnskroi med ryggen mot dei andre. Det hadde vore kalleg stillt og uhuglegt i stova eit heilt bil etter uppstyre; men no var det kome i godt. gjenge att. Han Laurits vart fyrst leid av aa tia. Han fann ei skildribok hans Morten, og dei tvo var snart komne upp i aa prata og læ høgt. Sidan var far og mor og komne med í godprate, og ingen nemde den usæle hendingi meir. Men han Hallvard vaaga endaa snaudt aa røyva ein fing, langt minder aa sjaa fram. Han sat med uppbollna andlit og med augo som nagla i golve.

Nære ved aa faa ris um sjølve jolekvelden! Det var so fælt, at det var mest ikkje til aa tru. Men verst av alt — ti gonger verre enn alt, var det, at han Morten og hadde set alt dette. Han hadde blygst berre for aa snakka til han, og so sku' han sjaa sovore! Det hita uppetter kinni. flama og brann av skjemsla endaa. Aa. han kom aldri til aa kunna sjaa broren i augo meir — han kom aldri til aa kunna sjaa paa nokon. Det vart aldri gildt meir — korkje i denne jola elder nokon gong. Det tok til aa rykkja nedfor bryste av graat endaa ein gong, og det var so det skar i han aa høyra, kor glad og sæl han Laurits var. — Ho mor gjek ut og inn og tok til aa laga paa borde. Dei var ferduge med julegrauten uti kjøken no, og alle var umbytte og stellte. Han Laurits byrja aa hoppa att, daa han saag dette. Snart var alt ferdugt, og dei gjek med stor høgtid til bords. Men han Hallvard vart sitjande der han sat, saag ikkje upp eingong.

»No maa du koma, du og,« sa ho mor blidt og liksom ingenting var. Han rikka seg endaa ikkje, og ikkje daa ho bad ein gong til helder.

»No er det best du kjem fort!« ropa han far sistpaa med aalvore.

Han Hallvard stakk berre ut beggje aalbogarne og sat.

»Er det so, at du plent vil vera vrang i kveld?« spurde han far, og fyrr Hallvard visste orde av, var han lyft upp og i ein fart sett aat borde. Og der laut han sitja, orten og alle hine saag det raude e hans. Det vart uklaart for augonan smaka snaudt jolegrauten meder paa, som han hadde gledt seg vikevis.

— Ein timer tvo etter hadde han lagt seg; lg Laurits laag saman i ein liten enk i stova. Han hadde sote ma. i omnskroi heile tidi ette dei , og utan eit ord klædt av seg.

Og dette vekvelden, verkeleg jolekvelden..! var uraad aa halda graaten le Han braut fram stil og saar, arorne stridrann. »Stakkar, graat no lenger; d'er ingen, som skal vonde paa deg no, sa ho mo klappa han paa haare og breidde yver han. »Men no ser du, korlet gjeng, naar du ber deg soleis . Han svara ikkje, berre breidde at hovude og freista aa gloyma seg sig all verdi. Joledagsmorgonen rann upp klaar og still. Der var kvitt rim paa skogen, og paa glasrutorne hadde der lagt seg som ein skog av isblomar og islauv — fine som livande vokstrar.

Kvinfolki hadde alt vore uppe eit heilt bil og stulla ute og inne.. Morten og Laurits var og uppe, og han Laurits var komen til aa læ høgt av gleda att. Han Morten var komen inn med ein pose med noko i, som var betre enn skildribøker og alt det var dei steinty-mennerne han og Hallvard hadde fengje lov paa. Kvite og raude med svarte augo . . aa, aa! Dei skulde havt dei i gaarkveld; men det var ikkje vorte for den uheppa.

Den einaste som ikkje var uppe var han Hallvard. Han laag med andlite mot veggen og sov, og slik vart han liggjande, til han Laurits sistpaa gjekk burt og ruska i han. Han maatte no vel upp og sjaa den nye mannen sin, han og, ein gong! Svint foor Hallvard upp og gnika seg i augo. Der tod han Laurits med noko glimande fint i hondi; han morten stod burtved vindauga, og på borde var tilstellt med allslags mat . . det var jol! Der gjek som ein straum av gleda gjenom han, han vilde ropa etter klædi sine. Men paa sjølve tunga stansa ordi, og han vart so underleg slakk med det same — slakk i kneledarne. Han Morten hadde snutt paa seg og set burt, og so hugsa han med eit i gaarkveld — alt Og alt dette hadde broren set . .

Han snudde seg mot veggen. Han Laurits kom og kviskra noko um ein mann aat honom og; men han brydde seg ikkje ein gong um aa snu seg og sjaa. Skamkjensla flama upp att som i gaarkveld. Han kjende seg so liten, at det var radt so han sokk i sengi, men ynskte seg likevel endaa mindre — so liten som ei mus, so han kunde smjunga radt inn i eit navarshol. Det var kalleg lengje, fyrr han kom fram, og sidan vart han standande burti omnskroi og pusla, pusla med paaklædingi, til dei skulde til bords. Han tenkte fyrst aa ikkje gaa aat borde; men so hugsa han, kor ille det gjek med det i gaarkveld. Han smaug burt og sette seg tett attum mor si, so dei ikkje skulde sjaa han. Men so reiste ho seg med eit og gjek burt aat hylla. »Sjaa her er noko fint aat deg og, Hallvard«, sa ho og smilte — det var ein steinty-soldat liksom Laurits sin.

Du, so væn. . ! Det var so det glima i augo, daa han hadde fengje han i hondi. Men noko gildt aa faa han — aa nei sa'n. Det var altfor vondt aa hugsa i gaarkveld til dess. Han sette 'n stillt fraa seg paa bordkanten.

»Men skal du ikkje burt og takka han Morten?« spurde ho mor.

Takka og uff. Han laut gjera det; men fælt var det. — Der var snakking og gaman ved borde. Morten fortalde allslags sogor fraa skulen og der andre spurde og lo. byen, og de Hallvard saag i byrjingi berre nedfor seg som i gaar- kveld; men litt etter litt tok han mod til seg og kika upp, helst paa han Morten.

Han saag ikkje det slag vond ut, broren. Han smilte endaa til honom ein gong han trefte til aa sjaa den vegen Og dei andre — ingenting sers aa sjaa paa dei helder. dei saag berre bilde ut. Han anda ein grand lettare. Kven visste, kanskje dei alt byrja aa gløyma det, liksom so mange uver fyrr? Og kanskje det ikkje var radt so ille som han trudde helder? Um det daa l unde verta litt glede i jola, lell . . .! I minsto i morgo, daa dei skulde til kyrkje. — Han tok til aa kjenna ei vaknande sæl von, og denne gjorde honom so underleg mild og full av alt som godt var. Han lova med seg sjølv, at han aldri skulde gjera anna enn det som skikkelegt var meir. Daa han var komen fraa borde, byrja han trast aa liva etter denne lovnaden. Han fek auga paa kvardagsluva hans Laurits burtpaa golve, tok henne upp, blees fint dumba av henne og hengde henne bakum omnen — noko han vel ikkje plent altid hadde brytt seg med, soleis. So hadde han paa seg kvardags- trøya han kunde kje sjaa den nye — og gjek stillt ut.

Soli var uppe og alt tilvølt i stova, daa han kom inn att. alt uti kjøken høyrt han og saag no, kva det var. borde og blædde i ei rar Han hadde Laurits storlæ Han sat ved skildribok, ei onnor enn den dei saagi i gaarkveld. Og ved sida sat han Morten og lagde ut um, kva bilæti var.

Hallvard augna halvnakne indianarar, løver og elefantar. Han stod eit bil uviss, men kunde sistpaa ikkje halda seg gjek paa tærne burt og kika i boki yver aksli hans Laurits. Det heldt paa med dyr og fuglar, og dei som rare var. Hallvard hadde aldri i si tid set maken og tok radt til aa gløyma alt anna. Aa — men sjaa det daa! Best som han Laurits blædde, var der kome eit blad med ein stygg vaat flekk paa. Vaksnebroren tok svint boki og turka blade vel av, og han Laurits var fælt fortenkt. so sette han med eit i aa flira. Men »Det maa vera han Hallvard, som hev gjort deti gaarkveld, daa han slog sund flaska i kuf. kuf..!« kviskra han.

»Hyss hyss din —!« sa han Morten og hytta til han; men det var kje fritt han kaldflirte med det same, han og Hallvard vart standande og letst som han ikkje gaadde noko; men daa Morten og Laurits tok til aa blæ att, drog han seg ljodlaust attende aat omnskroi og snudde ryggen mot dei. Han var vorten so kjøvande heit att. »I kuff . . kuff. .*« susa det for øyro hans endaa; men ti gonger heitare brende den kaldsmilen hans Morten og vekte ein vond, vond tanke. Han hadde kanskje teke heilt i mist av broren, daa han trudde han var so snild og kunde gløyma so snart. Han vanvyrde honom kanskje berre so djupt, at han letst som han ikkje brydde seg . . !

Furteskap, skjemsla og modløysa lagde seg yver han att, so han krøktest i ryggen. Og innunder furteskapen tok der til aa kveikjast argskap — argskap yver, at han aldri sku' verta kvitt dette. Syne av han Laurits, som sat der so glad og sæl, nørde ogso til. Og kvifor kunde han ikkje helde kjeft, den ungen, no ein gong? Han skjeggla etter litlebroren og uppdaga so endaa ein ting aa bosa seg upp paa. Han Laurits sat med eit nytt fint skjerf um halsen; men han sjølv — han hadde ikkje fengje noko nytt skjerf. Aa nei, det var han Laurits, som sku' ha det! Det var han som sku' ha det gildt paa alle maatar! — Han snudde seg bøsen og raud fraa dei att.

Litt etter kom ho mor inn med eit fong ved aat omnen og bad han flytta seg; ho vilde leggja det der.. Han rikka seg ikkje. Ho bad upp att, men like lite hjelpte det.

»Og eg tykkjer du hev teke paa deg kvardagstrøya og?« spurde ho forbina.

Han svara berre med eit murr nedi halsen.

»Er du stygg. Me hev no vel ikkje sagt noko leidt med deg i dag, veit eg?« Han stakk berre aalbogarne ut som sylar. Ho lagde veden stillt ned og fann den nye trøya hans.

»Kom no og ta paa deg denne og ver fin gut; og so gjeng du kanskje ut aat vedskjole etter kveiksle aat meg, du.« Ho tok blidt i han og vilde dra han fram. Men dette var meir enn han tolde. »Lat vera meg! Eg vil ikkje ha den filletrøya!« kvesste han sleit seg laus.

Nettupp i same blinken hadde han Laurits funne eit overhendligt gildt skildri i boki. Han storlo, klappa i henderne, drog i han Morten av berre fagna og gaadde ingenting til, kva dei sagde burtved omnen. Dette kveikte med eit harmen i ljos loge hjå kan Hallvard. Han snudde seg mot mori med eldraudt andlit.

»Lat han Laurits fra trøya . . lat den kjælungen faa alt!« frøste han. Og som for aa gjeva ordi endaa meir vigt sparka han til ein tresko attunder omnen, so det klang etter.

Morten og Laurits snudde seg forstøkte, og han far, som sat innar i stova og les i ei bok, sprang upp.

»Kva er dette? Byrjar du soleis i dag og?« ropa han kom burt aat omnen. Hallvard berre snudde seg til veggjar att og murtagde. »Vil du no gjera som mor di seier og vera skikkeleg ?«

Hallvard vreid paa seg, og der lyddest tilslutt eit vrangt nei.

»Seier du nei? Skal me ha skam av deg i dag og etter aatferdi di i gaarkveld? spurde han far og tok og drog han fram paa golve. Hallvard sette i eit sinna yl, og baud han aa tia, ylte han verre. Dei skyna seg kje daa han far berre endaa paa guten. Ho mor bad faren lata vera. han solengje; men han var harm paa ei slik furting og yling for inkjevetta og trudde det var berre ris som vanta, lell. Elder dei fek i minsto jaga han ut, til han hadde kjølt av seg det stygge sinne, sa han. »Høyrer du det, Hallvard ?«

Hallvard høyrde det nok, men brydde seg endaa ikkje um aa tia — sparka og spennte burt i ein stolfot attaat.

Daa vart han far skikkeleg vond. Hallvard fek eit slag under øyra, so det song etter; og so kom han utum dori i ein fart.

»Staa no der, til du hev ylt ilska av deg!«  — Hikstande og med kryl paa rygg smaug Hallvard burt millom husi, inn i vedskjole. Der slengde han spøner og seg ned i ein dunge med gav seg til aa sinnegraata, til han vart radt haas.

Jagd ut um sjølve joledagsmorgonen hivd ut som ein hund. . uh hu! Og kva vondt hadde han gjort dag? Ingenting hadde han gjort — dei byrja med vondt, daa han gjek der og tenkte berre det beste. Men han skyna det altsaman no. . alt! Dei hata og vanvyrde han allesaman og ynskte aa verta kvitt han, medan dei sjølve hadde det gildt og godt — det var det dei vilde! Men vilde dei verta kvitt han, so skulde dei ogso faa det! No visste han, kva han vilde. Han vilde liggja her, til han fraus ihel. So kunde dei jaga han ut og vanvyrda han! So kunde dei trakka paa han! Denne tanken var so underleg kløkkjande, at graaten vart mildare, og taarorne rann, SO han vart mest blind.

— Uppetter alle bakkarne var der blankt solskin, og han høyrde Jørn og Andres hauka deruppe. Der lyddest aa vera fleire og — gutar utanfraa grannegarden. Men han brydde seg um ingenting. Han laag der han laag, Han vilde liggja og frosa ihel.

— Soli var høgna og ljomingi uppi bakkarne stilna av att. Endaa laag han Hallvard i vedskjole, men ikkje fullt so still som fyrr. Det tok til aa verta so svidande kaldt paa øyro og føterne. Det var lite han kjende len- ger. Det var idetheile kalleg stridt aa frosa ihel. Tru han helder sku' gaa burt aat fjose? Der var litt varmare, so det kunde kje gaa fullt so fort. —

Han krabba fram i døri. Der fanst ingen utpaa tune. Han vaaga seg i veg, stengde fjosdøri vel etter seg og sette seg i ein tom baas.

Det leid til middags. Jørn og Andres og gutarne fraa ytre-Skartveit hadde moroa seg uppi bakkarne og vore heime mange gonger. Dei kunde kje skyna seg paa han Hallvard i dag, som ikkje kom ut og var med; men dei hadde kje regtig vaaga aa gaa inn og spyrja etter han helder, sidan det var joledag. Tilslutt fek dei fat i han Torbjørn til aa gaa etter han; men daa var han ikkje aa finna inne nokon stad helder. Han hadde kje set han paa eit heilt bil, sa han Torbjorn. Dei tok sistpaa til aa leita og ropa etter han kringum i uthusi; for no var dei ferduge til eit jolemoro, som han plent maatte vera med paa.

Uppetter bakkarne radt aat Ornafjelle var der fin snøbraut, sidan dei kjøyrde heim høy fyrr um dagarne, og no vilde dei gaa derupp og aka heim paa kjelkarne. Det var eit renn, som ikkje fanst maken til; men ingen stad var so bratt, at det var spelegt. Og so vilde dei ha nista med og sitja og kosa seg i høyløda under Ørnafjelle. Dei hadde alt i gaar snakka um det, og han Hallvard hadde kje vore den, som var minst huga paa det. Men no var han ikkje aa finna kring utehusi nokon stad helder. Dei samla seg burtved fjosdøri og raadslog. Det var leidt aa gaa fraa han; men dei kunde kje godt venta lenger helder. Naar han foor soleis aat, fek han sjølv ha det tosken. — Trast etter foor dei syngjande

Ingen av dei hadde høyrt, at der tusla noko innanfor fjosdøri, daa dei stod der; — det var han Hallvard. Han hadde høyrt snakkingi uti tune, var smogen fram aat døri og hadde høyrt alt. Ørnafjelle og ferdi dertil — det var sant! — Han tenkte ein aug- neblink aa springa beint ut og vera med. Men kva vilde dei seia, naar han kom der forgreten og fæl og i kvardagstrøya? Og kva gleda elder hugna var der i nokoslag for honom, som var utskot og utjagd i jola? Furteskapen og modløysa seig blytung yver han att. Han høyrde dei tilslutt fara uppetter bakkarne. Men daa det siste ljom døydde burt langt uppe, var det som der brast noko i han. Han sette i ein vill higstegraat og slengde seg beint ned.

Daa graaten langt um lengje stagga att visste han paa nytt lag, kva han vilde. Det var for varmt til aa frosa ihel her; men so sku' han vita onnor raad, han. Han smaug upp i ein liten baas bakum alle kjyrne. Der var kolande myrkt og fullt av halmrusk og bos, som han breidde vel attyver seg. Her kom nok ingen paa aa leita etter han, og no vilde han liggja her, til han svalt ihel — liggja her, so dei aldri meir fann han. Han lova dette med samanbitne tenner. Der var stillt, i fjose, stillt, stillt. Berre kjyrne pusta og jorta. Han fek endaa som ei kjensla av graat, naar han hugsa fjellferdi; men han skaut det svint burt og tenkte berre paa, kor dei skulde verta forbina, naar dei aldri meir fann han att. Det var som ei trøyst i desse hemntankarne. — Han laag godt i halmen og var so tung i hovude etter all graaten. Tilslutt tenkte han paa ingenting, høyrde berre ein lang, lang sus for øyro.

Med eit var det vorte so underleg ljost uppyver han. Der var kome einkvar aat fjose, og døri munde staa uppe. Det var ho Marta, lyddest det; systeri. Han laag still som ei mus under halmen. Ho smaasong og sulla, gav kjyrne vondlar, og kom sistpaa burt til litle-stuten, som stod nærast Hallvard. »Nei vesle tuten, kor du hev skitna i baasen din! sa ho. »Me fær breida under deg, stuten vaal!« sa ho og greip etter noko halm i den tome baasen. Med eit skræmt rop foor ho attende, og med eit likso høgt rop foor han Hallvard upp. Ho hadde trøtt midttandes burt paa magen hans.

»Gu' bevars. . er det du, som ligg her?« ropa ho.

»Haldt kjeften din. . kunde du ikkje helde nosi di herfraa!« kvesste han og foor lynande sinna ut gjenom døri for aa gjøyma seg att. Men der rende han lukt mot henne mor, som ogso kom og vilde aat fjose; og etter honom kom ho Marta halande og fortalde, kor han hadde lege.

Der vart eit fælande uppstyr att, og ho mor var reint forstøkkt. Her hadde dei gjenge og trutt han var stroken tilfjells med hine gutarne, og so koma her som eit skræmsle! Ho hadde bedt for han i gaarkveld og i dag, daa dei snakka um ris; men no trudde ho rise snart laut til, ho med — sa ho. Han maatte fint vera med inn aat stova og byta um trøya og vaska seg. Og i staden for aa svelta seg ihel maatte han fint setja seg til bords og eta til middags; dei andre hadde ete. fyrr. Han fek ikkje eingong hemna seg paa allesaman ved aa syna eit vrangt andlit og sure minor; for far og Morten og Laurits var gjengne ut, og ho mor stulla uti kjøken. Han laut skjekkja og vera sur for berre veggjerne. Det var so mykje vrangskap paa ein gong dette, at han beint fram tenkte paa aa ikkje røra maten. Men so uppdaga han, at han var svolten, so der var ikkje onnor fura enn aa eta, helder. Han fek svelta seg sidan, naar dei andre saag det.

Eit bil etter var ho mor gjengi aat fjose att, og han stod innved omnen. Ho hadde snakka for han og, daa ho var inne og tok av borde; men han var for arg til aa bry seg um noko. Det dugde kje aa gjøyma seg att no, etter det var gjenge so vrangt, og han visste ingen annen verdsens ting aa ta seg til helder. Han sparka etter katten innunder omnen, so han spratt paa berre live inn under sengi. So fann han treskorne sine, gjek lamrande og seint utetter dørerne, slog dei hardt att etter seg og seig burtetter tune.

Ho mor kom daa ut i laavedøri. »Gaa no og ver med henne Marta og ber vatn aat fjose, so ho kan vera fri i kveld. Lat meg no sjaa du er snild, Hallvard« sa ho blidt.

Hallvard blees i nosi. No visste han daa i minsto ein ting aa gjera — det var aa ikkje bera vatn. Han sagde høgt nei; og for aa sleppa aa høyra meir um dette eingong gjek han beint fraa henne burtyver tune, burt mot stova hennar bestemor. Han var ikkje god i hovude og augo etter all graaten og dumba burti fjoshalmen. Det verkte og stakk no han var komen ut i solglime. Han laut halda augo mest att, og best som han gjek slik aa skjeggla i halvblindo, rende han mot noko burtved bestemorstova og datt paa bakenden i den steinharde brauti. Aa faa ein slikt rist i ein augneblink som denne — det var formykje. Som ein elding spratt han upp att, sette ut ein eid og sparka glo-sinna til det, som hadde sta' i vegen — det var ein steinfat, som ho bestemor hadde sett ut med mat aat hønsi i. Men dette sparke kunde godt ha hjelpt med minder — fate spratt yver ende mot stoveveggen og slog seg i tjuge stykkje! Skræmd saag han attende, um ho mor hadde set det. Nei, ho var gjengi inn i løda; men i same blinken høyrde han einkvar ta i klinka paa innsida av bakdøri tet ved. Som ein ræv rømde han burtum det næraste huse, stabure, og nettupp som han var komen i skjol, høyrde han eit argt utrop fraa henne bestemor. I det same høyrde han fleire og koma ut, og der vart spurlag etter, kven som hadde gjort det. »Eg totte eg høyrde ein fara burtum stabure der, eg!« sa eit grant mæle. Hallvard høyrde det var han litle-Nils, sonen hennar Guri uti bakkarne. Han vilde springa burtum løda og gjøyma seg skikkeleg; men der kom han Guri-Nils alt farande uppum staburnovi og saag atti han. »Huy! . . her er han, som slog sund fate! Spring paa andre sida og møt han der, du Laurits!« skraala han av alle krefter.

»Ja ja!« skraala han Laurits, og Hallvard vart sedd av beggje paa ein gong. »Aa d'er han Hallvard . . du slog sund fate!« kvein han Guri-Nils andpusten.

»Han Hallvard slog sund fate!« huja beggje upp att, daa ho bestemor ogso kom uppum stabursnovi. Hallvard hadde spronge seg i koll uti snøen og rømde ikkje lenger, daa det ikkje gagna likevel.

»Jaso er det slikt du hev til jolemoro, aa gjera fantestykkje og lura deg fraa det som ein ræv? Kanskje fate stod i vegen for deg?" sa ho bestemor sinna. So gjek ho utan eit ord meir.

Blaasande av sinne hadde Hallvard reist seg upp or snøen. I all motgongen hadde han endaa havt som ei von til henne bestemor. Ho hadde so ofta vore snild, naar alle andre var vonde, og han hadde so smaatt tenkt. aa gaa inn til henne og vera der resten av dagen. Men no var det vænt aa koma der, med! Og alt det kunne han ha sloppe, hadde ikkje den rakkars Guri-Nilsen . .!

Han foor fram med knytt næve. »Kva vilde du her, din rakkje? Eg skal læra deg aa nasa etter folk fleire gonger eg!« frøste han. Han treiv gutungen i nakken og hivde han i blindt sinne yver ende, so han støytte med andlite beint burt i ein av staburstolparne. Der vart han liggjande daudstill, til han Laurits vart rædd og lyfte paa hovude hans; — daa var han blaa i andlite og blode sila fraa nos og skalle. I det same fek han endeleg fram eit skjerande skrik, reiste paa seg og hinka ned-um stabure. Laurits skreik mest likso høgt av rædsla og fylgde etter ned aat beste- morsdøri.

Som klumsa stod Hallvard etter.. Kva hadde han gjort..! I ein augneblink hadde sinne lagt seg, og ei iskald rædsla foor gjenom han. Han hadde slettikkje meint det so ille; men no var det gjort.

Dei snakka høgt nedved døri, medan guten heldt paa og ylte. Far og Morten var og komne der, lyddest det. Dette liksom vekte honom; han rømde paa live laust burtum løda og gjøymde seg; — daa ropa dei paa han ovanfor stabure og kunde snart koma her og. Han tenkte fyrst paa aa krjupa inn i eit lite hol under veggen, men fek so auga paa ein betre utveg. Ovanfor løda var der ein liten dal full av gamle askestuvar og store steinar. Han foor uppyver og var sovidt komen i skjol attum den fyrste stuven, daa han høyrde faren ropa med skakande mæle nedved loda. Gud trøyste . . no vart det nok ikkje berre snakk um ris lenger! Han skolv som eit ospelauv og vaaga snaudt aa anda.

Um eit bil høyrde han faren ropa att, men denne gongen nede paa den andre sida av løda. Han kraup paa alle fire uppetter millom stuv og stein for aa gjøyma seg betre; men ingen stad kjende han seg trygg endaa. Han sprong sistpaa radt uppum haugarne aat den gamle smidja, stengde dori vel etter seg og sette seg i ei myrk kro. Han skolv i knei endaa, men ikkje fullt so mykje no. Det var liksom myrkre gav eitslags trygd.

Han visste kje sjølv, kor lengje han kunde ha sote soleis, daa han med eit høyrde rop utanfor. Han spratt upp som brend av eld og kika ut gjenom gluggen ved sida av døri; — det var berre han Laurits og ein liten gut utanfraa grannegarden. Dei stod med kjelkarne sine i brauti burtpaa bakkebrote og saag nok ikkje etter honom. Dei hauka til einkvar lenger uppe. Aa, no saag han det. Langt uppi bak- karne kom der ei lang rekkja av kjelkeakarar i ylande fart — gutarne, som kom heim fraa Ørnafjelle. Dei svinga med huerne, han høyrde rop og hauing. Paa flaterne burtanfor smidja stansa kjelkarne, og so kom dei springande burtyver til dei tvo paa bakkebrote.

»Hurra gutar!« skraala han Jørn.

»Du spikk og hendelse!« ropa ein annan.

»Me saag . .« byrja han Jørn att, men var so andpusten, at han svelgde resten.

»Eg saag han fyrst! eg vart mest rædd!« ropa ein av dei minste i flokken.

»Ræddaa haa-haai, sa'n! Eg skulde gjerne ha gjenge so nære han som herfraa og aat smidja der!« skraala han Jørn og briska seg med eit blankt klokkekjed av nysylv, som han hadde fengje seg til jol.

Men kva var det so? ropa dei tvo smaa forvitne og mest skræmde.

»Ein hare!« ropa heile flokken. Dei fek auga paa han burtpaa ein haug, medan dei sat i Ørnafjellsloda. Og tenk, der stod han radt til dei sette i aa huja og remja allesaman! — Dei lo og snakka i munnen paa einannen; kunde kje staa rolege av berre kjæta.

Men kor i alverdi var det vorte av han Hallvard, som ikkje vilde vera med? spurde ein sistpaa. Han Laurits hengde med hovude og sa' eitkvart, som Hallvard ikkje kunde høyra. So bar det heimyver med heile flokken.

Liten og still stod Hallvard etter i smidja. Det var som han fyrst no saag heilt ut, kor usæl han var — no daa han hadde set alle dei andre so glade og tenkte paa, kor gildt det var for dei aa koma heim og faa jolemat. Han kraup burt i kroi att og vart sitjande som naamen. Han kunde kje graata lenger. Ikkje helder kunde han tenkja klaart lenger elder skyna, korleis alt dette var gjenge til. Det var berre som um alt hadde svore seg saman mot han; som noko vondt forfylgde han. Han fraus, so han valna; men det fek ikkje hjelpa; han laut berga seg so lengje han kunde.

Best som det var høyrde han snakking att og kika ut ei rivna — far og Morten kom og fylgde farvegen etter han!

Faivegen — det hadde han ikkje hugsa! I vill rædsla vilde han krjupa bakum belgen; men i det same vart døri slegi upp og han vart sedd. Han slengde seg beint ned og skreik.

— — Ein halv times tid etter sat han heime i omnekroi og higstegret laagt og saart; ho mor gret og; han far dreiv paa golve, og alle dei andre var ute. Det hjelpte ikkje, at det var jol: han Hallvard hadde fengje ris. Han Guri-Nils, stakkar, var slegen, so han hadde lote gaa heim og leggja seg; og endaa var det godt, at det ikkje var verre. Slik vondskap og utoeskap hadde dei aldri set maken til fyrr.

Joledagskvelden var komen med blankt maaneskin, ljos og fin. Smaa- gutarne var trast komne ut og hadde byrja med moro i brauterne att. Sidan var dei vaksne gutarne og gjentorne og gjengne ut, og allesaman, store og smaa, var aka paa kjelkar og ski nedetter vegjerne. Der trefte dei ungdomen fraa grannegardarne og kom ikkje upp att framyver heile kvelden.

Han Morten var og gjengen og hadde teke han Laurits med. Ho mor var gjengi burtaat bestemorstova og vart der lengje. Han far sat ved borde og les, og der var stillt i stova. Berre klokka pikka paa veggen, og av og til lyddest der tung pusting burti omnekroi — der sat han Hallvard liten og samanbøygd endaa.

Han hadde set ungdomen fara nedyver med staak og gleda. No aka og moroa dei seg vel i bakkarne dernede; elder kanskje dei var gjengne inn einkvar staden og heldt jolemoro, medan han . . . Graaten kjøvde i halsen. endaa; men han laut halda seg for faren. Han fek ikkje ein gong gaa ut og vera for seg sjølv. Han hadde prøvt eit par gonger; men han far hadde trøtt i golve og sagt han sku' vera inne. Det var ein kveld so lang som eit aar. Han hadde sistpaa somna paa krakken, daa han Morten og dei andre kom att.

Morgonen etter, andre joledagen, var Hallvard fælande seint uppe. Det var til kjyrkjeferdi i dag han hadde gleda seg so — og til aa faa kjøyra seg med han Morten. .! Han berre smilte saart ved tanken paa alt. Han Morten og alle dei andre i huse, so nære som han og Randi, yngste systeri, var kjøyrde til kjyrkje trast i morgon. Ho mor hadde plent vilja, at han og sku' vera med; men han hadde klaga seg sjuk og berre breidt seg ned. Der fanst ikkje gleda i aa vera med etter det som var hendt i gaar. Det var desutan sant, at han ikkje var frisk; hadde vondt i hovude sidan i gaarkveld.

No var klokka yver ti, og han maatte endeleg upp. Bleik og sturen gjek han sidan ut og inn. Ho Randi var fyrst lengje i fjose og gjek sidan burt aat grannestova, so han var radt aaleine i huse. Ute var helder ikkje nokon aa sjaa. Jørn og Andres og mest alle burti hi stova var til kjyrkje. — Han freista eit bil aa moroa seg med aa aka uppi bakkarne, og fann sidan ei av skildribøkerne hans. Morten og saag i. Men det var ingi hugna i noko. Kva han foor med, so kunde han ikkje tenkja paa anna enn dei saare hendingarne i gaar, og so kor gildt dei no hadde det, som var til kjyrkje. Kjøyra paa isen i fjukande fart, faa sjaa presten og alt . . gaa kjyrkjeklædde og kjøpa kringlor og sukkerkavring hjaa bakaren . .

Han sette seg sistpaa burtved omnen til aa stura, nidstura og visste ingen verdsens skapte ting aa finna paa. Kunde ikkje eingong finna hugna i den gode maten ho mor hadde laga til aat han for i dag, elder gaa burt til henne bestemor sidan det i gaar. Det var ein lang dag i gaar, daa det hende so mykje; men dette var ikkje eit haar betre, daa ingenting hende. Han vart so leid og modlaus, at han sistpaa tok til aa sutra og graata. So fek han vondt i hovude att som i morgon og laut leggja seg. — Daa kjyrkjefolki kom heim laag han endaa.

Um fjerdedag jol gjek der ein gut nedetter vegen fraa Skartveit. Det var han Hallvard. Han skulde gaa eit erind ned til ein av grannegardarne og hadde lova aa vera snar. Men daa han kom ned i kleivarne, gjek det ikkje so Han var komen so i tansnart, lell. kar. Han hadde ikkje gjenge her no sidan den kvelden dei var fri skulen fyre jol, og han var komen til aa hugsa so livande, kor gildt det var daa; korleis dei gledde seg til jol og snakka um alt dei skulde finna paa i helgi. No var jola komi og gjengi — og kva var det no vorte av alt det han gledde seg til? I staden for gleda var det vorte berre sorg og motgang, so han visst aldri hadde vore verre uti det, korkje i helg elder vyrka.

Men korleis kunde det ha seg dette — at det var gjenge so heilt onnorleis, enn han hadde tenkt?

Han gjek seinare og seinare, sette seg sistpaa paa vegkanten.

Korleis det hadde seg ja . . So lengje ulukka heldt paa, hadde han. skulda det paa baade det eine og det andre — at dei var so vonde mot han, at alt gjek so vrangt. Men i gaar og i dag, daa det var kome i det gamle gjenge att og han kunde sjaa med meir ro attende paa alt, var det teke til aa sjaa heilt onnorleis ut. Hadde dei andre ikkje vore som dei skulde, so kom det seg altid av, at han sjølv var furten og vond fyrst; og furten og vond var han av skam yver det han hadde gjort um jolekvelden. Det hadde drege alt hitt etter seg. Og kunde han ikkje ha sleppe alt, um han hadde vore varare um seg daa — passa seg for den vesle tingen? . .

Han sat med hovude mot henderne og grunna. Den tunge, ubrigdelege samanhengen millom heningarne i live var for fyrste gongen gjengen rektig upp for han og hadde kasta aalvor i det glade barnesinn. Han hadde som ei kjensla av, at denne eine jolehelgi hadde gjort honom mykje eldre enn fyrr.

Denne siden inneholder en illustrasjon som bør klippes ut og lastes opp til Commons.


Denne teksten er offentlig eiendom fordi forfatteren døde for over 70 år siden.