Kopisten

Kopisten.
(Umsett etter Nikolaus Gogol.)
Ja det var i eit Departement.
Eg torer aldri segja kvat for eit, for daa kom heile Flokken og sagde at det var meint paa seg.
Ja det var i eit vist Departementskantor at han hadde Posten sin og sat um Dagen. Liten var han og inkje anseleg aa sjaa til paa nokon Maate; Andlitet var erutt, Haaret nokot raudleitt og Skolten nokot haarsnaud, det gjekk Rukkur liksom Sveittegrefter yver Skallen og nedetter Kjakarne — sodan var Karen, plent slik som Bylufti skapar Folk.
Dei kallad han for Kopist, endaa han var berre Reinskrivar.
Namnet hans var Akaki Akakjewitsch. At han fekk det Namnet gjekk for seg paa den Maaten, at daa Guten skulde til Daapen, slog dei upp i Almanakka. Der stod tri Namn fyri Augom: Mokius, Kokius og Chosdasatius.
— Nei, sagde Mori, slike Namn likar eg inkje. So slog dei upp eit annat Blad, der stod tvo Namn: Trifili og Warachatius.
— Jøye meg for Namn, sagde Mori, det er ei Guds Straff, slike Namn hev eg aldri høyrt fyrr. Vøre det endaa Waradat hell Waruch, men Trifili og Warachatius, det er aldri likt med nokon Ting.
Tredje Gongen slog dei upp. Daa stod det: Parvsikachri og Wachtissi.
— Nei no ser eg, at Lagnaden er ute; daa er det inkje onnor Raa enn aa kalla han upp etter Faren, det maa vera Akaki daa, sagde Mori. Soleids gjekk det til, at han vart heitande Akaki Akakjewitsch[1].
Barnet vart døypt, det gret og skreik og gjorde alleslag Barottar, liksom det hadde Kjensla av at det skulde verta Kopist ein Gong. Ja slik gjekk det til.
Naar Tid det var, at Akaki kom inn i Kantoret og kven det var som hjelpte honom til, det kann inkje nokot Menneskje meir utgrunda. Slik som han var mintest Folk at dei hadde set han all Tidi, paa den same Plassen, med det same Arbeidet, med den same Tittelen og med den same snaude Skolten.
Dei gav inkje formykjet Gaum paa han i Kantoret der han sat. Kantordrengen gjorde inkje so mykjet som reisa seg upp, naar han kom inn, det var ingen som ansad paa’n meir enn um det var ei Fluge. Herrarne hans heldt han i streng Age. Naar Kantorherren kom med heile Bergi av Papir burtpaa Bordet hans, sagde han inkje so mykjet som eit Ord, berre slengde det burtaat ’n.
Og Akaki tok mot, han saag inkje paa det ein Gong um det var slikt, som han retteleg skulde hava, berre tok det aat seg og byrjad med Avskrivingi.
Dei andre Kopistarne dreiv syndleg Løgje med han — um ein daa kann tala um Vit og Løgje hjaa Kopistar. Stundom sat dei skravlad og rødde, so han sjølv høyrde det, og gjorde Sogur um, at han skulde hava ymse Greidur med Vartekjeringi si, ho brukad Svolken paa’n ho, sagde dei. Og stundom gjorde dei Papirkulur og kastad paa’n og sagde: sjaa no snør det Akaki.
Men Akaki hadde aldri eit Ord imot alt dette, det var som um det inkje var andre tilstades enn han sjølv. Med dei gjorde det paa det heitaste aat honom, sat han so stød og gjorde inkje so mykjet som skriva ein Bokstav galet.
Det var berre naar dei vart so nærsøkne, at dei fløygde seg innpaa’n, so han vart hindrad fraa aa skriva, at han sagde:
”Aa late meg daa i Fred! Kvifor vil De daa heiltupp hindra meg fraa aa arbeida?”
Og det var reint rørande i den Maaten han sagde desse Ordi paa.
Ein Dag hende det seg, at ein Nykoming i Kantoret vilde til aa eglast med honom. Men daa han fekk høyra dette linne veike Mælet hans, vart han standande som klumsa. Det var nokot so vesalt og grøtelegt ved det, at han inkje magtad seg til aa faast noko meir med ’n. Lenge etter klang det for Øyrom hans desse Ordi: ”Aa late meg daa i Fred”. Og so eit annat Ord: ”Er eg daa inkje Bror daar?” Han tenkte etter at det var stygt aa narrast meir med ein slik ein.
Det fanst inkje Maken hans Akaki til aa vera trottug i Arbeidet, hm! trottug — han arbeidde med Ofse og Eldhug. Naar han sat med Skrivingi si, sveiv han liksom inn paa vene blømande Engjer. Sæla speglad seg av i Andlitet hans, du saag so væl paa han, naar han kom til Bokstavar, som han hadde lagt serleg Elsk paa, daa smilte han med seg sjølv, blinkad med Augo, og kneip Leparne saman, han skreiv inkje, han maalad dei upp. Den som kjende’n væl, kunde altid vita kvat Bokstav Akaki heldt paa med no, berre dei saag paa Andlitet hans.
Hadde han fenget Løn etter Trott og Tol, so hadde han vist vortet jamngod med ein Statsraad. Men han turvte inkje nokot ”Band i Knappholet”.
Det var ein Gong, at Kantorstyraren trudde honom eit Arbeid, som inkje var fullt so beint fram som det vanlege. Han tenkte aa løna langt og trottugt Arbeid med aa lata Akaki faa koma seg inn i noko som var meir vigtugt. Det var ei Departementsmelding skulde verta, Utkastet skulde umskrivast nokot, Titlar og Yverskrifter skulde setjast ved og ”eg” skulde bytast um med ”han”.
Ja Akaki skulde gjeva seg i Kast med det, men han sat og sat til Sveiten draup ned etter Skallen, og reint paa Graaten sagde han: ”Nei, nei eg kjem aldri ifraa det, kjære gjev meg heller nokot til aa skriva av.” — Sidan etter let dei han vera Avskrivar til Døyedagen.
Det var ingen Ting Akaki vyrde utanum Avskrifterne sine. Han tenkte inkje paa Klædi sine, Munderingi hans hadde eingong voret grøn, men no var ho likeso mykje raud. Og altid var det eit Vedheng paa Klædi hans anten eit Halmstraa hell nokot. Han var so heppen med di, at var det nokon Stad i Gata dei slepte ned fraa Glasi Eldstikkendar hell Epleskal og sovoret, so skulde han koma midt under og faa det hengjandes paa Hatten sin.
Akaki gjekk jamt i Tankar, dei reine beine Bokstavlinurne stod for Hugen hans; det var fyrst naar han var paa Veg til aa stiga burti ei Hesteruve, at han sovidt svingad av og sansad, at han inkje var ved Skrivebordet sitt men paa Gata.
Naar han kom heim fraa Kontoret um Dagen, sette han seg innaat Bordet med det same og hadde i seg Kaalsupa si; um det var Flugur og My og all den Ting som Maten plar vera krydda med, det var inkje hans Sak aa granska, for ned gjekk det, korleids det so saag ut. Med det same han hadde fenget Metten sin, reis han upp og tok fram Skrivesaker og til med Avskriving av dei Brevi han hadde havt med seg heim. Soframt han inkje hadde nokot slikt, so tok han fram til si eigi Moro nokot gamalt, som han hadde skrivet av fyrr, og til aa skriva og skriva — maala ut kvar Bokstav, alt til han vart trøyt og maatte leggja seg. Og so um Morgoen i Kantoret att med seg.
Aldri var han ute so mykje som ein Kveld, og aldri var det nokon som saag um honom, inkje spilad han Kort, og inkje røykte han Tobak; han hadde berre ei Moro, ein Tanke, ein Kjærleik i Livet — aa skriva og maala ut sine Bokstavar. Og med di var han nøgd, han traattad inkje etter meir.
Slik kunde han hava trøytt sin Alder ut i Fred og Sæla, hadde det inkje komet paa eit Hende, som gjorde ei Vending paa alt saman.
Det er ein leid Fiende i Petersburg aat alle, som inkje hev meir enn 400 Rublar um Aaret. Eg meiner Vetrakalden.
Naar Klokka gjeng paa 9 um Morgonen, og Skrivedrengjerne skal hava seg aat Kantori, daa svid det sagte i Nasetippen paa dei. Dei klagar seg jamvæl dei høge Embættsmennerne og tie Gong verre maa du tru det er for Drengjerne. Hev dei slengt paa seg den tunne Kappa si, so gjeldst det i fjukande Hast aa koma seg igjenom 5, 6 Gatur, og so inn aat Portmannen for aa verma seg upp att og bida til des at Folk er so milde at dei let upp.
Akaki hadde alt gjenget ei Tid og kjennt paa ymse skarpe Sting paa Ryggen og nokon kvar Staden, endaa han var meir springande hell gangande millom Kantoret og Heimen sin. Han grundad lenge yver Saki, endeleg fann han ut, at det maatte vera nokot, som vantad Kappa hans. Jau daa han kom heim paa Romet sitt og skulde til aa granska etter, so var det nokk inkje fritt for annat enn at ho hadde vortet so tunn paa ymse Stelle, at han kunde sjaa baate Sol og Maane tvert igjenom ho.
Denne Kappa hadde lenge voret utsett for Gjøn og Spitord av Felagarne hans Akaki. Dei hadde jamvæl teket Heidersnamnet ”Kappe” fraa ho, og kallad ho berre for ”Plagget”. Aa ja rar saag ho ut og, naar ein skulde segja Sanning. For kvart Aar hadde Kragen minkat, for det hende inkje so sjeldan, at Reinskrivaren tok Soksi og klypte av ei Remse der for aa hava nokot aa bøta med paa andre Stader, der det trongst meir. Og desse Bøterne skal ein hell inkje tru var sett paa med Meistarhaand. Daa Akaki var ferdug med Granskingi si, vart Utslaget det, at Kappa maatte kostast paa ei Umvøling, og han raadde seg til aa høyra aat med Petrowitsch, Skreddaren, som budde i eit Kot i fjorde Høgdi der i same Garden.
Slik som han sat krylryggjad og sjerag paa Bordet sitt, saag inkje Petrowitsch ut som han hadde den Æra aa klæda upp fælt fine Folk — ja naar han dreiv med slikt Arbeid daa, og inkje hadde sælare Greidur fyre seg.
Eg kann inkje sleppa’n, annat eg lyt segja nokre Ord um honom, daa det er so Skikk hjaa Bokskrivarar, at dei skal segja eit Par Ord anten godt hell vondt um dei Folki, som dei set fram. Den Tid han var Svein, heitte han berre Gregor; men daa han sette seg ned som ”Meistar”, trudde han det høvde betre med Vyrdnaden sin aa taka eit stautare Namn; og samstundes tok han ogso aat med Flaska, fyrstundes berre paa dei store Høgtids-dagarne, men litt um Senn vart det kvar Helgedag, som stend i Alnakka, som han heidrad slik. Naar Kjeringi vart vill for dette, so berre kallad han ho for ein Heidning og ei Tyske, som inkje vyrde hans Barndoms Tru og Heilagdagar. Um denne Kjeringi hev me hellest inkje annat aa segja, enn at ho var Kjeringi hans Petrowitsch, og at paa Hovudet hadde ho inkje eit Turklæde men ei Lurve.
Akaki lagde daa iveg upp aat Skreddaren. Medan han gjekk uppgjenom den svarte, tronge Troppi, der Spirituslugti strøymde ut (som vanleg i Petersburg) so stram, at det reiv baate i Nasar og Augo — daa reiknad han etter kor mykje han skulde gjeva for Arbeidet; han vilde inkje gjeva meir enn ein Rubel.
Døri aat Skreddaren stod uppe, so at Røykjen kunde sleppa ut, som kom fraa Kjøket, der Fruga heldt paa med aa steikja Fisk. Skreddaren sat uppaa eit stort digert Bord med dei nakne Føterne i Kross under seg liksom ein Tyrk. Han heldt paa med aa træda Naali si no, og hadde nokk freistat faangt eit Bil, daa det var halvmyrkt inne. Akaki kunde høyra paa Mælet at han var inkje vidare blid, medan han skreik aat Naali:
— Vil du gaa, vil du gaa, Grisen du er! —
Akaki tottest skyna, at han inkje var komen paa nokor lagom Tid. Helst hadde han viljat komet, naar Skreddaren nyst hadde fenget seg ein Kveik. For daa gjekk han inn paa alt som baudst honom, og takkad til. Daa hende det seg væl, at Kjeringi ogso blanda seg i det, og sagde han var drukken, han let seg narra; men lagde ein daa paa berre ein Slikk, so var alt greidt med det same.
Men til Ulukka for Reinskrivaren so hadde nok inkje Petrowitsch røyvt Flaska idag; og daa plagad han vera vond og tverr og urimeleg drjug i Prisarne.
Akaki saag denne Faaren, og gjerne hadde han set seg ute att; men det var for seint, Skreddaraugat (han hadde berre eit) hadde alt vorte var honom, og Akaki laut helsa.
— Godag Petrowitsch.
— Vælkomen, Herr — svarad Skreddaren og saag paa Haandi aat Karen, undrandes paa kvat han kom med.
— Kg kjem her . . æ . . . . berre . . æ . . . for . . . eg skulde . . . — Me maa her melda, at den skygge Skrivaren ingen Meistar var i Ord, han brukte mest berre slike Smaaord, som ingi Meining gav, so det var vanskelegt aa verta klok paa kvat det var han vilde. Og so var det daa endaa verre no, naar han skynte han var komen i Utid. Men so tok han i nokot fastare att: Ja — det var sannt ja — det var det, at æ — — Lenger kom han inkje.
— Kvat er det De vil — spurde Skreddaren og saag paa Karen og mælte han liksom fraa Topp til Taa, um han kunde merkja nokot, sjølv hadde han gjort Klædi hans.
— Ja det var det, Petrowitsch . . . denne Kappa ser De . . . hellest er nokso god, ho er noko duftutt no — og difor ser ho noko gamall ut. Ho er reint som ny endaa, som litt avsliti i Kantarne og so nokre Saumar uppgjengne i Ryggen. Du ser det er inkje nokot aa tala um, paa eit Par Minutar er detta vedgjort.
Petrowitsch tok Kappa, breidde ho ut fyre seg paa Bordet, granska ho væl, riste paa Hovudet og tagde. So sette han Haandi burti Glaset etter ein stor Tobaksdaase, tok seg ein Pris, saag paa Kappa paa nytt Lag, tok seg ein Pris til; endeleg sagde han:
— Nei nei. det er inkje Botevon meir paa den, det er Fillur altihop.
No sokk Motet hans Akaki.
— Aa korleids det daa — sagde han med klagande Mæle liksom eit Barn — er det inkje Raad til aa bøta denne Rifti her daa, du hev daa so mange Lappar, du er inkje lang Stundi um aa nesta ihop dette.
— Ja Lappar hev eg nokk, men Tyet er so uppslitet at det inkje finnst Feste for Traaden.
— Ja men der kann du setja paa ei ny Bot.
— Ja so vart det Bot paa Bot heile Plagget, og inkje annat; nei detta Tyet der, det held inkje for eit Vindkast og langt mindre for ei Naal. Nei det er inkje Botevon der; det einaste ho duger til var um du brukte Soksi paa ho, og klypte ho upp til Fotklutar, so sparad du deg nokre Par Sokkar.
Akaki trugad og bad og jamrad seg. Men det hjalp ingen Ting.
— Det er inkje annat for, De lyt nok kaupa ei ny Kappe no.
Det svortnad for Augom aat Akaki, han totte alt gjekk runnt.
— Ei ny Kappe — sagde han endeleg liksom med seg sjølv; — men eg hev ingi Pengar.
— Ja, ja ei ny Kappe, svarad den hin strengt.
— Aa jøye meg! Men sjølv um eg tok ei slik Avgjerd, kor mykje —
— Kormykje ho kom til aa kosta, meiner De?
— Ja.
— Aa so paa Lag hundra og femti Rublar.
Hu, det var som um den fæle Skreddaren gjorde seg ei Moro av aa setja Folk ibeit, og so sjaa kor det sveid dei.
— Hundra og femti Rublar for ei Kappe — sagde Akaki. Og desse Ordi sagde han med ein Tone, som lyddest heiltupp som Skrik, rimeleg det fyrste, som han hadde gjevet fraa seg sidan han kom til Verdi, for hellest talad han inkje annat enn med ein søt, linn, kviskrande Tone.
— Ja — sagde Petrowitsch — og so Krage av Mordskinn og Silkjefor, det vert tilsaman tvohundra Rublar.
— Petrowitsch, eg bed deg — sagde Akaki med graataade Mæle — freista aa vøla paa den gamle, so ho held ei Stund endaa.
— Nei nei, det vøre faafengt Arbeid.
Etter desse Ordi gjekk Akaki hugsprengd ifraa’n, medan Skreddaren sat att paa Bordet, og var nøgd med seg sjølv, at han hadde greidt det so fint.
Reinskrivaren vart gangande i Gaturne som i Draum og grunda paa, korleids han skulde berga seg i denne Vanraadi. Han gjekk og rødde med seg sjølv all Dagen: — Aa rett naar Uppraadi kjem paa ein slik lei . . . . . sanneleg det hadde eg daa aldri trutt, at det skulde faa ein sodan Endskap . . . aldri so eg veit meir kvat eg no skal finna paa . . . det er reint vonlaust, so eg veit inkje eg . . .
Slik for han og ingenting ansad, fyrr han kom inn under ein Bygning, som var i Gjerdom[2], der trefte han til aa faa ei Klining med Kalk utyver Hatten sin; daa fyrst sansad han seg so mykjet at han snudde heimatt.
— Nei — sagde han endeleg — idag nyttar det ingen Ting med Petrowitsch, idag er han paa Ustell, Kjeringi hev væl smurt honom, kann eg tenkja; men um Sundagen skal eg freista honom; daa hev han teket seg ein liten ein for aa styrkja seg til Maandagen, og daa er han penglaus; so legg eg ein Sylvpenning burti Neven hans, daa vert han rimelegare og daa kann me tala meir um Kappehandelen.
So ventad han tolsamt til det vart Sundagen. Og daa han saag at Kjeringi gjekk ned Troppi og ut, skundad han seg upp til Skreddaren og fann honom plent slik som han hadde tenkt seg det: paa Ustell for Skuld Helgemoroi. Men snaudt hadde han nemnt eit Ordum Kappegreida, fyrr Skreddaren vaknad upp or Likesæla si og skreik til:
— Nei dermed vert det. Ei ny Kappe maa det til.
Kopisten klemde Sylvskillingen burti Haandi hans.
— Takk gode Mann — sagde Skreddaren — den skal hjelpa meg til aa koma i Lag att, den skal eg drikka upp paa Helsa Daar. Men skal me tala um Kappa, ser De, so er inkje ho verd ein Halvskilling meir. Lat meg berre greida det, eg skal laga Dykk ei gild Kappe eg, det lovar eg.
Den arme Akaki Akakjewitsch bad og barmad endaa ei Stund um aa vøla den gamle.
Nei, ingen Ting hjelpte.
Og no skynad Akaki, at han laut gjeva seg med di, og alt Motet forgjekk honom att. Han maatte hava seg ei ny Kappe; men kvat hadde han aa betala med? Han hadde væl Løni si i Vente. Men so trengde han ny Bukse snart og, og Skomakeren var han skuldig, andre Ting var det og, som han endeleg maatte hava.
Det var einast um han kunde faa Petrowitsch til aa slaa ned Prisen, naar han var paa ei god Lune. Um han kunde faa sett det ned til 80 Rublar. Ja men so desse 80 Rublarne, kor skulde han taka dei fraa. Det halve av dette kunde han kanskje finna ein Utveg til, naar han brukad alle sine Raader.
Akaki hadde det for Skikk kvar Gongen han fekk ein Rubel, at han tok av ein Skilling og slepte nedi ei Sparedaase. Og naar det so leid av eit halvt Aar, tok han Koparskillingarne og bytte um med Sylv. Denne Sparingi hadde han drevet i lang Tid, og paa den Maaten hadde han no fenget saman 40 Rublar.
Men so var det den andre Halvdelen. Akaki tenkte upp og ned; endeleg fann han ut, at soframt han eit Aars Tid knipte inn paa ymse Slag, The og Kaffe, Ved og Vask og slikt, so kunde det kanskje ganga.
I Fyrstningi fall det tungt nok for Akaki aa knipa inn paa det han hadde vant seg til. Men snart fekk han det til aa skikka seg, og han aukad Sparingi so vidt, at han inkje unte seg Kveldsvorden eingong. Men det Kroppen leid ved dette, det styrktest han i Aanden. Etter han tok aat med dette Sparelivet, var det som um Naturen hans hadde tvibytt seg, det var som um han hadde gift seg; det var som eit Fylgje sveiv med honom Dag og Natt — og dette Fylgjet var Bilætet av den nye Kappa, væl forad varm og god.
Naar han gjekk, var han fast i Stiget og saag ut som ein Mann, som hev sett seg eit Fyremaal, som han er viljesfast um at han skal naa. Det var so at ein kunde inkje kjenna att ’n. Det var nytt Liv og Glans yver heile Karen.
Desse nye sæle Tankarne sveiv for honom jamvæl paa Kantoret, so at han vart forfæld yver seg sjølv. For han sat so djupt i dei, at han ein Dag kom til aa skriva eit heilt Ord galet. — Aah, Aah — ropad han, skvatt upp og gjorde Krossteiknet fyri seg fort.
Det var minst ein Gong um Maanen, at han var hjaa Petrowitsch og rødde um Kappa, um Prisen paa Tyet, um kvat Slag Lit han skulde velja og mange fleire Ting.
Han stundad berre etter at den store Dagen maatte koma, daa Kappa hans var ferdug.
Den Dagen kom fyrr enn Akaki hadde ventat det. For Kantorstyraren fann paa ein Dag aa gjeva Reinskrivaren som eit Lønstillegg — heile 65 Rublar — anten det var no so, at han vilde løna trottugt Arbeid, hell at han syntest Synd i den arme Kroken, som gjekk der og fraus.
Daa var han bergad, og no leid det inkje lenge, fyrr han vart so rik, at han hadde alle dei 80 Rublarne. Hans rolege Hjarta tok til aa banka, daa han gjorde seg ferdug til aa fylgja med Skreddaren ut i Buderne for aa sjaa paa Ty, og dei fann snart det dei vilde. Og Skreddaren forsikrad paa, at betre Ty var det inkje aa faa. Han vilde ogso endeleg kaupa Mordskinn til Krage, men Prisen var for dyr, og so maatte dei lita seg med Katteskinn; det var so fint, at Folk gjerne kunde halda det for Mordskinn.
Til Gjerdsla brukad Skreddaren fulle 14 Dagar, men so forsikrad han seg paa, at han saumad baate sterkt og fint.
Endeleg kom den Kappa, som var so lenge traatt. Det var den høgtidelegaste Dagen i Akakis Liv.
Skreddaren sjølv kom med henne sveipt inn i eit reint Klæde, so tok han henne ut og lagde henne yver Okslerne til Skrivaren, og let ho velta seg ut i si fulle Lengd; og ho høvde godt, framifraa godt.
Akaki gjekk ut, han hadde Trong til aa prøva si nye Kappe med det same; og høvelegt var det til det, for det var sprettande kaldt. Han var fullnøgd med henne, ho var baade varm og ven. Skreddaren tottest ogso hava Ære av sitt Verk, han fylgde med gjenom mange Gatur for aa njota Syni av Kappa.
Akaki kom paa Kantoret med ein sæl Smil den Dagen. Alle Skrivaranne kom setjande imot honom, daa dei saag, at ”Plagget” var umbytt og det rignde ned med Lov og Lukkynskjingar yver den nye Kappa.
Men kor forfærd vart inkje Akaki, daa dei alle sagde samstelte, at no var han pligtug til aa vigsla Kappa si, og halda eit Lag for dei. Akaki vart so skræmd, at han inkje viste kvat han skulde finna paa til aa orsaka seg med.
Til all Lukke tek Kantorstyraren Ordet med det same og sagde:
— Mine Karar! Late meg halda eit lite Lag for Dykk i Staden hans Akaki. Vere so gode, kome og ete til Kvelds hjaa meg idag; det er nett Fødesdagen min idag.
Akaki var sæl, han slapp so lett; utigjenom Dagen gledde han seg jamvæl til Kvelden, daa vilde han paa nytt faa syna fram den gjilde Kappa si.
Akaki hadde inkje nokon stor Hug paa dette Selskapet, som Kantorstyraren vilde gjera. Men dei sagde aat honom, at det inkje gjekk an aa bjoda av.
— Det er no det ja — tenkte han ved seg sjølv — at so fær eg ganga gjenom heile Byen i den nye Kappa mi. Denne Dagen var ein Festdag aat honom. Han var i Godmøle, daa han kom heim og fekk taka i Kappa, sjaa og kjenna paa henne all Stad og so hengja ho paa Veggen. Der hekk det gamle ”Plagget” ved Sida. Han vart standande lenge og sjaa paa dei.
— Jau det er rett Skil — snuslad han for seg sjølv og log. Den Eftanen tok han inkje nokor Skriving for seg. Han berre sat i Benken so sæl og ventad paa, at det skulde lida til Kvelds. Daa flidde han seg, tok Kappa paa seg og gjekk ut.
Det var ei lang Gonge, det bar heilt burti andre Enden av Byen, fyrr han naadde fram, og gjenom so mange gilde Gatur fulle med fine Folk, at Akaki som sjeldan var utum sin daglege Veg til Kantoret, vart reint som forvilla.
Han fann endeleg fram dit han skulde, ringde paa Klokkestrengen og kom inn i ein lang Gang, full med Utapaaskor; og Plagg av alle Slag hekk paa Knaggarne. Akaki tok ogso Kappa og hengde ho varleg ifraa seg.
Ein Tenar opnad Døri og skubbad honom inn, der vart han standande og viste inkje korleids han skulde te seg; rundt umkring sat det fullt med Folk i Helgebunad, sume spelad Kort og sume rødde og det var ein Ym og ein Gny, so han vart reint ør.
Men dei vart vare honom og ropad: Vælkomen, kom og tok’n ved Haandi, og alle skulde ut i Gangen og glo paa den nye Kappa, som fekk Pris og Ære av alle Munnar.
Endeleg sette dei seg til Spelbordet att, og Akaki fekk vera i Fred; han sette seg ned paa ein Stol for seg sjølv, sat og glaamde ikring seg og viste inkje kvat han skulde helst finna paa, han totte det var fælt langsamt og keidt. Han tok til aa dubba so smaatt, det var alt yver den Tidi, daa han plagde vera i si Seng, og han reiste seg alt upp for aa snikja seg undan og koma seg heimatt. Men Felagarne hans var etter paa Timen, tok og heldt honom og sagde:
— Nei halt Far, du skal inkje ryme fraa oss so snart. Du veit daa, me maa drikka eit Glas Sjampanje med deg fyrst.
Rettno kom Kveldsvorden inn; det var Spa, kalt Kalvkjøt, Kake og ymist Bakverk, og Sjampanje attaat kvart Slag. Akaki vart nøydd til aa drikka tvo store Glas; daa var det som Livet ljosnad for honom, men han kunde lel inkje gløyma, at Klokka alt gjekk paa eit.
Og med det same dei reiste seg fraa Bordet, smatt han uti Gangen, der han med Sorg saag Kappa si slengd paa Golvet. Varsamt riste han ho, drog ho paa seg og gjekk.
Ute var det myrkt, berre faae Ljos saag ein i Glasi, og i Ølbuderne heldt dei paa aa stengja.
Akaki tok Leidi heimetter. Men daa han hadde gjenget ei Stund, kunde han inkje kjenna seg; han var komen inn i ei lang Gate, som det inkje var Ende aa sjaa paa, det var berre ei dimm Lygt langt imillom, og det var inkje eit Liv aa sjaa i Gata. Det var hustert, han gjekk so han skalv og torde inkje sjaa seg um anten til Høgre hell Vinstre, gloste berre ende ned og let det siga beint mot Lygti paa eit Vakthus, som det lyste av langt, langt burti Dimma og som um det skulde voret ved Verdsens Ende.
Best som han saag upp, vart han var det stod nokre Menn beint framfyri seg med lange stygge Bartar. Det vart svart for Augo, og Hjartat snørde seg ihop.
— Det er Kappa mi — sagde den eine og pikkad’n paa Oksli.
Akaki vil til aa ropa paa Hjelp, men den andre sette ein diger Neve beint uppaat Munnen hans og sagde: — Ja berre freista du aa skrika!
I det same kjende han, at Kappa vart teki, og han fekk eit Slag so han datt sanselaus ned i Snøen.
Daa han sansad seg att, saag han inkje eit Menneskje. Stiv og frosen tok han aat aa ropa, men Ropet naadde inkje langt. Ropande og springande sette han imot Vakthuset, som inkje laag so langt undan.
Vaktkaren stod og studde seg paa Byrsa og spurde, kvifor han gjorde slikt eit illhervelegt Staak i Gata paa Nattetider.
— Er du drukken du daa Mann — sagde Akaki, naar du inkje ser, at ein vert plundra tett attmed Posten din?
— Jauvist saag eg Dykk — svarad hin — De var tri Karar der midt burtpaa Plassen; eg tenkte De var Vener. Men det er inkje nokot aa øsa seg slik upp for det; gakk heim og legg Dykk De, og meld Saki aat Politiet imorgo, so greider nok dei det.
Med dette maatte Akaki lata seg trøsta.
Han var i fælt Ustell, daa han endeleg kom ranglande heim um Notti.
Vartekjeringi hans høyrde han bankad paa Døri og stod upp og slepte’n inn. Men daa ho fekk sjaa’n, skvatt ho attende:
— Men trøste og betre meg, kvat er det paa Ferd daa Mann?
Akaki fortalde alt saman.
Ho slog Henderne saman, ropad ende yver seg og sagde.
— Nei inkje til Politiet maa De venda Dykk, det kjem det ingen Ting utav, men til Reviermeistaren, for han kjenner eg, og det er ein snild Mann. Ho Anna som tente hjaa meg, ho er der no, og eg ser han ofta ganga framum her. Han gjeng til Kyrkja kvar einaste Helgedag, og ein ser det paa’n straks, at det er ein fagna Mann.”
Akaki sov litet den Notti.
Med det same det vart ljost um Morgonen, strauk han stad aat Reviermeistaren. Han sov endaa, vart det sagt. Akaki kom att, daa Klokka var som tie; aa nei, endaa var han inkje uppe. Klokka tolv var han der igjen, men daa var han nettupp gjengen ut. Ved Mattidi stelte Akaki seg upp att for aa venta paa honom, men Skrivardrengen spurde honom strengt, kvat det var som han daa hadde til Ærend. Daa for fyrste Gongen i sitt Liv tok Akaki Mot til seg og sagde, at han endeleg maatte tala med Reviermeistaren; ingen maatte freista aa meinka honom i di, for det var vigtuge Ting, det galdt ei offisiel Sak; og den som vilde leggja nokot i Vegen for honom, skulde faa koma til aa svida for det dyrt.
Dei kunde inkje segja nokot meir, og Akaki vart førd inn. Han kom med Forteljingi si, som vart høyrd paa med ein underleg Smil. For daa han var ferdug, gjekk Reviermeistaren inkje inn paa Hovudsaki, det vil segja Tjovsmaalet, men spurde korleids det hadde boret til, at han hadde voret so seint ute og i den Del av Byen, var han full daa kanskje, hell hadde han voret i eit mistenkjelegt Hus?
Reinskrivaren vart standande som klumsad yver slike Spursmaal og viste slett inkje kvat han skulde svara, han drog seg attende og hadde seg ut att med det same, uviss um det vart gjort nokot ved Saki hell inkje.
Heile Dagen hadde inkje Akaki voret paa Kantoret sitt; det var uhendt solenge Folk kunde minnast attende. Men den andre Dagen kom han der, med bleikt Andlit og med den gamle Kappa, so stygg som ho var. Daa han fekk fortelja um Ulukka si, var det sume, som var so leide, at dei log. Men dei fleste totte daa Synd i Knarken og dei gjorde ei Liste og sende iveg i Kantori for aa samla inn Pengar aat honom. Men det vart inkje stor Rikdomen utav di, for det hadde just gjenget tvo slike Tiggelistur nokre Dagar fyrr, so Folk var inkje huga paa aa gjeva nokot større til Akaki.
Det var daa ein, som vilde hjelpa honom med ei god Raad iminsto. Det var faafengt aa høyra aat meir med Reviermeistaren, sagde han, for sjølv i Tilfelle at han kunde faa gjort ei Greide paa Kappa, so vilde Politiet halda paa henne, til at Akaki fekk sannprova at det var si. Nei, men han skulde venda seg til ein viss Stormann, han var den, som kunde greida dette fortast og best.
Fortullad og vonlaus som han var, raadde Akaki seg til aa freista denne Vegen. Kvat Slag Stelling denne Stormannen hadde, og kor høg han eigenleg var, det fekk han inkje spurt. Det var inkje kjennt annat enn at han nyst var komen til Embættet. Men at det var nokot retteleg høgt, det viste dei, for var det nokot Skriv fraa Kantoret der, som skulde til honom, so laut det ganga gjenom mange Hender, fyrr det kom fram.
Denne høge Mannen, som Akaki no skulde venda seg aat, var av dei, som held det for det vigtugste Embættet aa gjæta Vyrdnaden sin, og som det gjeldst for aa berre minnast vera streng nok. Det var denne her. Naar han talad med sine undergjevne, sagde han inkje mange Ord utanum dette:
— Kvat vil De? Veit De ogso kven De talar med? Sansar De ogso kven som stend fyrr Dykk?
Hellest var han ein godsleg Kar, men det var Generalstitelen som hadde rangstelt honom. Han var morosam og hugleg millom Vener; men naar det var ein undergjeven, som han talad med, var han rædd for at han kunde koma til aa verta for kjend hell at han kunde segja nokot, som kunde faa Folk til aa gløyma den rette Agen. Difor heldt han det for best aa tegja seg so mykje som han kunde.
Slik var den Mannen, som Akaki no var sett paa.
Daa Akaki kom aat Kantoret til Generalen, sat han i det inre Romet og rødde med ein gamal Kjenning.
Kantordrengen gjekk inn og meldte, at det var ein som vilde tala med honom.
— Kvat er det for Slag Kar — spurde Generalen.
— Det er ein Tenestmann.
— Skal venta, hev inkje Stunder til aa taka imot no.
Inkje for det, at Generalen hadde det for annvinnt, dei sat og gapad i kvar sin Ende av Sofaen dei tvo Kararne og togg paa ein Sigar. Men han vilde syna den hin, Generalen, at han var den Mann, som inkje turvte forhasta seg med aa sleppa inn simpelt Folk.
Han maatte sitja aa venta væl ein halv Time Akaki, fyrr Generalen var so naadug at han baud Drengen sleppa’n inn.
Daa Akaki kom inn, snudde Generalen seg braadt imot honom:
— Kvat vil De — spurde han so kvast som han kunde.
Den arme Stakkaren vart standande som forstøkt.
Endeleg fekk han daa sovidt igjen Mælet, at han med mange Ord og ymse Sveipar fekk koma seg til aa leggja ut um, korleids det hadde gjenget til fraa fyrst til sist med di at han hadde mist Kappa si.
Generalen lydde paa honom ei Stund, men daa det bar so ut i det vide og breide, tok han Ordet fraa honom og sagde.
— Hm! Karen min, veit de inkje korleids De skulde fara aat i eit slikt Tilfelle? Korleids er det daa De fer? Veit De inkje kvat Veg slike Saker gjeng? De skulde fyrst hava sendt ei Melding til Kanseliet, so hadde den komet i Henderne aat Fullmagten, og Fullmagten hadde sendt det aat Byraadirektøren, og fraa honom hadde det so komet aat Sekretæren min, og naar so han hadde leset det upp for meg, var det fyrst framkomet paa lovleg og retteleg Veg, og so vilde Sekretæren min att — —
Aa lat meg segja Dykk det Hr. General — sagde Akaki og tok det siste Motet til seg, men han kjende, at Sveitten draup nedetter Andlitet — lat meg segja eit Par Ord, for æ, naar atte det eg hev vaagat meg til aa venda meg beint aat Hans Ekselense, so, so er det for det at slike, slike Sekretærar — det er Folk som det er liti Von um aa faa nokot utav.
— Kvat! Korleids! Er det mogelegt! — sette Generalen i.
— Korleids kann De vaaga aa bruka slike Ord? Kor hev De lært slikt? Det er Skamm, at unge Folk skal bruka slik Aatferd mot sine Fyrisette. —
Inkje for det, at Akaki var so ung, Generalen kunde godt hava voret Son hans for den Sak Skuld.
— Veit De ogsaa, kven det er De talar med — tok han i att? Sansar De, kven det er De stend hjaa? Sansar De det? Eg spør Dykk, sansar De det?
Og idi han sagde dette, trampad han mot Golvet, og Mælet hans vart kalleg høgt og kvelt.
Akaki stod heiltupp som fortullat, han vart kavende bleik og hadde so nær stupat ykerende, hadde det inkje komet ein Tenar med det same og haldet i honom.
Men Generalen snudde seg um og saag burtpaa Kjenningen sin. Jau, jau, tenkte han, eg skal daa syna deg, at eg er Kar til aa setja Støkk i Folk.
Korleids Akaki kom nedgjenom Tropperne og skreid yver Gata, det kunde han inkje gjeva seg Reikneskap paa, for han kjende seg meir daud enn livande. Aldri i sitt Liv fyrr hadde han fenget Skjemmord av sin General, men no tilmed av ein framand General.
Han gjekk og dreiv ute i Stormen, som suste derute og agtad inkje det minste paa seg sjølv; Strupa hans var full av Hoste, daa han naadde heim, han orkad inkje tala, berre kastad seg ned paa Sengi.
Dagen deretter var Akaki sjuk, Lækjaren vart hentad og han lovad honom inkje Liv meir enn eit Par Dagar.
Daa han gjekk, sagde han til Vartekjeringi:
— Det er inkje Tid aa spilla, De maa faa fat paa Likkiste. Det er godt nok ei Furukiste aat honom, det vøre ei Sjølvvild aa kosta paa’n ei dyrare.
Um Reinskrivaren høyrde desse Ordi, um dei fekk hans Hjarta til aa graata yver Vesaldomen sin — det hev inkje nokot Menneskje røynt, for han ørte i Einingi. Undarlege Syner sveiv jamnt og samt gjenom den veike Heilen. Stundom saag han Skreddaren Petrowitsch, og han bad honom gjera seg ei Kappa med Slengje paa for aa taka Tjovarne som var etter honom i Sengi, og han bad den gamle Vartekjerringi um aa jaga burt Røvararne, som løynte seg under Teppet. Stundom stod han fyri Generalen, høyrte paa Straffetalen hans og bad so um Tilgjeving. Og so bar det igjen frami so underlegt Snakk, at Vartekjeringi aldri i sitt Liv hadde høyrt slikt. Men korleids det so bar iveg, so vart det jamnt paa Slutten ei Kappe, som alt gjekk um.
Endeleg drog Akaki siste Sukken sin. Korkje Romet hell Kista hans vart forsiglat, og det av den Grunn, at han hadde inkje nokot i dei utan nokre Pennar, eit Hefte med Papir, 3 Par Hosur og den gamle Kappa. Kven det var som vart rik av desse Leivur, det veit inkje eg.
Akaki vart sveipt i Likplagget og gravsett. Den store Byen Petersburg livde ganske etter si gamle Vis, som um han aldri hadde voret til.
Nokre Dagar etter at han hadde voret hjaa Generalen sende Fyrimannen i Kantoret ein Tenar upp til Akaki med streng Bod um at han maatte straks koma aat Posten sin. Tenaren kom att med den Meldingi, at dei fekk inkje sjaa Reinskrivaren der meir.
— Kvifor det daa — spurde alle.
— Fordi han vart gravlagd for fire Dagar sidan.
Paa den Maaten fekk dei vita Dødordet hans i Kantoret. Dagen etter var alt Plassen hans fylt med ein Mann, som tottest inkje kunna taka seg Verdi so nær berre for ei Kappe Skuld.
Og no meiner kanskje Lesaren, at Soga aat Reinskrivaren er Slutt, men daa meiner du galet, for det er att eit Stykkje til.
Ein Dagen kom det ut det Ordet i Petersburg, at det var inkje ganske fritt annat det spøkte paa Katinkabrui; det skulde fara ein Dauding der og sviva, klædd som ein Kantorskrivar, og denne Daudingen for liksom og leitad etter ei Kappa, som var stoli, og tok paa alle utan aa spyrja um Rang og Stelling, og alle vart dei avrivne Kappa, anten ho so var forad med Katt- hell med Bøverskinn, det gjekk for det sama. Ein av Felagarne aat Reinskrivaren hadde set Spøkjet og tydeleg kjent att Akaki. Med di han tok Spranget, var det so vidt han kom seg undan, men alt langt ifraa hadde den hin lyft Neven upp imot honom. Allstad vart det gjetet, at inkje berre simple Raadar, men jamvæl Statsraadar hadde fenget seg ein Krim fordi dei vart gjort snaude yver Okslerne, naar dei gjekk heim um Kveldarne. Politiet gjorde alt som det kunde for aa faa Tak paa Spøkjet, men alle Raader vart faafengde.
Ein Kveld likevæl var det ein Vaktsoldat, som fekk Tak i Illmannen, daa han nettupp var i Ferd med aa draga Kappa av ein. Han ropad av all si Magt paa tvo Felagar, som han yvergav Fangen aat, medan han sjølv tok fram Tobaksdaasen for aa kveikja den halvfrosne Nasen litevetta. Rimelegvis hadde Tobaken hans slik ei Kraft, at jamvæl Daudingen inkje kunde tola Lugti. For snaudt hadde eit Par Tobakskorn naatt Nasen hans, fyrr Fangen tok aat med slik ei Nysing, at det kom som ei Sky for Augo paa Vaktsoldaten. Og medan han heldt paa skulde turka Augo sine, kom Daudingen burt millom Henderne hans. Og etter den Dagen hadde alle Vaktsoldatar slik Otte for Daudingar, at dei snaudt vaagad setja fast livande Folk eingong, berre skreik aat alle dei saag langt burte: Gakk vidare, gakk vidare!
Og Spøkjet fekk stella som det vilde, og sette Otte og Age i Folk paa lange Leider.
Men no maa me venda um att litevetta til Generalen. De maa inkje tru, at han var so vond som han gjorde seg til, nei han hadde eit nokso godt Hjartelag, og daa Akaki var gjengen, kom han til aa tenkja paa, um han inkje hadde skræmt den arme Mannen for hardt, og han kunde umogeleg verta kvitt desse Tankarne. Endeleg sende han ein Tenar iveg for aa høyra etter, korleids det var med honom, og daa han kom att med Dødordet hans, sette det ein Samvitsagg i Generalen, som han inkje kunde koma ifraa all Dagen.
Um Kvelden gjekk han ut ein Stad til eit Selskap, der han viste at det var so høge Folk aa raaka, at han turvte inkje vera brydd.
Og det gjorde honom godt aa koma ut, han gløymde sine tungsinte Tankar og hadde ei hugsam Stund. Han drakk eit Par Glas Sjampanje, so at han vart i ei god Lune paa Heimvegen, og sat og tenkte etter alle dei Godord, som han hadde sagt, og som han hadde fenget Folki til aa lægja aat.
Daa kom det med ein Gong ein Vindgufs so hard og skarp, at Snøen slog honom inn i Augat og Kappa bles upp som eit Segl, so han hadde Møda med aa halda ho paa seg.
Daa kjenner han, at ein sterk Neve pikkar honom paa Kragen, Generalen snudde seg og saag ein liten Mann med gamal Mundering, og kjenner att Andlitet hans Akaki, og dette Andlitet var so bleikt og ihopkropet som paa ein Dauding.
Reinskrivaren opnar Munnen, det luktar Lik av Anden hans tykkjer Generalen, og til si store Rædsla fær han høyra desse Ordi:
— Endeleg hev eg deg! . . . . So kann eg daa pikka deg paa Kragen . . . . eg maa hava Kappa di . . . . du vyrde inkje meg, daa eg var i Naud og du gav meg Lastord attpaa att . . . no berre gjev meg hit Kappa di straks.
Og Generalen som hellest var so ageleg, at Folk seig undan berre han saag paa dei, no var han so rædd, at han skalv som eit Ospeblad, og med skjelvande Haand løyste han sjølv av seg Kappa og skreik aat Kusken: Fort, fort, beinast heim!
Den Notti laag han berre og kastad seg i Sengi og fekk inkje Svevn paa Augo, og andre Dagen vart han liggjande, men inkje eit Ord torde han fortelja um det som han hadde røynt.
Men fraa den Dagen var Generalen som ein annan Mann, etter den Stundi sagde han inkje meire aat nokon: — Veit De ogso kven De talar med? Veit De ogso kven De stend fyri?
Hell um det ogso hende sidan at han baud av Bøner, som dei sende aat honom, so høyrde han daa fyrst paa Søkjaren til Endes.
Og forunderleg, no synte inkje Spøkjet seg meir. Det er Von, at det berre var Kappa aat Generalen, som det hadde traat, og daa det hadde fenget den, kravde det inkje meir.
Hellest var det no endaa sume Folk som sagde, at denne øgjelege Daudingen ogso synte seg i andre Bydelar. Ein Vaktpost viste jamvæl aa fortelja at han hadde set honom sviva som ein Skugge bakum nokre Tre. Men denne Soldaten var kjend for aa hava eit Harehjarte, so at Folk log meir enn dei vart rædde. Daa han inkje vaagad seg til aa halda Skuggen, seig han burt i Dimma att, men braatt snudde han seg um, lyfte ein diger Neve i Veeret og spurde:
— Kvat vil du.
— Eg vil ingen Ting eg — svarad Soldaten med Hjartat i Halsen.
Men denne Skuggen var større enn den til Reinskrivaren og han hadde eit dugeleg stort Munnskjeg.
Han gjekk med store Stig mot ei Bru, og der kom han burt, so Soldaten saag honom inkje meir.