Hopp til innhold

Kong Katt paa Heidbergs Borg med fjorom gyltom Krunom

Fra Wikikilden

Kong Katt paa Heidbergs Borg, med fjorom gyltom Krunom.


Det var tvau gamle Folk som døydde burt; dei hadde inkje etter seg utan ein liten Gut, som var ikkje væl vaksen, og so ein Katt. So saato dei og skodade paa ein annan, Katten og Guten, i tvo Dager, — og inkje hadde dei Mat —, og syrgde no paa desse tvau gamle. So segjer Katten detta ved Guten:

„No ber det aldri til lenger fyre deg aa syta, me lyt sjaa aa faa oss nokot Mat.“

„Koss’! kann du tala?“

„Ja, eg kann tala.“

„Ja, men Mat kann eg inkje faa,“ segjer Guten, „og inkje hev’ eg Klæde dessmeir, so eg kann sleppa av Garde.“

„Ja, men eg skal av og faa Mat,“ segjer Katten.

So tek Katten ut, han, og kjem til ei stor Aa. Der sat ein Rev ut-ved Aai og kvidde og trudde seg ’kje til aa setja yver. So flyg Katten midt i Hovudet paa denne Reven og til aa riva og klora honom. „Du skal bera meg yver Aai, elder og riv eg ut-or deg Augo.“ Ja, Reven stokk fælt, han, og til Sprangs lukt paa Aai med Katten paa Ryggen. Naar dei koma daa yver Aai, segjer Katten det: „Du skal bera meg til Kongsgarden og, elder so riv’ eg ut-or deg Augo.“ Reven tek ut atter med Katten, so heitt og hardt som han kunde, og beint til Kungsgarden. So stend Kongen ute heim-i Tunet.

„God Dag!“ segjer Katten.

„Gud signe!“ segjer Kongen.

„Eg skulde helsa deg fraa Kong Katt paa Heidbergs Borg med fjorom gyltom Krunom, eg heve eit livande Dyr eg skulde giva deg.“

„Aa, han skulde hava mange Takk; er det so megtug ein Mann, at han heve slike livande Dyr i sin Hage?“ segjer Kongen.

„Men so lyt eg faa atter so myket Mat, som eg kann bera paa Rova mi.“

„Ja det skal du nog faa: gakk av inn i Kjøket og legg deg, du rekk so ingen Stad i Kveld.“

Ja, Katten gjekk av inn i Kjøket og lagde seg til paa Aaresteinen til Morgonen. Um Morgonen daa fekk han so myket Mat, som han kunde bera paa Rova si, av den beste Kongen hadde.

So kjem han heim atter til Guten med Maten. Daa hadde dei godt: aato og drukko daa ei heil Vika. Daa denne Vika var daa til Endes, so segjer Guten:

„No er Maten vaar Ende paa atter, no maa me visst svelta.“

„Nei,“ segjer Katten, „eg skal til Kongen atter i Morgon og faa oss meir Mat.“

Um Morgonen tek Katten ut atter, so skarpt som han kunde; so kjem han til ei stor Aa, so sat der ein Ulv ut-ved Aai og guvde og var helder traud til setja yver. Katten yrde seg til og flaug beint i Nakken paa Ulven: „Du skal bera meg yver Aai, ellaa klorar eg ut-or deg Augo!“ segjer Katten. So stokk Ulven so, daa han høyrde Manna Maal, og detta klorade og reiv so i Hovudet, og han fælte fyre Augom sinom og. Han tek paa Aai med Katten paa Nakken. Naar dei koma daa yver tek Katten eit litet Tak i Augo og segjer det: „Du skal bera meg til Kongsgarden og, ellaa riv eg ut-or deg Augo.“ Skrubben til Sprangs det heitaste han kunde, og beint til Kongsgarden. So stend Kongen ute heim-i Tunet burt med Hoggestabben.

„God Dag!“ segjer Katten.

„God Dag!“ segjer Kongen.

„Eg skulde helsa deg fraa Kong Katt paa Heidbergs Borg med fjorom gyltom Krunom, eg heve eit livande Dyr eg skulde giva deg.“

„Aa, han skulde hava mange Takk; er det so megtug Mann, at han heve slike livande Dyr i sin Hage?“

„Ja, men so lyt eg faa atter so myket Mat, som eg kann bera heim-atter paa Rova mi.“

Ja, det skulde han nog faa: han maatte ganga av inn i Kjøket, han rakk so ingen Stad i Kveld likevæl. Aa ja, Katten lagde seg til paa Aaren, og um Morgonen fekk han so myket Mat som han vann bera paa Rova si, av den beste Kongen hadde. So hadde dei no Mat atter ei heil Vika. Men mot Enden av Vika segjer Guten:

„Ja no no lid det med Maten, no verd det Sveltihel fulla.“

„Nei,“ segjer Katten, „eg skal til Kongen atter i Morgon og faa meir Mat.“

Ja det var daa myket godt.

Um Morgonen so tek Katten ut, det skarpaste han kunde, og kjem til same Aai: daa sat der ein Bjørn og guvde og tykte det var kulselegt aa setja yver. Katten var daa liksom helder rædd, men han yrde seg til og flaug midt i Augo paa Bjørnen, so han fekk aldri sjaa elder raada med seg, og sagde det same som til Ulven, og Bjørnen lagde beint paa Aai og yver med honom. So treiv Katten i Augo atter og sagde han skulde bera honom til Kongsgarden. Ja, Bjørnen daskade avstad med Katten paa Nakken, og dei komo til Kongsgarden og funno Kongen ute paa Troppi. Ja, Katten gav no Kongen detta livande Dyret fraa Kong Katt paa Heidbergs Borg med fjorom gyltom Krunom og bad um Mat atter, „men so skulde eg og bidja um Dotter di, og so um du vilde koma heim aa vitja honom i Morgon,“ sagde Katten.

„Ja-a, men den Heidbergs Borgi veit eg ’kje Vegen til,“ segjer Kongen.

„Naar du kjem yver Aai, so ser du ei stor Lauvbuska, som eg skal setja i den Vegen du skal taka; so tek du den, og so kjem du nokot tidlegt i Morgon,“ sagde Katten.

Katten kjem heim til Guten same Kvelden og segjer: „I Morgon kjem Kongen og vitjar deg.“

„Vitjar han meg?!“ segjer Guten, „eg hev’ ingen Ting, inkje Klæde, so eg slepp ut-or Stova, desshelder.“

„Ja, du tarv ’kje syta fyre nokon Ting,“ segjer Katten, „men no kann du fylgja med meg.“

Ja, so taka dei ut daa, Katten fyre og Guten etter; so koma dei, so dei sjaa Heidbergs Borg nokot fyre Dagen, og det sette i Augo paa deim mest som Soli spratt yver Fjell, so lyste ho av Gull og Glimesteinar. No, so segjer Katten detta ved Guten: „No skal du vera her atter, men der ser du Borgi.“ So kjem Katten til Borgi og bankar paa. So kjem der ein svær Rise ut i Dyri. Katten flyg av upp paa Forstovetrevet og riv ned nokot som glymer og dunar so; daa kjem Risen heilt ut i Forstova, daa han høyrer den fæle Glymen; dermed spring Katten ned att-um Risen beint paa Durstokken, og so torde ’kje han inn atter, med Katten sat der.

„Kiss, Kause! slepp meg inn!“ segjer Risen.

„Nei bida no litet,“ segjer Katten, „so skal du faa høyra, kvat Rugen tolte: „„Fyrst voks eg upp, sagde Rugen, og vardt so høg og lang, og so toko dei og skaaro meg av og bundo meg i Hop og baaro meg paa Laaven og bankade og barde meg so smaa, som eg kunde verda, og so toko dei meg atter og hadde meg av aat nokre Sekkjer og baaro meg paa Basstova og brende meg mest upp; daa dei hadde daa det gjort, so toko dei meg atter og hadde meg i Sekkjer og hadde meg paa Kverni og molo meg so smaa, at eg vardt som Mjøl; so rørde dei meg i Hop med noko Vatn og so lagde dei meg paa eit Bord og bakade og dikade meg ut so rund, so rund, som den Skiva der,““ — dermed peikade Katten paa Soli som spratt yver Fjell med same, og Risen saag i Kring og sprakk. „Aa hoi, aa hoi, sjaa den væna Brudferdi som kjem upp Bakken!“ ropade Katten. So komo dei, alle Trolli, yrjande ut og vilde sjaa den væna Brudferdi og so sprungo dei sunde i mange Moldror og Smaasteinar.

Men so hadde dei fenget seg kristne Folk, som dei hadde til Arbeidsfolk; so talade Katten til deim og bad, at dei vilde prøva aa faa burt alle desse Skrottarne, og dei til aa fægja og stella. Og all Ting var so herlege tilstelt, som det kunde verda i nokon Kongsgard, — med Mat og Drikka og alslags grumma Greidor.

Medan dei gjorde no detta daa, so legg Katten av etter Guten og segjer han maatte koma heim paa Borgi. Daa Katten kjem daa inn med Guten, vardt det boret fram dei gildaste Riddarklæde, som ein kunde ynskja, og Guten vardt klædd og fjelgad, og daa var han so staut og væn som den vænaste Prinsen.

So tok no Kongen og ut med Dotter si og heile sitt Fylgje og kom seg yver Aai og vardt var den store Lauvbuska og tok den Vegen. Daa var det ikkje lenge, fyrr dei komo til ein stor Flokk med Sauder, som vaaro so feite og kvite og med so lang og fin Ull, at det skulde aldri nokon hava seet slike Sauder. So spyrr Kongen Gjætarne, kven aatte den fine Fenaden. Det var Kong Katt paa Heidbergs Borg med fjorom gyltom Krunom som aatte den.

Daa dei hadde daa faret eit Stykke derifraa, komo dei til ein fælande stor Bøling med brondutte Kyr, som vaaro so væna og feita, det var so det glansade i kvart Haaret. „Kven eig alt det væne Feet? so væne Naut heve eg ’kje seet i all min Dag,“ sagde Kongen til Hyrdingarne. „Det er Kong Katt paa Heidbergs Borg med fjorom gyltom Krunom, som eig deim,“ sagde dei.

So foro dei eit Stykke atter, so møtte dei nokre som gjætte Hestar, — slik ei Drift med Hestar hadde Kongen aldri seet og aldri trutt han skulde faa sjaa i si Kongstid. „Kven er det som eig alle desse Hestarne?“ sagde han. Jau, det var Kong Katt paa Heidbergs Borg med fjorom gyltom Krunom. „Det maa vera ein megtug Mann,“ sagde Kongen.

So koma dei fram. So ganga no Guten og Katten og alle dei kristne Folki ut og taka imot Kongen og heila hans Ferd og der vardt slik Gleda daa, at det var eit Syn, og der vardt framsett Mat og Drikka, so myket at det var ’kje med nokot Horv. Daa det leid daa fram imote Kvelden, daa alle vaaro drukne og hadde nosat og godgjort seg, so segjer Katten detta ved Guten:

„Du skal koma ut, eg vil tala med deg,“ segjer han.

Ja Guten var med honom ut.

„No skal du taka det Sverdet, som heng deran paa Veggen og hogga av meg Hovudet.“

„Nei korso kann eg gjera det, — du som heve gjort meg so myket godt, at eg kann no aldri fulltakka deg, og skal so eg no hogga av deg Hovudet.“

„Jau, det skal du gjera, og so er du so snarp som du kann.“

Ja, so torde ’kje Guten annat, daa Katten tok det saa aalvorslegt, og so hogde han av honom Hovudet, so snøggt som som han kunde, og daa vardt det ein Riddar so fin som det kunde koma Klæde paa. So vardt Guten reint forfælt, daa han saag det vardt Menneske.

„Ja no veit eg ’kje, kvat eg skal tenkja, eg stender reint forfurdad,“ sagde han.

„Ja her er Kong Katt paa Heidbergs Borg: eg heve havt denne Borgi; men so vunno dei yver meg, Trolli, og dei hava skapat meg um, so eg heve voret Katt detta Bilet. Men no maa du hava detta altsaman, du, med Bu og Bøling, med Lut og Lunnende; no heve du frelst meg, sidan eg heve vordet Menneske atter. Men no vilja me ganga inn att, so kann du segja, at eg er Broder din, for det vil eg vera.“

Men so vardt der Gjestebod med Guten og Kongsdotteri og dei drukko baade væl og lenge. So er Soga Ende.