I Heimegrendi/9
Haustarbeid.
Det lid til Vinterdags og Soli glyttar berre ei snøgg Stund midt paa Dagen yvi den høge Høbruni ned i Dalglipa; paa Baksida er det berre ein snau Time ho skin eit Stykke fraa Elvi upp etter. Haaen paa Jord’om er longe avgnagin og Krøturi gaar fritt som dei vil utyvi Utmark og Innmark, innangjerds og uttangjerds. Bjørki staar nakin og svart i Lidom — berre ei og annor, som var sein med aa klæde seg i Vaar, staar enno att med graagule Blad, fatigsleg og sturin, dei ser ut til aa illtrivast med aa staa soleis i Folkeaugom og er rædd, baade naar den sinte Haustvinden fer og gaular ned i Dalen, og naar Soli kan finne paa aa stikke varmt ei god Stund i Solsida uppi dei bratte Random og Pallom. Oldren har halde seg kry Kar enno og har mest ikje slept eit Blad der, han staar i brodd-tjukke Krullar og Holtar heilt til midtlides, hjelp ikje Røyve hans har vori utrivlegt aa set paa lenge. Fyrst vart det graagrønt, so gulgrønt og no, i dei siste Dagane, ureint brungraat; uppetter fraa Eidsfossen der Oldren staar tjukk som Hampen, ruver alle dei tette Kronune som eit Hav med ein daamlaus, gurmen Lit — ein og annan Kvirvil kan ha ein Snev af frisk Grønlit enno. Alle veit, at Oldren no straks er ferdig, men Dag etter Dag staar han der, sameint og trassug, og vil ikje sleppe Hamen sin. Akkurat som det skulde gjera honom godt aa vita, at der gaar Folke for-ende i Grendi og ventar paa Lauv-Ver, so dei kan sleppe til aa raka eller sope ihop allt Olderlauve og bera eller kjøre det heim til Vedfoor til Vintren. Rakalauve er so grepa Maalbyte for Kui, og ho likar aa nuske med det utetter den lange Kvelden. Men Oldren han letst ikje vita kva „Tidi mun lide“, kvar Morgon staar han med den same Hamen, blaksar ikje Øyro um Vestanvinden fraa Rottemsoksli kjem farande ei Natt, og riv og slit i Bladhave so Baarune veltar seg uttanpaa ein annan.
Vere har halde seg etter Vonom til aa lide so langt, ein og annan Dag med Regn og ei og annor Hel Natt imillom. Men mesta har det vore ti’in Jord kvar Morgon og Folk driv og vendar Grasvoll i Grendi. So kjem de tvo kalde Nætar i Rad og Hela lig so tjukk ho gniksa under Skoom til langt fram paa Dagen, og i alle Nordhallir og Skuggar gaar ho ikje av heller for den vetle Solglytten midt paa Dagen. Men da sleppte Oldren Trui paa seg: han hengjer dei litlause, visne Bladi ende ned med Stilkom og slepper Hamen av seg mest med ein Gong — men so vart og stillt, at ingen skal merkje han gjev seg. Ævart Blad dett stillt og forutan ein Knyst ned med Roti, ved Sida av ein annan og uttanpaa ein annan, rundt um. Skygnar du inn gjenom Olderskogen, denne Stundi, inn millom dei graae Olderleggjom, ser du ei Myrju av fellande Lauvsblad som Eigarmennerne slepper av seg so ingen skal merke det. Og so er han avklædd og staar att og sprikjer med di snaue Greinom.
Attpaa dei kalde Nætane vert det mildare Ver, og ei Natt set det paa med strid Austanvind som turkar allt Lauve, Skogen har røytt av seg — kvar du gaar gjenom Skogen ligg det jemnbreidt i brune Skrullur med ein slik Ange av asi Brød-Deig, at du lyt tenkje paa kva det maa vera til Forkunmat for Kui, aa maule det i seg. Og no drygjest det heller ikje lenge, fyrr det vert Liv i Olderskogen i alle Glennor og Rustir, der det er „Lauvreksti“.
Heime reiv dei meg upp or Sengi Klokka 5 um Morgonen og gjorde meg upp i Plassane med „Lauvbod“ aat Husmennom, eg skulde „segja til“ eitt fraa kvar — slikt Lauv-Ver som no var, stod ikje tilreide kvar Tid, og ein lout passe Glotten. Far hadde longe tinda Lauvrivune og dei stod ferdige i Staburssvali berre Vere kom, Lauvsleden var nystengd og Lauvlesten var umvølt og sett tilreide. Da Klokka var 7 kom Lauvrakarane, fekk Morgonverd og Kaffe og so gjekk dei 5—6 i Følge med Riva paa Olktsli til Lauvskogen.
Og no var det andsamt med Lauvrakingi i nokre Dagar, so lenge det gode Vere heldt ved. Alle Stadir i Olderskogen gjekk det Karar og Kvinnfolk med Rivur, Sopelimur og Korgir og raka eller sopte det tobakbrune Olderlauve samen i Haugar, bar det heim i Korgir og tømde det yvi Høystaale eller under Laaven. Var det forlang Veg aa bera det heim til-husane, gjorde dei Lauvhyttur i Skogen under ei stor Klurgronn som hengde dei svære, nedste Kvistane heilt ned i Marki, langt ute fraa Leggen, so det vart baade Veggjer og Tak av deim. Her under tømde dei Rakelauv so lengi til det gjekk langt upp paa Gronnleggen, og naar dei tetta Glottane noko betre, kunde det liggje uskadt baade av Snø og Regn, til dei tok det att paa Vinterføre.
Heime kjørde me Lauve tilgards i ein stor Lest me gjurde fast til Sleden og tømde det under Gamle-Laaven. Lauvrakarane raka Lauve ihop i store, svære Haugar ute i Skogen, det kunde verta baade 3 og 4 Lestar av deim. Eg maatte vera med aa lesse Rakelauv um Haustane da eg vart so stor, eg kunde gjera nokon Nytte, stod uppi Lesten aa traakka det samen til han var sprikkeferdig — paa den Gjerdi fekk me ein Mengde Lauv i Lesten. So til aa byrje med var det Moro med Lauvkjøringi, men naar ho varde Dag etter Dag i 6—8 Dagar, so bar eg til aa stunde antell til Maals eller til Kvelds. Og mest kvar Haust kom Lauvkjøringi paa meg i Utid — just det Bile, eg hadde det mest andsamt med Ikornfellom mine uppi Gronnskogen. Solenge det var att en Lauvhaug aa kjøre tilgards, fekk eg ikje vitja Fellom ein einaste Morgon — eg bar meg ille for det, au, men Far meinte paa det stod ikje so hardt um med Ikornveidingi. Han er ikje „hærd“ enno, Ikorn, sa han — fjortan Dagar paa Vintren vert Skinni kvite paa Vrangen, og da fyrst er han hærd tilgagns.
Var det Raad aa faa samen nokk med Kvinnfolk til aa raka Lauv um Hausten, so var det helst dei, som gjorde det Arbeide, dei har no beste Handlage med Riva, dei. „Og beste Handlage til aa bryte utor Tindane, au,“ sa Gamle-Per. Dei treivst vel med Arbeide naar det var godt Ver inne i Skogen; og dreiv paa gjorde dei so Riva gjekk som i ein Foss all Dagen; Haustdagen dette Leite er ikje langt aa koma med, maa vita, og difor lyt ein onne seg skal noko verta gjort som er Mon i. Soleis vart det lite og inkje til Kvild etter Maten og aldri nokor Øgtekvild, heller; men i Godlag var dei og du høyrde Laatten runde i Skogen fraa deim tidt og jemnt um Dagen. Fyrst kann det no vera tylegt soleis inne i den stille Skogen ein mild Haustdag, so lognt og fredelegt, at allt Braak og Stim ikje naar til aa gjera Uro — ikje ein Gong Søgen fraa Elvi og Fossen trengjer dit inn. Det høyrest ikje annan Ljod hell Raslen og Tuslen i det knusketurre Olderlauve under Riva — ein Gong imillom kan det koma ein Ikorn springande, som er ute og leitar seg Sopp, han festar i Oldergreinom og som han brukar til Føde um Vintren, naar det vert smaatt um Maalbyte. Han skvett i naar han med eitt fær sjaa Lauvfolke og braarenner upp etter ein høg Oldre med Smatting og redde Smaaklunk, set seg so heilande still øvst upp-i Toppen og ser etter, um det er noko vondt dei vil honom, alle desse Kvinnfolki. Eller det kan koma flugande ein Graatrost som er vorte att etter Ferdi og enno ikje har havt Framferd til aa slite Lag med Sumarvero si, solenge Vere held seg godt — han skrattar paa ein annan Vis no, hell i Vaar, og er meire sagtferleg av seg. Stort anna er det ikje til aa skiple Freden der inne i Lauvskogen og denne Skogstilla har ei sers Tye ved seg.
Ja stillt er det haustdags i Skogen, og gjennom Stilla skjelv det som eit hugillt Drag; naar ein Vinngust ein Gong imillom gaar gjenom Tretoppane, lydest det som ein saar Sukk for, at Sumaren skal vera so stutt, alltid.
Og nest etter denne hugtakande Stilla og Freden Skogen eig, er det baade Moro og Gagn i aa kunna koma tilsamen i Arbeidslag, soleis, for nokre Dagar — da kan ein faa spørgja Nytt fraa ymse Leidir og faa røde i godt Trumaal med einannan baade um laust og fast. Til denne Tid har Haustarbeide heime vore so stridt, at det har lagst meir hell nokk til med di, og Live elles, baade i Grendi og utanfor, har fari sitt eigi Hald. Men i ei slik Samkoma fær ein mest som glytte ut um sine eigne Stugunovir att og sjaa, korleis det har brigda seg til eitt og anna den siste Bolken som er farin. Til vanlege Tidir er alltid Live i ei liti Grend som ei opi Bok alle les i, og det er berre i dei Høvi, naar kvar er bundi heime hjaa seg, ho liksom vert ihopslegen. Da er det so mykje meir forvitnelegt aa slaa ho upp att, naar Tidi kjem.
Dei unge Jentune som var med i Lauvrakingi heldt seg helst samen i eit Lag for seg i Fyrstningi; dei hadde no Sumarlive sitt aa fara igjenom med kvarandre, maa vita, til aa byrje med — antell dei no hadde vore Budeior paa Sætri eller Rekjarar i Slaattonni. Kvar hadde alltid upplivt eitkvart, i den lange Sumaren, som det var Moro og Hugnad i, mangt var so forlivande løglegs, at dei log seg mest forderva, og den glade Jentelaatten gjekk i friske Kvirvlar inne i Oldreruistine. Til andre Tidir hadde dei so løynde Ting imillom seg, at dei stakk Hovudi tett samen og kviskra, for at ikje dei graae Oldrane ein Gong skulde faa Tak i det og bera det paa Viddi. Var det ikje anna, hadde dei aa halde ihop med einannan dei nye Ljos-Turklædi sine, for aa sjaa kva som høvde best, antell soarte Gange med prikka Botn, brune Gange med smaarosa Botn eller raude Gange med ljosgul Botn. Det var no alltid Skil paa korleis Turklæde sto, etter som ei hadde ljost eller myrkt Haar, og dei skifta Turklædom ei Øgt imillom for aa sjaa kva Lit, som best høvde kvar av deim.
Kjeringune og dei eldre hadde no andre Ting aa snakke um og tenkte ikje ein Gong etter, korleis dei tok seg ut paa Hovude dei gulruta eller dei raudruta Svensketurklædi, dei gjekk med. Til aa byrje med hadde dei Krøturstelle til Vintren, kor mange Naut dei fekk aa føde fram, um det vart „svart“ for Mjolk i Huse og mangt anna som ei Husmor har i Tankom, naar ho skal bu seg paa den lange Vintren. Og fraa sine eigne Sakir gleid dei inn paa Live og Høvi aat dei andre i Grendi og nærast umkring, Umskifte og Umbrøytur som hadde vorte, og kva som fyrst fall seg.
Av og til henda det, at desse tylege Dagane i Lauvskogen byrja paa ein heilt annan Vis, hell med Fred og god Samnad. Verdi er alltid lik seg sjøl og Menneskjune med; i ei liti Grend der alle mestom til dagleg ser inni Stugo aat einannan, kann det so lett slenge til, at Eitt slepper fraa seg eit beiskt, halvt utenkt Ord som set seg i Vrangstrupen hjaa eit Anna. Men detta kan gjera so mykje, at det vert ein Brune etter som vara baade Fjordungsaare og Halvaare, fyrr han sloknar. Heime i Huse kan det vera mangt som held att, so ikje Logen fær slaa ut, men lyt døyvast og dembast til ein god Dag kjem og Høve byd seg til aa sleppe laust. Og eit slikt Høve kjem som det skulde vore utreikna, naar Lauvrakingi ber til — da tek det Tak aa halde Uppgjerdsle, for da er det ingen til aa leggje seg imillom eller skvette Vatten i Eldmørja. Men so kann det au gaa heitt til inne i den stille Skogen, den Stundi Ufreden rasar, og Skarnsord og Sneidord fer som Skjektur imillom medan Sinne lyser og gneistar under Brunom.
Var det noko slikt i Verbragdi naar Lauvfolke samlast um Haustane, braut det alltid laust med Tor-Slaatt og Hagl-El fyrste Dagen. Med det same Sverdi bar til aa blenkje, kunde nok dei, som stod utanfor tykja det var Moro, men jamnast lagde det seg Tyngsle og Illtrivnad paa heile Flokken og enda med, at alle vart gaa-ande tagalle og ikje fann Ord til aa setja Samrøda i Gong att. Fram mot Dugurdmaal gjekk heile Lage som med ein tung Skoddehimil yvi seg, utan ein blaa Flekk eller ei Solstrime — sume venta seg ei ny Uversrid, men da let Matklokka fram paa Garden og Ljomin lyddest klaar og lett i Haustlufti, kalla Lauvrakarane heim til Maals. Og det er forunderleg korleis den Ljomin kan lette og blidge ein vond og tung Hug, Panna klaarnar og Dragi mildnast. Det skjyt upp Tankar um ferske, varme Poteter og Blandasmør med Næpegryn attaat og um Grutkjelen, som allt er hengd paa Skjerdingi naar Lauvfolke kjem i Døri. Det er mest som det Vonde driv fraa so det ikje vert att noko ylmast for, no, Uppgjerdsla er gjord — Verdi er vrang, det er ho, men Syndarar er me no alle og den, som det ikje er noko Illt i, er det ikje noko Godt i, heller. Lufti er rein vorti; alle fær det andsamt med aa finne kvar sit Fange med tur, god Oldrekvist dei vil syne Kjeringi Godvilje med, bryt Oldrekvist so det knakar og fær Maale upp att baade til Lent-Ord og Laatt. So tek dei upp Framluten av Stakken og sveiper um Kvistfange, og um lite kjem det ei Rad med Kvinnur, berande eit digert Skjor-Reir framantil og som dei læsser av bakum Peisen fyrr dei gaar tilbords.
Dag etter Dag ei heil Viku og lenger au, sume Haustar, naar Vere held ut, held Lauvrakingi ved — det ligg store Lauvhaugar yvi all Mork, i alle Skortar der Riva kan gaa. Sume Stadir finn me, som kjører, Haugar i Ulende og Trongrømi, so me maa rydja oss Veg inn til dei med Lesten baade med Øks og Grev. Me lyt stræve med aa snu Hest og Slede i dei verste Trøngjom so Sveiten silar, tøygje og slite og draga Lest og Slede attyver millom Stein og Stubbar — Oldregreinine stryk av oss Huvune og slær oss i Andlite so det svider. Med allt Stræv me hadde med aa koma inn til Haugane med Lesten, var det tilslut ikje ein skapleg Flekk aa finne, som Sleden kunde staa paa, antell stod han paa halvt Hall eller hekk han upp og ned. Kjørekaren er eldraud av Mas og Sinne og bannar Kvinnfolki so det lyser — dei Gjeitehovudi, som gjerer Formon aa legg Rakelauv-Haugane midt i ville Urdi og Ulende! Skulde det kosta det Pakke so mykje, aa ha lagt Haugen ei Maalstong længere ned, so kunde me kjørt inn til Haugen foruttan aa teki i Sleden ein Gong!
Allt har me eit Lauvstaal paa 30, 40 Lestar under GamleLaaven — for ikje aa koma av Reikningi skar me ei Skaaru med Tolkniven i Lestekanten, for kvar ein me tømde. Det vide, tjukke Staale ruver, so det kunde sjaa ut til ikje aa kunne gaa gjenom Kuvombi til-vaars, men Dagane er mange og Maali er fleir, maa vita, og difor driv me paa og kjører, Øgt etter Øgt. Ei so stor Mengd med Rakelauv er svært fengi til aa „taka aat seg“ um det er vel turt au, det finst alltid ein og annan raa Dodden og naar Staale vert liggjande nokre Dagar, set det paa og „brenne“ allestadir, det finnst nokre raae Fangur. Detta lyt ein gjæte vel etter og „kjenne aat“ det baade seint og tidlegt; imillom lyt heile Staale kastast um og i siste Liten Laurakingi varar, lyt alle Lauvfolki ned i Lauvstaale Morgonverdsøgti for aa kaste det um: grava seg heilt ned paa Botnen og kaste Lauve laust upp bakum seg. Soleis fer dei gjenom heile Mengdi for-ende, og kvar Gong dei raakar ein Flekk som har „dregi hardt aat seg“, staar kvite Eimen ende upp med ei Lugt som av det finaste Kakudeig. Det er stridt Arbeid aa kasta um eit tjukt Lauvstaal, men det gaar med Leik og Moro, dei driv Ap med ein annan og kastar Lauv so Drive staar fraa deim. Den granne Jentelaatten og den kvellare Laatten fra Kjeringom kjem i Flagevis, det er reint som „Komeli“ under Gamle-Laaven i Morgenstundi — naar Arbeide er fraa seg gjort kjem dei ut krupande, eldraude i Kinnom, bustute paa Haare og Lauvsbladi staar ut og inn alle Stadir i Klædom og i Haartafsom.
Tilslutt tykte eg Lauvrakingi vart hardleg langdrug — det var ikje Gjerd paa aa ha Ikornfellune sine staa-ande uvitja ei heil utlang Viku, og eg skulde ikje graate, um det kom ei dugeleg Regnbløyte og gjorde Ende paa heile Leiken. Men Vere saag ut til aa vilja staa med Lag — mildt som høgste Sumaren midt paa Dagen, so Myggen dansa reint stinn i Smaakjerri burti Skogkantom. Da me i Skymingi kom ut av Skogen med siste Lasse um Eftan og kom fram paa Bakkebruni, var Himilen so myrk blaa nordyvi Skagsnebb og Salhøi, som han kan vera høgste Sumaren i stødigt Godver; utyvi Hovdaspiggen, høgt uppe, seig nokre ljose Skyflokar med gulbrune Kantar, Elvesøgen lyddest heller veik som han alltid er i fast, godt Ver, og ned fraa Lidom stod ein og annan mild Vindblekten. Dalen, kor trong han no elles er, var fager i den fredsame Haustkvelden — antell ein vilde eller ei, kom ein i Godlag — um Sumaren med allt sit yrjande Liv no paa det næraste var burtkvorvin, so kan ein slik Haustkveld likevel vera fager som ein Draum.
Men Vere dette aarsens Leite er tunnt aa lite paa og i den lange Haustnatti kann det snu seg til paa mange, utenkjelege Gjerdir. — Um Morgonen laag Hela yvi allt og Telen so hard, at han bogna ikje under Hestehovi. So vart det da ein Gong Slutt paa Lauvkjøringi den Hausten au; men ho Mor snakka med tvo av Lauvrakarom um aa faa dei til aa braake Hampen um eit Par Dagar, so det kunde verta undangjort fyrr Snøen kom.
Vere brytst millom Godver og Kalde, Nætane er kalde med tela Jord og Hele til kvar Morgon, men sume Dagar kan vera so milde, at Hela gaar og Telen tynnest. Nauti gaar enno aa gneg um Dagane, for dei vil so endeleg ut allt medan dei ser berr Mark og held slik Gaul og Leven i Fjose fyrr dei slepp ut um Morgonen, at ein høyrer mest ikje Manns-Maal. Øykjine har til no gaatt ute Døgre igjenon, men dei siste Nætane er dei vorti bustute i Haarstodi og vombute av den frosne, rima Hamni, so no lyt dei nok setjast paa Stallen med Nattier.
Idag var det mest ikje Namn til Hele, for heile Dalen laag stappfull av Skodde, so kaldvaat og sur au, at det var grovt og med slik Lugt, at ein mest kunde brote seg med same ein fekk Teven i Nasen. Klokka 6 idag bar det til aa dundre paa Laaven med 2 Tustir so Dvergemaale svara burti Kvernbergshaugen — dei skal sjaa til aa faa treska eit Par Turkor snarast dei vinnst, so ein kan faa mala paa Bekkekvenni fyrr Vatne kyller burt. Og so er det lugumt aa turke Korn no, medsame Braakingi vert slutt, medan den varar lyt Turrstugo haldast varm likevel, og da gaar det ikje so mykje Ved til aa elde ho upp etterpaa.
No, det var idag dei sette paa med Hampen, maa vita; ingen Under det dengde og slog so fælt uppi Turrstuguskuten, mest som det skulde vori Kapping med Truskarom um aa halde Dunder. Jau der uppi sat ho Marit Rusten og Aarhauga ved kvar si Braak, fakta seg aa braaka so Hampeagnine stod som ei Skodde fraa deim. Eg maatte sjaa dit, for paa Laaven var det ikje komande idag, dei var tvo Mann der. Det saag ut til aa gaa med Bør, der i Garden — ettersom kvar fekk braaka ei „Brugde“, smatt dei inn i den varme Turrstugo etter ei ny Hampehendle og so under Braaki med’n som dei skulde vore i ovende Sinne, baae tvo. „Nei, meinar eg ikje Kaas’n allt er paa Føtom, au! — velkomi i Lage, no har sagte du vori i Utlandom att, du, sidan sist me laga til Hampen her?“ Det var Aarhauga som tok soleis tilords, da eg kom aa sette meg paa den store Hella uttan Turrstugudøri. I dei næraste Aari fyrr, skulde eg nok ha fortalt baade henne og fleire til um Uttanlandsferdir eg hadde gjort, um fæle Dyr, Krig og store Byir. Desse Sogune, som eg vist hadde sanka To til, naar eg sat og høyrde han Svein Bjørnstad fortalde utor Bladom, var nok eventyrlege i hardaste Lage og likna dei Skronom Kaas fortalde i gamle Dagar, so det var den Skyldskapen med honom, Aarhauga stakk i meg. Eg skjøna vel Meiningi, men tok det tøygt og med Umtanke. Dagen fyrr hadde eg høyrt Ein kalle Aarhauga „Dropekremar“, for di ho alltid hadde ein blank Drope hengjande i Nasetippen, ja ho høyrde ikje Ordi, men no tenkte eg, dei skulde koma til-nyttes. Difor svara eg spakferlegt: „ja; og du driv aa sel Dropar so tidlegt?“ Med desse var me Godvenir med same og eg kom i Arbeid med aa leggje Stru-Brugdune inn i Turrstugo for kvar, som vart ferdig, og med aa hente nye Hamphendlur aat deim — med di slapp dei aa staa upp fraa Braaki so jamt. Eg fann meire Moro i desse hell aa staa stampe i Lauvlesten um Dagane, og vart eg leid det, so var eg ikje fastare bundin her: eg kunde gaa og vitja Ikornfellom mine kva Bil eg vilde.
Elles var det ikje stuslegt umkring Aarhauga; ho var kjefta som eitkvart Illt og lentug, attaat, snøggtenkt og snarsvarug. Naar ho snakka, og det gjorde ho mest stødt, hadde ho ei underleg Smaahakking med heile Hovude for annakvart Ord; det var fulla eit Slag Krampe ho hadde i Nakken, men eg laut stødt tenkje paa Hakkespetten naar han „hakkar paa Stubban harde som Horn“. Den tunne, kvasse Nasen i det lange bleike Andlite, minte au lite um Hakkespetten. Aarhauga hadde Ord for, aa ha ei leid, vond Tunge, ei stor Ralskreppe som gjekk med Sladder og skapte Usamna og Leidt millom Folk i Grendi. Og meir hell ein Gong spøkte det for, at ho skulde faa Kjeften sin i Klemba, men, naar det saag som verst ut for henne, hadde ho alltid eit Led eller ei trong Smette ho smøygde seg ut etter og berga Skinne sitt. Vel-lika var ho ikje i Grendi, men ho var ei førandes Arbeidsmenneske og skapte noko Liv umkring seg der ho foor, og difor skydde ikje Folk ho just, heller. Dette Leite var ho um Lag 35 Aar gamal og ugift; men ho hadde havt Tvillingar da ho var vel vaksin og det eine av deim livde att, so ho hadde ei Dotter aa syte fyr.
Den andre Braakaren var Husmannskjering heime, noko tilaars og ei dugande, paalitande Menneske. I sine unge Aar hadde ho tent nokre Aar i Trondhjem og med di faatt set noko meir av Verdi, hell dei fleste av hennar Liki i Grendi. Mor hennar hadde vore ei søkt Aatgjerdskjering og ho kunde mæle for Gulsott, Maarsott og Svinsott, gjera aat for Vre, hogge utur Rena og lesa Sand av Augom. For Krøtursjukur var ho au raadug og kunde stinge for „Bor“, gjera aat for „Skot“, røyke for „Gust“, løyse „Harastrype“ og mykje meire. Sumt av desse hadde Dotteri teki i Arv etter Mori og ho Marit Rusten var ofte ute og mæte for Gulsott; og so var ho den einaste i Grendi, som koppa Folk naar det hadde sett seg „illt Blod“ ein eller annan Stad hjaa nokon. Den Vintren da Vetlhamarkjøpmannen laag heime med Timberdrivti si, fekk han slik fæl Ryggeilske ein Dag, at han mest ikje kom yvi Golve, og da vart gjort Bod paa ho Marit Rusten um, at ho lout koma med Koppen sin. Ho kom um ei liti Stund og byrja Arbeide straks Kjøpmannen hadde klædt Ryggen nakin. No hadde ho Marit berre ein heimgjord „Bil“ ho brukte paa den Gjerdi, at ho slog paa med eit lite Trestykke, eit Tolknivskaft eller noko liknande, og da „Bilen“ ikje alle Tidir kannhende var vidare kvasseggja, maatte ho slaa til heller hardt fyrr Hogge gjekk gjenom Hudi. Kjøpmannen grein illt, da ho Marit gav honom fyrste Hogge, som enda ikje gjekk gjenom Hudi. „Hm, set slikt!“ sa ho. So fekk han eitt til og da grein han enno verre, for da slog ho paa Bilen sin so ho trudde det ikje skulde gaa i miss. Men Kjøpmannen maatte ha eit godt Skinn, enno gjekk ikje Bilen igjenom. „Nei, eg maa visst vera for-redd aa slaa til, det ser ikje ut til aa koma Blod etter,“ sa ho Marit og saag reint uppgjevi ut. Mannen var so sinnt allt, at han sat og beit Tenn ihop: „nei, jeg synes kjende det, at du gjør bare Temper,“ sa han. Og so fekk han eit Hogg tel — same upp att! Men da braut det laust: „lad mig se den Beinhammer’n din!“ fræste han; ho Marit var reint utor Verdi og retta honom Bilen sin, „slikt har eg aldri vore ute for,“ sa ho og ynskte visst ho hadde legi under Torvi. „Aa haa! men i all Verden hvad har du brukt det here Instrumentet til? har du hugget i Kaalgryta med det paa Stabure, hvad? Kan du indbilde dig at hugge paa et levende Menneske med det Braate der?!“ Kjøpmannen so sinna, at han gjekk mest til og ho Marit baade so ille ute og redd, at ho gjerne ha smogi ut gjenom eit Navarshol. — Soleis enda den Dokteringi.
Ho Marit Rusten hadde stor Age for Trollskap og alle vonde Maktir og hadde ei fast Tru paa Hulder og Toftekallar, Trollkjeringur og Runekallar. Medan ho og Aarhauga dreiv med aa møyke Hampen under Braaki, fortalde ho um ein ung Mann av Skyldfolke til Mannen hennar, som hadde faatt slik stor Mothug til Kjeringi si, at det baud honom imot kvar Tid og Stund aa vera i Hus med henne. Ja, han hadde aldri havt nokon Hug aat henne, for han var beint ut imot henne medan ho var Jente, au — men enda vart det Parfolk av deim! „Men, kjære vene, korleis kunde det koma seg, at dykk vart gifte, da?“ spurde ho Marit, ein Gong han fortalde henne um Elendugskapen, han var i. „Aa det var denne stygge Mor hennar, som fekk det til, ser du,“ svara han, „ho sto etter aa faa oss ihop, ho, og ein Sundagsmorgon skjenkte ho meg ein Suludram og etter di var det akkurat, som det ikje skulde vore Raad for meg aa undgaatt Gjiftarmaale. Ho er Trollkjering Mor hennar, ser du.“ „Slikt er stygge Folk — Gud fri alle, sejer eg!“ sa Aarhauga og hakka svert med Nebben.
Etter desse fall Røda deira um noko eg ikje kunde faa Tak i, dei snakka i Gaatur og so laagmælt, at eg fekk ingi Skilgrein paa Meiningi anna, hell naar Aarhauga bad: Gud fri Folke, sejer eg! Skulde detta vara ved, var det best aa gaa sin Veg, men da kom ho Marit Rusten til aa nemne ho „Ragnhild Syster i Nordland“, og at det var ein Gong det henda henne noko underlegt burt-paa Kvernbergmo’om. Jau, ho hadde lagt seg paa ei Tuve, ein Dag ho gjekk og gjætte, og Svevnen hadde runni paa ho; best ho laag kom det ei blaaklædd, framand Kjering aat henne og ba ho følgje seg. Ho Ragnhild bar seg unda, sa, at ho maatte heim att og bar til aa gaa paa Heimveg. Men Kjeringi fylgde med og vilde ikje gjeva seg, „me tek over her,“ sa Kjeringi og peikte paa Elvi. „Nei, i Jøssu Namn!“ sa ho Ragnhild da Kjeringi gat paa taka aat opne Elvi, men ikje fyrr var dei Ordi sagt, so var den blaaklædde Kjeringje som sokkin ned i Jordi og da ho Ragnhild saag til, var ho mest heim komi. Men ei heil Viku etter var ho som døgervill og rar og gjekk berre gret. Eg gløymde Ikornfellom mine og stod med i Hampebraakingi, Dagen igjenom, som eg skulde havt Betaling for det.
Det var no Moro aa sjaa au, korleis det gjekk til all Vegen med aa „gjera til“ Hampen —: der saadde dei Frøe um Vaaren og mylda det ned i Jordi. Leid fraa nokre Vikur var det attkomi og hadde vorte so høg Hamp av det, at dei kunde skilja han fraa Ugrase som dei laut reinske utor. So fekk han syte seg sjøl til sist i Hovonni, da dei passa paa aa „galde“ Hampeaakren; um Hausten reiv dei han upp, turka han paa Staur hell i Hesj, „dundra“ han og bar han paa Trev eller lagde han paa Hampegalgen. Neste Vaaren naar Vaaronni var gjord, breidde dei Hampen tunnt ut yvi den jemnaste Ruskemarki, dei kunde finne innangjerds; laag han so der i nokre Vikur og „faaddest“. Da var det Soli, Væta og Vere att, som lout tære og morkne Tre-Toe, medan Tagltrevlune heldt seg og vart seigare og seigare og losna fraa dei halvmorkne Stilkom. So laag den faadde Hampen ei Tid att paa Treve eller Hampegalgen til Haustdagane kom og Braakingi bar til. Da maatte han fyrst paa Turrstuguhjellen so Vedstilken vart knasande turr, og so bar det under Braaki med honom til Agnerne gauv og skilde seg heilt fraa Strui. Etterpaa kom han under Skalda og der skildest dei siste Agnerne fraa, allersist foor han gjennom Hekla og da var Strui og Tagle skilde au; av den stutte og meire grove Strui spann dei Strugarn, dei vov Strie av, men av det lange og fine Tagle spann dei Taglgarn og vov Hampeleret. Taglgarne brukte dei au til Skreddartraad, Skomakartraad, til Fiskegarn og kva dei elles hadde Bruk for fin og sterk Traad til.
Etter som Braakarann fekk Hampen „tilgjord“ lagde dei Stru og Tagl kvar for seg i „Brugdur“, kvar so stor som dei kunde halde ho millom Tummen og Langfingren. Tolv slike Brugdur batt dei so ihop til ein „Tolvbrigding“, og han saag ut paa Lag som ein „Garnbundt“ no ser ut.
Ut paa Vintren, naar Kveldane vart lange, fekk Struspinnarane Arbeid med aa spinne Stru og Tagl av all den tilgjorde Hampen paa Gardom. Dette var det vissaste Arbeide for so mang-ei Kjering burti dei Hyttom, der det galdt aa føde seg med Handarbeid det meste av Tidi den lange, svarte Vintren. Arbeide var seint og kjeidsamt og Betalingi liti, berre 3 eller 4 Skilling for Marki, og det meste ei god Spunekjering kunde vinnast, naar ho sat og naudkila Dagen igjenom, var halvonnor Mark. Men noko er betre hell inkje, og so var no alltid dei meste av Gardmannskjeringom rome i Klypa naar dei gjekk paa Stabure med Spunekjerringom, for aa finne deim Spuneløni. Det var au halde for, aa vera ei av dei største Syndom ei Kjering kunde avle seg her i Verdi, naar ho „vog burt“ eller var knipin med Betalingi med Spinnarom sine. Dette Spunearbeide fall burt da Folk heldt upp med aa avle Hamp; og med di same fall Striskjurta burt au — do var no grov og graa, men det er deim som har meint, at ho var eit betre og helsugare Plagg, hell ho saag ut forr.