I Heimegrendi/8
Sætermaanaden.
Vaaronni er fraa seg gjord heime, dei sette Jordepli i Gaar og i Dag har Gamle-Per byrja aa rydja Jorde, legg upp at og vøler um Hesjerne, rakar saman i Smaahaugar Stein, Kvist og Rask han mokar i Trillebaara og trillar ut i Elvefyro. I Aakerreinom og alle Stadar det er Tad i Jordi, er Marki vorte vakker og jamngrøn. Utmarki held seg graa enno og Vaargroen strævar med aa trengje seg upp gjenom Daufonni, men det gaar smaatt solenge det ikje kjem ei Bløyte med godt Regn — etter det røyter Marki svint Hausthamen av seg. Krøturi finn forr lite aa eta enno, dei strendar att og fram gjenom Hamnlykkjune og Utmarki, heng umkring Jordes-Hafellune og leitar etter Tak til aa brote seg innpaa. Sauhopar fraa alle Leidir kjem farande, smyg Hafella og bit seg fast som Flotten i beste Grasreinom — det er eit Mas Dagen igjenom med aa halde Jorde fritt for Krøtur no ei Tid, til det vert Skikk paa di med Gjeslom i Grendi. Alle Stadir, kvar du ferdast utan-gjerdes i Grendi, raakar du Krøtur som leitar og leitar etter noko aa stille Svolten med; paa dei meste syner det, at Vaaren har vori hard, baade paa Baasen og etter dei lout ut — dei er tome som dei var skylte, Beinknokane spriker ut i Vere, store og haarlause, og mange ser ut som Beingrindir. Enno er ikje Nødi slutt, for det er lite anna aa finne hell Daufonn og fiorgamalt Lauv — i ein og annan Solhallen kan dei finne einkvar Vaargroen som er skoti upp fram med Steinar, Kjerrir og Tuvur. Dei har det aldri verre, Krøturi, hell dette Leite til Marki har røytt; dei svelt og frys, for Dag um annan er det Rosur med kvinande, sur Nordanvind og Yrur med sinte Snøfillur inn imillom. Det er stor Ynk aa sjaa korleis smaatt og stort baade svelt og frys, gaar krøkjest og leitar etter noko aa faa i seg. Endeleg kjem Regne alle har lengtast paa, mildt og godt og med ei dugeleg Bløyte, og da det held upp att um Kvelden er det som allt, baade paa Marki og ute i Skogen, skulde ha kveikna til og skoti Vokst denne Stundi. Elvesøgen er ifullare vorti og Fossen er kvikare i Maale; Otta held paa aa skifte Lit og byrja kreka lenger inn millom Fjøresteinom. Men ingin Stad er det slikt Liv som uppi Gronnskogen nedst i Lidom: der held Maaltrosten slik Leik, at gamle Folk lyt staa lange Stundir aa lyde paa, naar dei er ute um Kvelden fyrr dei gaar og legg seg. Dei kjem inn att med ein Smil yvi heile Andlite: „jau ikveld er han lik seg — no kjem Godvere og Sumaren!“ Og som han let paa Fløita ut etter seine Kvelden, skulde ingen høyre, heller — han slepper den eine kjende Slaatten og tek att den andre i Einingi, gjerer nye imillom som ingen har høyrt fyrr — jau dei skal faa Læti ikveld i den gamle Grendi. So set Galningen paa med alle dei rare Munnkalli sine, erta Folk og neiser dei baade for eitt og hitt, og ei og annor liti Stund fær han ei slik Vill-Rid paa seg, at Slaattane og Hermune vert i eitt Ragl. Hine Fuglane gjev seg med av full Hals, for no er det vorte Hugnad og Glede der inn-i Skogen.
Um Morgonen har Elvi gjøymt dei nakne Fjørune, ho renn graabrun og tung og veltar seg yvi Svai so det sprutar — dei er komne med Føring aat henne i Natt: Finna, Hollungen og Rinda, maa vita, og Dunen fraa Eidsfossen ber til aa lydast yvi allt anna i Dalen. Aakrane har grønkast i Natt so det er reint underlegt aa sjaa det, Regndropane glimar paa det halvvaksne Bjørkelauve i den blanke Morgonsoli, og gjenom heile Naturen kjennest det liksom aa gaa Flogur av Gro-Gir og sprettande friskt Vaarliv — dei siste Avleivune etter Vintren er burtkvorvi.
Etter Dugurden idag gat Far um, at han vilde fara burti Sætri i Morgon og ha Gjødsli utyvi, Snjofonnine strauk fulla no i dette gode Regne, so dei ikje var til Hinders lenger og det skulde vore gjildt, aa ha gjort fraa seg Sætri fyri Pins. Eg kunde vel gjeva meg med, eg au, so saag eg til med Varmen og kannhende eg kom fraa koke Kaffe’n au, naar eg tok meg Tak, so slapp han hefte burt Tidi med di. Detta var eit Fagnadord i mine Øyro, for noko gjildare hell Sætri visste eg ikje, og so tidlegt paa Sumaren hadde eg enno aldri vore der fyrr, difor vart eg mest fraa meg og tykte det var ei heil Æve til Morgondagen kom.
Rivemakaren, den halvgamle Lauskaren i Grannegarden, kom med ei halv Tylt Rivur Far kjøpte av honom til-sumars, og da han med di same kjøpte eit stort Kippe med Nautband-Spenningar[1] og eit med hovols-vundne[2] Meisvidjur[3], vart detta ein heil Handel so Rivemakaren tykte, han fekk Pening aa hjelpe seg med. Difor slog han seg laus og gjorde Kaffelag attpaa, som han so jemt gjorde heime i Huse hjaa oss. Da Lage var tilskipa vart eg gjord iveg med Bod til Per, som gjekk og rudde paa Vollen; eg visste fyrr eg vilde vera kjærkomi i slik Ærend, og so blidga han seg fulla att etter det, eg kom til aa skitleike han um Morgonen, da han synte Far det siste Tolkniv-Byte sitt. Per lout stødt byte Knivom um det so var kvar Dag, og aldri høyrde du, han hytte utur for seg. „Her, Jakup, skal du sjaa Gut, som heng paa Veden!“ sa han og heldt fram ein litin, utslitin Tolkniv. „Men detta er da ein elendeleg Nabb, Per, — den du hadde fyrr var anna til Kniv, det!“ var eg ferdig aa svara til. „Du kan vera Nabb, du, Staa’ti-Kong!“ sa Per, stakk Kniven i Skeidi att so ybbin, at det yrde av honom. Jau, dette var gløymt da eg bar fram Kaffebodi —: „nei, rett han Hans, du, han er godærugast lell, han!“ og da eg saag det var so fint Ver, maatte eg fortelja honom um Sæterferdi. „Seg berre Huldri ikje er fløtt utor Husom enno etter Vintren, naar dykk kjem der so tidleg; men Far din tek fulla Børsa med, so fær dykk skjote eit Skot yvi Stugutake,“ sa Per, det skulde no vera Gaman, men han fortalde meg, at da han i Ungdomen tente paa Bolstad, bad Mannen han Per um aa skjote eit Rifleskot lengst igjenom Fjose i Sjolidi, da dei kom til-sætrar um Sumaren.
Tidleg neste Morgonen hadde Far Kløvi reidig, me maatte ha noko Niste med oss, maa vita, og noko Umbyte med Hosur og slikt, um det skulde verta Vaatver, for me rart alltid verande i Sætri minst tvo Dagar; men det var no ikje større Tyngdi hell eg visst fekk ride „upp-millom“, naar me kom upp Skaarsbrekka og naadde Rinddalen.
So barst det iveg; og „Sota“ ho visste nok fyriaat kvar me etla oss av, Far hengde Beisle paa Kløvsalkroken og let ho gaa som ho fjøl vilde. Det var no ein fæl Veg me hadde den Tidi nord igjenom Kleivane fyrr me naadde Bygdevegen til Heidalen — berre med Nødi han var farande med Øyk. Over „Høgkleivi“ laag Vegen paa 3 torvklædde Stokkar og eit Par Hushøgdir nedunder deg gjekk Otta i grøne Pullar og Kvervlar; fleire Stadir klengde Stigen seg etter Pallom so ytst ute, at du saag Elvi kokte og saud beint ned for Føtom. Men slik hadde Vegen i „Kleivom“ vori etter Ofsin, stundom betre og stundom verre. Naar han vart so galin at det ikje lenger var framkjømt, maatte Grendi koma samen og halde stor Vegarudning, og etter kvar slik Reidsle kunde ein hekla Kar kjøre ei Tunnetyngd paa Slede dei fyrste Aari etter. Men so laakna han smaatt um senn til kvar Vaar, til han kom i det Maate, at han ikje vart framkjøm att, lenger. Og so vart det same upp att.
Verst var det, naar det fall av nokon i Grendi paa Sumarføre, da hende det meir hell ein Gong, at 4 Karar maatte bera Likkista paa tvo lange Stenger etter heile Kleivom. Og um Vintren fyrr Isen lagde seg og det kunde vera Haalkeføre attpaa, so Stigen og Pallane og Legane var som ei Blykaape, da var det „um Live trevle“ aa fara etter Kleivom.
Me kom no vel igjenom dei og upp den bratte Skaarsbrekka og da me naadde Rinddalen lyfta Far meg upp-millom Meisom som ein annan Vott, eg tok Beisle i Hendane og reid kjeik og byrg gjenom den tronge Dalen. Eg smikka med Tunga og mana paa Merri, men Sota letst aldri høyre meg, berre gjekk det vanlege Halde sitt — snakka Far aat henne letna ho i Marsjen med einn Gong, mest som ho skulde kjendt det gamle Orde, ho au, at Vaarherre lyder ikje etter Katteskrik. Burtast i Rinddalen skjyt Graahøi fram midt for, breid og roleg, alltid lik seg sjøl, trygg og verbiten som ho ligg der. Enno hadde ho ei Mengd med Snjofonnir nedetter Hallingune og ved „Sovarhaugen“ laag ei abrikeleg Fonn som rokk uppi Slembskarde, aat henne skulde det nok Godver til enno, fyrr ho gjekk sin Veg. Øvst uppe laag Fonnine og blenkte drivkvite i Soli, men lenger nede hadde dei faatt ein graabrun, uskirin Lit, og heldt dette Vere ved ei Viku, vilde dei vera ferdige. Fraa Rinddalen laag Vegen upp Reirebakken og um Reireplassane; den eine av deim laag tett ved Vegen og her budde han „Tjøru-Kristen“, hann, som dreiv med aa brenne Tjøru kvar Sumar. Det etla han seg nok til med no, au, saag det ut til, for han hadde liggjande ein Haug med smaaklovin Tjøruved, stor som eit lite Hus, Tyrived so feit han var reint svart. Vidare gjekk Vegen etter „Brennom“ med all den digre Furuskogen, Mastfurur i Haugetal uppetter den jamne Hallingi; so naadde me Mela med Sagi og alle Kvernhusom og reid yvi den gamle, laake Kloppi som saag ut til aa vilja dette ned til kvar Tid. Mela var i største Flaumen just no, og Vatne gjekk uppunder Djuplagaasane so Kloppi skolv og bivra all igjenom. Um ei Rid naadde me Svartbekken som var saa stor, at Far lout leite seg yvi etter nokre store Steinar; og so kom me til Lauvaai som renn strakst um Sætri — idag var den gamle Kjenningen min so vill og agalaus, at eg kjende ho mest ikje att. Me foor etter Gjeilen ved Grannesætri, gjenom Vinterlede og uppetter Kvei til Sæterhusi; Far lyfta meg ned, lagde Kløvi av og slepte Sota paa Kvei, fann Nykilen or Lumma og læste upp Skutdøri. Me var framkomne.
Underlegt kor framand den gamle Sæterstugo saag ut no, mot ho elles plaga — ho var liksom so laag og nuvut og rædd. Eg tykte alltid ho var so hugleg og tyleg med dei smaae Glasi og dei tjørubrune Veggjom, men no var ho liksom baade uhugleg og løynsk, tykte eg. Hadde det butt Hulder og Huldrekallar innan Veggen hennar i Vinter, so ho ha faatt Trolldaamen ved seg? Det var no den gamle Stugo, for der i Veggefare stod enno dei Pinnarne att, som eg hadde liggjande Fisketrøa mi paa ifjor Sumar, og under Takskjegge ved Aas-Endane hekk dei tri store Svoloreiri som fyrr. Paa Mønen av andre Gavlveggen stod Reinshorne sligi paa Vindskiune — so det var nok rett all Ting soleis, men eg maatte no gjera ein Sving rundt Stugo fyrr eg gjekk inn. Sunnan Stugumuren i Solveggen stod Groen allt høg, og i Muren hadde Steinhjerpen Reir no, som fyrr; han er den fyrste paa Sætri og kjem strakst det vert flekkebert. Linerla tenkjer alltid ho skal vere den fyrste, men naar ho kjem skjotande upp fraa Bygdi i Morgonstundi, sit Steinhjerpen paa Røysi, vippar Stjert og bed ho vera velkomi i Lage. Han hadde allt gjort fraa seg det grøvste Arbeide med Umvøtla av Reire sitt, hann, da Linerla kom etter. Og no helsa han paa meg au, den kvate, reintvegne Karen, men bad meg vakkert gaa fraa Muren, og ikje hefte han burt fraa Arbeide hans derinne. Paa Gjeithustake sat tvo Linerlur og undrast paa kva me var for Slag — skal tru det er dei same tvo, som ifjor Sumar so ofte kom heilt inn paa Skutgolve og fekk Kjuke hjaa henne Mor, naar ho løypte surt?
Jau visst er det baade Stugo og Sætri, maa vita, men noko underlegt framandt er det ved allt ihop, likevel. Inne i Skuten staar allt i det gamle Stødi — den faste Sengi ved Veggen, Panna og den breide Benken og paa Mønsaasen alle Namni aat Timbrarom med „Anno 1835“ etter. Men so audslegt og daudt i kvar ei Kraa, dulint og løynt — det var som det skulde lugta Troll inne der. Same-eins var det inni Sæterstugo — det store Rome bakanfor Peisen gapte myrkt og utokka, Sengi stod der klædelaus med turt grønt Høy i, just som Huldri skulde ha bore utor Klædi med same ho saag me kom uppetter Kvei. Burti Fathylla laag Fat og Koppar, Skeidir og Sleivir kvelvde paa Hyllom og saag ut til aa kunde vori vaska idag tidleg, og i det gamle Skaape stod Spilkomar, Kaffekoppar og Borddiskar paa same Gjerdi. Ljose fall heller i minste Lage gjenom dei tvo blaamaala Glasi med Grønglas-Rutur, so den store Stugo var dulen og dimvori; inne paa den Hjellen som gjekk tvert yvi Stugo, og som Slaattekarane laag upp-paa um Sumaren i Slaatten, var det myrkt — det grysja i meg naar eg saag dit, for der kunde det radt liggje att ein Hulderkall og vera duld i Myrkre. Men ut i Bui tordest eg ikje gaa einsleg, for der var det myrkt som i ein Sekk, naar ikje Bu-Lukurne var skote fraa dei tvo smaae Gluggi. Og kva som kunde dølja seg der, under dei breide Mjølkebriskom og bakfor Mysukjere, kunde ingen vita. Elles var det mangt som drog meg dit: der hadde eg liggjande eit Vatshjul han Far hadde gjort meg, Make til det gamle Saghjule som laag att etter Flatningssagi, ein stor Baat med tvo Rødi, Vadspjeld, Makkestokk og enno fleire Ting eg lengta etter aa sjaa att. Eg var kvast ferdig til aa gjeva meg med, da Far var ute i Bui etter Grev og ei Jarnskoreku og ytte fraa ei Luke, so han kunde sjaa finne det, han gjekk etter. Jau, der laag dei, kvar Ting, som eg lagde dei fraa meg Bufaardagen ifjor Haust, Hjule, Baaten og alle hine Sakirne mine, og dei skaut upp att i Minne alle dei Hugnadstundir me hadde ved Bekken og Dammen med deim, eg og Leikebroren min.
Men ei forunderleg Stille og ei kjøvande Kjendsle av Einsemd laag det yvi allt baade ute og inne — noko saa livlaust og framandt, at eg kunde ikje skjøne kva, som var ivegen. Det letna noko da me fekk gjort upp paa Peisen og sette Kaffekjelen paa, men da Far etter me hadde eti lagde seg til aa kvile Dugurdskvile, kjende eg meg ikje Kar til aa gaa der einsleg korkje inne eller ute: eg kraup uppi Sengi bak Ryggen hans Far, og lagde meg til aa tenke yvi korleis Huldri maatte ha det Vinterstid, naar Uvere raste paa det verste. Allt eg hadde høyrt um Hulder og Haugfolk paa Sætrom fraa gamle Tidir, skaut upp i Minne og gjorde Hugen so underleg rædd og var — det var ikje den Hugnaden ved Sætri no, som eg hadde tenkt.
Da Far byrja arbeide ute paa Kvei stod eg med ei Tid og dengde fin Moki, til eg vart kjeid av det; eg gjorde meg ein Sving til Lauvaai, til den store Steinen der eg og Leikebroren min heldt til so trutt ifjor Sumar. Men der var heller ikje likt seg: den fredelege Lauvaai som fyrr sikla med ein sagtferleg Rukl millom Steinom, dura no med slik Dun og Søg, at du høyrde ikje Manns Maal. Ho kasta seg i store Fossar og Kvirvlar so Frauhattane laag langt fraa Breddom inn-yvi Einerkjerrine — i ein Tverrsving i Fare sette ho beinast over Marki og vilde kav rive med seg nokre Vierbuskur, som stod i Vegen, og ei liti Ungbjørk som stod skolv og bad for seg. Det var ikje den gamle huglege Aai dette, men eit villt Troll som heldt Sjau og Staak og slost ved allt ho kunde faa Tak i nedetter mot Melingen.
Eg gjekk ned aat Husom i Grannesætri og vilde sjaa etter, um den gjilde Peisen me mura paa Bakken ifjor Sumar, stod uskadd — jau han stod nok paa ei Gjerd, men halve Pipa hadde volti ned. Fraa der eg stod saag eg utyvi Melingen — jamen ligg Isen att enno! Men han er tunn og blaa og ut for Lauvaa-Munnen er det ei breid, opi Raak tvert over til hitt Lande; sør i Svartviki er det au store Hol paa Isen, vantar berre ei Vindrosu, so er han gamall nokk. Daa eg gjekk uppetter Kvei att fann eg nokre store Leirfivilblomar i Kanten av ei Snøfann, den fine Dunen blenkte i Soli og eg stod lengi og saag paa dei fine, vakre Blomane og tykte det var Liv langt umkring dei. Andre Blomar var det enno ikje uppkomi paa Marki her i Fjelle — Kvei var heller ikje grøn yvi det heile, alle Bakhallar laag graae, og i Skogen og Myrdragi saag du ikje ei einaste grøn Tuve. Sumaren har nok ikje vunnest hit upp for fullt Aalvor enno. Heime i Bygdi var Bjørki grøn heilt upp paa øvste Høbruni, men her hadde ho ikje sprotti den fyrste enno. Allt med seg var Sumaren so uferdig heruppe, paa all Vis, og Sætri framand og liksom so hustrin, at det var ingen Trivnad med det — eg bar til aa stunde heim att. Aa vera med Far Dagen igjenom med Arbeide unte eg ikje heller; kvar Gong me skulde heim til Maals bad Far meg aa gaa uppi Stuga ei god Stund i Fyrivegen, gjera upp Varmen og skipa til med Kaffestelle, men hadde det ikje vore slik stor Skam, so hadde eg ikje vaaga meg einsleg inn i den myrke, audslege Sæterstugo — eg kjende som ein kaldsvalin Troll-Ande i Ryggen, straks eg kom innan Døri. Og naar me heldt Kveld og kom inn, so ved Klokka halv nie, kom denne Kjensla av Audn og Einsemd enno tyngre yvi Hugen — stillt som i ei Grav alle Stadir, ikje ein Bjølleklunk eller ein Kulokk, ikje eit Øksehogg. Det einaste du høyrde var det ævelege, einslugne Slapse fraa Vats-Troi ovanfor Stugo og, kannhende, Maale paa ein Rupesteg uppi Lidi ein hende Gong.
Tridje Kvelden me var paa Sætri kom gamle Jon Rottem og Sonen hans og vilde faa Far med aa draga Not paa Melingen, dei trudde det no gjekk for seg for Isen si Skuld og hadde god Vom um Fisk, for dei plaga faa gjildt med di same Isen gjekk av. Jon budde paa ei Sæter paa hi Sida av Melingen og livde heruppe Aare rundt; han hadde baade Baat og Not og tok sume Tidir gjildt med Fisk. Far vilde gjerne vera med deim og eg laut no alltid verta med, for einsleg hadde eg ikje tort aa legje att, um det hadde goldi Live. Eg maatte koke ein Umgang Kaffe fyrr me tok avstad og eg fekk Ros for Kaffeen, baade av dei tvo Framandkarane og av Far.
So bar det iveg ned til Vatne og me rodde over til hi Sida, der dei beste og meste Notvarpi var. Men Isen var seigare hell Jo tenkte og det beste av alle Varpi, „Grimen“, let det seg ikje gjera aa draga, det var berre dei tvaug „Mørvarpi“, „Staarrvarpi“ og eitt til som var so isfrie, at dei var dragande. Eg vart sett til aa „gjera paa“ eine Toge og fylgde etter honom Jo med „Togmerri“ ytst paa Landbakken. Eg kjende vel Gamlen for han var Reinsskyttar og hadde fylgt Far i Fjelle i Ungdomen, difor var han heime ein og annan Gong um Sundagane. Naar han var i Godlage var han tulug og godsleg og i Kveld var han paa rett Møle; han var ned-i Broklumma etter den store „Alnakdaasen“ som eg tykte var so gjild kvar Gong eg saag han — „han er blank no, me fær nok stødt Ver no ei Tid; han er god Ver-Spaaar denne Karen,“ sa han Jo. Dimed skar han av ei Buss, ja eg har aldri set slik Buss, eg er stø um ho var gode 3 Tumar, og ringa ho etter nedre Tannhalde under Lippa. Eg vil ikje seja han Jo Rottem vart væn over Munnstykke etter dessa, men paa den Gjerdi gjorde han det stødt og han saag inderleg velnøgd ut, senda ut urimelege Bløytur til ymse Leid no og da, medan han laag i og drog paa det tjukke Bustetoge og lagde det i Lykkjur ned paa Strandi.
Det gjekk grepa med Fangsti og det var gjild Moro naar det leid saa „Belgen“ i Noti synte seg innast i Varpi, i „Lendingi“, for da bar det til aa verta Leik: det blenkte og glima paa stor, vakker Fisk som skaut og spila seg att og fram, rende Nasen mot Noti so han spratt attende og kapla seg so den gule Buken synte seg. Og naar dei med siste Take sløngde Belgen inn paa Strondbreiddi, var det berre so det aula med feit, jamnstor Aure under Moskom. Men det vart kaldt da det leid paa Natti, og da me var ferdige fraus eg som ein Hund medan me gjekk heim paa Sætri att.
Tridje Eftan var Far ferdig med Arbeide so me foor til-bygdar; det hadde vori tri framifraa Godversdagar og det er underlegt kor svint allt kan mune seg i Fjelle au, dette Leite; no hadde Kvei vorte grøn yvi allt, kvar Isflindre var burte av Melingen og i Vetlsæterlidi bar Bjørki til aa faa ein grøn Him paa seg, meir hell til midlides.
Umkring Jonsukleite reiste me til-sætrar med Bølingen, for da vart han mest ikje til aa halde Styr paa lenger, dei braut seg inn paa Jorde hell inn i Lykkjune aat Husmennom i Einingi. Dei „kjende Tidi“, maa vita, og stunda uppi Fjelle fraa Mye og Kvalmen inne i Olderskogen. Dei er no farne med Bølingom mest forr-ende au, no, og med so grepa Ver som det har vori, lyt det ha vorti Mat i Høgdom, so det nyttar ikje aa drygje lenger. Far har vore burti Sætri att med tvo digre Kløvir, ei med Mat og ei med Klæde — det skal ikje so lite Føring til, maa vita, for me sette Laas for Dør paa Garden naar Sæterferdi kom, og laag paa Sætri alle til Slaattonni byrja.
Og idag skulde me fara med Rubb og Stubb att. Det vert Sjau paa ein slik Fløtjardag — nord-i Stabure driv baade Far og Mor og legg i ei stor Pankekløv, Skreppur og Posar, Askar og Øskjor og Tullar, so Meissane ruver som tvo Høysaatur. Eg hadde longe lagt Skule-Væska mi stappande full med alle dei rare Greidur eg „maatte“ ha med meg paa Sætri. Verdaga-Ting so gjæve, at det var med Nød eg vaaga sleppe ho utor Hendom, da Far tok og snørde ho inn i Meisen millom hitt Raske. Det var Flog og Stim og Sjau som ved eit Syskinbyte[4]: inne i Stugo skulde all Ting dontas vel fraa seg med Koppar og Kjøreld, som vart læst i Skaapi, bore ned i Kjellaren hell aat Aurbudi. Ute paa Garden foor Tenestjentune um ein annan som eit sterkt Ver og Far rydde Øksir, Grev og annan Gardsambo inn i „Staburs-Langen“. Sist var dei ferdige kvar med sitt og so skulde me ha ein Fvyridugurd og Kaffe fyrr me braut ut; men eg gjorde aldri den Fyridugurden stor Skade, eg stunda so hardt iveg, at Mathugen var burte. Same-eins med Gjætarguten; han sat med „Tyskfløyta“ i Handi medan han aat nokre Bitar, dimed lagde han paa Døri og bles „Skjeggeloppa“ so han var rund i Andlite som ei Blaase. Um det so var han „Raudpass“, so hadde Utferdshugen tekji han so hardt, at han hadde mist Mathugen — Far baud honom Ost, Lefsebitar, Sukker, nei, han berre svinsa paa det vide, klurne Skafte sitt, sette seg ved Døri og saag uppi Augo vaare um ikje Timen var komin.
Endeleg vart Jenta tilsagt aa gaa uppi Hamnlykkja, sleppe Bølingen og lokke han nord-um Jorde, der møtte Mor og lokka paa Bjøllekui ein einaste Gong og med di skjøna alle med det same, kva som fyri stod. Bjøllekui sette i ein stor Raut og kom setjande for aa følgje Mor paa Fot, men dei hine fekk ei Rid so dei ikje aga seg — dei sette nord-igjenom Stigen so Torvune dreiv. Stuten og Ungkrøturi sleppte all Age, dei baula og bura og lagde avstad i villt Firsprang med so svære Kast til ymse Side med Bakbeini, at dei saag ut til aa ha sleppt Vite. Naar fyrste Hetu-Ridi var over, spakna dei so vidt, at me kunde faa deim til aa fara med Maat yvi dei verste Styggstadirne i Kleivom, so dei ikje ytte kvar andre ut i opne Elvi eller ut over Stupi. Etter me kom fram-um desse Vandane hadde me ikje noko Bry med Bølingen lenger, dei visste Vegen sjølve, berre ein av os var til reide aa sleppe dei igjenom dei 7 Grindane me hadde aa fara igjenom, fyrr me naadde fram. Ved Høgstdags-Leite var me ved Sætri og Bølingen hogde seg fast umkring Kvehafellune med same, seinare paa Dagen dræg dei seg ned mot Vatne.
No var me da herupve att. Men kor umsnudd allt hadde vorti paa desse tri Vikune, sidan eg var med Far her! — det var ikje til aa kjenne att korkje ute hell inne. No var da Sæterstugo lik seg sjøl att, tyleg og godsleg som ho stod der med dei brune Veggjom og liksom bad oss vera velkomne lang Veg. Uppaa Take hadde dei tjukke, lubne, myrkgrøne Røllikduskane[5] allt fatt graae Knappar og ved Veggjine stod Guldborsten so livandes bjerk gul, at ingen hadde Hjarte til aa traakke han ned enda han stod midt i Stigen heilt fram aat Dørhella. Burtetter Bakken til Vats-Troi stod Smørbukk og Soløyblomar, Kvei all upp var fint grøn med tett, lubben Grasrot. Det var ikje mange Slag Blomar komne upp enno her i Høgdi, berre utan-fyr Stallen, etter Rise, stod Tjørublomen i Krullar so det raude lang Veg — no endeleg var da Sumaren komi hit upp for fullt Aalvor.
Steinhjerpen i Stugumuren saag ein no ikje so mykje til, han laag fulla Dagen lang og vermde Eggi sine, men Svolo heldt svært til Leik uppunder Gavlen — ho skaut seg ut og inn av Reiri tittast ho vanst, gjorde seg lange Svingar høgt upp-yvi heile Dalen, kom so att som ei Pil og skaut seg under Vindskida, sat paa Kanten av Reire sit og rein av overgjevi Glede so det reint skar i Øyrom.
No var det korkje audt eller livlaust heruppe meir! Fraa Høgdom og Lidom til alle Sidor lyddest Ljom av Bjøllur: fine Massingbjøllur og grove Jarnbjøllur um ein annan; Gjætarhauking og Fløytelæte og dulne Øksehogg i Skogen — Liv og Rørsle kvar du vende deg. Og idag stod Bjørki i full Brurstas til øvst i Vigga, og um det so var dei graableike Myrine med brunraude Stripur etter Vaarvatne, dei som Ein-Dagen saag so utokne ut —, no hadde dei faat eit grønt Tæpe yvi seg, fint og mjukt som Fløyel. Herregud, kor nauande vænt det var heruppe!
Men ut-yvi all denne Vænleiken lagde Gauklæti ein eigin Daam for di det høver inni Stemningi, som Munnhorpa ei ÆKveldsetu; og ingen Stad skal du høyre Gauken gjæl so idugt, som her i den vide Sæterdalen med dei laage Bjørkelidom sine.
For meg byrja det no ei lang Rad med God-Dagar fram-etter; Leikebroren min fraa dei tvo fyrre Aari var au nyleg komin her, og so var det ikje mange Dagane fyrr Vatshjule gjekk so det stod ein fin Sverkil umkring det; fyrste Ferdi mi kvar Morgon, naar eg fekk rivi Klædi paa meg, var burt til Vatshjule for aa sjaa, um Dammen eller Renna skulde ha vorte avlaga um Natti. Men naar det svinga trillande rundt og so kringt at Vats-Eimen av det glima i Regnbogeletir i Morgonsoli, da var det ein Hugnad, som var mykje verd. Og sidan var det Baaten, Peisen og allt det andre me fann paa, ettersom me trøyttast av det me hadde fyre oss; me hadde det so andsamt den utlange Dagen, at me gløymde burt baade Matmaali og Sengetidi.
Det var no elles Meiningi vaar no i Sumar aa leggje oss noko hardleg paa Fisking for me hadde baae, kvar for oss paa ein Vis, faat Lov til aa gaa med Fiskestongi, naar me foor varleg so me ikje kom uppi nokor Skeivferd. Det skulde no trengjast au, maa’ta, so store som me var, aa krevja slik streng Lovnad av oss! — eg fekk no Tamen i meg til aa gaa med Fisketrøda allt ifjor, eg, da eg fylgde Sjugur Odden ein halv Dag ved Melingen. Ja ikje so eg fekk Beine den Dagen, men eg lærde aa agne paa Ongulen, spytte paa Makken og segja: tvi, Troll paa! Og Dagen etter maatte han til; den eine Tenestjenta lout følgje meg „so det ein Gong kunde verta Ende paa Gnage mitt“, den andre stod att ved Grindi da me gjekk og gat um, at den Fisken eg tok skulde ho steike paa — ja eg vyrder meg ikje so lite eg hermer Ordi hennar. Da me kom ned til Vatne tok eg meg Stødi paa ein flat Stein i Landfalle og baud Fisken Agnmakken min baade vel og lenge. Det var underlegt skulde han ikje bite idag — kannhende det ikje bles nokk for han Sjugur sa, at Solvinden var beste Fiskevere; Sol vanta det ikje no, men det vetle Vindbragle, som var, mona fulla ikje. Jenta lagde seg beint ned i ei vid Enerkjerr ho, og tok Dugurdskvildi som eg skipla for henne med denne Fiskingi, sov gjorde ho au um lite. Best eg stod kom der ei liti Vindflogu med svarte Krusingar over Vatne og i same Blunken kjende eg ein kvass Rykk i Vaden min! men da var eg ikje sein paa slenge upp att, heller, og det kom ei Fiskekjøe inn i Kjerrine bakanfor meg so det pistra i Vaden! Lenger hell Langfingren min var ho ikje, men ein ypperleg god „Smørfisk“ og Jenta vart svint vekt upp or Svevnen for aa sjaa paa Fangsti. Eg tykte me kunde gaa heim med dessa no til ei Byrjing, men ho talde meg til aa drive paa ei Stund til. Jau um lite kom eg vippande upp med Maken! — men da kunde heller ikje Magt i Verdi avøydt meg med, aa gaa uppi Sætri aa syne dei Fiskane, no skulde dei faa sjaa, um eg ikje allt var Fiskar!
Detta var no ifjor for eitt Aar sidan, maa vita; iaar kom det nok til aa verta meire paa vaksin Gjerd med di, for no hadde me baae tvo Fluguonglar au, Heilsnudd-Vad og lange, mjuke Trødor. Det var harmelegt at eg ikje hadde Næverskrokke, eg, au som han Paal, Felagen min — men eg kunde no altid bera Fisken paa Snik til vidare.
Men, det var forunderlegt — det vilde aldrig verta noko korkje i Skrokka eller paa Sniken; det kunde ikje vera Fiskebit i Sumar, for det skulde ingen som vilde følgje Sanningi segja, at me ikje freista Voni. Me gjekk i Solsteiken dagandes Dag og baud Fisken Flugu og baud honom Makk, skifta mest so jemnt me kunde vinnast, stod og nidtruga han i alle Vikir, ved „Staarnebben“ og ved „Graaurdi“. Men me raaka aldri Bite. Gjekk me iveg Klokka 10 um Morgon kom me heim att Klokka 3, 4 so svoltne og slunkne, at Broki slong um Live, vaate paa Beini og stive med Raudmyr heilt uppi Skræve innan-beins. Nei Fiskebit var det ikje i Sumar, han hadde visst noko fara i han Hans i Grannegarden i Gaar, han foor her og fann seg Skeid-Emni av Einer: det vert ikje Heggeber iaar og da er det aldri Fiskebit heller, sa han. Ein annan Sumar skal det verta anna av.
Um ikje Fiskingi slog til, var det alltid eitkvart anna aa taka seg til med. Naar det var stilt og fint Ver kunde me ein Gong imellom faa Lov aa taka Baaten og ro burti Staarrviki og der laag me halve Dagen, sleit up Staarrkolv og togg paa den lange, kvite, smellsøte Roti, eller me dreiv og fiska upp Snyrilhus fraa Botnen. Soleis fall aldri Tidi lang og Dagen gjekk snøgt som ei Matlag-Rid; naar Kvelden kom tykte eg stødt, at Dagen hadde vori forstutt. Kvelden og Natti gruvde eg for og dei kunde au vera gruvsamde i verste Hlen, for eg og Far laag upp paa Hjellen inn-i Stugo og der samla seg all den Varmen haade Soli og Kokingi i „Skuten“ laga til um Dagane. Det var heitt som i ei Turkestugo der uppe under Aasom og eg fekk aldri sova fyri Midnatt; Far kunde sova like godt um det var aldri so heitt medan eg laag kasta meg, sveita og vreid meg verre hell i Skirselden, til Svevnen endeleg til Slutt kom og gjorde Ende paa Kvalen. Det vart sist Uraad aa ha meg paa Hjellen um Nætane og so fekk eg og Gjætarguten ligge samen i Skuten, der var anna Slag so svalt og friskt med same Soli gjekk under. Og so hadde Gjætarguten mykje og mangt aa fortelja fraa Skogen og Fjelle der han ferdast um Dagane, um store ykjehopar han raaka, um fir-ærings og fem-ærings Graduksar han hadde set, Gjætarar fraa andre Sæterstular han var samen med og mykje meir merkelegt av mange Slagi. Han heldt Dugurd paa „Vakkersletti“ eller „Storhaugen“, og Non ved Tuvstulen eller „Ransverksletti“ medan Gjætla lagde seg rundt um han og kvilte dei, au; dette lyddest so hugnadsamt, at eg meir hell einn Gong etla meg til aa vera med aa gjæte ein Dag. Men det kom aldri vidare hell med Snakke dei Stundine i Skuten um Hveldane, da me gjekk igjenom det, som hadde hendt honom i Gjætlemorki um Dagen. Da stod me med det same og lydde paa Budeiune lokka Kui si heim til Kvelds paa alle Sæterstulom rundt um — det var so tylegt aa høyre alle desse ymse Lokkingur i den stille Sumarkvelden.
Og so livandes vakkert som sume Budeiur kunde lokke paa Kui si! det lyddest so hugtakande, at du liksom kjende deg lyft og borin med av den noko vekjømelege Ljomen som lyddest vidt yvi den vide Dalen, der han laag i lett Kveldsdimma etter Soli var avfjella. Ros-Ku mi — sytaa! Ku mi sytaa, sytaa! Kui mi — kom no! Bliros mi — sytaa! kje noko kan taka deg med seg soleis paa Draumevengjir som denne ovfine, lengtande Budeilokkingi ein fin Sumarkveld i Fjelle — ein sviv med Ljomen langt, langt burt i Eventyrlandi og inn i ein Heim som berre Hugleiken kan skapa. Den blaae Himilen med dei ljose, guldkvara Skyom i vest, dei døkke Fjelli attanfor dei grøne Lidirne, Furuskogen — allt med Kveldfreden yvi seg, sveiper seg ihop med dei hugsaare Tonane og fyller ein med ei Kjensla af Glede og Hugnad som tryllar deg so fast, at du gløymer allt anna umkring deg.
Og Kui kjenner seg au dregi av Lokkingi um ho kan vera so langt undan di-meir, at berre ein veik Om naar henne. Ho fer ofte so langt avstad etter Beite, at ho trkjest ikje orke det lange Naake attende med den tunge Magen; ho stadnar paa Heimvegen og furdar paa aa gjeva seg yvi og leggje seg, enda Jure brenn og sprengjer paa. Da fær ho høyre Omen av Lokking og dreg Kjendsel paa Maale til Budeia heime paa Sætri: sytaa Ku! Med ein tung Raut som lydest langt, ber ho til aa røyve paa seg att; kvar Gong ho høyrer Lokken gjev ho Svar og skundar paa meir og meir. Budeia kjælar og lokkar og legg all den Godhaatt og Blidskap ho eig i Maale sitt: Rose mi, sytaa! og Svari vert meir og meire heimkjære og kjem nærare og nærare. Um ei Stund syner Bjøllekui seg upp-i Høbruni ovan Sætrine, oftast langt fyri dei hine; ho stundar fram med det harde Jure og vilde helst leggje paa Sprang men Sekken er so tung, at det er vaagsamt. Men naar ho kjem ned i Bakken ovan Sætri og fær sjaa Budeia staa og vente med Saltskaali i Handi, legg ho paa Sprang so den store Magen og det side Jure vippar til ymse Side. So fær ho Salt, nokre kjælne Klapp paa Halsen og med di gaar ho velnøgd og tung inn paa Baasen sin.
Kvar Morgon eg vakna der ute i Skuten, leid det allt ein god Mon fram paa Dag; den øvste Halvdøri stod opi og den friske, reine Fjell-Lufti fløymde inn som ei Laug av Helse og Sæle. Fraa Sengi der eg laag saag eg yvi Skogen radt upp i Slombskarde og vidare etter Høbruni, austetter til høgste „Risbrothaugen“ med dei lubne Bjørkom, som liksom stod avskildra paa den iblaae Morgonhimilen. Og midt forr meg, berre eit langt Steinkast undan, stod den gamle, klurne, halvturre „Storfuro“, tett inn til Stuguveggen i Grannesætri. Dei tjukke krokute Greinine hadde so mange Slag rare Skap og Lavskjegge hekk og veifta og blikta att og fram i den linne Morgongusten. Soli gyllte den gamle Kjempa all upp og gjenom kvart eit Op millom Kvistar, Greinir og Lavskjegg glaadde det paa Himilen. Alle dei rare Skapnader av Krokar, Kvistar og Lavskjegg i Toppen av Storfuro, laag eg og gjorde um til Huldrir og Huldrekallar, Tuftekallar og Troll og allt, som Eventyrhugleiken kunde skapa. Den gamle Furutoppen vart til „Tusen og ein Natt“ for meg — eg heldt av Storfuro og hadde reint illt av henne, da dei ein Sumar batt eit langt Tog i Toppen og hogde ho ned — dei vart redd, ho skulde blaase ned i ei strid Vindkule og slaa ned Stugo, maa vita.
Underlegt korleis Dagane og Vikune kunde svinte seg heruppe, det var som det ikje fannst Drygsel i Tidi naar ikje just Regnvere skapte seg so gale, at ein lout halde seg innan Veggen. Fyrr ein visste Orde av, var Slaatonni paa Hendom og da vart Tenestjenta att med Gjætaren paa Sætri og me andre foor heim paa Gaarden til Slaatten ein tri Vikurs Tid. Men i dei fyrste Dagom av August kom me att med 5, 6 Karar til aa slaa Sæterkvei og medan det Arbeide stod paa, var det Liv og Leik og mykje Moro paa Sætri.
Tvo, tri av Slaattekarom var til-aars komne Karar av Husmennom vaare, og av deim var Fyrikaren ein Leikfisk og Spelfugl av fyrste Slag; so var det alltid med eit Par Ungdomar umkring tjugeaars Alderen og i dei Aarom legst det stødt eitkvart til aa faa Moro av. Slaatten paa Sætrom har fraa Gamalt vore halde for aa vera eit Hugnads-Arbeid, difor um det jemnan kunde gaa paa Hardskuv med aa faa Arbeide fraa seg til vanleg Tid etter gamall Takst — og den var det Uraad aa vike fraa, maa vita —; ein dugande Fyrikar vilde gjera Kvei fraa seg paa sama Tidi, som dei hadde gjort fyri honom. Men um det sume Stundir kunde gaa so halvt paa Spreng, var alle jemnast i Godlage og Arbeide gjekk med Liv og Lentur.
Kl. 4 um Morgonen kraup Slaattekarane ned av Hjellen og ut paa Slaatten, og den fjorde Eftan vilde dei vera ferdige med Slaatt og Hesjing, um ikje Vaatver av verste Slag skulde koma aa skiple Arbeide. Og var det eit godt Fooraar so Blaa-Eksingen[6] laag i Legd og ha byrja gulna i Roti, hadde dei ikje lange Tidir aa klata burt. Var det Yl med klaar Himil, gjekk Karane i ei Sveitelaug all Dagen og heitast var det alltid Nonsøgti, medan Soli stod paa høgste Graahøi. Da vart Huvur og Undvestar hengd paa Hesjepinnane og sume knepte Skjurta upp under Halsen, kasta Hosune av og gjekk i „Kippsko“. Men du skulde aldri høyre nokon av deim klaga seg for, at det røynte paa i hardaste Lage, trast dei fekk ei liti Øgtekvild i ein Skugge og slengde seg ned paa Marki, høyrdest Laatten fraa deim lange Leidine. Dei fortalde Rispur og Hermur og Hendi baade fraa gamle Dagar og nye, smaa-erta kvarandre og gjorde Moro av allt, dei tok Verdi antell ho var ill eller blid fraa den lentuge Kanten, soleis som Døline jamnan har gjort det attigjenom. Det har aldri vanta deim paa Godmøle og Gamansnakk i Arbeidslag. Og raaka det til aa vera ein Kaldgrinar med i Lage so vart han ikje spara, skal tru, men fekk alle Oddar mot seg, og antell fekk han gaa der som eit Utskuv, eller han maatte til aa „tute med dei Ulvom han budde med“.
Naar det lidde med Slaatten og Karane kom inn til Nons siste Slaattedagen, stod „Slaatt’grauten“ paa Borde so feit, at Feitte stod høgt over han i Fati, for han høyrde au med til dei gamle Takstom. So batt Karane Ljaa-Ambodi isamen med Brynstokk-Belti sine, lagde den vesle andre Føringi i Skreppo eller i Tullar, takka for seg og gjekk til-bygdar. Da stod eg altid att halvt hugsjuk paa Skut-Troppi — dei drog av med den Moroi og Gaman me hadde havt i mange Dagar og no visste me, at den beste Sumarstidi var fari.
Ja ryr er han høgste Sumaren —; lid so langt som til Larsuk veks ikje Hamni lenger, sa dei Gamle, og det Bile er det au slutt med den ljose Sumarnatti. Kvelden vert myrk so det lyt brennast paa Skorsteinen for aa sjaa aa kveldstelle. Ut etter siste Halvti av Maanaden kjem det jamnast den eine Dagen etter den andre med Stridregn og Gjætarane gaar lav-øyrde i Skogen, hukrar og frys og held seg under Treom. Og so ein Dag sist i Maanaden syner den fyrste gule Bjørki seg uppi Risbrothaugen. Det er Hausten som lagar seg paa og upp i Fjelle sendar han Fyribodine sine fyrst.
Det eine Haustmerki etter det andre syner seg og snart er det Hausten som raa’r og rikjer um Vere elles kan vera baade fint og varmt. For meg og Leikebroren min er det au som Hausten er komi yver Leiken vor og me finn ikje lenger den same Hugnaden, korkje i Fiskingi, eller det andre me foor med. Men Blaabæri er gjord i Skogen og staar stor og blaa etter alle Randar; ho gjev oss nokk aa gjera i mange Dagar til det kjem ei Helnatt, og gjerer kvass Ende paa all den ofselege Mengd med Bær, det sume Haustar kan vera i Høgdom.
Me er allt komne eit Otte-Daga ut i September og da har me aldri lang Beite aa bide, fyrr det kjem ei Kule med rasande Nordanvind som kann vara baade tri og fire Dagar. Og det er Gut som ikje sparar seg, naar han losnar for Aalvor. Han, au, har oftast ei Fyrebod, naar han etlar seg til aa byrje Leiken.
Det er hengje-graat med ei og annor kvit Regnyre umkring Høine; Kui kjem heim i tidlegaste Lage um Kvelden, sume Stadir kom ho fram aat Sætri att og lagde seg ved Høgstdagsleite. I Skymingi kom ein stor Øykjehop inn til Sætri og stod sette Bakendane inn til Kvehafella og seint um Kvelden regna det ei god Bløyte. Jau, um Morgonen etter kann det hende Nordanvinden var vakin! — kald og strid og sinnt.
Me høyrde han sleit i Dørom paa ein farleg Vis fyrr me stod upp i Dag tidleg, han brukte Kjeft ned igjenom Peispipa, dundra som ein Turk med Vats-Selen hekk ute paa Veggen, reiv og sleit i kvar laus Fjøl og Skide han fekk til aa lika paa seg. Da vi kom upp og fekk godt paa Peisen, byrja han aa ampast med Elden — best han prøvde aa draga baade Eld og Oske ende upp igjenom Pipa, slepte han seg stoms ned i Draghole so Røyken og Gneistane stod att-igjenom Stugo!
Og ute driv han paa, som han skulde ha Skaplag med aa leggje til Jordi kvar den Ting som stod tilvers. I Furuskogen tett med Sætri slost han med dei gamle, store Kraggfuruom, den eine Beita hardare hell den andre; ridom-til sleppte han deim og sette paa med dei unge og høge og tenkte, at dei skulde han antell knekke midt paa eller slite dei upp med Roti. Dei stod som Sprettebogar i verste Flogune og Trolle trudde Tid for Tid, at det skulde vera gjort med deim; men Furune, baade dei gamle og dei unge, var honom likevel forr seige. Med ein stygg Baul misste han Blaasten so det var ei lang Rid han ikje nøytte seg, so livna han til att meir og meir, øste seg upp verre og verre, gauv so paa Furune fyrst og foor sidan i rasande Kast avstad med Ul og Kvin og Pistring igjenom kvart eit Skot og Smog, so Bos og Flis og laus Jord stod som eit Driv fraa honom. Nordan-til etter Vatni heldt han au ein Leik som var reint fæl aa sjaa — han reid paa Brimhestom høge som Dalbakkar, braut dei til Grunds langt ut paa Grunna i Osen og dreiv dei tilslutt langt innetter Strandi so Spruten stod himilshøgt, og Naust og Fiskebuir var vaate uppunder Takskjegge.
Men er berre denne Rosu over kan det koma ein Ettersumar so god og fin med Himil so klaar og Sol so varm, at ein for ei snøgg Tid kan gløyme dei Haustmerki som til kvar Dag vert fleire og fleire. Ingor Tid er Fjelle venar hell i ein slik Ettersumar i September, Fjelle ber ein Prydnad av so bjerke og skiftande Litir, at det er som ein Draum. Bjørkelidine gullgule med ein Islaatt av myrkraudt Rognelauv, Fjelle og Flyine nærast ovanfor bjerk raudbrune med blaae og grøne Moserivillar, øvst uppe dei myrkblaae Toppane! Og ovanum allt ein djup-blaa Himil og ei Luft so klaar, at Fjelli ser ut til aa vera heilt i Nærleiken. Nede i Dalbotnen ligg dei blaasvarte Vatni stavstille og speglar Naturen med alle dei friske Litine, so klaart og livande, at det er mest Uraad aa sjaa Skile der sjølve Naturen sluttar og Bilæte byrjar.
Desse fagre Haustdagane set nytt Liv i den Sæterhugnaden og Fjelltrivnaden, som Bygdefolk har i Kroppen bori. Budeiune ber til aa ha Uppsetu og Kaffelag i ymse Sætrir um Kveldane — dei lyt ha lite Hugnad millom seg no, det lakkar med Sætermaanaden og minkar med Arbeide. Oftast kjem det so reint stoms og uventa upp ein og annan Ungguten fraa Bygdi og vert med i desse Uppsetom, detta vert no til enno meir Moro, maa vita, for hann veit no allt nytt, som er henda dernede i siste Tidom. I gamle Tidir gjekk gjerne slike Karar med ei Munnhorpe i Lumma, naar dei kom paa Stulen og da vart det Dans paa det ujemne Sætergolve, som mange Stadir var berre klaare Auren, og Springaren gjekk so Røyken fraa det digre Tyri-Eldsmaale stod attigjenom Stugo, kvar Gong dei vide Snørlivstakkane svinga um Aaren. No var Horpelæte aa kalle burtgløymt og so maatte antell Gjætarguten eller ei av Budeiom „hulle“ att-i Staden, ein lyt hjelpe seg med di ein har, og Dansen gjekk like friskt um det vanta Spell-Læti. Desse Uppsetukveldane var mangein Haust so hugnadsame, at dei var til aa liva paa heile lange Vintren etter. Men det kunde au trengjast aa ha noko kvike seg upp med dei lange, svarte Haustkveldane, naar Myrkne var so tjukt, at ein saag ikje Neven for Nosen. Dei, som hadde eit Stykke aa gaa gruvde seg for Heimvegen, og so tøygde dei Lage ut med Rodur og Leik, Mat og Drykk til Himilen bar til aa ljosne somykje til i Aust, at ein kunde sjaa aa finne heim att. Uppsetune rokk no elles ikje til stendugt dei, heller, og da gjekk Budeie og Gjætar tvoeine i Sele, dei lange Haustkveldane, med ei liti hugsaar Kjensle av Stille og Einsemd — dei skvatt i berre dei høyrde Kubjølla gav ein Klunk i Fjose eller ein uvand Lyd trengde inn i Stugo. Det er i slike Kveldar paa Seinhausten og i dei døkke Kveldar um Vaaren, at mange av Huldresogom har faatt Liv i den naturbundne Hugen.
Paa dei Sætrom dei brukte aa liggje um Vintren medan dei „gav upp“ Sæterhøye, fekk Budeiune „Mosefolk“ i dei siste Tidom av Sætermaanaden. For at det feite, gode Sæterhøye kunde rekkje somykje lenger, var det trengjande aa ha noko Vedfoor attaat og da var Mosen lettvind aa taka til, for Mosefjelle plaga no aldri liggje langt unda Sæterstulom, maa vita. Mosetakingi kunde vara baade ei Viku og tvo etter som „Mosefolke“ var hjelpa til og etter som Mengden av Mosehaugom, dei skulde taka, var stor til. Paa dei Gardom dei hadde store Bølingar, kunde dei sume Haustar taka 150 Mosehaugar, og med di vilde 3 Kara ha Arbeid i tvo Vikur. Vere kunde no au verta slikt sume Dagar, at det ikje var tenkje paa aa koma til-fjells naar det antell bles so det ikje gjekk for seg aa „setja“ Mosen, eller det kasta Snø i Fjelle.
Men desse Mosetakarane naar dei kom, dei sette Kveiken i det langsamde, stuslege Live paa Sætri no i dei stutte Haustdagom med dei lange, myrke Kveldom. Difor var det ein stor Hugnad aa faa deim i Huse, hjelp ikje det var grovt til Mas med aa faa deim tidsnok iveg um Morgonen, for dei vilde alltid vera ferdige til aa fara Klokka 4. Um det ikje alle Tidir var Ungdomar millom Mosetakarom til aa halde Leik og Gaman, so var det no underlegt med di, lell, eldre Folk di-hell kom stødt i slikt Godlag, naar dei kom upp paa Sætrine og til-fjells — dei vart som umskapte. Um det so var ein aldrug Mann som til daglegt nede i Bygdi gjekk med Hugsot, og var burtgjevin av Slite og Træle med aa føde Hopen, so du mest ikje høyrde eit lentugt Ord av hans Munn — kom han vel til-fjells og i god Gang med Mosetakingi, var det som Fjelle døyvde ned allt, som tyngde Hugen og klædde av honom alle Gnag og Plaagur. Han vart baade gladlynnd og lettvær og gjorde Moro og Gaman seint og tidlegt.
Mosetakingi er no au aa kalle eit Latmannsarbeid naar Vere er fint og Mosefjelle er godt; nyttar ein godt Morgonstundi kann Skaplage vera gjort so snøgt, at ein kjem ned paa Sætri att til Klokka er 1 eller 2 um Dagen. Og sidan er det ikje meire aa gjera, hell hogge Ved um Budeia trøng det, eller aa liggje kvile i Benkjom, fortelja Bygda-Nytt og morosamde Hende fraa gamle Tidir, eller slike ein sjøl har vore med i. Ikje er han til aa koma paa Umøli av den gode Sæterkosten til kvart Maal, heller, skal tru; er det ein Fiskebekk ikje allt forlangt undan, set Mosefolki dit med Log og Ljost um Kveldom og kjem att med Kokefisk til Huse, for det er just den Tidi no, at Fisken gaar som best. Difor liver dei eit heilt Fagnadliv baade Mosefolki og Budeiune disse Dagane, so lenge dei varar.
Heime brukte me ikje til vanlegt aa liggje Vinterlegu paa Sætri, men i dei fyrste Sekstiaarom var det tvo Vintrar etter ein annan me gjorde det, for aa faa meire Tad i den slitne Sæterkvei. Me lout no skjøyte med Mose, maa vita, og da Mosetakarane kom upp den fyrste Hausten fekk eg vera med i Mosefjelle um Dagane og vera „Mosefant“, eg au. Det var kleint Mosefjell aat vore Sætergrend so det var Taksti, aa taka berre 2 Haugar til Manns og enda kom me ikje paa Sætri att fyrr Klokka 3 um Dagen; for meg som ikje var gamlare Karen, var det ikje sett nokor Takst, men eg dreiv no med Moseriva det beste eg evla, eg au.
Vegen inn i Fjelle um Morgonen tok oss ikje lang Ridi og difor var me heller ikje ute so ofseleg tidlegt, me kom inn i Fjelle der me hadde Mosetake vaart um Lag Klokka 6 og dreiv so paa, skarpast me orka, i eitt Kjør til Klokka 10. I Solskin og Klaarver gjeld det um aa sleppe til me Arbeide so tidlegt fraa Morgonen, som det let seg gjera medan Mosen er sydden av Nattdoggi; lid det fram paa Dagen so Soli fær Magt, vert han so turr og ihopkropen, at han vert burte i Riva og ikje gaar det for seg paa skikkeleg Vis aa setja Haugane, heller. „Mosen er vand um Vere“, som dei segjer.
Det er eit Mid med allt og ei Konst med kva ein skal gjera, har dei gamle sagt og soleis er det med det Arbeide aa taka Mose, au. Disom ein heldt seg etter di, naar han kom i Fjelle, at Mose er Mose og at det difor berre var aa taka ihop allt, som hekk med Moseriva — ja da kom nok svint Budeia um Vintren til aa fortelja, at Krøturi „ikje vilde ha Mosen“. For det er so mange Slag Mose som Skinn paa ein Hare og Kui et korkje „Blaamose“, „Fjellnæver“ eller „Gulskinn“, ikje nemnande slikt som „Raumose“ og Jordtorvur som Vyrdesløysur ofte let følgje med i Riva. Det er „Kvitkaur“, „Krotomose“ og „Matmose“ Kui likar, og gjerne tek ho med den ferske Fjellkjørri, som jamt følgjer med der „Kvitkauren“ er friskast. Soleis lyt den, som vil taka god og „eteleg“ Mose, sjaa seg um so han ikje tek med av dei Moseslagi Kui vandar. Og naar ein har sanka samen Emne til ein dugande Mosehaug, eller Mosesaate, so er det ei heil Konst aa „setja“ han, for han lyt vera jemn og fast all igjenom og fin uttanpaa — vert han ujemn og klurut som eit Bustyvle, sig han av Lagi og vert skakk og skjeiv som ein Byting. Det er no eitt, men kjem so Haustvinden over slik ujemn, lurvute Mose som er kleint „sett“, so breider han Haugane utyvi Fjelle og det meste av Arbeide kann vera spillt. Men enno er det ikje nokk med aa „setja“ Mosen godt, heller, det lyt veljast Stødi aat honom, au — helst skal han staa paa eit Ris um det let seg gjera, for vert han sett i Dekk og Dalar eller Hallingar der Snøen fær Tak til aa leggje seg i Fonnir, driv han ned soleis, at Kjørekaren som skal taka han att um Vintren, lyt moke han upp som utur ein djup Kjellar for kvar Haug.
Det er eit hugnadsamt Arbeid aa taka Mose ein Godversdag i Høgfjelle, den lette Fjell-Lufti gjer heile Kroppen som ei Staalfjør og Arbeide gaar som av seg sjøl. Naar Kviletidi kjem er det aa finne seg ein livin Solhall og hogge paa Nista — ein er aldri so mat-tidig som i Mosefjelle og eg, tessmeir, som ikje var halv Kar enno, kunde greie ei nybaka Lefse med Blandasmør[7] til, naar me kvilte. Etter Maten tok me oss ei god Kvild, naar det ikje just braadde paa med aa byrje med Settingi for Turrvere Skuld. Me let Soli baka oss og laag paa den mjuke Mosesengi og saag ut-yvi Jotunfjelli som me hadde midt for oss med dei høgste Toppom uppi den reine, klaare Haustlufti. Der laag dei i ei lang Rad etter ein annan: Glitretinden, Leirhøi, Memurutindane og Hestlegahøine, Nautgardstinden og Stornubben; attan-for reis Besshøi, Knutshulstinden og Kalvaahøgde i Vere, myrk-blaae med drivkvite Bredar som glima i Solskine. Jotunheimen er alltid fager ein solklaar Dag men aller fagrast ein Septemberdag, da er Tindane blaa-ast og Bredane kvitast medan dei vide Flyine ligg der myrk-brune. Og heile „Heimen“ kjem deg so nære i den klaare Haustlufti, at det ser ut til aa vera nokre Steinkast buri dei høgste Toppane. Kvar ein egte Døl finn stor Hugnad i ei slik Utsyn yvi Fjell og Viddir og sannar av innaste Hjarta dei Ordi, at „dei gamle Nutane, dei gjera Hugen glad“.
Naar Karane hadde „teki Haugane sine“ var det siste dei gjorde aa „spita“ deim: dei sette ei lang Trespildre i Ryggen paa kvar, antell med Namne aat Eigarmannen eller med Bumerke som høyrde Garden til fraa gamle Tidir. Det var for, at Kjørekaren ikje skulde taka imist av Mosen um Vintren, for det er jemnan fleire Gardar kann ha Mosen sin nære ihop, og so for, at Spite kann vise kvar Haugen staar, um han skulde drive ned med Snø i ei Uverskule fyrst paa Vintren. Klokka fram mot 4 kom me heim paa Sætri att og aat Non og da var det ikje anna taka seg fyre hell aa trøyte Tidi med di, som fyrst baud seg fram.
Den eine av Mosefolki var ein midalders Mann som hadde prøvt noko av kvart gjenom Tidi, ein dugande og paalitande Arbeidskar, vel lika av alle han kom i Lag med. Han var ein lentug Kar og hadde godt Tag til aa fortelja. Ein Kveld medan han laag i Benken ved Peisen med Tobakspipa i Munnen, fortalde han um, da han og „Haugjin“ laag i Stuttgongen paa Mosetaking, ein Haust for lang Tid sidan.
„Ja bi no til eg fær tenkt etter, kor lenge det er sidan — jau det var Hausten etter me hadde timbra Stallen paa Sygard og da vert det jamnt 32 Aar sidan. Me var berre tvo i Mosetakingi, eg og Haugjin, og difor hadde me yrkt Arbeid i fjortan Dagar. Vere var overlag godt det meste av Tidi og dreiv paa gjorde me som Karar; han var no ein radfør Arbeidskar til allt, Haugjin, eg veit han sprengde meg mest sund til kvar Morgon naar me gjekk upp i Fjelle, for han var so urimeleg lett paa Foten og før til aa gaa. Kvar Dag greidde me Skaplage vort til Høgstdag og kom ned i Sætri att Klokka 1.
Haugjin var leiken og foor stødt og gjorde Moro, men vart han sjøl ute for eit godt Strøk for Moro Skuld, kunde det godt hende seg, at han tok det ille upp og vart tykkin. Noko framfos, beinkjørd og fjaasen var han au — og so urimeleg til aa misstala seg, han hadde liksom ikje Stundir til aa tenkje fyrr han tala, maa vita. Budeia paa Sætri var ei ung, gladvær Jente i sine beste Jenteaar og Gjætarjenta ei stor Rugge som hadde staat paa Golve um Vaaren. Desse tvo sturde ikje, skal eg tru, og me visste ikje Orde av um Dagane, fyrr dei var ute med Spel og Fantestrøk med oss til kvar Eid og Stund. No slog ikje nokon av oss imot ei god Moro, men stødt naar Haugjin skulde sleppe seg laus, visste han aldri aa raame Maaten, det vart baade ufelli og uveglegt for honom med Leiken, jemnast, og so banna han so reint vedonderlegt, naar Jentune hadde gjort honom eit godt Fantestykke.
Ein Morgon medsame me tok til-fjells og Haugjin slengde Skreppa paa Ryggen, var ho so urimeleg tung — me skifta elles med aa bera Skreppa kvar vaar Dag, maa vita. „Men er det rett paa Ferd med Skreppa idag, tru? ho er so kleppande tung — eg skal mest vaage dykk har lagt ned-i noko Fa’nsty aat oss, no!“ sa han til Budeia. „Nei no skuldar du imisst, men eg kinna igaar og so lagde eg Smørøskja dyrande full — det var fulla gale au, det, men eg kom ikje paa tenkje etter, at ho vart tung aa bera, ser du. Eg fær skjera av noko att, um du vil?“ „Aa aldri det! me er no ikje so laake Karar, at me ikje orkar aa bera Nista vor, lell,“ meinte Haugjin og klembde iveg som eit sterkt Ver. Men tung var nok Skreppa saag det ut til, for han var so sveit at det eima av honom, da me kom uppi Fjelle. Da me kvilte og han heldt paa aa reide upp Nista, viste eg ikje Orde av fyrr han skreik upp: „jau, Dj. rive, var det ikje det eg tvilte um, eg!“ og so kom han upp med ein diger Graastein, ja eg lyg ikje at han va over Halv-Punde[8]. „Ja dei Djevlane skal faa det maanljost berre eg naar i deim att, retno.“ Han var so arg over dette Spike, at han var uppe tvo Gongar medan me aat og kasta Steinen lenger burtyvi Fjelle for kvar Gong — „fordømte Gasti, du!“ sa han.
Budeia ho hadde Joli si ho, maa vita, da me kom ned att, og ho log meir di meir Haugjin engla og banna. Da me hadde ete None lagde me oss paa kvar vor Benk og somna; best det var vakna eg av di eg fekk kjenne noko strauk meg nedyvi Kinni, og da eg glytta upp, var det Gjætarjenta som hadde sota baae Lovane sine inn i Peisen og no maala fyrst meg og sidan Haugjin. Eg let det berre skure og han Ola vaknad ikje fyrr um ei lang Stund etter. Jentune kunde ikje berge seg for Laatt, kan dykk vita, naar dei gjekk ut og inn med Husstelle sitt og saag dei fæle Talskivune vore.
Rett som det var vakna Haugjin, sette seg upp i Benken, retta Lemine sine og gjeispa: „aha — a uh! vakne no Gut! no har desse tvo Meggune noko i Gjerdom att, kva Fa’n det kan vera, dei held paa aa rivne av Laatt, høyrer eg.) Med di same fekk han sjaa kor svart eg var: „men, du store Tid og all Landsens Vedonder, korleis du ser ut! ha — ha — ha! du er svartar hell Pannkakuhella fram i Omnen!“ Dimed tok han seg yvi Munnen og fekk sjaa, kor svarte Fingri vart etter. „Aa, Fa’n turke! — ja no skal Herke paa Garden so det har Lag! — kom Gut skal me døra deim, og gjerer ikje du Sælbot paa deim, skal dei faa liggje paa fri Gard inatt, Tyrase!“
Jentune kom paa Garden, maa vita, og me hekta paa Kasthaken inn-vendes paa Døri; so kosta me paa oss ein dugeleg Saapevask og lagde grepa paa Skorsteinen for aa ha det ljost og hugnadlegt i Stugo no, i Skymingi, medan me raadde aaleine i Huse. Me sette oss paa kvar vor Side av Peisen, sette Beini uppi Aaren og byrja aa røde um laust og fast; men so bar det til aa ruke inn so ustyggeleg, at det var berre so Røyken valt undan Brunsteinom. „Aa, Gud fri oss for ein Røyk her er!“ sa Haugjin, reiste seg og gjekk burti Døri for aa setja paa ho ein liten Glott. Men — Døri var stengd utan-fraa. „Nei, nei — enn har ikje dei arme Beisti hengt Hengjelaase att-for, og Dj. annamme meg, skal du ikje sjaa dei har brøkja seg upp paa Take og tetta att Omnspipa! — ja, er dei no farne burti hi Sætri, so jaggu røykjer dei spennt Live utor oss!“ Og, det skal vera baade visst og sannt, det vart lite av Moro for oss —: Røyken auka paa og volt fram so stinn, at me saag ikje ein annan um lite; og der stod me. Forseint var det aa sløkkje Elden no, Huse var fullt med Røyk, og Vindauga hadde ikje Gong so de var ingor Opning aa faa. Det bar til aa verta Uraad aa draga Andi og likeeins aa halde Augo opne — me hosta ikapp, bar oss ille og ropte paa Jentune, at var dei i Nærleiken, so fekk dei gjera vel aa sleppe oss ut. „Aa Gud Fader — øhø, øhø, øhø — for uvyrdne Fyrkjur — øhø — dette fær gaa — øhø — øhø — øhø — paa Live det,“ hosta Haugjin fram. Nei, da høyrde me ein inderleg god Laatt uttanfor — Trolli stod tvikrokute og høyrde paa Jammeren vor og dei slepte oss ut av Røyken etter me hadde lova ut, ikje aa gjera dei noko til Straff.“
Med slike Rødur gjekk Eftnane, naar Mosefolke sat eller laag i Sæterstugo og maka seg etter den stutte Arbeidsdagen i Fjelle; kvar skjøytte med ein Stubb og Timane gjekk so svinnt, at Sengetidi kom fyrr nokon ynskte det.
Grasdekkine og Slaagaane burt under Høom vert brune og Myrine graae, Bjørki som var so levandes gul ei Tid, ber au til aa graane. Ei og annor Natt er so kald, at Hela ligg kvit um Morgonen — Hamni vert endin og Mjolki dett utor Kyrne. So slepp dei inn paa Kvei for aa „hamne av“ den siste Viko; heime paa Garden har dei no faatt undan Loi og gjort Jorde ryddigt og med di kjem Bufordagen paa eine Sætri etter den andre, dei siste Dagane i Maanaden. Fraa Bygdi kjem Karar med Kløvøykir for aa kjøre heim Sumardraatten og den andre Føringi, Budeiune arbeider paa harde Sprengen med aa kinne siste Rømmen og yste Buforosten av siste Mjolkemaali, vaske og fjelge Koppar og Kjøreld so dei staar reine og goddembde til aa taka att for den, som fær Stelle til ein annan Sumar. Ein dugande Buforgraut kjem paa Borde og naar den er etin, vert Øykine kløvja, Budeia tek Mjølkebytta paa Armen, slepper Bølingen gjenom Kve-Grindi og lokkar ein Kulokk som svarar uppi Haugen. Ho snur seg og tek eit Utsyn yvi Sætergrendi og heile Sæterdalen med Vatnom, Skogen og Fjelli — ser langt paa den solbrende Sæterstugo med det tjukke, gulbrune Grase paa Take.
Karane „set Laas for Sæterdør“ og so gaar Ferdi „med Smør og Bøling heim“. Sætri ligg att der so sturin og graa og einsleg — allt er vorte so graat dei siste Dagane, um det so er Kvehafellune, so er dei graaare hell fyrr: det er Seinhaust i Fjelle vorte no og Folk og Fe er glade dei „slepp aat Bygden ned“.
- ↑ Nautband-Spenning: Spenningar av Vidjur; Halsband av Jarn var den Tidi lite i Bruk komi og aldri paa Sætrom.
- ↑ hovols-vundne: som er vundne i Hovollen; Vidjur som var „vinter-vundne“ (vundne i Vintertidi) var sterkare, men ikje so fine.
- ↑ Meisvidjur: fine Vidjur til aa vøle Kløvmeisar med.
- ↑ Syskinbyte, naar Syskin held Byte (Erveskifte) av Lausøyre.
- ↑ Røllik (Rylk): Achillea Millefolium.
- ↑ Blaa-Eksing: fint Aksgras med blaa-graae Aks.
- ↑ Blandasmør: ei Røre av fersk, sundknadd Sur-Kjuke og søt Mjølk med sur Rømme.
- ↑ Halv-Pund: 1⁄2 Bismarpund = 3 Kg.