I Heimegrendi/7
„Almuevennen“.
Fyri 1865 var det ikje eit einaste Hus i Heimegrendi som „heldt Bladi“; Presten og største Gardmannen i Grannegrendi heldt „Morgenbladet“ tilsamen, men imillom dei tvo og den næraste „Bladmannen“ nedetter Dalen var det ei lang gamall Mil. Medan „Trane-Blade“ gjekk hadde han Bestefar halde deim for Moro Skuld og det laag enno att ein heil Aargang heime av deim. Eg saag meir hell ein Gong paa dei stygge Bilæti og Bladi sjølve var so slitne, at dei var i ei Fille vorti; andre Blad hadde eg enno ikje set for Augom.
Vintren 63 og 64 grasserte den „trondemske Halsesjuka“ fælt i Bygdi; Doktar var det ikje nærar ved hell paa Lom og difor fall det av ein Mengde Born og mange, som drog seg til att, fekk Mein etter for heile Live. Tvo Systkin i ein av Grannegardom heime og som eg gjekk samen med paa Skulen Vintren fyrr, dø i Halssjuka og eg fekk vera med Mor i Likferdi etter deim. Da Gravølsfolke kom attende fraa Kyrkjeferdi um Eftan, hadde Per Haugom laant med seg ein heil Grip med „Almuevennar“ og „Adresseblad“ hjaa ein Maagen sin i Vaagaamo, for aa ha noko aa trøyte Tidi med i Lage um det skulde trøngast. Dei hadde alltid slik Lesehug dei Pillarvik-Karane[1]. Denna samen-neste Bladgripen fekk eg Tak i, medan han var ledig ei Stund, og noko meir forvitnelegt kunde eg ikje raaka fram-i — eg minnest det enno som det skulde henda i Gaar. Det var no Bilæti eg tykte forrmest um og det var sers tvaug av deim som beit seg vel fast, so dei sette seg i Minne for alle Dagar. Det eine var av ein Smaagut i Sveits som skulde leide ein Kalv fraa Sætri ned i Dalen etter ein trong, bratt Fjellstig. Paa Ferdi skapte Kalven seg galin og sette paa gjera Braakast nedetter; best det var foor baade Gut og Kalv lukt ut yvi Hoggbergi, og fanst att livlause, djupt ned-i Avgrunnen. Bilæte skulde syne deim medan dei datt i lause Vere. Andre Bilæte var av tvo Mordarar, ein Tysk heitte Pris og ein Danske Simonsen; disse tvo hadde um Hausten teki Live av ein Fe-Kar som var inne i Kristiania, teki dei Pengane han hadde og kasta Like i Bjorviki. Attaat desse stod det i eitt av „Adressebladom“ ei Melling fraa Heimbygdi, au! — enda det var ei uhugleg Melling, berre, for det var au um ein Mordar og som vart retta paa Gjerningstaden Sumaren etter. Men det var noko sers ved dette for meg, aa sjaa nemnt Bygdi vor eigi paa Prent — dei visste da all Ting, Jordi rundt, derinne i „Kristian“, lel! Aa, den som kunde vori saa velfarin, aa havt „Almuevennen“ og „Adressebladet“ til kvar Tid!
Nokre Vikur fyri dette Gravøle kom det ein ung Timbermerkjar i Huse aat oss fraa ein Kjøpmann paa Vetlhamar; Kjøpmannen hadde Skogdrivt paa mange Stadir i Bygdi, og denne unge Driftshusbonden skulde bu heime for aa styre den Timberdrivti, som var der i Nærleiken. Han hadde enda Handel paa Garden med Sukker, Kaffe og Tobak, Flesk, Ler, Leret og andre Ting som Timberarbeidarane trongde. Denne Mannen fekk høyre eg tala um kor gjild eg tykte „Almuevennen“ var, og sjøl sakna han visst au Bladi i Huse, for han var nok van med aa lesa dei, hann. Jau, da var det ein Kveld han bar til aa telja han Far til aa løyse Bladi for eit Halvaar; Far vilde ha Rett att for den Kostnaden, gat han um — fyrst vilde han no sjøl ha stor Moro og Hugnad av dei um Helgedagane og i dei lange Kveldsetom, „det er rart aa sjaa kva som henda ute i Verdi, ser du, baade innanlands og utanlands“. Og so vilde Bladi vera til stor Gagn for meg som no gjekk i Skulen og stræva med Boki, eg vilde faa baade Kundskap og Lesehug av deim, sa Merkjaren. Det var kannhende noko i dessa, svara Far og so vart det soleis, at naar Merkjaren kom nordi Vaagaamo til Posthuse ein av dei fyrste Dagom, so skulde han skrive etter „Almuevennen“ for eit halvt Aar. Eg sat med Hjarta i Halsen og høyrde paa Røda deira og eg trudde mest ikje det var sannt, at Endelykti vart so god — han var god til aa tala det til, Merkjaren. Men eg tenkjer det var mest for mine Skuld Far tinga Bladi, sjøl venta han visst ikje han skulde vorte so idug til aa lesa deim, som han vart vonoms fyrr.
Paa denne Gjerdi gjekk det til, at „Almuevennen“ kom tilhusane heime, og da fyrste Bladsendingi kom ut i November eit Bil, var det for meg som Joli sjøl hadde komi med same. Og ein Merkingsdag var det au paa sin Vis, for det var den fyrste Avisa, som fann Vegen inn i Grendi. Heime vart „Almuevennen“ ein kjærkomin Gjest fraa fyrste Stundi; det gjekk ikje lang Tidi fyrr Far fann Glasaugo sine og las i Bladom kvar ledig Stund um Dagane, um det so var naar han kurra Maten. Det var no dei nye Hendingane, maa vita, som drog mest til aa byrje med, for det var ikje stort til Strid um Politikken den Tidi. Den einaste, som let so at han tykte Bladi var ei Faanytte, var Gamle-Per, „han gav ein Fa’n i deim“ sa han og gat um, at meir hell det halve i dei var Lygn og „Studenter-Rim“. Difor heldt han seg til Alnakka, hann, og granska Aspektarane, Maaneskifte og Verspaadomane, ho spaadde Ver Alnakka enno. Men elles saag eg Per au hadde Bladi i Hendom av og til, saag paa Bilæti og freista lesa, men det vilde ikje gaa, for Kaste var, han hadde mest aa kalle ikje lært aa lesa inn-i-bok da han voks upp. Kvinnfolki let au um, at det saag ut til, at Bladi kom til aa avlaga heile Huse, men fann eg noko nytt eg tenkte kunde kleie i Øyrom og las høgt um Kveldane, so stadna baade Rokken og Kardane og kvart Ord vart motteki og gjøymt, dei gløymde aa sjaa misstrugne ut di-hell. Etterpaa kunde dei nok segja, at der kom eg med ei god „Ljugar-Histori“ att, men Hugnad i det tykte dei det var, det saag eg.
Dei hadde store Hendingar aa bera Mellingar um Bladi au, den Vintren, stødt og stendigt. I Danmark rasa Krigen med Prøissen og Austrik, og fraa denne Striden for Live som det vetle Lande heldt mot Yvi-Velde, var det Bilæti i mest kvart einaste Nommer: fraa Skandsom ved Dybbøl og Striden ved Sønderborg, av Byir som vart skotne i Brand og av dei øvste Herførarom paa baae Sidur. Heile Grendi fylgde med og hadde Medhug med Danskom. Det gjekk no Ord um det au, at kanhende vore eigne Sylatere kom til aa faa helse paa Tysken naar det leid til Sumars, og dei, som hadde Kongens Karar i Huslyden, gjekk og bar Otte paa seg og bad ofte til Gud, at Krigen maatte verta slutt. Berre eg møtte ei Grendsmenneskje i Vegen spurde ho um me, „som heldt Bladi“, saag, um det var likt til aa verta Fred snart. So Folk fylgde med i Krigshendingom, den Gangen au; det gjekk enda ei Vise i Bygdi um Krigen som alle yngre Folk song, naar dei kom samen, og paa Skulen song me med den Visa i kvar Fritime. Ho lydde so:
Kong Wilhelm den Første han sidder i Berlin
med tusen mange Tanker udi sit Hjerneskrin —
han raaber Bismark ind: vi fluks maa gjøre Vind,
Kong Christian af Danmark skal plyndres til sit Skind!
vi maa sende Preussens Magt udi Danmark paa Jagt
thi han glemmer Aaget som vi af Guds Naade har paalagt.
Danmark skal angribes tillands og tilvands!
det er nu besluttet med Østrigs Keiser Frans;
dets Frihed er en Pest og derfor er det bedst
at vi rydde det af Jorden — faar Norden saa tilrest!
vi skal spidde dem som Mus, lægge Kjøbenhavn i Grus
og siden tar vi Stockholm, Kaholm og Akershus!
De dundrende Kanoner og Trommerne de gaa
mens Ildebranden skinner mod Nattehimmel blaa,
og i en blodig Sky henover Land og By
staar Krigens Sverd at skue paa Morgenhimmel ny —
det tapre Fædreland ved Østersjøens Rand
nu trampes paa af Fienden saa talrige som Sand.
Og hundre tusen Tysker og hundre Tusen til
de tramper over Eideren til Krigens grumme Spil;
den Preussergeneral han skreg som han var gal:
jeg endnu Wrangel hedder, her er min gamle Val!
Hug ned den danske Hund, tag fra ham Bælt og Sund!
vi Tysker vil ha Slesvig og Jylland for vor Mund!
Pust lidt i Bakken, Tysker, endnu er ei Krigen endt,
vi haaber at du snarligen skal faa din Næse brændt!
Der find’s vel flere Mand i Nord, som skal staa paa Danmarks Jord,
skal det din Afsked være, at tale slige Ord.
Hug ned den tyske Hund som vil rane vore Sund,
og send den tyske Flaade paa et Tog til Havsens Bund!
Betænk, du tyske Praler, du er vist altfor tryg:
Napoleon man frygter staar færdig bag din Ryg;
Wrangel og von Gablenz[2] kan skride over Grends
at jage nogle Dage den tapre lille Jens —
men om en føie Tid kan Riset færdigt bli:
Rygstykkerne paa Tyskerne skal komme til at svi!
Fremad I norske Gutter, fremad I Gossar blaa!
Kong Carl skal selv os føre, da vil vi Seier faa;
Lord Russels[3] Pennestik vil ikke holde Stik
til Wrangels range Hoved at sætte udi Skik —
derfor vi, Per og Paal, med norske Jern og Staal
maa hjælpe Jens af Vekselen hans Pukler tage maa.
Hurra for Nordens Frihed! Hurra for Nordens Mø!
for dem saa vil vi kjæmpe, ja seire eller dø!
Hurra for skarpe Sverd, for Kamp og Herreferd!
Hurra for den som viser hvad Tyranni er værd!
Hurra for Friheds Tolk, for Kongen og hans Folk!
Hurra for tyske Pukler og den som gir dem Svolk!
Og i Amerika der dreiv dei enno med Borgarkrigen, so det lagdes til, at det var Krig og Mellingar um Krig kvar Gong Bladi kom. Det var reint underlegt, var det, med desse Bladom, det var liksom dei med eitt skulde fløtt Grendi hundrede Mil nærar den store Verdi og fløtt Høbrunine, so heile Grendi vart vidare.
For meg var no Bladi ei stor Visdomskjelde, maa vita, fyrst og framst; men det var ikje nokk med di — da det leid so eg fekk eit grepa Upplag av deim, vart „Almuevennen“ ei gjæv vare paa Skulen og for eit Nommer med eit gjildt Bilæte, kunde eg faa falt mest kva det var Kameratane mine gjekk med av Dyrgrip i Lumma. Soleis var det paa fleire Maatar eg hadde Glede og Gagn av Bladom, men det meste var no likevel, at dei fyllte meir hell eitt tomt Hol som ikje Skulen, slik som han da var, orka aa fylle — dei vart for mange fleir hell meg til ein Umfram-Skule, liksom, og dei gjekk ikje ein annan i Vegen.
Men ein einaste Gong volda „Almuevennen“ at eg skulka fraa Skulen ein Dag. Det var ein bitande kald Morgon i Midten av Januar 1864 eg stod paa Golve med Skreppa paa Ryggen, ferdig til aa leggje iveg. Gjenom Høgsetglase saag eg ein Høykjørar fraa Lalm kasta seg av Sleden ute paa Isen, og kom uppi Garden med „Almuevennen“ i Handi. Eg møtte Mannen paa Dørhella og tok imot; eg tenkte gaatt inn med dei og lagt deim fraa meg, men eg kunde da sjaa paa Bilæte fyrst, det tok ikje lenger Ridi, det. „Adressebladet“ laag ytst og da eg reiv av Sveipe, fall Augo mine paa „Fredrik den 7des Ligbegjængelse“ og fyrr eg sjøl visste um det, hadde eg lese eit Stykke — jau det hadde nok vori mykje til Likferd dei hadde haldi, lel. — — — „Kl. 12 samledes paa Kristiansborgs Slot det tilsagte Følge paa en lav, sort betrukket Fod med Sølvfryndser stod den gule Egekiste med sine smagfulde Bronseprydelser, smykket ved Hovedenden med de danske Kvinders Egekrans af Guld paa en hvid Silkepude og omgivet af større og mindre Sølvlysestager. Ved hvert Hjørne af Kisten stod en af de fire Kammerjunkere, som i Prosessionen skulde bære Hjørnerne af Ligklædet. — — — — Prosessionen aabnedes af Garden tilhest — — — — den kgl. Ligvogn trukken af 8 sort tildækkede Heste — — —. Ligvognen var betrukken med sort Fløiel og bar en Baldakin, indvendig betrukken med hvid Atlask — — —“, nei, dette vart grummare og grummare til lenger eg kom, og eg kjende meg som tvinga til aa vera med i Likferdi til-endes. Det vart ein kvass men stutt Strid millom Likferdi og Skulen, med Sko-Renna paa Nerli-Hølen og alle Leikbrørne mine, og Likferdi vann: eg gjekk inn att og kjærde meg for, at eg fekk so tverrende illt i Hovude, at eg laut lata Skulen vera og leggje meg. Og lagde meg gjorde eg, men eg laag og las um ong Fredrik den 7des Ligbegjængelse so eg mest fekk Taaror i Augo. Det var baade fyrste og siste Gongen eg fanta meg fraa Skulen, men so fall det ikje paa med fleire slike Likferdir, heller.
„Almuevennen“ og „Adressebladet“ vart verande heime i 7 Aar i Rad og hadde med seg mangei Hugnadstund; han kom som med ein Solglytt yvi det einslungne Live, kvar Gong han kom farande, og baud oss eit Byte paa i det daglege, skifteslause Traakke. Men det var ikje saa endefram aa faa Post til-husane i Grendi da, som det sidan er vorti. „Almuevennen“ kom no berre ein Gong for Vika og Posten kom hellerikje oftare inn i Bygdi; men for oss som budde halvannor gamall Mil fraa Posthuse, var det aa faa Bladi med Sendehøve og Aatleidir som fall, og da var det godt og vel naar me fekk deim so ein Gong kvart Fjortan-Dagar. Jemt saag dei ikje just fjelge ut etter Rekingi manna-millom heller, naar dei til Slutt naadde fram. Um Lintren var det ofte Morka-Kjørarar som bar med seg Bladi vore, og meir hell ein Gong stod eg og glande nordetter Isen, um det ikje skulde koma ein Høykjørar eller Vedkjørar med deim.
Den, som ikje sjøl har upplivt det, har ikje no lett for aa skjøne kor mykje godt gamle Christian Johnsen gjorde med Blade sit uppi dei avstengde Fjellbygdom; han var ein Saamann som fortener ærleg ikje aa verta gløymd millom det norske Bondefolke. Med Bladom sine, Tillegsbøkom og andre Bøker han gav ut, spreidde han meire Kunnskapar og Upplysning ut yvi Lande, hell dei fleste har tenkt seg, for han hadde eit sers Næme til aa skrive greit og skjønelegt for Bondefolk. Christian Johnsen var ein Reidningsmann som har vore med aa brøytt upp Veg for dei Framstig, som er gjorde i den siste Mannsaldren. Og det skal Mannen ha Ære og Vyrdnad for i si Grav.
- ↑ Pillarvik-Karane, paa Garden Pillarviken; ein av deim var Hans Hanssen Skulmestar og Eventyrforteljar, Treskjerar og ein framifraa gaaverik Mann. Sjaa P. Botten-Hansen i „Illustr. Nyhedsblad“ No. 18, 1863.
- ↑ Wrangel og von Gablentz, Overgeneralar yvi den prøissiske og austrigske Hermagti.
- ↑ Lord Russel, britisk Fyrsteministar.