Hopp til innhold

I Heimegrendi/6

Fra Wikikilden
H. Aschehoug & Co. (W. Nygaard) (s. 94112).

Skulen.

Kvar Vinter naar det lidde yvi Helgumess-Leite, eller noko lenger fram sume Gongar, kom Skulen i Grendi og var i nokre Dagar i kvar Gard, etter som Garden hadde Skyldi til. Heime hadde me han i 4 Dagar og solenge dei vara hadde eg Joli mi eg, au, for da vanta det korkje paa Leik eller Leikebrør, maa vita. Til andre Tidir var det smaatt um dei Slagi for meg. Difor vart det liksom ein Høgtidskveld i Huse, naar han Knut Skulmestar ein Eftan kom inn i Stugo med den store, brune Lerskreppa si, helsa og takka for seinast.

Han Knut, „Skulin“, som alle Borni kalla han stødt, var ein tyleg Kar, baangod og godvorin, lentug og gamanfull. Han var av deim, som „Prosten“ — H. P. S. Krag — lærde upp og da han gjekk paa Skula hjaa honom, var han ein av dei lettnemaste, og Skulmestar vart han, da han var 18 Aar gamal. Hadde han raadt seg som han sjøl hadde vilja, hadde han nok gaat inn paa eit Seminar, men det var no baade Kostnaden og andre Ting som var i Vegen for di, det var ikje endefram aa koma paa Skule for ein Husmannsson i dei Tidom. Men med den Upplæringi han hadde, vanta det ikje honom Knut paa Kunnskapar og det var Fysst-Lag det var meir hell ein av dei heimlærde Skulmestarom i heile Bygdi, som naadde honom korkje i Gaavor eller Dug. Han las mykje og stræva etter aa følgje med Tidom paa eigi Hand og dei Borni, som ha bergelegt Næme og gjekk stødugt med i Skulen hjaa honom, kom godt paa Vegen. Dei lærde baade aa skrive og rekne og fekk vita noko baade utor Landkunna og Sogo. Og so sette han Girn i deim til aa lesa aa sanke seg Kunnskapar; Mannen var skapt for Yrki sine.

Ingen Bonde i heile Bygde hadde lese so mykje som han Knut og Lesarhugen hans tok aldri Ende. Sporde han upp ei Bok, som han ikje hadde lesi fyrr, laut han faa Tak i henne um det var aldri so strævsamt. Men elles var han Knut so god Kvardags-Kar au, som nokon kunde vera, og var hendt baade med Øks og Kniv. Far hans var Husmann, og da han Knut gifta seg og tok Plassen, spara han Husleiga paa Garden og stod med baade i Vaaronni og Slaattonni og kva Arbeid som fall, naar han ikje hadde Skulen paa seg.

Den Tidi det her mellest um, var han ein Mann paa 40 Aar og hadde allt da vore i Tenesti i 22 Aar; soleis var han vel kjend med baade Unge og Gamle i Grendom og velkomin au, alle Stadine. Difor sette det Liv i heile Grendi naar „Skulin“ kom — dei Unge, som hadde vore i Skule hjaa honom hadde Hugnad av aa raaka han, og dei Gamle vilde au gjenne sjaa han i Huse — han kunde skapa ei Hugnadstund naar han kom innum ein Kveld, han Knut. For han gjorde baade song og fortalde og visste kva som ha henda i Verdi, baade i dei gamle Tidir og dei nye. Han las Bladi au, „Skulin“, maa vita. Kvar Gong han kom med Skulen burti ein av Fjordungom i Skulekrinsen sin, vart han difor bedin i Gjest millom Gardom, og det vart den eine Uppseta og det eine Kaffelage etter det andre um Kveldane, til stor Gaman i lange Tidir etterpaa.

No var han da ute og foor att. Det hadde vori Slagtardag heime, da „Skulin“ kom tilhusane um Eftan; Kvinnfolki dreiv som eit sterkt Ver att og fram millom Stugo og Eldhuse med uppbrette Ermer og uppstytte Stakkar. Inne i Stugo sat han Far og gjurde Fjosbyttur og Flis og Kaarar gjekk langt upp paa Leggine, det var dugeleg urydigt i Huse, da Knut kom med Skreppa si i Døri.

„Nei kjem du no til Gards med Skulen, Knut, so veit eg ikje korleis det kjem til aa gaa med deg,“ sa Far, „her drivst det som paa eit Verk, og eg ottast av, at det vert ymse baade med Hus og Mat.“ „Aa eg tenkjer det lagar seg, eg, er det ikje rart paa Ferd — eg er vand med lite av kvart, der eg fer, og du skulde sjaa eg lyt blatte meg igjenom paa mange Gjerdine,“ svara han og sette seg paa Stolen ho Mor fann aat honom. Eg gjorde meg so berrsynleg eg kunde for aa koma i Lag med honom — jau han vart da var meg, mest strakst, og kytte av, at det var grovt kor eg hadde skote i Vere sidan sist han saag meg. Medan han karva i Pipa, gat han um, at no heldt eg paa aa verte so stor, at eg laut til aa tenkje paa Boki, og med di var han burti den store Skreppa og leitte fram ei ny Schjønheyder-Abce og gav meg, „naar eg kjem att ein annan Haust, skal du sjaa me fær Bruk for henne,“ sa han. Men den, som ikje kjærde seg mykje um den Gaava, var eg; det foor kaldt ned yvi meg, for baade den vetle Boki og Lesnaden baud meg hardleg imot. Eg hadde nok set korleis „Abc-Kongane“ hadde det i Skulen: der sat dei for seg sjølve i ei Kraa med lange Bokpinnar og stauka og stræva med aa lære, kva alle dessa Bokstavane heitte. Aa vera med i det Lage — nei, takke meg til aa gjæte Kalvom ein heil Dag eller bera inn all den Veden, han Gamle-Per høgg i Vinter. Eg tykte ikje „Skulin“ var so tyleg no, lenger, som han hadde vori, ikje da han seinar paa Kvelden fortalde meg om Trolli paa Heidalsskogen og Blankenborg-Veslegutane, dihell. Han fekk ikje eingong att den fyrre Tya si, da han attpaa song „Huldre og han Ellan“ aat meg og let meg faa sjaa paa alle Bilæti i Berlins Naturlære.

I den lange Kveldsetu tok Knut og Far seg fyrst forr med, aa rite upp paa ei Steintavle Smøygingane paa ein Grimstol: Far skulde leggje seg nye Tog-Grimur og no vilde Karane finne ut Konsti med alle Smøygom i Hugulage — dei hadde elles ein gamal Grimstol aa sjaa etter. Det vart eit heilt Hugubrot fyrr dei fann rette Uppkaste, men dei gav seg ikje fyrr Knuten var løyst. Etter dei var ferdige med dette Stræve, maatte Far gaa paa Staburslofte etter ein heil Dusk med „Thrane-Blad“ han hadde gjøymt paa etter Bestefar, Knut hadde nok lese deim fyrr, men han hadde Moro av aa sjaa deim igjenom enno ein Gong. Med det same tok Far med seg ein gamal „Oberhoffretsdom“ som dei baae hadde gruna hardt paa mange Vendur, naar Knut var i Huse; Domen var so ill aa lesa, at dei stod fast rett som det var, no vilde dei ihop ved han ei ny Heto og sjaa, um dei ikje skulde greie dei forvitnelege Vitneprovi. Dei lagde dugelegt paa Peisen og las i Skine fraa Eldsmaale, det var ikje Lampe aa sjaa av i Huse den Tidi, maa vita, og til slikt, som det ikje laag meire Magt paa, vilde dei ikje nenne paa aa faa eit Talgljos av Mor, heller. Med Lesnad og Rødur og ei og annor morosamd Sogu imillom, gjekk Kvelden so svint, at alle undra seg yvi kvar Tidi hadde gjort av seg, da det leid til Sengetid.

Men da det ljosnad um Morgon att og eg vel var i Klædi komi, kann de berre hende det var Liv ute paa Garden! Heile Garden var full av Ungar, Gutar og Jentur, store og smaae. Mange av dei største var Ruggar paa 16 og 17 Aar og saag ut som vaksne Karar millom Smaatuske. No medan „Skulin“ morgonstelte seg og til det vart full-ljos Dag, dreiv Gutane med aa slaa Reitball og Smaajentune „spytta Brenn“ eller „dusa og gjøymde“. Det var Moro og Stim so Dunen lyddest attende fraa Bergi burtan Elvi. Straks det var vel ljost kom „Skulin“ ut paa Dørahella og ropte Ungane inn, og med di lynnte heile Reidi inn i Bakstugo, for der maatte „Skulin“ vera med Hopen sin. Stugo var heller liti og Viskerome var ikje stort naar alle hadde komi til Sæte; naar Skrivetimen kom vanta det Albogerom og „Skulin“ lout ha mange Bruk, for aa hjelpe kvar med eit Rom aa leggje Tavla eller Skriveboki paa.

Skulen byrja um Morgonen med at dei song eit Salmevers og etterpaa las Skulmestaren Morgonbøni for Dagen i Kingo-Boki. Etter det høyrde han Leksune i Spørsmaalsboki og Bibelsogu, og so tok dei til med „Innilesnad“ i „Grøgaards-Bøkom“. Sume av deim som var lengst komne, fekk sitja for seg sjølve og lesa i Berlin-Naturlæra og den, som var den gløggaste imillom deim, vart sett til „Monitør“ og hadde aa sjaa til at kvar las ette Børt og at kvar las rett. Abc-Boni vart bytte i Hopar for seg, og til dei vart det hengt Stave-Tabellar paa Veggen der det var Høvelegt Rom; til kvar Hop vart det teki ut ein av dei største Gutom eller Jentom til Monitør. Ein Hop med noko større Born stod under ein Monitør som las med deim paa Taltabellen og lærde deim Tali fraa 1 til 100; sjøl tok „Skulin“ dei aller minste og lærde deim Bokstavane; men elles hadde dei fleste lært Bokstavane naar dei kom paa Skulen, Foreldri skjemdest av aa sende dei i Skulen utan aa ha lært det minste. Det taut og stoma ikje so lite i Stugo naar heile Verke var komi i Gong, og „Skulin“ vanst ikje stort meir hell aa fara fraa den eine Hopen til den andre med Raad og Rettleiding, det var stadigt Bøn um Hjelp fraa eikvar Leidi. Sum Stadir lout han stagge Sinne som hadde brote laust og sume Stadir Graat, og noko lett Arbeid var det ikje just han hadde med aa halde 50—40 Born i Upplæring, so alle hadde noko aa gjera med di, som just høvde kvar etter Alder og Evone. Og det i ei trong Stugu som vanta baade Bord og Benkir til Fullnads. Læregreidur var det so smaatt med, som det kunde vera: ein 8—10 Stavetabellar og ein Taltabel, 10, 12 Grøgaards-Bøkar, 5 eller 6 Berlins-Naturlærur, ein Salmodikon og ei Koralbok, meir var det ikje. Upplæringi hekk mykje etter „Monitørom“ og difor gjorde „Skulin“ allt han kunna, for aa ha dugande større Born til di. Mykje attaat fekk han av dei lengst framkomne Bornom til aa følgje med burti næraste Fjordungen, naar han fløtte med Skulen, og vera med til han fekk Upplæringi vel paa Stell. Det var Krag som kom med denne Gjerdi med Monitørar (Bell-Lancaster-Metoden) og soleisom Umgangsskulen var skipa, at alle Borni møtte sama Dagen, var det mest ingen annan Utveg heller, til aa faa sett alle i Arbeid. Det var ei Ære aa verta tekin til Monitør og dei dugelegaste og som hadde lettaste Næme, fekk serskild Upplæring i Reikning og Skriving paa dei Stundom dei var frie fraa Monitør-Tenesti. Da fekk dei øve seg i aa „lesa Brev“ au, skrive Kontraktir, Forretningbrev og vanlege Brev o. m.

Kvar Morgon var Borni svert griduge til aa koma paa Skulen; sume kunde halde paa med Leik ute paa Garden, men dei fleste sat i Skulestugo og las høgt paa Leksa. Den Lesingi tykte eg var snodig og difor sat eg altid og høyrde paa — det var ein Dur, fraa alle dei Munnar so det ljoma i Flat-Take og ein kjende det i Tanngarden, naar ein skulde lyfte Munnen upp og snakke eit Ord. Tjote steig og fall, steig og fall i baarevis; oftast var det tvo eller tri som hadde kvellare Maal hell alle, og som difor heile Tidi høyrdest utor over alle hine; men alle gjorde dei sitt beste med aa faa Maale fram. Var ein so kvell og greidmælt, at han bytla alle, tyktest han aa vera noko til Kar. Den, som kom svint og uvarandest inn i Stugo, kunde radt faa Tepp i Øyro og det var ingen fin Laat, men Folk hadde vandt seg upp med di og tykte det var „tylegt høyre Borni las over“.

Med di same „Skulin“ kom i Døri og Upplæringi skulde byrje, stillnad Duren med eitt som naar Kvenndemma vert slept i; Kuut likte ikje denne Lesingi, og naar han var inne fekk dei aldri lesa Leksune paa den Gjerdi.

Klokka 12 var det Kvild 1 Time og den Stundi Borni „slapp“ var nok den gjævaste for alle. Da losna Leiken ute paa Garden so det lyddest yvi heile Grendi; ein og annan Gong kunde det hende, at einkvar av dei største Gutom kom i Uvenskap og slost som vaksne Karar. Det kunde gaa so heitt til, at „Skulin“ lout koma aa løyse Take, og var det av rette Stridbystingom som hadde kome rett i Loge, var det ikje alle Tidir dei gav seg med di same for honom, heller.

Nokor slik Hardkule veit eg ikje det var heime i Fri-Timen, allt var berre godt og vel med stor Gaman og Moro. Fyrimannen millom Gutom, liksom, var Øygardin, han Jakup, ein vitug Gut med gode Evnir og lett Næme men ein stor Galning so lentog og ordhittog, at han allt da var spurd for det i heile Grendi. I Skulen var han ein av dei fremste og var Monitør ei Rid kvar Dag, og naar han stod i Tenest soleis, var han baade stø og aalvorsleg. Men fall det ei Lise i Arbeide kunde han braadt koma med ei Herme eller eit Ordhit, eller han kunde gjera nokre kvasse, rare Faktir, so Borni vart sitjande tvikrokne av Skratt og freista halde seg til dei var raude som Blod i Kinnom. Men han Jakup sjøl skulde du aldri sjaa drog paa Smilen, ein Gong. No denne Gongen medan Skulen var halde heime paa Garden, steig Jakob Øygarden liksom til Under-Skulmestar, enda denne Høgdi hans ikje kom til aa vara lenger hell vel so ein Dag. Knut var bedin burt til nokre gode Kjenningar ein Kveld og da tenkte han seg, at det svint kunde gaa so, at han ikje rokk aa koma att til høveleg Skuletid Dagen etter. Baade var det eit drugt Stykke aa gaa og so er det so underlegt med di, naar gode Kjenningar raakast, vert sitjande samen med ein Dram og med Song og Rødur um Nytt og Gamalt. Natti gaar som ein Røyk, og fyrr ein veit um er det langt fram paa Dag att. Detta kjende nok „Skulin“ vel til, maa vita, og for at Verke ikje skulde stadne heilt, um han ikje vannst koma att fyrr ei Stund ut paa Dagen, sette han Jakup i sin Stad og bad Borni vera lyduge og snille medan han var burte um so var, han ikje kom til fyste Timen um Morgonen. Skulmestaren vart fraaverande heile næste Dagen, men han Jakup greidde seg so vel i hans Stad, som han skulde vori gamal i Tenesti. Han song Salmen Morgon og Kveld, høyrde paa Leksur og sette nye, skipa Monitørar, las med Borni i Grøgaards-Bøkom so allt gjekk i rette Fare sitt um Dagen — han saag so stø og verdig ut som „SjølPresten“, men var elles ikje lik til aa vera korkje stor paa det hell „hoferdig“. Ein Gong imillom kunde han sleppe av seg den vyrdslege Bragdi for det snøgge og da glyrde Skjelmen i Augnekraaom hans —: i same Stundi kom han au med ei lentug Herme, eller eitt av sine eigne Lenteord, so heile Hopen log uppi høgt.

Men fleire hell eg tykte, at Jakup var mykje til Kar som hadde so stor Tiltru, at han fekk staa i Staden til „Skulin“ ein heil, utlang Dag. Eg veit eg tykte eg maatte gjeva honom til for det, at han skremde mest Live utor meg Vaaren fyrr, ein Eftan han kom gaa-ande nordan-til Jorde med ei Maske for Andlite, gjord av Gronnbork med Augbrunir og Skjegg av Ikornskauv. Ingen fann paa aa vera sjølstiv eller ulydug imot honom, enda det var mange Gutar med, som var mest vaksne; berre dei Stundine det bar til aa lide nære mot Kviletimen, vilde det verta lite urolegt paa Benkjom. Og naar han Jakup høyrde Stuguklokka slog 12 fram-i Stugo og bad deim „leggje ihop“, losnad heile Mørja som ei Skridu for aa finne fram Skulenista. Mest forrende hadde dei store Dungar med Vafflkakur med, men sume hadde Stomp av grovt Byggmjøl og Vatten, steigt i Eldmørja. Og so var det alltid nokre faa, som ingi Niste aatte — heime i Huse var det ikje noko aa ha med deim og dei hadde nok ikje smaka annan Mat um Morgonen fyrr dei gjekk, hell ein Skvett med tunn Vatssupe. Desse, som ingen Skulemat aatte, smøygde seg stille burti ei Kraa, eller gjekk ut for aa sleppe sjaa paa hine Borni sat og aat paa dei gode Vafflkakune. Men trast Borni saag, at det var nokon som vanta Mat, var dei sjølminte til aa dele med seg og da fall det aldri minst paa deim, som ikje hadde noko fraa heime. Eg saag aldri det hende, at dessa Stakkarane vart gløymde med Mat av hine Borni.

Var det mange den Tidi som det var smaatt um med Mat for, so var det enno fleire det vanta Klæde. Det var ikje vandt um aa sjaa Gutar kom paa Skulen i Trøya til Mor si med ei stor, paa-lagd Folde midt etter Ryggen, ihop-neista med lange, kvite Ulltraad-Neistar. Paa Beini gjekk dei med store, utslitne Sko etter vaksne Folk, sume hadde Labbar ihop-hurpa av gamle Avleivor etter alle mogelege Klædeplagg. Dei sat og nepte seg ihop paa Benkjom og var ille ute av dei fillute Klædom sine, dei tykte nok det leita deim berre aa gaa yvi Golve i Augom paa dei andre Borni, som baade var velklædde og velflidde. Men naar so Fritimen kom og alle slapp paa Garden med Ballslaatt og annan Leik, da gløymdest dei laake Klæde, baade Kvinnfolktrøyune og dei vide, ufanslege Labbane. Og da saag det heller ikje ut til aa vante Nerk i den tunne Vatssupa og den oskesteikte Stompen, desse fillute Gutungane hekk som Katten etter ei Klo, kvasse i Snuom som ein Elding og med ei Fotferd som øvde Hallingdansarar. Desse Leikarstundine var no Joli mi enda eg enno berre lout gaa og sjaa paa; det verste var, at dei stødt vart so ryre. Og alltid kom „Skulin“ ut-paa Dørahella og ropte „innatt!“ naar Moro var som aller best — eg tykte mangein Gong han var ein ubeinin Kar, som aldri gav Dag um han saag de stod midt i stridaste Beita.

Dei fire Skuledagane foor som ein Blunk og det kjendest tungt naar „Skulin“ ein Eftan lada Bøkane og Tabellane ned i den store Skreppa si att, tok Salmodikone under Armen, takka for Samveru og gjekk til Granngarden for aa byrje der att den næste Dagen. Det var so audt paa Garden dei fyrste Dagane etter og det vara ei heil Viku fyrr me kom i Vane med Stilla att. Istadenfor aa høyre paa Skulmestaren song og fortalde um Kveldane, var det no aa sitja aa sjaa paa han Gamle-Per spikka Stengjingsnaglar i Vedroi, eller Budeia hurra og spann paa Rokken.

Men hitt Aare da Skulen kom paa Garden att, hadde det snudt um og det var ikje noko hævt korkje med Knut eller Skulen. For da visste eg, at det stod opi Rom aat meg millom Abc-Kongom, og um Morgonen da dei fyrste Skuleborni bar til aa koma med Nistetullom sine under Armen, stod eg bak Svartklevedøri og gret med Schjønheyder Abc-a i Neven. Denna Lærdomen „Skulin“ tvinga paa alle, tyktest meg ill aa gaa i Kast med, men eg visste vel, at det var ingen Veg umkring med di. Eg prøvde gjera meg hard og svelgje Klumpen i Halsen, men det gjekk ikje; da fann ho Mor paa, at Dotter hans Erland Lien skulde ha meg sitjande fram med seg ved Skuleborde um Dagen, og det letta den saare Hugen. For ho hadde vore Baanfoster aat meg og eg var glad i den snille, godvorne Jenta; Knut fekk høyre korleis det var vordi, og da sette han ho Anne Lien til Monitør aat meg mest heile Dagen. Paa denne Gjerdi glatt eg igjenom det tyngste og da Kviletimen kom hadde eg alt kome meg sopass, at eg gav meg med Smaajentom og „sprang Rund“ — no eg høyrde med i Lage, var det ikje mitt Høve berre aa staa sjaa paa, lenger.

Dette var i 1860, og det var det siste Aare Skulen gjekk paa Umgang i Bygdi; heretter skulde det verte faste Rotstugor i alle Fjordungar, og i vaare vart det leigt og innreidt av nyo ei stor Høgstugu paa ein av Gardom langt ned med Elvi. Det var ei ljos, lett Stugu med Aas-Tak og 4 store Glas, og her vart Skulen verande i gode 20 Aar frametter. Da me skulde taka Skulestugo vaar i Bruk fyrste Hausten, i 1861, var det eitt og anna ufaatt baade med Bord og Benkir til det leid fraa ei Tid; da allt var ferdigt var heile Bunaden eit langt Bord som rokk tvert vvi heile Stugo, med ein fast Benk innanfor ved søre Tverrveggen og framanfor ein like lang, som stod laus. Ved dette lange Borde rymde alle dei Borni som var so langt komne, at dei reinlas i Bok. Den store Skorsteinpipa gjekk upp i den nørdste og ytre Kraai i Huse med eit stort Rom, som ein smal Kleve, millom Muren og nørdre Veggen. I denne Kaaven hengde me Matskreppune, Korgirne og Tullane vore paa Veggen og Smaajentune Ullturklædi sine; der inne var au „Furtekraai“ eller „Skamfull-Benken“ for deim, som gjorde noko gale. Og fremst i det Rome hadde me Abc-Born ein Benk me sat paa med ein lang Høvlkrakk framanfor til Bord, og som me tykte var fullt so grepa som eit rett Bord. Sonær som det, at Bak-Skruven gniksa so naudillt naar nokon av oss hadde Ærend til aa snu aldri so lite paa han. Dette var elles strengt forbodi oss, og straks „Skulin“ høyrde det let burti Kraai vor, sette han eit par stride Augo burti Radi, og dei Augune kunde taka Handklaaen av oss med einn Gong.

Det var eit tylegt Hus den nye Skulestugo vaar; gjenom dei tvo Glasi paa Tverveggen mot Aust saag me yvi den lange Lia-Moen, der Tolli stod tjukk som Hampen so langt me kunde sjaa. Lengst nede stod Andershøi, høg og verbitin og ved Sida henne Veggjemskampen som saag ut berre som ein Smaagut her fraa. Gjenom Glase som venda mot nord, saag me ned paa den breide Hølen i Otta og burt-i Skogmoen under dei fæle Hoggbergi ved Jukul-Hole, og gjenom Glase paa Nordveggen synte den bratte, skogvaksne Ottadals-Lidi seg. Det var alltid so friskt i den store Aasstugo som var so høg uppunder Mønsaasen, og den tjukke Klebberkaklomnen heldt Huse godt og varmt. Ljost var det au yvi heile Stugo, vissa naar det leid so Soli var att-komin og difor var det ikje aa undre seg paa, at baade „Skulin“ sjøl og Borni var meir hell velnøgde med aa fløtja inn i dette Huse fraa dei tronge Romi, det oftast var i Daglegstuguom paa Gardom i Grendi.

Men Bygdafolki likte ikje alle so vel, at det vart Slutt med Umgangsskulen, det vart no for det fyrste til stor Kostnad for Bygdi, maa vita, og kva mykje betre Skulen skulde verta av di, kunde dei ikje skjøne. Og so var det tylegt aa ha Skulen i Huse nokre Dagar kvart Aar, som dei hadde vori vande med fraa gamal Tid. Men, det var so mykje nytt no med all Ting, at det saag ut til, at alt det gamle skulde umkumplast — kor grepa det vilde verta med Tidi dette nye, det fekk dei altid sjaa, best det var, desse, som stod forr med di So det var ikje vellika med same, da Skulen fløtte inn i dei faste Rotstugune. Berre Skulmestrane var velnøgde, for det hadde sume Tidir vore tungsamde Dagar med Skulen der, dei maatte vera inne i Dagligstuga medan Karar og Kvinnfolk dreiv kvar med sine Arbeid, og som Borni ofte lout kjøgle etter kvar Tid. Og ikje gjorde dei seg stort fyri med aa halde det rydigt til Skulen heller, alle Stadir paa Gardom. I ein av Lalmsgardom var det ein Gut som ropte paa Stugujenta da Borni sette seg inn til Borde: „kom med ei Fille og turke upp all Supa etter dykk! det er so fullt med Supe, at me kan ikje leggje Bøkane vore paa Borde!“ Slikt henda baade tidt og jamt. Men enda verre var det, naar Sjølvefolki ein og annan Stad, var so kloke, at dei lagde seg fram-i Upplæringi, det henda au, imillom. Soleis stod Mannen paa ein av Skogbygdsgardom i Heidalen og telgde paa eit Skaakemne ved Stabben medan Skulmestaren heldt paa aa „spørja utu Hugue“ um Adam og Eva. Mannen tykte Borni ha lite Kunnskap i Barnelærdomen sin: „veit døkk ikje de, hell, Unge, at Jesus og Kristus er vore fyrste Foreldre?“ sa han, reint grettin for Faakunnaden deira. Kjeringi vilde ikje staa attende for Mannen ho heller: „detta visste no eg, au,“ sa ho. Alle slike Steinar i Vegen vilde Skulmestrane no verta skilde med.

I den faste Rotstugo i vaare Grend hadde me Skule 12 Vikur um Aare, 6 fyri Jul og 6 lenger fram paa Vintren, dei siste Vikune kunde sume Aar verta haldne ut paa Sumaren, etter som det fall med Skulen i dei andre Fjordingom i Krinsen. For meg vart Vegen lang etter dei druge Toulstad-Moane der „Nyvegen“ gjekk, og fyrste Vintren laut eg difor tala av Følgje ved tri av Husmannsgutom vaare; den eine var i den Aldren han gjekk og las og dei hine tvo, som var Brør, var au nokre Aar eldre hell eg. Dei budde høgt uppi Grendi dei, og det var ein stor Krok for deim aa gaa um meg, men dei gjorde oftast Selbot paa meg og kom til kvar Morgon. Vissa den eine, men dei tvo Brørne var so gløgge paa det, so furtne og sere, at kom eg til aa gjera deim den minste Pretta eller seja eit forrflogi Ord i Leikarstundi paa Skulen eller paa Heimvegen, so saag eg ikje deim paa mange Dagar etter, um eg ikje gjorde meg mjuk og fekk Semje med same. Og naar eg paa denne Gjerdi hadde forspillt Følgje mitt, tykte eg ikje just det var nokon Lystmat aa gaa paa Skulen — Toulstad-Moane gruvde eg stygt for. Eg sprang i Hunde-Dill heile Vegen etter Moom, Skogen stod tjukk og stinn paa baae Sidur, det var som aa fara etter ein Gjeile og av Himilen saag du berre ei smal Stripe beint upp-yvi deg. Baade i 1860 og 61 var det fullt av Ulv i Dalen og me høyrde til kvar Tid at han „beit“ Gjeit og Hundar, vissa um Vintren i 61 var han stygt djerv, so han gjekk like inn i Svaline og tok Hundar sume Stadir. Heime stod me ein Dag og saag sjoug store Beist gjekk etter Mosevegen uppi Lidi, og um Kveldane lyddest Ulen Hans lidmillom. Difor var det med ein hjarteleg Ræddage for Ulven eg sprang etter Moane, naar eg ikje hadde Følgje paa Skulen — meir hell ein Gong tykte eg det skimta paa Svansen hans millom Treom inne i Skogen. Og enda var det ein Fare til eg bar likso stor Otte for — det foor jamnan store Følgi med Langfantar etter den nye Vegen og „Jøndalsfanten“, som stødt heldt til i dagevis i Fossen[1] ved Moane, var det farlegaste eg visste i Verdi. Men han kunde eg gjerne møte midt paa Moom kva Dag det var! Difor sprang eg med Live i Neven meir hell ein Morgon, og naar eg kom paa Skulestugo aatte eg ikje att korkje Maal eller Blaast paa lange Tidir. Men rædd? var det likt seg! — det var berre det, eg trudde eg heldt paa aa koma forseint. Eg var nok ikje den, som gruva korkje for Ulv eller Langfant.

Eg sleit meg igjenom baade Stavetabellane og Schiønheyder-Boki, og fraa Høvelkrakken fløtte eg til Borde i Lag med deim, som reinlas i Grøgaards-Boki. Sist eg gjekk i Skulen um Vaaren i 63 fekk eg vera med aa lesa i Berlins Naturlære, men det var so faa av den Boki, at me maatte vera baade 4 og 6 um kvar Bok og det fallt vonoms tungvintare.

Det var mykje Moro i Skulen den Vintren, for me dreiv hardt med Krig dei Dagane det var so godt Ver, at me kunde kaste Snjoball. Det gjekk Ord i Bygdi, maa vita, um Krigen i Amerika millom Statarne og etter di bytte Gutane seg i Nordstatar og Sudstatar og heldt Borgarkrig, so Snodrive gauv um alle Veggir. Det kunde imillom gaa so heitt til millom dei største Gutane, at „Skulin“ lout koma ut og skipa Vaapnkvile. Var det ikje Ver til aa føre Krig, hadde me ein grepa Kjelkebakke tett ved Skulestugo og ute paa Nerli-Hølen ei gjild Sko-Renne. Og mest likeso stoar Moro som allt dette, var det aa sjaa paa den nye Ferdsleden med Karm „Skulin“ dreiv og arbeidde paa i Kvilestundom um Dagane. Sleden stod enno kvar for seg inne i Skulestugo, og Knut vilde gjera Karmen ferdig fyr han sette Tre-Verke ihop. Han lagde stort Arbeid paa denne Sleden og skar ut Tverrtrei i Karmen med stor, velskapt Krillskurd; Knut stod ikje fast med aa skjera ut naar han vilde, og det saag ut til, han hadde stor Hug til det. Naar dei største Borni sat og skreiv, dei millomste las med ein Monitør yvi seg og „Tabel-Ungane“ hadde krulla seg um Stavetabellane paa Veggjom med ein Monitør for kvar Krull, so hadde „Skulin“ ei liti Lise. Daa tenda han Pipa med ei Glod fraa Kaklomnen og tok svint eit av Karmtreom sine og maksla ein Krill med Tollkniven etter Blyantrite, han fyrr hadde gjort. Og da fylgde me med Knivodden hans, kan hende, alle som sat soleis til, at me kunde sjaa det — stal oss til aa sjaa paa han, for me visste, at me skulde halde paa med vaare Arbeid, me. Men det var so forlivande Moro aa sjaa korleis han maksla til Krillar og Blad, at me kunde ikje halde Augo fraa di den vetle Stundi det vara. For lenge slapp han nok aa sitja i Fred, rett som det var stod det einkvar fast og trongde Hjelp, einkvar skulde ha „paaskrivi“ i Skriveboki, eller han høyrde einkvar misslas seg reint burti Veggjine, eller Tabel-Ungane stava burti Natti — trast var det aa slenge Utskurd-Arbeide fraa seg for aa rette det range og beinke det skeive.

Ein Skuledag paa 8, 9 Timar med berre ein Time til Kvild er lang, og difor var det alltid kjærkomi, naar det fall noko til, so me fekk ei Øktekvild imillom. „Skulin“ hadde nok sjøl Vit paa det, og difor tok han jamt ei liti Stund med Song med ofss til aa kveike upp i Lage; men so var det ikje faa Gongar det kom einkvar og skulde ha Skulin til aa skrive for dei, Brev, Kontraktiri og dilikt. Ved dette Leite tok det til aa koma fleire og fleire Amerikabrev i Grendi og „Skulin“ var mest den einaste paa lange Leidine, som kunde skrive eit skapelegt Brev. Men enno var det berre faa aat Amerika komne utor vaare Grend og nærast umkring, so det var eit Storhende som det gjekk Tidend manne-imillom um, naar det kom eit Amerikabrev. Og for oss Born var det ei Storstund reint, naar nokon kom med eit Amerikabrev paa Skulen, var det Portræt med au, vart det no enno større Høgtid, for da gjekk Knut etter Benkjom med det i Handi og synte oss det. Eg ser enno desse smaae Bilæti som stødt var paa Metalplaator. Ein Dag skein det reint over —: ei gamall Kjering kom med Amerikabrev fraa tvo Synir med Portræt av baae, og det, som meire var, dei var med i Borgarkrigen baae tvo! For oss kunde det ikje vore større Hende um han „Gamle Napolion“, som me hadde høyrt mykje gjete, hadde synt seg for oss. Me kunde ikje skjøna oss paa Mori, som kunde taka dette baade so rolegt og kvardagslegt som ho gjorde; ho bad Skulmestaren skrive slikt, han sjøl tykte var høvelegt og da Breve var ferdigt, fann ho upp ei halv Aln Tobak Knut fekk for Brye. Men allt slikt som fall inn i Skuletidi, gav oss ei kjærkomi Lise i det einslungne Stræve.

Nei so var det ein Morgon eg kom paa Skulen det hadde henda oss noko framifraa — eg saag det lout vera noko ser-um Lag med det same eg kom i Døri, Knut var i slikt Godlag at det skein av honom all upp — han var no ikje alle Tidir ved godt Møli han, heller, maa vita. Jau, det laag ein stor Dunge med nye Bøkar paa Skuleborde, tunne og tjukke um ein annan, nokre so digre mest som ein Postil. Knut peikte paa alle Bøkane og fortalde meg, at det var nye Lesebøkar „Sjølpresten“ hadde senda, „og no skal det verta anna av med Lesnaden vaar, skal dykk høyre,“ sa han og saag paa oss yvi Glasaugo. Det var „Jensens Læsebog for Folkeskolen og Folkehjemmet“ som var komi og Knut bad oss sjaa paa dei og glytte paa Lesnaden.

Nei, men slik Bok! — fann eg ikje der „Sinklarsvisa“ og eit Stykke um „Skotterne ved Kringen“! Og der var „Markje grønast, Snjogen braana“ og „Oss ha gjort kaa gjerast skulde“, au! Nei, du store min, at dei skulde kjenne dei Visune, au, dei som gjerer Bøkar! Det vart mest forr mykje dette paa ein Gong — me stunda mest ihel oss til Lesartimen kom og me tok imot dei nye Bøkom so varleg, som dei skulde vori av Glas, da „Skulin“ bytte deim ut millom oss ved Borde. Da me slapp sa Knut, at han hadde nokre av dei nye Bøkom med alle tri „Trin“ i eitt Band til sals, og disom dei heime vilde eg skulde kjøpe ei, fekk eg spørja ho Mor, um ho hadde Vadmaal til eit Snøsokk-Emne aa yte, so skulde han byte i Leseboki — eg fekk taka Boki med, so Far fekk sjaa ho.

Eg sprang kvart eit Stig av Vegen heim att um Kvelden og hadde ikje faatt Døri att etter meg, fyrr eg bar til aa leggje ut um den nye Boki med Sinklarsvisa og Skotteslage, „Markje grønast“ og meire til av det, som var baade gamallt og kjendt. Slik Bok fanst det ikje fleir av i Verdi, det var eg viss paa, og eg var ikje sein paa aa syne fram baade Sinklarsvisa og Vaagaa-Visune ette Storm. Far sette paa Glasaugo og bledde i den store Boki, og medan det vara kjende eg Hjarta dunka i Bringa — eg freista aa lesa i Andlete til Far kva Utfalle kunde verta og stod som paa Glør, der eg stod. Men da han um lite sporde ho Mor, um ho hadde Vadmaal til eit Par Snøsokkar liggjande, hadde eg allt nok, og gladare har eg visst aldri vore i Verdi. Um Morgonen hadde eg Vadmaale med meg og den Gongen gløymde eg heilt baade Ulven og Jønndalsfanten.

Og det gjekk som han Knut spaadde, det kom eit anna Liv i Lesnaden paa Skulen da den nye Leseboki kom i Bruk.

I 1863 kom det ny Kapellan i Bygdi og han budde paa Kapellangarden, ikje langt unda Grendi vaar. Den nye Presten var svært vyrk for Skulen, og da han sjøl hadde vore Seminarlærar, tok han seg snart forr med aa røkje etter kva dei dugde til, desse heimelærde Skulmestrane i Bygdi. Og den iduge og lite braahuga Presten raaka nok noko av kvart og vart viss um, at det stod laakt til med Skulen i Bygdi. Knut som hadde Skulekrinsen sin i Grannelage til den nye Presten, fekk han sjølgjevi paa Skulen aat seg jamnan; ha anka ikje just paa Skulearbeide hans, men aa-maala paa, at han trudde Knut helst burde slutte, for no etter den nye Skulelovi trongde Skulen Lærarar som hadde gaatt paa Seminar, sa han. Knut svara, at han no hadde halde Skule i 25 Aar og var glad av Arbeide, so det vilde felle honom tungt aa leggje det ned; og stor Saknad vilde det verta for honom um han med ein Gong skulde misse den Løni, han hadde um Aare Presten kom att um ei Tid og var paa Skulen ein heil Dag; da han gjekk sa han, at Knut sikkert hadde nokk Kunnskapar, „hvis du bare er flittig“, lagde han til. Det var fulla ikje fritt, at einkvar Slarvkjeften hadde vori framme og fortalt um den Ferdesleden og eitkvart anna, Knut kunde fari med i Skuletidi ein og annan Gong.

Da det vart kjendt i Fjordungen at Presten vilde ha ny Skulmestar, skreiv dei meste av Bøndom under paa ein Søknad um aa faa hava Knut heretter som fyrr, da dei meinte han heldt Maal baade i Kunnskap og Dugleik elles. Etter di stilna det av for det fyrste og Knut byrja det nye Skuleaare att i 64 som fyrr, men han hadde Otte paa seg av, at han vart ikje gamal i Arbeide, heretter.

So var det ein Dag me sat trygge kvar med sine i Skulen, sume reikna paa Tavle, sume skreiv og Tabel-Ungane stava innmed Skorsteinspipa. Der visste me ikje av, fyrr Døri vart uppleti og ein ung, uttanbygdes Kar i graabrune Vadmaalsklædi kom inn i Stugo, helsa paa Knut og sa Namne sitt. Han var „Seminarist“ fraa Stordøy og Presten vaar hadde skrivi aat honom og bedi han gjera ei Ferd hit, og sjaa paa Skuleposten han Knut hadde. Dette var Ærendi hans. Den unge Syndmøringen hadde stort Heilskjegg, var ein kverv, livleg Kar som me stirde mest Augo or Hausen paa. Men Knut vart so annars ved, at han skolv i Maale og det tok honom ei lang Rid fyrr han vart heilt seg sjøl att. Den unge Seminaristen bar til aa gaa umkring og sjaa paa Skrivebøkane vaare og sidan høyrde han paa me las inn-i-bok. I Lesnaden kom me upp i Landkunna og Knut spurde oss etter eitt og anna, kannhende for aa vise Stordøy-Seminaristen, at me ikje sat i ei djup Hola i Jordi med Skulen her, heller. No var eg den av Skulebornom som var best kjend utanlands, for eg hadde lesi baade „Almuevennen“ og „Adressebladet“ i fem Fjordungsaar, og her galdt det ikje aa stinge Ljose under Skjeppa. Eg kunde soleis fortelja kva største Byen i Verdi kallast og kva den engelske Dronningi heitte og sumt anna, som var spurt um. „Det er ein flink litin Gut, det,“ glatt det utur Syndmøringen. Der sa du visst eitt sannt Ord, tenkte eg, men eg gløymde visst aa gjeva „Almuevennen“ Æra, som Rett hadde vori.

Syndmøringen kom paa Skulen att Dagen etter, au, og da Lesetimen kom tok han oss i Lesnad. Men da fekk me vita av, at me var kome under ein, som hadde lært aa lesa! Me las ikje eit rett Ord aat honom — for det var ikje te-lags aat den Karen um me las kvart eit Ord, som det stod i Boki, utan aa missnemne oss, nei, det var noko han kalla „Betoning“ det var so reint ille for oss med. Me tok upp att Setning for Setning baade fem og seks Vendur, men enda var det so grøtelegt med „Betoningen“, at Syndmøringen grein og rista paa det lange Skjegge og saag mest ut til aa faa vondt i Magen. Og so rigjorde han med Punktum, Komma og andre Skiljeteikn so det gjekk rundt for oss og kunde ikje faa inni Hausen korkje Teikni eller Betoningi. Med desse gjekk det ikje meg betre hell med hine, for um dette hadde det ikje vore noko korkje i „Almuevennen“ eller „Adressebladet“. Læsartimen den Dagen vart ei fæl Heto-Rid og meir hell ein av oss gret; da Leikartimen kom var me so modlause og utor Verdi, at ingen baud til aa leike seg.

Etter Kviletimen tok han oss i Diktat og det var au nytt for oss; men det gjekk overlag baade godt og vel, trudde me. Men da han bar til aa rette — jau da vart det anna av! Hadde han rigjort med Skiljeteiknom i Lesetimen, var han tvifald verre no. Og so spurde han um „Ordklasser“ og fortalde um „Substantiv“, „Adjektiver“ og „Verbum“, Ting som me aldri hadde høyrt teki paa Namn her i Verdi fyrr. Det verste av allt var aa faa Grunn i noko han kalla „Subjekt“ og „Prædikat“, ingen av oss kunde faa det inni Hausen. Slike Paafund foor da aldri Knut og øvde med, og me ynskte alle den høglærde Seminaristen so langt attende inn-i Syndmør, som det berre var opi. Um Kvelden da me endelig var sloppi heilskinna utor Kløom hans og var paa Heimveg, tala me sinsmillom um allt det rare me hadde høyrt um Dagen, um „Betoning“, „Ordklasser“, „Subjekt“ og „Prædikat“, og alle bad Vaarherre fri oss fraa denne lang-skjegga Syndmøringen til Skulmestar. „Det tok rennande Overhand kor kvass og hard han var i Augom,“ sa han Paal hans Morbror.

Det letna paa Skulen da han vart burte og da Knut kunde fortelje oss, at han ikje vilde ha Posten, bles me lettare, alle som ein. Men han sette Merke etter seg lel, Seminaristen, for meiner du ikje Knut tok etter honom baade med „Betoning“, med Diktatskriving og mangt av di andre han dreiv so hardt med! Dei største lout lære baade um „Ordklasser“ og „Setningsdele“ um Vintren, Men um Syndmøringen foor sin Veg, visste me alle, at det likevel var siste Aare Knut heldt Skule. — Presten gav seg nok ikje med di, men vilde hava sit fram, hann.

Og so kom den siste Skuledagen hans Knut, ein fin, solvarm Dag i Jønsukvika 1865. Presten heldt Eksamen paa Skulestugo og kom med ei Tale aat oss etterpaa; da Presten var ferdig med di og me hadde songi ei Salme, steig Knut fram og gjorde ei liti Skildnadstale. Han tok soleis til-ords, at ettersom han no skulde ende det Arbeide han hadde drivi so lenge og som alltid hadde vore honom ein stor Hugnad, so vilde han no i Skilnaden med oss her i Fjordingen, faa takke oss allesamen for dei gode Stundine me hadde havt med kvarandre paa Skulen. Han vilde seint gløyme oss og no vilde han vonast, at me fekk ein i hans Stad, som skjøna seg betre hell hann paa aa mone oss fram i Kunnskap og allt som godt var. Og mot den, som kom og tok att Arbeide hans, ba han oss um aa vera like so lydige og snille, som me stødt hadde vori imot honom. Tilslut bad han um, at me ikje vilde gløyme honom reint burt, men minnast honom som ein god Ven som vilde oss det beste han visste.

Graaten tok baade han og oss, og da me trengde oss umkring han for aa taka han i Handi til Velfar, var det Tuting paa alle. Presten stod og visste ikje rett korleis han skulde stelle seg, det var kannhende knapt um han hadde tenkt seg, at Knut var so avhalden som det synte seg idag.

Aare etter fekk Knut 20 Daler i Pension og Krinsen ny Lærar, ein Seminarist fraa Jarlsberg. Da Skulen byrja etter Nytaar 1866 var det baade med Otte og Nyfikna me møtte upp fyrste Dagen, for me fekk ein Byks i oss av Syndmøringen den fyrre Vintren. Aa du, aa du, kor umskapt det hadde vorti i Skulestugo vor sidan sist! me vart staa-ande i Døri som klumsa. Borde og Høvlbenken hadde faatt Reisepass og istaden stod 5 lange „Pultar“, som Mannen paa Garden kalla deim. Imillom Glasom paa Tverrveggen stod ein underleg Ting, korkje Skaap eller Kiste, men me skjøna at det var der, den nye Skulmestaren hadde Rome sit. Ein av Gutom som gjekk og las for Presten, hadde høyrt at den rare Koppen kallas Kateder, men Mannen som hadde kjørt han paa Staden, ein Lomvær, kalla han „Træ-Gu’n“ vor. Enno var det meire av nytt: paa Veggjom hekk 5 store Landkort, det var baade av Jordhalvom baae tvo, Europa, Nordlandom og Palæstina og eit Vegg-Kort hadde me ikje set fyrr. Til sides for Katedre hekk ei stor, vid, svart Tavle, kva no ho skulde verta brukt til, mange av oss tykte ho hadde ein heller uhugleg Bøv av ei Lik-Kiste. Det var ei Undring og ei Fretting paa oss alle baade store og smaae, men den vart det kvasst Slutt paa, da Skulmestaren kom inn og me skulde byrje Skulen — kvar skunda seg aa finne ein Sess ved dei nye Pultane og sette seg med ihoplagde Hendar og Hjarta øvst i Halsen.

Den nye Skulmestaren var ein Mann paa umkring 30 Aar, ein stø og godvorin Mann, han likna meir eit Bygdemenneskje og hadde ikje det kvasse Uppsyne som Syndmøringen, eller dei kvasse Snuane hans. Det vara ei Viku, fyrr me kom rett i Stell og vart vande med det nye. Den nye Mannen var baade snil og greid og me fekk svint den sama Tiltru aat honom, som me hadde aat Knut. Mangt med Skulen tok denne paa ei annor Gjerd hell me var vande med, men det var stødt soleis, at me liksom kjende paa oss, at so skulde det rettast vera, og det gav oss som so traust Grunn under Beini. Allt fyrste Dagen da Leikartimen kom, og den nye Skulmestaren gav seg med aa lære oss aa slaa Langball, bar mange til aa tru, at me kannhende ikje hadde bytt utor for oss likevel. Den same Kvelden paa Heimferdi var me alle samde um, at det var ein glup Lærar me hadde faatt. Og det fortalde me heime au kvar hjaa seg — og so um allt det nye me hadde faatt og allt det nye me lærde.

Da det leid utetter kom det ei og annor Grendsmenneskja inn paa Skulen aat oss ein Gong imillom — dei hadde Hug til aa sjaa og høyre korleis denne nye Mannen tok det. Etter som det lyddest paa Bornom, var allt vorte so framandt, at det mest ikje var Skule no, lenger. Og kvar Gong det kom nokon soleis, foor dei sama Ferdi dei, som me gjorde fyrste Dagen —: dei vart staa-ande innan Døri og haatta seg mest ikje lenger. Men da sat me og log inn med Pulten. Ingen av deim sa noko, men dei tykte nok, at Skulen hadde vorte so umkumpla og framand, at dei ikje kunde semje seg med honom meir, han høvde ikje inn-i Heimen som han no hadde vorte og difor kom dei tvo til aa liva kvar fyrr seg, til Skade for baae.


  1. Fossen: ein Plass.