I Heimegrendi/5
Nyvegen.
Um Hausten i 1859 tok det til aa gaa Ord um, at det var i Gjerdom aa byggje Bygdeveg fraa Kongsvegen paa Sell upp etter Ottadalen og vidare upp til Lom. At det kunde verta Aalvor med desse, hadde no dei eldre Folk i Heimegrendi liti Tru paa. Den skarve Ridevegen som laag etter Moom paa Solsida, hadde no legi som han laag i hundretals Aar og, største Voni, han kom til aa liggje etter vore Dagar au, maa’ta. Dei hadde nok høyrt, at det no var bygt god, brei og fin Kjøreveg, flat som eit Stugugolv, gjenom Elstadkleivi[1] og gjenom fleire Kleivir og stygge Bakkar og Ulende, men det var ikje sagt kor lenge Bygdine heldt ut med aa gjera slike Mestarverk, og Dalekleivi og Tolstadskrido i Ottadalsvegen kjem no til aa bite imot, dei au, fyrr det vert god Kjøreveg gjenom deim. Difor trudde dei ikje stort paa det Orde som gjekk um den nye Vegen; Far sa no stødt, at det aldri i hans Livedagar vart Veg gjenom Ottadalen.
So er det ein Solskinsdag i siste Dagom av Juni i 1860, allt er sovidt komi i sitt rette Lag att etter Storflaumen; da fekk me sjaa 2 kvitklædde Storkarar og 2 eller 3 Arbeidarar paa den andre Sida sør ved Eidsfossen, um Morgonen fyre Dugurdmaal. Dei foor og klengde seg etter Svadom og smøygde seg gjenom Tollskogen lengst med Elvi, dreiv og sigta med ei Greide dei sette paa ein Stav, sette ned Stakar med kvite Spildrur i og gjekk bar nokre store Papir i Hendom. Kva kunde detta ha paa seg, tru? Jau no foor dei og staka upp den nye Vegen, lyddest det. Aa, skit, det vert aldri Aalvor av di, meinte baade ein og hinn.
Men ved Vinternæts-Leite kom ein Uppsynsmann farande og leigde Smidja og Smidje-Ambodi hans Far til ein Vegsmed og Kvernhuse til Upplagshus for Krut og Mineringsgreidur. Det skulde byrje 3 Akord-Lag beint for Garden paa hi Sida av Elvi i Midten av November; med di same leigde Uppsynsmannen Eldhuse vaart so Vegsmeden, Drengen hans og 6 andre Karar kunde faa halde til der um Vintren. Jau, det var likt til at det vart Aalvor, lel, med Ottadalsvegen no.
Strakst Isen lagde seg, kjørde dei Kvernhuse fullt med Krut og Luntor og uppi Smidja lesste dei av eine Lasse etter det andre med Jarn og Staal, Kol og kva det var allt, dei kom med. Med di same kom Smeden, Drengen hans og dei hine 6 og skipa seg til i Eldhuse so godt dei kunde, for det var ikje stort Huse. Desse 8 gjekk med Namne „Essdøline“, for dei hadde vore med og arbeidt hjaa Mr. Forbes paa Espedalsverke, som just var nedlagt.
Og so small det laust — eg minnest enno som i Gaar den Dagen da dei tri Akordlagi sette Arbeide i Gong, midt for Garden heime. Det var ein klaarkald Morgon paa Lag Klokka 7 eg skulde ut paa Garden, men vart staa-ande som klumsa paa Dørahella: upp i Hallingi burtan Elvi brann det ein tie, tolv Tyri-Log etter ein annan i Rad, og under kvart skimta det paa tvo Mann som dreiv med Minerbor og Slegge og bora i Svai. Det song i Borane for kvart Slag so det lyddest som eit Spelverk og attaat song Karane „paa Boren“ so det ljoma i Kvernbergshaugen.
Tittare og hardare!
so fær du Kaffe snarare —
driv han inn, kjil han inn
ende ned, so fort du vinn!
brest hell bogna Eggen
bli Smeden hengt paa Veggen,
dell, dall, do!
Snu paa Navar’n snøggare
so rundast Hole gløggare;
tidt og hardt, tidt og hardt!
tru det inkje lid no snart
so dei kjem paa Lina
han Svartlars og ho Stina?
dill, dall, do!
Det var Song baade nordan og sunnan, Tonen var den sama, men Teksti skifta, imillom var ho ikje av skirnaste Slage, heller. I den vetle Moen sør og burt for Laaven heldt nokre Mann paa aa brjote ned Skog, dei grov umkring Røterne og løyste Tægerne med Hakkor og Spit; so festa dei eit Tog i Toppen, hengde seg i ein 5, 6 Mann og sleit Trei ikoll so Tægerne laag og sprikte etter som Trollklør i Skine fraa Tyri-Logom. Og desse, som fellte Skog, dreiv og med aa syngje „paa Skogen“. Midt for Vatsbrunne heldt fire Mann paa brote Stein, dei emna paa ein Sneidmur av og medan dei „drog“ dei store Steinane med Spitom, „song dei paa Steinen“ heile Tidi: „haa! med like Tak, aa haa! — haa! ut med ’om, aa haa! — haa, no gaar han godt, aa haa! — haa, sving ’n litt, aa haa!“
Slikt Liv og slik Song i Arbeide hadde eg aldri høyrt fyrr, det lyddest so uvandt og framandt og i Log-Glime saag det ut som eit Eventyr — eg stod og stirde burti Bakkane og lydde paa Songen til eg vart so blaafrosen, at eg skolv mest sund. Men snart vart me vande med dette, for det var uppatt det same, Dag ut og Dag inn, Vintren igjenom — det var som den stille, fredelege Grendi var umskapt. Her høyrde du mest aldri annan Larm hell den illsklege Duren av Fossen naar han „reiv seg“ mot Uver, Hundegjøy av den vetle Gneldrebikkja heime og ei Dumbjølle no og da — no song og taut det Dagen igjenom og dundra med Mineskot, so det høyrdest ut som Hovdaspiggen vilde rynja ihop, naar det gjekk som heitast til.
Upp i Smidja song det lystugt i Stede, Dagen igjenom fraa Klokka 6 um Morgonen til ho var 6 um Kvelden med 2 Timars Kvild; der uppi dreiv Smeden, han Per Eggen, med Drengen sin, kvesste og staal-sette Borar og Hakkur, ferda Sleggur, „Feislar“ og all den Ambodi dei hadde Bruk for paa „Lina“. Det var berre so Gneistane stod som eit Driv ut gjenom Smidjudøri og Sveiten rann baade av Mestar og Dreng; kvar Gong dei kom ned til Maals, saag dei ut som tvo Fegjarar og det gløste berre inn i Augo og raudde i Munnen.
Paa ein halv Fjordung upp med Elve-Faret urde og krudde det med Arbeidarar og Uppsynsmenn, og med Bygdafolk, som gjekk og saag paa for Moro Skuld — dei meste av Grendsfolke hadde aldri set eit „nymotens“ Veg-Arbeid, maa vita, og difor hadde dei Hug til aa sjaa, korleis det gjekk til. Og mange av Kjeringom i Grendi kokte ein stor Kaffe-Kjel no og da, balla han vel inn i Ullklæde og gjekk paa „Lina“ for aa tena ein Skilling samstundes med, at dei fekk sjaa og snakke med alle desse framande Sellane. Mest i kvar Heimstad, der det var bergelegt Husrom, so dei kunde hyse ein tri, fire Mann, budde det Vegarbeidarar, mest uttanbygdes Karar, sume heilt fraa Telemarki, fraa Voss, Modum og sidan fraa alle Landsens Kantar. Lettliva Sellar som hadde fari vidt umkring, var mange av desse Vegarbeidarom — ikje alle var av dei beste Bornom til Vorherre, men det fylgde slikt Liv med deim naar dei fortalde um Verdi utan ifraa og korleis Live tedde seg paa andre Stelle i Bygdom. Den stille, avstengde Grendi vart som uppskaka av all denne Sjauen, ho fekk med eitt so mykje nytt, uvandt og framandt yvi seg, at ho kom mest av Lagi dei fyrste Vikune. Men det stod ikje so lenge paa; den gode, gamle Folkeskikken var so vel røta, at han kom ikje lang Stundi av Fare sitt. Ei og annor ung Jente kunde verta „uppstyrd“ ei Tid i einkvar av dei framande Gutom som spela Bas, kvar det var ein Dans i Grendi; men det „gav seg“, jamnast, utan stor Hugverk og djupe Hjartesaar etter.
Heime paa Garden var det som i ei stor Maurtuve, verre hell nokon Gong um Aari fyrr, heile Vintren. Den vanlege Ferdi etter Isen var større hell ho plaga vera, med di dei ytste Bygdine i Dalen hadde faatt eit laakt Kornaar, og dreiv med aa kjøpe Korn og Rug uppi Lomsbygdi um Vintren. Difor foor det Kornkjørarar dagandes Dag og Lomverine sjølve kjørde tilvegjes Flesk og Smør og andre Matvarur, dei avhenda til Vegarbeide. Og so kom allt Vegfolke attpaa: so manna som det var i Stugo heime den Vintren naar det leid til, at dei 3 Akord-Lagi heldt Kvild Kl. 10 og Kl. 3, saag eg det aldri korkje fyrr eller sidan, for da vilde alle ha Kaffe til Maten sin. Det var so stappa med Folk, at det var Uraad aa snu seg, og i Slutnaden av Kviletimen var Tobakrøyken so stinn, at det kunde staatt Halmstubbar i honom. Enno verre var det annankvar Laurdag, for da kom Løitnanten og betalde ut Løn til 6 eller 8 Akordlag, og seint paa Kveld naar Lønningi var avstande, laut Tenestjenta fyrst reinske Golve med Spaden fyrr ho kunde byrja med Golvfilla.
„Veg-Løitnanten“ var ein sers godvorin, hugnaleg Mann og Fruga hans enno meir. Ho skjøna seg paa Sjukdomar og var mykje søkt av Smaafolk, for ho tok aldri Betaling, korkje for Lækjeraadi eller Lækjedomen, og meir hell ei Menneskja var takksam mot „Lytnansfruga“ for god Hjelp og Helseraadir.
Kaptein Brun foor au jamnan og kvilte da heime, etter han hadde set yvi Vegarbeide; det var no hann, som stod for den heile Vegbyggingi upp etter Ottadalen. Brun skulde vera ein hugnaleg Mann han, au, men den store, tjukke Kapteinen med dei svære Bartane tykte eg saag so morsk ut, at eg stødt kjende meg kjøvd naar han kom i Huse. Eingong tok han meg under Hoku og gat paa, at det nok kunde verta eit bergelegt Soldat-Emne av meg med Tidi — sidan fekk eg som betre Tru um han.
Med Ess’dølom i Eldhuse gjorde eg meg godt til-vens, baade med Smeden, han Per Eggen, og han Hans Ingulshus, han Jokum Vas-enden, han Sima Klukkarhaugen og dei hine fire. Gamle Hans Ingulshus song utur Volqvart og Petter Dass ein og annan Gong, og da sat eg paa Bakstefjøli og lydde paa. Og med Smeden kom eg meg so godt inn, at han gjorde meg ein litin „rett“ Minebor, Feisel og Reinskejarn — han hadde nok set at eg minte i ei hard Snøfann um Dagane, lødde med Kolstybb, gjorde Faktirne med aa tende Lunta, skreik so „Varsku her!“ og sprang som eg skulde ha Ofsin etter meg. Men no, da eg fekk „rigtig“ Mineambo, slapp eg til aa bora Hol i Staburstropp-Hellune, og der dreiv eg sidan heile Dagen, heldt Boren i ei Hand og bruka Feislen med den andre, medan eg „song paa Boren“ so det ljoma i Gardsrome. Ei større Gaave kunde Smeden aldri funni paa aa gjevi meg.
Men denne Vintren med allt sit yrande, uvande Liv og all den ofselege Sjauen seint og tidleg, gjekk utur Maaten snøgt; Vaaren kom fyrr me visste av det og so bar dei til aa gruse „Nyvegen“. Da det var gjort foor dei yvi han att og fram med den store Vegrullen — og so hadde me faatt ny Veg gjenom Ottadalen. Det hadde vori fælt til Braak den Stundi, dei arbeidde han, og Minne um Vegarbeide og „Veg-Karane“ heldt seg lenge i Grendi etter. Elles saag det for det snøgge ut til, at Grendi fort kom att-i det gamle Lage sitt, men eit stort Skifte vart det no likevel; det saag me best heime, da neste Vintren kom. For da var all Ferdi burte av Huse, no foor ho etter Nyvegen paa hi sida av Elvi, større og jamnare hell ho hadde vore fyrr um Vintrane.
Og etter den nye Vegen kom det sigande, stillt og liksom umerkjande, det eine Avbrigde etter det andre baade i eitt og anna. Difor kom aldri Grendi heilt i det gamle Lage sitt meir; for Nyvegen hadde nok skaka av Lag noko i sjølve Grunnen, da Folke rett skulde sjaa til.
- ↑ Da Vegen var bygt gjenom Elstadkleivi — den gamle Bægjelskleivi — var det ein gamall Gardmann i Heidalen som ikje vilde tru, det var sant; han hadde fari og ferdast der mykje i si Tid og paastod difor, at det stod ikje i Menneske-Magt aa gjera flat, god Kjøreveg i Elstadkleivi. Dei skulde sleppe gjera Narr av honom paa den Gjerdi, Gapane.