I Heimegrendi/4
Storflaumen.
Dei Gamle bruka mykje aa mæle Tidi fraa eitt eller anna Storhende dei saag paa som ein Mar’stein millom Tidsbolkom: 1612 og Slage i Kringom, „da Skottane foor“, var ein slik Milestein som enno ikje var reint nedvaksin i Mosen i mine Smaagutdagar. Ofsin i 1789 var det same eins med „3 Aar fyrri Ofsin“ „7 Aar etter Skridusumaren“ o. s. b. So kom „Hardaari“, 1812, 13 og 14, dei vara meir hell ein Mannsalder til Tid-Maal, di næst vart Brunen paa Tolstad i 1856 ein ny Merkepæl heime i vaare Grend; ein av Grannom heime gjorde seg nokre Aar etter ein Skiftestein for eigi Bruk, han mælte baade fram og attende fraa „det Aare, da det nye Matrikulle foor“, det var den nye „Matrikuleringskommissjonen“ han meinte paa.
Men elles fekk me baade i Heimegrendi og vidare i Bygdi ein ny Tidmælar i 1860, „Storflaumen“ eller „Stor-Elvvoksten“; det var ein Tilburd som heldt seg frisk i Minne i meir hell 20 Aar etter, og enno er ikje den Mælaren heilt burte millom eldre Folk.
Vintren 1860 var ein stor Snøvinter og Vaaren var baade sein og hard so Snøen berre verkte av ned i Dalom, og i Høgdom laag Snømengdi mest den same utetter heile Vaaren og fyrste Bile av Sumaren. Umkring Midten av Juni slog Vere um med einn Gong, det vart braa-godt heilt upp til Høgfjells og den 14de og 15de Juni voks Otta og alle Tverrelvine henna uppum det vanlege Flaumstøde. Laurdagen den 16de bar det til aa stridregne so det berre hølja ned heile Dagen og Natti med. Attaat var det varmt som i ei Laug, radt upp i dei høgste Fjellviggune. Paa Eftansida um Laurdagen voks Otta so fort, at ein kunde sjaa „Landbaara“ øykte seg lenger innetter for kvar Gong ho kom rullande. Heime, der Husi ligg so nær Elvi, saag det reint uhuglegt ut um Kvelden, Elvi rann like inn til Laaven og Sauefjose og i den Søkki, der Eldhuse staar, heldt ho paa aa stige, so den laage Grunnmuren berre sovidt synte. Stugo og hine Husi stod meire upprise og deim var det mest utenkjande, at Elvi kunde naa, men i Stugukjellaren dreiv Vatne paa aa sige inn fraa Grunnen, heile Laurdagseftan. Me gjekk og lagde oss alle seint um Kvelden so nær som ho Mor, ho kunde ikje faa sova og difor gjekk ho uppe all Natti aa kalle for. Det regnde utor Maaten Natti igjenom og Vere so varmt, at det kjendest andmodt. Klokka 6 um Sundagsmorgonen vekte ho Mor oss og fortalde, at no hadde Elvi vaksi so utur Lagi, at ho ottast for, at Smaakrøturi i Sauefjose stod i Vatn til Knes. Med same me kom upp saag me Elvi gjenom Høgsetglase velte seg nedyvi upphøg i Midten, stygg og brungraa paa Lit og med ein Søg og eit Dun to tung, at me tyktest kjenne allt bivra og skolv. Regne hadde halde upp men det tippa og draup i Kapp fraa alle Jord-Tak og det lyddest som ein Song rundt um av Draap’om naar dei fall mot Fjølir, tome Byttur og Koppar som kunde staa frammed Veggjom her og der. I Sauefjose stod Elvi yvi heile Golve, Sauine stod livrædde inn med Veggjom og styrmde ut som ville Dyr da Døri kom upp. I Eldhuse sigla det Traug, Mjølbyttur og Krakkar um ein annan, støytte ihop og heldt eit fælt Leven, for Elvi hadde grave eit stort Hol paa Muren so Baaredrage gjekk ut og inn. Inn i Eldhuskleven var det att ei tur Kraa for det laag ei tjukk Helle ned-paa Auren paa tvo Kubbar, og paa henne hadde ei Kjuklinghøne sanka dei 11 Boni sine under Vengjine. Og i Laavegolve rann Elvi stri som ei Sag-Renne, minst 1 Alen djup —, sette ho berre paa aa grava i den lause Sandgrunnen, so kom ho til aa reise med heile Laaven. Kvernhuse stod i Elvi til halv-midt upp paa Veggen og det var no paa Vegti til aa fara, kva Tid det skulde vera.
Utyvi Dagen til Klokka 11 dreiv Elvi framleides paa aa vekse til kvar Stund enda det saag ut til, at det ikje gjekk med slik Ofse lenger. Men no var ho au fæl aa sjaa og det stod ein Utokke av henne som lagde ein kjøvande Uhugna yvi alle. Alle Stadir, kvar du saag, fløymde Elvi innyvi Breddine og stod yvi Aakrar og Engjir, den uhorvelege Vatsmengdi velta og braut seg fram med slikt rasande Laup at du vart som svimrin av aa stire paa ho. Fraa baade Landsidur klembdest Vatsmengdi ut mot Midten og der gjekk ho med ein 3 Alnir høg Kam som rusa avstad i den villaste Leik, so Spruten stod himilhøgt nedetter heile Elvedrage. Og so Eidsfossen! Naar du saag dit nedover ruvde det for, at Vatsflaumen heldt paa aa stadne upp med same han skulde tvingast aat Fossestupi — det saag for Augom ut til, at heile Elvi rann imot Bakke ein 5, 600 Alnir og nærast Fossen vart ho eit kokandest Hav som den eine Stundi hevja seg høgt til-vers og den andre datt djupt ned att; kvar Gong det sokk ned mot Bergebotnen stod Spruten beint upp til himils, og du høyrde ein Dyn som um Høirne vilde rynja ihop. Det var mest som ein kjende seg reint naamen av aa sjaa desse utemjande Naturmagtirne spela seg so Jordi skolv under ein. Og so denne fæle Søgen og Duren som var so sterk, at det gjorde illt i Øyrom. Gjenlyden fraa Bergveggjom og Høom gjorde, at det høyrdest ut som heile den tronge Dalen laag og anka seg i siste, harde Striden.
Enno hadde ikje Elvevoksten byrja aa gaa attende og ved Høgstdags-Leite Sundagen var Flaumen styggast — da var au Uhugnaden verst. For da bar det til aa reka i tanande Fart Stokkar av Hus, Dørir og Dørkarmar, Benkjir, Koppar og Kjøreld — dette bar ei stusleg Bod um, at det no heldt paa aa hende Ulykkur lenger upp i Bygdi. Skulde der berre ikje spørjast, at det har gaatt med Liv! I Einingi rakte det eitkvart ute i den fæle Straumkammen midt etter Elvi, Furu og Gronnir, Bjørk og Esp med Kvistar og Greinir, heile og haldne med Rot og Ty, kapla seg i Straumen som Halmstubbar og foor som Pilir nedetter Elvi. Der det var ei Evju eller ei Stille, sanka Rate seg so tjukt at du saag ikje ned paa Vatne, og inn millom denne tjukke Myrja som huska i Baardrage, saag ein baade eitt og anna av Husinnreiding, sumt var knasa og sundbroti men sumt kunde au vera like heilt.
Ute paa „Fossbergom“ samla Folke i Grendi seg, Unge og Gamle, for aa sjaa paa Fossen, slik hadde ingen set han fyrr i sine Dagar! Dei tri høge Falli som kvart Aar plaga halde svært til Dunder kvar for seg i største Flaumen, var burte — heile den braadjupe, tronge Riva millom Bergveggjom var no ei einaste sjodande Renne som kokte, bubla og spruta, tvinna og kvirvla seg i alle tenkjelege Skap, gaus upp til Hushøgdir og fall ned att i same Augablonk, kasta seg mot ymse Bergside so Vatne dreiv langt innyvi som ei tjukk Skodde. Folk stod tagalle og bleike; nede paa Grunnen, djupt under, lyddest ein underleg Dunder som eit Torebrak og heile den trauste Bergbotnen skolv under Føtom. Alle visste, at dei her stod paa traust Grunn, men ingen tordest vaage seg nære ut-paa for aa sjaa den ville Leiken; dei agalause Vatsmengdine tvinga seg med ei fælsleg Villske og ein Domedags-Dunder gjenom den tronge Renna i „Fossberge“, so Manna-Auga og Manna-Øyra liksom ikje stod ut med aa sjaa og høyre det.
Naar ein stor Timberstokk eller eit heilt Tre med Rot og Topp og alle Greinir kom farande midt etter Elvi nordan-til, vart dei burte med det same Fossen gløypte dei, du saag ikje Timdi av dei ein Gong i heile Fosse-Renna. Men ein 5, 600 Alnir lenger nede naar Renna slepte Tak, der kom dei skjotande att; beint upp som ei Pil, heile 4, 5 Alnir upp yvi Vatsmaale, kvista og karta so berre strake kvite Strangane synte seg.
Bygdafolke var fælne og bar til aa snakke um Ofsin, dei tok upp att det, dei hadde høyrt av Far eller Bestefar um Flaumen i 1789. Gud vera Lov! — Skridur kann det ikje bera til med no, som den Gongen, og med Guds Hjelp maa fulla Flaumen no straks gjeva seg, sa dei. Og Elvi gav seg au; etter Høgstdag ei Rid um Sundagen tok ho til aa draga seg attende og Folke kjende den tunge Otten gaa av seg.
Var Otta sjøl agalaus, so stod ikje Tverrelvine att, dei, vissa, som hadde Ibot[1] i Høgfjelle; dei floug upp paa nokre Timar og bar til aa øyre laust og grava ut til Otta vart som ei Leirsupe aa sjaa paa. Rinda var fæl heile Sundagen, det stod ikje i Folkemagt aa koma yvi ho um det so galdt Live — Kloppi maatte dei rive Farveden av straks um Morgonen, for ho tok til aa koma med store Lyftarsteinar ho kasta upp paa Kloppi. Nede paa Skridu i all den gamle Øyri etter Ofsin i 1789, sette ho paa med aa grava seg det eine nye Fare etter det andre. Naar ho hadde grave eitt paa ein 2, 3 Alnir djupt, emna ho paa eit anna og kor mange Tusen Merra-Lass med Øyr ho kunde kjøyre ut i Kokkhølen paa eit Par Timar, er vandt aa vita.
Og nordi Finntryu rigjorde Finna enno verre og heldt paa aa gjera sama Spele som i 1789 — ho spøkte med aa gaa paa Kyrkja og Folk arbeidde av all Evle for aa faa bægt ho fraa. Kyrkja bergast, men det Finna hadde etla av Klukkargarden i 1789 det gjorde ho Ende paa no og sidan foor ho hardleg ille med Smedsmo. Sør etter Vollom stod allt under Vatten til langt upp i Bakkane og Husi reiste av paa mange Heimar; der heldt det paa aa gaa gale med ei Kjering og 2 Born, dei vart frelste i siste Liten av ein Mann som reid ut til deim med ein Hest.
Laagen paa Sell og Sjoi i Heidalen hadde vore paa same Lydska og Skade hadde dei gjort baae, men noko Manneliv gjekk ikje med i heile Bygdi.
Heime i Grendi var me innestengde i 2 Dagar, for nordetter „Kleivom“ stod Elvi mange Stadir baade 2 og 3 Alnir over den stakkars Gongstigen. Mondagseftan minka Elvi ned til det vanlege Flaumstøde sitt, og da bar det til aa verta opin Veg att so me fekk høyre, korleis Flaumen hadde vore paa andre Stadir i Bygde. Baade Sjoi og Laagen naadde Maale i 1789, men Otta rokk ikje heilt Maale, det vanta paa Lag 6 Tumar, for Flaummaale i 89 er hoggi i eit Berg paa Lalm. Etter heile Gudbrandsdalen var det Storflaum, men langt ute i Dalen var han paa det høgste ein Dag seinar; Mjøsi var so stor, at ho gjekk upp i Strandgata paa Hamar.
So det var ikje just noko underlegt, at „Storflaumen“ vart ein Tidsmælar ei Tid frametter.
- ↑ Ibot: Tilløb, Tilsig.