Hopp til innhold

I Heimegrendi/3

Fra Wikikilden
H. Aschehoug & Co. (W. Nygaard) (s. 1582).

Kveldsetu-Rødur.

Det er bitandest kaldt so det berre kvin i Snoi etter Elvedrage og ved Hoggestabben fyk Smaaflisine undan som det var stride Vinden. Han Gamle-Per held paa høgg Kveldsveden og han er eldande raud i Kinnom, men det stride, strake Øyreskjegge hans laver av Rim. „Det er ein Fane’s Flekk Far din har funni seg ut aat Hoggestabben, her staar Snoi paa som utur ein Smiubelg,“ sejer han da eg kom etter eit Fang Ved; men han var so valin paa Lippom det var med Nødi eg skjøna kva han sa. Av og til smell det i Grunnen som Børseskot. Himilen er graabrun lengst i Aust; høgare uppe og i Vest er han klaar som ein Spegjil. Det ser ut til Traa-Kalde, au.

I Skumskote kom det tvo Lystringar tilgards, han Store-Kristen og han gamle Arne Skagen; dei bad Hus og det var det ikje nei til, maa vita, for han Kristen hadde no i mange Aar vori liksom den faste Fehandlaren heime, han. Karane fekk Øl-Drikke og Bete-ti og sat no i Halvmyrkre inne i Stugo og venta paa, at han Far skulde koma inn — det leid ikje so nokon av Gardsfolke som hadde Utearbeid for seg, hadde „sett seg inn“ enno. Dei heldt paa aa kveldstelle kvar med sitt. Far og Gamle-Per hadde vore paa Sætri etter Høy um Dagen og da dei hadde eti None og avlesst Høylassi, byrja Per med Kveldsveden og Far bar i Stallen aat Øykjom. Med di gjort var Dagen endin; for enno var det smaatt Dagen hadde togna fram att, det var berre ei Viku etter Tjugand’-Dagen.

Etter som kvar vart ferdig ute, kom dei inni Stugo og „sette seg inn“. Gamle-Per var den fysste; han kom berande med eit Fangan smaakløyvd Bjørk han slepte i Ved-Roi: de var Meiningi, det skulde verta Stellband og Stengjingsnaglar av deim utetter Kvelden. Per var stødt so velsemleg og donteleg med allt; no hekta han fysst saman dei gamle, slitne Hundskinn-Handskane, rengde so av seg den stutte, velbøtte, steinblaae Frakken med dei breie Fikkune i Sidom og hengde baade Handskar og Frakk paa ein Veggjekrok ved Stugudøri. Kroken sat høgt og han Per var stutt i Vokst, difor lout han strekkje seg dugeleg og da ruvde han so skrinn og litin i Broki. So hekta han av Snøsokkane og hengde upp-yvi Vedroi, fann seg eit Bryne og kvatte Tolkniven og med di sette han seg paa Stabben med Nagl-Spikkingi si. Attaat di var de Arbeide hans aa helde Eldsmaale ved Lag, Kvelds-Veden var det eg og Stugujenta som bar inn. Og me tykte stødt det var ein litin Hugna for oss aa bry han Per av Sessen kvar Gong vi kom med Vedfangom vore. Daa tok han Tolkniven millom Tennom, fløtte seg undan og gav oss eit Par olme Augo naar vi var heller seine i Vendingi, og merkte han, at vi var andløgde, sa han oss radt nokre velmeinte Ord attaat.

Med di same han Per var vel i Gonge med Naglom komi, var Budeia ferdig til aa setja seg inn, fann Ullkorgi si og Rokken og spann so det dura yvi heile Huse. Og no kom han Far inn, berande paa Selety, Reip eller anna som var i Ustand og skulde vølast i Kveldseta. Um det ikje var Revs-Glefsa han skulde fli upp att, for den hadde han ute Vintren igjenom. Denne Gongi vart de no berre smaatt med Arbeide, maa’ta; da han hadde skilt seg med det han hadde i Hendom og lagt Vottane paa Bostkaste, vart det Neva-Helsing og Takk for sist med Framandkarom og so barst det midt uppi Røda um Fe og Fe-Prisar og Bymarknaden i Haust var, med einn Gong. Fysst skulde no Kristen høyre, um det var noko Fe der paa Garden tilfals.

„Ja eg veit ikje eg, det skal fulla vera nokre Krokar, au.“ „Krokar? e de da Skrangle-Fe og? — Kvige-Fe?“ „Det skal sagte vera tvo tvoaarings Kvigur og ein triaarings Graungs-Pose — eg har ikje set paa deim eg, sidan dei kom paa Baasen ihaust. Men det er visst ikje mykje aa staa etter, skal eg tru. Døkk fær handle med Kjeringi um det er slikt Fe, døkk vil ha det. „So, du trur ikje da e noko vidare te Beist dao? du er fulla rimeleg pao Prisen og, dao?“ „Aa, me vert fulla samde um Prisen i Aar som førr um Aari, er Von; døkk fær sjaa paa Ruske i Morgo — eg har nok ikje høyrt gjeti Fe-Prisom iaar hell, eg.“

No vart det eit langt Samtal um Prisar og Bymarknad og dei knipne Slagtarane som i siste Tidom var dei, som raadde for By-Prisen paa Fee og med di hadde Fe-Karane i Lumma. „Du ska vita, da er ikkje no lenger som dan Tidi du, Jakop, handla med Fe. Dykk dreiv og handla med slike Gauvar som Jakob Meyer, Tofte, Rosenberg, Heftye og Mathisen paa Linderud — dei var ikkje so haole med Prisadne, dei Karadne. Men desse Slagtartrodli, dei er da versta du kann dragast med pao Marknaden — dei veit pao Morki kva eit Festykke veg, dei, og hev du ikkje plent vore gløgg med Innkaupe, so skal du ha Takk, da verte dan andre Vegen med Fortenesti. Og so verte da so skamlaust dyrt pao adle Vis — Hamneleiga i Fjedle, utyve Bygdedn og med Byen kjem upp i slike Prisar, at da finnst ikkje Meining i da lenger. Nai, da verte da greiaste aa slutta med Handelen, ser da ut fyre; so kann Bygdekaradne driva aaleina med da — dei hev betre fyre aa tena Pening dei, som slepp betala Fjedlhabni i Leirungsdalen.“

„Aa, det gjekk upp og ned med Fehandelen i mi Tid, au, ettersom Sumaren og Hausten var til. Prisane var smaae, naar me kjøpte inn og smaae, naar me selde att i Byen, imot no. Kom det eit Hell-Aar saa tapte me Pening paa Fee vort den Tidi, au. Men, seg meg, skal du liggje ved Hestevoll med Drivti til Sumars?“

„Nei te Sumars skal eg liggja i Nedre Heimdalen.“

„Ser du det! — ja da fær du Fehamn som er setande vert det berre god Sumar. Der kann de berre hende eg er kjend! eg tykkjest sjaa kvar ei Tuve og kvar ein Stein ved Osen og umkring Fe-Lægre. Men eg var no ikje gamall Karen da eg bar til aa ferdast der, heller, maa du tru. Eg fekk gjera Følgje med Far fysste Gongi i 1812, „Hardaare“, og da var eg berre 9 Aar gamall. Eg minnest enno so vel, som det skulde vore i gaar, da me budde oss paa den Heimdalsferdi. Dei hadde Fe ihop i Heimdalen Far og yngste Bror hans, han Anders Farbror, og Anders, som var Lauskar, laag der og gjætte Fee. So skulde Far sjaa burti korleis det stod til, han vilde kjøre ei Matkløv med seg med di same, og so fekk eg Lov paa aa gjera Følgje med honom. Men fysst skulde dei matraade seg heime til Sumars fyrr me slapp paa Fjellferdi. Det lidde so langt som ein fjortan Dagar over Jonsok, men alt da var det greidt aa sjaa, at det ikje var anna aa vente, hell eit stort Uaar med Kornavlingi. Det hadde vore eine Kaldnatti etter den andre og Illvers-Rosur imillom med Snø langt ned i Lidine. Aare fyrr hadde vore eit skrinnt Kornaar, difor var det ingin som hadde noko „under“ av Grønvarur og no hadde ikje Folk annan Utveg hell aa skjøyte med Bork, Mose, Heimul-Blad[1], Nepekaal og Bein for at Grøne kunde rekke so langt det var Raad. Det var ikje Spøk aa koma aat Byom i dei Dagom, veglaust som det var her i Nordbygdom; men mange av Gardmennom kjørde Korn i Kløv yvi Sygnefjelle fraa Lyster og ivi Slaadalen fraa Raumsdalsnese, den Sumaren. Ein av desse Kornkjørarom som skulde ned paa Nese, umkomst paa Slaadalen ved Jonsok-Leite; han kom fram-i ei slik Uversrid med Kalde og Snødriv, at han fraus ihel.“

„Ja, heime vilde dei da bruke Matmose aa blande i Brøde og det var stort Arbeid med aa laga Mosen til paa rette Gjerde, elles vart ikje Brøde etande. Fysst var det aa koke ein stinn Grout av Mosen, so skar dei Grouten i tunne Revlingar og lagde i Lut eit Døger. Etterpaa lout Luti vatnast ut i Kaldvatten og da fysst var han ferdig til aa mengjast i Flatbrød-Deigen.

Det var han Far og ein av Husmennom, heitte Stor-Sjugurd, som stod forr med aa laga til Mosegrouten; dei dreiv med di i Pannehuse og hadde eit Groutemne, som fyllte den store Panna og han Sjugurd rørde i den stinne, svarte Supa med ei avbragdsleg stor Tvoru til Sveitten rann av honom. Han tok allt so aalvorslegt, han Stor-Sjugurd, og kva han gjorde gjekk med Driv og Magt. Best det var, brout han av den store Tvora si og med di vart han so leid av heile Greida, at han kasta Tvoru-Stubbane, fann seg Øks og Ravl og sette uppi Lidi til aa flekkje Furubork — Mosen fekk han imot.

Sist kom dei endeleg so langt med det, at dei fekk tillaga noko Brødblanding baade av Mose og Bork, og ei Kjering baka upp ein stor Flatbrødstabbe av baade Slagom — me tok enda med nokre Leivar Borkebrød i Matkløvi, da me foor aat Heimdalen. Jou, det saag svært gjildt ut og ein kunde tru det var heilt Forkunmat enda-til — det var so gult og dant som det finaste Rømmebrød. Eg hugsar vel da me kom burti Heimdalsbui aat han Farbror og Nista kom paa Borde um Kvelden. Da treiv eg fysst etter det gule Borkebrøde. „Aa, lat detta vera, Jakup! du skal kjenne det sparar seg sjøl for deg,“ sa Far. Og so gjekk det, au — Borkebrøde var so beiskt, at eg fekk ikje ned den fysste Biten av det.

Jou, det var fysste Heimdalsferdi mi, det; han var stødt slik Kar til aa draga med seg oss Gutungane, han Far, kvar han foor; me fekk følgje med honom baade i Fjell og Fjøra strakst me vart so vidt me fekk Broki paa oss foruttan Hjelp. Same Sumaren var eg med honom ved øvre Sjaadalsvatne, han var der og drog Not, og annor Hjelp hell eg, ni Aar gamle Gutungen, hadde han ikje med seg — jou det skulde sagte verta Fisking av. Men trur du ikje eg var so arg likevel, at eg var med og drog nie Varp fysste Natti me var der — eg veit det var paa Naudknip for meg meir hell einn Gong um Natti. Naar Noti gjekk hardt paa Botnen, vilde ho tøygje Karen uti opne Vatne, da hadde eg ikje annan Utveg hell aa hekte meg fast i Einekjørrir med eine Handi, til Noti gav etter. Jou, vi tok ikje so lite Fisk um Natti, likevel, men dykk kan tru eg var vel endin, da me kom heim i Fiskebudi att i Solrenningi um Morgon — eg somna paa Brisken medan Fiskegryta kokte.

Fysste Sumaren eg hadde Fe i Heimdalen var eg atten Aar gamall; eg var i Lag med Anders Farbror, for han laag stødt i Fjelle og gjætte Fee sitt sjøl. Han var alle Tidir so aalvorsleg av seg, han Farbror, mest som ein Einstøding aa kalla for, som no tilkomne Ungkarar jamnan vert. Eg var no i dei villaste Aarom mine og dertil ein Galning, au, so det var ikje alle Gongar Anders tykte retteleg vel um meg. Men noko Leidt imillom oss var det ikje, han var no so god av seg, at eg aldri kunde ha Hjarta til aa vera vanagtig imot honom.

Han var noko gudeleg av seg au, vissa naar Verdi paa ei hell annor Gjerd bar til aa snu ut Styggesida si. Det var ein Gong me fekk ei fæl Illvers-Rosu um Sumaren med Snø som høgste Vintren og Nordanvind, so ein hadde nokk med aa halde seg paa Fotom. Fee kom ned-att paa Lægre og vilde kav røme sin Veg og eg fekk bruke dei Kreftir eg aatte for aa halde paa det; Farbror var for stølvint vortin til aa kappspringe med Fee. Noko av Ungfee var verst og dei heldt paa aa forsetja meg Gong paa Gong. Best eg sprang som likast ute kring Lægre, stoma og bala, kom han Farbror ut i Budøri; han saag uppi Himilen etter Verbragdi og so fall han i Kne paa Dørstokken og bad Vorherre um aa stille dette rasande Uvere att. Eg foor i eitt Flog, mest uppgjevi og so sinnt, at eg vist bad aat ein annan Mann, eg.

Rei ein Gong veit eg han Farbror foor ei grov Skeivferd inni Budi den Sumaren. Det var tidleg ein Morgo han sat bøtte Hosu-Hælane sine medan eg gjekk uppi Fjelle og saag etter Drivti. Da eg kom ned att sat han paa Halvt-Hall paa Brisken so sturin og burtgjevin, at eg saag det var noko ser-um Lag paa Ferd med honom. Jou, det var medan han dreiv med Bøtingi, han skulde reise seg upp av Krakken, han, og taka ned Knebandi sine, hekk paa Omnskroken — medsame sette han Stemm-Naali[2] i Traadnysta han hadde liggjande fram-med seg paa Krakken. I di han reiste seg, jou, Guds-de, hadde Nysta trilla midt innpaa Krakksæte og da han sette seg ned att med full Tyngd, kjørde han den lange Naali beint i Storenden, like inn aat Beine og — brout Naali av! „Men brout du av Naali og ikje fekk utor Stubben att, heller?“ spurde eg. „Ja, Guds-de, ho rouk og fær nok sitja der, au; skulde det berre ikje setja seg i Verk attpaa, so eg vert liggjande fyri her,“ sa han. Du kan vita, det var jammerleg illt med de same, men elles gjekk det betre hell Voni var, for eg høyrde ikje meir um det sidan um Sumaren.

Jou, so var det ein Dag, han Farbror sette paa med di, at eg skulde endeleg sjaa uppi Fjelle etter Reinen, han tykte det var laakt aa liggje like i beste Reinsvon, som vi gjorde, og ikje ha eit Spa fysste Gongen. Sjøl var han aldri nokon Skyttar, men hadde no Rifla med seg paa Voni. Det vart so, at eg tok Rifla og skulde gjera ein Svarv uppi Fjelle, det kosta ikje meg meir det, maa’ta i dei Dagom; men god Tru paa, at det vart noko i Gryta etter, hadde eg ikje.

Me laag i Krossnes-Budi den Gongen, og eg gjekk upp-med Krossnes-Aai og vilde sjaa inn i Vetlkvølven; eg tenkte meg, at der var beste Voni. Men da eg naadde uppaa Krossnes-Tunga, fekk eg Auga paa fire Dyr i ein litin Kvelv paa vinstre Handi — det var ikje lenger undan, hell eg saag beint ned i Budi vaar, der eg stod. Eg fekk godt Stilland paa Dyri og so forherdig som eg vart med same, fysste Gongen, maa veta, var eg ikje lang Stundi um aa stille fram og koma i høvelegt Skot med Dyrom. Eg saag det var eitt Dyr som ruvde meir hell hine, og det heldt eg paa. Jou, eg slog godt so Dyre vart liggjande paa Flekken og da eg kom burtaat, var det ei stor, feit Gjeldsemle — kann berre hende eg tykte, at detta var eit godt Varp. Eg kjende mest ikje til meg, der eg stod, kan eg tenkje. Semla laag og spente med Bakføtom og detta skulde eg gjera ein kvass Ende paa, fata Kniven utor Slira og skar ho i Halskroken; men meinar du ikje detta gjekk med slik Ofse, at eg fekk kjørt Kniven inni Tjukkleggen min med same, kav innaat Skafte, au! Til all Lykke var det ein litin, stutt Nabb til Kniv og eg fekk ikje anna Mein av det, hell at Foten kjendest noko stiv dei fysste Dagane etter.

Da fekk Karane Ferskt i Gryta. Han Farbror var stødt Kokk, han, og no kokte han Sod paa Reinslivri — Gud fri deg kor frek ho var! eg kunde ikje svelje fysste Skeidi. „Aa sup, Gut, Bitterdø du skal kjenne ho er god!“ sa han Farbror og soup som han skulde havt Betaling for det.

Me laag og gjætte Fe i mange Sumrar eg og han Farbror; han var stødt so glup aa vera i Lag med, aldri var han tungsint hell rangsnudd og difor kom me so godt utav det med kvarandre, eg og han.

Ja Fjelle er det tylegaste eg veit paa beste Sumaren — og so friskt og lett, det er mest som du ikje kjenner du trød paa Jordi, og met korkje Yl eller Kalde. Men den, som skal liggje i Høgfjelle heile Sumaren igjenom, fær altid kjenne baae Slagi; men so lengi ein er i beste Aarom, skal det noko til fyrr ein gjev seg over um det kan vera so det klær Kroppen au, mang ein Gong.

Og eg veit mest ikje noko Yrkje ein kann slite verre med, hell med Fehandelen sume Tidir. Naar det fell inn med Uver av argaste Slag um Hausten, med same ein skal fara utor Helle med Fee — Snø og kald Vind solengje Fjellferdi varar, og sidan Regnver Dag etter Dag etter Drifti er komin ned i Bygdine, jou da fær ein kjenne kva det har paa seg.

De var ein Haust me foor utor Heimdalen med Fee, me fekk ei fæl Skure, det var enda siste Hausten Paal Bjølstad hadde Fe, veit eg; han hadde alt teki til aa skrangle, so han vaaga seg ikje til aa fara Fjelle med oss andre. Han vilde møte oss i Lands-Torpen naar me kom ned av Fjelle me Drifti, taka Hestane og fara fyri inn aat Byen og leige Byhamn.

Vere var so overlag fint den Dagen me drog ut, og slikt heldt det seg fysste Dagen til me kom aat Storhølidi. Da me foor derifraa Morgon etter, bar det til aa verte graatt og hengjut umkring Høine; men det vart ikje meir av di den Dagen, det var stillt og bar ikje ovan. Til Kvelds naadde me paa Storfjelle og lægra midt paa det høgste; rundt alle Fjell gjekk det graae Yrur og var grinut og kaldt. Me reiv ihop ei Bosu av Kjerringkjørr til Underlag, sette ihop alle Aaklædi vore med Trepinnar so me fekk eitt svært Flak til Aabreidsle, og med di var Lega vor til Natti ferdig. Det var Taksten, aa ha eitt Ull-Aaklæde til Manns, og naar vi festa deim ihop paa denne Gjerdi, vart det ei Yvibreide so tung og god, at vi fraus ikje naar Vere var stillt, — so lengi alle laag heilande stille, da, var det nokon som bar til aa snu hell kaste seg det minste, var det slutt med aa halde paa Ylen sidan.

Men denne Natti var det ikje vandt um aa halde paa Ylen. Da vi vakna um Morgon, skulde døkk berre ha set: Snøen var komin so tjukk, at det synte seg berre som ein litin Runding yvi Matbumbom vore!

Eg gløymer ikje den Morgon paa Storfjelle; og so rart som det var aa sjaa Drifti da vi kara oss paa Vegen fraa Lægre. Han Vetl-Paal Gjætar stampa fyri og lokka og heile Drifti rekte etter, eitt for eitt Krøtur, det eine i Slagi aat det andre — eg tenkjer Reidi var ein Fjordung lang, for det var gode elleve Tjuge med Fe. Vere bar til aa slaa seg so det lagde seg Skodde her og der i Kvelvom, og rett som detta var heldt han Paal Gjætar paa og vilde fara ei gali Leid. Eg maatte ride framum aat honom og rettleide han, elles hadde det borest burti Høir og Heim med oss. Han var no vel kjend utyvi Fjelle, men Skodda kan snøgt gjera ein vegvill. Me brøytte oss fram i Snøen til me kom ned av høgste Fjelle og naadde nedi laagare Lende paa Eftansida; da var det sovidt Snøen bar til aa slata av so Fee fann berr Mark, det hadde no ikje smakt grøne Straae heile Dagen heller, fyrr. Enda fekk me ei Styggvers-Hetu da me foor yvi Snerfjelle; det bar ikje ovan da, men bles so eitrande surt og kaldt, at du kjende liksom Vinden foor midt igjenom deg. Det Snerfjelle er hardaste Høgdi eg har fari yvi, og alle Fe-Karar hadde au ein Byks i seg for det vetle Fjelle.

So gali som den Hausten kann eg no ikje minnast Vere var, heller, nokon Gong, me foor Fjelle; men elles hadde me det baade vaatt og surt meir hell ei Vende. Naar det regner og øys ned Dag etter Dag, som um Himilen var opin, er det ingin Lystmat aa fara reka med ei Fedrift, korkje etter Fjelle eller Bygdavegen. Eg kann minnast ein Haust me hadde Traaregn i 11 Dagar i Rad — ouste ned i eitt Kjør medan me foor utyvi Flatbygdine og gav ikje Upplette ei matlang Rid. Me gjekk so vaate Dag og Natt, at det fannst ikje ein tur Traad paa oss — me var ikje turre under Halsknappen ein Gong. Lugta gjorde det av dei steinblaae Klædom vore so ein kunde vera ferdig til aa sprikke, og det var aldri tenkjande paa koma i Hus hjaa Folk um Natti. Me laag i Høylødur um Nætane og grov oss vel ned i Høye so vaate som me var. Den Gongen var han Paal Bjølstad med; han var frisk og sterk enda, og eg hugsar enno da vi kara oss upp att ellevte Morgon utur ei Høylødu vi hadde legi i um Natti, det var enda i Hakedalen. Paal gjorde eit Rundkast og spente uppi Lødu-Dørstokken: „dette gjeld um ein god Kropp, det, Karar!“ sa han. Vere saag mest ut til aa gjeva seg og da det leid paa Dagen vart det endeleg upphelds og Solskin, sidan kom det ikje ein Regndrope, heller, paa heile Ferdi.

Ja ein kann nok faa slite illt nokk med Fehandelen naar det fell inn med slike Ver-Kulur; og mest det verste av alt er det, at Fee vert ikje likt seg etter, det vert so slengjut og framandt aa sjaa paa, at det er ikje til aa kjenne att. Og fær du Vaatver paa Byhamni attpaa, slepp du undrast paa, um det vert traakalt med Avsetnaden.

Men naar Vere og Tidi er gode, og det er sameinte Karar i Ferdi, so er det nok mang ei Morostund au, paa Byferdi um Hausten, me var no aldri Gutar som sturde hell, der me foor.“


Mondagane var stødt dei stillaste Dagane medan Vinterferdi varde, og var det noko som skulde gjerast i Huse, og som dei helst saag aa faa gjort utan aa ha Ferdi aa mase med, sette dei det altid paa ein Mondag. Naar Sjugur „Tøvar“, Sjugur Odden var no elles rette Namne hans, kom heim og skulde fot-tøve Vadmaals-Vevar, so fekk han stødt Bod um aa koma Mondagsmorgon, for andre Dagar i Vika var det full Stuga med Ferdmenner heile Dagen.

Sjugur var gamall Ungkar, ein litin, rakvuksin Kar med eit Finne-Anlit som ikje var sers vakkert, kvar han no hadde faatt det fraa. Mannen hadde mange Arbeid i Grendi, han tøvde Vadmaal, gjekk i Ærend, gjekk og selde Sneisir[3], Snøsokk-Hekti, Matknivar, Hesteskosaum og mangt Smaa-Smid, Grønkrydde[4] og slike Ting Folk fekk han til aa gaa og avhende. Løni hans var oftast 3 Skilling av kvart Mark[5]. Mykje attaat gjekk han aat Landhandlaren for Gardmanns-Kjeringom og andre naar det var noko, dei endeleg lout ha fraa Kraambudi. Den Tidi var det ikje so mange Kremarar i kvar Bygd, som det vart ei Tid etter, enda var det berre einn i heile Bygdi og so hadde det vore stødt sidan Fredrik Rees i 1753 fekk „Constitution som Landkræmmer i Vaage og Loms Præstegjeld“. Og i Fysstningi var de nok ikje stort Upplag av Vare Landkremaren trongde ha, heller, for alle stod etter aa hjelpe seg Byvarur og Kremarvarur foruttan. No var det so langt komi, at det va mangt alle lout gaa paa Kraambui etter; Kaffe’n var allt ein dagleg Drykk mest jamnfari i alle Hus, ikje aa tala um Tobaken som hadde vori i Bruk i over 200 Aar. Men ein Tobak-Kremar fanst det au, mest i kvar einaste Grend, mykje attaat Kjeringar som antell kjøpte eit Par Rullar um Gongen hjaa Landhandlaren eller fekk han heim fraa Vetlhamar. Stor Fortenest hadde dei visst ikje paa Handelen, men lite vart det altid, og dei hadde no ofte det Orde, at Alni var burte for deim kvar Gong ein kom for aa kjøpe Tobak. Medan dei da gjekk og glytta høgt og laagt etter Alnemaale, fekk dei Tid og Stundir til aa løyse upp Tobaklengja i Snuen, so han togna ut ein god Mun — kvar Skjelm i si Næring, maa’ta. Ein og annan selde nok lite Sukker og Kaffe au, ute i Grendom, men det lout gaa i Skugg og Skjol, forstaar seg, og difor var det ikje mange som vaaga seg med di. Var det difor noko som, Folk maatte ha fraa Kraambudi, var det ei heil Dagsreise for den, som budde i ei Grend lengst undan, det kunde vera baade 2 Mil og meir og heile Dagen gjekk med aat ei slik Kremarferd. Folk som baade vil gjera noko og kann ha nokk aa gjera til kvar Tid, kvider seg for aa kaste burt ein heil Dag til slikt, og difor var det i kvar Grend liksom ein fast Kremarloupar, som tok paa seg Kremar-Ærendur vidt umkring og gjekk naar det trongdest. Mykje attaat var det Kvinnfolk som hadde dette Urkje og dei saag ut til aa trivast vel med di, enda det visst ikje var korkje sers let eller lønsamt. Og ikje var det Ære aa vinne seg heller, for desse Loupar-Kvinnfolki var aldri vidare vellika, vissa av Mennom i Grendi: dei hadde eit leidt Ord paa seg for, at dei let seg bruke av Kjeringom til aa fara med Løyndehandel og bar Korn, Mjøl, Ull, Talg, Smør og Ost med seg og bytte burt i Kraambu-Varor. Detta skulde ikje Mennane vita av, men dei hadde no ofte ein Tankje um, at det kom meir i Huse av Kremarvarur, hell dei hadde gjeve Pengar aat. Og so snørde dei Peningpungen enno meir ihop.

Men hadde desse Kremar-Kvinnfolki, kannhende, ikje det gløggaste Samvite, so hadde dei atti Staden eit Minne som var framifraa; det var Smaating i Hougetal aat den og hinn etter heile Grendi, og aldri ein Setel eller Bokstav aa gaa etter, for Skrivt las dei ikje. Likevel henda det ikje ofte, at dei gløymde noko av dei tjugetals Ting dei lout ha i Minne. Det var reint fælt aa sjaa, naar dei kom att fraa ei slik Kremarferd um Eftan: dei bar Tullar og Korgir, Pakkur og Skreppur so dei likna eit Pjanke-Lass paa tvo Bein og Sveittin rann som Bekkir nedetter Vangom.

Dette Yrkje foor Sjugur Tøvar med imillom, naar det høvde, og hann, som dei andre, hadde Ord for aa fara med Løyndehandel for Kjeringom i Grendi. Men likevel var han ikje ille likt av Mennom, det var nok dei av deim, au, som hadde Bruk for Tøvaren, naar det var Ærendur som skulde gaa løynt for seg. Sumarstid gjekk Sjugurd mykje med Fiskestongi baade ved Otta og dei næraste Fjellvatnom, og naar Fisken ikje beit, var han i Umøle, for han var ein ser Selle, som var lett aa setja paa Ulag. Og da var han ybbin og tegjandes som Stabbin; men var han paa Godmøle kunde han tole baade eit og anna. Eg veit soleis han jamnan vart skulda for Barnefar naar han kom i Huse der, det nyst var komi Smaafolk. Var Vere berre av Godslage, saag det ut til han berre var gjild av aa verta skulda for sovori, og naar Husfaren helsa paa honom paa denne Gjerdi: „jou, ein har Rett for, at du er saa kjend i Huse, Sjugurd! Det kom uventandes eit nytt Menneskje her ein Dag og det er no ingen annan aa skulde for det, hell deg,“ so gapte han og log all upp. I Godlag var han baangod au, han leet paa Munnhorpe, maavita, og det drog no Boni aat honom. Med same han kom og skulde byrje Tøvingi, var han stødt noko tung og myrk so lengi han heldt paa i Eldhuse med aa vaske Veven; men naar han var ferdig med di og fekk fløtja Tov-Kjere og Arbeide sitt inn i Stugo, ljosna han upp. Han fløtte Kjere heilt inn aat Skorsteinen, hekta paa seg ein Snørlivstakk og breidde Stakken utyvi Kjere rundt um seg, so Veven skulde halde seg høveleg varm, og so bar han til aa „tøve“ so det gnirka i Hælom hans, kvar Gong han gleid og glatt paa dei sydne Vadmaalsvalkom paa Kjerbotnen.

Soleis stod han no heime i Tov-Kjere sitt og heldt i Omnjønn-Krokane med den eine Handi; og med Stakken hangande ned-med Kjers-Breddom, likna han ei urimeleg vid Kjering, som desse Borni lagar av Smellegras. Han var komi i Godlag, og kvar Gong han tok ei liti Kvild med Beinom, fann han upp Munnhorpa og kom med ein Slaatt. Eg ser han forr meg naar han maata Horpa inn paa den glisne Tanngarden og byrja slaa med den vanskapte høgre Neven. I Barndomen hadde Fingri verkt av so berre Tofti stod att, difor brukte han heile Neven og slog med.

Sjugur tøver og tøver; best han ruver berre litin burti Kjere sitt, naar han har berre eit Par Ty-Tjuktir under seg paa Botnen, ris han tilvers som ei Kjempe naar han stig upp aa ein høg Valk av Vadmaale. Ein og annan Gong lyftar han upp Stakken, fær Tak i Veven og mæler med Alnemaale for aa sjaa, um han „gaar inn“ skikkeleg. Han unner seg mest ikje Kvild og Mat-Maali lyt han faa burti Kjere aat seg, for gaar han utor, kan Veven kolne.

Det er i Skymingi og halvmyrkt i Stuga — han Sjugur er kjeid vortin, Beini hans gaar ikje so kringt lenger og han er so ned-sigin, at eg tør ikje meir beda han um korkje ho „Pillarguri“, „Skjeggeloppa“ eller, Filefjell-Leiken“ („Tomasklokkelaaten“). Trast eg og Baanjenta kjem til aa halde noko Styr umkring han, grin han og minner oss um, at me fær lata vera aa slaa ned Stugo dette Aars Leite og da eg ber Age for han Sjugur Tøvar, byd eg aldri til aa gjera paa Trass. — Det tek til aa kjennast dovi i Lage; Tolkniven min har ho Mor læst ned etter eg skar Hol paa Broki mi fyrre Dagen, og so seint paa Eftan er det, at eg kann ikje taka meg til med noko ute, heller. Og det er utrivelegt aa verta so handlaus langt Bil.

Jou, da tinklar det i ei Stallvekkje ute paa Garden og gnikar i Stengom under eit tungt Lass; trast etter trampar det i Svalgolve og Døri gaar upp. Ein høg, førvaksin Kar i Sauskinnkjol helsar og lyder etter, um det kann vera Hus for honom og Stall-Rom for Øyken til Morgons. Eg vert send i Vegen til aa høyre etter um Mannen kann verte berga. Mannen er ein Lesja-Ver som fer med Sild, fersk Auger og Kveite; gamalt kjend i Huse er han, og da eg kjem att med Bod um, at det var Raad med Husrom, har han allt teki Selen av den store, myrkbrune Gampen sin.

Ein Time seinar er heile Huslyden samla i Stugo. Gamle-Per er burte i Kveld, han er heime der han har det faste Husvære sitt, for Kvardagsklædi hans er vorte so aat-komne, at han maatte taka seg ein „Bøtardag“, Barnjenta lyt difor styre Yrkje hans i Peisroi. Sjugur Tøvar driv enno paa i Tov-Kjere. Mannen og Stakken legg ein brei, svart Skugge yvi mest halve Stugo. Men han er nok mest endin no, han gjeispar tidt og jamnt, det gamle gule, rukkute Anlite er vorte so sljot aa sjaa paa, sume Tidir vil Augkvarmane sige ihop og Føtane vert staa-ande stille i Kjere. Men gjeva seg vil han ikje, førr Grouten er komi paa Borde; da vonast han, at Veven skal ha „gaatt høvelegt inn“ baade paa Lengdi og Breiddi.

Far og Framandkaren er i god Samrøde komne. Lesjingen er Reinskyttar og har just ei lang Rid set vel yvi Reinsrifla hans Far, ei Staalrifle paa Østerdøls-Gjerd han hadde gjort sjøl i 1847. Best dei sat soleis og snakka um Rein og Reinsfjell, tek Lesjingen upp or Broklumma ein noko stor Fallekniv med breidt Blad og kvitt Beinskaft. Knivblade var inn-hjula fram-i Enden og Skafte hadde ei Koparhanke attarst; han sat med Kniven i Handi, snudde han i Einingi millom Fingrom og saag ut til aa tyggje paa noko, han ha tungt for aa faa fram. Sist tok han soleis til Ords:

„Eg har no jamnan skote eitkvart Reinsdyre Aar um anna, men paa den Gjerdi eg veidde ein Reinsbukk ifjor Haust, har visst ingen gjort det fyrr, det eg har spurt.“ Alle saag upp og undrast paa korleis detta kunde ha gaatt til. „Du brukte ikje Børsa paa han, da — du skremde han utyvi Hoggberg, er Von?“ „Nei, var det seg likt, det gjekk ikje so til — eg veidde han med Falleknive eg her sit med — ein medels Bukk.“ „Du segjer ikje det!“ „Nei!“ og det vart ei Undring Huse rundt, Sjugur Tøvar di-meir let Beine staa ei lang Rid. Far svara ikje større paa det og han saag ikje lite miss-truin baade paa Mannen og Kniven hans.

„Jou det er nok so sant som eg her sit — du kann spørja andre Lesjingar som kjem farande, etter di; for eg veit det høyrest ikje truande ut. No skal eg fortelja allt som det gjekk til. Eg og einn med meg var inni Fjelle og tok Mose, og da vi kvilte og fekk oss Mat um Dagen, vart eg huga til aa gaa ein Sving inn etter Fjelle og sjaa meg ut eit betre Mosetak. Uppi ei Høgd eit godt Stykkje undan, kann-hende mest ein Fjordung, laag det att ei Snøfonn og paa henne saag eg ein myrk Flekk. Soli skein varmt um Dagen og Himilen var klaar som ein Spi’l. Gode Augo har eg havt og i slik klaar Haustluft i Høgfjelle kann ein sjaa baade langt og gløgt. Denna myrke Flekken paa Snøfonni tyktest meg noko underleg, so eg vart staa-ande og nidstire paa’n. Di meir eg stirde, di skilligare tykte eg, at det stod upp eitt Par klurute Horn. Eg eva meg um lite, men so sette eg paa aa rekkje fort uppetter mot Fonni. Da eg kom meir hell halvvegjes, saag eg baade vel og visst, at det var eit Reinskrøtur som laag sola seg paa Snøfonni. Men kva hadde no eg der aa gjera lout eg spørja meg sjøl; likevel tykte eg det skulde vera snodigt aa sjaa, kor nære eg kunde koma innpaa han, og so drog eg meg varleg nærar og nærare Fonni. Reinsbukken han laag der som han skulde vore dau — eg kom i Riflemaal og Haglmaal og sist var det ikje Maalstongi imillom oss. Han maatte liggje og sova — for dou var han ikje med di eg saag Vombi røyvdest naar han drog Blaasten. Dette bar til aa verte tvitydugt for meg, det: skulde eg vaage paa aa kaste meg yvi han og freiste skjera han i Strupen? Imillom kvart Stig eg tok stod eg og eva meg um: seg um han vann paa meg! da kunde han lett gjera meg Skade attpaa! Eg var ikje meir hell ein god Famn fraa honom og da saag eg han drog paa eine Framfoten og bivra i Skinne ved Bogen for ei Flugu — nei, da knepte eg stillt upp Fallekniven og tok han imillom Tennom, slengde meg som ein Elding i Skrevs ivi Manken paa Reinsbukken og fata han fast i Horni med baae Hendom!

Jou da skulde døkk set han vart vakin og eg fekk kjenne til, at det ikje vanta honom noko paa Helsa! Det vart eit Basketak so ingen skulde set Maken og det var ikje Tid til aa bruke Kniven. Mange Vendur heldt han paa aa skulde faa Føtane under seg og hadde han berre det gjort, hadde eg visst faatt frisk Skyss. Av all mi Magt stræva eg aa halde Hovude og Horni hans ned i Marki og so lengi eg orka aa bende han ned aat Jordi, kom han seg ikje upp. Det stod hardt med oss ei lang Rid og eg byrja kjenne, at kom det til aa vara ei Stund til, gjekk eg upp. Men da var det som han dovna lite, han au, so mykje, at eg vaaga paa aa fata Kniven i høgre Handi og gjeva honom eit aalvorsleg Drag i Halsen, so Blode fræste burtetter Marki. Da losna han siste Venda, verre hell nokon Gong, og det barst Kant i Kant med oss burtetter Fjelle so Jord og Smaastein stod fraa oss, og eg saag baade Solir og Stjernur for Augom. Elles so blødde han so snøgt av seg, at det til all Heppe ikje varde lang Stundi fyrr han ormegtast og laag dou millom Hendom paa meg. Eg lout sleppe meg ende ned ei lang Rid og teva som ein Sau. Men døkk skulde set korleis eg saag ut! Sveite og Jord og Blod all upp, eg skremde mest Live av honom, som var med meg, da eg kom att-ende aat honom. Han vilde no heller ikje tru eit Ord paa meg, fyrr me kom der Bukken laag med sondskorin Hals. Og so gaar det meg kvar eg fortel um denne Veidingi; men spør andre fraa Lesja, som fer, so skal døkk høyre det er sannt kvart eit Ord.“

„Nei Maken har aldri eg høyrt, det var eit underlegt Høve! Han Mikkel Haresteinom fortalde meg noko mest paa same Gjerdi, kann eg minnast, ein Vinter vi var i Lag med kvarandre i Pungsætrom. Enda det gjekk no ikje soleis til nettup, det heller. Det var ein Stad inni Rondfjelli han Mikkel skadeskaut ein avraadi stor Reinsbukk, skaut han gjenom Levri so han stod stiv ned-i ei liti Urd. Han Mikkel fata seg ein dugeleg Stein og kasta Bukken i Nakken so han datt ende ned, gjekk stad fata han i eine Horne og vilde skjera han i Strupen. Men Bukken spratt upp att som ein Elding og bar til aa bykse utor Urdi — da tok han Mikkel seg Tak fysst i den eine Bakfoten og sidan i den andre. Enda kravla Bukken seg utor Urdi burtpaa slette Fjelle, kor mykje han Mikkel sperde imot. No slepte Bukken seg undan Bakke og han Mikkel sat paa Tjukk-Enden, heldt Tak i Bakføtom og kjørde med god Bør. Dei stemnde mot ei liti Urd i Hallingi fram med eit Bekkesikl og han Mikkel rekna ut, at medsame han naadde Urdkanten og fekk seg godt Spennetak, skulde han tverrhalde den skadeskotne Reinsbukken. Men det bar ikje so til — med same dei naadde Urdi endereistest han Mikkel og vart liggjande millom Hornom paa Bukken. Enda gav nok ikje han Mikkel upp — han fekk seg Tak i Hornom og da barst det paa Kant med deim, Kant i Kant, til dei stadna midt i dei vetle Bekkefare. Der vart han Mikkel liggjande midt i Bekkesikle og Bukken stod uppyvi honom; med eine Handi heldt han Tak i Hornom og med den andre leka han Tolkniven av Slira og sette paa aa skljera uppi Halskroken. Blode fløymde utyvi honom som under laag, maa vita, men det fekk ikje hjelpe og han fekk no endeleg Live av Bukken medan han laag soleis.

Han var ein snodig Selle, han Mikkel Haresteinom, og han hadde mange rare Sogur aa fortelja — um dei var alle so sannferdige skal eg ikje taka paa meg aa borge forr. Imillom anna fortalde han meg, at han ein Gong skaut ein Orre med Gildre og tok ein Rev med Ljostr. Um Vintrane gjekk han stødt etter Rjupe i Fjelle ved Rondkampane, og da eg og Bror min laag mange Vintrar i Pungsætri, var han stødt inne hjaa oss. Han var Doktar au; Bror min frøyste stygt eine Foten sin ein Dag han gjekk etter Rjupa inne ved Høglofte, eine Skibande hans hadde vore fortrongt, maa vita. Det vart so ustyrleg til Verk og Svide at han hadde ingen Fred og han maatte liggje i Sengi og setja Foten høgt upp-med Veggen. Da kom han Mikkel og fekk sjaa og høyre korleis det til stod — gjekk so han attum Skorsteinen, klora laus noko Leir av Muren, han laga ei stinn Supe av, og lagde paa Foten. Og med di gav Verken seg aa kalle trast, og Bror min kom seg att vonoms snøggare.“

Etter eit Upphald i Røda, bar han Far og Lesjingen til aa tala um Storleiken og Tyngdi paa Reinen. Han Far hadde gjort den Røynsla, at Reinen i Rondfjellom er hardleg lettare i Vegt og mindre paa Vokst hell i Heimdalsfjellom og Fjellom umkring Gjende og Russvatne — kva som no kunde vera Aarsaki, visste han ikje so visst.

„Nokre Gonger har eg lagt ned so tunge Bukkar, at kvart Laar har halde vel so Vogi, og det skal ikje klein Ku til, at Laari henne veg meir. Ein Gong skaut eg ein Bukk i høgste Fagerdalshøi, so ein tredive Aar sidan, so tung, at kvart Laar heldt 1 Vog og 8 Merkar; det er den tyngste Reinsbukken eg nokon Gong har lagt ned. Men redde deg, kor eg fekk strende vidt og breidt, høgt og laagt fyrr eg fekk gjort Ende paa han, au! So nære uppgjevin veit eg aldri eg har vori, enda eg var no fram-i noko av kvart, meir hell ein Gong, medan eg gjekk som traa-ast i Reinsfjelle. Eg laag ved Sandbak-Lægre med Fe, den Gongen, og so var det ein Dag i Larsok-Viku det vart so lugumt Fjellver, at eg tok Rifla og gjekk uppi Heimdalshøi. Innast i Storkvølven fann eg fem Dyr, da det leid fram mot Høgstdagsleite. Det var med ein vaksin Bukk, men det var berre eit Skarvekrøtur, og eg saag det var med ei Semle, som var gjildare. Dyri saag ut til aa vera skremde, for dei var so urolege og berre ræste i Einingi, difor gjekk det ei lang Rid fyrr eg kom deim paa Skot. Endeleg fekk eg Stilland paa deim uppunder høgste Heimdalshøi — eg skaut av Frihand og lagde Semla paa Flekken.

Da eg hadde flaatt og røysa ned Kjøte, fekk eg Hug til aa gjera ein Snu vestyvi mot Leirflyi, eg kjende til, at det var god Reinsvon paa den Leidi. Som eg hadde gaatt ei Rid, kom eg fram-paa eit Riss med god Utsyn fram etter Fjelle, og der sette eg meg paa ein Stein, kvilte meg og saag vel umkring paa alle Leidir. Paa høgre Handi skar det seg ei lang Høgd framyvi mot Leirflyi, og øvst uppe laag ein litin Breda. Da eg hadde stirt baade vel og lenge rundt um, vart eg hengjande ved noko som stod upp innved Bredekanten, det viste seg mot Himilen og liktest paa eit klurute Horn. Det var langt undan; men di lengere eg saag paa detta, di vissare vart eg um at det var Horni paa ein Reinsbukk, og sist vart eg var, at dei skifte Stødi mot Himilen og da hadde eg det greidt med ein Gong. Men for aa finne Stilland, lout eg gjera ein dugeleg Snu attende umkring ein Knaus so eg kunde koma uppaa den Høgdi Breden laag paa. Da eg um ei Tid vanst inn-paa Høgdi, var det paa ein Maate med Lende aa stille etter; det laag fleire store Steinar i Hallingi mot Heimdalssida og attfor deim kunde eg halde meg til eg kom i Skot, um allt gjekk vel. Vinden hadde eg beint imot meg.

Da eg var komi so langt, at eg meinte eg skulde vera i høvelegt Skotmaal, kraup eg fram aat ein hardleg stor, flat Stein og rette meg upp so mykje eg saag fram paa Breden. Jou, det laag ein avraadin stor Bukk tett ved Kanten av Breden og lite inn-paa rette Breden laag det tri Dyr; paa Fjelle, nærare mot meg, saag eg tvo til, dei var enda ikje over eit Haglmaal fraa meg. Det var berre høvelegt Riflemaal Storbukken laag i; men allt medan han laag og snudde Baken mot meg, kunde eg ikje skjote, eg lout gjeva Dag til han ein Gong fann paa aa staa upp, maa vita. Men eg tok Sigt paa’n og laag med uppspent, so eg var ferdig til aa klemme av, kva Tid det skulde vera.

Dagen leid utyvi til Nonsleite og Soli skein so varmt, ho reint brende meg i Anlite, medan eg laag og venta bakfor Steinen. Eg saag so vel dei tri Dyri inn-paa Breden, dei laag og urta so godt og blakra med Øyrom naar ei Reinsflugu sette seg paa deim.

Rett som eg laag soleis og trøytte, visste eg ikje Orde av fyrr det reis upp ei Reinssemle framanfor Steinen, ja ho var ikje tvo Famne fraa Børsestrunten min. Ho rette Lemine sine, sette Nosen i Bryste og skaut upp Ryggen, strekte so Ryggen og sette Nosen ende tilvers og medan saag eg det blaadde inni Augo henne, midt for meg. Men ho vart ikje var meg, likevel, ho gav seg til aa staa urte i same Feti. Nei, da vaaga eg ikje aa drygje lenger — Bukken laag like roleg, men eg tenkte eg kunde raake til aa knekkje Ryggen i honom med eit Skot. Eg klembde paa — Skote foor beint yvi Ryggen paa Semla framanfor meg, og ho, tenkjer eg, fekk Byksen i seg so det hadde Lag! Da Krutrøyken drog fraa saag eg, at eg berre ha slegi av eine Laare paa Bukken; han vart att etter dei hine Dyrom med di same, men enda sprang han so fort paa tri Føtar, at eg saag det var paa Voni kor snøgt eg var Kar til aa skjote han upp att. Han snudde paa vinstre Handi mot Næveraadalen og fram igjenom Næveraaskarde, — eg etter, kvassast eg vanst; det var so illt og utylegt aa sjaa den sundskotne Bakfoten hans hekk og slong medan han sprang etter Fjelle, og du veit, at ingen Skyttar med det minste Hjartelag i seg, gjev seg med slikt so lengi han orka aa kreke. Da Bukken kom igjenom Næveraaskarde, so de halla ned mot Maarflyi, slog han seg til vinstre burtyvi mot Brurskarde, og da han kom ned i Skarde lagde han seg ende ned paa ein Mose-Rande — da fyrst fekk eg Tid til aa lade Rifla mi att. Men aa koma honom paa Skot var ikje bjodande til, skal eg tru, eg kom honom ikje nærar hell tri Riflemaal, fyrr han sette iveg att paa tri Føtar. Han lagde seg ned jamnan, og eg prøvde Gong paa Gong, medan me foor ned igjenom Brurskarde mot Heimdalsmunnen, aa sige inn-paa han, men det fanst ikje Raad koma i Skotmaal.

No vart det eit fælt Loupand fram-um Fisketjønn-Knausane, yvi mot Rausteinen. Bukken kvilde jamnare og jamnare, men ikje fyrste Gongen slepte han meg so nære seg, at det var bjoande til aa skjote for meg. Til sist svinga han burti Fagerdalshøi, og kom seg inni ein lang Glup som botna i slette Fjellveggen øvst uppe. Der trengde han seg upp so langt han kunde koma, fann ein Lega og lagde seg. Men no hadde det vorte so skumt um Eftan, at det var ikje tenkjande paa faa gjort meir ved han den Dagen; likevel tykte eg det var ikje utur Vonom no, for han hadde ikje Raad med aa koma undan meg der, han no var; lenger upp kunde han ikje koma og no var han altid so nedgaatt, som han mest kunde verte.

Ja, nedgaatt var sagte eg au, maa vita — eg hadde ikje anna ved meg gjera hell finne meg ein Legustad yvi svartaste Natti. Eg fann ei Skorte under ein stor Stein, rengde av meg Trøya og balla um Hovud og Ekslir, kroup med di innast innunder, eg kom. Eg sov nokre Smaastundir au, for Vere var godt og so matsliten og fjellrekt som eg var, trur eg ikje det var mykje att av meg. Matsaadi hadde eg ikje smakt sidan tidleg um Morgonen og ingor Niste hadde eg med til-fjells.

I Solrenningi um Morgonen kraup eg fram or Lægre mitt, sette uppi Glupen og skulde finne att Bukken. Fann han gjorde eg straks, han laag paa same Flekken han lagde seg um Kvelden; men meinar du ikje, han var god til aa finne ei smal, tverrbratt Skorte i det tverre Fjelle, og drog seg etter henne aa kalle uppi høgste Fagerdalshøi! — det er fælt kor kjært Live er for alle Skapningar! Men da han var kome derupp orka han ikje meir; han vart staa-ande aa bivre i alle Lemir, og eg kom honom so nære eg sjøl tykte det galdt um. Eg saag alle fire Beini hans tilvers etter Smellen og glad var eg, at eg endelig fekk gjort Ende paa Pina hans. Det var største Bukken eg har skote i mitt Liv, men han var ikje netup av dei feitaste.

Men aa tenkje seg attende heilt aat Sandbakhytta for meg no, det var ikje Flaak, so svoltin som eg kjende meg. Hadde eg vore god til aa drukki Reinsblod, hadde det vore uvandt, men det var eg ikje Kar um. Eg kom heller ikje attende fyrr i Solrenningi Dagen etter — da hadde eg drivi i eitt Loup i tvau Jamdøger, sonær som dei faae Timane eg sov under Steinen fyrste Natti. Da eg kom so langt eg saag Hytta mi, tenkte eg, at no skal det snart minke paa Stabursmaten der i Huse; men nei, han sparde seg sjøl — eg var so slitin og aatkomi, at eg orka ikje aa faa Maten ned og det vart mest inkje med Etingi.

Ja, ein kann slite ille i Reinsfjelle au, sume Tidir og i sume Høve; men fraa gamalt har alle rettelege Skyttarar kjennt seg pligtuge til aa følgje paa eit skadeskote Dyr, so lengi det finst Voni um aa kunna støkkje Live.“

„Ein Haust eg laag ved Gjende etter Reinen, skaut eg ein Bukk i Blaatjønnhole; det var feitaste Rein eg har skote. Dei stod 1 Vog og 4 Merker Laari paa honom au, og so hadde han eit Skildre som var gode 3 Tverrfinger tjukt. Aldri har eg skote Rein paa so langt Hald som den Bukken. Eg fekk Auga paa aatte Dyr fremst paa Blaatjønnhols-Breden og eg saag med ein Gong, at det eine laut vera ein framifraa gjild Bukk. Men det var utor Maaten langt og so avbragslegt aa koma paa Skot med deim, at eg fyrst tenkte helst og leti deim vore — nei sist fekk eg Hug til aa freiste. Det var ikje Stilland aa faa meir hell fraa ei Leid, naar eg skulde ha Vinden mot meg, men da vilde eg faa ei brei, nakin Fly millom meg og Breden dei laag paa. Da det ikje fanst annan Utveg lout eg freiste lell og da eg hadde dregi meg so langt eg paa noko vis kunde koma, hadde eg Vale imillom aa skjote eller gaa min Veg. Desse aatte Dyri hadde lagt seg paa Breden, og eg fekk vente baade væl og lengi fyrr dei stod upp. I eine Kanten av Breden stakk det upp ein eggjekvass Bergnose; best eg sat losna det ut ei Steinflindre uppi Nosi og datt ned paa Breden saa Snøen spruta, og med same skvatt alle Dyri upp, maa vita, som det skulde spraka paa deim. Den store Bukken venda Sida mot meg, sette Nosen upp og drog Ver. Eg tok Sigte med same, men han vart so litin i Sigte, at eg var utur Von um, at Kula kunde bera fram. Det small og Hopen foor som ei Pil inn-yvi Breden — Bukken tok au tri hell fire lange Skauv paa ei annor Leid, reid so attaabak og laag dau paa Breden. Fraa der eg skaut og dit som Bukken stod da han fekk Kula, steig eg elleve Tjuge Stig, og eg er hoggstø um det var 260 Alnir — enda hadde Kula gaatt tvert igjenom han. Nei dei var ikje reint aa flaake med dei Riflune me hadde den Tidi, heller.“

„I mange Aar etter kvarandre kunde eg skjote 12 og 14 Dyr kvar Sumar og tvo Vendur var eg med og lagde ned 10, 12 Dyr paa ein Stad og paa ein Times Tid. Det var mykje Kjøt, maa vita, men so var det no mesta berre Gong-Lemine, Halsen og Skildre me tok; det andre fekk Jerven, Ørni og Korpen.“

„Seinhaustes, etter eg var heimatt komin fraa Byferdi, var det ein Gong eg laag ei Viku ved Sjaadalen og fiska med Garn. Da eg var paa Heimferdi, lagde eg Vegen um Nysætrane. Eg bar Rifla med meg, paa Voni, elles tenkte eg meg ikje til-fjells, nettup. Da eg kom aat Nysætrom um Eftan var dei farne heim med Bølingen um Dagen, men det laag att tvo Karar, skulde kjøre ut Gjødsli. Den eine av deim fortalde meg, at han paa Eftansida saag fem Reinsdyr foor yvi nordanfyr Vetlvatne og stemnde uppi Buvatshøi. Da var det Tufs at eg ikje hadde Niste med meg, sa eg, so kunde eg vori over i Morgo og gaatt til-fjells, det kunde lett gjort vorte Spa i Gryta, meinte eg. „Ja, med Maten er det ikje flust hjaa oss hell,“ svara den eine; me har Nøgdi av Mjøl og Mjølk men ei Brødsmolu eig me ikje. Men du døyr ikje av aa leva paa Grout og Mjølk ein Dag, du heller so kan du gjeva deg til her og gaa uppi Fjelle i Morgon.“ Detta vart soleis, og tidlegt um Morgonen gjekk eg uppi Buvatshøi, fann att Reisdyri og skaut ei Gjeldsemle so feit, at det er berre eit Hende aa sjaa so feitt Dyr. Dei hine Dyri tok nordetter Fjelle og ned i Tjønnosdalen; eg sette etter og naadde deim att i Sikilsdalskampen, der fekk eg Tak paa ein litin Bukk eg skaut.

Me kjørde Dyri fram paa Sætri um Kvelden, og da me hadde stelt fraa oss Kjøte, sette eg den eine av Karom til aa steike Pannekakur og brukte Skildrefeitte av Gjeldsemla til Steikefeitt. Og me sparde ikje paa Smurningi, skal eg tru; det var berre so Pannekakune laag og bivra i Feitte. Betre Pannekakur skulde du aldri ha smakt innum Tennane, og den eine Arbeidskaren svor paa, at slik gjild Mat hadde han ikje ete i sine Livedagar.“


Det lid so langt paa Vintren som fjortan Dagar etter Kyndilsmess og Dagane er vortne baade lenger og ljosare. Den høge, kvasse Hovdapiggen har allt meir hell ei Viku vore gyllt av Soli inn-ved Høgstdags-Leite um Dagane, fyrst berre den kvassaste Piggen og sidan lenger og lenger nedetter for kvar Dag. Dei store, gamle og klurne Kraggefurune paa Pallom og Legaom vngdest som upp att, naar det bjerke Solgulle lagde seg yvi dei klurne Toppar og knutute Greinir, som krøkte seg mest som store Troll-Armar utyvi Stupi.

Paa hi Sida av Otta gjekk det mykje snøggare, at Soli naadde ned etter Lidi. Beint for Garden stod Furuskogen so tett upp-igjenom Bratta, at du saag berre Topp i Topp og var det ein kald Dag med Rim i Skogen, synte det so greidt kor langt Soli hadde rokki ned etter — ho hadde brædd Rime so Skogen stod myrk so langt Solskine naaddse. Men enno hadde ho att ei brei Stroku ned til Elvedrage.

So naadde ho endeleg ned paa Isen ein Dag og same Dagen fekk dei ho i Granngarden, for han laag ein Mun høgre. Dagen etter kom ho upp til Vatsbrunnen me hadde paa Isen midt uttan Garden, og um ein Dag til — da vilde me faa sjaa det blanke, blide Solauga sjøl igjenom Stuguglase. „Ho munar seg berre med eit Hanestig for Dagen,“ sa han Gamle-Per.

Det er som allting lettnar og livnar upp, naar Soli held paa aa koma att; den graae tunge Himilen som jamt ligg og tyngjer yvi den tronge Dalen vert høgre og høgre upp under Kvelven, Himilsbragdi fær eit ljosare Lag og Austhimilen i Morgonstundi og fyrste Luten av Dagen har ein mild Ljoski yvi seg — allt er Merke paa, at baade Kalden og Myrkre lyt til aa gjeva etter att. Folke vert au lettare og ljosare i Hugen, dei merker, at det har byrja med aa gaa fram-etter; Tenestgutane ligg so lange dei er paa Langsledane og syng, naar dei kjører etter Isen i Graalysingi og skal til-skogs. Det er nok jamnast hugilte Visur paa hugilte Lundar, men fyrr har dei seti hukra paa Sleden med Gjeiteskinntrøya vel attknept og Kragen høgt upp med Øyro. Sporven fær Vaarlæti og driv og trættar kvar Morgon, um Retten til aa byggje Reir i Fjosmuren under Takmønen, og han Gamle-Per fortel, at um nokre Dagar kastar han Peder Stol ein varm Stein i Have, og da misser Vintren dei verste Hoggtennane sine med di same. Berre me no fær att Soli, so er me yvi det tyngste att denne Venda au.

Difor var Soli ein kjærkomin Gjest i Grendi og det var ein stor Dag den Dagen, me hadde ho i Ventom. Mange Dagar fyriaat gjekk eg og ynskte meg, at det maatte verte uppljost og klaar Himil, so ikje Graaskodde og Skyflokar øydelagde for meg den vesle Stundi naar Sol-Auga glytta inni Stuga aat oss yvi Slakken i Graahøi. Det stod reint um med meg fyrr eg kom upp or Sengi og ut um Morgonen, so eg fekk sjaa kaarleis Himilen saag ut aust i Dalen — eg tykte alltid den Dagen var ei likso stor Høgtid som Julhelgi. Naar han Gamle-Per var heime den Dagen, raadde han meg til aa smørja ein Smør-Grand paa Glasruta for aa sjaa, um Soli hadde den Ulen i seg allt den fyrste Dagen, at ho brædde det — gjorde ho det, skulde det spaa god Sol og godt Aar.

Klokka 10 skulde den store Stundi koma etter som ho Mor sagde, og eg gjekk imillom Klokka og Glase og stirde sør i Skarde, gjekk reint og brann, medan eg fylgde Langvisaren paa den gamle Stuguklokka. Da det leid inn-paa Tidi, vart eg staa-ande paa Kne i Benken, so eg kunde faa den aller fyrste Timten av Soli heime det Aare.

Jau, endeleg lagde det seg ei ljos Strime etter Himilen uppyvi Skarde; Strima vart svinnt ljosare og ljosare og utpaa Isen leika allt dei fyrste Solstraalune, tunne og raudbleike, paa Snøen. No fekk Laavemønen dei fyrste Glimi, og — so med ein Gong steig øvste Eggen av Sol-Auga upp yvi Høbruni, so livande blankt og klaart, at dei fyrste Straalune skar i Augo, soleis at det gav ein Rykk i meg!

Høgre og høgre hevja det skinande Auga seg upp i Skarde, men berre halve Auga fekk me sjaa fyrste Dagen, — tvo, tri Minuttar laag det og blenkte, med ein Halvkrins av lange, ifulle Straalur umkring; so slokna det med ein kvass Glimt til Velfar. Aa, kor godvori og ty’leg Soli var den vesle Stundi! Der lagde ho Gull yvi den gamle, graabrune Laaven til han saag ut som eit Slott, og burtetter Snøen glima det med store Stjernur i Tusundtal. Ho bar som eit nytt Liv med seg og gav heile Dalen ein annan Daam, den høge, myrke Baksida av Dalen fekk med ein Gong eit lettare og hugsamare Uppsyn. Eg stod der hugtekin og gav ein Sukk da Sol-Auga gjøymde seg attum Høbruni att. Dei andre i Huse skulde no liksom finnast aat meg, naar eg heldt slik Høgtid og endeleg vilde vera den fyrste til aa helse paa Soli. Men naar eg vart sjaa-ande til, so hekk dei Vaksne umkring meg burti Glase, au. Burtpaa Veggen ved Bostkaste lagde ho ein vid Solflekk, og der lagde eg Handbaken innaat for aa kjenne, um ho gav Yl fraa seg, dei hine kom og gjorde det same etter meg.

Det var ikje noko Under, at vi høgtida den 15 Februar heime i Huse, den Dagen me „fekk att Soli“, for da hadde ho vore burte fraa oss i 16 lange Vikur. Ho vert lang „Sol-Svelta“ i slike tronge Dal-Glipur, der Høirne ris beint ende upp fraa Elvefare.


Me hadde nettup havt ei slik Høgtidsstund med aa sjaa Soli sprette og slokne att den vesle Blunken; Kvinnfolki hadde sett seg til med Handarbeide sitt, men enno var det Soli som sat att i Tankom hjaa alle, og det vart ei lang Røde um Sol og „Solsvelte“, lang og stutt „Solgang“ og meir som fall seg. Baanjenta fortalde, at heime hjaa deim var Soli aldri meir burte, hell ho rokk til aa skine paa Omnpipa stuttaste Dagen i Aare, den Dagen ho „kasta um“. Budeigja kunde fortelja, at ho ein Gong tente paa ein Gard som var sol-laus i 21 Vikur og so lagde ho til, at i Jukulen, ein Husmannsheim høgt upp i Bygdi, har dei ikje Soli meir hell tri Sundags-Non i Aare. Midt i denne Røda fekk eg sjaa ei lang Rad med Lasskjørarar kom farande etter Isen; det var Tolstadkarane som kjørde Høy og Rakelauv — eg kjende dei svære, brune Hestane deira paa lang Leid, for tvo av deim hadde det svarte Fakse hangande ned til Knes. Og so foor den bustute Hunden deira langt fyri og gjorde seg ein Sving uppi Garden heime — eg var halvrædd den Karen enda eg vilde no ikje vera den, eg, men so grinute Talskive har eg aldri set paa Hund, korkje fyrr hell sidan. Ettarst i den lange Radi kom han Svein Bjørnstad med tvo svære Lass Older-Ved. Han var augkjend, han Svein, naar han kom ruggande, stor, før og framslutin, og so tok han slike vedunderleg lange Stig og vagga til ymse Side med Yvikroppen. Da han Svein naadde Uppkjørsla tilgards heime, stadna han Hestane, tok av deim Hugulage, tømde noko Høy av ein Sekk ned-paa Isen aat deim og rugga sjøl upp i Garden med Hendom attpaa Ryggen. Han brukte alltid paa koma innum naar han var paa dei Kantom, for han var av dei gamle Felagom hans Far fraa Reinsfjelle, og Grannar hadde dei au vore den Tidi, han Far budde paa Lalm.

Bjørnstaden dreiv enno til-fjelds paa Veiding og Fisking um Aari; han hadde Sætri si i Murudalen, og derfraa fall det so lettvint aa koma til-fjelds baade etter det eine og andre. Difor var det mest ingor Tid av Aare dei var imillom for Reinskjøt og Fisk paa Øver-Bjørnstad medan han Svein var i den fjellføre Alderen.

Han var ein godvorin og talug Mann, han Svein, og da det var Fjelle og Børsa han hadde mest Liv for, drygdest det aldri lang Rid etter han var i Huse komin, fyrr han og Far bar til aa tala um Fjelle og Veidingi, um gamle og nye Bragdir dei hadde upplivt. Idag var det um Utlande og Ufreden han byrja med, um Garibaldi og Viktor Emanuel. Svein hadde god Hug til aa lesa og da ein av Grannom hans heldt „Morgenbladet“ ihop med Presten, laante stødt han Svein Bladi hjaa honom. Krig og „Rygte um Krig“ var det han kjærde seg mest um, og Fridomskrigen i Italia hadde han fylgt so vel med i, at han kunde fortelja langt um alle dei større Hendingar. No nettup gav han Far god Skilgreide paa Umlægringi av Byen Gaëta, medan ho Mor laga Kaffe aat deim.

Da han Svein var ferdig med Krigen, spurde Far etter, korleis det hadde flaska seg med Rupeveidingi um Vintren medan Svein laag i Sætri paa Murudalen. Dei laag alltid paa Sætri og gav upp Høye paa Øvre-Bjørnstad, og no var dei nyst heimatt komne. Det gjekk ikje Ros verd, let han; Vere var ustødt med Uver og Lække og da nyttar det ikje korkje med Snara i Liom hell med Hagla i Fjelle. Han var inni Refjelli eit Par Vendur; den fyrste skaut han ei Tylvt, men den andre kom det so rasande Uver yvi honom, at han trudde mest ikje han skulde kome tilmannar meir. Det var ei Rid medan han foor ved Refjellvatni, han tenkte paa aa lata seg drive ned i Snøen.

„Ja det fekk eg finne meg i, ein Gong eg gjekk yvi Refjelle,“ svara Far. „Det er so um Lag tredive Aar sidan, eg og han Tord Sygard gjekk burti Salidsætri fyri Jul og vilde liggje der etter Rupe ei Viku. Eg minnest enno so vel den Kvelden me kom der, og kor handfallin han Tord vart, da han skulde finne fram Groute-Væte aat oss. Me visste av at det stod att eit digert Kjer med Surmysu i Mjølkebudi, og difor tykte me det var ei Sjølsvite aa draga med oss ei tung Mjølkeflaske burti Sætri. Me sette ikje Live til, maa’ta, um me aat Mysu og Grout nokre Kveldar. Eg kokte Grauten, eg, um Kvelden og sette han paa Borde, bad so han Tord gaa ut i Budi etter Mysu. Um lite kom han fram att, so lang i Anlete, at det var spøkje: „Slikt Paafund har aldri eg set, — meinar du ikje dei har sett eit Hengjelaas paa Mysukjere! No fær me ikje i oss Grauten, hell!’? „Laas paa Mysukjere, sejer du —? ja detta vil eg no sjaa paa,“ svara eg og gjekk ut i Budi. Jau, det hekk eit stort, sterkt Hengjelaas for Mysukjer-Laake i ei Jarnhaspe so diger og fæl, at det skulde stort Valdsverk til aa koma dit ned. Men eg saag trast, at Kjer-Laake ikje var vats-tett, og so tok eg eit Smørtraug, eg fann millom Koppom i Budi, sette det framanfor Kjere. Dimed gjekk eg bakum og bikka Kjere paa Hall, so Myso fløymde under Laake, fyllte Trauge og skvala som ei Aa burtetter Auren. „Ser du det,“ sa eg, „no er denna Sorgi sløkt.“ „Du er meire umtenkt du hell eg,“ sa han Tord; „detta hadde ikje eg raaka paa.“

Da me hadde vore i Salidi nokre Dagar, kom det Bod etter Tord, han maatte heim att straks, da Far hans hadde vorte liggjande laak, og da eg ikje tykte um aa vera att der einsleg, sette eg meg forr aa gaa yvi Fjelle og leggje meg til i Nysætrom, for der laag dei med Kryterom. Morgonen etter han Tord var heim reist, gjekk eg iveg, straks eg saag det elda for Dagen. Det søgde uppi Høgdom, so eg skjøna vel det var eit Uver paa Hendom, men eg trudde no ikje det kunde brjote laust for Aalvor, fyrr eg kom meg yvi høgste Refjelle.

Men da eg naadde inn aat Sjugursjøen, skar det upp med einn Gong med eit Uver so vanskapelegt, at det var med stor Nød at eg heldt meg paa Beinom. Men da eg naadde innmed Graahøi, stod det ikje lenger til aa halde seg paa Skiom, eg hadde ikje anna ved meg gjera hell aa lata meg drive ned. Med Skistaven gjekk eg og stakk ned i Fonnine for aa finne ei dugelegt djup ei, og da eg sist fann ei slik, reiste eg upp Skiine og grov meg upp ei Bosu so djup at eg kunde staa paa Kne ned-i henne. Uvere raste so eg var ikje Kar um aa halde Augo opne, og det var gjort mest med same at eg dreiv ned.

Eg kann ikje seja det var kaldt ned-i Snøen og fraus gjorde eg ikje, men det var det verste, at eg vart vaat paa Kneom. Med stort Stræv fekk eg Skreppa av Ryggen og lagde ho under Knei, og sidan var det ikje metande. Ikje var det kolande myrkt heller; eg hadde Klokke paa meg, og det var ikje myrkare hell eg so vidt kunde skilja Visarane og Tali og saag kva Tidi lidde.

Paa denne Gjerde stod eg paa Kne nedi Fonni i meir hell 3 Timar, og eg skal ikje negte forr, at det var druge Timar; men for Nød Skuld kunde eg nok halde ut, um det so hadde vore ein Dags Tid. Det nagga meg ikje aa draga Andi, men det kjendest noko sydde og tungt og huglegt Tilvære var det just ikje. Eg kunde ikje høyre nokon Ljod ned-i Snødriva, difor merkte eg ikje um Uvere dreiv paa eller hadde gjeve seg, men sist grov eg meg upp att paa ei Von og til all Lykke hadde Uvere da gjeve seg so mykje, at eg vaaga iveg att, og det tok meg ikje lang Stundi aa koma fram aat Nysætrom. Noko Mein av det, eg laag nedi Snøen, kjende eg ikje til baketter, anna hell det ringde for Øyrom ei Rid etter eg kom i Hus og etter eg lagde meg um Kvelden — eg fekk ikje so mykje som Krim av det.“

„Etter Jul den same Vinteren laag eg og han Gudbrand Megarden i Salidi paa Rupeveiding, og da var me baae tvo enno meir paa Vaagskaalom, hell eg var.

Det var ein Dag me hadde vore upp-i Semmelløi, og so fall Leidi vaar soleis, at vi maatte yvi ei tverrbratt Fonn med ei lang Bratte nedunder og eit Hoggberg nedst der Bratta enda. Eg var halvredd Fonni au, for det var nyleg komi mykje laus Nysnø ovanpaa dei gamle Fonnine. Men skulde me kroke oss um ho, fekk me ein avraadin Sving eg ikje just hadde nokon Hug paa. Jau, me kom baade godt og væl yvi den Staden me tykte Faren skulde vera; men eit Haglskot lenger framme losna det ei Snø-Mokke og tok meg med seg. Til all Lykke var det ingin stor Snømengde som ljøp ut so det bar ikje iveg med stor Ofse med det same. Skiine mine foor sin Veg, Snømyrjo auka og svintare og svintare bar det til aa gaa nedetter. Da eg hadde fari, kannhende eit godt Riflemaal, stadna eg tvert mot ein stor, vid Stein og var berga. I same Augneblinken saag eg Gudbrand koma rekande paa same Gjerdi ovanfor meg, men han stemnde so mykje til sides, at eg skjøna han kom til aa skjote um Steinen der eg stadna. Eg var kvass til aa tøygje meg so langt eg rokk med høgre Handi, og var so heppin eg fekk i eine Vesteflake hans og drog han inn-aat meg attmed Steinen. Det var eit underlegt Nøve og det saag ikje vakkert ut, skal eg tru, for hadde me fare utyvi Hoggberge, var det liti Von til, at vi hadde berga Live. Um me kannhende ikje kunde slegi ihel oss, hadde me ikje kome upp att utur Snømyrja, for Skrido auka dugelegt da det bar langt ned. Skiine vaare og Haglbørsa hans Gudbrand vart med i Skrido, men me fann att baade Børsa og Skiine nedunder Berge. Dei stod aa Ende i Snømokka som dei skulde vore sette soleis av Folkehand.“

„Ja Farar og Skjeivferdir kan ein koma ut forr antell det er i Fjell hell Fjøru um ein tek seg aldri som mykje var,“ sa Svein. „Eg og han Hans Tamburplassen heldt paa aa gjera Haustreisa vaar paa øvre Sjaadalsvatne, longe Eitt-Aare.

Du veit, at dei beste Garnstødine er nærast ut-paa Osen ein kann koma; men kjem ein seg forrlangt ut i Soge, gaar det som med Mo’skarane, det berst aat Fossen og da er det ute med Live. Jau, vi heldt paa og tok upp att Garni vaare ytst ut-paa Osen og Hans sat i Aarom. I det ytste Garne hadde me gjildt med Fisk, og medan eg tok det inn hadde han Hans seti kjøgla etter Fisken, so han hadde gløymt aa halde seg i Yvitak paa Straum-Soge. Da eg vart sjaa-ande til, dreiv me med Straumen, hardleg svint au. „Men so ro av all di Magt, Menneskje!“ ropa eg, og da vart han au var korleis det var med oss, men istadenfor aa taka nokre kvasse Tak med Aarom som kunde berga oss, vart han bleik som eit Lik og som valin all upp — han slepte Aarom og bad Gud trøyste og betre oss! Da vart eg fælin, eg au. Det laag ei liti Stong i Baaten me brukte til „Vitjar“; den tok eg svint i Handi, og i same Blinken saag eg ein Stein som stakk uppi Vatsmaale ved eine Sida av Baaten. Eg sette Stongi hardt mot Steinen og med di fekk eg stadna Baaten. Med same han Hans saag dette, kom han seg lite og eg bad han halde Stongi so eg fekk setja meg i Aarine. „Skuv no etter som ein Kar medan eg ror!“ skreik eg. Eg rodde so Blode spratt i Neglrøtom og han Hans skuva etter av all Magt, men det var ikje meir hell so vidt me greidde aa faa Baaten upp um Straumdrage so me bergast. Men da me den Gongen kom paa turt Land att, fekk au Tamburplassen av den Teksti, som høyrde Dagen til.“

Den eine Sogu fraa Fjell og Finne løyste den andre av, og med di gjekk Tidi so svint, at Svein gløymde heilt Øykjom sine som no stod der matlause og grov ned i Isen. Gamle-Per som stod paa Laaven og treskte, gjekk difor burt i Stallen etter eit Høyfang og gav Øykjom, var med det same burt-i Vatsbrunnen etter Vatn aat deim — so kunde dessa tvo Fjellmennane inn-med Skorsteinen drive paa, allt medan dei lysta.

Og dei so gjorde — no gjekk Røda um faarlege Rivur og Sprikkar i dei store Bred’om burti Fjellom, Memurubredane, Veobreden og fleire. Ein Gong, da Far, Jo Gjende og nokre til laag i Memurudalen etter Rein, var det ein Dag dei fekk sjaa ein Mann kom ovantil Dalen med ein Sal han bar paa Ryggen. Dei stod alle og undrast paa korleis det kunde koma seg, at han kom berande med ein Ridesal der. Jau, da han kom fram aat deim, var det ein Lomvær og han kunde fortelja, at han hadde misst Gampen sin i ein Sprikk i Semelbreden. Gampen stod ikje til aa berge, men han hekk øvst i Sprikken so lenge, at han fekk rengt av honom Salen, og dimed seig han ned i Avgrunnen. Det var Bjølle paa Gampen, og ho lyddest so uhugleg upp fraa Djupe so lenge han kunde høyre.

Etter desse tala dei um Kastvinden paa Gjende, som dei baade tvo hadde vore ute for. So bar det til med Bjønneveidingi som han Svein alltid hadde god Hug til aa røde um. Mest kvar Haust gjekk han og freista aa „rekkje inn“ Bjønn paa Murudalen paa fyrste Snøen, men han var aldri heppin med di. Fleire Gongar fekk han skjote paa Bjønnen au, men det gjekk ikje tildøds — han hadde ikje nettup beste Orde paa seg for aa vera stø til aa „halde paa“. Men fraa desse Bjønne-Ferdom sine kunde han fortelja mangt og no kom han med ei Sogu fraa den siste Venda han gjekk etter Bjønnen paa Murudalen, Hausten fyrr.

Det skeivast den Gongen au, kva som no var Skuldi minnest eg ikje lenger, antell det var Rifla, som ikje var viss, hell det var Maale, som var i lengste Lage. Bjønnen fekk Kula i eine Laare, men ho gjekk berre gjenom lause Kjøte og braut ikje Bein. Og du skulde set han var snodig, med same han fekk Kula — han krøkte seg ihop som ein annan Hektekrok og fata med baae Framlabbom umkring Laare, der han fekk Kula, og so einstirde han ei Rid uppi Himilen som han skulde undrast paa, um det var der ovantil Skote kom.

Stødt naar Far og Svein kom isamen, fall Snakke um han Jo Gjende, som dei baae var Venir med og hadde vore mykje i Lag med i Reinsfjelle. Heime i Huse var no han Jo ofte „i Gjest“ fleire Vendur i Aare, so eit Par Dagar kvar Gong, for Far hadde vore den kjæraste Fjell-Felagen hans. For ikje mange Aari attende hadde Skyttarbudi hans Jo ved Gjende-Osen vorte uppbrotin etter det leid so langt fram paa Vaarkanten, at det var hard Skare i Fjelle. Jo hadde da misst baade Mat og Klædi og fleire gjilde Ting han hadde i Budi. Fraa gamall Tid hadde Jo ervt Hat til Valdersom og dei fekk Trui for dette Farkestykkje au; han sette burti Valders, fekk Lensmannen med seg og ransaka og da synte det seg, at Misstanken hans Jo hadde god Grunn for seg. Dette Hende tok han Svein upp att og tala um kor rasandest han Jo vart, da han saag korleis Budi hans hadde vorti rana. Svein hadde au noko av denne Illhugen mot Valdersom, og dei Reinsskyttarane fraa Valdersbygdom han hadde raakaa frami i Heimdalsfjellom av og til, let han ikje vidare vel um. Han Far hadde au ein og annan Gong raakt Valderse i Fjelle, men det lyddest ikje so fraa honom, at han hadde noko aa anke paa deim.

„Ein Haust heldt eg og han Gullik Li Lag i Fjelle eit heilt Fjortan-Dage. Det var baade ein glup Kar og ein framkjømd, dugeleg Reinsskyttar. Me skaut tie eller tolv vaksne Bukkar medan me fylgdest, det var godt um Rein den Hausten. Det var ein Dag me etla oss burt-med Kalvaahols-Tindane; da me kom innpaa høgste Valdersflyi, raaka me ein annan Valders, heitte Ola Rødning. Han gjekk au etter Reinen og etterdi han kjende han Gullik, spurde han um han kunde faa gjeva seg i Lag med oss, baade i Budi og til-fjelds. Me sa ikje beint nei nokon av oss, men eg saag vel, at han Gullik ikje tykte vidare um det. Rødningen hadde ei makalaus staut Østerdølsrifle, ei av dei fellnaste eg nokon Gong veit eg har set, og eg vilde naa sjaa paa Rifla hans, eg, maa vita. Ja, sjaa paa ho kunde eg so mykje eg vilde naar eg berre ikje stirde inni Strunten, det vilde han ikje vite av. Og for aa vera trygg, lagde han Loven yvi Riflemunnen allt medan eg handfoor Rifla hans. Han trudde meg nok til aa vera den Karen, at eg radt kunde trolle paa Rifla hans. Men Rein fann me ikje um Dagen og kom tomhende aat Sandbakhytta att um Kvelden.

Dagen etter barst det til-fjells att med oss alle tri og sist fann me ein Reinshop i øvre Tjønnhole. Me fekk grepa Stilland og vart samde um aa freiste „halde Skot“, so me kunde taka kvar vaar Bukk av Hopen, og tri mest jamnspelte Bukkar var det med, saag me. Hopen var svært uroleg, desse tri Storbukkane dreiv i eitt Mas med einannan og med Rekarom som fylgde med. Elles var det uvandt aa koma Dyri paa høvelegt Maal for Vinden stod beint paa oss; eg og han Gullik stillte jamsides, og Rødningen heldt seg tri, fire Stig attanfor. Da me var aa kalle komne so nære som me hadde etla oss til — der visste me ikje Orde av fyrr det small bak Ryggen vor so berre Krutrøyken og Fyriladingi gauv um Øyro og Reinshopen foor som ei Pil uppi Urdirne og var utur Augom med di same.

Me skvatt illt baade eg og han Gullik, kann du veta, for me lout no tru, at Skote hans Ola Rødning hadde gaatt av i Uvarsemdi. Me spurde baae, reint illhyfsne, korleis dette kunde bera til. Bar til? — jau, han saag baade Bukkane og heile Hopen sette paa aa ræse so fort til vinstre, og difor ottast han av, at dei kunde setja paa Sprange, so hann, for seg, tykte det var rettast aa skjote. Men da han Gullik fekk høyre det, skulde du set det vart levandest Kar, det var mest so det gneista av kvar Fingergom paa honom og eg venta berre, han skulde teki og dengt Rødningen. „Skulde du høyrt paa Make til forrdømt Lake her i Verdi! enn aa gaa tilfjells slikt! du skaut ikje Rein um han var stor som Laaven aat Presten heime i Slidre! Og ut av Budi med oss skal du fyrr Hanen gjæl i Morgo tidleg!“ Han fekk ei Avreidsle, so han var ikje ein Vatsdrykk verd etter, og sjøl tykte han nok det var best aa slite Lag med same, for me saag ikje meir til honom.

Det var grei Kar, han Gullik, og me tvo samdest godt ihop. Eit Par Aar etter slog Tora ihel honom i ei Fe-Bud ved eit av Vinstervatni. Han laag paa ein Benk ved Omnen og kvilte seg og da kom Eldingen ned um Omnspipa og støkkte Live hans. Det vart reint uhøgt aat meg, da eg fekk Døar-Ordi hans og høyrde, korleis han kom av Verdi.“


Far og Gamle-Per er ferdige med Kjøringi av Høye fraa Sætri og med den andre Gardskjøringi har det au minka av difor har Per dei siste Dagane drivi med Tresking paa Laaven. Idag tidleg naadde han ei Flo med urimeleg seig Havre og den av-laga Hugen hans; da han sette seg inn i Myrkningi var han ikje i Godlag. Ikje vart han betre da han saag eg sat paa Stolen hans, ein tung Bjørkestol han fekk so kjær da det leid paa Vintren, at han bytte burt Sæte paa Stabben i det nye paa Stolen, Far maatte sist selja Per den Stolen, da han ikje kunde skiljast med honom. Trast han kom inn-um Døri i Kveld saag han, at eg hadde teki Stolen hans, dimed hengde han svint Vottane av seg paa Kroken ved Døri, kom tok meg under Armane og senda meg lite snargjort paa hi Sida av Skorsteinen. Han sette seg sjøl paa Stolen og hekta av Snøsokkane, medan snakka han heller høgmælt aat Budeia som allt sat med Rullkorgi og karda. „Eg har treska sjoug Børde av denna seige Halmen aat deg no, idag; — eg likar Laaven naar det er rein Tresk men aa staa dengje einsleg paa slikt seigt Lauvris, kjærer eg meg ikje mykje um. Det ser ikje ut til, at denne Mann vaar fær Stunder til aa vera med meg som han sa.“ Det var ingen som svara. Um lite kom Far inn, gjekk burti Høgsetglase og fann ei halv Alen Tobak: „no skal det verta Tobak att i Bygdi, Per — eg fekk senda etter Tobak, eg, i Efta,“ sa han „Det veit eg var Mann, det!“ svara Per og med di var Umøle som stroki av honom. Budeia tykte detta braae Umskifte var løgje og halvt for Spøk spurde ho, um han vilde halde halvt med henne, skulde dei tvo gjera Kaffelag um Kvelden. Jau det var han Per alatt med strakst og med di fekk dei Mor til aa vega i 4 Lod Kaffe; Sukker, Fløyte og Mat til lova ho ut aa halde. No fekk Budeia det andsamt med aa greie med Kaffestelle fram-i Skorsteinen og heile Huse kom med desse liksom i Helgedags-Bragd og baade Unge og Gamle friskna og ljosna i Uppsyne. „Berre det ikje no kjem fullt Huse antell med Ferdmenn hell Handelskarar, midt inni Lage vaart,“ sa Budeia. Ho hadde ikje fyrr tala Ordi ut, fyrr det lyddest Stig uti Svali og alle venda Augo mot Døri, halvt arge yvi, at ein aldri kunde ha Husfred nokor Stund her i Huse. Men da Stugudøri gjekk upp og vi saag det var han Jo Brurusten — Jo Gjende — som kom inn med den vetle Veska si paa Aksli og ein Vadmaals-Vev under Armen, var det ingen som tykte han kom og skipla Lage.

„No kjem du til „Grevens Høgtid“, Jo! her held han Per og Budeia stort Kaffelag i Kvell,“ sa han Far og sette ein Stol aat honom. Jo log og sa det var Uskil aa taka han med som kom ubedin; elles hadde han vore i Lag i so mange Dagar no, sa han, at han lout halde seg aat Havrelefsa og Striskjurta ei god Rid heretter. Jau, han kom beint fraa Mr. Blackwell paa Kloness, den rike Engelskmannen Jo var slik Godven med, fraa den Vintren dei budde samen i Budi hans Jo ved Gjende-Osen. Det kom Bod fraa Blackwell, at han endeleg maatte koma paa Garden aat honom og so vart han verande paa Kloness i heile tri Dagar. „Eg hadde ikje havt Stunder til aa vore so lenge hell, men det var ingi Bøn, eg lout vera.“ Far meinte no, at det var full ikje noko, som braadde so paa i Brurusten denne Tidi. „Aa det er eitkvart aa gjera til kvar Tid, eg gjekk fraa ei halvgjord Fjøsdør; den andre Innreidingi gjorde eg ferdig i Haust. Og du skal sjaa eg har gjort det retteleg vel fraa meg au — det er klaare Feitveden i Baalkeslæom, høvla og strikka, au. Eg ser aldri anna, hell det er nokk aa gjera — eg skulde vore upp aat Gjende som snarast au med det aller fyrste, eg tør ikje anna. No vert det trast det beste Skara-Føre i Fjelle og da er det ikje aa lite paa anna, hell det kunde koma ein Valders beinast yvi Flyi med ein Skikjelke og stela av det, eg har i Budi mi. Og eg har att mangt der enno, eg, som vøre verd til aa stela med seg. Fan’ tru Valdersom! dei har vore seg sjøl like all sin Dag.“

Jo spurde um han Knut Skreddar var heime, det var ingen annan Skreddar han leit paa til aa gjera seg Klæde og no skulde han ha gjort heil ny Klædning. „Eg tenkte eg skulde vunnest aa komi aat Skreddaren i Kveld, men det var ikke nemnande aa gaa fraa Kloness fyrr me hadde ete Middag og den kan du tru var av gjildaste Slag. Eg veit no ikje Tal paa alle Rettom, eg, og ikje veit eg kva det var hell, sumt — eg visste ikje korleis eg skulde fara aat med aa eta allt me fekk, di-hell, eg lout sjaa etter korleis hine gjorde det. Det var ikje mindre hell tri Slag Vin paa Borde og me Karfolke fekk Drammar attaat, det me sjølve vilde, og du skulde kjendt det var Brennvin, som var setande.“

Jo tykte det bar utur til kostbare Stell paa Kloness paa all Gjerd og han kunde ikje skjøne korleis de kunde rekkje Pengar. Han hadde ikje likt seg so ovelegt hjaa Blackwell desse Dagane som han elles plaga gjera; det var so mange Framande i Huse, at Blackwell kunde ikje taka seg einkom Stundir til aa snakke med Jo um Utanlandsferdine sine hell um lærde Menn og gudelege Spursmaal. Ikje vart det nokor Tid til aa skjote til Maals for deim, og allt dette var det han Jo tykte forrmest um naar han var i Lag med Blackwell. Attaat dei Framande hadde han det andvint med Traavarhestom sine og Traavkjøringi paa Vaagaa-Isen; men det „forbanna Ape“ kunde ikje Jo like, han reikna Traavkjøringi for eit narrelegt Baanspel og ei Dyrplaage. „Blackwell fekk ikje meg til aa sjaa paa, at dei traavkjørde um Dagane, det er ikje slikt Jaal Øyken er skapt til“, sa’n. Han hadde halde seg mykje inne um Dagane og snakka med ei av Jentom i Huse og som han hadde faatt so gode Tankar um — han kom attende aat henne kvar Gong Røda fall paa desse Dagane han var paa Kloness. „Det var ei framifraa lugum Menneskje og godt god-til-seg,“ sa han, „ho var lik til aa ha Greie paa all Ting i Huse, ho. Ho er berre ei liti Menneskje men overlag stout paa Vokst.“

Men var det liksom Jo Gjende denne Gongen ikje hadde funne den vanlege Hugnaden paa Kloness heilt upp, so hadde no Blackwell i Skilnaden gjort det meir hell godt att. Han hadde gjevi honom Holbergs Komedier i fint Band med Bilæte av Holberg, og ei kjærare Gaave kunde nok ikje Jo faatt. Og ikje mindre kjært for honom var det aa høyre, at Blackwell no va komi til same Meiningi um Holberg som han Jo longe hadde, at han var den forrmeste Komediskrivaren i heile Verdi. Fyrr hadde Blackwell halde Moliere for den største, men no, etter han hadde lært betre aa kjenne Holberg, hadde han snudt um. Jo synte oss den fine Boki og Bilæte av Holberg: „ja, det var Guten sin, det! — slikt Hugu veks det ikje upp att meir i Nordlandom! Naar det no vert Sumaren, so lyt dykk koma burti aat meg, du og Far din,“ sa han aat meg, „so les du aat meg utor henne, du, som les so radt — eg er so forbanna sein til aa lesa eg, at eg lyt ha lang Tid paa di skal eg koma nokon Veg.“

Lenger paa Kvelden da dei tvo Fjellmennane var ferdige med Kveldvorden fortalde Jo, at den eine Reinsrifla hans, „største Staalpipa“, slog seg rang nyleg og „slog paa Laas-Sida“ kvart Skot han skaut med henne. Han „drog“ ho lite fint med ein Børs-Navar nokre Gongar og skifta Krut fyrr han fekk ho til, men no var ho da vorte draape-viss att, so han var sikker um, at det fanst ikje Rifle end-millom paa Lande, han vilde byte i. Og med di glatt Røda inn paa Reinsfjelle, Fjellferdir og Røynslor han hadde gjort høgt og laagt burti Fjellviddom — det var so underlegt aa høyre han snakka um Fjelle, det høyrdest ut som han skulde sjaa Lende og Skapnaden for Augom med Urd og Ulende, Skard og Løyptir, Botnar og Gjil, alle Stadir han hadde fari. Han kjende gløgt kvar ein farleg Brede-Sprikk og visste kva Tid paa Aare dei opna seg, og likso gløgt visste han korleis han skulde gaa uppi dei villaste Høgdom for ikje aa gaa seg fast. Eit so godt Minne som hans Jo, er ikje mange eigande for.

Denne Tidi var Jo Gjende ein Mann paa 68 Aar; han var snau vorte i Skolten og eit anna Merke av Aarom bar til aa syne seg. Men all upp var han enno ein før, sterk Mann som Alderen hadde teki berre liti paa; den rake Ryggen, dei breide Ækslir og den høge Bringa viste, at enno hadde ikje han Jo Gjende tapt seg so mykje, enno kunde han nok staa Ende upp paa ei Fjellferd med kven det skulde vera.

I Kveld er han sers i Godlag og da er han oftast gamafull paa si rolege Gjerd; nettup baangod var han ikje, men livfulle Gutungar tykte han det var Moro aa halde lite Ap med. Eg hadde set han Jo so mykje i Huse heime, at eg kjende han vel, men eg hadde au høyrt so mykje baade um den fæle Trui hans og det agalause Sinne og den avbragdslege Styrken hans, at eg alltid heldt han for aa vera eit Menneskje forr seg sjøl. Men redd han var eg aldri eller kjende nokon Stygg aat honom, og difor var me stødt godt tilvens med kvarandre. Noko av det fyrste eg minnest um Jo, var at eg kunde staa millom Kneom hans og handfara nauande væl dei blanke Metalknappane i den blaae, „byleta“ Spælvesten hans, naar han var komi vel tilsæte ved Skorsteinen. Det tykte han var Moro, fortalde meg at det var „Jagtknappar“ som han hadde faat hjaa ein rik Engelskmann og sagde me kvafor Dyr det var, som var avskildra paa deim. De var Bjønn, Ulv, Ræv, Gaupe, Elg, Rein og Hjort og enno fleire Dyr og Maakan til Knappar saag eg ingen annan hadde — det var anna, hell dei grovgjorde „Faabergsknappane“ som dei fleste andre hadde. Eg fekk aldri set mig mætt paa Knappane hans, maa vita, men eg veit aldri, at han vart kjeid av meg hell tykte at eg vart brysamd.

Kveldsetu-Rødune med Far og Jo Gjende tok seint Ende, Klokka vart 11 og ho vart 12, alle andre i Huse hadde longe lagt seg, men dei hadde enno like mykje usnakka — kann gjerne vera det var etter me andre hadde kropi under Felden, at dei tvo Fjellfuglane tykte Røda fall seg best. Og no, denne Gongen, hadde dei nok havt Samrøde um noko, me andre ikje fekk vita um fyrr etterpaa ei Tid. Um Morgon da han Jo kom att fraa Skreddaren hadde Far teki av seg Skjegge og skifta Klæde og da me vilde vita kva det hadde paa seg, gat han um, at han kom til aa verta med Jo ei Snarferd burti Brurusti. At det lout vera noko serlaga til Ærend, naar Far soleis gav seg med Jo midt i Yrka, skjøna me vel, men Far saag ikje ut til aa vilja ha meir Snakk um det og difor spurde me ikje meir um det, heller.

Men da Far kom heim att um eit Par Dagar kunde han, soleis inna Veggen, fortelja, at han lout vera med for aa vera Fyritalsmannen hans Jo hjaa ei Jente i Grandlage, han hadde lagt Hugen sin paa. Far vart iveggjord med den Helsingi, at ho kunde vera hugsottlaus for Føda, um ho fløtte i Huse i Brurusten; til aa byrje med vilde han kjøpe 2 Kjyr, for no stod Fjose ferdigt til aa bæse deim kva Dag det skulde vera. Far kunde leggje til, at Jo trudde han hadde saapas unde Hendom, at dei kunde leva vel og at det vilde vera att so mykje ette honom au, at Jenta vilde ha Rett for Reisa. Sidan fekk Far seja kva han sjøl tykte kunde høve seg.

Det gjekk sjølgjevi ikje for seg for Far aa seja nei til denne Tenesti til den gamle Venen sin, enda han visste fyriaat, at Jenta for allt i Verdi ikje vilde høyre den minste Gnustring um Elsk og Giftarmaal fraa den Leidi. Og like so vel visste han, at ingen kunde vera mindre lagd for Giftarmaal hell Jo var, so det var no berre for gamallt Venskap Skuld han gjorde gode Faktir med aa vera Fyritalsmann. Han gjekk paa Garden der Jenta budde, fortalde kva han foor i og gjorde Løgje med Ærendi; og paa den sama Gjerdi tok Jenta Tilbode men let seg elles for Aalvor merke med, at um han kom att og var Fyritalsmannen for Jo aldri so ofte, so vilde han berre koma til aa gaa i Maafaa. Men dette hadde nok ikje Far vaaga aa sagt beint ut til Jo, han hadde sagte gjort paa ein Krok, for eg veit Jo eit Par Aar seinar framleies gjorde seg Vonir um, at den Jenta skulde verta Kjering i Brurusten.


Naar Grønsetmarknaden var yvi, minka det av med Ferdamenner, Handelskarar og langfarandes Folk, meir og meir. Var det ein mild Vinter, bar Føre til aa verte so ymist i Solbakkar og Sudhallor dette Leite, og Isen var heller ikje trygg lenger, vissa der han fyrst gaar upp i Straumdragom.

Dei fleste av Lystringom var farne yvi Sygnefjelle att for ei god Stund sidan og dei siste Gausdøline var au ut etter Dalen farne. Difor var det stillar og mindre folkesamt heime paa Garden, naar det leid yvi Midten av Mars Maanad. Denne Tidi er Dagen so lang vorti, at Kveldseto fell burt av seg sjøl, det er slutt med den Hugnaden aa krea seg umkring Eldsmaale, for no trengst det ikje meir aa brenne paa Skorsteinen heile Kvelden, hjelp ikje, de jaman kan vera styggeleg kaldt baade fyri og etter Sol dette Aarsens Leite.

Soleis ein Gong imillom kunde det enda koma slengjande langferdande Folk til Kvelden, og da livnad det upp att ei av dei mange Kveldsetu-Stundir me hadde fyrr um Vintren.

Gamle-Per kjører Stein um Dagane og ligg i seint og tidleg for aa faa reinska Nybrote medan det heng att noko Føre. Men Steinen er hard Gut ved Vottane, ser du, og difor har han yrkt Arbeid kvar Kveldsstund med aa bøte Stein-Vottane sine til Morgondagen. Og i Kveld „gripjar“ han deim med mjukt Ler, so naar dei no ryk sund att, skal det fulla lid med Steinen au, trur han.

Far staar ved Stabbin og makslar til ei Jarnsko-Reku av Osp medan Budeia og den andre Tenestjenta smaarøder med kvarandre um Dansen „uppi Grendi“, dei baae hadde vore paa i Natt var. Dei hadde nok havt god Moro der, Meggune, for dei log og knisla so godt i eitt. Eg var no fælt nyfikin og freistar trengje meg innaat deim for aa høyre kva dei log aat, men eg fekk ein Skump so eg volt att aa Bak yvi Rullkorgi og gjorde slik Rangl i Rullom, at Budeia sa eg var Emne til eit stort Lei-Beist. Heller ybbin gjekk eg burti Høgsetbenken og ser ut gjenom Glase og fær med di same sjaa ein Mann med Hest og Svenskesluffe koma kjørande etter Isen. Han svingar inn paa Gardsvegen ved Kvennhus-Evjo so eg skjønar, han kjem aat oss, og med di meller eg straks kva eg ser. Me høyrer Ljomen av Dumbjølla inn i Stugo og no tagnar Røda aat Jentom og Gamle-Per legg Vaatte-Bøtingi fraa seg, skyt Glasaugo upp-under Brote paa Raudhuva, kjem og vil sjaa kva som kjem kjørande. Straks etter er den Framande inn komi, helsar Godkveld og spør um Hus for seg og Hesten sin. Det er „han August Svensk“* „August Andersson från Borås“, ein gamal Kjenning, som til kvar Vinter i mange Herrens Aar foor etter Bygdom i Dalen med „Dunvartyg, Dukdrejl, Lærret, Hufvudtørklæder, Buckskinn og Verken“. Han var ein snil, godsleg Mann, og alltid velkomin, um eg just ikje kan seja eg tykte det var braadt so gjildt at han kom i Huse, som naar Stor-Vossingen eller ein av dei hine Skreppekarom var ute aa foor. Det einaste eg tykte det var noko hævt i med alle Ty-Rullane hans, naar han bar dei inn av Sluffa og lagde deim utyvi Borde, var dei store Laksegli i Enden paa Vevane og som der stod „Kongsvinger Toldopsyn“ paa. Men August Svensk heldt seg paa Kvinnfolksida i Huse med Handelen, og eitkvart vart det alltid att etter; um ikje anna so eit Svensketurklæ til kvar av Kvinnfolki. Og det synte i Grendi etter, naar „Svensken“ hadde fari —: møtte du ei Jente eller ei Kjering paa Vegen, hadde ho nytt Svensketurklæ paa Hovude, antell raudruta hell gulruta, og soleis var det paa Skulen med Smaajentom.

August från Borås var komin seg i god Ro, hadde lagt alle Yviplaggi av og sat med uppknept Jakke, rette Beini burtetter Golve og let Skorsteinsvarmen baka seg. Mor gjekk til og fraa og rettleidde med Kveldsvorden, og August nytta Høve til aa fortelja um noko uslitelegt „starkt Dunvartyg og Lakenlærret“ han hadde. Dei hadde kjøpt so mange Alnir i den Garden og so mange i den — ho maatte da au ha ein Stump fyrr han foor av Garden att; det kunde hende han gjorde siste Ferdi denne Gongen, for han hadde tenkt aa slutte med Handelen. Da kjem tvo Lystringar gjenom Døri, byd Gokveld i Huse og spør, um dei kan verta berga med Hus enno ei Natt.

„Nei, men gaar dykk i Bygdi enno, Karar!“ sejer Far; „eg trudde dykk longe var yvi Fjelle att, eg.“ „Ja me gjeng her, men no er da og pao siste Tidi før no er me pengalause og hev reki att og fram, att og fram, so me er klædelause og. No pao Seinsti hev me fari i Uppdal og Foldalen og kaupt av da høgbeinte Ukse-Fee deira. Aa, me er so keide og leide utav Fehandelen no, so me mest ikje taaler høyra Fe teki pao Nabn. No skal me berre hava eit Par skikkelege Gampar, so skal det vera Slutt med Handelen i Vinter; — kan du, Jakop, seja oss tvo firaorings Gampar — rette og raine?“ „Aa dei finst alltid, naar dykk kjem lenger nord i Bygdi hell upp i Lom; her i Nærhandom veit eg ikje um nokon Hest paa den Lydska no.“ „Nai da er ikje so grait med da; Hestar er da fale kvar me kjeme, men skal da vera noko te Kretur er dai so uppi Pris, at da er plent umaulegt aa tenkja pao aa tena ein Skilling. Men prøva seg mao ein likavel, veit du, Jakop — ein mao fara aa krangla med nokre Hestakretur pao Hamni og, mao’ta. Du dreiv fulla med Hestar du og, i di Tid, og dao var da nok andra Pengar aa tena pao dei enn no, veit eg?“ „Det var no ikje so mykje eg foor med Hestehandelen, eg, so-til; Øyken var ikje Helvti so dyr den Tidi for det skulde baade stor og naufin Hest til, skulde ein naa uppi hundra Dalar med honom paa Bymarknaden. Folk rødde um det som eit Spir naar nokon fekk den Prisen for ein Hest — eg hadde ikje fleir hell tvo Hestar eg rokk upp i hundra Dalar med, all den Tidi eg foor med Handelen. Men so skulde dykk set det var Hestar au, vissa den eine av deim, Rauen, „Sandburauen“, eg kalla han.

Den Hesten kjøpte eg Føl av Anders Sandbu burt-i Heimdalen, nokre Dagar fyrr me foor or Fjelle med Fee um Hausten. Eg minnest enno som det skulde hendt i Gaar, korleis det gjekk til med Handelen med oss, me heldt det no berre som for Jaal og Gap baae tvo au, med di same. Me hadde just havt ei grepa Moro-Kule inne i Budi me Unge, skulde vera; Hans Tolstad kom burti aat oss i Gjest og Sandbumannen, han Anders, likeso — ja han skulde no sjaa til med Øykjom sine som gjekk i Heimdalen au, hann, med di same. Fegjætaren vaar, Vetl-Paal Gjætar, hadde kokt ei stor Gryte med Haglette[6] av beste Slag og reidt upp med det me hadde aa bjo paa. Anna Bord hadde me ikje hell den breide, noko holne Brisken som me bruka baade til Bord og Seng etter som me trongde. Me hadde eti fraa oss og dei hine var gaadde ut medan eg og Hans Tolstad sat att og andygdes for Gaman Skuld. Best det var gauv Karane ihop, og det enda soleis, at Hans vart liggjande att aa Bak, lengst etter Brisken, Fati kvelvdest og Haglett-Myso stod som eit Hav umkring han. „Jøsses fri oss for ei Aatferd med Maten au, lel!“ sa Paal Gjætar. Eg lagde til Dørs, det beste eg orka, og Hans upp og etter meg, so Myso og Hagletta freste umkring han.

Da Kula var yvi, sette eg meg i Budøri og saag paa Hestane som gjekk umkring paa Lægre. Anders Sandbu hadde ei brun Merr med eit nauande fint, raudt Hestføl gangande der um Sumaren og det Føle hadde eg stelt med so ofte, at det hadde vorte spakt som eit Kopplamb. Medan eg sat der i Bud-Døri, kom Følungen burt-aat meg, nuppa i Huva mi, strauk seg mot Oksli mi og vilde ha meg til aa klaa seg.

„Kva vil du ha for denne Følungen, Anders?“ spurde eg. „Aa, det er slik-slag, eg har forr-mykje Øyk til vintras — gjev du meg tie Dalar, so kan du faa han.“ „Ja eg gjev deg tie Dalar u-pruta, eg; men da skal du koma sør aat meg med honom, naar du set Mori paa Stallen i Haust.“ „Nei, hente han lyt du sjøl, eg vil ikje ha noko med, aa føre han paa Staden.“ Detta trekast me um ei Rid utan at me kom til nokor grei Endelykt med di, og eg tenkte ikje meir paa det sidan.

So ein Dag paa Seinhausten raakte eg Anders nord paa Sandbuvollom. „Men vil du ikje taka Følungen din — skal eg vinterfore han au, kannhende?“ sa han da me hadde helsa paa kvarandre. „Jau, er det Aalvore ditt, eg skal ha han da?“ spurde eg. „Jau visst er det Aalvor, og er du so traasett paa at eg skal koma paa Garden aat deg med honom, fær eg taka Mori aa koma ein av Dagane.“

Og soleis vart det; han kom med Mori og den raude Følungen, og eg sette han paa Stallen og skulde ala meg Øyk av han, tenkte eg.

Da det leid yvi Jul den Vintren han var i andre Aare, bar eg til aa temja han, og det var ikje stor Vande. Eg tamde han einsleg, hjelp ikje han var so kipin og kaat han aldri kunde gaa eit rett Fet — det var framifraa til Vit i honom straks. Noko lenger fram paa Vintren tok eg til aa rusle og kjøre Mose fraa inni Holungsfjelle med honom, og da eg hadde kjørt nokre Vendur, var Rauen so stø i Greidi som ein gamal Hest.

Det var ein Gong eg gjorde ei Moseferd med honom, det vart grovt til Uppstyr. Da eg kom uppi Høgdi sette det paa med Kalddrift og Uver so det var nære gjort eg snudde heim att. Han Graapas, den vetle Hunden hans Far, gav seg med tilfjells — han Far skulde no stødt ha ei liti Sengebikkje, han, maa vita, ja eg har stødt lika Smaahundar, eg au, for di. Jau da eg kom innast paa Fuglleiken, hadde det kome ein Ulv og teki han Graapas! eg fekk høyre Jammeren frami Vegen, og saag Ulven styvde innyvi Fjelle med Hunden i Kjeften. Æva skulde eg gjera ved meg? — Rauen berre stod frøste i Naseborune, han kjende Ver av Ubeiste, maa’ta, so det saag ikje lugumt ut aa binde han og struke fraa honom. Men det var so illt aa høyre Hunden hikste og skrike Jammers-Skrik, at eg var ikje god til aa høyre paa det — og hengde Taumane paa ein Furustubbe i Vegkanten, Rauen fekk gjera ved det kva han vilde, og so sette eg etter Udyre. Eg sprang i ville Sinne, og eg tenkjer det gjekk ikje reint smaatt, hell, men Beiste sprang fort hann au, og dertil hadde han Undan-Mun. Likevel dabbast det for honom, for den vetle velfødde Hunden var tung aa halde i Kjeften og soleis seig eg inn-paa han meir og meir. Nei, da han saag eg ikje gav meg og var kome so nære honom som eit drjugt Haglmaal, vaaga han ikje anna, hell sleppe Hunden — enda sprang eg etter honom eit Stykkje. Dyre-De kor sint eg var! hadde eg berre naatt i han so hadde eg gaatt paa han med berre Nevane og eg skulde au gjort Ulv, og det kvast, au. Men han va meg for frisk da han vart lausreipa. Han sette seg lel, Beiste, da han saag eg snudde, og hengde Tunga langt utor Kjeften. Ulven hadde gripi han Graapas yvi Ryggen, so han hadde eit djupt Saar paa kvar Side av Ryggetavla etter Rivtennom; men det var no Liv i honom og han sleikte Handi mi da eg bar han attende fram-i Vegen der Rauen stod, som da eg gjekk fraa honom. So rengde eg Trøya av meg og balla Hunden inni, lagde han i Livd attfor ein Stein medan eg var inni Fjelle etter ein Mosehaug, trøyelaus i Uvere. Hunden drog seg til att; men han kom seg aldri heilt etter Ulvebite og me gjorde Ende paa honom Hausten etter.“

„Den Vintren Rauen var i tridje Aare, hadde eg han i Sætri medan me laag og gav upp Sæterhøye. Han var aa kalle fullfør Hest i alle Maatar vorte da, gode halvtiande Kvart ned-i Haargarden. Det vart Skugghaaling paa Vatnom etter Jul, og eg fekk Hug til aa sjaa, um det var noko Sprang i Rauen. No har eg aldri brytt meg um Traav-Kjøring hell skjøna meg større paa aa kjøre ein Hest, men eg saag likevel, at det var det Fotlage i Gampen, at han kunde vorte meir hell ein medels Traavar i Hendom paa ein rett Traav-Kjørar.

Rauen vart gjildaste Hesten eg nokon Gong har aatt — so lett-liva og so vitug, attaat; du kunde gjerne slept ein Gutunge til aa kjørt han. Du skulde set han naar han kom i Greide og slapp aat Vegen: det var som Seletye skulde legi reint laust paa honom. Jakob Meier kjøpte han av meg da han var i femte Aare og gav meg ein rau Setel for han. Meier tenkte seg fulla aa faatt ein Primi-Traavar av honom, var Von, men ein slik Stortraavar som „Meier-Rauen“ og ho „Cattelina “ kunde han ikje verta, han var kanhende i grovaste Lage, au, til Traavar. Men da Rauen ikje vart nokon Primi-Vinnar paa Bjørviki, selde han Gampen paa Prinse-Stallen same Aare.

Andre Vintren etter eg selde Rauen, var eg inne i Byen straks etter Kristians-Marknaden, og da Meier fortalde meg, at Gampen no stod paa Prinse-Stallen, vart eg huga til aa gaa dit ein Dag, for eg tykte det skulde vera Moro aa sjaa korleis han hadde slegi seg til. Eg spurde ein av Stalldrengjom, um han kjende ein rau Hest, som var seld dit av Jakob Meier. Jau, det gjorde han, det var Raad til di, „han er ikje langt undan, han, det er ein av beste Hestom paa Stallen, det“ sa Mannen. Og medan me stod der og snakka desse Ordi, kjende Rauen Maale mitt, han stod so eit sjoug, otte Spiltaag fraa meg — han sette i aa kneggje, sleit i Grima og grov i Standfellum som han skulde vore galin. „Der er Hesten du spør um,“ sa Stall-Karen; „men kva i reine Verdi er no paa Ferd med honom — kjenner han deg?“ spurde Mannen. „Ja, eg har ali upp Hesten, eg, og difor hadde eg Hug til aa sjaa han att, etter han kom hit,“ svara eg. Men du skulde mest ikje slikt ha set! Hesten vart so ustyrleg, at Stall-Karen laut tala hardt aat honom fleire Vendur; da gjekk eg burt-i Spiltaage aa tala aat honom som i gamle Daagaa, og meinar du ikje han gjorde sameeins no, som ved Bud-Døri i Heimdalen! — Han nuppa i Huva mi og lagde Hovude paa Oksli mi; so nasa han paa Klædi mine, like fraa Skoreimane og upp paa Dusken i Rauhuva — imillom lagde han Hovude ned-paa Oksli mi att mange Gongar. „Ja no gjekk han radt med deg gjenom tjukke Byen forutan Grime,“ sa Stalldrengen, „slikt har eg aldri set av ein Hest fyrr.“

Rauen hadde komi seg gjildt, vorte so stor og brei, at han var mest ikje att-kjennande. Det er rart med di, maa vita, naar ein Hest vert stelt so væl som der i Garden.

Me Handelskarar kjøper og sel i Einingom, og med di kjem me liksom ikje til aa leggje nokon Elsk ved Dyri, kor vitlege og gjilde sume av deim kan vera. Men det gjorde meg illt da eg gjekk fraa Rauen att, hjelp ikje han var komin paa Prinse-Stallen. Og eg har ikje angra paa noko anna Krøtur eg har selt, men hann angra eg paa, eg gjorde av med.“

„Det var fulla meir av gjilde Hestar og jamfari betre Heste-Eldi paa Gardom i Bygdi, dei Tidine, veit eg?“

„Paa mange av Gardom i Bygdi hadde dei godt Elde og det var nokre framifraa Skjuthestar i dei Tidom som sette Merkje ette seg paa Øykjeslage for lange Evune etter. Slike Hestar som „Haakonstadrauen“ og „Øyabrunen“ har eg ikje set Makan til sidan.“

„Men korleis var det, Jakop, var du ikje med og selde ein blind Gamp i Byvegen ein Gong? Det lyt du fortelja oss.“

„Jau, eg var no med, men eg hadde ikje noko med Hesten eller Handelen elles aa gjera. Det var eine Felagen min, ein eg var i Drivtlag med i mange Aar, som aatte Gampen, ein blaa, stor, gjild Gamp aa sjaa paa, men skokkstein blind. Det grummaste var, at det var den rike Morbror aat Felagen min, som hadde selt honom Hesten — ja, Farbror hans heldt fulla ikje Lyte dult, var Von, og Prisen var fulla Gud og Ingenting au, men det var no rart, at han vilde setja Gampen paa Viddi, soleis. No skal du høyre korleis det vippa seg.

Da me kom ut i søre Land med Drifti um Hausten og foor framum ein Gard som heiter Horn, raaka me Mannen, han Ivar Horn. Han kom burt-i Vegen aat oss og spurde, um me hadde ein sterk, tung Arbeidshest aa selja. No laut antell Felagen min hell eg gaa og leide den blaa Gampen, kvar me foor, og da han var baade stor og grov og velfallin, bau han Hesten fram. Mannen tykte vel um Hesten og kjøpte han medan me stod i Vegen ved ein Gjeili, som gjekk upp til Gards. Eg likte ikje denna Handelen, for eg kjende vel han Ivar Horn fraa fyrr um Aari, men eg tykte ikje eg kunde leggja meg fram-i og øydeleggje Handelen for Felagen min, hell. Ikje spurde Mannen seg forr um Lyte ved Hesten heller, og ikje kavera Felagen min noko. Men eg tykte det var best me kom so langt undan, at me var utor Bjølleljomen, snøggast det let seg gjera, og eg masa med, at me endelig laut sjaa til aa koma etter Drifte paa heilage Flekk. Ivar Horn bad oss med inn paa ein Dram i Kjøpskaal, men me bar oss undan med, at me paa ingi Gjerd hadde Tidir til di. Da me skildest, tok Ivar den blaa Gampen i Beisle og vilde leide Hesten med seg burt-i ein Hamne-Hage; upp etter Gjeilen var det lagt tett med Sagbordstubbar til aa gaa etter i Regnver, og med same Mannen byrja gaa, spente Hesten burt-i Bordendane, so han heldt paa aa drive ikoll. Eg saag, at Ivar med ein Gong skjøna, at me hadde narra han upp i Dust, men han var forr klok til aa lata seg merke med di. „Ja no tør eg ikje ein Gong sjaa meg attende,“ sa eg; men Ivar hadde, paa ei eller annor Gjerd, avhenda Gampen att same Hausten, og paa Kristiania Marknaden um Vintren hadde han kome i Hendane paa ein Vognmann. Det vart enda Sak um Hesten til Slutt, og me høyrde ein Tymt um, at det skulde verta rekt attende, kven som fyrst hadde sett han ut i Handel. Men det do burt att av seg sjøl og eg høyrde ikje meir til di.“

„Den Hestehandelen — ja den Hestehandelen, du Jakop! — med den kann det gaa baade leidt og løgelegt til. Det gjeld aa ha Augo opne og enda kann ein verta snytt so endefram ned i Botn og Grunn, at det er ikje Gjerd paa. Du skal høyre, korleis det gjekk med ein Hestehandel, eg gjorde, for ein femtan sekstan Aar sidan.

Me heldt just paa aa koma fram med Drifti, og eg hadde allt vore inne i Byen og leigt Byhamn. Eg reid inn til Byen paa ei brunblakk Merr eg kjøpte av Trondheims-Fjordingane um Vaaren, og da eg foor attende til aa møte Fee og deim, som dreiv det, møtte eg ein Mann like ved By-Grensa, som au reid paa ein brunblakk Øyk, medels stor og meir førlagd hell Merri eg hadde. Mannen baud meg so svint aa byte Hestar, da vi møttest i Vegen. Ja, eg var no ute paa Handel, eg, kor som var; men eg vart noko undrin paa detta; for eg saag med ein Gong, at det var hardleg gjildare Hest han hadde hell eg — i sine beste Aar og full og feit. Merri mi var noko upp i Aari, og so maateleg i Hold, som Fjordingsøykjine oftast er det fysste Aare, etter dei kjem upp. Eg tykte ikje eg kunde slaa til paa Flekken heller, for dette kom so braadt, enda det var greidt som Fot i Hosu, at det vilde vera eit grepa Byte for meg — um Hesten hans var rein og rett, da. Og paa Snakke hans tyktest eg aa skjøne, at eg kunde faa byte likt.

„Ja no har ikje eg Tidir til aa drygje lenger,“ sa eg; Fedrifti mi er paa reide Hand, so eg lyt imots ved ho; men er det so, at du tenkjer aalvorsleg paa Hestebyte, kan du ride ut i Sinsenbakkane og halde deg der til me kjem der um ein halv Times Tid, so fær me sjaa, um det kunde draga ihop med oss?“ Dimed reid eg min Veg, møtte Drifti og dei hine Følgjesveinom mine og gav deim Greide paa Hamnelykkja, Husvære og slikt meir. Og med same me naadde Sinsenbakkom, jau, bitlade, sat ikje Mannen paa den brunblakke Hesten der og venta, ropte imot meg lang Veg og spurde, um eg hadde teki so mykje Vit aat meg no, at eg vilde gjeva honom det Millomlage han kravde — ja me kravde no Millomlag baae tvo, maa vita, da me skildest ved Bygrensa. Nei, meinte eg, det Vite fær eg nok aldri heller. „Men korleis er det med dine Vit? Gjev du meg det, eg vil ha i Byte?“ „Slik Slag, eg slær av det Halve,“ svara han. „Nei ikje so mykje som ein dansk Kvit fær du av meg; men, for aa gjera ein Handel med same eg kjem til Byen: vil du høyre siste Ordi mitt, so byd eg deg aa byte likt.“ Det saag ut til han vart svært tviraadig, og han letst eve seg um med di lenge; men Endelykti var no den, at me bytte likt — han likte so den vesle Merri mi, ho kunde verta so snodig Kjørehest for honom og Brunblakken hans var vel tung av seg, gat han um.

Me budde i Hus hjaa ein gamal Smed tett med Fehamni vaar. Eg var gamall kjend i Huse, og Smeden var som han skulde vori Far min paa all Vis, so dant var det med oss tvo. Difor var det Ja straks eg bad um aa faa sleppe Nyhesten min paa Haabeite hjaa Gamlingen. Skal undrast paa, kva Fa’n det er som vantar denna Gampen? tenkte eg for meg sjøl. Eit Lyte maa han ha, men fær eg deg paa Tvomandshand i nokro Dagar, skal du nok ut med det.

Eg gjekk og kjøgla og glytta til kvar Tid etter den nye Øykjen, var stad aa trivla kvar ein Led som fanns paa dei fire Beinom hans, ransaka Kjeft og Tanngard radt ned i Tungrøtane, prøvde um han var takskjerr, stad eller mannbitsk eller vond aa sko — nei ingen Vedsens Ting kunde eg verta var. Ikje var han avlaus heller, for det sette eg Prøve paa. Hm, det ser mest ut til, det var ein Fagnamann eg raaka, lel, denne Gongen! So godt hadde eg ikje venta meg aa vende Brunblakka, da eg kjøpte ho nord i Blessombakkom um Sumaren.

Gampen gjekk i tvo Dagar og han gjekk i tri paa Haabeite hjaa Smeden. Eg reid paa honom og kjørde med honom baade i Gong, i Traav og i Renn — prøvde han paa alle dei Visi, eg kunde upptenkje — laag lange Stundir og saag paa han, og stod gjynte attmed Hus-Novom etter honom, naar han gjekk i Sjøldule. Nei, da eg inginting merkte, vart eg so trygg at eg sette meg fyri, aa rusle ned i Byen med honom fjorde Dagen. Eg lagde paa han Beisle, leidde han up i Gardsrome til Smeden og batt han i ei tom Høykjerre, medan eg sjøl gjekk upp paa Rome mitt for aa fjelge meg lite til Byferdi.

Men da eg kom ut paa Troppi att, skal eg seja deg eg fekk eit hugnalegt Syn for Augom — der hogg Brunblakken med Tennom i Kjerrekarmen so berre Flisine dreiv, drog Vombi uppi seg so det sprikte for Ryggjetavla, og — gurpa so det ljoma i Gardsrome! Aa hin — er det soleis du har det! — takke til, den som hadde mi eigi skarve Brunblakke likevel, da!

Nede i Byen kom eg Vonom snarare i Akkedas um Hestehandel med Husbondskaren til Presten i Urskog. Han reiste just etter aa kjøpe ein lugum Brukshest til Presten, og Brunblakken fall honom godt i Augo. Me vart paa det næraste samde um Prisen au, men so skulde me endeleg inn paa eit Hotell og taka oss eit Glas medan me gjorde av fast Handel um Blakken. Han Kristen i Vik, den eine Felagen min, var au med oss, og Tenestguten til Urskogpresten stod att ute, skulde sjaa til Brunblakken; han stod bundin paa eit opi Spiltaag i Bakgarden. Allt tykte eg var likt til aa make seg so vel for meg.

Best me sat og godgjorde oss, stikk Tenestguten Nasen inn i Døri og bad Husbondskaren koma ut — trast ette kom det Bod paa meg au. „Nei men kva er tids, kva er tids?“ spurde han Kristen. „Aa nei, det er no fulla ikje noko tids, veit eg,“ svara eg — enda eg skjøna forbanna so vel kva som var tids, tømde vel or Glase mitt og gjekk etter ut. Ja Brunblakken hadde funni paa hoggi Tenn i Krubba, han, maa vita, og laati ein god Knubb-Bit-Slaatt aat Tenestguten. So den Gongen vart det Gryte av heile Leiken.

Dagen etter var eg i Byen att og kom i Akkedering um Blakken med ein ung, fin Kar, og me vart samde um Prisen. Eg skulde følgje med burt-i Hotelle der han budde og faa Pengane, men no tenkte eg, det var best aa vera fyri var. Me møtte ein av Heimbygdingom mine, han gamle Arne Hagtun, og han bad eg følgje med og halde Blakken i Beisle medan eg fekk Uppgjerdsle. Og det var Gamlen viljug til, for han hadde nok som ei Von um, at det kom til aa vanke ein Dram for Umaken. Jou, den Gongen gjekk det, du, og du kan tru eg hegda ikje med Bollen aat honom Arne.

Aare etter, da eg var i Byen um Hausten, var det ein Dag eg gjekk i mine eigne Tankar etter Storgata. Da visste eg ikje Orde av fyrr eg fekk eit Slag paa eine Oksli, og da eg snudde paa Hugu saag eg beint i Augo paa den fine Mannen, som kjøpte Brunblakken av meg. Hm, no skal du bitlade faa høyre paa ei Tekst som gaar innum Skinne!

„Kjenner du meg att?“ spurde han. Eg til aa gruna og gruna, men var ikje Kar um aa draga den mindste Kjendsl paa han hell minnast, at eg hadde set han for mine Augo fyrr her i denne synduge Verdi. „Hugsar du ikje at du selde ein brunblakk Gamp i Fjorhaust?“ „Jou, det var nok Von eg det gjorde, men eg har baade kjøpt og selt so mange baade brune og blakke Gampar, at eg har ikje lagt meir den eine hell den andre av deim paa Minne.“ „Ja, det var ikje noko gali med di, ikje soleis; for det gjekk knakandest godt, det, Gut! Eg tente Pengar paa Hesten, eg — det gjekk svært godt det, Gut.“ Da eg høyrde det, bar det til aa ro for meg, meir og meir, at me visst handla med ein brunblakk Hest eg sjøl hadde bytt aat meg i Byvegen. „Ja, kom no, so skal me faa oss ei reideleg Kjøpskaal paa den Handelen. Ifjor hadde du so hoggande smaatt um Tid, da me handla um Blakken, at me ikje kunde taka eit Glas. No lyt me ha det; for det gjekk bitterdø godt med Brunblakken, ser du.“

Ja soleis kan det skeive til; men det er mangein Gong ein rotin Handel, den Hestehandelen. Eg er vortin meir og meire leid han etter kvart. Men so er det no soleis da, maa vita, ein kan svintar tene nokre Dalar med Hestehandel, naar det gaar heppelegt, hell med nokon annan Handel.“


Smaatt etter Hand har Vintren lote slept Take att, Soli har vunne seg høgt upp-um dei høgste Eggir og Knausar og i Solsida er det ho, som allt for ei Tid sidan fekk Yvitake. Otta har reinska seg for Is so berre dei tjukke Brunine ligg att, graagule og uskirne, inn etter Fjørune. Fraa øvst i Høbruni paa Baksida av Dalen og til halvmidt ned i den bratte Lidi ligg Snøen tjukk enda; men for kvar Dag som gaar tærer fleire og fleire Randar, Ryggir og Tuvur seg upp gjenom Snøkaapa og jamnt og samt aukar Berrmarki upp etter. Sudhalline som den Dag i Gaar laag kvite og glima i Morgosoli, er idag baade grimute og gaarute, og nord i „Klove“ i Hovdaspiggen, der Snøen løyp ned-i fraa den stupbratte Bergveggen kvar Gong det kjem ein Snø-Dett heile Vintren, gjekk det i Gaar den eine Skrido etter den andre, Gaupn etter Gaupn kom støytande og lagde seg i ei Myrju i den store, grisne Urdi nedunder.

Vaaren er komin. Linerla hoppar kvirv og lettværleg i Plogfori og hemtar den gule Aakermakken; ho kom tidleg i Aar og Gamle-Per spaadde, at det skulde verta langt Lin, da han saag ho paa Saufjosmønaen den fyrste Gongen. Igaar Efta trudde han at han saag Svolo au, det var han elles ikje stø um men Graagaas-Reip hadde han set fleire av. Den siste Viko hadde det fari Straumand-Steggir nordetter Elvi mest til kvar Dag. Far saag etter deim au ein Morgon; han rengde det Blaae ut paa Raudhuva si, tok Rifla og gjekk sør til Fosshølen; for der brukte Straumandi stødt aa halde seg nokre Dagar. Men han kom til aa gaa i Maafaa.

Per undrast paa det, at Gauken enno drygde med aa lata seg høyre. Me har no den tiande Mai idag og da skulde han vera her etter gamallt; for han slepp aa gala i svartan Ved i Vaar — Bjørkelauve er allt større hell eit Musøyra paa Skrido ved Rinda.

Jau endeleg er det vorte Vaar for Aalvor og meir hell ei Smaamanns-Kjering letna for Bringa, da ho fekk Krøturi fram paa Tuva — enda det var illt nok aa sjaa deim gaa der beinberre og haarlause, vissa dei Dagane naar Nordanvinden kom att, kald og bitandest. Dei kunde nok storleg trongi ein litin Vondul med same dei vart sett paa Baasen att um Kveldane — og det gjorde illt aa sjaa deim følgje deg med Augom og undrast, um dei ikje fekk ein Munnfull Høy til Kvelds attpaa den ut-faadde Dauingen og det fjorgamle Lauve, dei hadde fyllt seg med.

Han var utor Maaten sein og hard Vaaren i Aar og det vart Forløyse paa mest alle; Smaamennar som ikje aatte Øyk gjekk over Skriduskarde og bar Halm paa Ryggen ei Mils Veg fraa Grannebygdi. Lang var Vegen og stor var Prisen, men at dei maatte gjeva slike Blodpening, hadde dei ikje tenkt seg: ei Vog u-etandes, halvroten Myr-Storr og ei Vog tur, skinin Halm vart sette saman for 1 Dalar! Dei fleste vilde leggje att Storr-Vogi ved Laav-Veggen, men dei maatte bera ho av Grunne iminste, For-Handlaren vilde ha Laaven tømt og Garden fri. Men kva lyt ikje ein gaa paa for aa halde Liv i Krøturi. Rett denne Fornødi som berre kom att like ille mest til kvar Vaar! — kor illt Smaafolk fekk lide av den. Naar det vesle Høystaale bar til aa minke ihop fyrri Murimess, Loi var avtreskt og Halmen uppgjevin, da var ikje dei vonde Tidir langt undan — Kjeringi kjende som ein Styng for Bringa kvar Gong ho plukka ein Vondul. So var det aa treine Krøturi meire og meire for ikje aa verta straagjevin med ein Gong; dei, som mjølka, vart mest blindspena av Svult og ikje var det Raad til aa „gjeva paa“ ei Grønsaad no, da Grøne au straks var uppøydt. Det var verre hell aa sitja i Fangehole aa gaa sjaa paa Svulten um Dagane — berre ho gjekk over Garden høyrde ho den kaldtokka Rauten fraa Fjose, for ho „Gullros“ kjende ho paa Gonga — aa Gud, rett aa staa bundin til ein Vegg og svelte! Ein fekk ikje Svevn forr seg um Nætane, ein Gong, for Hugsotti.

Alle lengtast saart etter Godvere men det vart langdrygt, same kalde Nekken kvar Dag so Soli ingi Ly gav og Snøen berre verkte av. Desse lange Vaarvikune var ei fæl Tid, ikje ein Dag med Fred eller ei hugsottlaus Stund — var det ikje eitt so var det eit anna. Var Krøturi framfødde paa den Gjerdi det var, so var det Saakorn til Vaaronni og Sumarsføda til Huse som vanta. Og Bygge var dyrt, ikje var det Pengar og ikje noko aa avhende — Fjorkalven laut seljast paa Uppalna[7] til ein Fe-Kar for Høy og Halm til aa halde Live i Krøturi med. Ikje hadde Verten, eller nokon av dei hine Gardmennom, Hug til aa gaa i Borgen hjaa Kornhandlarom for Byg til Saajerd og Matgjerd heller, for det stod att noko av Kornskuldi sidan i Fjor enno. Dei, det var mest smaatt for, fekk laant seg Saakorn i Bygdemagasine naar dei gav god Trygd for seg, men dei, som skulde liksom vera meire sjølvhjelpne, laut ha seg andre Utvegir, taka paa seg Arbeid til Sumaren eller setja Krøtur i Pant. Kom dei so til Kornseljaren var Prisane minst 4 Dalar Tunna for Bygg imot reide Pengar, paa 1 Aars Bi’and var det 25 paa Hundrad i Rente. Og enda fekk dei ikje Bygge etter Vegt, dei maatte taka det etter Maal —: Seljaren auste Korne i Skjeppa med ei fælande stor Sleiv, so laust og varleg som han fekk det til. Paa denne Gjerdi vog ei Tunne Bygg jamnan berre 1312 Bismarpund istadenfor 15 — stødt vilde det henge med mykje lett og smalt Byg au, i det desse Kornhandlarane hadde aa selja. Men so var det ikje nokon i ei Bygd som Smaamannen hata so hjarteleg heller, som mange av dei Gardmenn og Avlsbrukarar[8], som dreiv med Kornhandel.

Folk driv som skarpast med Vaaronni i heile Grendi og heime pløgjer Per med Sota og Rugsvebrunen. Det er eit gjildt Krøkje og han kjenner seg byrg naar han fer med dei kipne Øykjom til og fraa Plogteigen — han legg seg kjeik i Taumane og gjer Streitleggir med dei tunne Beini, held atti, og skrik morsk: „Jaalbeist! — kann døkk ikje gaa som andre Øykir!“

Soli skin varmt og Saagidren braglar fraa den nypløgde Jordi; Elvi held paa aa „dreg seg“ og fær att meir og meir den djupe, tunge Søgen ho har, naar ho kjem uppi Sumarstøde. Idag er det so varmt i Vere, og Marki so turr, der det er lite upprisi, at Per og den Mannen som er med honom vil kvile etter Dugurden paa fri Gard. Dei kveikjer Pipune og legg seg i Solbakken ved Laaven.

Just da Per vel hadde stukki Pipa i Lumma og blunda att Augo, kjem det ein avraadin Dyn fraa uppi Høbruni; det lydest yvi heile Dalen, høgre hell Elvesøgen, og me kjenner liksom Jordi skjelv. Dei tvo, som kviler til Dugurds, kjem svint upp att og alle inne i Stugo kjem ut og vil sjaa. Me veit alle med di same kva som er i Braki: det er Liarustbekken som „kjem“ — det visse Merke paa, at det endelig er vorti fullgodt Ver heilt til Fjells.

Denne Bekken kjem fraa ei Tjønn inni Fjelle og Tjønni ligg i ei djup Søkk, som Snøvatne sig aat, etter som Fonnine braanar. Til Slutt er heile den djupe, vide Søkki full og sprengjer hardare og hardare paa den digre Fonni som stengjer Utloupe ned-mot Lidi — ho ligg i Skugge og Bak-Lur, so ho enno har teki imot. Men Soli bræder og bræder, Fonni losnar upp og Vatsmengden klember paa og sprengjer kvar Stund, og so kjem den Dagen ho lyt gjeva upp: Vatne et seg igjenom, og Liarustbækken slepp utor Tvangen, skundar seg ut paa Høbruni og set ned i Dalen som ein heil Vedonder.

Vill, ustyrleg og agalaus kjem han veltande og helsar ned i Dalen med eit skræmelegt Dyn, med di same han stupar seg utyvi Bruni — so ber han til aa gjera Byks og Stup i Stup ned igjenom, og du kjenner korleis heile Dalsida gjev seg for kvar Støyt. Etter som han fer nedetter, sopar han Fare reint for Svell og Is, tek med seg Jord og Stein og Bjørkir som staar so nær, at han naar deim, og, naar han kjem lenger ned i Lidi, klurne Gronir og Furur som har vaaga seg for langt ut paa Bekkefare.

Me staar alle og ser korleis den ustyrlege Bekken egser ned etter, den eine Glyksen etter den andre kjem stupande utyvi Høbruni; den fyrste er svart som ei Jordsupe — so kjem det ein gulgraa og tilslut ein kvit og um lite er heile Fare nedetter ei ljos Strime aa sjaa til, som govar, fossar og kokar all Vegen til det vert burte nedi Gronnskogen, der brattaste Lidi endar. I det milde Sunnandrage kjenner me ein Tev av Jord og Naud-Eld staar ned fraa Bekken.

Kjem so Liarustbekken veltande ned paa Flatlende, innan Eidsfossen, vert Bekkefare forr-trongt, og dimed fløymer han vidt og breidt utyve so det er mest ikje framkjømt etter Gongvegen i nokre Dagar, til den største Vatsmengdi er runni undan.

Liarustbekken har ein Granne, au, ein dei kallar Jordesbekken, og hann lagar seg oftast so, at han „kjem“ antell nokre Dagar fyri hell nokre Dagar etter; men det hendar dei kjem same Dagen, Karane. Han er paa sama Gjerdi hann au, med Ofse og Dunder, men han orkar no ikje aa gjera slik Uppstuss som Liarustbekken, likevel, for han har ikje den Vatsmengdi aa stupe utyver. Men desse tvo Fjellbekkine lagar til ei slik Bløyte etter den myrlendte Flaaten nede ved Elvi, at farandes Folk lyt bykse millom Tuvur og Steinar og leite seg fram etter Ris og Ryggir som best dei kann. „Jau no er det vorte seg sjøl likt att yvi Fossen,“ sejer Kjeringane naar dei kjem sunnantil og er vortne vaate langt uppetter Stakken. Og ufysi er det; men so vert det no grepa Kvenne-Gong i dei smaa Kvennhusom Folk har i desse tvo Bekkjom.

Me har dosna fraa oss paa Liarustbekken og Per og den andre Mannen legg seg til aa kvile — dei har enno att ein Stubb av Dugurdskvildi. Men ikje fyrr har dei lagt seg, fyrr det tyt eit høgt, mangmaalugt Sauebræk fraa hi Sida av Elvi, og da me ser til, yrer og kryr det med Sau etter den ny Kjørvegen som vart ferdig for ei Viku sidan, aaltekt med Sau midt etter Vegen og til baae Sidur, minst tri Steinkast langt. Fyri gaar det ein graaklædd Kar og lokkar og etter kjem ein annan graaklædd ein som har med seg ein Gutunge; dei tvo stomar og jagar. Sauine aular som Mauren i Tuva millom Furutallom, kjyller nedetter Veghalle mot Elvi og høgg seg fast kvar dei kjem yvi eit grønt Straa. Gutungen driv med ei lang Svipu og er etter deim høgt og laagt, den vaksne Karen kastar med Stein etter deim, som freistar paa aa smette seg avsides eller gjeva seg att. Og heile Tidi lyder Bræke, eit stort Klagemaal for Svult og Ilengjing attende til Heimstaden; etter som Sauedrifti fer følgjer ei Sky med Dumbe etter Vegen som naar ei Reid med Hestar kjem traavande.

Gamle-Per les ei stygg Bøn — „idag er det ikje bjoande til aa faa Kvildi si, lel! No kjem det rekande ein av dessa Gausdølom med ei Drift so lang som baade idag og imorgon med svoltin Loms-Sau — sjaa kor det kryr! Ja det er no den fyrste Drifti i Aar, detta, men innan den siste er fari, har det rekt mang ein Sau etter den nye Vegen,“ sa han noko mildare, da Harmen snøgt gav seg. Og Gamlen hadde noko aa fara i; for mest til kvar Dag i fjortan Dagars Tid foor det ei og tvo Sauedriftir utyvi Dalen, og Ottdøline fekk det andsamt med aa møte upp paa tilsagde Stadir med den „Saukjøpar-Sauen“, dei hadde selt. Naar Saukjøparane foor nordetter paa „Sank“, heilt øvst uppi Lom og Sjaak, var dei framme og „sa til“ Seljarane, dagstødde Tidi og fastsette Staden kvar dei vilde taka imot, naar dei kom nedyvi Dalen att. Til avsides Gardar og Plassar som laag tungvint til, fekk dei senda Bod med Gutungar og Kjeringar, og med di slapp dei aa gjera altfor store Krokar fraa Bygdevegen. Samstundes medan dei gjekk og „sa til“, fekk dei fale einkvar „Stillingen“[9] dei kjøpte. Det er so underlegt med di, naar det kjem Handelskar i Huse; det er Raad til aa faa svint nokre kontante Pengar i Pungen da, — um ein har noko aa yte. Og Pengar er det stødt trongt um, so det fær fulla gaa eit Par Stillingar likevel, um det just ikje var Meiningi fraa Fysstune aa selja fleire, hell dei Sauekaren kjøpte da han foor i Vinter.

Um Kvelden da Vaaronn-Karane aat Kveldvorden, kjem det ein Faabergsgut, som no i fleire Aar hadde gaatt paa Sauehandel i Nordbygdom, og tinga seg Hus. Dei too fyrre Aari hadde han ikje vori inne heime, men han helsar kjend paa Far og Mor, set seg fram aat Aaren og tek til aa karve Tobak i Pipa.

„Me trudde du hadde slutta med Sauehandelen me, Simen, for det er minst tvoug Aar sidan me saag deg i Bygdi,“ sejer Far. „Aa eg skal ikje det tru, men eg har liksom vore burti eit framandt Land no, Gut, i tvoug Aar og fare med Sauhandel, — ivaar var eg au halvvori i Tankom um aa gjort det same, men eg vart so tverrande uhuga da eg kom paa Vegen. No lyt eg sjaa til um eg kan skrapa ihop ei skarve Drift; men du veit det vert berre Skrap no, eg er so seint ute — eg har enno ikje kjøpt fyrste Sauen sidan eg foor heiman. Jau, Gut, desse too fyrre Vaarane har eg vori radt ned i Fjordom og kjøpt Sau i Strynsbygdom.“

„Nei høyr der! so du au har vore i Nordfjordsbygdom paa Handel? Det var Moro aa høyre; eg skulde ikje vera reint framand der, eg hell, maa vita, men du veit fulla ikje av, at eg var der tvo Vendur paa Fehandel, baade i 1837 og 38. Me lyt vera um oss paa alle Kantar me, som skal drive Handel, veit du, og da eg saag at dei Fjordingskjyrne, som Stemnfjordingane kom yvi Fjelle med til kvar Sumar, var gode aa avhende, fann eg paa aa fara ned i Strynsbygdine og kjøpe tvo Driftir. Smaalenningar og Husmenn lika dei smaae Kjyrne, dei var godfødde og aalætte og ikje so innpaa til aa gjeva i Bytta, mange av deim vart Mjølkekjyr av beste Slag.

Det var underlegt for meg aa koma paa Vestlande, kan du tru, vissa den fyrste Vaaren eg kom ned der — det var meg som eg skulde komi millom eit anna Folkeferd til eg vandest med deim. Alting var meg framandt og braut av fraa di eg var van med her i Dalen og paa Austlandsbygdom. Ein veit mest ikje korleis ein skal bera seg aat, maa vita, naar ein ikje kjenner, kva som er Folkeskikk og Bygdesed. Gardsstell og Husstell allt igjenom var meire gamalldags og lite framkomi mot her i Heimbygdi, og noko av det, som trast fall meg mest framandt var Røykstugune, det var som eg skulde stige inni ei annor Verd, tykte eg naar eg kom innum Dørstokken og Huse laag halvdimt i Ljosken fraa Ljoren. Her i Bygdi fanst det altid att Røykstugur, Ljorhus, me kalla, paa fire, fem gamle Sætrir, og dei var no halde mest som Merke paa eit laakt og utlivd Sæterstell, au. Men so vidt eg foor umkring i baae Strynsbygdom, saag eg ikje rett Skorstein meir hell paa tvo Stadir, og det var hjaa Jakob Grov og Harald Gutdal. Men ikje for di, da eg kom i Vane med deim, var ikje Røykstugune til aa styggjast ved; det var baade friskt og godt inne i deim, og heller ikje var dei ufjelge eller uhuglege. Lite myrkvorne og tunge var dei nok for meg, men det var likevel forunderlegt kor mykje Dagsljos det slapp inn gjenom Ljoren, naar Vere var uppljost, da.

Men so bratte Lidir og tronge Dalføre som i Strynsbygdom, har eg aldri set, kvar eg har fari. Det lydest utruande, men det var ein Stad eg var inne paa ein Gard, eg saag Ku og Gjeit gjenom Ljoren, saag dei gjekk hamna seg uppi Bergskortom. For meg saag det ut til aa vera eit stort Vaaga-Spel, aa sleppe Krøtur paa Hamn i slikt Lende, og det hende nok au jamnan, at det „kanta“ Nauta-Krøtur og slog seg ihel. Fleire Stadir der eg foor og rak hadde dei ferskt Kjøt aa bjo til Maals, og naar eg spurde korleis det kunde koma seg, at dei hadde ferskt Kjøt paa den Aarstidi, svara dei at det var „Kantakjøt“.

Dei var ikje langt fram komne med Husstelle sit der i Bygdom i dei Dagom og laag grovt langt etter vore Bygdir med di; difor vart det meg i mange Ting so uvant i Matvegen og imot min Smak, at det hende eg gjekk Dagen so lang han var foruttan aa smaka Mat. Mest fanst eg aat den Mjølki eg fekk, det skulde visst vera Tette-Mjølk, men ho var so lei i Smak og so urimeleg seig, at eg skulde dregji ho rundt um Husveggjine. I Grov og i Gutdalen var dei kjende med Kosten eg var uppvand med, og med di eg vart liksom huskjend der med same eg kom aat Bygdi, søkte eg attende aat ein av dei Stadom til Natti, so lengi eg kunde rekke, um eg kunde ha baade ei og tvo Mil aa gaa um Kvelden. Men det var gjestmilde og huglege Folk aa koma i Hus hjaa; reint jamfari sat dei godt til paa dei smaae Gardom sine og det saag ikje ut til, aa finnast Fatigfolk aa kalle, so vidt eg foor.

Da eg var i Nordfjord paa Fehandel den siste Venda, hadde eg med meg han Ola Morbror, „Jostin“ me kalla. Han var gamall Lauskar og hadde gode Stundir all sin Dag, og huga til aa reka Land og Strand var han au, so ho maata honom grepa denne Ferdi. Elles var han no eit stort Guds Tufs til Kar som det var lite Gagn i med kva han tok seg forr — reint eit Marmelde, og var det so det galdt baade paa Umtanke og snøgg Avgjerd, vart han stødt staa-ande som han var valin.

Den Eftan me kom ned av Fjelle og naadde ein av fyrste Gardom i Uppstryn, var me baade trøtte av Vegen og matslitne, for me hadde gjort ei drug Dagsferd og dugande varmt var det au, til aa vera so tidlegt paa Sumaren. Me gjekk difor fram paa Garden og vilde beda Hus. Jau, da raaka me uppi det, var likt til: dei drakk Brudlaup i Huse og Stugu var stappande full av Folk. Da me saag det var soleis vori, vilde me gaa att med same, men Mannen i Huse bad oss berre gjeva oss til der. Hus og Sengerom skulde det ikje trjote og um me ikje vilde forsmaa, vilde han gjerne at me gjorde Huse og Brufolki den Æra aa smaka paa Øle og Bruramaten. Soleis vart me verande i Brudlaupsgarden, og vart imottekne som dei gjævaste Gjestir paa alle Vis. Eg var no i dei beste Aarom mine enno, og da dei sette paa med, at eg maatte upp og danse med Bruri, let eg meg ikje just naudbeda um det. No var ikje eg nokon Dansar som var nemnande her i Heimbygdi; eg kunde greide ein Springdans og gjera eit maatelegt Rundkast, men ikje so det vilde verta halde for noko større her i Bygdi. Men der i Brudlaupe tykte dei eg var ein heil Kolv paa Dansargolve, og sto reint handfallne og bisna paa Rundkasti eg foor og slengde med, veg-rekt som eg var etter Fjellferdi um Dagen. Dei berre mana paa meg at eg maatte danse so eg var nære sprengd, da eg endeleg fekk Lov aa gjeva upp.

Dei spara ikje paa det gode Hausøle sitt i Lage og Russebollane gjekk rundt baade jamt og samt. Eg kjende til det Øle fyrr og visste, at det var ein speleg Torstedrikk; men han Morbror, Jostin, maa vita, kom ikje paa aa tenkje at det kunde setja seg uppi Knappen, hann — Øl er Øl, meinte han, antell det er i Gudbrandsdalen hell Nordfjord og tyrst som han var etter Fjellferdi, hadde han drukki seg vel utyrst av det gode Øle. Jau, da eg hadde gjort fraa meg Dansen, fekk eg sjaa han Morbror sat ihopsigin i ei Kraa innan Borde, bleik som eit Lik og meire lik til aa vera dau hell livandes. Eg maatte spørja Mannen i Huse kvar me skulde ha Nattelega vaar, og han viste meg eit Loft me kunde faa liggje i kva Tid me sjølve vilde. Dimed tok eg han Morbror og bar han upp paa Lofte som eg skulde bore ein Unge, han var so forrkomin, at han drog ikje paa Augkvarmane ein Gong. Eg stod med i Dansen enno ei Vende eller tvo, so gjekk eg og lagde meg i Lofte, eg au.

Um Morgon da Soli kom i det vesle Loftglase, var eg vakin med same og bar til aa sjaa umkring meg i det vesle, velstelte Rome. Det var uvant aa sjaa, at det var Velstandsfolk me var komne til, for paa alle Veggir hekk det fullt med nye Gongklæde, og paa Slindir under Take hekk det i mengdetal med nye Ryur — ja eg er viss um eg lyg ikje, naar eg sejer at det var di tri Tylvtir. So mykje Sengklæde har eg ikje set i ein Smaamanns Hus, so vidt eg har fari umkring.

Men det var anna hell Klæde au der, saag det ut for. Da eg saag meg betre um, stod det ei vonoms drjugare Koparskaal paa ein Benk tett med Sengi, dyrande full med Sylvpening, Femort-Dalar, Halvdalar, Markstykke og Tolvskillingar. Eg vart undrin paa detta, og da eg tenkte meg um, vart eg harm, au; for eg tenkte som so, at Mannen kanhende vilde setja Prøve paa, um me var ærlege Folk, me tvo Norddøline. Trast etter kom Mannen sjøl upp paa Lofte med ein Morgonskjenk aat oss.

„Men du lyt vera ein framifraa vyrdslaus Mann med Pengom dine,“ sa eg; „kva kann du meine med aa leggje tvo langframande Karar der, du har staa-ande i opne Dagen so mykje Pengar?“

„Aa,“ sa Mannen, „eg kann nok sjaa kva Folk eg har aa gjera med og desse Pengane hadde eg ingin Otte for. Du skal sjaa eg har meir Pengar her, eg,“ og dimed drog han fram undan Sengi, der eg laag, eit Skrin som stod med Nykilen i Laase, let upp Loke og tedde meg minst ein Gong til so mange Pengar som i Koparskaali. „Ja, men brukar du detta Spele stendigt, du Mann,“ sa eg, „so fær snart baade Skrine og Koparskaali Føter aa gaa paa.“ Han berre log aat meg. „Aa, det kann no hende eg ikje let kvar som kjem farande liggje her, heller“ svara han. Men det var sagte ikje mykje av Stuld i dei Bygdom, naar dei kunde kjenne seg so trygge.

Eg kjøpte 30 Festykke, Kjyr og Kvigur, den fyrste Venda eg var i Fjordom, den siste kjøpte eg godt og vel halvt Hundrad paa Tal. Prisane var ikje store den Tidi, veit du: tri til fire Dalar for ei medels Ku var det vanlege; sume kunde eg gjeva fem Dalar for, men da var det au av dei største og lugumaste Mjølkekjyr dei aatte i Bygdi.

Ein Dag laante eg meg Baat og rodde ut i Olden, skulde freiste skrapa samen nokre Kjyr der au, da det vanta meg nokre fyrr eg hadde dei, eg vilde. Jau, det vart baade Fehandel og Hestehandel av um Dagen, so eg tykte sjøl, at eg gjorde ei grepa Ferd. Paa ein Gard der ute baud Mannen meg ei tri Aars Ungmerr, og da ho saag skapleg ut, spurde eg kva han vilde ha i Millomlag i ei Spindelklokke av Nysylv eg gjekk med i Vestelumma. Han maatte ha 2 Dalar, skaut han paa, men eg baud 112 um eg fekk med eit nytt, fint „Ormehugubeisl“, eg saag hekk paa Stallveggen. Nei det Beisle vilde han ikje gjera av med; men eg kunde godt faa eit anna Beisl, i kvar Stad so godt, berre det var ikje „Ormehugu“ paa. Det vart Handel med oss paa den Gjerdi. Men da eg hadde set Skimten av ei lugum rausiute Ku med same eg kom paa Garden, spurde eg etter um ho kunde vera fal. Nei, ikje ho, men vilde eg kjøpe ei tri Aar gamall Kvige, so kunde eg det faa — ho hadde bori fyrste Kalven um Vaaren og hann heldt no Kviga fullt so god, som den raudsiute Kui. Me saag paa Kviga og da det var eit velfalli Naut, spurde eg um Prisen. „Ho fær fulla gaa for 3 Dalar,“ sa Mannen. „Kann du ikje gjera det med 212“ spurde eg. Jau, han kunde altid det, au, og med di handla me um Kviga. Men eg fekk ein liten Tvil i meg um, at det var paa Voni um det var alt so rett vori med den Kviga, etter di han var so viljug til aa avhende ho til den Prisen. Paa Ferdi yvi Fjelle hadde eg Augo etter henne heile Tidi, men eg var ikje Kar til aa merke noko Lyte ved ho.

Med Sankingi og Ferdi yvi Fjelle gjekk det baade greidt og vel baae Gongane; eg foor Raudalen, maa vita, kvar Gong. Denne siste Ferdi hadde me so overlag til gode Ver og allt hadde vore berre som ein Leik for oss da me naadde Framrustsætri, paa Skjaaksida av Fjelle, seint paa Kveld andre Dagen. Me laag der um Natti og tidleg um Morgonen, so um Lag Klokka fire, stod eg upp for aa sjaa um Fee heldt seg rolegt. Drifti laag umkring Sæterhusi, urta so velnøgd og maka seg i Morgonsoli. Den Triaarings-Kviga eg kjøpte i Ølden laag paa ein litin Sandbakke for seg sjøl, og det slikte i det blaadroplute Skinne hennar i Soli. Medan eg stod der og tenkte meg til aa faa Sæterjenta til aa mjølke Fee for meg, reis Kviga upp, rette seg og strekte ymse Bakfot beint attende, skaut so upp Ryggen og sette Rumpetangin beint tilvers. Som ho var ferdig med denne Maøykingi av Kroppen sin, bar ho til aa krøkje seg ihop meir og meir til eine Sida, radt til ho naadde Jure med Mulen, og so sette ho paa aa suge seg! Da ho hadde tømt vel paa ei Sida, slog ho Krok paa seg aat hi Leidi og gjorde same eins der — saug so Mjølkestrengen stod i Marki attaat det, ho vanst aa svelje. Hm — var det soleis det hadde seg med Godkjøpe! Aa ja, ho var no ingi Ku den Nysylvklukka du tok i verde med for Merri, hell, men so skal du nok vita det er eitkvart skjeivbroti med Merri, au, tenkte eg med same. Men Merri ho var baade rein og rett, ho, likevel og eg selde henne att for attan Dalar da eg kom heim i Grendi med henne.

Det var ikje Fe til aa koma aat Byen eller utyvi Bygdine med, dette Fjordingsfee, veit du; eg selde det att til Bygdefolk straks eg kom til Bygdar; og det var ikje dei laakaste Handelsferdir eg gjorde, dei tvo ned i Nordfjord.“

„Nei det trur eg vel. Eg kann heller ikje klaga paa, at Sauehandelen min gjekk til Tap for meg, for dei hadde baade stor og gjild Sau av godt Slag; men det er Ulykka, at det vert so altfor lang Veg aa jaga deim yvi Fjelle um Vaaren, — dei fer so ille av denne Rekingi, at det er Fyrst-Lag dei kjem seg att heile Sumaren etter.

Du gat um at det var ymist med Kosthalde i Fjordingsbygdom som du ikje kunde med, og same eins gjekk det med meg. Men ferme, godæruge Folk aa koma i Hus aat raaka eg kvar eg foor, so det stod ikje paa soleis aa gaa paa Handel der i Bygdom.“

„Den Sauehandelen, du, det er no elles ein snodig og lettvind Handel, det, imot Fehandelen, — ikje vil det so mange Pengar til, og ikje er Vaagande so stort paa nokon Kant. Og so har du ikje Bo aa slite illt paa Sanken um Vaaren eller paa Byferdi um Hausten.“

„De kann so vera det, men lel hadde no dykk Fehandlarar i dine Dagar noko anna til Rentur av Pengane, dykk lagde i Handelen. Og sterke og føre Karar som dei fleste av dykk var, blaksa nok ikje dykk Øyro for ei Verkule Haust eller Vaar. So var det altid baade Hugnad og Moro, for dykk langt uppi Dalen, aa koma ut i Verdi lite meir til kvart Aar; mangt og mykje fekk dykk sjaa og høyre som sidan kunde koma til Nytte paa mange Gjerdine. Paa den Visen kan eg so vel tenkje meg, at Nordbygdine har havt Nytte av Fehandelen for mykje meir hell dei Pengane, dykk aarleg lagde att etter dykk for Drifte-Fee som vart selt.“

„Aa den Moroi aa koma inn i Byen var det ikje so mykje med; for oss var det aa avhende Fee snøggast me kunde, og raaka me Vaatver og det gjekk traatt med Avsetnaden, var det ei hardleg tunn Moro aa liggje paa Lykkjom Dag etter Dag og sjaa, at Fee vart sløngjut og mjogt, og so lortut, at ein ikje kunde skilja kva Slag Dyr det var. Naar me fekk selt av Fee, gjekk me sume Haustar i Byen nokre Dagar. Eitkvart skulde me kjøpe med oss baade for oss sjølve og andre heime i Bygdi, og da veit du det høvde til aa faa høyre og sjaa eit og anna, som var uvandt og framandt for oss og som det var baade Moro og Hugnad i.

Me fekk no sjaa Kongen kom til Byen ein Haust med same me hadde selt av, og det veit du var noko til Stas aa glane paa. Me tykte sagte det bar mest utor, me, naar dei hadde lagt raudt Klæde til aa gaa etter like fraa Bryggja og til Palæe, og Maken til Folkemugje hadde me nok aldri vore med i heller — verre hell den argaste Auksjonsstugu, med Trengsel so du mest ikje kunde vente deg heile Lemir, og Hurraskrik so du fekk Tepp i Øyro. Det var den einaste Gongen eg saag han Karl Johan; han var no gamall vortin da, men bar seg godt, gjorde han, og han hadde slikt eit kvast Uppsynn, at det saag ikje ut til, at han var att-i komin, den Karen.

Og Musikken høyrde me paa mest til kvar Gong han gjekk — mange av oss var svert gjert etter honom. Men me tykte stødt det var underlegt, at Byfolke au flaug likso galne etter Musikken som me, dei, som høyrde han til kvar Tid. Men dersom me Dølekopar ikje varde vel Pengepungane vaare, naar me var ute soleis i Folkestimen i Byen, so glatt det aldri anna hell einkvar kom heim att foruttan. Ein av Felagom mine vart ein Gong svint av med 8—9 Dalar ein Dag me fylgde Musikken. Aa ja, Ulykka var ikje grovt stor, for han hadde Raad til det, hann.

Rett ofte var me bedne i Gjest aat Byfolk som me hadde handla med i aarvis, Kjøpmenn, Handverksmestarar og slike. Mange av deim var rike Folk som heldt stort Hus og hadde Lykkjur og „Landsteder“; hjaa deim veit du det vanka Fagning med Mat og Drykk av finaste Slag og med framande Rettir, som me mest ikje hadde Lag paa aa faa i oss. Og Drykkir so gode at det var spøki, men som drog etter seg so dugande, at tok du deg ikje dess betre i Agt, barst det under Benken fyrr ein sjøl visste av det. Eg minnest so vel enno ein Haust me laag paa Hyrekudsklykkja, me var bedne i Gjest ut paa „Landstedet“ til den rike Vognmann Olsen. Me fekk ein Middag som i eit Herregjestebod, maa vita, eg hugsar no ikkje lenger Tale paa Rettirne, og Vin og fin Konjak, det me vilde ha. Sist fekk me Rum som hadde legi i 15 Aar paa Tidemanns Kjellar, du kan tru det var god Drykk, den Rumen. Men han kjendest ikje sterk aa drikke, og difor var det ein av Følgje mine, ein rakgjord Einstøding var han no au, som hadde i seg nokre duglege Støytar av den gamle Rumen aat Vognmann Olsen. Da me kom upp paa Lykkja att um Eftan, fekk eg sjaa han sat paa ei Matbumbe so kvit i Anlite, som Blode skulde vore vundi ut or honom. Og i same Stundi stod det som eit Tog utor honom, tvert yvi Golve, — jau, det fell mangt til naar ein er ute, ser du.

Eg var no jamt i Byen til andre Tidir hell um Haustane au, eg foor med Smørhandel sume Aar og Skinn og Villvare attaat. Det var i lang Tid eg fanga mykje Ræv i Soksi kvar Vinter — eg lærde den Konsti av ein Bymann heitte Jens Casper, og han var ein slik Ovkar til aa fange Rev, at han var namnspord i baae Akersbygdom. Det var ei Salve han kokte ihop av Gaasefeitt, vill Honing, Muskus, Kamfer, Violrot og enno fleire Slag, ja eg har no Uppskrifti enno, og den Salva smurde han baade Soksi og Agne med. Og eg trur ho gjorde Mun, for eg tyktest merke, at Reven liksom ikje kunde aga seg naar Agne var smurt med den Salva. Attaat dei Revskinni eg sjøl hadde, kjøpte eg dei eg kom yvi i Bygdi, og naar det leid paa Vaarsida foor eg aat Byen med deim. Der selde eg deim til ei kalla seg Madam Svinke; eg veit ho ein Gong kjøpte ein heil Haug Skinn av meg, eg hadde 40 som eg sjøl hadde fanga den Gongen, og den Vintren stod Skinni i 3 Dalar Stykke.

Jau, eg var ikje so lite i Byen ei Tid og var vonoms betre kjend der i Garden; men nokon Hugnad ved Byen og Bylive fann eg ikje og eg kunde aldri trivist der. Nei det eg tykte det var den meste Hugnaden i, medan eg foor med Fehandelen, det var Heimferdi um Haustane, so lengi me foor fjell-leides uppetter. Hadde me gjort ei god Byferd og me fekk fint Ver paa Heimferdi, var det so fritt og sutlaust, og noko meire tylegt hell Fjelle finnst det ikje, naar ein har Tid og Stundir til aa sjaa seg vel umkring. I attan eller tjuge Haustar i Rad gjekk me Fjelle heimetter tvoeine, eg og eine Felagen min. Det var ein gild Kar paa alle Gjerdir, og meire grepa Følgje kunde eg aldri havt — lettværleg og morosom, vissa naar me var tvo-eine, og ein Mann som hadde roynt mangt og set mykje baade i By og Bygd. I 1814 laag han ute og var med i „Fribataljonen“, og fraa dei Dagane hadde han mykje forvitnelege Hende aa fortelja um. Tidi fall ikje lang for oss, naar han fortalde um Ferdine sine ute og heime. Mannen var ei Kjempe, og i sine beste Aar ein av dei evlugaste i heile Bygdi — naar han steig paa, var me ikje lengi um Mili, me tvo. Men desse Dagane me gjekk Helle, var det som eg gledde meg paa kvar Haust, — for den, som er uppvand med di, er no Fjelle det formeste av allt, maa vita, og fær du baade fint Ver og huglegt Følgje, kann du aldri noko gildare tenkje deg hell aa gjera ei slik Ferd.

Men so var det um Hausten i 1845 at det kom Dampbaat i Mjøsi — det var no eit heilt Vedonder, det, ser du, da med di same, og da me kunde spara inn tri Dagar paa Heimferdi med aa taka Baaten, veit du me Fe-Karar byrja fara med „Jernbarden“ istadenfor aa gaa fjell-leides. Og saa var det Ende paa dei hugnadsame Heimferdom. Men etter „Jernbarden“ kom i Gong, fekk me Skaplag med aa gaa Landvegen fraa Byen og til Minne til Kvelds, det var eit stort Hende, at me leigde Skyss.

Eitt av fyrste Aarom Dampbaaten gjekk i Mjøsi, skulde eg gaa detta Skaplage um Hausten, da eg var ferdig i Byen. Det dragna paa Dag fyrr eg kom meg avstad, og da eg gjekk inn og baud Farvel med Fr. Heftye (Heftye & Berg), der me budde, slog Taarnklokka i Bykyrkja 11. „Ja no naar du ikje Minne foruttan Skyss,“ sa Heftye. Eg byrja nidgaa uppetter fraa Byen, og da eg naadde upp i Hakedalen, raaka eg ein Mann som sat i Vegkanten og aat av Nista si. Eg helsa, gav Dag og tala nokre Ord med Mannen, og da han høyrde eg vilde aat Minne til Kvelds for aa vera med „Jernbarden“ um Morgonen, bad han meg aa hevle som snøggast, medan han fekk seg nokre Matbitar til, so skulde det verta Følgje av; for han vilde au paa Baaten um Morgonen. Mannen var fraa Toten, fortalde han, medan eg sat i Vegsbreiddi og venta til han var ferdig; og so klembde me avstad. Men slik Kar til aa gaa har aldri eg raaka korkje fyrr hell sidan; det var mest som denna turrlagde Totningen berre fauk etter Vegen. No var eg fraa Ungdomen av vand med aa gaa baade i Fjell og Finne, og eg veit ikje eg raaka nokon som gjekk fraa meg i dei Dagom; men med denne Mannen vilde det knipast hardt og kunde halde Følgje. Da me hadde leikt soleis nokre Timar, bar det til aa koma etter oss kjørande Folk som au etla seg til Minne, fyrr dei lagde seg. Dei kjørde no um oss til næraste Skifte, men medan dei var inne og bytte Heste og kunde hevle medan dei fekk lite i Live attaat, fekk me ein Undanmun so dei naadde oss ikje fyrr ved næste Skifte att. Soleis tevla me med dei som foor paa Skyss heile Vegen uppetter. Da det leid uti Skymingi, kjende eg det bar til aa verta so nauande saart under eine Vesletaa-Ilken. Totningen bad meg taka av meg Sko og Hosu, og da hadde eg ei stor, vid Blæme paa Ilken. Mannen fann upp ein Ulltraad og ei Stoppenaal or Baklumma, og drog ei Snare i Blæma, og etter det vart gjort kjende eg ikje, at det gjorde vondt under Ilken lenger, og me dreiv og gjekk med same Bør som fyrr. Jau, da Klokka var elleve um Kvelden kom me tilgards i Minne og skunda oss aa faa eit Rom med ein Gong. Me var dei fyrste Framande paa Garden; men eit Kvarter etter vart det so fullt med Folk og Hestar og Kjøregreidur, at det berre urde og krydde — det var grepa gjort av oss, tykte me, detta, aa gaa 6 Mil i eitt einaste Kjør paa 1112 Time.

Ja no har dei no faatt Jernbane den Stubben no, so no slepp Folk aa gaa Blæmur paa Ilkane sine der, meir. Men ho har eg no korkje set eller fari med — eg gav upp med Fehandelen tvo Aar fyrr ho vart ferdig. Det skulde nok vore Moro gjort ei Byferd att enno ein Gong, reist med Bana og set att Byen — han har sagte vaksi soleis i desse 10—12 Aarom, att eg kunde ikje kjenne meg att, er Von. Og dei Kjenningar eg hadde der inne, dei er fulla burte au, dei fleste.“

„Du skulde taka deg ei Byferd no, naar beste Sumaren kjem, so fekk du fara med Eidsvollbana au, finare Baatar er det komi i Mjøsi no, skulde du sjaa, hell „Jernbarden“. Men seg meg eitt: du som ferdast so lenge og paa ymse Stadir, vart du aldri forr, at nokon vilde gaa paa deg for aa snøyde Boki di? Eg veit det var sume Aasar og Skogmoar Handelskarane fyr i Tidom hadde Otte paa seg for.“

„Noko slikt var eg ikje ute for meir hell ein einaste Gong, allt eg foor, og eg er ikje heilt stø um det var Aalvor med di da, heller.

Det var medan me var i Byferdi um Hausten eg skulde fara undan inn i Byen og leige oss Hamn — det var ei stor Drift i Hælom paa oss og me hadde Otte paa oss for, at ein av Eigarom kunde finne paa skunde seg til Byen og leige ei grepa Lykkje me hadde havt i fleire Aar. Eg tok tvo Laushestar og reid undan, da me kom aat Hadelands Glasverk med Drifti ut paa Eftansida. Eg naadde ein Gard i Nitedalen seint um Kvelden og laag der um Natti. Um Morgonen reid eg iveg grovt tidleg for det var langt ut-i Tverrande og blankt Maaneskinn um Morgnane. Da eg hadde ride eit Stykke naadde eg Kanten av ein noko-lite lang Skogmo, det gjekk enda ein lang Gjeile ned-paa Vegen fraa ein Gard paa vinstre Handi der Skogen byrja. Eg reid i høvelegt, heller smaatt Traav etter Vegen og just i di eg var um Gjeilmunnen komin, fekk eg sjaa tvo ruvelege Karar kom springande etter Gjeilen og da dei naadde Aalmannavegen svinga dei til Vinstre og sette etter meg, allt dei orka. Eg reid i same Halde for det fyrste, men da Karane klembde etter meg av alle Livsens Krefter so dei hala inn-paa meg, tykte eg det saag so halvleidt ut, at eg byrja skunde paa. Det var ein lettfløygd Hest eg reid paa og den eg leidde laus etter var au ein ung, livleg Hest og no, da dei saag desse tvo som sprang so avraade bakanfor i Maaneskine, fekk dei Byksen i seg og brukte Beini so det hadde Lag. Naa meg var dei tvo ikje Karar til da eg byrja aa ride det, Hestane evla, men det var grove Ting kor dei sprang, dei sprang allt dei evla minst ein halv Fjordung. Da saag dei det nytta ikje og med di skaut dei seg tilsides inn i Skogen og vart burte. Detta tykte eg var underlegt og eg lika det ikje, men kva dei hadde etla seg til, veit eg ikje meir um. Hadde dei naatt meg med same eg foor um Gjeilen, hadde eg vel faatt set kva dei foor etter; men Godkjøp hadde ikje Karane faatt paa Skinne mit, um so var at det var det, dei vilde ha.

Det var det einaste eg raaka, som kunde likne paa noko slikt som Yvifall. Men Fe-Gjætaren vaar, han Vetl-Paal Gjætar, foor ille ein Haust han var paa Heimferd fraa Byen. Han var alltid med heilt paa Byhamni um Haustane, og naar me hadde „selt av“ vart me stødt verande einkvar Dagen i Byen; men Paal tykte ikje han hadde noko i Byen aa gjera, han fekk Su-— marsløni si og gode Drykkepengar hjaa oss, so fyllte me godt Nisteskreppa hans og med di lagde han iveg. Jau ein Haust hadde det kome tvo Farkar da han kom upp paa Gjelleraasen, den eine blaaheldt han og den andre tømde Boki og Pungen hans og tok Nista hans av Skreppa, attpaa fekk han eit par gode Drultar i Hausen i Skilnaden. Um Kvelden kom han Paal Gjætar inn i Byen aat oss, reint utur Verdi for Pengom sine og mest fortulla elles au, skakkars Einstødingen, lite forr seg og folkestygg som han var all sin Dag. Du veit me vilde ikje anna, hell upprette Skaden hans, me slog oss ihop alle og skaut til so han fekk att det han misste, Stakkaren; men me tordest no ikje sleppe han aat Vegen att fyr me vart ferdige til aa gjera Fylgje med. Nei, det er ikje so trygt etter Vegom paa Flatbygdom og ved Byane, som uppi Dalom hjaa oss.“


  1. Heimul-Blad: Bladi av Heimule.
  2. „Stemm-Naal“: Stoppenaal.
  3. Sneis: Bundingsstikke.
  4. Grønkrydde: Timian.
  5. Mark: Ort.
  6. Haglette: Kjuke som vert kokt i ny-sila Mjølk til ho er reint gul; er reint Forkunmat.
  7. Aa selja „paa Uppalna“ kallast det aa selja ein Kalv soleis, at Kjøparen skulde ha den naar den var 2 eller 3 Aar; mangein Gong vart Kalven seld paa Uppalna fyr han var borin. Kjøparen tilreikna seg svære Rentur av Pengane han lagde ut og det var ein Armodshandel for Seljaren.
  8. Avlsbrukar er ein som leiger Bruke av ein Part (oftast det halve) i Garden for ein Sum han vert samd med Eigaren um. Ved sume Leigur gjorde Eigaren allt Vaaronn-Arbeide og Saagjerdi medan Leigaren var med og vann sin Part i Hus og treskte Loi um vintren; ved sume gjorde Eigaren allt Arbeide so nær som Treskningi. Avlsbrukarane dreiv Kornhandel og Handel med Høy og Halm.
  9. Stilling: aarsgamall Sau.