I Heimegrendi/2
Ferdmanns-Kvila.
I dei graae Gamle-Tidom stod det inndemt eit Vatn i denne Bergglipa, men etter som Tidirne gjekk skar Utloupe seg ned og ned og sist kvorv Vatne burt, so det sist var att berre ei vid Fløyme nordanfor Eidsfossen. Og etter hundretals Aar aat Vatne seg so djupt ned-i „Fossbergi“ ou, at Fløyma vart burte og Strondi laag att med Sand og Øyr og store Vatsdammar, heilt inn under Bakkane der den bratte Lidi byrgjar rise upp. No vart de ei sur, stygg Myr der Fløyma førr hadde vore, og so langt ned i Tidom, som den Gongen „Skottane foor“, stod Myrtuvune runde og høge paa ein smal Stett yvi heile Flaaten. Dei va løynske desse Tuvune, vaaga nokon til aa setja Foten paa dei, volt dei ivi Rygg, men mange vaaga det lel naar Hausten kom, for da stod dei gule av Molte. Berre tvo Ris laag so høgt, at dei bar Skog og Graslende. Dette Myrlende nede ved Elvi og Lidine ovanfor, fraa Fyru til Fjells vart Kongens Eigedom og gjekk paa Bygsel millom Eigarom av ymse av Storgardom i Bygden i 200 Aar. Da var det nokon, som kjøpte det til Odel, for det var gjild Furuskog i den bratte Lidi og nedunder mot Myrlende var det Utslaattar i Glennom. Paa dei tvo Risom fekk tvo Husmenn hengje seg inn-paa og rødja og byggje. Trast etter kom „Offsin“ i 1789 og øyrde fullt heile Myrlende med Skriujord og fløymde utyvi dei tvo Plassane med. Med di vart Myrtuvune burte og Lende var jemnt og fladt etter heile Flaaten, men aa faa nokor Gjerd paa denne Jordeiga med den sure Myri i Botnen og den steinsette skrinde Helljordi ovanpaa, det skulde mykje Slit, stor Kostna og lang Dyrking til. Difor var det meir hell einn, som krossa seg yvi Far da han i Femtiaars-Alderen fløtte dit og bar til aa byggje og rødja i 1852, ufaatt som det var paa all Gjerd, avstengt og stillt nær som den Tidi Isen laag etter Otta, fraa Julleite til Murimess Tidir, etter som Vintren var til.
Men den Bolken var det nokk av Liv og Rørsle paa Garden seint og tidleg, for han laag soleis til, at der lout Ferdi ha Kvilestaden sin antell ho foor ut hell upp. Og lettvint va det aa koma tilgards, Husi laag ikje meir hell eit skikkelegt Haglskot fraa Isen; heller ikje var det nokon annan Stad aa taka inn for Ferda-folk med Øyk paa ei Stroku paa 2 gamle Mil. Soleis var Garden ein folkekjømd Stad i nokre Aar til den nye Bygdavegen vart bygd paa hi Sida av Elvi i 1860 og 61.
Dei siste Aari før Vegen vart bygd, var eg sovidt uppvaksin, at eg endsa etter Live umkring meg, og Sjouen og Stime av dette skiftande og urolege Ferdalive Vintren igjønom, beit seg fast i Minne. For det var ei hugnadsam Tid, tykte eg, naar Ferdi lausna fyrri Jul, denne roglute Radi av Hestor og Varski-Lass, Dumbjøllar og Stallvekkjur, frammande Folk i Pelsar og Sauskinnkjolar med roue Skjerf um Live og Storstøvlar paa Beinom. Solenge denne Tide vara, sakna eg mindre Leikebrør, som eg ikje aatte, for Ferdi hadde stødt noko nytt aa bjo paa til kvar Dag.
Og han Far, som sjøl hadde fari umkring vidt og breidt paa Fehandel, heilt til han fløtte paa Garden, hadde ikje imot aa raaka Folk fraa ymse Leidir til kvar Tid. Paa den Gjerdi fekk han høyre Nytt fraa By og Bygd, Marknadsprisar og slike Ting som Handelskarar stødt har Liv for. Ikje var det langt imillom, at det millom Ferdafolke var med ein gamall Kjenning, heller, og da vart gamle Minni fraa Handelslive nya upp att. Enno var det ikje Blad til aa bera nytt inn i Grendi og difor var det Ferdmenn og Handelskarar, Skreppekarar og langfarandes Folk, som bar med seg Tiend um det, som røyvde seg i Verdi uttanumkring.
Den som tykte mindst um det urolege Live paa Garden um Vintrane og fann liten Hugna i det, var ho Mor, og eg veit ho ofte var hjarteleg kjeid og lei heile Røra og yngskte, at Vintren maatte verta Slutt og Isen etter Otta fara sin Veg. Fyrr var det ingen Fred aa faa. Og det var hell ikje aa undrast paa, at ho gjekk trøtt: det same Mase og den same Uroi Dag og Natt so det var endefram Uraad aa ha nokon Skikk paa Husstelle — ho var den fyrste til aa vera uppe um Morgonen og den siste til aa leggje seg um Kvelden.
No kunde ikje ein segja, at det var god Raad paa Husrom paa Garden, nybølt som det var; det var ikje meir hell so at Huslyden sjøl kunde vera berga paa ei Gjerd. Men likevel var det mang ei Natt de var upp til eit Tjuge Framande som fekk Hus yvi Hovude, Ferdmenner, Fehandlarar og Sauekjøparar um einannan. Eg veit me kunde sitja i god Ro og eta Vetlbiten i Skyminge, det kunde koma tri-fire Lystringar, som foor paa Fehandel, og bad seg Hus til Natti. Fyrr vi kom fraa Borde att var det ikje Skil paa, at det var kome likeso mange unge Gousdølir som etla seg uppi Lom og Sjaak paa Sauehandel og no vilde beda Hus. Og med desse var nok den vetle Gjestestugo so vel fyllt, som ho mest kunde verte, og ho Mor tykte visst ho hadde faatt so mange Framande ho kunde raade med den Natti. Men naar ho og Jenta eit Par Timar seinare paa Kvelden kom inn att og hadde kveldstelt i Fjose, var det ikje noko Unders-Hende, um dei møtte seks-sju Matkistur og Ferdaskrin innan Døri med en Sauskinnkjol og eit stort Ullskjerf ovanpaa kvar, og so fullt med Lomveringar og Skjaakveringar burtyvi mot Skorsteinen, at ein berre sovidt fekk ein Skimt av Eldsmaale som brann. Og alle hadde dei noko aa maalbera; sume vilde laane Gryte og koke seg Grout, dersom dei fekk kjøpt Mjølk; sume vilde laane Steikjepanne og steikje Flesk, andre vilde kjøpe Mjølk attaat Kistematen sin. Ein vilde ha Ljos og Lykt, ein annan Byttor aa vatne Øykjom med. Det var eit Staak og eit Ryl som i ei Auksjonsstugu og so fullt av Folk, Kistor og Utanpaa-Plagg, at ein lout leite seg fram med Tunnekanten fyri, um ein skulde koma yvi Golve. Yvi heile Huse og langt ut paa Garden stod det ein Tev av Gamalost og annan Kistemat, medan de osa ramt av dei nyskinna Brøkom aat deim, som dreiv med aa koke Grout og steikje Flesk paa Skorsteinen — det var ein Tev som fortalde greidt nok sjøl, kvafor eit Klouvdyr Brokskinne var komi av. Attaat stækte de sterkt Finkel og sume kunde ha ein Lette paa naar dei kom tilhusane.
Slike Kveldar hadde eg det visse Rome mitt paa ein liten Pall paa vinstre Sida aat Skorsteinen, imillom Omnskinni og Veggen, ein fredsæl Stad som ingen fann paa aa slaa under seg. Derfraa hadde eg so grepa Utsyn yvi heile Stugo, at eg saag og høyrde allt, som gjekk for seg i denne Maurtuva.
Var Kokkane ferdige med Kokingi og Steikingi frami Skorsteinen og Kveldsmaten etin, var det Sengjerom det vart Spurlag um, og da fekk Tenestjenta ei heit Skure med aa reide Flatsengjir utivi Stugugolve. Naar det var gjort og Ferdmennane hadde stelt Øykine til Natti, var dei ikje seine med aa krupe i Boli sine. Det siste, ein høyrde av deim, bad dei um Morgonkaffe so tidlegt som det var Raad aa faa’n — dei hadde sine 8—9 gamle Mil aa kjøre enno, mange av deim, og difor lout dei nytte Tidi væl og ikje sleppe Morgonstundi fraa seg. Alle var dei trøtte og slitne etter den lange Rekingi etter Isom i den bitande Snoi, og difor var det ikje lenge bie, fyrr heile Lage hadde festa Svevnen. Og naar Huse var kome til Ro allt med seg, var det ei Pusting og Snorking fraa Flatsengjom so du tyktest kjenne, kor Flat-Take blektast for kvart Andtak.
Sovidt eg minnist, var det altid Fred i Huse um Stugo var aldri so full med Framande baade fraa Nord og Sud; men „sund Luft“ vanta det jamnan i Morgonstundi. Naar ho Mor kom upp og skulde koke Kaffe, so um Lag Kl. 5, va ho ferdig til aa rjuke att-aa Bak og ho stod mest ikje imot til ho fekk upp Spjelde, so den verste Sengjeteven fekk fara tilvers. Og aldri so snart var Varmen kveikt, fyr det vart Liv burtetter Flatsengjine — alle skunda seg upp for aa sjaa til med Hestom som ofte stod paa fri Gard, berre med eit Hest-Aaklæde hell ein Skinnkjol yvi Ryggen. Det var stødt Sjou og Staak med same Ferdmennane kom paa Føtane att; Stugudøri gjekk upp og att i Einingi og kvite Kaldeimen gova som ei stinn Skodde fraa Døri og frami Eldstaen. Naar Øykjine var morgostellt, var det berre aa morgostelle seg for Ferdmennom sjølve, snarast dei vanst — faa seg noko Turrmat or Kista attaat Kaffe’n. Sume kvelvde eit Par Finkelstøytar uppi Koppen og sume tok eit Par „klaare“ attaat Maten. Um ein Times Tid var heile Følgje reidugt til aa kjøre; Skinnkjolane og Skjerfi kom paa att, kvar tok Ferdakista si, takka for Husvære og gjekk. Eg laag stødt vakin og høyrde kor de skrapa i Varskiom og goula i Sledestengom etter som kvar kjøyrde Lasse sit utor Garden og ned paa Isen.
No var det meir til visse Tidir, at Ferdi var so stor, at det var stappfullt um Nætane; det var helst i Marknadsferdom aat Vetlhaamaar, Kristiania og Grunnset. Den Tidi kjørde Gardmennane sjølve heim den tunge Vara, dei trongde til Aare, slikt som Salt og Jønn, Slipesteinar o. m. og fekk dei ikje fullt Lass for seg sjølve, tok dei paa Varur aat dei faa Landkremarom me hadde den Tidi her uppi Nordbygdom. Men noko Ferd var det stendugt utanfor dei faste Marknadsferdine, um det no var meire ein da og ein da eller høgst tri-fire i Følgje. Det var mest ikje ein Dag høgste Vintren, utan det kvilte Ferdafolk heime baade Kjørandes og Gaaandes, og det skulde vera underlegt, um det ikje lagdes til eit eller anna aa bisne paa for meg, kvar ny Dag som kom. Det vart noko anna, naar Otta gjekk upp att: me saag ikje eit framandt Menneskje Vika igjenom. Eg fekk heller ikje fyrr Klædi paa meg um Morgonen, fyrr eg lout ut paa Garden og njosne etter, um det ikje var eitkvart antell høyrande eller sjaa-ande i Kjømdi. Fekk eg so høyre det skreik og stoma paa Hestane i Eide-Jorde, sunnan Eidsfossen, so visste eg ou, at da var minst tvo Ferdmenn i Ventom; for „yvi Fossen“ var det ein lei Kneik upp fraa Isen — dei lout no paa Landjordi, maa’ta, medan dei foor framum Eidsfossen og, hadde dei tunglesst, kjøyrde dei i Tvibeite yvi Kneiken. Eller eg høyrde Ljomen aa ei Dumbjølle nordmed Bruvaaki, da visste eg det var ein Pelskar ute og foor og det var mest ikje trøytande, fyrr eg fekk sjaa Hesten svinga um Tangen paa Kleivøyi. Var det da ein frisk, kipin Hest som bar seg i Greidi og ein Mann i ruveleg Pels med Storstøvlar og Svipu i Handi, so var det noko av det gjildaste eg saag. Og eg drøymde baade vakin og i Svevnen um aa verta ein slik Pelsmann naar eg vart stor, med Storstøvlar og Svipu og ein kipin Hest for Sleden. Men det maatte vera ein „Drammens-Slede“ med Hundsvott og ikje ein av Sledom etter „Maalaren“, for dei laag so reint nede ved Marki, at Mannen vart burte, tykte eg.
Men grepa var det antell det var Kjørande hell Gangande som foor; soleis var det svært hævt naar det leid so Fe-Karane fraa Lyster bar til aa koma til-bygdar — dei kom altid yvi Sygnefjelle straks etter Trettanhelgi og gjekk att og fram gard-imillom i Bygdom til fram paa Vaarsida. Dei var so audkjende naar dei kom reikande etter Vegen, den eine tett i Hælom paa den andre, du skulde aldri sjaa dei gjekk tvo i Breidd. Stødt hadde dei steinblaae Klædi, Rundtrøye med Sylvknappar, ein litin Tull under Armen og ein Paak i Handi. Naar dei kom i Røde med Far um Fe og Fehandel, Fegjæting i Fjelle, Bymarknad og Byprisar, da lyddest det ikje so for meg, at det kunde vera burtkastande aa vera Fe-Kar heller, um Pelsmannen skulde svindre burt — faa gaa fraa Gard til Gard etter Bygdi med Fe-Maal i Lumma og bjo reide Pengane paa det Fee, Folk heldt falt. Ikje for di, dei var ikje noko Rusk Sauekjøparane fraa Gousdal og Faaberg, heller, naar dei kom uppetter Dalen ved Kyndelsmessleite. Dei var so kverve og lettliva dessa unge Gutane og det var stor Moro aa høyre paa dei sat og rødde um Ferdine sine, naar dei ofte raakast mange av deim heime hjaa oss. Eg tykte stødt eg var liksom meir nærskyld deim hell Lystringom.
Det er Handelen som skapar Samferdsla millom Folk og Handelsfolk av alle Slag var det alltid, som det foor mest av, medan Ferdi varde. Fraa innan-bygdes og uttanbygdes foor Handlarane, selde og kjøpte, kvar Vinter kom det Vossingar, Hallingdølar og Numedølar med digre Kraamskreppur og da vart det liksom stor Høgtid, tykte eg, baade medan dei var i Huse og etterpaa. For lite nytt av eitkvart Slage vart de altid att etter Kraamkaren, sopas Hol fekk eg no stødt paa den gamle Garvaskinn-Pungen hans Far, eg gav meg ikje førr. Naar „Stor-Vossingen“ kom heim i Huse, fekk eg mest Livrhogg førr han vart ferdig til aa opne det A-Beiste han hadde til Skreppe, og breidde utivi Stugu-Borde alle dei Herlegdomane ho gjøymde paa. Eg visste, at ho hadde mangt aa bjo, Storskreppa, og det var fleire hell eg som lysta paa sjaa det, som i henne var, enda dei var ikje so framberleg med di som eg. Som no berre ho Marit hans Paal, Systkinbaane mitt: ho skulde let-so vera like glad um heile Stasen, ho, og fekk det fælt andvint med aa rødja og fjelge i Stugo. Men Vossingen, han breidde utyvi Borde Silketurklæ, Turklæ av Silkebast og av Linbast, Søljur, Brystnaalir og Knappar, blinka med eine Auga og bad Jentune koma aa „skoda paa noko rigtig fint til dei“. Og da stod ikje ho Marit imot lenger heller, men gav seg med aa glo, reint handfallin, paa alt det gjilde Stor-Vossingen boud fram for godt Kjøp —, ja mangt hadde han ikje eingong „Halvskillingen tent paa“. Ja, Storskreppa var veldig og det skulde Rygg til aa bera den yvi Fjelle, eine Aare ette di andre; sjøl sa han, at ho stødt stod dei 90 Kilo naar han hadde fyllt ho og tok te Fjells med henne. Ikje for anna hell at Skreppa høvde Karen; han var no sine 3 Alnir høg, før-lima og velvaksin attaat. Og Maken skulde ingen høyrt: der fekk han seg ei Kjering, da han gav upp med Kraamhandelen, som var gode tvo Tummar høgre hell han var sjøl. Det fekk me høyre sidan av ein annan Vossing som gjekk med Kraam, etter Stor-Vossingen hadde slutta.
Av Handelsfolk som kvar Vinter ferdast heime fær eg ikje gløyme aa taka med Lesjingane, Raumsdøline og Uppdøline som alle foor med Sild og andre Fiskevarur. Jamnan laag Silde-Kremarane heile Jamdøgere over med Lassom sine; da gjorde dei Bod ut i Grendi paa alle Leidir um, at dei hadde feit, velverka Sild, Turrfisk, Kveite og Ferskfisk aa selja, og naar de leid um ei Tid vart de jamt som ein litin Marknad paa Garden. Menn og Kjeringar kom berande, eller dragande paa Kjelke, med Kornposar og bytte aat seg Sild og Fiskevarur for. Det var jamnast Byte i Korn, maa’ta, for i dei Tidom tok baade Lesjingar, Raumsdølir og Uppdølir det meste av Bygge, dei trongde, i Lomsbygdom og paa Vaagaa og Fron. Sildehandlarane skrytte av Sildi, tok upp ei og annor blank og brei Rugge dei skar i for aa vise Istre; dei neva upp Sild or Tunnom og vog paa Bismaren meste dei vanst og banka Yl i Fingrane imillom. Og Handelen gjekk og Sildetunnune minka og Kornsekkjine voks paa Sledom.
Lesjingane hadde no stødt det Orde, at dei tedde seg med Handelen etter som Aare hadde falle til paa Lesja. Hadde dei faatt eitt godt Aar, var dei stive paa Prisom, vande um Korne og tverre aa faast med. Dei skrøytte av Sildi og let um, at ho var kje til aa truge burt men selde seg sjøl — og smalvori Korn foor dei ikje saa lange Vegjir etter. „Silde e fiska i Honndaag’om og Istre er tjukt som Svipusnori mi — e ho ikje som eg sij’ ska ho vera di, og ikje mi, for inkje — øyh da, Gamp!“ dei gav ikje Dag med aa prute um Prisen da. Men hadde de falle eit kleint Aar yvi Lesjabygdi, var dei smaalaatnar og betre aa koma i Handel med. Og da var Bygge til Lags aat deim — „de vart ikje saaført Bygg, Gud naa’s, paa Lesja iaar“.
Baade Lesjingane og dei hine Sildekremarane hadde ofte med seg eitkvart anna eller Sild og Fiskevarur til aa avhende, au; soleis hadde Raumsdøline Rossmaal-Reip med store Haslehaldarar og Saahavre av den namnspurde Raumsdalshavren; fraa Lesja var det Arbeidsselar og fraa Uppdal heimsmidde Bismarar. Sildekremarane fraa Uppdal ha jamnast den beste Sildi, „Trondhjemssiild’“ og „egte Kjøpmannsgods“.
Menn enda formeir hell baade Ferdmennar og Handelskarar var dei „Italiendarane“ som ein og annan Gong foor med „Posentiv“ med „Komeli“ i. Da hadde eg yrkt Arbeid i lang Tid etter med aa fortelja, korleis Skomakaren, „Balberaren“, og „Styggen sjøl“ og fleire til saag ut, Og eg kunde maale av so hugtakande for dei tvo Leikebrørne mine, Paal og Knut, korleis „Komelie“ var laga, at dei stod berre og gapte. Naar eg lagde ut um Skomakaren som gapte so fælt for kvar Gong han drog Busteleivi, um dei som dansa og hann, som stod med Peningtalliken og var sint naar ikje Pengane kom, so tykte dei baae tvo, at dei var tungt lagi, som skulde bu so avbakleg høgt uppi Lidi, at dei aldri fekk korkje høyre eller sjaa noko av allt det gjilde me, som budde nede paa Flati, laag midt i Vegen for. Og dei hadde mest Taarar i Augom.
Aa faa med alle, som høyrde til i denne mangslungne Reidi som foor til ymse Leid som Mouren ved Tuva, er mest Uraad. Berre Skeidbindar-Svenskane, som kvar Vinter gjekk 4 og 6 i Følgje, lyt takast med. Dei selde Vevskeidir og batt nye etter som dei selde unda; i fysste Tidom eg kan av deim seja, hadde dei med seg Slagklukkor fraa Mora til Seljings. Skeidbindarane var jamnast store, velvaksne Karar i kvite, fotside Vadmaalsfrakkar, eit digert Fyriskinn og ei oveleg fin Snadde av Staal i Lumma. Naar dei rødde seg imillom, brukte dei eit Maalføre som eg ikje forstod ei Dust av, og det tykte eg var so uhuglegt; det var mest so utrygt med dei Samrødom deira og eg saag gjerne dei gjekk sin Veg, di førr di betre.
Det var Ferdafolk fraa alle Bygdir i Gudbrandsdalen og Handelsfolk fraa Aust og Vest, vidt og breidt utyvi Lande, som ferdast heime i Huse paa Vinterparten. Og noko av det, eg jamnan hadde stor Moro av, var aa høyre dei ymse Maalføri som Samrøune gjekk paa, eg sat mang ein Gong og lydde etter kvart eit Ord som brout av fraa vaare Bygdemaal. Lomsmaale og Lystringsmaale som eg høyrde mest av, lærde eg mest so vel som mitt eigi, baade dei einskilde Ordi som bryt av og det framande Tonefalle. Det gode Lomsmaale tykte eg den Gongen var underlegt og ikje fint; naar dei bruka Endingar som „Gjende-de“, „Augade“, Oklade“ o. s. b., nemnde Tviljodane ej og øy med „ai“ og „aay“, kalla Jordepli „Kantøflo“ tykte eg det var so løgje, at eg gjekk og hermde Lomsmaal baade i Tid og Utid. Men det kringe, kverve Lystringsmaale tykte eg var overlag fint og difor skapte eg meg meir hell ein Gong um til Lystring, stappa Broki nedi Støvlane, fekk meg ein Paak i Handi, helsa og spurde, um han var til fals „dan graoe Greongen — han er ikje te lite pao aa hava i fleira Aor, dan Karen: han verte folkavond, da ser eg vel paa Auged’n“.
Ein Gong imillom kunde det koma kjørande ein eller tvo Hestar med Lass som skilde seg fraa dei andre Ferdeslass me stadigt saag. Dei hadde fleire store Kassur paa Sledom og enno fleire smaae, ovanpaa deim sat Kvinnfolk og Born innballa i Skinnfellar, Aaklædi og Ullturklædi um Vere var kaldt. Desse Ferdafolki var Huslydar fraa Lom og Sjaak som var paa Utferd til Amerika. Det var just i desse Tidom, at Amerikaferdine bar til aa auke paa og i desse tvo Bygdom i Dalen tok Utferdshugen fyrst til aa nøre seg; av Dølom har alltid Lomværingen og Sjaakværingen vore dei vidfarigste, heilt fraa gamle Tidir. Amerikafolke foor oftast sist i Februar eller fysst i Mars for aa koma fram til Vaaronn-Tidir — det tok Tid, det Bile, aa koma fram, for dei meste foor med Seglskip og dei kunde jamnan vera baade 16 og 20 Vikur paa Vegen, 8 eller 10 Vikur var halde for rimeleg snøgg Ferd. Dei maatte ha Kost for heile Ferdi med heimanfraa og naar det da var ein Huslyd med mange Menneskjur, hadde dei ei Føring med so det var grovt. Ambodsting drog dei au med seg, Øksir og Grev, Skjeru og Ljaa og det henda dei tok med seg Plog, ja Slipestein, tessmeir. Orde gjekk, at all slik Ambo var so dyr i Amerika og so tykte dei det var best, aa vera sjølvhjelpne, enda dei ofte betalte likso mykje i Fragt som Ambodi var verd.
Amerikaferdine var so uvande enno, at det var som eit Storhende, naar det kom „Amerikafolk“ farande; det stod slikt hardt Ord av den utrygge Reisa yvi Have og me hadde høyrt um so mange, som hadde halde paa aa sett Live til av di Uver og Vinn hadde gjort Ferdi so langvarug, at all Mat dei hadde umbord vart Ende. Difor tykte me alltid det var tungt og uhøgt aa sjaa desse, som var paa denne vaagsamde Ferdi, og mange sae, at ho likna ei Likferd; „det er tylegare aa sjaa ein fer til Gravi hell aat Amerika“, var eit jamnfari Ord i dei Dagom.
Ein Dag fysst i Mars kom ein Huslyd paa 7 Menneskjur fraa Lom og var paa Amerikaferd. Mannen var umkring dei otteti Aar og hadde vore gift 2 Gongur, siste Kjeringi var no med og var enno i dei beste Aarom medan Mannen var baade krokut og kruslen, drivkvit i Haar og Skjegg og tunghøyrd. Med kvar av Kjeringom hadde han faatt ei svær rosemaala Sledekiste i Heimafylgd; dei hadde han no teki med til Føringskistur. Dei var framifraa velgjorde med uthoggi Smid, Hankur og Laas av fysste Slag og Far gjekk og saag paa det vakre Arbeide og tykte det var underlegt, aa sjaa dei paa den Vegen. Den gamle Mannen hadde 5 unge Døtrar med, 3 var no berre halvvaksne aa kalla; Kjeringi sjøl og 3 av Døtrom var ved fritt Mod, men tvo av deim sturde og var ofte paa Graaten. Me tykte det var reint tungt alle, da dei takka for Kvilande og foor vidare. „Ja Gamlen ser visst ikje det nye Lande i Live,“ sa Far. Det var ofte snakka um denne Huslyden heime sidan utetter Vaaren og næste Vinter fekk me høyre, at Far spaadde rett — den gamle Mannen fall av paa Storhave.
Av dei langfarande utanbygds Folk som ferdast gjenom Grendi dette Leite var de sume, som foor Aar etter Aar til kvar Vinter og som difor reiknast for gamle Kjenningar og Husvenir kvar Gong dei kom paa Garden. Imillom deim var det eit Par Lystringar, tvo Gousdølir og ein „Handels-Svenske“ som stendigt vart mottekne som Gjestir kvar Gong dei kom i Huse. Ein Lesjavær og ein Raumsdøl var au aa reikne for Husvenir og gode Kjenningar. Lystringane var no i Skylde med Far paa Levebrødssida, maa’ta, etter di han sjøl hadde vore Fe-Kar i so lang Tid; Lesjingen var Reinsskyttar og det same hadde Far vore av all sin Hug, og difor var det stødt som dei skulde vore av same Folke naar dei raakast. Men Raumsdølen, han var Bjønneskyttar og vann seg baade Vyrdnad og Gjestevenskap med dei digre Bjønnom han hadde lagt ned i sine Dagar. Eg veit eg tykte det stod Age av den Mannen, meir hell av nokon annan Sildekremar fraa Raumsdalen, og soleis var det fulla med han Far au, vissa fysstundes dei raaktest. Da det leid lenger ut i Leiken og han lærde aa kjenne Mannen noko meir, bar han til aa faa Tvil i seg um dei meste av desse Bjønnesogom. Men dei var no like fine Venir, dei tvo, difor, um Raumsdølen kannhende sette i han Far ei Tylvt eller tvo med Skyttarlygnir. Mannen var ein Mestar til aa fortelja med ei Bragd so vørdsleg og sannsøgeleg, at ingin kunde tvile paa eit Ord for di Skuld og han rita av Lende og Landslage so gløgt og levande, at du tyktes sjaa Tuvur, Einkjørrir og Bergskryntar. Siste Venda han foor med Sild og Fisk, kunde han fortelja, at han hadde lagt ned eit grovt Abeist til Bjønn um Hausten, „han heldt sine tri Kvart myljo Øyrestolaa so visst so ein Tomme“. Same Venda selde han Far 2 Skjeppur med Raumdals-Havre; men da drog det nord og ned-til med baade Vørdnaden og Venskapen. Han skal vera so urimeleg glup til For, stor og foldom i Halmen, den Havren, maa’ta, og han Far saadde desse 2 Skjeppune paa eit Stykkje torv-vend Voll —: der skal han koma til aa like seg, tenkte han Far. Men da Havren kom til Skils-Alder um Sumaren og fekk Kaape og Agnir paa seg, var han ein gamal Kjenning —: ein ægte Norddøl av de Slage me hadde ali paa i Bygde gjenom alle Tidir. Vintren etter var det ein annan Raumsdøl som kunde fortelja, at dei 2 Havreskjeppune hadde Bjønneskyttaren bytt aat seg for fersk Kveite av Bror hans Far burtpaa Sell. Sidan foor ikje Mannen igjenom Grendi meir; han var ein aldrug Mann au, so han lagde fulla ned baade Rifla og Sildevegti.
Men fraa Live heime i Huse i desse Tidom og alle Rødom millom Far og dei Framande umkring Skorsteinen Vinterkveldane, ber eg paa mange ugløymande Minni. Dei var som Høgtidsstundir, desse Kveldsetune, med Skildringur fraa Fjell og Finne, fraa By og Bygd. Og Far, som altid var den, som styrde Greidtraaden i desse Sogom, hadde au av beste Stundom sine naar han paa denne Gjerdi livde upp att Minni fraa Handelsferdom. Eg ser han forr meg som han sat der paa Stolen med eine Handi innum Vesten; den eine Foten la han ovanpaa den andre og veivla med Taai som etter Takt med Røda, medan Anlete gav Atterfkin av Minni han fortalde paa si endeframme Gjerd, fri for all tilgjord Bragd.
Ei og annor av desse Kveldsetu-Rødom var det, eg no tenkte og gjeva att slikt, eg kan evle, no ei 45 Aars Tid etteraat. Men det er aa ottast for, at dei etter so lang Tid har misst den friske Daamen og at mangt eit lite Drag som gav Rødom eit eigi Liv, kjem att dimt og utfaadd.