Hopp til innhold

I Heimegrendi/11

Fra Wikikilden
H. Aschehoug & Co. (W. Nygaard) (s. 173188).

Brevmakaren.

Det var just ikje stor Spurnad etter brevsynte eller penneføre Folk heime i Grendi enda, i dei fyrste Sekstiaarom; fall det seg so det skulde skrivast ei Husmannskontrakt, ei Føraadskontrakt eller eit Gjeldsbrev av det eine eller andre Slage, so gjorde oftast Knut Skulmestar det, naar han var i Grendi med Skulen. Vanlege Brev Mann og Mann imillom var det mest aldri Bruk for, og det gjekk heile Halvaare og lenger au, som det ikje kom eit skrivi Ord inni Grendi — som hadde fari med Posten, da. Var det einkvar, som hadde søkt ut paa Jordarbeid imillom Vaaronni og Slaattonni, ned i Romsdalsfjordane, paa Haverøyi og dei Kantom, so kunde det hende, han senda nokre Ord heim att — um han hadde ei sers skripin Kjering. Var ho ikje meir hell vanleg paa den Handi, so tykte Mannen det var lite aa fara med for desse 6, 8 Vikune, aa bry seg med aa skrive heim att og koste burt 4 Skilling i Postpengar, umframt Papir og lite velgjort aat honom, som skreiv.

Med desse skifta det vonoms snøggare, da det leid nokre Aar frametter; da bar det til aa verta fleire og fleire som fekk Skyldingar, Venir og Kjenningar paa hi Sida av „Storhave“, og det tok til aa koma Amerikabrev inni Grendi baade ei Tid og annor. Og soleis, i Fyrstningi, var eit Amerikabrev eit Storhende som spurdest yvi heile Grendi straks, og var det Portræt med au, so maatte baade den eine og den andre, serleg Kjeringune, ivegen aa sjaa um Brevskrivaren, Kjeringi eller Ungane hans var „like seg“. Allt rart som kunde staa i desse Brevi da — dei opna ein Glott inn i ei ny og framand Verd, vekte nye Tankar og tvinga Folk til aa sjaa paa Live og Umstøune nærast umkring seg. Difor kom det dei Amerikabrevi, som kunde verta rødde um i lang Tid baketter millom Grendsfolke.

Paa desse Brevi laut det gjevast Svar og det helst slike, at det var lite Gjerd paa deim; var soleis han Knut i Nærleiken med Skulen, so fall det paa han aa svara paa Amerikabrevi, for det var ingen som var betre til aa „daktere“ hell hann. Men var han ikje paa dei Kantom, so greidde no Hans Lykkja det au, um han just ikje var ein slik Klyppar med Pennen som „Skulin“, som heller ikje var aa vente. Umframt han Hans var det ikje fleir aa gaa paa hell „Hansliguten“; men den Raringen, for det var han no, var mest aldri i Grendi lenger; Far var nok heller ikje just klein til aa skrive, men aa faa han til aa skrive eit Brev — nei da hadde han nok heller gjort antell det hadde vori ei ny Øks eller eit Brotargrev. Soleis var det ikje fritt for, at det vanta ein Brevmakar, Grendsskrivar, Repparitar eller kva ein rettast skulde gjeva ein slik Mann til Namn. Og underlegt er det, korleis Tidi sjøl føder det, ho har Torv til.

Eg hadde mange Gongur tykt, at det var ei stor Konst Knut Skulmestar kunna, naar han sette ihop Brev aat Folk som kom paa Skulen og skulde ha skrivi noko, og eg fekk slik urimeleg Hug til aa skrive Brev, at eg byrja gjera Faktir fyrr eg lærde aa skrive „Sammenskrift“. Far var sinnt og sa, at disom eg foor med desse, lærde eg aldri aa skrive skikkelegt, allt eg var til; han hadde fulla noko aa fara i med di, men da eg var paa ottande Aare vaaga eg meg til aa skrive eit „Forretningsbrev“ aat ein Systkynbarne mitt, som eg visste var brevsynt. Breve var um ei Fele han hadde lova ut aa gjort aat meg, og som det saag ut til ikje aa verta meir av med. No vart han da strengt tilhalden aa halde Ord og ikje fara soleis aa „skuffe“ meg, som hadde liti so visst paa Lovnaden hans. Og eit „rett“ Brev, som var ihoplagt som eit „vaksi“ Brev, med Lak og Signet paa, maatte fulla gjeva honom anna til Skump, hell alle dei Bodine eg senda med Syster hans, maa vita. Um nokre Dagar fekk han eitt til og sidan baade eitt og tvo kvar Viku — men ikje gav han Svar og ikje kom Fela, so paa honom beit det ikje korkje Ord eller Skrift, enda eg gjorde meg fyri med Brevom og hadde stort Stræv med aa setja deim ihop.

Til Rettleiding for meg sjøl fekk eg laant alle dei Brevi, han Far hadde liggjande av alle Slag, og eg stræva meg igjenom kvart eitt for aa faa rettelegt Tak i den store Konsti — eg øvde meg enda kvar ei Stund eg hadde paa, aa taka att Handskrifti aat „Gamle Lundh“ og Lensmannen og det gjekk so hardt paa Papire, at Far grein for den fæle Papirøydsla mi; det var dyrt Papire den Tidi, maa vita. Det var ei Lykke for meg, at det kom Timbermerkjar i Huse um Vintren, for han selde Rulltobak fraa „C. Andersens Tobaksfabrik paa Hamar“, og i kvar Matte laag det ein heil Grip med Sveipepapir, fint, kvitt Prentepapir med eit Skilt midt paa. Av dette fekk eg det eg vilde ha, og naar eg klypte Skilte utor, fekk eg grepa Papir aa skrive paa av det, som att var. Timbermerkjaren saag kor onnug eg var med aa øve meg og gav meg ei og onnor Rettleiding imillom. Ein vinn som traa er, er det sagt, men um Framgangen var baade stor og god, det lyt eg tvile um; sjøl tykte eg, at eg baade saag og kjende Dagsens Mon paa meg.

Det hadde komi ut i Grendi, at eg var brevsynt vortin og las, um det so var gamal Skrift, ja eg skulde alt vera so langt komin, sa dei, at eg skreiv godt bergelege Brev. Jau, da var det ein Dag um Sumaren Aare etter, eg fekk skrive eit „rett“ Brev som skulde sendast inn paa Tynnset! Det var ei av Husmannsdøttom vore som hadde gifta seg um Vaaren, og ei Tid etter Brudlaupe hadde Mannen teki „innover“ paa Arbeid til Slaatten byrja heime hjaa oss. Kjeringi hadde lova aa varsle honom naar me vilde byrje med Onni, og no undrast ho paa, um eg kunde greide aa skrive eit Brev um dette for henne. Ho sagde meg fyri kva Tid Mannen maatte vera her att og so kunde eg skrive, at baade ho og Vesleguten deira var friske, men at dei lengtast etter honom kvar Tid — var eg so god-til aa finne paa eitkvart meir, so ikje Breve vart alltfor kort, so var det ikje av Vegen, „det er mest som so litin Hugna ved eit Brev, som ikje er korkje Varp hell Veft i, — gjer deg lite fore med di, du, so ser det betre ut for honom. Eg er viss paa han tenkjer paa os um Dagane.“

For meg var dette ei stor Stund — eg ottast for, at det skulde slaa seg skjeivt for meg med „Dakteringi“, so det ikje kom til aa følgjast godt eller lydast laglegt, og eg gruvde meg og skolv lite i Maale, da eg var ferdig og las upp dette fyrste „rette“ Breve mitt. Men den unge Kjeringi var velnøgd og kunde ikje faa rost Arbeide nokk: ho sagde enda so stort eit Ord, at den Mannen ho var i Arbeid hjaa ifjor Sumar, da ho var i Storelvedalen, han kunde ikje gjort det betre, enda han var Sersjant og hadde gaatt Underoffisjerskulen. Um det var so godt gjort som ho sagde, er eg styggt redd det ikje var, men den Gongen baud det ikje imot og høyre slikt Vel-Læti — eg trur no det var den Maaten eg enda Breve paa, som ho likte so overlag: „vær hermed hjerteligt hilset saa mange Gange fra din ømme Kone.“ Detta „ømme Kone“ hadde eg snaka i meg av eit Brev, ein Skomaker hadde skrivi, og som ein av Gutane paa Skulen brukte til Bokmerke.

Fraa den Dagen fekk baade „Skulin“, Hans Lykkja og Hansliguten ein farleg Medtevlar — i Fyrstningi gjekk det alltid ikje so jemnt paa, ein veit det skal ei liti Tid til fyrr ein vert kjend for den, ein er. Men da det so vart buande ein Seminarist heime, den nye Skulmestaren vor, og han hadde ei „Formularbok“ eg fekk granske det, eg vilde, jau da vart eg ved heile Grisen. Og i dei tie komande Aari var det eg som var den faste Skrivaren i Grendi, kvar Gong det var Bruk for ein slik. Og sume Gongar kom det Folk fraa Uttangrends au — kan nok vera det gjorde sitt, at eg aldri tok nokor Betaling for Arbeide og ofte heldt Papir og Brevsveip attpaa. Soleis fekk eg svinnt nokk aa gjera og til sine Tidir kunde Brye verta større hell Æra og Hugnaden; Innkomune var ikje so rare, men det var heller ikje dei, eg nokon Gong hadde tenkt paa. Ein og annan Gong imillom vart det attlagd ein 2- eller 4-Skilling paa Borde som Ytaren forplikta seg til Liv og Sjæl paa, at eg skulde ha for Brye, men slikt gjekk ikje jamt paa. Og ein Gong veit eg ein gamal Ungkar og velstaa-ande Gnikar stakk eit Markestykke ned i Vesteluma mi. Men da hadde eg au skrivi ei „Fledføringskontrakt“ so han tykte nok, det var Arbeid for eit Mark, minst.

Var det so med desse Skrivarhandverki mine, at det gav lite i Pungen, so var det hellerikje rett lenge eg heldt Æra ved det so stor — eg hadde vist meir hell gjenne lete ho gaatt for ei skikkeleg Spikesild. Men Yrkje førde meg i samen med mange Folk eg lærde aa kjenne paa den Gjerdi, og eg vart gjord kjend med Umstødur som det nok ikje legst til for alle Gutungar, aa verta sette inni. Og meir hell ein Gong fekk eg glytte inn i dei aller innaste Løyndomar, eit Hjarta kan gaa aa bera paa. Det kritla i Faafengdi mi dette, maa vita, og lærde meg kannhende upp til aa vera vaksnar til sume Leidir, hell høvelegt var; men eg hugsar ikje, at eg nokon Gong missbruka reint det Take, eg soleis fekk til sjaa bakum Klevadøri hjaa Folk, hjelp ikje eg ofte kom uppi morosamde Høve, au.

Det skulde vore noko for ein, som granskar Menneskja aa ha vore i min Stad, desse Aari eg var Repparitar; men eg var sjølsagt so grøn, at den Sida ved Yrkje mitt, hadde eg lite Gagn av. Det var det løgne, det sere og rare hjaa sume av deim eg var Skrivar for, som eg tykte det var Mon og Gagn i. Ikje for di, det var ikje berre Moro og Løgi allt heller — eg fekk sume Tidir ein Glytt ned i ein Avgrunn av botnlaus Sorg og raadlaus Nød, som gjorde meg maallaus og fælin attaat di, det gjorde meg hjarteleg illt. Difor gjekk det ikje rett lange Tidir etter eg tok Embette, fyrr eg meir hell gjerne hadde kvitta meg ved det att.

For det vart liksom fleire og fleire Vandskar etter som det lidde, og etter som eg sjøl lærde aa setja større Krav til dette Arbeide mitt. Av „Formularboki“ hadde eg lært, at eit velskrivi Brev som hadde den rette Gjerdi, skulde ha tri Bolkar: Inngang eller „Indledning“, Hovudinnhald og Slutnad. Etter desse Reglom freista eg da alltid aa halde meg og henda det, at eg trod utanum, so kjende eg meg som ein stor Brotsmann og gjekk arg paa meg sjøl halve Dagen etter. Og just det var so forargelegt, at det stødt skulde leggjast til aa synde mot denne elles so endeframe Regelen, som han kan høyrast ut for aa vera. Kvar Gong det kom ei Kjering og vilde ha „daktera“ ihop eit Brev, so stod eg i den største Faren for aa snu op og ned og ut og inn paa baade Inngang, Hovudinnhald og Slutnad. Hovudinnhalde og Slutnaden var det stødt Ugreide med, og dei hundrad Gongur dreiv dei tvo og „sprang Rund“ i Brevom mine, eller eg kunde faa heile tri Slutnader! Det var so forargelegt, at ein kunde sprikke. Ja, Kjeringane, dei kann vera ei Guds Straff her paa Jordi.

Der kom dei so stilferdige, sagtmælte og gudnaadslege som Sauir, med eit Brev, dei hadde balla inn i Turklæde, mest som Salmeboki naar dei gjekk til Kyrkje — sette seg paa Krakken, sukka djupt og bar til aa vagge til ymse Side med Yvikroppen. Ein kunde helst vente seg, aa verta nødd til aa draga Ordi upp utor dei med ein Krok, som dei saag ut med same. Men du store Vedonder, for ein Floum det losna, naar dei hadde rugga til ymse Leid so lengi, at dei tok Demma fraa! — da vanta det ikje paa Talegaavune og eg fekk ei Lekse um kva eg skulde skrive og kva eg ikje skulde skrive, og stødt enda dei med: „ja, det skjøna du nok sjøl best, du.“ Men det var nok det dei ikje leit so vel paa, for best dei slepte allt paa meg og bad meg skrive nettup som eg sjøl tykte var høvelegt, so sa dei fraa kva eg skulde seja um eitt og so um hitt, ikje maatte eg gjeta det, eller nemne paa det. Var eg endeleg komin so langt, at eg var godt og vel midt inn i Slutnadsbolken — jau da hadde Kjeringi gløymt noko, som endeleg lout vera med, det var ikje Raad med di. Hadde eg so skrivi den siste Helsingi og sett Underskrifti, so kunde eg vera sikker um, at ho drøymde upp att ei Helsing, ho hadde lova antell honom Per eller honom Paal aa sende med. Ikje ein Gong, men tie, maatte eg rive av den læste Brevsveipen for aa faa med ei Helsing eller noko anna, som hadde vorte gløymt. Eg kjende meg tidomtil reint uppgjevin og var fælt skamfull av desse Brevom mine som var ei einaste Røre, beint imot alle Reglar. Kva vilde Klokkaren eller Skulmestaren paa den framande Staden tenkje, naar han las slikt Rot? Han maatte tru dei var nokre store Stakkarar med Pennen likavel, der uppi Gudbrandsdalen, kor gjilde dei no elles stødt heldt seg paa andre Gjerdir.

Lite betre gjekk det, da eg hadde brennt meg lenge nok og eg, etter som Tidi gjekk, lærde aa kjenne Folki mine; da gav eg meg betre Tidir, letst som eg skreiv og fekk ut av deim baade allt dei gløymde den fyrste Beita og sidan alle Helsingune, so eg hadde det paa ein Flekk fyrr eg byrja. So nær som ho Guri naar ho kom aa skulde ha skrivi til Sonen i Amerika, ho var det ingi skapte Raad med — da var det aa gjeva ein god Dag i alle Reglar. Aa ja, ho hadde ikje halde seg vel etter Reglom sjøl ho Guri heller i sume Maatar; ho hadde havt tvo Born utanfor Reglom, og det eldste av deim, ein Son, hadde no vore i Amerika i mange Aar og var ein Velstandsmann vorti. Den Gongen denne Sonen skulde til Kristnan hadde ho Guri ei Beite med „Gamel-Klokkaren“; han tykte ho høyrdest noko ustø i Ordom, da ho skulde gjeva upp Barnefaren og vilde ha rein Uppgjeva. Men ho Guri kunde ikje gjeva Klokkaren full Visse; „høyrt slikt Menneskje! — du maa da vita det!“ sa Klokkaren. „Ja hadde eg visst det, so hadde det vore so greidt, da,“ svara ho Guri. Dette kom ut og da Baane var kristna og Faddrane kvilte i ei Stugu i Kyrkjevegen, tok Bror henne det paa Armane, huska det og song ein gamal Baansang han brigda paa soleis: „sulla, rulla liten Gut, som har so mange Faran’, fyrst han Ellan so han Per og sia’ alle Karan.“

Ho var ei stutt, tjukk Lubbe, mest like stor paa alle Kantar, og so bles ho og hæste kvar Stund, som ho skulde vore sprengd; sagtmælt og utur Lagi seig i Snakke var ho, og det varde meir hell ei Øgt kvar Gong me skreiv til Sonen, for ho vart aldri ferdig med den siste Ettersleppen ho lout ha med i Breve. „Aa nei, eg som gløymde aa seja Kjeringi hans Per Takk for det Æretegne ho senda henne Mari!“ sa ho ein Gong, da me hadde læst Breve. Kjeringi hadde senda eit Nyttaarskort aat Dotteri henne Guri og so maatte me opne Breve att for di Skuld.

Verdi kan skjera underlegt til sume Vendur. Paa sine gamle Dagar aa kalle slog ho Guri Lag med ein ussel Krok til Kar, som aldri haede dugt til nokon Ting og snaut nokk kunde tene Maten. Da det kom ny Prest og han fekk vita um Samlive deira, maatte dei gifte seg; den Gongen var ho Guri hardleg over dei femti og Mannen noko yngre. Han heitte Knut og bar Namne „Guri-Knut“ for det var ho, som stod forr Huslyden og fødde deim baae. Um nokre Aar bar Grendi til aa ottast fyre, at desse tvo straks kom paa Bygdi; men da kom det Pengar og Ferdasetel aat deim ein Vaar so dei kom iveg til Amerika. Nokre Aar etter var dei Velstandsfolk; dei hadde ein litin Farm dei dyrka Hagevekstir paa og ho Guri kjørde til Byen med deim til kvar Tid um Sumaren, medan Guri-Knut ruslar att heime paa Farmen med Hagearbeide.

Ei av Grandkonom henne Guri var au av deim, eg jamnan skreiv Brev for; men ho var paa ei annor Gjerd paa alle Maatar. Den stillfarande, velflidde Kona sa meg greidt, kva ho hadde aa skrive um og let meg so raade for, korleis eg vilde setja det ihop. Det var Mannen ho hadde aa sende Brev til, da han hadde teki ut paa Vegarbeid og fari burte i nokre Aar. Kjeringi sat att med 8 Born paa ein Plass som ikje gav eit Ku-foor, ein Gong. Fraa Mannen kom det 2 eller 3 Dalar ein Gong annankvar Maanad og korleis ho kunde føde Hopen med desse og det Spunearbeide, ho kila med seint og tidlegt, var uskynande. Og det underlege var, at Borni henne aldri saag ille ut, dei var friske og raude i Kinnom og var reine og velbøtte kvar du saag deim. Sjøl klaga ho heller ikje, men eg saag meir hell ein Gong, at ho stridde med Graaten og sume Tidir, naar ho lout nækje dei saaraste Flekkine, forrvann det ho, so han braut laus, saar og skakande. Dette var so tungt aa sjaa og eg, Gutungen, fann ikje eit Ord til Trøyst eller visste nokor Hjelp aa gjera — det letta aa vita, at ho Mor ofte hjelpte med eitt og anna, men det gjer vondt aa sjaa eit vaksi Menneskje graate so hjelpelaust og saart. Brevi eg skreiv for henne var stødt berre korte — ho senda ein Takk for dei siste Pengane og gjorde Greide for, korleis ho hadde brukt deim. Den eine Dalaren hadde ho kjøpt Mat for og den andre hadde ho lagt paa Skuld for Matvarur, ho hadde faatt fyriaat hjaa Verten, eller for Høy og Halm ho hadde faatt til Kui. Var det meir hell tvo Dalar ho sist hadde faatt, so var den siste Dalaren brukt paa same Gjerdi. So fortalde ho, korleis dei livde, at dei smaae hadde Helsa og korleis det var med Kui, um ho hadde bore eller snart var ventande, og soleis. Tilslut nemnde ho paa, at um Mannen saag seg Utveg til aa sende Pengar att til den eller den Tid, so vilde dei vera kjærkomne — ho var skuldig 2 Mark eller kannhende Halvdalaren til Broren aat Verten, og han hadde gjeti um ved ho, at han saag gjerne han fekk Pengane sine att med det fyrste. Men Jammer og Klagur kom ho aldri med.

Ei annor Kjering i Grendi som au hadde Mannen ute paa Viddi, skreiv eg alltid Brev for, men ho var ikje so lett aa gjera til Lags med Skrivingi, ho. For det fyrste skulde Brevi vera „laglege“ og ikje forr korte; so vilde ho ha noko i deim paa Slutten som var „lite rørandest i“, noko, som paa en fin Maate sa Mannen kor baade ho og Borni heldt av honom; men det maatte ikje skrivast paa den Visen, at det var antell ult eller barnvori. Dette var ikje alle Tidir so endefram aa faa gjort — verst av allt var det, naar Brevi var stutte, da vart ho ybbin og sa ikje somykje som Takk for Arbeide. Ein ung Gardmann som fløtte inn i Grendi, skreiv soleis eit Brev for henne i ei Snarvende, men gjorde det so reint forkort, at han med ein Gong fall i Unaade for alle Tidir. Der vann eg ein Siger, for sidan heldt ho seg stødt aat meg.

Just nokon sers Hugnad var det ikje aa vera fast Brevskrivar for denne Kjeringi, for ho gav alltid ei so ugrei, rar og vinglute Fyrimæling um det eg skulde skrive, at eg visste korkje ut eller inn og maatte grune paa harde Live for aa finne ut Meiningi. Og medan eg skreiv stod ikje Munnen still paa henne ein Blunk: ho foor Bygdi rundt i tanande Renn, fortalde Bygdenytt og gav meg Rettleidingur for Skrivingi, um ein annan. So kunde ho koma innpaa Armodi og Fatigdomen sin og da gret ho so Taarane rann; i same Stundi hadde ho ei løgleg Herme etter einkvar fraa den Tidi, ho tente i Gardom upp med Vaagaavatne og da kom Laatten fram. All upp var ho ei forunderleg Blande, ujamn og skiftande med Graat og Laatt i den sama Hiti, eit stort Baan og eit einfaldugt Godmenne, som kunde verta baaneglad for eit godt Ord og furten for Ingenting. Ho hadde det smaatt, sat paa ein Skarveheim med mange jamnsmaae Born og sleit seg igjenom med aa fara i Gardom og baka Flatbrø, og det var ho overlag dugande til. I nokre Aar etter Mannen hadde teki paa Viddi, høyrde ho ikje eit Ord fraa honom eller fekk ein dansk Kvit aa hjelpe seg med, og i desse Aarom stridde ho av all Evle med aa halde Live i Hopen forutan aa koma paa Fatigkassa; lite Hjelp til dei Borni, som gjekk paa Skulen, lout ho alltid ha. Men so med Eitt snudde Mannen um: det tok til aa koma Brev og Pengar, heller flust, til kvar Tid og no letna Tidine for Kjeringi. Men det letna ikje for Repparitaren aa „daktere“ Svari paa alle desse kjærkomne Brevi fraa Mannen — ho kravde meir og meir baade paa Lengdi og av det, som var „rørandest“.

Eg hadde mitt visse Merke paa, um eg hadde gjort so godt Arbeid at det var henne heilt til Lags, eller um eg hadde skilt meg berre so maatelegt ved det. Var Brevi etter henna Hug, so løyste dei ei fæl Bløyte med Taarar som ikje gav seg, fyrr ho hadde sveipt dei vel inn i Turklæde og gjøymt dei i Barmen. Men hadde eg ikje raaka dei rette Strengjine, vart ho stutt paa Nebben og dei Lovord, eg elles plaga faa, vart det stillt med. Og eg kann ikje anna seja hell eg tykte, eg var best farin dei Gongane, ho var lite missnøgd, enda det var no so som so aa sjaa, at ein hadde gjort kleint Arbeid.

Einn Gong kom me i ei stygg Knipe; ein Gap hadde funni paa aa sett i ho den Lygni, at Mannen var henne utru og dreiv som Ungkar inne paa Østerdalsbygdom. Sorg og Sinne stridde ein fælande Strid i henne, og den skulde no eg finne eit framkjømt Far til i eit Brev til Mannen. Etter mykje Graat, harde Sinnaridir og endelause Rødur valde ho endeleg aa gjeva honom ei Avreidsle, so kvass og hard, som eg kunde faa sett i Pennen. Detta maatte eg avøyde og da me hadde set paa Saki fraa alle fire Sidur, vart det so, at me skreiv paa den vanlege Gjerdi — denne Gongen, men fekk ho meire Visse for, at han var henne utru, til næraste Gong, skulde han faa eit slikt Brev, at han skulde misse baade Matlyst og Svevn dei fyrste otte Dagane etter.

Det var ei heil Rad av Folk, kvar med sitt sermerkte Lag og Huglynde, eg paa denne Gjerdi kom i Lag med den Tidi, eg var Brevmakar i Grendi, og eg tykjyst enno so skilligt sjaa og høyre kvar einn av deim, naar Minni sume Tidir sviv attende til desse Dagom. Kvar hadde si Bragd og var seg sjølve baade i Helg og Yrke, og difor sette dei seg fastare i Minne hell Folke no, da alle er som dei skulde vera støypte i den same Kuleformi, eller slegne i same Spikar-Laadi. Um det kannhende vert noko langdrugt, lyt eg gjeva enno nokre Drag av sume av desse, eg var den faste Skrivarkaren for gjenom mange Aar.

Der har me fyrst Gamle-Sørhaugen, Føderaadsmannen som paa sine gamle Dagar vart ein litin Knaape med Pening i Banken. Fraa den naknaste Armodi hadde han ved fleire heppne Høvi og god Lykke rokki dit, han no var komi, og han og Kona sat sutlause for Mat og Drikke med ei liti Føraad av den vetle og kleine Plassen, dei hadde brukt til eldste Sonen løyste deim av. Gamlen var ikje so lite sjølbyrg, noko tverrsvarug og alltid som so kontant i Umgangen med Grannar og Grendsfolk. Dei vilde jamt skulde han for, at han hadde gløymt dei Dagane, da Nødi og Armodi grein i alle Sprungur i Huse hans, og gat um, at han aldri let Hjartelage renne avlaust med seg. Aa ja, det er so, maa vita, det skal god Ryg til aa bera Goddagar, og det kann vera, han var lite stuttminnug, soleis; men han var ein greiskaarin, retttenkt Mann og vilde ha Fred med alle i Grendi, og Hjartelage vaart kann me visst trengje vel, nokon kvar av oss. Han avhende kvart Aar Halm og lite Høy av den „brukandes Fø’raadi“ si, Vadmaal og Smør, og det var Smaafolk han jemnast dreiv Handel med. Naar dei so kom og lydde etter, um han hadde av desse Varom aa lata, var dette stødt Ordi hans: „ja Vadmaal har eg, Smør har eg, har du Kontant?“ — og den Gjerdi aa taka det paa var det ikje alle, som lika. Kjeringi var paa eit heilt anna Lag, ho var smaalaaten og stillfarande, lite fyre seg, som ho all sin Dag hadde vori. Husstelle deira gav lite aa gjera, vissa da „han sjøl“ tok det meste av Matlagingi; paa den Visen vart ho so handlaus, at Tidi fall henne lang og difor gjekk ho hjaa Grannekjeringom stadigt og lydde etter Handarbeid, især Bunding. Kunde ho berre faa noko aa gjera, var det aldri nøgje med Betalingi; meir hell einn Gong kom ho til Mor graatande for Arbeidsløysa, og da maatte ho raske ihop Vyrke til eit Par Vottar eller Hosur, ho kunde ha Arbeid med i nokre Dagar. Kvar Gong ho soleis fekk noko Handarbeid aa gaa heim att med, kvikna ho all upp og gjekk so lett etter Stigen som ei ung Jente.

Gamle-Sørhaugen hadde tvo Gutar i Amerika, og dei skreiv heim til Foreldri einn eller høgst tvo Gongar i Aare. Naar desse Brevi kom, vart det ein stor Dag i Huse; det er no alltid kjærkomi aa faa Tiend fraa Bornom som fer ute i den vide Verdi, og „han sjøl“ tykte det var grepa aa høyre, at Gutane gjekk frametter i Velstand, for kvar Gong dei skreiv heim aat honom. Naar han skulde sende Svar til Sønine, kom han oftast ein Dag fyriaat og dagstødde, naar me skulde skrive og lagde att Breve, som eg da kunde studere vel paa, for aa tenkje etter kva me kunde setja i Svare. Til vanlegt fekk eg maksle Svare just som eg sjøl vilde, men kom han sume Tidir paa noko, han tykte lout staa i Breve, so var det ikje anna fyre, hell aa taka det med um det elles høvde som Godag — Økseskaft.

Etter han var langt uppi Aari komi, fekk han eit Amerikabrev att ein Haust, fraa eine Sonen. Um nokre Dagar kom Kjeringi aat meg med Helsing, um eg vilde gjera vel taka Skrivegreiur med meg og koma i Huse aat deim for aa svara paa Breve — „han sjøl“ var so laak i eine Knee, at han kvidde seg for aa gaa paa den harde Haustklaken. Eg lova ut aa koma um Morgonen, og da eg kom i Huse hadde han reidt paa Borde med Smør og Rømmebrø, og fram i Peisen stod han Lars og smaafrøste — Kjeringi drakk ikje Kaffe og vilde difor aldri ha med Kaffestelle aa gjera, difor gjorde han det, au, sjøl. Me vart samde um aa taka Godgjeringi, naar me var ferdige med Arbeide og klembde iveg straks. Ja — eg fekk no fyrst skrive, at dei baae tvo var friske som dei hadde vore, livde vel i alle Maatar og hadde ikje noko aa klaga seg fyre, „sidan skriv du, som du sjøl vil, det er, Bitterdø, ikje verdt at eg ordernera deg, du veit korleis det skal vera daktera, du; Att-ræsa (Adressen) har du fyrr“.

Men medan eg sat og daktera som best og longe sidan hadde skrivi um, att dei tvo Gamle var friske paa Kropp og Sjæl, etter deira eigne Ord, hadde nok han sjøl faatt eit Hugsviv medan han sat og gjætte etter honom Lars. Han hadde tenkt etter, at det kunde høve seg vel no aa setja i Breve noko aalvorslegt, noko, som kunde skaka lite i Bringa hjaa desse tvo Fuglom, som gjekk der og lagde seg Pengar tilbeste i Amerika. Dei vilde hava godt av aa verta saarvekte so høvelegt, so gløymde dei ikje so lett dei tvo Gamle, som gjekk her stulla for seg sjølve og kjende Alderdomen vekse Aar for Aar. Han kom burt til Borde, sette Henderne ned paa Kanten og saag paa meg yvi Glasaugo: „du kan setja i Breve, at me ber til aa verta svært tuskne av oss baae tvo — eg har, Bitterdø, gaatt med slik Hovudillske og havt so illt for Bringa desse Dagane sidan Breve deira kom, at det er fælt!“

Ein annan Føraadsmann i Grendi hadde au ein Son i Amerika, eg alltid skreiv til, naar Far’n hadde faatt Brev fraa honom. Og kvar Gong han kom heim i den Ærendi, var han i Kyrkjeklædom med ny Raudluve og ny, svart Spælvest. I Baklumma gjekk han med 4 Lod Kaffe han fekk Mor til aa koke, so heile Huse fekk ein Umgang. Han au, let meg raade for, kva som skulde staa i Brevi — sume Tidir kunde han minne meg um eitkvart Nytt, han ottast for eg antell kunde hava gløymt, eller ikje kjende til. „Aa ja, san, ja, ja mi-sann, san —: du gløymer fulla ikje aa melle, at det er vorte „adskillig“ ei gamall Fø’raadskjering her i Heimegrendi no, sidan me sist skreiv aat honom.“ Han meinte, at ho hadde teki Avskil med Verdi. „Ja, mi-sann, og so maa du ynskje honom tillykke med Forandringi, — det fær oss for allt ikje forrgløyme!“ Sonen hadde skrivi um, at han „den 8de Oktober blev viet til den hellige Ægtestand med en Pige fra Østerdalen“.

Siste Gongen han bad meg um aa skrive til Sonen, kunde han fortelja meg, at Sonen hadde byrja med Skoarbeid, enda han aldri hadde vore i Skomakarlære. „Haa, haa, haa, sa’n! aa for ein Skomaker, du! Men dei har nok ei annor Gjerd paa det Handverke au, i Amerika; det sit ikje einn Mann med ein og tvo Drengjir, der, dei har liksom Kontor paa det, der — aa ja mi-sann.“

Nokre faa Gongar hende det, at eg i Løyndom vart sett til aa skrive Kjærleiksbrev, det var enda Jentur som gjorde slik Ære paa meg; men kven som dei Gongane var blygast av Skrivaren og den, han skreiv for, skal eg ikje kunne seja til Visse. Dei gjekk alltid umvegjes for aa faa meg til aa skjøne, kva Ærend Breve retteleg hadde, og fann ofte paa ei liti Lygn aa byrje med um Aarsaki til, at dei so endeleg maatte ha skrivi aat honom Ola, Hans, Knut, eller kva han kunde heite. Men eg høyrde svinnt kva Klokka var slegin og kunde sidan med stor Nød faa Augo fraa Papirarke, likesom Jenta heller ikje hadde lettare for aa faa sine fraa Golve. Paa denne Gjerdi sat me bendast paa baae Sidur og hadde det andmodt, me kom ingin Veg, men kjørde oss fast til alle Leidir. Nei, da maatte ho antell upp med Breve me skulde svara paa, eller ho lout seja beint fraa, at det var „Guten hennar“ me no var i Ferd med aa skrive til. Og da datt Blygsla av oss sovidt, at me til sist fekk sett ihop ein Brevstubb. Men seint gjekk det og svært kvardagslege trur eg dei var, desse Kjærleiksbrevi, som gjekk gjenom mi Hand. Verst farin var eg den Gongen, da den unge Budeia i Grannegarden kom aat meg ein Laurdagskveld i slik Ærend. Ho hadde tent i Romsdalen i tvo Aar, eg trur det var i Gryttens Gjeld — sjøl visste ho det ikje, som det synte seg. Og dernede gjekk Kjærasten att og lengta seg baade bleik og sjuk, etter som han hadde skrivi, men Breve hans var det ikje Raad ho kunde vise meg. Ho var so blyg og ille ute da me byrja Arbeide, at ho pintest verre hell i Skirselden, og mykje betre hadde ikje eg det, heller. Med mange Umvegir og Krokar og vare Spursmaal, som likevel fekk oss baae til aa raudne upp-i Haargarden, sleit me oss endeleg igjenom eit Halvark eller vel so det. Men med di var enno ikje Vandskane ute —, da eg bad um faa vita Sendestaden, hadde ho ingi Greide paa den, enda ho hadde vore der i tvo Aar. Ho nemnde Namne paa Garden ho hadde tent paa; ja, men Prestegjelde, „du maa da vita Namne paa det,“ meinte eg. Nei ho visste det ikje; „men skriv Gardnamne du — elles tenkjer eg det var Prestegjeld der, for Kyrkja var straks attmed og Prestgarden laag lite nærare Postvegen.“ Um dette Breve kom fram til Kjærasten fekk eg ikje spurt, men da Jenta vart laus or Tenesti ved Sumarmaal, foor ho attende til den Bygdi i Romsdalen ho hadde vore i, og da fann ho vel ut, um det var Prestegjeld der Kjærasten henne budde.

Aa jau, det hadde sine Vandskar og myrke Flekkir aa vera Brevmakar i Grendi, au; um eg no vann meg eit godt Ord so eg mestsom skygde burt baade „Skulin“ og Hans Lykkja, so fylgde det eitkvart med denne Æra paa mange Gjerdir, som eg just ikje kjærde meg um. Berre soleis som Tenestjentune heime bar seg aat, naar det var eitkvart dei skulde hemne seg for — der stod dei paa Lyd naar eg las upp Brevi, eg hadde skrivi, og naar so „Veslin“ var „ferdig paa Kantore“, fekk han att heile Leksa. Var det da ei framandt Ord eller ein kleimin Snu med i Breve, so hermde dei etter, skapte seg, vilde tume meg bak Øyro og hadde slik Gaman, at det var reint ein Utokke aa sjaa det.

Og eitkvart anna var det au, som kunde gjera ein baade arg og uloten, soleis som med det Fø’raadsbreve, eg ein Gong skreiv aat dei tvo Gamle paa ein Plass under Garden heime. Tvo eller tri Aar etter, vart det noko Tvidrag um Fø’raadi millom Ungmannen og den Gamle. Det var enda um 3 Lass Tad til Fø’raads-Aakeren, og som Ungmannen kvar Vaar skulde kjøre paa. Gamlen sa, at i Breve stod det „3 Læs med Karm“. Nei, sa Ungmannen, det staar „3 Læs foruden Karm“. Ingen av deim var brevsynt, men enda heldt dei baae like stridt paa kvar sitt. Fø’raads-Kjeringi fekk Misstru til dette Breve, som kunde hermast soleis paa tvo Maatar som baae slog ihel ein annan — Gud veit no kva det var til Brev au, etter di det var ein klaar Gutunge, som sette det ihop. Difor tok ho det med seg og synte det til ein klok Skylding ho hadde og vilde høyre, kva hann sa til godt. Jau, han sette paa Glasaugo og las det igjenom baade tvo og tri Gongar, og kunde ikje finne det Slag aa peike paa, det var baade greidt og klaart skrivi, sa han; men det var ein ful Knett med di likevel, gat han um: Fø’raadsbreve var skrivi av ein, som ikje hadde gaatt for Presten og um Breve kom for Retten og dette vart kunnigt, so galdt ikje heile Breve meir hell ei gamall Almnakke. Det foor kaldt nedyvi meg da Gamla kom og fortalde meg, kva den kloke Skyldingen henne hadde sagt. Eg heldt Øyro stive og trøysta ho med, at naar det var vaksne og gyldige Vitner med, so var det ikje Spurlag etter den, som hadde skrivi, naar det elles var rett gjort — det stod seg nok, antell det kom for Stiftsrett hell Høgsterett. Men hjaa meg sjøl kjende eg meg ikje trygg og eg kjende det som ein leid Støyt: skulde dei berre vera ugyldige au, alle dei Brev og Semjur eg allt hadde sett ihop, jau det vilde sjaa vakkert ut! Den som berre var vel framsloppen.

Men da det leid so langt, at Repparitaren var godt og vel igjenom den Klemba komin, da minka det so underlegt svint av med Arbeide; det vart att berre nokre faae „faste“ og nokon ny melte seg ikje. Trong ikje Folk aa skrive Brev lenger? Eg lout grunne paa dette Umskifte — nokon ny Brevmaker visste eg ikje um, men at det gjekk meir hell tvifald mange Brev utor Grendi no mot fyrr, det visste eg au. Jau da gjekk det upp for meg, kva som var Aarsaki — det var Skulelovi fraa 1860 som no tok til aa draga etter seg, no bar det til aa verte penneføre Menneskjor i kvar ein Avkrok og Grendsskrivarane hadde tent ut.