Hopp til innhold

I Heimegrendi/10

Fra Wikikilden
H. Aschehoug & Co. (W. Nygaard) (s. 162172).

Sæterlegu um Vintren.

I sume av Norddalsbygdom har dei fraa eldgamle Tidir brukt, aa liggje paa Sætri um Vintren solenge Sæterhøye varar; helst var det no i dei Sætrom, som laag so langt burti Fjelle at det var forr-langt aa kjøre Høye tilbygda, at dei brukte Vinterlegu. Det var no ein Grunn, men ein annan var den, at paa den Gjerdi fall det gjildt Træde aat Sæterkveom so dei bar godt paa seg. Og so er de oftast ikje mykje langt uppi Høgfjelle etter Mosen, og den er ein glup Vedskaute til det feite Sæterhøye; attaat kjører dei heim paa Sætri Fjellbjørk som Bølingen gaar ute og bit Rise av og denne „Beiti“ er hellerikje noko laagt Vedfoor. Fjellhøy, Mose og Beit er Fooring som Ungfee kjem seg godt av og glupare Driftefe, hell i dei Grendom dei ligg paa Sætri um Vintren, er ikje aa faa; Ferdine burt og heim millom Garden og Sætri um Vintren og sidan det, at Fee paa Sætri kvar Dag gjekk ute og beit Ris, gjorde det hardbali og hardsett. Det fekk baade frisk Luft og Ljos nokk og fekk røyve Kroppen istadenfor aa staa bundne inne halve Aare i eit myrkt Fjos og paa ein trong Baas. Soleis var det ikje aa undrast over, at Ungfee kom seg av Sæterlega.

Naar det leid over Helgumess senda dei Bølingen med Smaatt og Stort uppaa Sætri og hadde att berre so mange Mjølkekjyr og Hestar heime paa Garden, at dei var vel berga til Husbruk. De vanlege var, at ei Budeie stellte Krøturi og ein „Kjørekar“ stellte 2, 3 Hestar og nokre Unghestar, kjørde heim Mose, Beit og Ved og atten til Fjos og Stall der, de ikje just var Nødslevatten like ved Husi. Skulde Kjørekaren attaat lunne Timber, som skulde heim paa Garden, eller anna Skogfang, so maatte han ha med seg ein Pjank, mesta ein Framveksting; det var den vanlege Skulen dei gjekk, Tenestgutane, i gamle Dagar, at dei byrja aa kjøre ein Hest i Mosefjelle og Beitskogen, naar dei var ferdige med Boki. Baade Budeie og Kjørekar hadde nok aa gjera paa kvar si Leid; men Live i Fjelle var baade friskt og fritt, so det henda ikje ofte dei vantrivdest med det. Det skulde da vera naar det var ein uroleg Vinter med Vind og Snødrev so gale, at det sume Tidir hende, at baade Ku og Øyk lout staa forutan Mat eit Døgn av di, det ikje stod i Folke-Magt aa koma ut til deim. Dei lange Kveldane umkring Sæterpeisen brukte Kjørekaren til aa halde Morka-Ambodi med Lag, eller han gjorde Sledar og Stuttingar av Nyo, og var han ein Kar med Handlag, so gjorde han utskaarne Treskeidir og Sleivir og anna slikt, han fann seg Emne til i Skogen. Inn mot Jol maatte han heim i Bygdi etter „Jolkost“ og da kom han att med noko av kvart av allt det gode, dei heime paa Garden hadde laga seg paa med til Helgi, baade Lutefisk, Kaku og Sylte og ein Dram til Maten, Joløl bryggja dei jamt sjølve, for dei hadde jamnan Bryggjegogn paa Sætrom. Og i Jolom var de Skikk, at Budeiune og Kjørekarane foor paa Gjesting imillom ein annan i dei Sætrom, som ikje laag alltfor langt fraa kvarandre. So det var ikje noko utrivlegt Einbuarliv just, dei livde dei Vikune Sæterlega varde. Ho varde jamnast til over Kyndelsmess og derumkring etter som Høyaare hadde vore og etter som Mosen rokk til. Av all den Beitbjørki som var heimkjørd um Vintren stod det att ein diger Kost i Solveggen ved Fjose eller Stallen, og av den vart det glup Ved til Sumars.

I seinare Tidir sluttar Folk meir og meir med aa liggje paa Sætrom, dei held baade Sæterlega og so mangt anna, Umstødune i Fjellbygdom fraa gamal Tid har skapt, for aa vera forrgamal og „utlivd“. Kor rett den Meiningi er kan vera heilt paa Voni.

Heime hadde me berre stutt Veg til Sætri og difor kjørde dei til vanlegt Høye heim paa Garden, men Far hadde no fraa fyrst av vori van med Sæterlega og so vilde han me skulde fløtja paa Sætri med Rubb og Stubb, ein Vinter, og setja Laas for Dør heime paa Garden dei Vikune. Og da dei var ferdige med Slagtingi og hadde treska og mali, so Huse var berga til det leid ei Rid fram paa det nye Aare, barst det tilfjells med Folk og Fe da det vart bergelegt Sledeføre etter Vegjom og Lunningsføre i Høgdom. Eg hadde gledt meg paa Sæterlega heile Hausten, det var dei vedonderlege Skiløypune deruppe, maa vita, som stod i Hausen, og vilde Ola, Tenestguten, gjeva seg i Lag med meg, soleis som me hadde raadlagt oss um det, so kunde det verta vonoms meir av di med Rupeveidingi, attaat. Ola hadde no lært aa setja Snarur, han, og da eg var med Far paa Sætri ei Snarferd fyrr me fløtte upp og me laag der Natti over, karra Rupa rundt heile Kvei um Morgonen i Graalysingi. Det maatte no vera for Feigdi si ho karra, da, tenkte eg.

Med Ferdi gjekk det baade godt og vel, so paa det næraste aa kalle for — det vart lite Vangel med nokre Sauir og 3 Kalvar paa Vegen, og for at Tenestguten kunde koma lous og halde Rettbøti med dessa, skulde eg taka ein Temmingsgamp i Grima og leide etter Lasse Far kjørde. Og Temmingen han var den, som gjorde det surt nok for meg: den siste Stubben av Vegen var det dugelegt uført og Temmingen var lang i Beinom, medan eg var heller stutt i Klufti. Ikje vilde han gjeva Dag og so var det Tak um anna han heldt paa traakke meg under seg i Snøen. Da me kom fram var eg so sveit at det rann af meg og so trøtt og endin, at eg skolv i kvar ein Lem.

So var det aa koma paa Stell baade ute og inne; Far og Ola kjørde upp Morkavegir etter Beit og Ved og var uppi Fjelle etter Mose, og da det var unda-gjort vilde Far, at eg skulde vera med Tenestguten um Dagane naar han var i Skogen eller Fjelle. Ola var 17 Aar gamal og nauande litin paa Vokst so eg, som berre var paa tolvte Aare, var mest likeso høg. Men var han ikje stor i Voksten, so var han det i Ordom og karsleg og byrg som ein Ovest — berre naar han banna, og det gjorde han for annakvart Ord, so gjorde han det so Me’golve lyftast. Me var godt kjende fraa fyrr eg og Ola, for den fyrste Vintren eg gjekk i Skulen var de hann, som liksom var Vergje for meg og skulde gjæte alle mine Steg um Dagane og sjaa etter, so ingen bøygde eit Haar paa mitt Hovud. Seinare ein Vinter dreiv me tvo og kjørde med ein stor, blaa og kollute Bukk eg hadde; me hadde stor Hugnad av det i lang Tid utetter og gjorde Ferdine lenger og lenger. Men han likte seg ikje, Bukken, naar me kom langt fraa Garden og ein Dag me dreiv han langt sør um Jorde, sprang han „avlaus“ paa Heimferdi, reinska seg for allt so baade Kjørekarane og Kjøreambodi laag att paa kvar sin Stad i Vegen. Jau, me var nok gamallt kjende eg, og han Ola, maa vita. Fyrr i Tidi; men det var eit heilt Æve sidan, skal tru, og no hadde han vaksi reint fraa meg og vilde ikje kjennast ved meg alle Tidir. Kom eg til aa minne han paa gamle Dagar da han hadde Vergemaal yvi meg, eller den Tidi me kjørde paa Traave med „Blaakollen“, so letst han korkje høyre eller sjaa meg, um det var vaksne Folk med oss. Som ventande var — han hadde no trødd Barneskoni sine, hann: ein Sumar hadde han gjætt Fe til ein Lystring i Heimdalen og eit heilt Aar hadde han tent paa ein Gard heime i Grendi. Likevel kunde han imillom naar me var paa Tvohand, gjeva seg med i det barnslege eg foor med, ja han kunde sume Tidir gløyme so heilt burt at han var vaksin Kar, at han gav seg med meg og var Gutunge att baade i Ord og Aatferd. Slike veike Stundir angra han visst paa, for etterpaa voks han tvifall upp att og var so gamalklok og utvaksin Øgti igjenom, at det mest ikje nytta meg aa snakke eit Ord til honom. Eg var ein Vill-Bi av argaste Slag i dei Dagom og eg var ikje styvnar, hell eg saag denne Striden hans Ola millom Gutungen, som enno hekk i honom, og den vaksne Karen, som ikje hadde røta seg vel enno, og difor var det meg ei grepa Moro kvar Gong eg kunde faa han til aa gjera eit Fall ned i Lægdi aat meg og Barndømi att.

Attaat Karslegdomen sin var Ola lunfengin og ser, han kunde gaa og ylme seg og sjaa ut som ein muggin Klubb for den laakaste Smaating, og denne veike Sida hans fann eg au paa laga meg Moro av, naar det ikje var noko anna aa taka til. Eg kom snøgt etter med, kvar han hadde dei saare Flekkine fine, og berre eg gnudde lite paa deim, so hadde eg straks den sure Talskiva hans til eit Umbyte naar Tidi fall lang og kjeidsamd.

Me skulde da vera liksom Kjørekarar tilsamen, me tvo, og dette gav me kvar vor Tyding. Hann hadde det so, at Far vilde ha meg med i Skog og Mork og i Fjelle for at Ola kunde lære meg lesse og kjøre og allt det, ein full Morka-Kar skal ha lært. Hann meinte so, at Far heldt seg etter det gamle Visdomsorde, at det maa tidleg krøkjast, som god Krok skal bli. Men eg paa mi Side hadde det so, at Far kjende seg tryggar for den vetle, taslute Kjørekaren sin, naar eg fylgde med, etter det gamle Orde, at berr er brorlaus Bak. Kven av oss som hadde den heile Retten paa si Side, skal eg ikje kunna avgjera den Dag idag, eg trur helst me hadde Rett baae tvo. At han Ola vilde rekne meg for aa vera nokor Trygd for seg, var ikje ventande, nei da hadde han nok heller fari moande einsleg um det so hadde vore til Nordpolen, hadde nokon gjete um meg til Hjelp og Trygd for honom. Men no, da han liksom hadde meg til Upplæring for aa gjera ein framkjømd Morkakar av meg, hadde han aldri imot aa ha meg med um Dagane. Vissa naar han skulde uppi Fjelle etter Mose, for Mosen var ser-um-lag motskapt den Vintren; fyrst hadde han vore tekin i Turrver og so hadde det ikje kome somykje Haustvæte heller, at han hadde frosi ihop. Attpaa allt hadde han drivi ned mest all, so berre øvste Nebben av Speti synte og naar me fekk maaka han upp or Snøen, sto han der so tien, at han berre bivra og skolv. Difor var det ikje bjoande til aa drive under han tvo Staure og „slaa han upp“ paa vanleg Gjerd, nei, me maatte drive Staurane under, leggje „Umlag“ paa Mosehaugen, taka Kast paa Staurendane med Reipi og gjurde han ihop fyrr me velta han upp. Og til dette Arbeide var eg sneddin aa ha med seg, maa vita.

No hadde eg heller ikje imot aa vera med uppi Fjelle naar Vere var stillt og fint — berre me hadde sluppi fare iveg so tidleg; men eg lika ikje aa verta rivin upp utor den varme Sengi Klokka 3 um Morgonen. Og difor hadde me ofte ei Rosu med di, eg og han Ola; medsame han reis upp or Sengi kom han med Hoso’m i Handi og ruska dugelegt i meg, men eg letst ikje høyre eller merke noko. Naar han hadde snørt Skoni sine og faatt Snøsokkane paa, so kom han att og da gav han seg ikje, fyrr han saag eg slog upp Augkvarmane — sume Gongor hadde eg Munn upp au og ba han Ola so sagte, at ingen annan høyrde det, draga tilsjøs paa eit Hampebann so Skurvune stod som eit Driv etter honom. Men elles ikje so mykje, som eg baud til aa reise meg i Sengi etter. Nei da maatte ho Mor leggje seg uppi, og da kom eg endeleg upp or Sengi og fekk Klædi paa meg, drakk Kaffe og reiv i meg nokre Matbitar medan Ola sela Bruna.

Det svidde i Nasen sume Tidir, naar me kjørde iveg og Himilen laag klaar som ein Spil, berre Vergata gjekk som eit Him tvertyvi den vide Kvelven. Stjernune glima og glitra so dei gav eit veikt Ljos fraa seg; Fiskekallane stod yvi Skogsæterdokki som tri Jolljos mot dei hine og beint yvi Langmyrine stod Vangstjerna høgt uppe. Eg drog Raudhuva ned yvi Øyro og gjekk stampa med Beinom etter Sleden for aa faa Yl i den tunne Skrotten min. Naar me berre naadde uppi Bjørkelidi ovanfor „Vakkersletti“ var det verste gjort, for da var det Slutt paa Snoi, og der skremde me jamnan upp Rupur, som hadde netta i Kanten av Mosevegen um Natti. Dei floug upp og styvde som Pilir nedetter Lidi og karra so det lyddest utyvi heile Dalen. Kom me so uppi Vigga leid det gjerne so langt, at det elda vel for Dagen sør i Skarde i Heidalsfjelle, men da møtte me au ei Sno fraa uppi Darthusskarde so strid og isande kald, at det var som aa brenne seg paa Nase og Kinn og Lippune vart so valne, dei let seg mest ikje bruke. Inn i Fjelle, der me hadde Mosen, kom me ikje fyrr det var mestan full Dag, men da var eg mangein Gong so frosen, at det var ei Sæle aa sleppe til aa springe Varmen i seg etter den lange, harde Fonni i Hallingi, eller hjelpe til aa hogge upp Fonni med Øksi rundt Mosehaugen. Fekk me endeleg lesst, var me berre snøgt ein Time um aa kjøre ned paa Sætri att, det var sint Føre og jamne Hallingi all Vegen og me sat paa Mosehaugen, baae tvo, og kjørde i Traav som tvo Stor-Karar.

For det meste var Samnaden god millom oss, soleis, i Morkaferdom, men det kunde au hende, at det bles upp eit Uver imillom. Serleg var det ein Gong i Fjelle Ola vart grovt fortroten paa meg — eg bar meg kjeivute aat med aa halde upp Mosesleden medan han velta Haugen paa. Eg fekk eit godt Drag yvi Fingri og da han fekk Lasse ferdigt, sløngde han seg upp paa, smurde paa og kjørde fraa meg nedetter. Det smaaklunka i honom og han saag ofte velnøgd attende paa meg, som sprang etter i den ujamne Vegen — kom eg nære etter fekk Merri ein Smikk av Taumom: eg skulde visst faa bruke Tvofot-Hyken idag! Han let det gaa i kvasst Traav over Vakkersletti og sat hygde seg soleis med, at eg seig meir og meir att, at han gløymde den Tverrsvingen over Bekkefare nedanfor Sletti. Hutsh! — der volt Lassse midt i Svingen og han Ola foor Staalnakke langt ned i Dalgropi og var heilt burte i Snøen ei liti Stund. Bruna stod medsame og da Skjækerne heldt, var det ikje noko meire gali henda; men den som heldt Høgtid, det var eg som kom etter tilfots: eg gav fraa meg ein Gledes-Ul, verre hell ein Haug med Ville som held Krigsdans. Me hjelptes aat som Brør med aa velte Lasse upp att og so fekk eg Skyts, eg au, Resten av Vegen.

Smaakurrur hadde me meir hell ei av, som dei beste Venir lett gjort har; det var ein Ting Ola stødt var so imot meg forr, og det var naar eg snakka Tatermaal paa Ferdom vore i Fjell og Lid. For eg dreiv mykje med aa snakke „Romani“ den Vintren og det kom seg soleis: da Skulen slutta siste Sumaren laante Knut Skulemestar meg tri Bøker han sa eg kunde ha, um eg so vilde eit heilt Aar. Det var „Ei Fjeldbygd“ av N. R. Østgaard, „Reisedagbog“ av Miertsching og „Landstrygerfolket“ av Eilert Sundt. Og i den Ordlista Sundt har i Boki yvi Tatermaale, var det slik Moro aa liggje grava, at eg lærde lange Reksune som eg brukte, naar eg og Ola var paa Tvomanns Hand — for aa brikje med Spraaklærdomen min, maa vita. Men kvar Gong eg bar til aa snakke Romani, vart han eitrande sint, korleis han no kunde ha det — helst trudde han fulla, at eg gjekk og snakka vondt um han, og det var da fælt til Styggedom, at eg, Gutelarven, skulde gaa der aa reide han av so han ikje skjøna eit Ord. Eg maatte alltid vare meg so eg ikje fekk ein under Øyra, men større Moro visste eg no ikje, hell aa snakke Tatermaal aat honom.

I dei siste Dagom av November fekk me ein stor Snødett og etter honom vart det høveleg Kalde, just slikt Ver og Føre, at det skulde vera lugumt aa setja Rupesnarur. Me sette upp Snarur vidt og breidt og eg, som hadde dei beste Stundir, skulde fara umkring aa vitja deim um Dagane. Lenge gjekk det fælande laakt med Fangsti og sist misste eg Trui og tvilte um, at han Ola ikje hadde lært rette Gjerdi med Snaregardom sine. Men so var det ein Morgon eg kom og skulde vitja dei Snarur, me hadde i Vijerkjerri nærast Sæterkvei; og da eg kom farande paa Ski’om, foor det upp ei stor Rupeflygt or Kjerri og — der hekk ei og baska med Vengjom i eine Snaregarden! Eg var brennande kvass til aa gjeva henne eit Drag av Skistaven so ho laag stiv med same, — eg tykte det var hardleg kaldtokka au, aa støkkje Live aat denne kvite, fine Fuglen, men Veidehugen, maa vita, er hardhjarta. Eg stod lenge og strauk den fine Duni i Bringen og saag paa den bjerke Raudliten paa Augbrunom: ein vakrare Skapning hell Lid-Rupa kan du snaut sjaa! Nei da stakk det meg, at no skulde dei endeleg einn Gong faa sjaa heime paa Sætri, au — det skal fulla verta Slutt med aa gjera Gjikk med Maafaa-Ferdom mine. Og so foor eg heim att som eit sterkt Ver og synte deim Fangsti. Da eg kom attende hekk det ei Rupe til i Snaregarden; ho var kald og stiv og ho hadde eg ikje vorte var, da eg tok den fyrste. Sidan tok me ei og annor jamnan fram etter, og fyri Jol var eg og Ola ned i Heidalen og avhenda Fangsti vaar aat ein Kremar, som just i dei Dagom sette Handel der i Bygdi. Ola fekk seg no eitt og anna nytt til Jol og eg let min Lut gaa til Huse, maa vita.

Det var eit trivlegt Liv aa vera i Fjelle um Vintren, og eg veit ikje kva som vinn av Fjelle Vinters Tid og um Sumaren. Ei og annor fæl Uverskule fær ein ikje vande, med Snødriv og Vindstøytar, men det fell no til vanlegt ikje so ofte paa. Kalden er aldri mætande, baade er ein kvitt Snoi og den turre, skoddefrie Lufti kjennes ikje so kald som i Dalen, heller ikje er Kalden yvi ein Lang so høg i Fjelle som nede i Bygdom. Og so er det ingi „Solsvelte“ paa Fjelle, som nede i den trange Dalglipa, — istadenfor at ho heime i Grendi var burte i 16 Vikur, skein ho her tvo, tri Timar den stuttaste Dagen i Aare. Ljosare og lettare var det baade seint og tidlegt og me fann ut, at Dagen i Myrketidi all med seg var ein Time lenger hell i Bygdi. Men Jolehelgi tykte eg liksom ikje hadde det rette Lage sitt heruppe, kva det no kunde vera, som var Skuldi —, kannhende det gjorde sitt, at det her ikje fannst Sporv so me fekk setja Kornband paa Stongi. Heller ikje kom Gamle-Hans i Grannegarden og var med aa hogge Jolveden, og det var eg so van med fraa di fyrste eg kunde minnast, at eg tykte det skapte seg ikje rett til Jol fyrr eg saag han kom i Døri, tidleg Joleftansmorgon, for aa gjeva seg med ved Hoggestabben. Det skal ikje stort Bridge til paa det, ein har vant seg til med og held kjært, fyrr ein merker det, og vantar det noko, um det so berre er ein Smaating, so kjenner ein straks Saknaden.

Dei lange Kveldsetune paa Sætri var enno meire huglege og trivlege hell heime, for Far hadde so mangt Arbeid for seg um Vintren; han gjorde tvo svære Skoldetraug han fann Emne til av ei vedonderleg stor Furu som stod att høgt uppi Lidi, og i Beitskogen fann han ein Dag ei framifraa fin-runnin Bjørkerot, han gjorde Tolknivskaft av. Sidan var det so mangt han hadde forr seg dei lange Kveldane, og naar alle sette seg til med kvar sitt og Eldsmaale lyste upp i kvar Kraa i den rumme Sæterstugo, tykte eg det likna Høgtidskveldar. Um so Uvere rasa ute og me høyrde Snøen sopte etter Veggjom, sat me lognt og trygt innan Veggen og hadde ikje noko aa ottast for. Ola var ikje hendt til noko, korkje med Øks eller Kniv, og hadde han ikje Arbeid med aa tvinne Snarur av Hest-Tagl til Rupeveidingi vaar, so sat han handlaus til Kveldvorden kom paa Borde. Eg hadde no i lang Tid nokk aa gjera med aa lesa Fanteboki eller Dagboki aat Miertsching, i den siste fylgde eg so vel med, at eg tyktes sjaa Live fraa Dag til Dag umbord paa „Erebus“ og „Terror“, medan dei laag innfrosne i Isen. Men „Ei Fjeldbygd“ var no den forrmeste av deim, lel, og ingi Bok eg sidan har lesi, har teki meg soleis eller gjeve meg so stor Hugnad. Skildringune av Naturen og Bondelive i Tynnsetbygdi gav eit friskt og levande Bilæte av noko so kjends for meg, at det var som det skulde henda heime i Grendi og paa Sætri det meste, som Boki fortalde um. Og Folki baade dei unge og gamle, baade Karar og Kvinnfolk, var nettup dei, eg raaka til kvar Tid. Eg livde med i allt som eg skulde vori med sjøl, baade heime i Huse hjaa „Gamelspektøren“ og henne Malena, i Kyrkjeferdi Pinsedagen og i Fiskeferdi til Aumlidi. Og so Kjærleikssoga hans Bersvein og henne Ragnhild! — der kan det berre hende eg var med — eg var no visst likso ille ved eg, da ho Gamel-Kari sjøl kom uventande over dei Unge paa Sætri, som han Bersvein og ho Ragnhild, enda eg berre las um korleis det gjekk til. Og „Tjønnmogubben“ var eg so sinnt paa, at eg knytte Nevane og skar Tennom, Trolle! — men han au, likna eldre Menn eg kjende heime i Grendi! ein skulde aldri seet so rart, heller. Sogune hans Imbert Kolkjørar lout eg lesa upp mange Vendur um Vintren, baade for dei hine i Huse og for Framande som kom so ein Kveld imillom — det laag Folk i tvo andre Sætrir i Nærleiken au, um Vintren, og Budeiune gjekk imillom ein annan, da og da, for aa stytte av dei lange Helgekveldane. Og da var „Ulve-Skrea“ eller „Bryllaupe paa Kjerengen“ alltid so gjæve.

Ei Tid etter Nyttaar tok denne hugsame Sæterlego Ende. Sæterhøye gjekk med og heime i Grendi fall det eit Gravøl paa, som me ikje kunde vera burte fraa; og so skulde den nye Skulmestaren byrje Skulen i Fjordungen etter Gravøle. Det var reint stuslegt dei siste Dagane, og eg foor ute paa Skiom mest all Dagen for aa faa take med all den Hugnaden, eg kunde naa i. Den breide Dalen med dei tvo Fellvatnom og dei jemne Skoglidom, laag der so ljos og fager i Soli og med høg, blaa Himil yvi seg — og heime var de enno att ein fem, seks Vikur av Solsvelta! Heruppe var det so tylegt, antell det var seint eller tidlegt — berre dei ovvæne Letine Fjelle fekk um Eftan naar Soli heldt paa aa glada! Der laag Heidalsfjellil, Rundarne og Bringsfjelle med eit bjerkt, raudgult Solgull yvi seg so levandes fagert, at ein aldri vart fornøgd av aa sjaa paa det, medan Loms-Horungen og Fjelli paa Vestkanten laag der drivkvite mot den iblaae Himilen. Og so Morgonstunde naar Soli kom ned etter Fjellsidom, Flyom og Bjørkelidom! — Isnaaline glima som Stjernur og senda lange Bundtar med Straalur fraa seg, medan Trei øvst i Furuskogen, der dei stod meire grisne, lagde ein kolsvart Skugge etter seg paa den blenkjande kvite Snøen. Men forrmeir hell allt anna var det makalause Ski-Lende heruppe med Løypur slike, du vilde ha deim, lange eller korte, bratte eller late, just etter som du kjende deg Kar til aa greide deim. Nede i Dalskora fannst det ikje ei ærleg Løype, var det ein Stad det var Namn til ei, so var ho Ende med same Skine kom vel paa Løypti. Difor var det ikje med stor Lengting eg saag imot Heimferdi.