Hopp til innhold

I Heimegrendi/1

Fra Wikikilden
H. Aschehoug & Co. (W. Nygaard) (s. 12).

Heimegrendi.

Ho ligg der som ei trong Glipe millom Fjellveggjom og staar ein nedi Botnen ser det ikje ut til, aa finnast Op til nokor Leid. Lengst ute set Andershøi og Veggjemskampen Ekslane ihop og øvst i andre Enden stengjer Hovdaspiggen og Rottemsoksli. Imillom desse fire ris høge Høir beint ivere paa baae Sidur av Glipa. Her har Fjelli stengt vel att og tenkt dei skulde helde Soli ute fraa denne Flekken so høgt, vissa, som midlies. Men det glatt no lel —: det vart att eit Skard her og ei Skoru der i Høbrunom paa Austsida, og i dei passar Soli paa kvart Aar, helsar blank og blid ned i Trøngja naar ho har vore burte millom 15 og 21 Vikur.

Midt etter Skora renn Otta, høgmælt og sinnt; med di same ho kjem utor Lalmsvatne og lyt til aa klembe seg ihop, ber ho til aa verta maalug og etter ho ha mødt det fyrste Meinbægje ved „Klokkhølen“ og sidan møter Knut for Knut paa dei store Fotabladom aat Hovdaspiggen, vert ho rasande. Ho kastar seg vill og ustyrleg aat ymse Side og skundar paa av all si Magt so Søgen av henne fyller heile Dalen. Her i denne Trøngja vil ho ikje verta gamall og so fer ho hugustup gjenom Eidsfossen, tri Fall uttanpaa dei andre. Men da har ho au rivi av seg det verste Sinne, ho fer spakar sidan og gjev fraa seg berre ein og annan djup, tung Styn sør-etter.

Skal nokor Grend vera gjøymd og innestengd, so var Heimegrendi det, slik som ho saag ut for 46 Aar attende. Naar Folke hadde nødtrøngjande Ærend utor Grendi hell inni Grendi Vaar, Sumar og Houst, var det aa klengje seg fram etter eit Raak i „Kleivom“. Det skulde no heitast aa vera ein Kløv-Veg, men han likna mest ein Maurveg og krøkte og lykkja seg soleis millom Klovur og Legar og Pallar, at Gjeite sjøl fekk ha seg all fornø’n for aa koma velskapt fram.

Berre høgste Vintren, etter det leid so langt, at Isen hadde lagt seg og alle leide Væk hadde grodt ihop, var det bergeleg Framkjømd gjenom Grendi. Og da gjekk all Ferdi etter Otta, baade fraa Lomsbygdom og Hugusokne i Heimbygden, antell det var Marknadsferd, Byferd hell Bygdaferd. I denne Vinterbolken ha Grendsfolk Timbdi av, at dei høyrde heile Heimbygde til og attaat hadde Grannar i Dalen ou, baade uttanfor og ovanfor.