Hopp til innhold

Hermann og Dorothea/07

Fra Wikikilden

Erato.

Dorothea.

Soli gladar i glødande Gull, og ein Ferdamann fester
djupt i sitt Auga det blenkjande Syn, so han etterpaa lenge
ser denne glimande Bragdi av Straalar, som glitra og bivra,
Soli han ser kvar ein Stad, ho leikar framfyre hans Auga,
gløder i Skuggarne her, og lyser i Lunden derburte:
soleides lyste og blenkte og leikade framfyre Hermann
Gjenta i yndefull Ham; han tykte, han saag berre henne.
Foor han so upp fraa den hildrande Draumen, mot Landsbyen seinleg
gjekk han, men undra seg storleg aa nyo han maatte; for atter
kom ho til Møtes med honom den høge, naudfagre Gjenta.
Kvast laut han skoda; aa nei, det var ikkje Hildr, men henne
sjølv. Og i Hondom ho bar tvo Byttor, ei stor og ei liti.
Skundsamt ho gjekk burt aat Kjelda. Og glad gjekk han henne til Møtes.
Modug og sterk han saag seg paa henne, og undri ho høyrde
medan han talade so: »Sjaa, finn eg deg her, fagre Gjenta,
atter i Ferd med aa vera til Hjelp og til Hugnad fyr andre,

henta ein Svaledrikk heim aat dei tyrste? Men seg meg, kvifyre
kjem du aaleine so lang ein Veg som hegat aat Kjelda,
medan dei andre er nøgd med Vatnet, dei hava fyr Handi?
Dette er utifraa godt, der er Helsebot i det, Du skal vel
bera det heim til den sjuke Kona, som Du er so vyrk um?«

  Venleg helsade daa den gode Gjenta paa Guten:
»Meir en Løn fyr nu Gonga aat Kjelda eg alt heve fenget
no, naar eg møter den Mannen, som gav oss so mangt og so myket;
hugnadsamt er det aa faa, og ein Hugnad det og er aa skoda
Givaren sjølv; men no lyt De koma og sjaa, kor det gjekk med
Gaavorne Dykkar, og høyra, kor takksam' dei er, som vart hjelpne.
So lyt De og faa vita, kvifyre eg kom denne Vegen
hit aat Kjelda, der Uppkomevatnet er klaart, og der jamt det
renn so friskt: I Landsbyen hev dei vyrdlaust og faatenkt
sulkat Vatnet, med di dei let baade Stutar og Hestar
vassa i Bekken, som Vatnet kjem fraa. Og so hev dei ogso
skjemt baade Brunnar og Trog med Vasking og Tvætting; for alle
tenkja bert paa seg sjølv, og skunda seg berre aa stetta
fyrste Torvi, og gløyma komande Dagen og andre.«

  Soleides sa' ho, og medan gingo dei ned paa dei breide
Troppestig ; baae sette seg so paa Muren, den laage,
attved Kjelda. So bøygde ho seg ned til aa ausa;
tok daa han den andre Bytta og bøygde seg nedaat.
Og so saag dei seg sjølve, speglad' i Himmelens Blaae,
bylgjande, voggande, helsad' og log til kvarandre i Speg'len.



  »Lat meg faa drikka,« sagde han so, den gladhugad' Guten.
Spannet ho rette mot honom. Gav dei seg Stunder daa, baae,
svallade medan dei kvilde; so sagde ho blidvært til Guten:
»Kor gjeng det til, du er her? og utan Hestar og Vogni,
langt fraa Staden der fyrst eg saag deg? Kva Leid er du komen?«

  Tankefull saag han mot Jordi, Hermann. So lyfte han Augo
lognt imot henne, kjende seg hugheil og saag henne venleg
inn i Andlitet. Men aa tala um Kjærleik, det vøre
ikkje tenkjande paa; det var ikkje Elskhug, som skein i
Augo hennar, men Vit, som baud, aa orda seg visleg.
Snøgt han haatlad' seg daa og sagde venleg til Gjenta:
»Lat meg fortelja deg, Barn, og svara paa Spursmaali dine.
Berre fyr di Skuld komen eg er, kvi skal eg det dylja ?
Heppen liver eg heime baade med Fader og Moder,
truleg hjelper eg deim aa stjorna Huset og Garden,
einaste Son som eg er, og Bruket vaart er ikkje litet.
Gardsstyret helst ligg til meg; med Vertskapen Fader er annsam
Moder er den, som hev Umsut med alt og med alle i Huset.
Men eg tenkjer du og hev røynt so ymse, kor ofta
Tenestefolki kann vera si Husmor til Møda, so jamt ho
berre lyt byta og skifta dei gamle Veilor med nye.
Lenge hev difyre Moder ynskt seg ei Gjenta i Huset,
ei, som med Hjarta, og ikkje med Handi bert, vilde hjelpa,
vera ei Dotter i Staden fyr henne, ho misste so tidleg.
No, daa eg saag deg i Dag attmed Vogni so annsam og hugheil,
saag du var haghendt og sterk, og saag din fullgode Skapnad,

høyrde di Tala, so vitug og klok, ja daa fekk eg Vissa,
heimatt eg foor og fortalde Foreldri og Venerne alt um
framande Gjenta. Og no er mi Ærend aa segja deg dette,
deira Ynskje er mitt. Orsaka mi Stoting og Staming.«

  »Ver ikkje rædd,« ho svarad', »men hald berre fram, for eg veit og
kjenner med Takksemd dessmeir, at misvyrda meg vil De ikkje.
Seg berre beint som det er; eg kann ikkje styggjast av Ordet:
tinga meg vil De aa tena som Terna hjaa Fader og Moder,
til aa ha Umsut med Huset, den velstellte Heimen, De eiger,
og no trur De i meg aa finna ei dugande Gjenta,
før til Arbeid, og ikkje so verst i Lynde kann henda.
Tilbodet Dykkar var greidt, og greidt skal Svaret og verta:
Ja, med Dykker eg gjeng, som Lagnaden byd vil eg fylgja.
Fullførd er Skyldnaden min, no heve ho Folket sitt funnet,
Sengjarkona, og alle er glade, dei sjaa henne bergad;
flestalle samnast dei att med kvart, og hine kjem etter.
Alle tenkja dei paa, at snart dei atter faa venda
heim; aa ja, denne Voni hyser den avrekne allstødt;
nei, eg daarar meg ikkje med vesalle Voner i tunge
Tider som desse, som lovar oss endaa hardare Tider:
Heimsens Band ero løyste; kven bind deim atter i saman
andre en Naudi den største, som stend framfyre oss rettno!
Kann eg tena mitt Braud hjaa ein vyrdande Mann og faa vera
hæve Husmor til Hugnad og Hjelp, so gjer eg det gjerna;
heimlause Gjenta fær jamt ei tvilsam og leidvori Umsegn.
Ja, med Dykker eg gjeng, so snart som eg berre hev boret

Spanni aat Venerne heim og fenget Velsigningi med meg.
Kom, De lyt skoda deim sjølv, og faa meg or Henderne deira. «

  Fegen Ungguten høyrde viljuge Gjenta si Avgjerd,
tvihugad var han, um no han helst skulde Sanningi segja,
fann det so best, at ho endaa fekk vera i Trui, til dess han
heime kunde faa Høve aa sanna si Von og sin Kjærleik.
Aa! men ein Gullring han saag paa Gjenta sin Finger; daa let han
henne faa tala aaleine og lydde med Aatgaum paa Ordi.

  So heldt ho fram: »Nei, men no lyt me heimatter venda; De veit, at
Gjentor, som giva seg gode Stunder ved Brunnen, faa Lastord;
endaa so ljuvt som det er attmed sildrande Kjelda aa svalla.«
Daa reis dei upp og saag attende i Brunnen aa nyo,
endaa ein Gong, og søte Hugsviv tok deim um Hjarto.

  Tagalt tok ho i Handi baae dei vatsfyllte Spanni,
steig so upp etter Troppi, Hermann fylgde den kjære.
Han vilde bera det eine Spannet og minka paa Byrdi.
»Nei, lat det vera!« ho sa': det ber seg jamnare soleis.
Tena meg fær han daa ikkje, han, som skal vera min Herre.
Sjaa ikkje paa meg so saart, som vøre det eitkvart aa anka!
Kvinna lære i Tide aa tena, det er ho sett til;
just gjenom Tenesta kann ho eingong naa til aa raada,
upp til Magti, som ho med retto lyt hava i Huset.
Systri tener full' tidleg Bror sin, ho tener Foreldri,
Livet hennar er jamt og samt aa koma og ganga,

lyfta og bera og stjorna og stella og laga aat andre.
Godt er det daa, ho er van med det, at Vegarne aldri
verta for tunge, at Natt og Dag er eins fyre henne,
aldri eit Arbeid for ringt, og Naalerne aldri for granne,
at ho kann gløyma seg sjølv og berre liva fyr andre!
For som Moder, mi Sann, ho treng baade Dugen og Dygdi,
Sogbarnet vekkjer med Skrik den sjuke og krev nog sitt Nøgje,
Umsuti legst til den veike attaat Mødor og Verkjer.
Tjuge Menner isaman bar ikkje Byrder som desse,
skal ikkje gjera det helder; men takksamt skal dei skyna paa det.«

  Soleides sa' ho og var med sin tagalle Fylgjesvein komi
fram gjenom Hagen og inn aat Laaven, der Moderi laag med
Veslegut, der var dei og, dei fagre Døtterne, ho fraa
Ulukka bergad', dei var no endaa Borni aa kalla.
Baae gingo dei inn; og hit fraa den motsette Sida
gamle Domaren kom, tvo Smaaborn han leidde i Handi.
Stakars Moderi hadde ankat so saart fyre desse,
trutt dei var burtkomne reint, no kom dei so fjaage og sprungo
burt aat ovglade Moderi, helsad' paa henne og saag paa
Veslebror, ukjend og ny; jau, det skulde verta ei Leika!
sprang so imot Dorothea og helsad' og heldt seg aat henne,
Mat vil dei hava og Frukt, men fyrst vil dei hava aa drikka.
Ho sende Vatnet ikringum. Smaaborni Losten sin drukko,
Sengjarkona ho drakk, og Døtterne, Domaren ogso.
Alle fekk svala seg daa, og dei lovad' det ovgode Vatnet,
friskt og isurt paa Smak, ein helsesam Drykk fyre alle.



  Tok daa Gjenta til Ords og sagde med Graaten i Augo:
»Vener, visst er det no den sidste Gongen, eg sender
Vatskrukka kringum til dykk og svaiar dei tyrstande Munnar.
Men, naar de sidan paa heite Dagar kvila i Skuggen
attmed sildrande Bekk og fegnast av signade Vatnet,
minnest daa stundom meg og den venlege Tenest, eg dykker
veitte meire av Elsk en nettupp av di me var skylde.
Trutt skal eg gøyma i Bringa alt det gode, de gav meg.
Traudom gjeng eg ifraa dykk; men, den eine vert rettno
helder den andre til Meins en til Hjelp; so veit de, me ljota
skiljast i framande Land, naar ikkje me heimatt faa koma.
Sjaa, her stend han den unge Mannen, som gav oss so myket,
Klædi aat vesle Barnet, og Maten, som var so velsignad;
han kjem no og vil tinga meg til aa vera i Huset
heime i Tenesta hjaa dei snilde og rike Foreldri;
ikkje vandar eg Bodet; Gjenta lyt allstader tena,
Skam var det og, um ho herre vart sitjande yrkjeslaus heime.
Dermed so fylgjer eg gjerna; sjølv ser han ut til aa vera
visleg, og det vil eg tru, Foreldri hans ogso lyt vera.
Difyre, Ven min, liv vel, De kjære, og fegnest av Barnet,
livande tidigt det ser paa Dykker med Augo dei bjarte.
Og naar det vesle Barnet i dette manglitad' Tjeldet
inn aat Brjostet De legg, so minnest Givaren ogso,
han, som heretter kjem til aa giva meg Kosten og Klædi.
Takk skal De hava, De høgvyrde Mann,« ho til Domaren sagde,
»Takk og Æra fyrdi at De var som ein Fader imot meg.«



  Framfyre Sengjarkona fall ho paa Kne, og ho kysste
henne i Taaror, og fekk hennar stille, varme Velsigning.
Vyrdlege Domaren sagde dessimillom til Hermann:
»Retteleg er De, min Ven, aa rekna imillom dei gode
Herrar, som helst vil hava duglege Folk i sitt Hushald.
Tidt eg saag, dei paa Fe, paa Krøtur, Hestar og Smalar
helst var fælt so vande, naar so det var, dei sku velja.
Derimot Menneskja, ho, som med Dug og Godhug kann fremja
alt, og som ogso kann øyda alt med Vanstell, ja henne
tek ein so paa eit Raam, paa eit Slumpehøve i Huset,
tregar so lenge, men altfor seint paa si braadtekne Avgjerd.
De hev Vit, er det likt til; De hev valt til aa tena
heime hjaa Far og Mor og Dykk sjølv ei trurøkji Gjenta.
Haldt henne hæv! So lenge som ho heve Stjorni, kjem ikkje
De til aa sakna ei Syster og ikkje Foreldri ei Dotter.«

  Mange var no komne til av Sengjarkona sitt Skyldfolk,
myket hadde dei med, og Bod um ei likare Husvist.
Gjenta si Avgjerd dei høyrde, alle signad' dei Hermann,
skodade løynt paa kvarandre, hadde so ymise Tankar,
hende det og, at den eine kviskrad' den andre i Øyra:
vert det ein Brudgum av Husbonden, syter eg slett ikkje henne.
Hermann tok henne daa i Handi og sagde: »Det lider
langt aa Dag, og drjug er Vegen, kom lat oss ganga.«
Kvinnorne tok Dorothea i Famn med hjarlege Ynskje.
Hermann drog henne undan; ho bad deim helsa so mange.
Daa vart der Skrik paa Borni, dei kringsette henne og stridgret,

heldt henne fast, si andre Moder dei vilde ei sleppa.
Sume av Kvendi laut daa taka Mannskap til seg og sagde:
»Stille no, Born! ho gjeng berre burt i Byen og hentar
Sukkerkakor, som vesle Bror aat dykker hev tingat
nyst, daa Storken bar honom framum hjaa Bakaren, veit de,
snart kjem ho att med eit fagert Skrin med Sukker og Leikor
Borni gav seg umsider, og so ifraa Fangtak dei sidste
Hermann fekk henne med, og lenge med Dukom dei veiftad'.