Hermann og Dorothea/06
Utseende
Kilo.
Tidarbolken.
Presten vilde no spyrja den framande Domaren, kor dei
heimlause Folki var farne, kor lenge dei villt hadde vankat.
Mannen svarad': Det var ikkje litet vondt me fekk lida;
alt det beiske fraa desse Aar laut me drikka og tøma,
beiskare endaa avdi vaare fagraste Voner vart svikne.
For, kven neittar det vel, han kjende, Hjarta vart uppglødt,
reinare foor gjenom Aadrarne Blodet i hugheile Bringa,
daa med same ho rann den nye Sol i si Fegra,
fyrst me fekk høyra um Manna-Retten, som eins skulde vera,
høyrde dei kveikjande Ord um Fridom og signade Likskap!
Vonad' me daa nokon kvar aa faa liva oss sjølv; det saag ut som
løysast det skulde det Band, som strøyptest hardt ikring Landi,
Bandet, som Latskap og Sjølvnytte tviheldt i Henderne sine.
Maatte 'kje kvart eit Folk i desse Dagarne skoda
burtaat Staden, som longo var Heimsens Hovud og Hjarta,
ovgilde Namn, som han no meir en fyrr var verdig aa bera?
Mennerne dei, som fyrst bar Bodskapen fram, var dei ikkje
haldne likt med dei høgste, som stend millom Stjernorne skrivne?
Voks ikkje Modet i alle, og voks ikkje Anden og Ordi?

Me, som var Grannar, var ogso dei, som vart uppglødde fyrste.
Kom so Ufreden, franske Herflokkar stemnde imot oss,
men det saag snaraste ut som det berre var Venskap, dei kom med.
Soleides ogso det var i Røyndi: for gjævlynde var dei,
Fridomstrei dei plantade hugheilt og lovade Folki,
alle sitt eiget Liv skulde liva og styra seg sjølve,
Frygdad' seg storom dei unge daa, og dei gamle var glade,
Leiken og Dansen tok til kring det blakrande, nyreiste Merket.
Soleides vunno dei snøgt, dei framfuse, sigrande Franskmenn,
Hugen hjaa Mennerne fyrst med sitt leikande, uppglødde Lynde,
dinæst med yndefull Aatferd Hjarto hjaa Kvendi dei vunno.
Endaa dei harde Tyngslor av Ufreden tyktest oss lette,
di at daarande Voner leikade framfyre Augom,
langt dei lokkade Synet ut i dei nyopne Leiti.

Aa, kor heppi er Stundi, naar Brudgumen dansar med Brudi,
fegen, at sæle Sambandsdagen umsider er komen!
lagrare endaa ho var den Tid, daa me saag, at det høgste,
Mannen kann tenkja seg, var oss so nært, at me truddest naa i det.
Løyst vart Tunga hjaa alle; dei talade unge og gamle
høgmælt og fritt og fyllte av hugstore, mannmilde Kjenslor.

Aa, men Himmelen dimdest snart. Um Raadveldet stridde
berre ei skamfari Ætt, som var ufør aa ala det gode.
Heime dei tynte kvarandre; og nykomne Brøder og Grannar
freistad' dei kjøva med uvyrdne Flokkar, dei sende i Landet.
Retteleg gløypte dei i seg; dei store dei dreiv det i storom,
ranad' og stal, det gjorde dei smaae, alt ned aat dei minste;
kvar syntest helst vera rædd, det vart att nokon Ting til i Morgon.
Ovstor var Naudi, og Dag etter Dag vart Hardstyret verre;
ingen gav Gaum etter Skriket; for Grunnen dei raadde aaleine.
Daa vart Suti og Harmen for stor, var ein aldri so tolug;
dyrt so svor dei, at alt dette Uskil, det vilde dei hemna,
hemna sitt Tap og Tjon og Vonerne tvifaldugt svikne
Lukka vende seg so til dei tyske si Sida, og braadleg
flydde Franskmannen heimatt, so skundsamt som berre han kunde.
Daa, fyrst daa fekk me kjenna til Fullnads kva Ufred vil segja!
Stortenkt er Sigermannen, synest so vera iminsto,
liver den, som fær Tap, som vøre det ein av hans eigne,
medan han dagstødt finn seg hjaa honom alt det, han vantar.
Derimot Hersvein paa Røming, han hev ingi Log; berre Dauden
vér han seg mot, og so tek han og øydelegg alt utan Umsyn.
Villt hev hans Huglynde vortet, og Ørvæna jagar i Hjarta
alt det styggaste upp, so at verre en Dyri han tér seg.
Inkje er heilagt fyr honom; han tyner og ranar. Og Kvendi
tek han med Vald og vender Fysna til kallege Rædsla.
Dauden han ser, kvart han snur seg, og so vil han hjartelaust njota
sidste Minutten og fegnest av Blod og av skjerande Naudrop.

Øgjeleg aukade Harmen og Illska hjaa Mennerne vaare,
Tjonet vilde dei hemna og verja det, som var atter.
Kvar og ein fekk seg Vaapen, dei trudde seg no, naar dei saago,
Andliti skygge og bleike paa Flokkar, som hopad' i Braadhast.
Stormklokka ljomade stendigt, og Faaren, ein vel kunde ottast,
kunde ei halda i Age den ovseleg uppøste Villskap.
Snøgt dei lagad' seg Vaapen av fredlege Jordbrukar-Reidskap;
Blodet draup etter Ljaaen; det draup etter Høyfyk og Greipar.
Fienden miskunnlaust fall, det hjelpte ei Graat elder Bøner.
Frøsande Blodsinne allstad og Meinferd av rædde og veike.
Aa, lat meg aldri meire sjaa Mannen so reint ifraa Vitet
rusa so hjartelaust fram. Helder saag eg dei argaste Villdyr.
Han fær ei tala um Fridom, som ikkje seg sjølv veit aa styra!
Løyst det kjenner seg daa, naar berre Stengsla er burte,
alt det vonde, som Logi heldt att i dei løyndaste Kræom.«

»Høgvyrde Mann,« sagde Presten, og Aalvora gaaddest i Ordi,
»freistast fulla De kann til aa mismæta Menneskja, De som
altfor ille hev røynt av ville og skamlause Aatferd.
Likavel vonar eg visst, naar De skodar attende paa desse
tungsame Tider, so lyt De sanna, at stundom De ogso
høvde sumt, som var godt, ja ovgilde Drag, som i Hjarto
gøymdest, men som av Faaren vart lokkad' fram, di at Naudi
kann ogso skapa ein Engel av Mannen til Bergning fyr mange.«

Smilande svarade daa den gamle, vyrdlege Domar:
»Visleg minner De meg, rett liksom dei Stakaren minner
daa, naar Heimen er brunnen, um Sylv og um Gull, som han vonom
atter kann finna liggjande smoltet kringum i Oska.
Allvist er det no litet; men sjølv dette vesle er dyrlegt;
Armingen leitar og grev og er glad, naar han eitkvart hev funnet.
Hugsamt vender eg ogso Tankarne burtimot hine
faae Godgjerder, deim eg alltid skal minnast med Fagnad.
Ja, eg neittar det ikkje, eg saag kor Uvener gløymde
gamle Strider og samdest; og Kjærleiken saag eg hjaa Vener,
Born og Foreldre, han vaagade slikt, som var beintfram utrulegt;
Ungdomar saag eg med eitt vart til Menner, og gamle var atter
unge og spræke, og Smaagutar synte seg heilt upp som Karar.
Jamvel den veike Ætti, som Kvinna vanleg vert kallad,
synte seg stridfør og sterk og modig og snartenkt i Faaren.
Framfyre alle minnast eg maa det ovgilde Storverk,
som ei rausthjartad Ungmøy so hugheilt var god til aa gjera.
Heime i Garden var ho med Smaagjentom berre aaleine;
Kararne alle var burte, til Strid mot dei framande farne.
Kom so eit Fylgje av fæle, rekande Fantar i Garden,
ranande bausad' dei fram og inn i Romet aat Kvendi.
Auga dei fekk paa den fagre, høgvaksne Ungmøy og paa dei
fine Gjentor, som endaa berre var Borni aa kalla.
Daa vart dei ville av Gir, og skamlause sette dei innpaa
bivrande, vitskræmde Flokken og paa denne hugstore Gjenta.
Men so treiv ho fraa ein av Farkom ein Sabel og hogde
Fyren i Hel; han laag i sitt Blod framfyr Føterne hennar.
Dinæst med raustlege Hogg ho fridde dei andre og raamad'
fire av Farkarne til; men dei slapp ifraa det med Livet.
Læste ho Dyrri og ventad' paa Hjelpi med Verja i Handi.«

Alt medan Presten høyrde dei fagre Lovord um Gjenta,
steig det um senn i Tankarne gode Voner fyr Venen,
og han var aat aa spyrja, kvar Gjenta sidan vart av, um
ho hann henda var med imillom det avrekne Folket.

Men i det same kom just Apotekeren til, og som snøggast
nappade han burti Presten og kviskrade honom i Øyra:
»Endeleg fann eg daa Gjenta imillom alle dei hundrad
so som Fraasegni lydde! Kom no og skoda De ogso;
tak so Domaren med, so kann me høyra hjaa honom.«
Best som dei saag seg ikring, vart Domaren kallad ifraa deim,
Folket hans vilde ha' Fat i honom og spyrja um eitkvart.
Presten gjekk daa skundsamt med Apotekeren burtaat
Gjerdet og saag igjenom ei Opning med' hin stod og peikad':
»Ser De Gjenta der burte? Just hev ho Smaabarnet lindat,
nøgje kjenner eg att den gamle Kattun og det blaae
Høgindesværet, som Hermann idag hev havt med seg i Bylten.
Røyneleg hev ho havt ymis Bruk fyre Gaavorne. Desse
er daa skillege Merke, og alle dei andre dei høva:
raude, snorsette Brjostduk rundast fagert um Barmen,
og det svarte Livstykket maatar stramt innaat Midja;
Halsskyrtekvardingi hev ho brett i fattige Bukkor,
drivande kvite dei linda seg ned ikring rundleitte Hoka;
fritt og yndefullt lyfter seg Hovudet, finskapt og langleitt,
digre Flettor er ymse Vendor kring Sylvnaaler vundne;
endaa ho sit, kann me sjaa, kor høgvaksi Gjenta lyt vera,
blaae, rukkutte Stakken rekk ned paa grannlagde Oklom,
som han sveiper seg kringum i rike Fellor og Bugter.
Sant og visst er det ho. Og difyre, kom lat oss sjaa, um
me kann faa vita, um ho er snild og ei havande Gjenta.«

Svarade Presten daa med Augo feste paa Gjenta:
»Visst er det ikkje aa undrast paa, at ho Guten hev' tryllat;
sjølv fyre mangrøynde Mannen held Gjenta Maal, er det likt til.
Heppen er han, som Natturi hev gjevet den fullgode Skapnad!
Han heve Talsmannen med seg og vert ikkje nokon Stad framand.
Alle gjeng honom til Møtes og fagnast med honom, so sant at
Godhug og Blidlynde finnast i Lag med den ovgilde Skapnad.
Det skal eg segja, eg trur, at Guten hev funnet ei Ungmøy,
før til aa pryda og kvika hans Liv i dei komande Dagar,
truleg ho kjem til aa stydja honom, kor Tidi kann verta.
Trygg kann me vera, at sovoren Skapnad gøymer og Saali
rein, og den friskleitte Ungdom giv Von um ei heppeleg Framtid.«

Svarade so Apotekeren helder tenksamt: »Kor ofta
vert me ei lurde av Synet! Eg trur 'kje for vel paa det ytre;
ofta og tidt hev eg lotet det gamle Ordtøket sanna:
fyrr du hev skift ei god Skjeppa Salt med den nykomne Kjenning,
tarv du ei tryggja deg til honom; Tidi vil syna deg greidast,
korleis du hev det med honom, og um det kann verta til Venskap.
Fyrst lyt me difyre lydast hjaa Folk, som er kjende med henne,
spyrja oss fyre og høyra, kva dei kann fortelja um Gjenta.«

»Var lyt me vera, det meiner eg ogso«, sa' Presten og fylgde;
»ei fyr oss sjølve me fria! Aa fria fyr andre er vaagsamt«.

Gjekk dei so baae til Møtes med vyrdlege Domaren, honom
saago dei nede i Vegen, der Gamlingen kom i sitt Yrkje.

Presten talade daa med Varsemd til honom og sagde:
»Seg oss: me hava seet ei Gjenta her burte i Hagen,
sitjande under ein Apall; Barnety saumar ho utav
gamle Plogg, ho hev fenget i Gaava nyst, er det likt til.
Gjenta lika me godt; og snild ser ho ut til aa vera.
Seg oss alt, kva De veit; vaart Spursmaal er beintfram og velmeint «

Domaren gjekk daa med same og saag inn i Hagen og sagde:
»Denne kjenner De alt; De veit, eg fortalde Dykk um ei
Ungmøy istad, som var god til aa gjera det ovgilde Verk og
varnad' og fridde seg sjølv og dei andre med Sverdet i Handi —
denne var det! De ser, ho er sterk og velvaksi, Gjenta,
snild er ho ogso i Vissa; ein gamall Skylding ho røktad',
alt til han døydde no nyst, daa all denne Ynken og Naudi,
Byen i Øydnad og Tapet og Tjonet, tok Livet av honom.
Tolug med stille Sorg hev ho boret sitt Hjartesaar ogso,
Guten sin eigen ho misste, som var med henne trulovad,
sjølv han gjekk til Paris i den fyrste Tid full av Eldhug,
stortenkt han vilde fyr Fridomen strida; men drepen vart Guten,
diat han ute som heime gjekk Vondskap og Meinferd paa Livet.«
Soleides Domaren sagde. Daa takkad' dei baae og skildest,
Pastoren tok so ein Gulldalar (Sylvet i Pungen han hadde
alt gjevet burt med kvart som han møtte dei avrekne Flokkar),
flidde han Domaren Gullet og sagde: »Skift det imillom
deim, som treng um det, og Gud leggje attaat Signing til Gaava!«
Mannen orsakad' seg og sagde: »Me hava no bergat
mang ein Dalar og mange Klæde og noko av kvorjo,
vonar eg og, me fær heimatter fara, fyrr dette er uppbrukt«.

Svarade Presten og trykte Gullet i Handi paa honom:
»Ingen skal gløyma aa giva i desse Dagar, og ingen
neitta aa taka imot den Gaava, som godlyndt vert bodi!
Ingen veit, kor lenge han uner med det, som han eiger;
ingen, kor lenge han kjem til aa flakka hjaa framande kringum,
saknande Aakren og alt, som nærer og uppeheld Livet«.

»Tru meg!« sa' Apotekeren hastande, »aatte eg berre
noko i Pungen, skulde so sant De alt hava fenget,
visselig er det hjaa Dykker mange, som turva ei Beining.
Gaavelaus skal De daa likavel ikkje vera, so myket
Hugen De ser, um Gjerdi ikkje kann svara til Viljen.«
Soleides sa' han og tok den utsaumad' Ledrpungen fram, der
Tobakken laag, og han løyste Reimarne netthendt og skifte:
bert nokre faae Pipor fanst det.« »De ser, helder liti
Gaava mi vert,« la' han til. Men Domaren takkad' og sagde:
»Fegensvara er god Tobakk fyre Ferdamann alltid.«
Fekk so Tobakken av Apotekeren endaa eit Lovord.

Presten drog honom burt, og Avskil med Gamlingen tok dei.
»Skunde oss!« sagde han skynsamt, »Ungdomen ventar med Utol.
Hepnadsbodet lyt han faa høyra snøggast me vinna.«

Og dei skundade seg, og Hermann dei fann attmed Vogni,
innunder Lindarne stod ho. Hestarne trakkad' med Ofse
Marki; han heldt deim i Taumarne stødt og stod der i Tankar,
saag berre beint nedfyre seg, Venerne gaadde han ikkje
fyrr dei fegne mot honom kom og gav honom Godteikn.
Langt or Leid tok alt Apotekeren til aa fortelja;
men dei kom nærre. Daa fatade Pastoren Hermann i Handi,
talade so og tok fraa Apotekeren Ordet:
»Heil og sæl vere du! Ditt trugne Auga, ditt trugne
Hjarta rett heve valt! Heil deg og den Ungmøy du møtte!
Deg er med Sanning ho verd; snu difyre Vogni og berre
kom, so fara me dit, so fort som me kann, burt aat Byen,
fria og faa henne heim vonom fyrr, den velsignade Gjenta.«

Still stod Guten, gav ikkje Teikn til Gleda dessmeire,
lydde paa det, som vart sagt, dei vonfulle, himmelske Ordi,
tok etter Anden djupt og sagde: »Me komo med Hastverk,
henda kann det, me fara seine og skamfulle heimatt:
medan eg ventade her hev Suti lagt seg innpaa meg,
Orvon og Tvil og alt, som brenn i eit Hjarta, som elskar.
Trur De, berre me kjem, so fylgjer Gjenta oss, di at
me er rike, men ho er fatik, Stakar, og heimlaus?
Ufortent Armod gjer sjølvbyrg. Og mest ser det ut til, at Gjenta
baade er smaatøk og snaal; og so hev ho Verdi aa ta' til.
Trur De, ei Kvinna som denne, so fager og sedad, er vaksi
upp millom Folk der ein Unggut aldri hev gaatt henne? Trur De
lika til no hennar Hjarta hev voret avgøymt fyr Elskhug?
Far berre maateleg fort; kann henda me skamfulle kunde
venda Hestarne spakt og seindrøijt heimatt. Eg ottast
altfor myket, at einkvar Ungguten eig hennar Hjarta,
ottast, at Handi hev lovat Truskap den ovheppne Guten.
Aa! daa stend eg som Bidlar berre med Skam fyre henne.«

Presten etlad' seg til aa trøysta honom; men fyrr han
kunde koma til Ords tok den rappmynte Felagen frami:
»Det maa eg segja, paa den Maaten stod me 'kje uppraadd' i mi Tid
kvar ei Sak og Hending vart greidd paa sin sermerkte Maate.
Hadde Foreldri seet seg ut ei Brud fyre Son sin,
nemnde dei dette fyrst med ein Ven, som var kjend der i Huset;
so vart han send i Veg aat Foreldrom til utvalde Brudi,
vitjade deim i sin beste Høgtidbunad ein Sundag
fram imot Non etter Middagsbordet som Bidlemann, og med
venlege Ord han visste aa tala um aalmenne Saker,
fyrstunne, sidan varsamt aa venda Talen med Skynsemd.
Seint um sider vart ogso Dotteri umrødd med Lovord,
Folket og Heimen, som Bidlaren kom fraa, fekk og sine Lovord.
Vituge Folk kunde ymist skyna, og han, som var Talsmann,
skynade og vonom fyrr, um Vinden var god elder ikkje.
Bar det imot, so trongst daa ikkje so berrleg eit nei. Men
lukkast det, var fulla Talsmannen alltid den fyrste i Laget
sidan, so ofta det hende, det Høgtid vart haldet i Huset;
Hjonet kom stendigt i Hug med Takksemd den dugande Handi,
som hadde voret so hæv aa knyta Bandet fraa fyrst av.
No er alt paa ei onnor Gjerd, baade denne og andre
gode Skikkar er avlagd, kvar friar no fyr seg sjølv; og
kvar kann daa ogso med sjølveigne Hender henta seg Korgi,
som han er etlad, kann henda, og standa til Skammar fyr Gjenta!«

»Vere det no som det vil,« sagde Guten, som snaudt hadde tolt aa
høyra paa alle dei Ordi; si Raadgjerd han alt hadde teket;
»sjølv so gjeng eg, og sjølv eg lyt min Lagnad faa vita,
høyra min Dom av Gjenta sin Munn; eg trur meg til henne,
trur meg so trygt som ein Mann nokor Tid heve trutt seg til Kvinna.
Det, som ho segjer, er godt og greidt og vislegt, det veit eg.
Skulde det so vera sidste Gongen eg ser henne, atter
fær eg daa møta den milde Bragd or dei djupsvarte Augo;
skal eg so aldri faa ta' henne inn til mitt Hjarta, so vil eg
skoda fyr sidste Gong denne Bringa, eg traar aa faa femna,
skoda den Munnen, som gjer meg med Kyss og eit Ja fyre Æva
heppen og sæl, med eit Nei til ein Usæling heile mi Livstid.
Men, lat meg vera aaleine. De tarv ikkje venta. Snu heimatt
De til Fader og Moder, so myket dei kunna faa vita,
Son deira mistok seg ei, neiar dei høyra kor Gjenta er høgvyrd.
Lat meg so vera aaleine! Eg tek berre Snarvegen heimatt,
Bakkarne upp aat det gamle Pæretre, veit De, og sidan
nedetter Vinbrekka vaar. Aa, kunde eg hava til Fylgja
henne, den Elskade, heim! Kann henda og, eg kjem eismall
heimetter Stigen; daa vert han tung aa ganga frametter.«

So han sagde og flidde Presten Taumarne, som den
vyrdlege Herren tok hendigt imot; han raadde med Øykjom,
steig so i Vogni og sette seg upp til aa styra fraa Bukken.

Varsame Granne, du gav deg daa gode Stunder og sagde:
»gjerna eg lit Dykk, min Ven, baade Saali og Anden og Hugen,
derimot Kroppen og Helsa dei er 'kje so retteleg trygde
daa, naar den andlege Handi vil halda dei verdslege Taumar. «

Lognt aat dette du log, du vituge Pastor, og sagde:
»Stig berre inn, og lit meg urædd baad' Kroppen og Saali.
Handi er longo van med aa halda Taumen, og so er
Auga upptamt aa taka den rette Snu, naar det gjeld um.
Veit De, me vaaro i Strassburg myket godt vane med Vogni,
den Tid eg var med den unge Baronen paa Utferd; det var daa
dagleg aa køyra, og er var den, som laut styra, daa gjekk det
ut gjenom Byporten fram paa dei dumbutte Vegar imillom
Flokkar av festklædde Folk som bert fer og driv heile Dagen.«

Grannen slo seg til Tols paa ein Maate og sette seg uppi,
varsamt han sat, som paa Spranget, og buen aa forda seg utor.
Gamparne sette paa Traav, dei hastade heimatt til Stallen.
Dumba so tjukk som ei Sky valt upp um dei velduge Hovar.
Hermann vart standande lenge, saag Dumba, som steig upp i Vêret
saag kor Dumba kvarv burt; so stod han og haattad' seg ikkje.