Hermann og Dorothea/05
Utseende
Polyhymnia.
Heimsborgaren.
Sat dei enno, dei tri, og samrødde stødt med kvarandre,
vyrdlege Presten og so Apotekeren jamsides Verten,
Emnet var ogso enno det same, fram og attende
umrødt var det og seet og røynt ifraa ymse kvar Sida.
Dermed tok Pastoren frami og sagde med Vyrdnad og Milde:
»Motsegja Dykk vil eg ikkje. Eg veit, at Mannen skal stræva
fram imot det, som er betre; og jamt me sjaa, at han strævar
upp i Høgdi, i minsto traar han etter det nye.
Men, ver ikkje for braad. For jamsides med denne Traai
gav Natturi oss ogso Hug til aa varna det gamle,
og til aa hyggjast ved det, som ein lenge hev voret van med.
Kvar ein Skipnad er god, som berre er klok og natturleg.
Mannen ynskjer seg mangt, og endaa treng han so litet;
Dagarne, sjaa, dei er stutte, og all vaar Lagnad er avmerkt.
Aldri eg lastar den Mannen, som stødt er ute aa ferdast
baade paa Land og paa Sjo med Djervskap og Dug, og som fegnast
storom av alt det, han vinn, til beste fyr seg og fyr sine;
men so vyrder eg og den rolege Borgar og Bonden,
han, som gjeng kringum paa Heimetufti og stille og idugt
strævar Onn etter Onn og steller og syslar med Garden.
Ikkje fær han no Jordi umlagd kvart einaste Aaret,
Treet, som nyst vart sett, det skyt ikkje radt med det same
Greinerne høgt upp i Lufti, prydde med brikjande Blomar.
Tolmod lyt den Mannen hava, han treng og det rolege, jamne,
reine Huglynde og den klaare, vituge Skynsemd.
For han legg berre faae Saakorn i frøysame Jordi,
liten er Buskapen helst, som han fram lyt ala med Umsut;
det, som kann vera til Nytte, det lyt han tenkja paa allstødt.
Heppen er han, som Natturi hev gjevet eit sovoret Huglag!
Han held oss alle med Føda. Og vel vere Borgaren, som i
Smaabyen bur, di at han kann vera baad' Bymann og Bonde!
Alt, som Landmannen tyngjer, kjenner han ikkje so stort av,
framand han ogso er fyre Suti og Sorgi, dei hava,
dei, som i Storstaden bu, til aa kappast i alt med dei rike,
serlege Kvinnfolki daa, og som berre gjer Smaamannen usæl.
Difyr skulde De signa det rolege Laget hjaa Hermann,
signa Vivet, han vél seg, med same Lyndet ho ogso.«

So han talad'! Og inn i Stova steig Mori med Son sin,
leidde Guten i Handi fram aat sin Husbond og sagde:
»Far, kor tidt og ofta, naar me sat saman og rødde,
tenkte me ikkje med Hugnad paa Glededagen, som ein Gong
koma skulde, naar Hermann valde seg Brudi si eigi!
Att og fram gjekk Tankarne daa; so hi og so denne
Gjenta etlad' me honom so som Foreldri kann svalla.
No er han komen, den Dagen; no heve Himmelen sjølve
synt honom Brudi og ført henne hit, og hans Hjarta hev Vissa.
Var det 'kje so me alltid sa': han sjølv skulde velja?
Ynkste du ikkje, han maatte finna ei Gjenta, han kunde
hugleggja djupt og varmt? No er ho komi den Stundi!
Ja, han hev huglagt og valt og stend som ein Mann paa si Avgjerd.
Gjenta, den framande, er det, ho, som han møtte paa Vegen.
Giv honom henne; for annars, han svor, vert han verande ugift.«

Sagde so Sonen: »Ja, Fader, giv meg henne! Sjaa grannvart
valde mitt Hjarta og trygt; De fær ikkje hævare Dotter.«

Faderen tagde. Men snøgt reis Presten upp og tok Ordet
»Alltid er det no berre Augneblinken, som raader
baade fyr Mannsens Liv og Lagnad; for endaa han lenge
grunar og tenkjer seg um, so vert daa Raadgjerdi sidstpaa
Augneblinken sitt Verk, og daa skal det Vit til aa velja.
Faarlegt vert det aa vægja og attrast fyr alle Slag Avsyn,
eitt og hitt og mangt, som berre Kjensla forviller.
Rein er Hermann; fraa Barn eg kjenner honom, og aldri
rette han Handi so etter eitt, so etter eitt anna.
Det, som han ynkste, det maatade honom, og det heldt han fast paa.
Ver ikkje undrug og rædd, um no det syner seg braadleg
det, som De lenge hev ynskt. I Vissa hev Syningi ikkje
no den Svipen og Hamen, som helst De vonad' kann henda.
Sjølve Vonerne dylja det, som me ynskja og venta.
Gaavorne koma fraa Høgdi og hava sin sjølveigne Skapnad.
No skal De ikkje mismæta Møyi, som fyrst heve kløkt og
hugteket gode og vituge Sonen, De elska so myket.
Heppen er han, som vert av fyrste Elskhugen fagnad,
sælaste Voni slepp han aa løyna i hugbrotne Hjarta!
Ja, eg ser det paa Guten, Lagnaden hans er no avgjord.
Sanne Tilhugen skapar paa Stundi ein Mann av ein Ungdom
Kvervlynd er ikkje Hermann; so eg er rædd, fyrst at dette
neittast honom, gjeng Aari, dei beste, tungsamt til Spilles.»

Apotekeren tok daa frami, og longo han hadde
setet med Ordet paa Tunga ferdig aa lata det koma:
»Lat oss no hugsa me held oss til Midvegen den Gongen ogso!
Hasta med Hov, det var sjølve Keisar Augustus sitt Ordtak.
Gjerna byd eg meg til, naar so det er, eg kann gjera
gode Grannen ei Beina og hjelpa det vesle, eg skynar;
Ungdomen treng no serleg um aa ha' Studnad paa Vegen.
Difyre gjeng eg av Stad; eg skal vel faa Greida paa Gjenta,
frega hjaa Skyldfolket hennar, der ho er kjend og hev Tilhald,
Meg skal dei sleppa aa lura; eg veit aa verdleggja Ordi.«

Snøgt lagde Sonen seg burti og sagde, med' Tanken fekk Vengjer:
»Gjer so, De Granne, og gakk og høyr etter. Men no vil eg ynskja,
De, Herr Pastor, vil og slaa Fylgje med. For daa veit eg,
fullgode Vitne me hava i tvo so framtenkte Menner.
Aa, min Fader! Ho er ikkje, denne Gjenta, av deim, som
fara og flakka, rekande gardemillom, og freista
lokka med løynske Raader ein faafaren Unggut i Garni.
Nei, nei. Den styrlause Lagnaden, all denne Ufred, som tjonar
Verdi og grunnvelter mang ein byrg og trausteleg Bygnad,
er det, som ogso hev jagat Stakars Gjenta fraa Heimen.
Rek ikkje høgættad' Stormenner heimlause, naudkomne kringum?
Fyrstar flya forklædde, Kongar lyt landlyste liva.
So er og ho, det veit eg, den beste av Systerne sine,
jagad or Heimen; og haattlaus um Ulukka si berre vil ho
vera dei andre til Nyttes, utan Hjelp er ho hjelpsam.
Stor er Sorgi og Naudi, som breider seg ut yver Jordi;
kunde 'kje Heppa ogso gro fram or alt dette Uhapp,
kunde 'kje eg hjaa mi trufaste Festarmøy, Brudi mi eigi,
fegnast av Ufreden, lika som De fekk Fagnad av Branden!«

Mesta undren tok Faderen frami og svarade: »Son min,
meiner eg ikkje, at Tunga di losnad' med ein Gong i Munnen,
der ho i aarevis berre laag stille og traudom vart brukad!
No fær eg røyna til Gagns det, ein Fader ymist lyt tola:
Sonen sin hugsterke Vilje fær Studnad hjaa Mori dihelder
altfor myket, og kvar ein Granne giv Medhald, han ogso,
kann dei so sant faa setja Faren og Mannen til Sida.
Men eg vil 'kje til Unyttes standa imot dykker alle.
Anna det vert ikkje her en Taaror og Traaskap, det ser eg.
Gange og freiste og kom so med Dotteri hegat i Guds Namn;
lukkast det ikkje, so lyt han sjaa, at han Gjenta kann gløyma.«

Det var no Faderen. Gladhjartad ropade Sonen med Eldhug
»Enno i Kveld skal De faa den gode Dotter i Huset,
so som han ynskjer seg henne, Mannen med Vitsemd i Barmen.
Heppi vert ogso ho, den gode, det fær eg daa vona.
Ja, ho vil takka meg alltid, di at eg giv henne Far og
Moder aa nyo i Dykk, som skynsame Borni deim ynskja.
Men eg fær ikkje drygja; no spenner eg Hestarne fyre,
fer so med Venerne av mot Gjenta mi snøggast paa Stundi,
Mennerne læt eg raada seg sjølve, som best dei det vita,
deira Dom skal eg retta meg etter i ollo, det sver eg,
Gjenta ser eg daa ikkje att', fyrr en ho er mi eigi.«
Gjekk han so ut, imedan dei andre berre som snarast
samraadde seg og dryfte visleg den vigtuge Saki.

Hermann skundade seg aat Stallen, der Hestarne stodo
roleg og aato med Fysna den reine Havren og Høyet,
turt og godt som det var, paa beste Engvollen sleget.
Snøgt fekk han so leggja paa deim det blanke Beislet, og smette
Reimarne radleg og greidt igjenom dei sylvslegne Spenni,
gjorde so Taumarne fast, dei lange og framifraa breide.
Hestarne ut i Garden han leidde, der sjølvminte Drengen
alt sette Vogni til rettes, paa Aasen ho snudde seg lettvint.
Nøgje maatad' dei Selarne, batt so den tidige, spræke
Styrken i baae dei fotfime Hestarne fast inn aat Vogni.
Hermann tok Svipa i Handi og køyrde so fram fyre Porten.
Venerne sette seg upp i dei maklege Sessar, med same
rullad' so Vogni av Stad, og dei steinsette Gatorne kvorvo,
kvarv gjorde Bymuren og, vonom fyrr, og dei kvitkalkad' Torni.
Hermann høyrde no helder skjot mot den velkjende Vegen,
mote Bakken og undan, det var ikkje Tid til aa stogga.
Men daa han so fekk Auga paa Landsbykyrkja sin Tornspir,
og det ikkje var langt til Husi med Hagarne kringum,
tenkte han med seg sjølv, det var best halda Hestarne atter.

Framfyre Landsbyen laag ei vid og grasbundi Mark i
døkke Skuggar av høgvaksne Linder, som fram gjenom Tidi,
Hundrad av Aar, i denne Grunn hadde fest sine Røter.
Marki var som ein Leikvoll aat baade Byfolk og Bønder.
Fram under Treom var gravet ei Søkk med ein Brunn ned i Botnen.
Gjekk ein ned etter Troppi, saag ein Steinbenkjer kringum
Kjelda, der klaare Vatnet i eitt spratt fram; ho var kringbygd,
Kjelda, med laage Karmar, lagleg aa ausa upp utor.
Her vilde Hermann stadna i Skuggen med Øykjom og Vogni.
So han gjorde og sagde: » Vener, no kann de vera
snilde aa stiga ut og ganga aa sjaa um de finna
Gjenta, og um ho er verd den Handi, som eg hev aa bjoda.
Visst eg det trur, noko nytt kann de meg so sant ei fortelja;
rør' eg aaleine, so veit eg, eg gjekk berre beinast aat Byen,
og ho skulde, den gode, med faae Ord døma min Lagnad.
Snøgt vil de kanna henne framfyre alle dei andre;
for i Vokstren er snaudt nog ei, som kann liknast med henne.
No skal eg likavel nemna Klædnaden til ei Rettleiding:
Raude, snorsette Brjostduk rundast fagert um Barmen,
og det svarte Livstykket maatar stramt innaat Midja.
Halsskyrtekvardingi hev ho brett i fattige Bukkor,
drivande kvite dei linda seg ned ikring rundleitte Haka,
fritt og yndefullt lyfter seg Hovudet, finskapt og langleitt;
digre Flettor er mange Vendor kring Sylvnaaler vundne,
blaae, rukkutte Stakken rekk ned paa grannlagde Oklom,
som han sveiper seg kringum i mjuke Kast, naar ho gjenger.
Ein Ting vil eg dykk segja, og det vil eg bidja um serleg:
tale ikkje med Gjenta og letst ikkje gaa dykkar Ærend,
spyrr hjaa dei andre og frett og høyr, kva dei veit aa fortelja.
Naar de hava høyrt nog til aa hugga Fader og Moder
kome daa hegat til meg, so fær me samraa' oss sidan.
Soleids sveiv det meg no, daa me køyrde fram etter Vegen.«

Talad' han dette. Burt imot Landsbyen Venerne gingo,
Flokkar av Menneskje staakad' der att og fram millom Husom,
inn i Hagar og Lødor, burt etter Vegen stod Vogner.
Kararne stjornade rautande Kvi og Øyken fyr Kjerra,
Kvendi vaskad' og turkade Klædi paa Buskarne kringum,
Smaaborni leikad' seg med aa sutla og vassa i Bekken.
Fram millom alle dei Kjerror, fram millom Folki og Dyri
trengde no Venerne seg, spæjad! aat høgre og vinstre,
um dei skulde sjaa likt til Gjenta, dei hadde høyrt gjetet;
ingi av alle, dei saag, vilde svara til henne, den fagre.
Verre og verre vart Trengsla. Kom der so Strid upp imillom
Menner i kringum Vognerne, Kvendi lagde seg frami,
skreik og var rædde. Daa kom der ein Gubbe stigande vyrdleg
burt aat dei stridande; Staaket lagde seg daa med det same,
faderleg baud han deim no halda Fred og varad' med Aalvor.
»Hev ikkje,« ropad' han, »Ulukka enno bøygt oss so myket,
at me kann læra ein Gong aa tola ein Grand av kvarandre,
laga seg ein etter annan, um just ikkje alt er so loddbeint?
Jamt er den heppne so stridvoren! Kann ikkje Uheppa enno
læra dykk ikkje aa kivast den eine Bror med den andre?
Unne kvarandre eit Rom paa den framande Grunnen og deile
det, som de hev med einannan, so finna de Miskunn, de ogso.«

So han talad' den gamle, og alle tagde; med Tolsemd
tok so Mennerne til aa rettleida paa Kjerror og Fenad.
Presten, som vel hadde høyrt dei Ordi, som Gamlingen talad',
og gjevet Gaum paa det rolege Lag hjaa den framande Domar
gjekk so burtaat og helsad' paa honom med Vyrdnad og sagde:
»Sannlege, Fader, so lenge som Folket hev Goddagar berre,
liver av Jordi, som opnar seg vidt og breidt med Velsigning,
nyar seg kvart eit Aar med dei gode Gaavor, ein ynskjer,
daa gjeng alt av seg sjølv, og kvar er best fyre seg og
klokaste ogso; dei liva der Sida um Sida, og den, som
vitugste Mannen er, vert halden han som ein annan;
alt gjeng stillt sin jamne Gang av seg sjølv, kann ein segja.
Men kjem Naudi og øyder Livsens vanlege Vegar,
velter Huset og skamfer Kornet og Alda i Hagen,
jagar Kvinna og Mannen burt fraa dei heimlege Tufter,
driv deim i Villa ikring gjenom fælslege Dagar og Næter:
ja, daa ser ein seg um, kvar han er den klokaste Mannen,
Ordi, dei vituge, læt ikkje meir i Miss, naar han talar.
Seg meg, Fader, i Vissa er De ein Domar hjaa desse
avvekne Menner, som De so snøgt fekk tala til rettes?
Ja, eg tykkjer, De stend her i Dag som ein av dei eldste
Hovdingar; Folket De leider fram gjenom Øydnad og Villa.
Tenkjer eg meg, eg talar med Josva elder med Moses,«

Dertil svarade Domaren so med Aalvor i Augom:
»Sanneleg, Tidi vaar likjest dei største Tider, som Soga,
baade den heilage Soga og Heimssoga helst, veit aa nemna.
Den, som hev livt igaar og idag i Dagar som desse,
han heve alt livt Aar; for Hende paa Hende seg hopar.
Tenkjer eg litlo attende, so tykkjest ei aarelang Æva
liggja paa Okslom mine, men sterk eg kjenner meg enno.
Aa, me tora, me ogso, likna oss saman med hine,
dei, som i tyngste Stundi fekk skoda i brennande Bysket
Herren, vaar Gud; han hev synt seg fyr oss og i Eld og i Skyom.«

Gjerna vilde no Presten faa tala meir med den gamle,
bad aa faa høyra um Lagnaden hans og um Folket hans ogso.
Dessimillom kviskrade Felagen Presten i Øyra:
»tal no med Domaren De og styr Røda med kvart burt paa Gjenta,
so vil eg ganga kringum paa Leiting, og snøgt som eg berre
finn henne, kjem eg attende.« Til dette nikkade Presten,
Spæjaren gjekk so av Stad og saag frammed Buskar og Hagar.