Hopp til innhold

Hermann og Dorothea/04

Fra Wikikilden

Euterpe.

Moder og Son.

Soleides samrødde Mennerne seg imillom. Men Mori
gjekk imedan og saag etter Son sin, fyrst der han jamt var
van aa hava sin Sess paa Steinbenken framfyre Huset.
Nei, han var ikkje der, og leitande gjekk ho daa inn i
Stallen og saag, um han stellte dei glupe Hestarne sine,
kjøpt deim som Folar han hadde og leit deim ikkje til nokon.
Drengen kunde fortelja: han var i Hagarne gjengen.
Gjekk ho daa helder snøgt gjenom baae dei langslutte Tuni,
framum Fjoset og framum den trauste, timbrade Løda,
kom so i Hagen inn, som alt fram aat Bymuren naadde,
stigande paa ho laut yver kvar ein Vokster seg fegna,
sette Stavar til Rettes, som Apalen studde dei tunge
Greinerne paa, og likeins det lavande Pæretre ogso,
tok nokre Makkar burt fraa det fræge, sprikjande Kaalet,
for ho fer ikkje ærendslaus fram den idsame Kona.
No var ho komi heile den lange Hagen til Endes,

alt aat Bergfletteskaalen: men fekk ikkje Auga paa Son sin,
saag ikkje likt til honom i Hagen nokonstad helder.
Men paa Glytt stod Ledet, som ut fraa Lauvskaalen førde
gjenom Bymuren, der den gamle Ættfaren deira,
Borgmeister ein Gong i Tidi, fekk stemma det inn som ein Sér-Rett.
Lett gjekk ho yver det turre Diket og kom so i Vegen,
inngjerde Vinhagen lyfte seg derifraa uppetter bratt i
Høgdi med Hallet mot Soli. Der gjekk ho vidare upp og
fegnad' seg, alt med' ho steig, yver all den Velsigning og Mengd av
Druvor, som Lauvet no ikkje Naame nær kunde løyna.
Midt i var Gangen høg, men dimm og døkk under Lauvet,
der var Troppestig lagde av uhoggne Steinar og Hellor.
Herlege »Muskateller« og »Edel« nedimot hingo,
raudblaae Druvor i millom av utifraa sjeldfengen Storleik,
alle stelte med Umsut, dei skulde Matbordet pryda.
Heile Vinbrekka elles stod berre einstaka Buskor,
tunge av smærre Druvor, som giv det kostlege Vinet.
Stigande uppetter gled' ho seg no alt i Tanken til Hausten
og til den store Festdag, daa heile Grendi med Gaman
Druvorne sankar og trøder og fyller Safti paa Fati,
Brisingar kveikjest um Kvelden kring alle Haugar og Hamrar,
Gledeskot smella og ljoma til Æra fyr signade Hausten.
Likavel byrjad' ho ottast no, daa ho ropad' paa Son sin
tvo, tri Vendor, men berre fekk Dvergmaalet mangfelt tilbake,
hit ifraa Bytorni kom det, og vel og lenge dei svarad'.
Urøynt var det fyr henne aa ganga leitande etter
Sonen; han gjekk daa aldri so langt fraa Heimen, naar ikkje

fyrst han hadde sagt fraa, so Mori, den kjære, var urædd.
Vona vilde ho enno aa finna honom ein Staden;
Grindarne, baade den nedre og øvre i Vinhagen, stodo
opne dei ogso. Og no var ho komi alt ut aat Marki,
ut yver Bakkebruni vide Vollarne laago.
Endaa gjekk ho berre paa Heimegrunnen og saag seg
glad paa sitt eiget Saad og det svagande, mergfulle Kornet,
vidt yver alle Vollar vaggad' gulnande Aakrar.
Millom Aakrarne steig ho, frametter Beina, paa Stigen,
hadde fyr Augom Pæretreet, det store, paa Haugen,
der det var Byte og Markeskil Gardarne millom. Og kven, som
hadde plantat det Treet var det ingen, som visste.
Berrsynt stod det, og Alda var namngjeti vida i Kring um.
Der var Onnefolket vant aa eta til Middags,
Gjætaren fegnad' seg ogso der i Skuggen den svale.
Benkjer var der av Torv og av lange, uhogne Steinar.
Og ho tok 'kje i Miss, der sat hennar Hermann og kvilde,
hallad' seg fram paa Armen og tyktest skoda mot Fjellet
burt yver Bygdi; han sat med Ryggen vend imot Mori.
Varleg ho stillte seg dit og tok honom lint burt paa Oksli.
Snøgt han snudde seg kring; daa saag ho, at Augo var vaate.

  »Moder,« sa han forstøkt, »De kjem so braadleg!« Og skundsamt
turkad' han Taarorne burt, den gode, hugvarme Ungdom.
»Kva er daa dette? Eg meiner du græt?« sa' Mori med Undring,
»dette var nytt aa sjaa! Det hev eg daa visst ikkje røynt fyrr!
Seg, kva som tyngjer paa Hjarta? Kvi vil du einsaman sitja

her under Pæretreet? og kvi hev du Taaror i Augo?«
  Og han mannad' seg upp den gjæve Guten og sagde:
»Visst kann daa han ikkje hava Hjarta i Steinbringa si, som
ikkje kann vaarkunna desse jagade, naudsette Stak'rar;
Vit i Hovudet hev ikkje han, som i Dagar som desse
gløymer si eigi Torv og Fedralandet sin Bate.
Det, som i Dag eg hev høyrt og seet, det gjekk meg til Hjarta;
og no gjekk eg meg hegat her og saag denne Bygdi,
fager ho ligg framfyr oss med fruktrike Vollar i Kring um,
saag dei glimande Aksi, som sviga og venta paa Skurden,
og den ovrike Alda, som lovar oss Klevarne fulle.
Aa! men kor nær er ei Uvenen! Enno ei Stund kann vel sagta
Rhinelvi berga oss; men kva er baade Bylgjor og Berg i-
mot hitt skræm'lege Folket, som ruser fram som eit Illvér!
Unge og gamle stemna dei saman fraa alle dei Landsens
Byar og Bygder og rynja ofseleg fram, di at Mengdi
ræddest ikkje fyr Dauden; og nye Hopar kjem etter.
Likavel vaagar ein Tyskar aa sitja heime i Huset?
Vonar kann henda aa sleppa fraa Rædsla, som trugar oss alle?
Kjære mi Moder, eg segjer, i Dag hev det tregat meg myket,
at dei nyst tok meg undan, daa Manntalslista vart skrivi.
Sant nog er det, at eg er einaste Son, og at Bruket
vaart er vigtugt og Garden stor; men var det ei betre
vera framme og stagga Stormen ved Landskilet en aa
verta verande her og venta paa Naud og paa Trældom?
Jau, so er det meg sagt av Anden, og inst inn i Barmen
kjenner eg Mod og Fysna fyr Fedralandet aa liva

og aa døy og aa vera eit verdugt Døme fyr andre.
Sannlege, vøre den tyske Ungdomsstyrken i saman,
einhugad til aa halda dei framande burte fraa Landet,
ikkje dei skulde faa stiga paa desse dyrlege Tufter,
ikkje fyr Augom vaare Landsens Grøde faa øyda,
ikkje faa trælka Mennerne, rana Konor og Gjentor!
Moder, sjaa, eg hev sett meg fyre i djupaste Hjarta
snøgt paa Stundi aa gjera so, som vitugt og rett er;
den, som stussar for lenge, vel ikkje alltid det beste.
Sjaa, eg gjeng ikkje heimatter! Herifraa fer eg no beinast
inn i Byen og giv til Herfolket denne her Armen,
giv dette Hjarta mitt med fyr Fedralandet aa tena.
Lat so Fader faa vita, um Ærekjensla eg hyser
ogso i Barmen, og um eg ikkje vil høgare stiga.«

  Svarade so den gode og djuptenkte Mori med Aathug,
stillt rann Taarorne daa, dei kom henne lett fram i Augo:
»Son min, kva er det, som gjer, at du all igjenom er umsnudd,
sidan du ikkje til Moder di fritt og opet kann tala,
liksom igaar og alltid, og segja, kva Hugen din løyner?
Høyrde deg Tridjemann tala, so vilde han — det er eg viss um
lova deg høgt og prisa di Avgjerd som gjæv og som stortenkt,
villt av dei hugvarme Ord og di mangrøynde, djuptenkte Tala.
Lasta deg lyt eg; for sjaa, eg kjenner deg betre: du løyner
Hjarta ditt berre og hyser andre Tankar i Hugen.
Visst eg veit, deg lokkar daa korkje Horn elder Trumba,
ei hev du Traa til aa syna deg fram i Mundur fyre Gjentom.

Gjæv og gild som du er, so er no Huset aa stjorna
din Fyresetnad og so aa halda Hand yver Garden.
Difyre, seg meg no greidt: kva driv deg til Raadgjerd som denne?«

  Aalvorsam svarade Sonen: »Moder, De mistek Dykk. Ein dag
er 'kje den hin Dagen lik. Av Ungdomen fram vekser Mannen;
ofta mognast han betre til Manns Gjerd i Stilla en uti
Livsens Villa og Staak, som so mangein Ungdom hev øydt. Og
endaa so still som eg er og var, so hev daa i Barmen
lagat seg til eit Hjarta, som hatar Uskil og Urett,
Skilgreida hev eg og myket godt Skyn paa dei verdslege Saker,
Arbeid hev ogso gjort Foten og Armen duglege sterke.
Alt er røynlege sant; det segjer eg hugheilt og urædd.
Likavel lastar De meg med retto, mi Moder, De hev meg
fangat i halvsanne Ord og i halve Tilgjerdsla ogso.
For, lat meg segja det no, det er 'kje den trugande nære
Faaren, som ropar meg ut or Farshuset, ikkje den høge
Tanken aa tena mitt Land og aa slaa vaare Valdsmenn med Otte.
Ord berre var det, eg talad'; Ord, som fyr Dykk skulde løyna
Kjenslorne mine, som slit og riv meg mitt Hjarta i sunder.
Difyre, Mor, lat meg vera! For sidan eg faafengde Ynskje
hyser i Barmen, so fær og Livet mitt fara i Faafengd.
Hardla vel eg det veit: den eine, som ofrar seg, berre
skader seg sjølv, naar ikkje alle er med og er samde.«

  »Haldt berre fram,« sagde daa den vituge Moder, »fortel meg
alt baade smaatt og stort; for so er Mennerne lagad,

braadlynde er dei, og alltid tenkja dei berre det ytste,
møter eit Meinhøve, driv det dei braadlynde lett ut or Vegen;
Kvinna, sjaa, ho er hag til aa tenkja ut Raader, ho gjeng og
Umvegen, alt um han fører til Maalet, som ho hev sett seg.
Seg meg no difyre alt, kvi er du so uppøst og hugsaar,
so som eg aldri hev seet deg, Blodet frøser i Aadrom,
Taarorne kjem fram i Auga ditt, anten du vil elder ikkje. «

  Daa let han Sorgi raada, den gode Ungdom, og storgret,
gret attved Mori sin Barm, og Hugen vart mjuk og han sagde:
»Sanneleg, Far sine Ord i Dag so djupt hev meg saarat,
Ord, som eg aldri fortente, nei aldri, det fær eg daa segja;
for aa æra Foreldri var tidleg det beste, eg visste,
ingen, tykte eg, var so snilde og kloke, dei gav meg
Livet og varnad' med Umsut Barndomstidi den gløymde.
Sagta heve eg myket tolt av Leikbrødrom mine,
naar eg til Løn fyr min gode Vilje berre fekk Spitord;
ofta let eg det fara, endaa dei kastad' og slo meg.
Men, var det so, at dei spottade Fader, naar han ut or Kjyrkja
Sundagen høgtidsfullt kom, og gangande Stig fyre Stig, eld'
lo dei aat Bandet paa Huva, aat Slaaprokken, gamall og prydleg,
den, som han gjekk med so byrg, og som fyrst i Dag me hev gje't burt:
daa vart Neven ihopknytt; med ofselegt Sinne og Villska
foor eg innpaa deim og slo, kor det best kunde falla, i Blinda
utan aa sjaa, kor det raamad'; dei hylte med blodgade Nasar,
kom seg so undan med Naud fraa Hoggi og Slagi, som haglad'.
Vaks eg daa fram og laut tola mangt og myket av Fader,

ofta og tidt var det eg, som vart Syndebukk, naar han i Raadet
hadde havt eitkvart aa arga seg yver i Møtet, han kom fraa;
eg laut bøta fyr Motburd og Meinkrokar, Raadsbrøder lagde.
Sjølv hev De ofta tykt Synd i meg; for myket eg tolde,
tenkjande alltid paa Foreldri aa æra i Hjarta,
dei, som jamt hev i Tankar aa tryggja og byggja fyr oss og
halda seg undan fraa mange Ting til aa spara aat Bornom.
Aa, men Sparingi berre med Tanken paa sidan aa njota
skapar 'kje Sæla, det vert ikkje Sæla um Hop attaat Hopar,
Bø attmed Bø vert lagd, so fagert det endaa seg fogar.
Faren vert gamall, og Sønerne eldest dei ogso med honom,
saknande Gleda i Dag hava dei Sut fyr i Morgon.
Seg meg, og skoda i Kring um, kor lunnelegt ligg desse fagre,
rike Vollarne ned imot Vinbrekka, Hagarne sidan,
Lødorne, Stallar og Fjos, ei ovgild Rekkja av Eigner;
ser eg so heim imot Huset, og uppimot Mønet det vesle
Glaset i Vindauga, der mi Stova er upp aa Loftet;
tenkjer eg Tidi attende, kor mang ei Natt eg deruppe
Maanen ventade paa, og kor mang ein Morgon paa Soli,
fullsøvd snøgt som eg var etter helsuge, rolege Svevnen:
aa, kor einsamt det vert, baade Stova og Garden og Hagen,
heile den ovgilde Marki, som tøygjer seg upp yver Bruni;
alt er audt og tomt fyre meg: eg saknar ein Make.«

  Svarade so til dette den snilde Moderi skynsamt:
»Son, ikkje ynskjer du varmare Brudi aa føra i Stova,
dermed Natti deg vert den fagre Helvti av Livet,

Dagsens Yrkje og Arbeid fritt og meire ditt eiget,
en baade Far og Mor det ynskjer. Og hev me daa ikkje
bedet deg tidt, ja manat deg mest til aa velja ei Gjenta.
Visst eg veit likavel, og Hjarta mitt segjer det ogso:
kjem ikkje Stundi, den rette, og kjem ikkje ho, rette Gjenta,
just, naar Stundi er komi, so vert det berre med Veljing,
helst er det so, ein vert rædd, at ein kjem til aa velja den range.
Skal eg no segja deg, Son min, kva eg trur, so hev du i Røgndi
valt; ditt Hjarta er raamat og meire hugsaart en vanleg.
Seg det daa likso godt sjølv, for Saali mi segjer det greinleg:
ho, som du heve valt, er den framande Gjenta der ute.«

  »Kjære Mor mi, De segjer det,« svarade Sonen daa hugheilt,
»Ja, det er sant, det er ho, og kann eg i Dag ikkje leida
henne som Brud inn i Huset, so reiser ho av og vert burte
alltid fyr meg, er eg rædd, i all denne Soll og Fortjoning.
Moder, til inkjes fyr meg ligg daa vaare aukande Eigner
framfyre Augom; til inkjes fyr alltid Voner um Velstand.
Ja, det heimlege Huset og Hagen, aa! motburdsamt vert det;
sjølve Moder sin Kjærleik kann ikkje Stakaren hugga.
Grant eg det kjenner, og so det er, at Elskhugen løyser
alle Band, naar han bind sitt eiget; og ikkje aaleine
Gjenta gjeng ut fraa Foreldri og fylgjer Mannen, ho valde,
Ungguten kjenner ei helder meir til Fader og Moder
daa, naar han Gjenta si ser, den eine han huglagde, fara.
Difyr, Mor, lat meg ganga burt, dit som Orvoni driv meg.
Far min hev sleget fast dei hardbeitte Ordi, og Huset

hans er 'kje lengre mitt, naar Gjenta han so stengjer ute,
henne, eg traar aa faa leida i Huset, og einaste henne.«

  Svarade so med Fimleik snilde, skynsame Mori:
»Mot einannan som Fjell skal alltid Mennerne standa!
Strak og urikkande ingen skal ganga den andre til Møtes,
ingen med Tunga si mæla det fyrste, venlege Ordet.
Difyre segjer eg, Son min, at endaa eig eg den Voni,
Far vil trulova deg med henne, fyrst ho er godlynd og snild, um
fatig ho er, so hardt han endaa sa' Stakaren fraa seg.
Mangt kann han truga med paa sin braadlynde Maate, som ikkje
vert til Aalvora; so gjer han dette umatter ogso.
Men eit fagnande Ord vil han krevja, og det hev han Rett til,
for han er Far. Og so veit me godt, det er helst etter Middag
strengt han talar og mæler imot det, andre kann meina,
og det sæter so litet; Vinet gjer honom heit og
øser hans Braadlynde meir, so han ikkje gaar alt det gode,
andre segja, men berre vyrder seg sjølv aa faa høyra.
Smaatt um Senn kjem Kvelden, og mangt og myket er talat,
mange Rødor er millom honom og Venerne skifte.
Blidare er han no visst, det veit eg, naar Sveimen er yver,
og naar han kjenner, han hev gjort dei andre myket godt Uskil.
Kom! lat oss vaaga det strakst; det snaape Tiltak er likast,
Venerne hava meg ogso Bruk fyr, som sitja i saman
hjaa honom; serlege vil vel den vyrdlege Presten oss hjelpa.«



  Soleides sagde ho hagt og drog fraa Sessen paa Steinen
Son sin med di ho reis, han fylgde viljugt. Det store
Maalemnet tenkte dei paa og tagalle kom dei so nedatt.