Hopp til innhold

Hermann og Dorothea/03

Fra Wikikilden

Thalia.

Borgararne.

So gjekk den grannvare Sonen undan den ublide Tala;
medan heldt Faderen fram paa same uppøste Visi:
»Det, som ikkje er inne i Menneskja, kjem ikkje helder
ut or henne, og ei fær eg sjaa det, av Hjarta eg ynkste:
Sonen skulde ei verta som Faderen berre, men betre.
For, kva var vel eit Hus, kva vøre Byen, naar ikkje
alle traadde med Hugnad etter aa fjelga og skipa,
fremda og nya og, som Tidi og Utlandet lærer!
Mannen skal daa ei just renna upp som Soppen paa Marki,
rotna som Soppen fort paa Staden, der han er vaksen,
utan at Faret det tér etter det, han hev verkat i Livet!
Ser ein daa grant paa Huset, kva Mann han er, han, som eig det.
liksom ein dømer um Styret, so snart ein ser berre Byen.
Der, som Murar og Torn er til Nedfalls, der Lorten fær liggja
kringum i alle Gator og stappast saman i Greftom,
der, som Steinen riser aa Ende og ikkje vert sett att,

der, som Bjelken rotnar, og Huset til Faafengs fær venta
Vøling, som det treng um: den Byen er vanstyrd i Vissa.
Vil ikkje dei, som standa i Brodden, skipa og fjelga,
venjast dei andre helder lett til Leting og Slurving,
liksom Tiggaren ven seg aa ganga i fillutte Klæde.
Difyre heve eg ynskt, at Hermann snart skulde fara
ut og sjaa seg i Kring, i minsto Strassborg og Frankfurt
og den hugsame Mannheim, som er so greidbygd og finsleg.
Den, som hev seet dei store og velstellte Byar, vil stræva
Fedranne-Byen aa pryda, fyrst endaa han berre er liten.
Lovar ei Framandkaren hjaa oss dei nyvølte Portar,
Tornet, som nyst er kvitat, den fagert umbygde Kyrkja?
Lova 'kje alle dei steinsette Gator? den vidgreinad' bygde,
fullstrøymde Vatsleiding, som til Gagn og til Trygd skal oss vera,
di at Elden kann verta kjøvd og sløkt i sitt Upphav?
Er ikkje alt komet til etter Branden, som aldri me gløyma?
Seks Gonger hev eg i Bystyret voret, i Vegnemndi veit De,
hjarteleg Takk eg fekk og Lovord av velvyrde Menner,
det, eg bar fram, fekk eg til og arbeidde jamnaste trottugt
med aa faa fullført det, som av andre Godtfolk var byrjat.
So fekk dei andre i Bystyret same Haatten dei ogso.
No tek dei alle i, og den nye Vegen, som skulde
føra fraa Byen og ned i Storvegen, no skal han byggjast.
Men eg ottast berre, so vil ikkje Ungdomen té seg!
Sume tenkja berre paa Gaman og faafengde Stasen;
andre vil helst sitja heime og koka i Omnskraai stendigt.
Og eg er rædd, at slik ein Kar vert han verande, Hermann.«



  Dertil svarade snøgt den gode, vituge Moder:
» Alltid er du so rang og hardsett, Fader, mot Guten!
So vil du allraminst faa fram det gode, du ynskjer.
Borni kann me 'kje plænt faa dana etter vaart Tykkje;
so som me fekk deim av Gud, so lyt me deim hava og elska,
seda deim vel paa den beste Maaten, som høver dei ymse.
For den eine hev ei, den andre kann hava ei onnor
Gaava, henne skal kvar faa nytta, og sæl er no berre
kvar paa si eigi Vis. Dei faa ikkje skjella min Hermann;
vel er han verd den Eigni, han ein Gong erver, det veit eg,
ovgild Husbonde vert han, ja, Mynster fyr Borgar og Bonde,
allvisst kjem han 'kje nedst i Byraadet, det ser eg grant. Men
Modet i Barmen paa Guten du kjøver med Lastord og Skjelling
dagstødt paa same Maaten som ogso i Dag du hev gjort det.«
Gjekk ho daa ut or Stova og skundade seg etter Son sin,
gjerna vilde ho finna Guten og atter faa fegna
honom med venleg Tala, og det var han verd og i Vissa.

  Læjande sette so Faderen i, daa vel ho var ute:
»Kvende og Smaaborn er daa med Sanning det løgnaste Folket!
Kvar vil berre etter sitt eiget Tykkje faa liva,
heretter skulde ein berre rosa og klappa og gjøla.
Alltid vert det no lika sant dei gamle sitt Ordtak:
den, som ikkje gjeng fram, han gjeng attende. D'er stødt, det.«

  Apotekeren tok daa Ordet og sa', helder tenksamt:
»Det meiner ogso eg, god' Granne, eg skodar og alltid

sjølv etter det, som er nytt og betre, fyrst ikkje d'er dyrt, daa;
men, hva gagnar det visst, naar ein ikkje hev Nøgdi av Pengar,
vera onnug og bala med Umbot baad' inne og ute?
Altfor stutt kann ein Borgare rekka; han naar ei det gilde,
endaa han gaar det. For Pengarne vert for smaae, og altfor
stor er Torvi; og soleides vert han jamnaste meinkad.
Myket hadde eg gjort; men ja mi Sann vert ein skræmd av
det, som det kostar aa brigda, og serleg i Tider som desse!
Longo smilade Huset imot meg i nymodens Klædnad,
longo glitrade store Glas i Vindaugo alle;
likavel, kven kann kappast med Kjøpmannen? Nøydi av Pengar
hev han og veit, kvar han fær det beste paa billigste Maaten.
Sjaa berre dit burt paa Huset, det nye, kor gildt alt det kvite
Krotverket tek seg ut paa den fine, grønmaalad' Grunnen!
Store Spegl-Glas i Vindaugo; Rutorne glitra og glima
so, at dei andre Husi paa Torget standa i Skuggen!
Endaa var Husi vaare dei gildaste her etter Branden.
Apoteket mitt »Engelen« liksom »den gullgyllte Løva«.
Likeins var Lyst-hagen min so vidspurd i Kring um, at kvar ein
Ferdamann stadnad' og skodad' gjenom den raudlitad' Grind paa
Biddararne av Stein og dei løgne, maalade Dvergar.
Dei, som eg daa kunde fegna med Kaffe i Steinstova, ho som
no i Vissa er dumbutt og avgløymd og myket til Nedfalls,
dei kunde gledja seg stort, naar dei saag den skiftande Bragd i
blenkjande Skjeljar i prydlege Rader; endaatil Lærde
saag med undrande Augo dei sjeldfengde Steinar og Sjotre.
Sameleis lovade alle Maalarstykki i Salen,

der dei uppstasad' Herrar og Damor i Lystlunden ganga,
plukkande Blomar og takande mot med Ydden av Fingrom.
Kven vil skoda paa sovoret no! Eg gjeng ikkje større
ut ein Gong, so tregelegt er det; all Ting skal vera
arleis og smakfullt, dei kalla, kvitmaalat Grinder og Benkjer,
alt berre slett og beint; korkje Kroting elder Forgylling
er no havande meir, og dei framande Treslag er dyrast.
Ja, eg sku' gjerna og vera fegen og faa i det nye,
fylgja med Tidi og gjera Brigde i Huset i eino;
men, ein lyt helst vera rædd aa røyva berre det minste.
Kven kann orka no aa Arbeidsfolki betala?
Nylege hadde eg Hug til aa gylla Engelen uppatt,
Engelen Mikjal, som stend paa Apoteket til Merke,
og den fælande Draken, som vind seg ved Fotom; men alt fekk
vera so brunt som det er; for Kostnaden skræmde meg fraa det.«