Hermann og Dorothea/02
Utseende
Terpsichore.
Hermann.
Daa no den fridleitte, velvaksne Son steig innar i Stova
skodade Presten helder kvvast paa honom, gav Gaum paa
Guten sin Skapnad, Andlitet hans og heile hans Aatferd,
saag med Auga, som granskar gløggt dei linnaste Dragi;
smilade so til honom og sagde med hjarteligt Ordlag:
»Kjem De daa heim som eit umskapat Menne! Eg hev' ikkje endaa
nokosinn seet Dykk so fegen og Augo dykkar so bjarte.
Glad og kvik kjem De heimatt; ein ser, at De hev deilt Gaavor
ut millom fatige Folk og fenget Velsigningi deira.«

Rolege svarade Hermann aat dette med Aalvor i Ordom:
»Var no mi Aatferd aa rosa? eg veit ikkje; men i mitt Hjarta
vart det meg sagt, eg laut gjera so, som eg no skal fortelja.
Moder, De putlad so lenge med aa leita og velja
gamle Ploggi; og seint vart det daa, fyrr Knytet var ferdigt.
Vinet og Ølet vart og so vyrkt og so varlege nedlagt
Daa eg umsider var ute or Byen og kom ut paa Vegen
strøymde Mengdi av Menner og Kvende med Smaabornom heimatt
mot meg; for flyande Ferdi var alt eit godt Stykke undan.
Fljotare sette eg til og foor helder skundsamt aat Landsbyen,
der dei, so hev eg høyrt, i Natt skal kvila til Morgons.
Medan eg so køyrde fram etter nye Storvegen, vart eg
var ei langbygd Vogn, av digre Stokkar ihopsett,
tvibeitt med utlendske Uksar av største og sterkaste Slaget;
attved gjekk det ei Gjenta med støde Stig, og ho styrde
baae dei drustlege Dyri med lange Staven i Handi,
dreiv deim fram og heldt deim attende, ho styrde med Varsemd.
Daa no Gjenta fekk sjaa meg, trod ho Hestarne nærre
roleg og sagde til meg: »Det var ikkje alltid so laakt og
vesalt skikkat med oss, som no her paa Vegen De ser oss:
Ei er eg vant til aa bidja framande Godtfolk um Gaavor,
tidom dei gjev avdi dei vil helst verta kvitt den, som tiggar.
Men det er Naudi, som gjer, eg lyt tala. Her ligg innpaa Halmen
Kona med nyfødde Barn, den rike Jordeigar-Frua,
som eg fekk berga i sidste Liten med Vogn og med Uksar.
Seint kjem me etter; det var so vidt ho kom fraa det med Livet.
Nyfødde Barnet det ligg der naket i Armarne hennar,
litet det er, som vaart eiget Folk no kann vinna aa hjelpa,
fyrst me endaa kann naa deim i næraste Landsbyen, der me
tenkjest aa stadna; men ottast eg maa, at dei alt ero framum.
Kunde De ha' eitkvart Linan, bert noko gamalt og faanøytt,
um De er her ifraa Grendi, so giv det snildt til den arme.

Soleides sa' ho, og Kona lyfte seg litt upp aa Halmen,
skodade bleik burtaat meg; eg svarade daa: Ja, med Sanning
talar det tidom ein himmelsk Ande til deim, som er snilde,
so at dei kjenna Naudi, den arme Broder skal røyna;
dette gav Moder meg med, ho kjende det fyreaat paa seg,
at ho skulde faa klæda den nakne, turvande Naudi.
Og eg løyste upp Bandet um Knytet, og gav henne Far sin
Slaaprokk, og gav henne Skyrtor og det, som eg hadde av Linan
Og ho takkad' med Fagnad og sa: Den Velfarne trur ei,
Under ein enno kann sjaa, for berre i Naudi ein røyner
Gud si Hand, som leider godt Folk aa gjera det gode.
Det, han ved Dykk gjer mot oss, gjere han mot Dykker sjølve.
Heppi ho var den sjuke, daa ho fekk taka paa Ploggi,
serlege daa ho fekk kjenna den mjuke Slaaprokk-Flonellen.
Sa' so til henne Gjenta: Skunda oss vil me aat Byen,
Folket vaart stadnar der og kviler i Natt til i Morgon,
der skal eg snøgt faa istand alt Barnety, som me lyt hava.
Og so helsade ho og takkad' med Tunga og Hjarta,
yppade Uksarne; gjekk so Vogni. Men eg vart endaa
standande stille med Hestom; for tvihugad var eg i Hjarta,
anten eg no skulde fara som fortast aat Landsbyen sjølv og
freista og skifta Maten og Drykken ut millom Folki,
elder gi' Gjenta det med, at ho kunde deila det skynsamt.
Snøgt eg tok mi Raad i mitt Hjarta, og køyrde so lagom
etter henne, og naadde 'ne snart, og talade soleis:
Gode Gjenta, ikkje gav Moder meg einaste Linan
med paa Vogni, at den, som naken var, kunde klædast,
men eg fekk attaat det baade Mat og ymseslag Drikkan,
so eg hev Nøgdi av Føring i Romet her uppi Vogni.
No hev eg Hug likavel aa leggja i Henderne dine
dette med, so endest mi Ærend paa rettaste Maaten;
du vil skifta med Skyn, eg laut fulla giva i Blinda.
Gjenta svarada so: Ja, raaka dei naudkomne trur og
vonar eg visst, og fegnast dei skal yver Gaavorne Dykkar.
Talad' ho soleides. Snøgt eg opnade Romet i Vogni,
fram kom Skinkorne daa, dei store, og Braudet, og Flaskor
baade med Vin og med Øl, eg gav henne alt det, eg hadde.
Gjera hadde eg meir henne gjevet; men tømde var Romi.
Alt ho jamnade til ned med Fotom hjaa Barnsengjarkona,
foor so vidare fram, eg køyrde tilbake til Byen.«

Daa no Herman heldt upp, tok snakksame Grannen vaar frami
snøgt og ropad': »Aa, heppen er han, som i Tider som desse
liver aaleine i Huset, med' alt er Flugt og Forfjatling,
han, som ikkje hev Kona og rædde Smadborni kring seg.
Heppen kjenner eg meg; og ikkje fyr alt det, som til er,
vilde eg no nemnast Far og syta fyr Kona og Smaaborn.
Longo kom eg i Hug denne Flugti og pakkad' dei beste
Eignaluter i Hop, dei gamle Gullstykki etter
Mor mi, Gud have Saali! Inkje det minste er burtselt.
Endaa laut fulla mangt liggja att, som ein ikkje so lett fær
kjøpa. Ja, Bøter og Urter, sankad' med ovmyki Møda,
vilde eg traudom missa, um ikkje dei kosta so myket.
Vert berre Fullmegti atter, so fer eg sutelaus heiman.
Alt er bergat daa, naar Midlen er bergad og Kroppen.
Ingen kann flya so lett som einstaka Mannen aaleine.«

»Granne«, svarede so den unge Hermann med Aalvor:
»Ikkje paa nokor Vis kann eg tenkja som De, men maa lasta
Tala. Er det ein Fagna-Mann, han, som i Sut og i Medgang
tenkjer paa berre seg sjølv, og ikkje hev Skyn til aa skifta,
ikkje hev hjarteleg Hug til aa deila Sorgi og Gleda?
Just no i Dag kunde eg meir en fyrr vilja tenkja paa Gifting;
mang ei fagnande Gjenta treng nettupp til Mannen si Verja,
Mannen til kveikjande Kvinna, naar Ulukka stend attmed Dyrri.«

Smilande sagde daa Faren: »Ja, soleides lyder eg gjerna
paa deg! Eit so fjerre vitugt Ord hev du fyrr ikkje talat.

Gløgg tok den gode Moderi frami og sagde: »Med Sanning
Son min, heve du Rett; Foreldri gaavo deg Dømet.
Ikkje ha' me kvarandre korat i leikande Dagar,
tungsam var helder Stundi, som gjorde, at me komo saman.
Maandags Morgon, eg minnest det grant, for Sundagen var det
Stor-Branden rasad', som mest lagde heile Byen i Oska —
tjuge Aar er det no sidan; ein Sundag det var som i Dag, og
heit og turt, so det var mest inkje Vatn aa finna.
Alle Folk vaaro ute paa Landet kringum og svivo
helgarklædde, paa ymse Stader i Mylnor og Vinhus.
Elden kom upp ved Enden av Byen; frametter foor han
fælande fort og nørd av sitt eiget sjodande Vindsòg.
Aarsens Grøda ho brann daa upp i Lødorne fulle.
Gatorne brunno alt aat Torget, og Huset hans Far min,
her attmed dette, det brann, og dette her Huset brann ogso.
Litet me bergad'. Heile den grysjande Natti daa sat eg
utan til Byen paa Marki og vaktad' paa Kistor og Sengjer.
Svevnen tok meg umsider, og daa eg den tidlege Morgon
vektest av Kjølen og Snoa, som kjem fyre Solrenning ofta,
saag eg Røyken og Gloden, Skorsteinar, Murarne hole.
Daa vart eg klembd um Hjarta; men Soli rann straalande fager,
fager som aldri fyrr, og fløymde meg Mod inn i Saali.
Reis eg daa snøggaste upp. Det drog meg, Tufti aa sjaa, der
Huset vaart hadde stadet, aa sjaa um Hønsi var bergad,
som eg heldt so utav, for Hugen var endaa so barnsleg.
Best som eg daa steig fram yver brende Bjelkar og glodheit,
rjukande Myrja, og saag, kva som endaa var atter av Huset,
kom du upp fraa den motsette Sida og leitad' paa Tufti.
Hesten din, han hadde brunnet; men Oska og kolbrende Bjelkar
laago i Stallen, og ikkje det Grand var aa sjaa utav Dyret.
So me stod framfyre kvarandre, tenksam' og sturne,
ned hadde ramlat den Veggen, som fyrr hadde skilt desse Husi.
Og so tok du meg traust i Handi og sagde: men, Lisa,
korleis kjem du daa hit? Gakk fraa! Annars fatar vel Skorne,
Oska er heit, ho svider igjenom Styvlarne mine.
Og du lyfte meg upp, og bar meg burtetter Tunet.
Atter stod berre Porten med Kvelven sin, som han stender
enno i Dag; han var einsaman atter av ollom.
Og du sette meg ned og kyste meg, eg stridde mot det.
Men du talade so i venlege djuptenkte Ordlag:
Huset ligg nedre. Vert verande her og hjelp meg aa byggja
uppatter, so fær eg hjelpa Fader din att i Staden.
Ikkje eg skynade deg, til dess at du Moder di sende
burt til Far min, og snart var det glade Festarmaal skipat.
Enno i Dag eg minnest heppi dei halvbrende Bjelkar,
tykkjest enno sjaa Soli renna forvitneleg fager;
Dagen gav meg daa Husbonden min, og den fyrste Tid i
villaste Øyda ho gav meg Ungdoms-Sonen min ogso.
Di lyt eg lova deg, Hermann, naar du med reinhugad Truskap
tenkjer paa Gjenta di no i desse tungsame Tider,
og naar du vaagar aa fria med' alt er Ufred og Øydnad.«

Faderen svarade daa og sa' helder braadt men med Blida:
»Bra' nog er Huglaget visst, og Fortelnaden din, vesle Kona,
han er sannferdug, for so hev alt gjenget til som du sa' det.
Men, sjaa, betre er betre. Det skal ikkje alle fraa nyo
lika som me taka til uti alt baad' i Liv og i Lagning.
Ikkje skal alle slita som me og andre laut gjera.
Aa, kor heppen er han, som fær fraa Fader og Moder
velstellte Huset, og som kann fli det med Frægd og med Framgang!
Tungt er Tiltaket jamt, men tyngst vil Busetningi vera.
Mangt lyt Menneskje ha', og allting dyrkast det dagstødt;
di fær ein sjaa seg ikring og vinna meire av Pengar.
Og so trur eg daa det til deg, min Hermann, at vonom
fyrr du leider ei Brud med Heimanfylgja i Huset;
di at ein finsleg Kar kann sjølvsagt faa Gjenta, som rik er,
og so er det so gildt, naar med Kona, ein lengtade etter,
Korgjer koma i Huset og Kistor, fulle av Gaavor.
Ei fyre inkje det er, at Moderi vev gjenom Aari
myket Linan av sterke og fine Slag aat si Dotter.
Ei fyre inkje Faddrarne gi' henne Sylvstas, i medan
Faderen gøymer i Skaapet den sjeldfengde Pening av Gull; for
ein Gong skal ho med desse Gaavor og Midlarne sine
fegna den Guten, som henne hev valt framfyr alle dei andre.
Ja, eg veit, kor ei Kona trivst og hyggjest i Huset,
naar ho i Kjøk og i Stova sin eigen Bunad finn atter,
Sengi, ho sjølv heve reidt, og Bordet, ho sjølv heve dukat.
Berre ei sovori havande Brud vil eg skoda i Huset;
for den fatige vert daa sidstpaa vanvyrd av Mannen,
Tenestetaus vert ho verande, Tausi, som kom med sitt Knyte.
Alltid er Mannslyndet hardsett, Elskhugstiderne kverva.
Ja, min Hermann, kor vilde din gamle Fader du fegna,
naar du no snart meg førde ei Sonarkona i Huset,
Gjenta fraa Grannelaget, fraa Huset det grøne der burte.
Rik er Mannen i Vissa; Handelen hans og so Verki
auka Rikdomen jamt, kvar er det ei Kjøpmannen vinn, tru?
Berre tri Døtter han eig; dei skifta hans Midel aaleine.
Alt den eldste er burtlovd, det veit eg, men baade den andre
og den tridje er enno fal, kor lenge veit ingen.
Vør' eg i Staden din, ja, longo eg hedde daa boret
ei av dei Gjentorne heim her, so som eg bar henne Moder.«

Varlaaten svarade Sonen so den nærsøkne Fader:
»Sanneleg var det mitt Ynskje ogso aa velja meg ei av
Døttrom til Grannen. Me ero framvaksne saman og hava
leikat so mang ein Gongen i gamle Dagar paa Torget,
ofta bergad' eg deim, naar Gutarne vorto for kaate.
Men det er lenge sidan; dei framvaksne Gjentor laut sjølvsagt
halda seg heime, og burte fraa sovorne ustyrne Leikar.
Velsedad' er dei i Vissa! Stundom gjekk eg og burt der
etter vaar gamle Kjennskap, so som De sjølve det ynkste;
men eg kunde daa aldri fegnast i Umgjenget deira.
Tola eg laut, at dei jamt fann aat meg fyr eit elder anna:
Snart var deim Kjolen for sid, elder Tyet for grovt, elder Liten
alt for uvand, og ikkje var Haaret til Lags aat deim helder.
Ein Gong hadde eg Hug til aa stella meg lika som hine
Handelssveinar, som Sundagen syna seg fram der i Huset,
og som spretta um Sumaren kringum i Halvsilke-Klutar.
Men eg skynad' rett snart, at dei berre til Laat vilde ha' meg;
dette tok eg meg nær; min Vyrdnad var neist; men det saarad'
endaa djupare, at dei so stygt skulde vanda den gode
Viljen eg hadde, serlege daa fyre Minna, den yngste.
No med Paaske sidst var eg ogso burte ihjaa deim;
nye Kjolen, som no fær hanga der uppe i Skaapet,
hadde eg paa, og Haaret var lagt i Krullar paa Moden.
Knising det var, daa eg kom; men eg tok ikkje det til meg nett,
Minna sat ved Klaveret; Faren var ogso i Stova,
høyrde Døtterne syngja, var fegen og rett i sitt Lote.
Mangt det var, eg ei kunde skyna av det, som dei sungo,
men dei nemnde som tidast Pamina og so ein Tamino;
eg vilde helder ei sitja tegjande berre! Daa Songen
sluttade, spurd' eg um Innhaldet og um dei framande Namni.
Alle tagde til dette og knisad'; men Faderen sagde:
Venen min, er det 'kje sant, han kjenner bert Adam og Eva?
Ingen heldt seg no meir, og Gjentorne logo som høgast,
Gutarne logo dei med, og Gamlingen heldt seg paa Magen.
Blygd og skjemd let eg Hatten min falla, men Laatten han aukad',
varad' so heile Tidi, kor myket dei spelad' og sungo.
Saarad og harm eg skundad' meg heim, og Kjolen eg hengde
burt i Skaapet, drog Krullarne ut av Haaret med Fingrom,
dyrt eg lovad', at dit eg aldri meir skulde koma.
Fulla hadde eg Rett; for ukjære er dei og kaute,
og eg høyrer dei kalla meg endaa Tamino derburte.«

Svarade Moderi so: »Du skulde daa ikkje, min Hermann,
harmast so lenge paa Borni, for anna en Born er dei ikkje.
Minna i Sanning er snild, ho tykte rett vel um deg alltid,
nyst hev ho spurt etter deg. Ja, henne skulde du velja.«

Tenksamt svarade Sonen: »Eg veit ikkje, Moder, men Stundi,
daa eg so djupt vart saarad, vil ikkje ganga or Minnet;
sjaa henne syngjande meir ved Klaveret vilde eg inkje.«

Faderen tok daa frami kvast med dei illvorne Ordi:
»Liten Fagnad fær eg av deg! Eg sagde det alltid,
daa du paa Hestarne berre la' Hugen og sytte fyr Aakrom;
det, som ein velhalden Mann læt Gardsdrengen stjorna med, vil du
berre gjera; og medan lyt Faderen sakna ein Son, som
helder gjekk framun dei andre i Byen til Æra fyr Far sin.
Moder mistok seg og med tome Voner, daa tidleg
ei du vann fylgja dei andre paa Skulen i Lesing og Skriving,
jamvel so laakt det deg gjekk, at stødt du vart sitjande atterst.
Visseleg kann det 'kje anna verta, naar sjølvminnte Æra
vantar i Barmen, og Guten ikkje vil høgare stiga.
Hadde min Fader sytt fyre meg, so som eg heve sytt fyr
deg, og haldet meg Lærar, og kostat Skulegang paa meg,
ja, daa vøre eg meir en Vert i »gullgyllte Løva.«

Sonen reis ifraa Sessen og gjekk so utar aat Dyrri,
stille og utan Staak, men Faderen ropade uppøst
etter honom: »Ja, berre gakk burt, eg Stivnakken kjenner!
Gakk, tak Vertskapen berre, og stjorn so eg slepp aa skjella;
men, tenk aldri paa til Sonarkona aa taka
inn i Huset ei Taus, ei sovori Fyrkja fraa Landet!
Lenge heve eg livt og veit med Godtfolk aa stella,
veit aa laga det fint aat baade Herrar og Damor,
so at dei alle vert nøgde, veit Framandkaren aa fegna.
Men so vil eg daa hava ei Sonarkona, som ogso
gjæter mitt Ynskje og yndefullt modar meg upp etter Slæpet;
spela ho skal fyre meg paa Klaveret; dei gildaste, fremste
Folk uti Byen skal samnast hjaa oss med Fagnad og Hyggje
Sundagen, liksom dei ha' det i Huset hjaa Grannen.« Daa trykte
Sonen so sagte paa Klinka, og tagall han gjekk ut or Stova.