Halvpening
Halvpening.
Det var ein Konge i Italia, som heet Pedro. Ein Dag som det var fint Vedr vilde han ut og sjaa paa det store Landet og Riket sitt. So villade han seg og kom langt burt i ein Skog, og tilsidst vardt det Kvelden paa han. Daa fann han ei vesall Hytta, og han tenkte ved seg sjølv, at det vist budde Tjovar og Røvarar der, men likevæl totte han, at han laut freista aa ganga inn. Han gjorde so, og der fann han ein fatik Mann og ei Kjering, og ho laag og hadde barnillt. Han bad um Hus, men dei svarade nei fyrst. „Eg er Herren og Kongen dykkar,“ sagde han, „og de ljota laana meg Hus.“ „Du lyt taka til Takke med Huset som du fær det daa,“ sagde Mannen, „for her ligger Kjeringi mi i Barnarider, du fær vera med aat ei onnor liti Stova me hava.“ Kongen vardt med dit og lagde seg.
Um Morgonen hadde Kjeringi fenget ein stor Gut. Daa Kongen kom inn og fekk sjaa denne Guten, likte han han so væl, at han endeleg vilde hava han av deim. Men dei vilde inkje missa Guten. Kongen meinte, at han var Herren og Kongen deira, „og Guten skulo de no lata meg faa fyre Bitaling,“ sagde han. „Du heve Valdet yver oss,“ sagde Mannen, „men kvat vil du giva oss fyre Guten?“ „Ein halv Pening,“ svarade Kongen. Han tok Guten og bar han til Kongsgarden sin og leet kristna han aa kalla han Halvpening.
Guten voks og vardt stor, og litug og snill var han med. No hadde Kongen fyrr ein Gut, som han hadde til aa ganga Erend fyre seg og til aa leggja i Omnarne, smyrja Skor og Styvlar og annat slikt. Denne Guten heet Riddar Raud, av di han var so raudmosen i Andlitet sitt, men det var ein stygg Fuling, og difyre kallade dei han Riddar Rev. Daa Halvpening vardt stor, vilde Kongen hava han til aa stella fyre seg, og soleides skulde han gjera det som Riddar Raud hadde gjort fyrr. No vardt denne ovundsjuk paa Halvpening og visste inkje, korso han best skulde hemna seg paa honom. Det var eit av Arbeidom aat Halvpening, at han kvar Morgon skulde laga til Bisk (Morgonmat) aat Kongen. Ein Morgon var Riddar Rev gridug uppe og lagade til Bisk og gjekk inn til Kongen med Bisken. Kongen spurde, korso det bar til, at han kom med honom, „for eg heve sett Halvpening til aa koma med Bisken,“ sagde han, „men inkje so tidleg.“ „Han Halvpening,“ sagde Riddar Rev, „heve voret ute i Naatt og haldet Moro med Fruer og Jomfruer, og no tykjest han vera slik Kar, at han heve sagt, at han vil henta til Kongen ei Jomfru fraa Babylon, og dersom han inkje er god til det, so vil han missa Livet.“ Detta trudde Kongen, etter som Riddar Rev sagde.
Ved den vanlege Tidi kom Halvpening med Bisken til Kongen og visste inkje av, at nokot illt skulde vera paa Ferde. Kongen sagde daa ved han det, som Riddar Rev hadde fortalt, men Halvpening sagde, at det inkje var sannt nokot av di, og han greet og bar seg illa. Men det munade inkje; Kongen sagde honom greidt, at han skulde henta Jomfrua fraa Babylon, um han inkje vilde missa Livet. Han Halvpening gjekk ut atter fraa Kongen med graatande Taarer. Daa han kom ut, raakade han ein gamall Mann som han inkje kjende, og han sagde det: „kvat er det du græter fyre idag Halvpening?“ „Eg maa væl graata,“ svarade Halvpening, „Riddar Raud heve loget Livet av meg hjaa Kongen og attved mangt annat sagt, at eg heve lovt meg til aa henta ei Jomfru fraa Babylon eller og missa Livet. Detta veit inkje eg det minste um, men det munar inkje kvat eg segjer, og det er væl best eg gjeng stad og tyner meg sjølv.“ „Nei det skal du inkje,“ sagde den gamle Mannen, „eg skal hjelpa deg eg. Du skal ganga inn atter til Kongen og bidja um myket Stridsfolk og myket Mat og Pengar, og so skal du leggja i Vegen; du skal sjaa det skal ganga væl.“
Han gjorde etter Fyresogni aat den gamle Mannen, og han fekk alt som han bad um hjaa Kongen. So toko dei paa Vegen, men Halvpening var uglad og ottefull. Dei lagde seg til aa kvila og faa seg Mat heile Fylgjet, men Halvpening kunde inkje eta. Daa flaug det nokra stora Flugor, og Fylgjet hans sagde: „me faa skjera Hovudi av desse Flugom og laga dei til Mat aat honom Halvpening Fyremannen vaar, som inkje er god til aa eta.“ „Nei,“ sagde Halvpening, „no sitja dei der so trygga dei, som eg laag i mi gode Sæng, daa Livet mitt vardt av meg loget.“
Dei foro langt og lenge atter, og so bar det til aa kvila aa faa seg Mat; men Halvpening var endaa inkje god til aa eta. Dei kvilte ved ein Fjord, og ute paa den Fjorden rodde det tri Ender. So sagde Fylgjet hans: „me faa skjota desse Enderna aa laga til Mat aat honom Halvpening.“ „Nei,“ sagde han, „no ero dei so trygga, som eg laag i mi gode Sæng, daa Livet mitt var av meg loget.“ So maatte dei lyda og lata Enderna ro i Fred.
Sidan komo dei gjenom ein stor Skog, og der lagde dei seg til aa kvila paa ei stor Slett, og der vordo dei vare eit Hus langt burte i Skogen. Halvpening gjekk dit og bad hine vera paa Sletti, til han skulde koma atter. Daa han kom inn i det Huset, sat det der fem Brøder, og dei hadde setet der fem Aar og vilde byta Faderarven sin og inkje hadde vordet samde. Dei stodo upp og heilsade til honom og takkade fyre sidst. „Eg kjenner inkje dykker, eg,“ sagde han. „Jau“ sagde dei, „er det inkje du som heiter Halvpening, og skal du inkje no til Babylons Slott etter ei Jomfru til Kongen i Italia?“ „Det er nog so“ sagde han, „men korso det vil bera av, det veit inkje eg.“ „Aa det kjem til aa ganga godt,“ sagde dei, „men no vilja me bidja deg, um du vil hjelpa oss aa byta Faderarven vaar. No hava me setet her i fem Aar, men me kunna inkje semjast um Bytet.“ „Jau,“ sagde Halvpening, „det skal eg snøggt gjera, men eg vil byta ein Lut paa meg sjølv.“ Ja det vaaro dei nøgde med. Daa han hadde bytt Arven, vordo dei fegne, av di dei totte alle, at dei hadde fenget meir en dei hadde vonat. Dei vilde, at Halvpening skulde faa hava den Luten, han hadde bytt paa seg sjølv, men han gav deim det atter og sagde, at det kunde raaka til, at dei kunde gjera honom ei Beinka ein annan Gong, og det lovde dei, um so skulde bera til.
So reiste han med Fylgjet sitt eit langt Stykke burt igjenom den Skogen, og tilsidst komo dei til eit Sund, og der sloppo dei inkje yver, for alle Baatar og alla Ferjor vaaro læste. Der budde det ei Gygr, og ho hadde Lyklarne fyre Baatom og Ferjom. Halvpening strauk inn og bad um aa faa sleppa yver. „Jau“ sagde ho, „det verd væl ei Raad til di, og eg skal hjelpa deg det beste eg kan, for du heve eit vandsamt Erend; eg veit kvar du vil av, men det heve mange villat seg av Vegen herifraa og til Babylons Slott. Men no skal eg lata deg faa med ein stor Hund eg heve, som heiter Gram, og han syner deg Vegen, og kvat du spyrr han um, so veit han det. Naar de koma aat Slottet, so er det mange Portar aa ganga gjenom, aa so er det ein Port som kallast den løyne Porten, der skal du setja atter Gramen min, og naar du daa vil spyrja han um nokot, so skal du ganga til honom der so ingen ser det.“
Halvpening gjorde etter Fyresogni hennar. Daa dei komo til Kongsgarden, leet han Mannamugen vera atter utanfyre, Gramen sette han i den løyne Porten, og sjølv vaagade han seg upp aa Slottet til Kongen og bar fram Erendet sitt, at han vilde faa Dotter hans til Drotning aat Kongen i Italia. Kongen lovde, at han skulde faa hena, dersom han kunde byggja upp eit slikt Slott paa aatta Dagar, som det Kongen budde i. Halvpening bad um ein Dag til aa umraada seg, og det fekk han. Han gjekk daa til honom Gram og spurde korso han skulde fara aat. Gramen sagde: „Du skal lova deg til di, og so skal du ganga ut um denne Porten og ropa paa dei fem Brøderne, som du bytte Arven aat, og dei koma med Timber og Timbrarar og og setja det upp snøggare en i aatta Dagar.“ Halvpening gjekk ut og ropte paa dei fem Brøderne, og dei komo og bygde Slottet reidugt paa fjore Dagar, og endaa vardt det baade større og finare en Babylons Slott. No spurde Halvpening, um Kongen vilde halda Ord og lata han faa Jomfrua med seg. „Ja“ svarade Kongen, „dersom du kann finna atter ein Gullring, som ho tynte burt ein Dag ho var paa Sjoen og siglde fyre Moro Skuld.“ Halvpening gjekk til Gram og spurde korso han skulde fara aat, og Gramen svarade, at han skulde ropa paa dei tri Enderna, som han hadde frelst Livet aat. Halvpening tok seg ein Baat og rodde ut paa Sjoen og ropte paa Enderna, slikt som han orkade, og dei komo radt og kavade ned i Sjoen. Den fyrste kom upp forutan, den andre likeso, men den tridje var burte lenge, og tilsidst kom ho upp til Baaten med Ringen i Nebben og gav han i Haandi hans. Halvpening vardt fegen, og Kongen undradest myket, daa han fekk atter Ringen, og lovde, at han skulde faa Jomfrua um Morgonen etter.
Kongsdotteri hadde tvo Ternor, og dei Ternorna og Kongsdotteri vaaro so lika alla tri, at ingen kunde kjenna dei fraa kvarandre. No sette Kongen ein viss Dag som Halvpening skulde koma aa faa Dotter hans, og so sagde han det: „i denne Kleven skal du finna baade hena og baada Ternorna hennar, og dei ero so lika, at det er snaudt eg kjenner dei ifraa kvarandre, men den du teker skal du hava, anten det er Dotter mi eller ei av hinom.“ Halvpening spurde Gram, korso han skulde fara aat med aa finna den rette. „Du skal ganga ut,“ sagde Hunden, „og rapa paa dei Flugorna, som du frelste Livet aat, daa Fylgjet ditt hadde viljat drepet dei til Mat aat deg, so koma dei med di sama du læt upp Dyri til Kleven der som desse tri Jomfruerna ero, og so vilja dei endeleg setja seg i Andlitet paa Kongsdotteri.“ Han gjorde so. Flugorna komo og daa han leet upp Dyrri og stirde inn, so vaaro desse tri Jomfruerna so lika og so likt vaaro dei klædda, at det var umogelegt aa kjenna dei ifraa kvarandre. Men Flugorna tok til aa fljuga ikring Kongsdotteri og endeleg vilde setja seg i Andlitet hennar. Ho slo etter dei med eit Plagg ho heeldt i Haandi og sagde: „fy for alla dei Flugor.“ No skynade Halvpening, kven han skulde taka, og ho vardt reidug til aa fylgja med radt. Kongen gav honom det Slottet han hadde latet byggja der, og so gav han Dotter si myket Gull og Sylv og kostasama Varor.
Halvpening spurde Gram, korso han skulde fara aat til aa faa med seg Slottet og alla desse Gaavorna. Hunden sagde: „du skal lessa det paa meg, for eg dreg baade Slottet og slikt du vil lessa paa attved det.“ No bar det i Vegen. Mannamugen som Halvpening havde med seg gjekk fyre, og Gram drog Slottet, og Halvpening og Jomfrua oko etter i ei gylt Vogn og det fylgde Spilemenner med paa baada Sidorna aat Vogni.
Daa dei komo dit som Gygri budde, fingo dei Hus um Naatti heile Fylgjet. Um Morgonen sagde Gygri ved Halvpening: „dersom du no inkje vil hava Dotter mi til Kjering, so slær eg deg ihel, og daa skal det verda mitt alt det du heve med deg; men vil du hava hena, so skal du faa so myket Gull og Sylv som tie Hestar orka bera, og Gram skal du faa til aa draga fram all Føringi di.“ Halvpening totte han laut samtykja og tok Dotter aat Gygri til Kjering og fekk med henne slikt som Gygri hadde lovt.
Daa dei skulde fara der ifraa, sprang Gygrdotteri ned i Hagen aat Moder si og tok med seg eit grønt Blad og ein Silketraad som var so underleg litad, og det stakk ho ned i Luma si. Halvpening spurde kvat ho vilde med di, men ho svarade, at det skulde han faa vita ein annan Gong.
So foro dei langt og lenge, og so komo dei aat ein Sjo, og der hadde Gygri tingat eit Skip, som var so stort, at det bar baade Slottet og heile Fylgjet og Føringi deira, og med di siglde dei radt til Italia. Men daa luto dei til Lands, fyrr dei komo dit, som Kongsgarden laag. Daa Kongen fekk sjaa detta store Fylgjet, skynade han nog kvat det var, men han kunde inkje skyna, korso dei kunde faa med seg Slottet, som det glansade so av. Aa so høyrde dei, at det gjøydde ein Hund, som hadde so sterkt Ljod, at Kongen tok Ræddhug og inkje torde vaaga seg ut. Halvpening kom daa upp aa Kongsgarden og fortalde Kongen, korso det hadde gjenget med honom, og bad han koma ut og taka imot Jomfrua.
Riddar Rev hadde trutt, at Halvpening longo var daud, og han vardt no oversleg sinnad. Daa Kongen og Halvpening vaaro komne dit som heile Fylgjet var, stilte Riddar Rev seg fram og hogde Hovudet av Halvpening med eit Sverd, so at det trillade burt paa Marki. Men Gygrdotteri saag det, og sprang stad og tok Hovudet og sette det paa atter; so tok ho det grøne Bladet, som ho hadde teket med seg or Hagen aat Mor si, og lagde det paa Saaret, og so tok ho den Silketraaden, som det var slik underleg Lit paa, og batt yver. Radt stod Hovudet paa, og Halvpening vardt livande atter. Men daa toko dei Riddar Rev og sette han fast, og so dømde Kongen, at han skulde rullast naken i ei Spikertunna og sidan brennast i Svavel og Tjøra. Sidan tok Kongen imot Jomfrua fraa Babylon og alla dei Gaavorna ho hadde fenget hjaa Fader sin og hadde det aat Kongsgarden, og der vardt det lagat til Brudlaups, og det stod i fjore fjortan-Dagar. Halvpening fekk det Slottet som Hunden Gram hadde dreget ifraa Babylon, og so gav Kongen honom eit stort Landskap, og der vardt Slottet standande, og stend der væl enno. Kongen kostade daa til eit Brudlaup aat Halvpening og Gygrdotteri, og det vardt haldet i di Slottet i fjore fjortan Dagar. Halvpening fekk stora Gaavor av Kongen fyre det, at han hadde so væl røktat Erendet hans, og stor Eigedom hadde han fenget med Kona si, so at han no vardt ein oversleg rik Mann. Og attaat detta gjorde Kongen han til den høgste i Riket næst Kongen sjølv. Hunden Gram vardt verande hjaa Halvpening og heeldt Vakt yver Slottet, og alt medan han var til, slapp det inkje nokot Livande inn, som inkje Halvpening vilde.