Hopp til innhold

Guten og Risen

Fra Wikikilden
Ein Soge-Bundel, utgitt av Hans RossDet norske Samlaget (s. 2835).

Guten og Risen.


Det var eingong ein liten Gut, som var ute og gjætte fyre Fader sin. Som han daa gjætte uppunder ein Fjellskut, kom Risen i det Fjellet styngs imot honom. So vardt Guten helder rædd, men han heeldt seg ved Mod og tok ein Ystel upp av Skreppa si og til aa eta.

„Du er nog fælt sterk du?“ sagde Guten.

„Aa ja,“ sagde Risen, „eg er daa det.“

„Men kann du kreista Vatn or ein Kattestein? sjaa eg kann!“ sagde Guten og dermed kreistade han Ystelen, so Mysa rann, og so flidde han Risen ein Kattestein. So gav Risen seg daa til aa kreista paa denne; men han kunde inkje faa Vatn utav honom, som Guten kunde av Ystelen: han kunde nog kreista han flat.

„Men kann no du kasta ein Stein so høgt som eg kann?“ sagde Risen, og dermed so heiv han ein Stein upp i Lufti so høgt, at det var lenge dei inkje kunde sjaa honom; men han kom do ned atter.

„Aa, kann du ’kje kasta anderleids?“ sagde Guten; „eg skal hiva so høgt, at det aldri kjem ned atter.“ Dermed hadde han fangat ein liten Sporv, som han hadde gøymt i Luma si, og den tok han og leetst hiva upp i Lufti; so var det ikkje lenge, so saago dei ikkje den meir.

„Du er furdelege sterk,“ sagde Risen, „du er reint min Meistar; eg ynskte aa hava slik ein Kar til Tenestdreng.“

„Aa ja,“ sagde Guten, „eg skal ’kje slaa imot det, aa faa slik ein Husbond, som er so sterk, at han er den sterkaste her er, att-etter meg.“

Dermed fylgde han heim med Risen til Risegarden og dei vordo samde um at han skulde tena der til Gaukemess.

Andre Dagen so skulde dei taka aat Skogen og hogga Ved. So sagde Risen til Guten:

„Vil du bera Øksarne aat Skogen, elder vil du bera deim heim-atter i Kveld?“

„Eg vil helder bera deim heim-atter i Kveld,“ sagde Guten, „daa tenkjer eg, du er so trøytt, du kann trenga um aa liiva paa deg.“

Risen tok daa Øksarne og foor til Skogen, der dei skulde hogga. Som dei daa skulde til aa fella eit Tre, spurde Risen:

„Vil du bøygja Treet ned, elder vil du halda i Toppen?“

„Eg vil helder halda i Toppen,“ sagde Guten, „det leitar meire paa, det, — slikt eit drjugt Tre, som detta er.“

Som daa Treet var nedbøygt, tok Guten i Toppen, og Risen slepte og vilde taka Øksi og hogga det av. Men med same Risen slepte, sprøytte Treet seg upp og slengde Guten langt burt i ein Bakke.

„Kvi fer du soso, Svein?“ sagde Risen.

„Ja gjer no du slikt eit Byks,“ sagde Guten, „her er Kar som er lett i Kroppen attaat di at han er sterk. Kann no ’kje du gjera det same, so vil ’kje eg hogga i Dag, i Lag med deg,“ sa’n.

Risen til aa prøva, men so var han so tung, at Treet berre bøygde seg radt ned til Jordi atter med honom.

„Nei det kann eg inkje,“ sagde han; „so lyt du helder liggja og kvila idag.“

Risen braut ned og hogde daa einsamall Dagen til Endes; men naar dei daa skulde fara heim, sagde han:

„No veit du, at du skal bera Øksarne heim.“

„Ja,“ sagde Guten og tok i Skaftet paa ei Øks, som han slett inkje kunde orka ifraa Marki dessmeir, og gav seg til aa stira upp i Skyi.

„Kvi stende du soso, Svein?“ sagde Risen, „og ser upp i Skyi?“

„Jau,“ sagde Guten, „no gjeng Skyi same Vegen heim, som me ganga, ser eg; so vil eg hiva Øksarne upp i Skyi, so kann ho bera deim heim; d’er altid godt aa liiva paa seg, so myket som ein kann.“

„Ja fyrr en du skal gjera det, aa hiva deim der upp, — dei kunde verda skjemde, naar Skyi slengde deim ned atter, — so vil eg helder bera Øksarne heim sjølv.“

„Men du som er so sterk, du kann taka i Roti paa denne Bjørki, som me lyt hava heim med oss til Grauteved, so skal eg bera i Toppen,“ sagde Risen.

Ja so gjekk Guten til Rotenden og Risen tok Toppen og lyfte upp paa Oksli.

„No kvi gjeng du inkje, Svein! men stend soso og sigtar?“ sagde Risen.

„Aa det er ’kje verdt aa bry seg med aa bera denne Pinnen,“ sagde Guten, „eg vil kasta honom beint inn paa Aaren, dermed so stend eg og sigtar etter Fjellet ditt.“

„Nei nei, gjer ’kje det!“ sagde Risen, „du kunde støyra ned Huset mitt! eg skal ganga fyre! du veit ’kje Vegen helder.“

So skundade Risen seg aa svinga Treet og so drog han Bjørki baklenges yver Stein og Stuvar, so han drap seg mest.

Guten sat skrevs um Bjørkeleggen og kjøyrde.

So komo dei no heim. Daa var Risen mestom troten og helder gretten. So slo Guten paa det, at den som fyrst vardt sinnad skulde faa tri rauda Reimar skorna av Ryggen sin, og det var ’kje fritt fyre at Risen foor til verda rædd Guten, so dei vordo samde um det.

No skulde dei til kveikja upp.

„Du kann blaasa,“ sagde Risen.

„Ja blæs eg, so blæs eg burt baade deg og Fjellet og alt saman.“

„So fær eg blaasa sjølv daa.“

So blees han so at Guten fauk upp i lause Lufti liksom ein Ham og foor flagsade uppunder Taket.

„Nei kvat gjerer du no, Svein?“ sagde Risen.

„Du verd do inkje sinnad, Husbond?“ sagde Guten og tok til Kniven, „eg vilde berre taka Nævr til Kveikje.“

„Nei eg er visst inkje sinnad; kvat skulde eg hava vordet sinnad fyre?“ sagde Risen.

So var det no uppkveikt, og so saud dei Grauten og fekk seg Mat og lagde seg.

Andre Dagen skulde Guten moka Stallen, som inkje hadde voret gjort paa sjau Aar, og det skulde han gjera paa den Visi, at han slengde det yver Hovudet sitt og ut igjenom Gluggen. Same Veg skulde han sleppa Hesten ut; men Gluggen var myket for liten: der tok han og hogde Hesten i Smaastykke og slengde ut. Daa Risen kom og saag detta, vardt han reint forfælt.

„Kvat heve du gjort med Hesten min, Svein?“ sagde han.

„Eg heve slept honom ut. Det er ’kje so du verd sinnad Godfar?“ sagde Guten og drog Kniven.

„Nei eg er visst inkje sinnad; kvat skulde eg hava vordet sinnad fyre?“ sagde Risen.

So skulde dei fara til bryggja, og Risen sette Guten til koka Humle: „Du kann leggja Torvor under Kjetelen og so kann du segja fraa, fyrst Vatnet er so heitt at Haari losna.“ Men Guten fekk korkje Humle elder Torvor til hjelpa seg med; so tok han Risen si Dotter som heet Torvor og stakk innunder Kjetelen og tok Hunden som heet Humle og lagde upp-i.

„Jau no trur eg Haari losna,“ gjekk han av og sagde til Risen; „du lyt koma og sjaa.“

Men Risen vardt heiltupp avskræmd, daa han kom og fekk sjaa.

„Nei, kvat heve du gjort med Dotter mi og Hunden min, Svein?“

„Eg heve gjort, som du sagde, eg; det er ’kje so du verd sinnad Godfar?“ sagde Guten og drog Kniven og baud til skjera.

„Nei, trøyste og betre meg, eg verd visst inkje sinnad; kvat heve eg aa verda sinnad fyre?“ sagde Risen.

No var Guten stedd til Gaukemess og Husbondsfolket var rædd og leid honom. So sette Kjeringi til Risen seg burt i eit Tre og tok paa gala.

„Ja no lyt du fara daa,“ sagde Risen, for no gjel Gauken.“

„Detta er inkje Gauken,“ sagde Guten; detta er ein Utidsfugl: lat meg stad skjota honom!“

Nei daa laut Risen standa til at det var Kona hans og bad so vakkert fyre henne, at ho slapp med Livet.

Men no vaaro dei so mødde av denna Guten, at dei tenkte dei skulde no fulla verda av med honom paa eikvar Visi. Jau ein Kveld segjer daa Husbonden til honom:

„Gakk stad legg deg, Svein! du tarv ikkje risa i Morgon, fyrr eg vekkjer deg.“

Guten gjekk, men høyrde utanfyre Dyri at dei rødde seg imillom um at dei vilde slaa honom i Hel um Naatti. Daa tok han utav Gullet og Sylvet som hekk paa Veggen og lagde ned i Sengi si, og so sette han eit Grautfat paa Hovudgjerdi, og sjølv smatt han innunder. Jau i Graalysingi der kom fulla Risen med ei fæleleg Jernstong og til aa berja paa Sengi det meste han vann; og Grautfatet vardt no inkje myket spart, det helder.

„Er han daud no?“ sagde Kona, daa han kom atter.

„Ja no er der korkje Ord elder Aude i honom,“ sagde han, „eg høyrde kor det skraavade i Bein og Bunor, og kor Heilen skvatt burt i Veggen.“

Um eit Bil kom Guten inn. Men daa misste Risen baade Maal og Mæle. Daa han so foor til raada med seg, sagde han: „Kvi er du so tidlege uppe Svein?“

„Aa eg tykte, det leid langt aa Dag.“

„Kjende du ’kje nokot i Naatt?“

„Nei, ikkje annat en nokot som beit.“

Daa vardt Risen so fælen, at han sagde, vilde han berre taka ut og aldri koma atter, skulde han faa so myket Gull og Sylv som han vann bera.

„Ja ber eg, so tek eg baade Hus og Fjell og alt i Hop.“

Ja so fekk Risen bera, alt med han vann.

Daa dei komo nær ved Garden, der Guten var heime, stod der ei Hesja.

„Kvat er detta?“ spurde Risen, og foor til verda rædd.

„Aa, det er Styggemannan,“ sagde Guten.

Daa slengde Risen Byrdi si og lagde i Veg, men Guten heeldt paa aa bera heim Gull og Sylv i samfelde aatta Dagar.