Gudekvæde/Fyriord

Fra Wikikilden

Arne Garborg var det som størde meg til verke; tunge tak tok han sjølv og, med mange kvæde gjorde han fyrste arbeide.

Ein ovstor godviljesmun hev Sophus Bugge lagt til. Berre skade at eg inkje fekk høve til aa nytte rettleidingi hans i so fullt maal som det baudst.

Moltke Moe hev gjevi mange gode raadir.

Halvdan Koht og Magnus Olsen hev laant meg fyrilesningar etter Bugge. R. Flo hev hjelpt meg med rettingi.

Alle desse maa eg takke.

Den som gjorde fyrste freistnaden med aa umskrive eddakvæde paa nynorsk var Ingjald Kjennerud i 1885. Sidan hev Marius Hægstad umsett ymist. Til stor nytte for meg var desse arbeidi.

Folddalen i oktober 1905

Ivar Mortensson.