Hopp til innhold

Grytebekken er ute og skyter

Fra Wikikilden

Grytebekken er ute og skyter.


Han Grytebekken slengde burt
ein Dag sin kvasse Ljaa
og gjekk og sveiv, som nokot vondt
han skulde tenkja paa.

„Med Slaatten“, sa’ han, „gjeng det smaatt:
Eg hev’ eit Hjarta-Mein;
eg lyt til Fjells til lette Luft
og skjota meg ein Rein.

No hev’ det lenge voret Regn,
so Reinen dreg mot Sud.
Eg raakar visst ein Dyrahop
alt nord med Flotubud.“

So stelte han med Rifla si
den Dagen heilt til Kvelds.
Han litet sov og andre Dag
han tidleg strauk til Fjells.

Han kom til Borddals næste Dag
so yver Middagstid
og under Fjellet fram seg drog
derupp i bratte Lid.

So sveiv han under Nuten der
som yver Rjupa Hauk.
Og Storegut paa Legret var;
for der fraa Budi rauk.

Og Bølingen ved Legret gjekk
ikringum der og dreiv
og tidleg inn paa Bøen kom
og kringum Budi sveiv.

So saag han etter, Storegut,
um heilt han hadde alt;
so mjølkad han til Kvelds og so
han Bølingen gav Salt.

Og so god Nott med deim han tok
og um ibland deim foor;
til kvar han hadde Smeik og Klapp
og so eit kjærlegt Ord.

Men rett som Bølingen der gjekk
og sveiv og stod og laag,
so fekk med eitt dei som ein Kvekk
og upp mot Nuten saag.

Paa Ryggen Bukken reiste Ragg,
som var det verst han fraus;
og Hest og Ku med Foten grov
og snyftad paa og naus.

„Tru Bjørnen ute er i Kveld?“
sa’ med seg Storegut;
so strauk han beint i Budi inn
og kom med Rifla ut.

So gjekk han etter Bøen upp,
og Feet fylgde paa.
Han saag og saag, men Ingenting
der uppe var aa sjaa.

Han saag det, tidt paa Fjell han saag,
som spaar ein Morgon god:
han saag den raude Kveldsol gleim
og gløste med sin Glod.

So kom han til den store Urd,
som ligg der som ein Tramm.
Der stansar Bølingen og kann
ei lenger koma fram.

Men „Blaamann“ med sitt lange Skjegg
og Klauv paa spræke Bein
han fylgde med sin Gjeitarlegg
i Hopp fraa Stein til Stein.

So bar det upp mot Borddals-Nut
i denne Kveldens Fred.
Med eitt det small, og Storegut
i Urdi stupad ned.

Og Bølingen han beljar i,
der nedanfyr’ haa stod:
han høyrde Smell og Røyken saag
og kjende Eim av Blod.

Han slapp ’kje upp, so Mordets Mann
fekk Tid og Stund og Fred,
til Storegut aa mura væl
der kav i Urdi ned.

Han kvart eit Liv, som kom der upp,
av Vegen rydja laut:
Han ladde Rifla si paany
og likeins Blaamann skaut.

Den heile Nott stod Bølingen
og ventad Storegut,
og daa han so ’kje kom, dei tok
ved Solar-Koma ut.

Dei kom so sveitt, at kring deim stod
der tjukke Toku-Eim,
so kom dei fram mot Middagstid
til Havradalen heim.

Det fyrste dei fekk Folk aa sjaa,
dei Hovud rist’ og skok;
og bar med Bur og Beljing paa,
som ingen Ende tok.

Og daa so Folk fekk detta sjaa,
som var eit Under stort,
so bar dei til aa skyna paa,
at nokot Vondt var gjort.

Til Borddals Bølingen vardt fylgd.
Han upp mot Urdi saag
og merkte ut, at det var der,
som Storegut’en laag.

Men Ingenting der funnet vardt,
med alt det leitat var —
So kom den Uferds-Bod til meg,
som var hans gamle Far.

Det fyrste, som eg kom til meg
fraa slikt eit Svimeslag,
so saag eg alt, so tenkte eg
paa Rettens store Dag.

Eg Grytebekken visste væl,
var Son mins Banamann,
og at det ingen annan var
en nettupp, nettupp han.

Eg kjende deira gamle Strid
og visst’ han var ein Hein,
og spurde, han paa sama Tid
ha’ gjenget etter Rein.

Eg gav ’kje denne Udaadsmann
den minste Ro ell’ Rist.
Der Aalvor var, som hjaa ein Maun,
som Son sin heve mist.

Den heile Bygd eg foor ikring,
og med meg fekk eg Folk.
Til Fjells me Grytebekken dreiv
framfyre oss med Svolk.

Daa Bølingen fekk honom sjaa,
der Aalvor vardt i Lag;
han burad og han beljad paa,
som det var Domedag.

Fyr oss aa varna um hans Liv,
det reint me faafengt saag.
Han maatte røma til den Urd,
der Storegut’en laag.

Men Ingenting um Storegut
fortel den Syndis Mann;
med Ingenting han vilde ut,
og Ingenting me fann.

Og ingen Rett der var aa faa;
for so var Retten fest,
at altid den fekk største Rett,
som kunde muta mest.

Si Tid han livde som eit Vrak,
og mangein Gong vardt dengd.
Men, Huset stend forutan Tak,
naar Retten han er stengd.

Men, daa han skulde anda ut,
og bøygja sine Bein,
han sa’: „no ligg han Storegut
paa Bringa mi som Stein.“

Me etter Rett og Rettferd sjaa;
me leita Nord og Sud;
og sviktar Mann, tilslutt so faa
me Retten vaar av Gud.