Fraa samlagsstyret
Fraa samlagsstyret.
Styret for Det norske Samlag vil sjølvsagt freista, so godt det kan, aa retta seg etter dei ynskje og krav som lagsmennerne kan koma med. Men det er no ikkje alltid so greit med det helder. Det kan stundom henda, at dei ymse ynskje elder krav stend i ein nær sagt uløysande motstrid til einannan.
Soleis var det for ei tid sidan den eine etter den andre som skreiv og tala til os um at me burde taka aat att med den gamle skikken aa senda ut aarslista, eit slags manntal yver lagsmennerne. Det var so mange som fann hugnad i aa sjaa, kva folk dei hadde med seg i laget; og det trur me so gjerne, etter det me kan slutta fraa os sjølve. Men daa me so hadde lova aa retta os etter dette ynskjet, so vart det skrive til os, at det var slett ikkje sagt alle likte aa faa sit namn kunngjort paa den maaten. Det vart ikkje nemnt nokon annan grunn, en at det nok kan vera folk som likar aa lesa eit og anna paa maalet og soleis gjerne vil tinga »Syn og segn«, um dei ikkje er maalmenner, og daa helder ikkje ynskjer aa staa som medlemer av eit maallag med det fyremaalet som Det norske Samlaget arbeider til.
Sidan hev det ogso vore skrive i bladi noko i same lei, at det kunde vera mange som vilde tinga »Syn og segn«, anten dei var maalmenner elder ikkje, at dei trudde Det norske Samlaget gjorde vel i aa greia det slik, at ikkje-lagsmenner og kunde faa tinga »Syn og segn«, og at Samlaget sjølv vilde staa seg paa dette.
Det kan godt vera det er so, at dette vilde vera til gagn for Samlaget elder for den sak det hev til fyremaal aa fremja, med di at kanskje fleire daa vilde halda »Syn og segn«, naar det vart laga paa den maaten. Men etter vaart skyn er det no ikkje so beint fram aa laga dette, som det kanskje kunde synast. Det ser ikkje ut til det er meiningi, at Samlaget skal gjeva fraa seg tidsskriftet. Paa ein maate vilde no denne utvegen vera grei nok; men so lenge me ikkje hev høyrt, at det er nokon som krev elder ynskjer, at Samlaget skal gjera det offeret, no det hev sett tiltaket i gang, og det gjeng so vidt fram som det hev gjort til denne tid, so fær det vel prøva aa halda det i gang heretter og, so godt det kan.
Men det aa hava med tvo slags folk aa gjera, »lagsmenner« og »ikkje-lagsmenner«, det kan verta vrangt paa mange maatar, som med rekneskapen, med loverne og ymist anna. Det norske Samlaget er ein »offentlig institution«, som hev sine lover og stend innskrive i »Statskalenderen« med sit medlems-tal og meir slikt. Helder ikkje veit me av noko anna sovore samlag med ein slik dubbelskipnad, som kunde tena til fyredøme.
Noko sers strenge er dei nok ikkje, samlagsloverne. Dei gjev lagsmennerne rett til, forutan aa faa dei bøkerne som Samlaget gjev ut, aa vera med paa aarsmøti og avgjera dei spursmaal som der kjem fyre, velja styre og meir slikt. Men det stend sjølvsagt fritt for kvar og ein, anten han vil gjera bruk av denne retten elder ikkje. Derimot legg det ingen annan skyldnad paa lagsmennerne en at dei skal svara aarspengarne, det same som ein maatte krevja av dei som vil halda tidsskriftet. Kvar ein som svarar aarspengarne rett og rektig, er soleis fullt verdig lagsmann i Det norske Samlag. Det er ingenting i loverne som krev at han skal vera maalmann, ikkje bokstaven, og ikkje aandi helder, trur me. Fyrste setningen av loverne lyder so: »Samlaget hev det fyremaal aa hjelpa til aa utgjeva bøker paa norsk, landsmaal elder bygdemaal« — ikkje meir — med andre ord: aa faa folk til aa lesa bøker paa norsk. Er dei maalmenner, elder kan dei verta maalmenner av det, so er det vel; er dei det ikkje, so fær det verta deira sak. Samlaget hev ikkje noko tilsyn med dei i det stykket. I røyndi er ein soleis ikkje stempla meir som maalmann ved aa vera med i Samlaget en ved aa halda eit blad elder tidsskrift paa maalet, elder i det heile kjøpa elder lesa maalbøker. For den skuld kan me gjerne fortelja, at det er landskjende motstandarar av maalstrævet som hev vore lagsmenner i lang tid.
Er det derimot berre denne medlemslista um aa gjera, so maatte det vel alltid finnast ein utveg. Det er ikkje lenger kome med dette endaa, en at ein godt kan lata det heile vera, um det skulde møta nokon sterk motstand. Men elles kunde det vel godt laga seg paa den maaten og, at dei tingarar som ikkje vilde hava namnet sit der, kunde sleppa det, berre dei vilde segja fraa um det. Og so kunde ein berre setja til paa lista, at forutan dei nemnde lagsmenner var det so og so mange tingarar av samlagsskriftet »Syn og segn«.
Noko meir kan ikkje styret taka paa seg aa gjera ved desse spursmaali, fyrr det hev havt dei framme paa eit aarsmøte til aa faa dei avgjorde elder i minsto dryfta der.