Hopp til innhold

Fraa Sogn

Fra Wikikilden
Mons Litlere,  (I).

OLAV SANDE:


FRAA SOGN.


SEGNER OG ANNAT.

I.

Lat oss yrkja, lat oss samle
alle minni um dei gamle!
Lat oss helga vaare tankar,
naar dei trutt paa dyrri bankar!

BERGEN.
UTGJEVET AV MONS LITLERE.
1887.


PRENTAD HJAA J. W. EIDE.


Fyreord.


Her sender eg ein bundel segner og annat „Fraa Sogn“.

Fær eg tid og høve til det, kjem eg med fleire seinare. Denna her er, som de ser, mest segner og lokkar; men dei andre skal ogso innehalda skikk og sed, leikar, gaatur, um natur-utsjaanad og meir.

Tonar til lokkarne — og fleire folketonar fraa Sogn — kjem vel ogso, naar tidi lagar seg.

Verdi er so mange leides,“ segjer ordtaket. Eg veit, det diverre enno finst folk, som er so eintenkte, myrkvorne og stubbutte, at dei spyrr no, som dei gjorde, daa eg fyr 10—12 aar sidan tok til aa skriva paa „maalet“ i bladi og aa yrkja fyr det paa andre maatar: „Hvad skal nu saadant tjene til? De kunde bruge Deres evner og tid til noget bedre end dette, som vist er af — den onde.“ — Men eg vil ’kje her i det vida og breida greida ut, kvat sankingi av detta gamle „skal tjene til“. Eg segjer berre stutt: Detta gamle er ei spegling av trui og livet aat vaare gamle feder og møder. Det syner oss, korleids trui paa dei usynlege magterna hadde tvinnat seg inn i og ringat seg rundt i kring all deira tanke og alt deira yrkje. Det syner oss folkelyndet, folkegivnaden og dei ymise stig paa framgangsvegen til upplysning og klaarsyn. So skal det ogso læra oss aa tenkja attende paa dei røterna, me er runne fraa, paa dei tufterna, vaare feder hev rudt, og til dei stovurna, der vaara kjære møder hev stellt, stullat og sunget. Folk kann no tykkjest vera elder vera so kloke og gode og store og høge, dei vera vil, so er dei, kor som er, med likam og saal, eit stykke av dei gamle. „Det er ikkje godt aa stela borni or ætti,“ segjer ordtøkjet, og eg vil leggja til: Den, som vanvyrdar dei gamle, er deim inkje verd.

Me sankar altso inkje saman detta gamle fyr aa fremda „galningskap og lauslynde“.

Vann eg sosant paa det, eg skulde skriva upp kver granden, som finst av det her i Sogn. Men ein magtar forlitet. Diso bed eg her so vænt um, at alle, som kann ei segn elder ein sang, lokk elder leik, eit æventyr elder eit ordtøkje, elder ei gaata, elder som veit væl um folksens skikk og séd, maa hjelpa til: fortelja, syngja, skriva. Dei gamle, som veit mest um alt slikt, fer um dyrrstokken, snart ein, snart hinn, og diso lyt me nøyta oss, so ikkje desse fedrmunir[1] kjem fraa oss. Me lyt hjelpast aat aa verna um og fremda det gode norske og heimlege i landet, paa same tid, som me ikkje er rædde det utlendske gode og nye, men hjelper det og fram, naar det høver med godt, norsk folkelynde. Me lyt syna, at det ikkje er nog aa vera norske — „nationale“ — berre i einskilde dyrdardagar[2], til dømes 17de mai, ganga i „hardangerdragt“ eit par solfagre sumardagar, kosta seg vadmaalsklæder, segja „fram“ istadenfyr „frem“, „mykje“ istadenfyr „meget“, „skule“ istadenfyr „skole“ o. s. fr. Slikt er berre apespel, som der ikkje er nokot heilt og hugfast i. Det nyttar litet aa hengja ei „folkeleg“ og frilynd namneplata ute yver dyrri, naar der inne i huset berre bur visne veilingar og ljosrædde latingar, som taslar seg i kraai og smit seg under benken, naar nokot hugsterkt, fritt og mandomsamt bankar paa dyrri og vil inn og finna folk, som eig kraft og norsk frihug; elder naar ein frisk, varm, liv-skapande solstraale finn veg inn gjenum opningarne. Inkje maa me nokor tid finnast millum dei armingarne — det arbeidslause avaatet —, som let andre slita, stræva og faa hogg og slag, medan dei sjølve antan ser sure paa elder kaldflirer, krøkjer seg saman, snur seg fraa arbeidsfolki, til dess arbeidet er godkjendt og hev fenget aalmenn vyrdnad, — slike som daa snur seg vidopne og gleder seg til, at frukti skal detta fint ned i munnen paa deim, — elder som gjer seg so myket fyre, at dei høgtidlegt reiser seg og med breid bringa og alldigra ord[3] forkynner, at dei er dei rette arbeidsfolk og framstigsmenn, som skal hava gagnet av og æra fyr alt i hop; hine er berre nokre hardnakkade tver-støytar og afglapir[4], som ein inkje maa agta stort. —

Nei, me maa ikkje affedrast — vanslegta paa federne —; me lyt vita det, me vil, og vilja det, me veit, vera heilt det, me er: Norske i ord og gjerd, i munn og penn, mot ein og kver, i lag og lyd, i helg og sykna, i ande og sanning.


Gud signe deg, heim, millum ruster og rindar!
Um stova er liti, og, um ho er laag,
so giv ho meg livd imot vondskap og vindar.
Der finn eg meg altid so fridsæl ei vaag.
Kver haug og kver stein,
kver blome, kver grein
kann styrkja mitt mod og mi saal gjera rein.

Gud signe deg, heim, som kann heila og hugga!
Der kjærleik er ljoset, som skin i kver kraa.
Der alast der krafter, ei iskalde skuggar.
Den heimen, den heimen er vænast aa sjaa.
Og derifraa ut
ber gjenta og gut
den livstru, som held gjenum sorger og sut.

Leikanger den 17de mai 1887.

Olav Øysteinsson Sande.


Innhald:



Denne teksten er offentleg eigedom av di forfattaren døydde for meir enn 70 år sidan.
  1. Fædragods.
  2. Gildskapsdagar.
  3. Gamal norsk = store ord.
  4. Gamal norsk = tullingar.